Næringsliv - Ingeniør Jørgensen

Transcription

Næringsliv - Ingeniør Jørgensen
www.naeringsliv.info
9
Flytta inn i
Stjerneblokk-produkt
Ing. Øyvind Jørgensen AS
Dei har som målsetnad å vera med på å utvikle Stord og
omegn vidare! Stjerneblokka er blitt eit nytt landemerke
på Heiane både for folk flest og for Ing. Øyvind
Jørgensen AS. Selskapet har hatt totalprosjektet og flytta inn i 4. etasje etter fullført byggeperiode.
Av Arne Kallevik
Då Næringsliv var på bedriftsbesøk
hos Ing. Øyvind Jørgensen AS, møtte
vi ei samansveisa personalgruppe
med stå-på-innstilling og muntre replikkar. Det gode arbeidsmiljøet har
neppe kome over natta, etter flyttinga
frå Leirvik sentrum til Stjerneblokka
på Heiane, men dei nye kontorfasilitetane har utvilsamt dratt i positiv
retning.
- Her i Stjerneblokka har vi godt
med kontorplassar og andre fasilitetar. Det er lyst og triveleg. Utsikten
frå kontoret gir oss eit godt overblikk
over heile Heiane industriområde. Vi
gler oss også over at det no er lett å
finne fram til oss, lett å finne parkeringsplass og lett å komme opp til oss
med heisen, seier Gro Fagerbakke
Tesdal, arkitekt og arealplanleggjar.
Stord-basert, men fleksibelt
- Selskapet vart starta i 1985, og det
første året var eg aleine, startar Øyvind Jørgensen, ingeniør bygg/anlegg
og dagleg leiar.
- Dei 10 - 15 første åra dreiv vi med
alt, utføring unnateke, innan industri
og bustad. Då var Aker Stord den
største kunden. Så følgde ein tiårsperiode med mange oppdrag i Stavanger, der den største kunden var
Norwegian Contractors (NC). Også i
Bergen har vi hatt store oppdrag,
blant anna ombygginga av eit industribygg til First Hotel Bergen på
Bryggen.
I dag er Ing. Øyvind Jørgensen AS
fokusert på oppdrag i Sunnhordland
og tilstøytane områder i Hordaland og
Nord-Rogaland.
I Bergen er dotterselskapet Ing.
Jørgensen og Tøsse AS lokalisert.
innanfor alle relevante områder når
det gjeld prosjektering av bygg- og
anlegg, tiltaksklasse 1, 2 og 3. Det er
det som gjer at vi kan tilby totalprosjekt for kundar, der vi står som hovudentreprenør,
seier
Øyvind
Jørgensen.
Ing. Øyvind Jørgensen AS har per i
dag om lag 20 tilsette. Halvparten er
inne på kontoret. Dei andre er i aksjon
ute på byggeplassane.
- Vi er spesialiserte for store oppdrag, gjerne hovudentreprisar for
store kundar. Utover dette jobbar vi
med prosjekt i eigen regi som for eksempel Solbakken. Vi er derimot
ikkje ute i den opne marknaden.
Fagerbakke Tesdal påpeikar også at
den breie faglege samansetninga i
personalgruppa opp gjennom åra har
akkumulert ein veldig stor erfaringskompetanse. Dette er med og gir kundane våre gode, praktiske og
kostnadseffektive løysingar.
Stjerneblokka 6. etasje ledig
Stjerneblokka er ei hovudentreprise, utført i regi av Ing. Øyvind Jørgensen AS, i tre trinn. Oppstartinga
fann stad i 2008, og i 2010 vart bilbutikk og verkstad tatt i bruk. Våren
2012 starta lakkverkstaden si verksemd. Sjølve Stjerneblokka vart oppført i 2012-2013. Den er med rette
blitt landemerket på Heiane på Stord.
- Og heilt på toppen har vi 6. etasje
som er den einaste delen av Stjerneblokka som så langt ikkje er utleigd.
Utleigar er Stjerneblokka AS som er
eit felleseige mellom Fylkesnes Bil
AS og Ing. Øyvind Jørgensen AS.
Deler av personalgruppa på møterommet
Solbakken – 7 uselde bueiningar
Det særprega bustadprosjektet Solbakken er utvikla og bygd i eigen regi
av Ing. Øyvind Jørgensen AS. Det er
prosjektert med 17 bueiningar.
Adressa er Bjellandsvegen 137 A og
B nær Leirvik på Stord, og er ein solrik og flott stad med utsikt over sjøen.
Ti av bustadane er så langt selde.
Byggetrinn 1 skal etter planen ferdigstillast i november 2013.
Det er EiendomsMegler1 som står
for salet. For meir informasjon sjå
nettsida; www.eiendomsmegler1.no.
Tilbygget til SKL sitt administrasjonsbygg vart ferdigstilt i 2012.
- På Kjøtteinen og Eldøyane på
Stord, har vi opp gjennom åra hatt
mange oppdrag. Det har gått mykje i
berekningar knytt til grunnforhold og
forsterking av desse. Nå er vi engasjerte for Kværner knytt til barduneringspunkt for ei ny traverskran.
Vidare driv vi og førebur utlastinga av
Eldfisk-plattforma med naudsynt do-
kumentering av grunnforhold og kai,
samt prosjektering av utbetringar. For
Edvard Grieg- plattforma har vi i oppdrag å dokumentere grunnforholda
inne i byggehallen. Her må det ein del
pæling til, seier Ståle Tesdal, sivilingeniør.
- Og seinast i dag fekk vi i oppdrag
å utarbeide ein ny reguleringsplan for
Eldøyane, like ved området til Kværner, avsluttar Gro Fagerbakke Tesdal.
Andre referanseprosjekt
Arkitektur og rådgivande ingeniørtenester betong er utført på den nye
transportsentralen til Jarl Kvam
Transport AS i Aksdal og Scandic
Hotel i Haugesund.
Midtfjellet Vindkraft AS sitt administrasjonsbygg på Fitjar, som vart
sett opp i 2013, er blitt eit flott tilbygg. Ing. Øyvind Jørgensen leverte
her arkitekttenester, søknader om
løyve, prosjektering og byggeleiing.
Ing. Øyvind Jørgensen AS nyttar software frå Revit for å prosjektere nye bygg. Her
er bustadprosjektet Solbakken presentert i ein 3D-modell.
Spesialisert på totalentreprisar
- Det som særpregar Ing. Øyvind
Jørgensen AS er at vi arbeider med arkitektoppdrag og rådgivande byggtekniske tenester. Vi har også erfaring
innan prosjektering av arkitektur, arealplanlegging og prosjektering av alle
typar bygg- og anleggskonstruksjonar. Vi ivaretar heile byggeprosessen
med søknadar og nødvendig kontakt
med myndigheiter, og sikrar
gjennomføring av byggeprosessen i
forhold til lover, offentlege forskrifter og normer. Vidare har Ing. Øyvind
Jørgensen AS sentral godkjenning
Midtfjellet Vindkraft AS sitt administrasjonsbygg på Fitjar er blitt eit flott tilbygg.
Tlf. 53 40 90 60
Det arkitektoniske fyrtårnet Stjerneblokka er ei hovudentreprise, utført av
Ing. Øyvind Jørgensen AS i tre trinn.
www.ingjorgens.no