Elevrådet ved Stryn vgs og Stryn ungdomsråd

Transcription

Elevrådet ved Stryn vgs og Stryn ungdomsråd
Uttale frå Stryn VGS og Stryn ungdomsråd
I 2012 vart det utlevert ein skulebruksplan der skulen vår stod i fare for fjerning av linjer eller heilt
nedlegging. Dette har vekt sterke reaksjonar hos oss elevar. Etter at planen var komen ut, har alle
saman i Stryn gått inn for å berge skulen. Både næringslivet, elevar, lærarar og foreldre har jobba
hardt for å behalde skulen i framtida. For det er vi elevane som er framtida? Det blir sagt at Sogn
og Fjordane skal vere eit framtidsfylke, med ein desentralisert skulestruktur. Vi vil at folk skal kome
tilbake til bygdene og at utflyttinga skal stagnere. Vil det då hjelpe å fjerne ein av dei viktigaste
faktorane som vil få folk til å bli og flytte hit?
Det vart halde folkemøte for Stryn vgs i kulturhuset den 24. januar. Der gjekk tre av elevane opp på
talarstolen og heldt eit innlegg for ein fullsett sal. Elevrådsleiar Nadia Kvamme Alim var ein av dei
elevane som fortalde om si eiga historie og oppleving av det å flytte på hybel.
Nadia Kvamme Alim:
Då eg var 16 år og ferdig på ungdomsskulen ville eg gå danselinja på Firda. Eg var veldig motivert
for å flytte på hybel. Men for mange 16-åringar vil det vere vanskeleg å flytte heimanfrå og eg kan
bruke meg sjølv som eksempel. Eg begynte på danselinja på Firda, noko som var veldig kjekt. Eg
flytta også på hybel, noko som eg fann ut ikkje var like lett. Etter eit par månader på hybel begynte
eg å slite veldig på skulen, eg hang etter med lekser noko som gjore at eg ikkje møtte til somme
skuletimar. Grunnen til dette trur eg var at eg ikkje var klar for hybellivet. Sjølvsagt får ein god
oppfølging og hjelp frå skulen. Men den støtta eg trur mange treng, i alle fall eg, var omsorg frå
mamma og pappa.
Eg som mange andre trong mammaen min eller pappaen min når eg kom heim frå skulen. Dette for
å få meg i gang med leksene, hjelpe meg med leksene og alt det eg trong for at eg skulle gjere det
godt på skulen. Eg valde å flytte heim og starte på nytt her på Stryn vidaregåande skule. No er eg
18 år, går 2. klasse idrett, og med god hjelp frå skulen og heimanfrå, har eg forbetra karakterane
mine kraftig i fag eg sleit med då eg budde på hybel. Eg som var motivert for å flytte på hybel
droppa ut av skulen fordi eg ikkje var klar. Korleis vil det då blir for dei elevane som ikkje er
motivert og ikkje har lyst til å flytte, men må fordi pendleavstanden blir for stor? Mange av elevane
som droppar ut av skulen er hybelbuarar. Er ikkje de då redde for at drouppout-prosenten vil stige
kraftig? Det er viktig at elevar i ein alder av 16 år ikkje føler at dei blir kasta alt for tidlig ut i eit
vaksenliv dei ikkje føler seg klare for. Nyare forskingsresultat viser at ungdom på hybel slit med
psyken.
Framtida.
Når eg ser meg sjølv om nokre år, ferdig med utdanning og har fått eigne born, håper eg å komme
tilbake til ein så flott kommune som Stryn. Eg håper då at Stryn vidaregåande skule då har eit godt
tilbod til dei som då skal ta til med si vidaregåande opplæring. Stryn vidaregåande skule har feira
100 års jubileum. Kanskje om 100 nye år sit oldebarn og tippoldebarn på skulen og feirar eit nytt
jubileum?
Ein annan elev som heldt innlegg den dagen var Jonas Lødøen. Han fortalde om korleis Stryn og
Hornindal vil tape på nedlegging av Stryn vgs:
Då eg fekk beskjeden om at skulen vår var i fare, var eg på treningsleir på Fuerteventura. Den
umiddelbare reaksjonen var at vi ikkje heilt klarte å ta det seriøst. Allereie seinare på dagen, merka
eg at engasjementet blant elevane var stort.
No er jo eg veteranen av oss tre. Eg går siste året, og for meg er det uverkeleg at Stryn
vidaregåande skule, skulen som gjennom snart tre åt har gitt meg og mine kompisar gode
opplevingar, står i fare for nedlegging. Eg kan med handa på hjartet seie at tida mi på skulen har
vore den beste så langt!
Noko av det vi har reagert på er at om det blir strukturendringar er det vi elevar som blir taparane.
Det er vi som blir tvinga til å flytte på hybel i ung alder. Vi må ta opp studielån tidligare enn det vi
ellers måtte gjort, og vil slite med dette i lengre tid i etterpå. (For det er jo ikkje nokon tvil om at
stipendet frå lånekassa ikkje strekk til slik det er i dag.) Er det vi som må ta på oss kostnadane som
fylkeskommunen skal spare inn?
Vi som bur her i Stryn er kjempestolte av dei fritidstilboda vi har å tilby. For eksempel innan idrett
er ungdommen aktiv både som utøvarar, men også i dugnadsarbeid som funksjonærar, dommarar,
trenarar, og som sunne forbilde for dei yngste i samfunnet. Vi er også den største
rekrutteringsgruppa til seniorlaga, og utan oss på høgste klubbnivå, er vi redde for at seniorlaga
forsvinn. Vi er også redde for at kvaliteten og breidda av idrett i Stryn skal avgrensast. Spesielt i
utkantane der det allereie er liten aktivitet frå før.
Ungdomsorganisasjonane vil og lide. Organisasjonar som Ungdommens Røde Kors og 4H er i stor
grad leia og styrt av ungdom 16-19 år.
Det er i Stryn vi har jobbane våre på fritida, det er her vi har lærlingplassane våre og dei
framtidige jobbane. Det er her vi har livet vårt, det er her vi har fått identiteten vår! Vi elevane krev
å bli tatt på alvor!
Ingrid Kvåle Faleide:
Nokre tenkjer kanskje at det ikkje er nødvendig å flytte på hybel om ein bur i Stryn og at ein berre
kan gå på skule på Eid, men vi må ikkje gløyme at Stryn kommune er så mykje meir enn berre Stryn
sentrum! Greitt nok at det tek 40 minutt frå Stryn til Eid, men så er det og opptil tre kvarter ekstra
for dei som bur i utkantane; som inst i Oldedalen, Lodalen og Hjelledalen. Det kan bli opptil 3
timar pendling kvar dag for enkelte elevar, og det ser vi på som heilt uaktuelt. Og kva med dei som
er tatt inn på spesielt grunnla? Dei som faktisk må bu heime for å få den hjelpa dei treng. Vil de
sende også dei på hybel?
I førre veke hadde Fjordingen eit kjempeoppslag om skulen vår der dei bl.a. hadde ein petit med
mange av elevane på skulen. Om du las dette, var det ikkje til å unngå å leggje merke til kva som
var viktigast for dei fleste elevane når dei skulle velje vidaregåande skule. Det store fleirtalet svarte
det same på spørsmålet om kvifor dei valde akkurat Stryn Vidaregåande; nemleg fordi då hadde dei
fortsatt muligheita til å bu heime. Det er heilt klart kva vårt største ønske er.
Før vi avsluttar vil eg berre få fram, at vi syns det er ALT for mykje fokus på økonomi. De snakkar
heile tida om å investere i framtida, men er ikkje det vi unge som er framtida? Er ikkje det verdt å
bruke pengar på oss? - Det er ALLTID billegare å førebygge enn å reparere, så i staden for å bruke
masse pengar på å rehabilitere og kvalifisere dei som droppar ut, er det vel betre å førebygge at det
skal skje?
Desse elevane kom som representantar for både seg sjølv og medelevane sine på Stryn vgs.
Elevrådsleiar og nestleiar på Stryn vgs synest det har vore viktig og få høyre kva ungdomsskuleelevar i Stryn kommune tenkjer og meiner om ei eventuell nedlegging og kutting av linjer. Dei har
besøkt Stryn og Olden ungdomsskule og blei godt mottekne. Dei fikk informert elevane om kva
elevar ved Stryn vgs har jobba med for skulen, og at vi gjerne ville ha med meiningane deira om
saka. Elevane fikk litt tid til å tenke og skrive ned sine meiningar og kva dei er redde for ved ei
eventuell nedlegging. Vi fikk følgjande svar:
Transportutgiftene vil bli store. Det blir sløsing av pengar og øydeleggande for miljøet.
Eg vil ikkje flytte frå vennene mine.
Dersom ungdom må gå på skule andre stadar, kan dette gå ut over aktivitetstilbodet for
ungdom i Stryn.
Stryn har ei veldig bra idrettslinje og har «produsert» utøvarar i verdsklasse.
Stryn har eit av dei lågaste fråfallstala av elevar.
Eg vil ikkje flytte heimanfrå enno.
Stryn vgs er ein heilt ny og moderne skule. Er alle dei pengane som er brukt på dette
bortkasta?
Russen forsvinn frå Stryn.
Viss Stryn vgs forsvinn, blir turngruppa nedlagt.
Eg vil at ungane skal vere glade. Må ein flytte må ein få nye venner og kontakter.
Eg mister litt av grunnen til å kome tilbake til Stryn seinare.
Eg er redd for framtida. Usikkerheita om eg kan få bu heime eller ikkje gjer det ikkje betre.
Så kjære fylkesrådmann og fylkesting. Vi forstår at endringar må gjerast, vi forstår at de har
vanskelige val framfor dykk. Men vi ønsker berre å bli høyrde. Vil vi at de set av tid til å sette dykk
i vår posisjon og forstå korleis vi tenker og føler om saka. Det de avgjer no er avgjerande for mange
generasjonar framover. Avgjerande for korleis Stryn sentrum, Strynebygda og Stryn kommune vil
sjå ut om nokre år. Det er de som bestemmer. Om nokre år står kanskje vi ungdommane som skriv
dette framfor liknande avgjerdsler som de gjer no. Ein dag er det vi som sit med alt ansvaret og vi
som må ta dei tøffe vedtaka. Det er opp til dykk korleis vegen vår vil blir dit. Om vi får heile
ungdomstida, med skulegang og opplæring heime, eller om vi må flytte heimanfrå for å få ho.
Dykkar avgjerd vil nok påverke korleis vi vil bestemme når det er vår tur.
Det er dykkar val, vel ikkje feil.
Mvh.
For Stryn ungdomsråd
Elin Håberg
Leiar, Stryn ungdomsråd
For elevrådet ved Stryn vidaregåande skule
Nadia Kvamme Alim
Elevrådsleiar