Konfirmantåret 2010/2011

Transcription

Konfirmantåret 2010/2011
Foto: Knut Inge Johnsen
Os k yrk jelyd inviterer til
Konfi rm antåret 2010/2011
K an du tenk ja deg å vera
konfi rm ant i Os k yrk jelyd
det kom ande året?
Me kan tilby eit spanande opplegg også i år
som me trur vil falla i smak hos dei fleste.
Ta ein kikk og sjå om dette er noko for deg.
Kvifor konfirmant?
Det er mange grunnar til å verta konfirmert.
Nokon gjer det for pengane si skuld, nokon
fordi dei vil læra meir om Bibelen og Gud,
andre fordi det er ein tradisjon og andre
igjen på grunn av fellesskapet.
Uansett svar er det viktigaste at du gjer
dette fordi du sjølv har lyst. Du er hjarteleg
velkomen til oss.
Er du i tvil om du ønskjer å verta
konfirmert, kan du vera med oss
gjennom konfirmantåret og ta stilling
til sjølve konfirmasjonen på sikt.
Prisar
Pris for materiell, “konfehelg” etc:
Konfirmantavgifta er på 1000 kroner.
Inne i denne prisen ligg ei medlemsavgift
på 250 kroner til den gruppa du velgjer.
I tillegg får du materiell som du har bruk
for i konfir­masjonstida.Til dømes Bibel,
konfirmantsertifikat m.m.
Ved skulestart får du tilsendt program
for hausten. Her vert det vedlagt giro
til innbetaling av konfirmantavgifta.
Velkomen til ei spanande og
utfordrande konfirmanttid!
2
Presenta sjonsgud stenester
hau sten 2010
Alle konfirmantar møter til gudsteneste
for å bli presentert for kyrkjelyden tidleg i
konfirmant­året. Desse presentasjonsguds­
tenestene føregår i Os kyrkje, Nore Neset
kyrkje, Søfteland bedehus og Lysekloster skule.
Dette får du vera m ed på g jennom konfi rm antåret:
Arbeidsform
Antall
A
GUDSTENESTER:
Presentasjonsgudsteneste
Ungdomsgudstenester/ Andre gudstenester
Konfirmasjonsgudstenesta
1
6
1
B
Kristendomsundervisning i gruppene. Ca. 2 timar kvar mnd.
C
VALFRIE GRUPPER
Sjå nedanfor
D
KONFEHELG (Eige opplegg laurd/sønd)
2 dagar
E
Weekend på Helgatun 15. til 16. januar
(kun for enkelte grupper, valfritt)
2 dagar
F
FASTEAKSJONEN 12. april kl 17.30 - 20.00
1
G
Øving til konf.dag i kyrkja
1
H
Konfirmasjonsdagar: 8.mai og 15. mai 2011
1
Gru ppene 2010/2011
KRIK Os og KRIK Nore Neset
KRIK står for Kristen Idrettskontakt og har
seks hovudmål:
- Bevisstgjere til kristent liv
- Vinne menneske for Kristus
- Vegleie omkring tru, etikk og idrett
- Skape idrettsglede
- Utfordre til å ta oppgåver og ansvar
innan idrett og kyrkje
- Utvikle personkontakt og venskap
Denne gruppa er for deg som likar å vera i
aktivitet. Her vert det aktivitetar som fotball,
innebandy, volleyball og mykje meir.
I Os er det Christer Hummelsund, Kay Even
Hægland og Arne Stautland som er hovudlei­
arar for konfirmant-KRIK, oppmøtestaden er i
gymsalen på Os barneskule annankvar veke frå
17.00 til 19.00. Kva dag me får tildelt er endå
noko usikkert.
På Nore Neset vert Geir Skarding hovudleiar,
oppmøtestaden er i gymsalen på Nore Neset
skule annankvar fredag frå 17.00 til 19.00.
3
KRIK eXplore
Utforsk livet, utforsk naturen, utforsk trua!
Denne KRIK-gruppa legg vekt på uteaktivitetar
kombinert med konfirmantundervisning.
Her kan du prøva deg på kajakkpadling,
skyting, fisking, orientering og turar til fjells
og på ski. Du treng ikkje vera supersprek for
å vera med, men du må vera open for å prøva
nye ting. Det blir garantert flotte turar og gode
samtalar. Leiarar er Vegard Hodneland, Even
Kristoffer Mjøs og Geir Sakseid. Samlingar
annankvar tirsdag kl 18.30 til 20.00. Nokre
aktivitetar blir lagt til helgene.
Join Us
Kjent og kjært og populært.
Kyrkjelyden sitt ten-sing kor består til ei kvar
tid av om lag 50 medlemer, mange av desse
konfirmantar. Staden for deg som likar å synga,
vera sosial og vera ein del av eit pulserande
kormiljø. Til dette konfirmantåret ønskjer
me å setja opp eit konsertprogram som skal ha
framsyning på vårparten. Om du kan tenkja
deg å vera med i Join Us må du skrive ein
utfyllande grunngjeving i kommentarfeltet på
påmeldinga. Ut ifrå denne vil kvar enkelt bli
vurdert. Øving kvar onsdag kl. 19.00 til 21.00.
Join Us band
Spelar du eit instrument? Lyst til å bli
betre? Opptre? Her vert det plass til om lag
10 personar. Desse vert ein naturlig del av det
store Join Us fellesskapet og vil vera med på
konserten som skal setjast opp. Øving samtidig
med koret kvar onsdag med masse trøkk og lyd.
4
Båt- og sjøliv
Eit av haustens spenstige prosjekt.
For deg som elskar sjøsprøyt og saltvatn.
Opplegget er under utforming, men du kjem i
alle fall til å lære om båt, navigering og godt
sjømannskap. Målet er at du på våren skal få
høve til å avleggja båtførarprøva, men korleis
dette skal ordnast er ikkje heilt spikra. Truleg
blir båtførarprøva eit helgekurs saman med
andre som vil ta denne. Det medfører truleg
at ein må betale ekstra for dette, men det er
litt usikkerhet rundt kor ofte det blir. Ein bør
og vera obs på at ein og annan laurdag kjem
til å gå med til båttur. Leiarane blir Svein Arne
Bakke, Inger-Johanne Haugland, Paul hans
Sælen, Eivind Sælen, Jostein Bondevik og Arne
Stautland.
Golf
Denne gruppa vart til i eit samarbeid mel­
lom Os kyrkjelyd og Bjørnefjorden golfklubb.
Fyrst av alt får du ta grønt kort. Det må du ha
for å få tilgang til golfbaner over heile verda.
Eit slags førarkort, om du vil. Golf handlar om
teknikk, etikette og kameratskap på bana. Her
vert det mykje moro. Blant anna turneringar
på s­imulator og på bana. Og når du er ferdig
som konfirmant satsar me på at du har fått
finjustert slaga såpass at du kan delta på større
turneringa­r gjennom golfklubben. Golfinstruk­
tørane er Erik Just-Olsen og Arvid Moberg. Arne
Stautland er hovudleiar for gruppa.
Samlingar annankvar mandag kl 14.30 til 16.30.
Kunst
Vel så mykje som ord, har kunst talt om Gud
til menneska dei siste to tusen åra. Også i dag
er det mange som lengtar etter å fanga det
åndelege eller det indre gjennom penselstrøk
og palett. Maria Hansen og Irene Aa, som vert
leiar av gruppa, bruker sjølv måling til å formidla
den kristne bodskapen og til å uttrykkja religiøse
motiv.
Spanande? Det trur vi også. Gruppa samlast
annankvar torsdag frå 18.00 til 20.00.
”Mu sik al” i Nore Neset kyrk je
Går du rundt med ein skodespelar i magen og
leitar etter ein mulegheit til å få utfalda deg,
kanskje likar du å syngja eller å spela eit eller
anna? Då kan du i så fall bli med i syngespelet
«Josef» som skal setjast opp hausten 2010.
Nore Neset kyrkje skal feira 10-årsjubileum
1. søndag i advent 2010. I det høve skal me
setja opp eit spel og ha framsyning i midten av
november. Gruppa er også open for eldre og
yngre ungdomar. Dei som er konfirmantar, vil
få noko undervisning saman med KRIK på Nore
Neset.
Det blir øving kvar torsdag kl 17.30-19.00
frå 2. september til 11. november (unntatt
haustferien).Etter jul blir det undervisnings­
kveldar (enkelte torsdagar) med drama,
trusvandring og kreativt bibelarbeid. Leiarar :
Grethe Inger Berge og Anne-Marie Sandve
Klubben på Os
Nytt av året er Klubben på Os som konfirmant­
gruppe. Her blir det mest sannsynlig to grupper
som har obligatorisk oppmøte annankvar fredag.
Desse gruppene kjem til å vera aktive deltakarar
på Klubben. Klubben på Os har samlingar på
fredagane kl. 19.00, men konfirmantane vert
bedne om å møte ein halv time før, slik at dei
kan vera med å forberede det som skal skje.
Normalt stengjer dørene på Klubben rundt
23.00, men om det er spesielle behov eller
ynskjer er det mulig å gå tidlegare. På Klubben
er det sosialt, hyggelig og eit miljø som er godt
grunnfesta i trua på Jesus. Så om du likar å møte
andre ungdomar? Då er dette gruppa for deg!
Barnearbeid
I Os har me mykje barnearbeid. I desse
gruppene treng me leiarar og me vil difor opne
opp for at konfirmantane kan delta her. Om du
likar å vera med born kan dette bli ein del av
konfirmasjonstida di.
Alternativa her er barnekor (måndag),
søndagsskule (søndag), klubbar (onsdag/
fredag) og speidar (måndag). Om du kunne
tenke deg å vera med på noko av dette vil me
gjerne legja til rette for det. Då får du vera leiar
og førebilete for mange. Du står sjølvsagt ikkje
åleine då det er vaksne som har hovudansvaret
her. Det er plass til 2-3 stk på kvar av desse
gruppene. Skriv ein kommentar om kva alders­
gruppe du kan tenke deg å vera leiar for, gjerne
litt om deg sjølv og eventuelt om du har lyst å
vera leiar saman med ein ven eller ei venninne.
Ungdom sklubb på Søfteland
Me har i år den glede av å invitera deg til eit
innhaldsrikt konfirmasjonsår på Søfteland.
Gjer konfirmasjonstida di til ein spanande og
utfordrande del av livet! Her får du bli kjent med
Jesus, deg sjølv og fleire andre. I tillegg får du
læra om det å vera leiar og drive ungdomskubb.
Tiltaket er blant anna eit samarbeid med
Søfteland Indremisjon.
Me skal; På eigen overnattingstur ute i det fri.
Ha nokre undervisningskveldar med god mat,
der du og får møta andre frå kyrkja.
Drive den nyoppstarta ungdomsklubben på
Søfteland bedehus, der du får sjansen til å
vera med å utforma den og prøva deg i ulike
praktiske oppgåver. Me håpar du har lyst til
å vera med å gjere klubben på Søfteland til
”tidenes hengestad” for ungdom! Klubben har
oppmøte på Søfteland bedehus fredagar kl
18.00. Av konfirmantane er det dei som går
på Søfteland skule som blir prioritert. Det er
obligatorisk oppmøte annankvar fredag for
konfirmantar, men det vert arrangert klubb også
dei andre fredagane og du er hjartelig velkomen
då og. Ta gjerne med deg nokon du kjenner på
klubben, dette er ein klubb som har opne dører
for alle ungdomar. Leiarane her vert Maria Gilje
og Johannes Vedelden.
5
Inform asjon til dei føresette
Velkomen til samarbeid!
De som er foreldre/føresette er viktige med­
spelarar under konfirmantførebuinga!
– Vi inviterer til informasjonsmøte for de av
foreldra som vil vita meir om kva det inneber
å vera konfirmant i Os:
ONSDAG 16. juni kl 18-19 i Os kyrkje.
– Vi inviterer og til informasjonsmøte ved
starten av semesteret, då får de vite litt meir
om korleis året vert:
TORSDAG 2. september kl 18-19 i Os kyrkje,
kl 19.30–20.30 i Nore Neset kyrkje.
FEBRUAR/MARS - Foreldrefest
Vi kjem til å be om hjelp til:
• Laga boller eller liknande til forskjellige
arrangement me skal ha for konfirmantane .
• «Konfehelger». Hjelp til å laga og servera
mat og til kyrkjekaffi.
• Fasteaksjonen, som sjåfør og bøsseberar
saman med konfirmanten.
Så ber vi dykk og om:
• Å hjelpa konfirmanten til å møta på dei
samlingane dei skal.
• Gje melding dersom konfirmanten har
planlagt fråver (t.d. ferie med familien).
• Konfirmantførebuing må få prioritet
framfor trening/kampar.
• Gje melding ved fråver grunna sjukdom.
• Det er særs viktig at de melder frå om
særskilde behov (t.d. lesevanskar,
funksjonshemming, allergi og anna)
Konfi rm antar
Slik vil vi ha det saman i konfirmanttida!
Samarbeidsreglar:
Saman har vi ansvar for å gjera vårt til at alle
får eit godt utbyte av konfirmanttida. Dette krev
både tid og innsats og at alle er med for fullt.
For å få det triveleg må alle ta ansvar for:
• Å vera aktivt med å delta og ta omsyn
til kvarandre.
• Å møta presis til alle samlingar.
• Å skru av elektronisk utstyr (mobiltelefon,
MP3-spelarar og liknande) i undervisningstida.
Ved mykje fråver og ved gjentekne brot på reglane, vil konfirmantlærar kontakte føresette.
Respektlaus åtferd eller mykje fråver kan føra til utsetjing av konfirmasjonen.
6
Har du spørsm ål?
Ring: 56 57 24 14 / 900 92 629
eller 56 57 24 12 / 913 25 568
Eller send ein e-post til:
[email protected]
Du kan óg koma innom kyrkjetunet og ta ein prat der.
7
Foto: Knut Inge Johnsen
Påmelding
Påmelding til konfirmantåret skjer i år via internett. Der kan du fylla inn all den
informasjonen som trengst og med eit enkelt klikk senda påmeldinga til kyrkja.
Adressa er www.os.kyrkja.no, gå til linken der det står konfirmantpåmelding.
Når den er sendt vil du få ei stadfesting per e-post på at du er påmeldt.
For dei som ikkje har internett heime er det mulig å gjere denne påmeldinga
her på kyrkjekontoret, du finn oss rett ved sidan av kyrkja. Men husk å ta med
informasjon om både deg sjølv og foreldra dine, me treng mellom anna
telefonnummer, e-post, adresser og personnummer.
Me m øtest til hau sten!