Psykomotorisk fysioterapi - reduserer spenning i

Transcription

Psykomotorisk fysioterapi - reduserer spenning i
Kontoradresse: Parkvegen 13, 2. etg. Sogndal
Epost: [email protected]
Internett: www.godikroppen.no
Telefon: 48 10 64 50
Psykomotorisk fysioterapi
Torunn Gjerstad
eller utmatting
Psykomotorisk fysioterapi reduserer spenning i kroppen
I psykomotorisk fysioterapi får du hjelp til
å redusere spenningar i kroppen.
Gjennom massasje, øvingar og samtaler
er målet å få eit bevisst tilhøve til kroppen
og få ein fleksibel og stabil kropp.
Kva går behandlinga mi ut på?
Målet med psykomotorisk fysioterapi er å få eit
bevisst tilhøve til kroppen, og redusere
spenningar som hemmar pust og bevegelse.
Langvarig stress på grunn av traumer, skader og
andre livsbelastningar verkar inn på kroppen. Vi
kan merke dette både i spenningsnivå, kjensler
og tankeevne (mentalt). Naturlege funksjonar
som søvn, apetitt, fordøying og temperaturregulering vert også forstyrra.
Pust og spenningstilstand i muskulatur endrar
seg, etter korleis vi har det og kva vi opplever. Vi
er skapte for å kunne handtere utfordringar i livet.
Vi blir til dømes anspente før ein eksamen, men
slappar av og "pustar ut" etterpå. Veksling mellom
å vere spent og avslappa er normalt, men dersom
spenningane blir verande i kroppen over tid, kan
ein få smerte i musklar, sener og skjelett.
Psykomotorisk behandling kan frigjere spenning i
kroppen og gjenopprette normale funksjonar i
kroppen.
Psykomotorisk fysioterapi kan vere
nyttig for deg som:
-
opplever å vere anspent i kroppen
har hatt smerter i kroppen over lengre tid
har plager relatert til pust
har angst eller depresjon
har eteforstyrring eller har eit vanskeleg
tilhøve til eigen kropp
er veldig trøytt eller er utmatta
har opplevd sjokk eller traumer
Først gjer eg vanlegvis ei undersøking av kroppshaldning, pust, muskulatur, måten du bevegar
deg på og evne til avspenning. Undersøkinga kan
skje med klede på. Etterpå har vi samtaler om kva
som kan vera årsaken til plagene dine og kva du
ynskjer å oppnå med behandlinga.
Behandlingstiltak blir valt ut frå undersøkinga og
samtalane. Behandlinga vil innebere ulike former
for berøring, massasje og rørsle, i tillegg til
samtaler. Undervegs spør eg kva du kjenner – for
at du skal reflektere og bli bevisst på kroppen din.
Ta kontakt!
Eg har kontor i Parkvegen 13, 2. etasje, i
Sogndal, med inngang ved Fjøra frisør.
Då eg er privatpraktiserande psykomotorisk
fysioterapeut utan driftsavtale, treng du ikkje
tilvising frå lege. Eg har ikkje venteliste.
Ta gjerne kontakt på telefon 48 10 64 50 eller
send epost til [email protected] for meir
informasjon eller bestilling av time. Hugs å skrive
inn namnet ditt og mobilnummeret ditt. Eg
kontaktar deg pr. telefon om aktuelle tidspunkt for
time. Sjå nettsida www.godikroppen.no for meir
informasjon.
Velkomen til Psykomotorisk fysioterapi
Torunn Gjerstad!
Torunn Gjerstad