Odd Christian Stenerud frå Godøy høyrer på rådgi

Transcription

Odd Christian Stenerud frå Godøy høyrer på rådgi
10 tonn
yting mot
alle råd
ÅLESUND: Odd
Christian Stenerud frå
Godøy høyrer på rådgivarane sine, men gjer
stundom tvert imot.
Som når han fôrar omlag
kvar tredje dag og
brukar biologisk ensileringsmiddel.
JOGEiR M. AGJELd
[email protected]
ens rådgivarane i
mange av forsøksringane på Vestlandet
åtvarar mot biologiske middel, har Odd Christian Stenerud tatt sjansen. Han brukar
Sil-All. Etter at han tok i bruk
det biologiske middelet meiner han at det var tydeleg at
dyra tok til å ete betre.
– Vi starta med Sil-All i
2007. Då hadde vi ei gjennomsnittsyting på 6,2 tonn.
No yter kvigene 8,3 tonn,
andrekalvs-kyr ni tonn og dei
eldre 10,4. Kraftfôrrasjonen
har vore 30 fôreiningar pr.
100 liter EKM heile tida, og
typen har vore tilnærma den
same, einast med litt meir
energi no enn før. Feittet ligg
på 4,30 og proteinet på 3,44.
Fôrprøvene viser gode tal på
både sukker og mjølkesyre,
og alt anna ser også fint ut.
M
Syremiddel betre enn inkje
– Fram til 2004 brukte vi
ingenting. Då nytta vi fôrutleggar og fôra kvar dag, så
stabilitet i fôret var ikkje så
viktig. Så nytta vi eit syrebasert pluss-middel i nokre år.
68
Det gav eit fint fôr, men eg
vil helst unngå syremiddel.
Både av HMS-grunnar og for
å unngå skader på utstyret.
Erfaringane med det biologiske middelet er at det gir eit
stabilt fôr, som toler å ligge
ope i tre dagar slik vi fôrar.
Middelet er harmlaust for
folk og maskiner, det er lett å
blande, og det blir lite svinn,
fortel Odd Christian.
Fleire grunnar til betre fôr
I tillegg til å byrje med ensileringsmiddel, er slåtten lagt
om til meir fortørking, med
breispreiing og rive som viktige stikkord. Familien har
også auka frå seks til åtte lag
plast på ballen. Det har eliminert problem med mugg, og
redusert transportskadene.
– Med meir fortørk har kvar
ball høgare verdi, og det forsvarer dei to ekstra plastlaga.
Totalforbruket av plast har
nesten ikkje gått opp. På den
nye Biopressa kan vi legge så
mange lag vi vil, så i år har eg
tenkt å gjere eit forsøk med
sju lag, fortel Odd Christian.
Rare påstandar
frå ”syre-folket”
Odd Christian undrar seg
over mange av påstandane
han er blitt møtt med om biologiske ensileringsmiddel.
– Eg har fått høyre litt av
kvart som eg ikkje er einig i.
Hos meg er alle motforestillingane lagt daude etter kvart
som eg har fått erfaring. Det
høyrer med til historia at vi
slett ikkje har gjort alt rett i
fôrproduksjonen vår. Fram
Odd Christian Stenerud fôrar omlag kvar tredje
dag, men det føreset godt og stabilt grovfôr.
Fortørking, ekstra plast og biologisk ensileringsmiddel er viktige stikkord, meiner han.
til nyleg har vi konsentrert
oss om å bygge fjøs og auke
opp buskapen. Vi har ikkje
jobba nok med å få optimal
fôrkvalitet. Likevel har vi
fått gode resultat med eit
ensileringsmiddel som nokre
rår oss frå å bruke. Generelt
må vi understreke at vi opp
gjennom åra har fått mange
gode og viktige innspel frå
rådgjevarane våre. Særleg må
vi framheve forsøksringen.
Kvar tredje dag
Sidan 1997 har familien fylt
fôrbrettet med rundballar
kvar tredje dag. Dette vil
aldri fungere, sa rådgivarane.
Odd Christian ville prøve
likevel, og han går god for
metoden. Fôrbrettet er to
meter breitt, og ballane blir
lagt inn butt i butt. Så tar
dyra til å ete. Einast siste
dagen er det behov for litt
handarbeid for å fordele ut
dei siste restane. Dyra har alltid tilgang på godt fôr.
– Det fungerer veldig fint,
så sant graset er godt kutta.
Tredje dagen tar eg skuffa
på lastaren og skrapar bort
restane, før eg legg inn nytt.
Ein time
Garden har 400 tonn i kvote,
og full framfôring. Dyra er
fordelt på to fjøs som står
grovt rekna hundre meter frå
kvarandre. Å fôre totalt kring
20 rundballar i to fjøs tar ein
time – kvar tredje dag.
– Eg er god nøgd med
fôringsopplegget. Eg legg
inn ballar både frå første- og
BEDRE gardsdrift 3–2012
andreslåtten samstundes, for
å få betre struktur på fôringa,
seier Odd Christian.
– For å vere rasjonell, skjær
eg først opning i plasten på
enden der eg set inn piggen,
på alle ballane eg skal fôre ut.
Så køyrer eg inn på fôrbrettet, skjær eit snitt langs sida
og litt innpå andre enden, og
tar av plasten. Då har eg alt i
eitt stykke. Nettet prøver eg å
finne enden på og snurre av i
heil lengde, så vi slepp at her
ligg att restar i fôret, forklarer
Odd Christian.
Den raske fôringa, kombinert med at kraftfôret kjem i
automat, betyr at eit vanleg
fjøsstell strengt tatt består av
mjølking, tilsyn og litt skraping, og om våren kalvestell.
Stenerud har ein 2,5-tonns
Bedre gardsdrift 3–2012
Mustang hjullastar som
blir brukt til fôringsarbeid,
snøbrøyting på tunet og til
mykje av det vi andre brukar
traktor med frontlastar til.
Takka vere hjullastaren får
traktorane på garden nærast
vinterferie.
– Denne er større, meir stabil og sikrare enn ein minilastar, og stor nok til å ta mykje
arbeid frå traktorane. På same
tid er den liten og snau å ta
seg fram med, og du går fort
av og på, seier Odd Christian.
Fjøset har ingen fôrsentral,
og rundballane blir lagra få
meter unna, på ein gruslagt
plass.
– Då er det kjekt med elektrisk port når eg skal køyre
inn ballane, seier Odd
Christian.
Trass
sjeldan
fôrtildeling
er ytinga
god.
Heller liten
hjullastar enn
minilastar, er
Odd Christian
si erfaring.
Støypt plate
utanfor porten til fôrbrettet erstattar
fôrsentral.
69