Norsk_Vg3_Eksamensrettleiing_2014_NN.pdf

Transcription

Norsk_Vg3_Eksamensrettleiing_2014_NN.pdf
Eksamensrettleiing
2014
–om vurdering av eksamenssvar
NOR1211–NOR1231 Norsk hovudmål
NOR1212–NOR1232 Norsk sidemål
NOR1218–NOR1238 Norsk for elevar med samisk som andrespråk
Nynorsk
Norsk Vg3, studieførebuande utdanningsprogram og påbygging til generell studiekompetanse Denne rettleiinga gir informasjon om sentralt gitt eksamen i norsk og korleis han skal vurderast. Informasjonen skal vere kjend for elevar, lærarar og føresette i god tid før eksamen. Sensorane skal bruke rettleiinga som ei felles referanseramme i arbeidet sitt. 1 Korleis er sentralt gitt skriftleg eksamen i norsk organisert? Eksamen i norsk hovudmål er obligatorisk på studieførebuande nivå. Eksamen i sidemål er trekkfag for elevar, men obligatorisk for privatistar. Det er ingen fagleg nivåforskjell på dei to eksamensdagane. Eksamenstida er fem timar, og det er ikkje førebuingsdag. Eksamensoppgåvene er knytte til ulike tekstar som ligg ved i oppgåvesetta. Tekstutvalet er på både bokmål og nynorsk i alle oppgåvesetta. Samansette tekstar kan vere ein del av tekstmaterialet.
1.1 To ulike oppgåvetypar – kortsvar og langsvar Frå og med 2014 får alle oppgåvesetta i norsk, både hovudmål og sidemål, ei obligatorisk kortsvaroppgåve i tillegg til langsvaroppgåver. Kortsvaret blir innført for at eksamen i norsk skal kunne dekkje ei større fagleg breidde enn når eleven berre skriv éin tekst. Slik får eleven høve til å vise meir av fagkompetansen sin til eksamen. Kortsvaroppgåvene er knytte til ein eller fleire vedlagde tekstar. Svaret skal vere forma som ein strukturert og samanhengande tekst, og ei god eksamensførebuing er å trene på å skrive korte, presise svar på faglege spørsmål eller problemstillingar. Eksempla under viser kva som kan bli gitt som kortsvar: •
•
•
•
•
•
•
•
•
Skrive ein kort informativ eller argumenterande tekst i tilknyting til ein vedlagd tekst eller ein påstand Påvise retoriske appellformer i ein tekst Påvise sjangertrekk eller språklege verkemiddel og forklare kva funksjon dei har Gjere greie for og kommentere særtrekk ved språket i ein eller to tekstar Forklare argumentasjonen i ein kort sakprosatekst Samanlikne form og/eller innhald i to korte tekstar Kommentere samspelet mellom elementa i samansette tekstar Karakterisere for eksempel ein litterær person og vise kva verkemiddel som er brukte Bruke tekstvedlegg som eksempel og skrive ein kort tekst med tilsvarande verkemiddel eller appellformer Langsvaroppgåvene er òg knytte til vedlagde tekstar. Eleven får tre eller fire oppgåver til val og skal skrive ein lengre samanhengande tekst. Lengda er ikkje eit eige kriterium for vurderinga, men heng saman med om teksten er gjennomarbeidd og innhaldet er relevant. Sensor vurderer både form, språk og innhald i teksten. Eksamensrettleiing
Side 2 av 12
Mange langsvaroppgåver er samansette av fleire delar. Elevane kan bli bedne om å presentere eit emne med utgangspunkt i ein eller fleire vedlagde tekstar og deretter drøfte, kommentere eller reflektere over problemstillingar frå tekstane, eller analysere ein tekst og deretter ta stilling til verdiar eller spørsmål i teksten. Nokre oppgåver gir elevane høve til å utforme teksten friare og sjølv velje ein innfallsvinkel. Alle oppgåvene har ein oppgåvekommentar med felles informasjon til eksaminand og sensor om kva som blir venta av svaret. Føremålet er å redusere risikoen for misforståingar og å gjere elevane tryggare på korleis dei kan gå fram for å løyse oppgåva. Kommentarane er eit tillegg til dei generelle kjenneteikna på måloppnåing til eksamen som du finn i denne rettleiinga. 2 Revidert læreplan og endra oppgåveformuleringar Skriftleg eksamen er basert på heile læreplanen, primært kompetansemåla frå hovudområda Skriftleg kommunikasjon og Språk, litteratur og kultur på Vg2 og Vg3. Dei konkrete eksamensoppgåvene prøver eit mindre utval av kompetansemåla, men svaret til eleven kan likevel vise brei kompetanse i faget. Sensor skal alltid vurdere heilskapen i svaret. Fordi sjangrar endrar seg over tid og kan variere mykje, nyttar den reviderte læreplanen meir overordna omgrep for ulike typar tekst. Til eksamen blir omgrepa brukte slik: Informative, argumenterande og resonnerande tekstar er teksttypar som viser til kva som er formålet med teksten. Til eksamen kan elevane få oppgåver som ber dei om • å informere ved å presentere, forklare eller gjere greie for eit emne • å argumentere ved å grunngi og forsvare synspunkt og meiningar • å resonnere ved å drøfte ulike sider ved ei sak for å kunne ta stilling, eller reflektere over eit emne eller ei problemstilling Kreative tekstar er ikkje éin teksttype, men eit samleomgrep. Det kan innebere å fortelje og dikte, eller å reflektere og prøve ut tankar. I opplæringa les elevane mange og svært ulike tekstar, både skjønnlitteratur og sakprosa, som viser språkleg kreativitet. I eigne tekstar kan elevane vise kreativitet i måten dei bruker språket, korleis dei strukturerer teksten, og i dei perspektiva og innfallsvinklane dei vel. Nokre av langsvaroppgåvene til eksamen ber om ein kreativ tekst. Desse oppgåvene er meir opne for individuelle løysingar enn dei tidlegare essay‐, novelle‐ og kåserioppgåvene. Elevane kan velje sjanger dersom dei får denne oppgåvetypen: • å skrive ein kreativ tekst med ei bestemt overskrift eller ein bestemt tematikk, eventuelt med ein gitt synsvinkel Eksamensrettleiing
Side 3 av 12
Desse omgrepa frå læreplanen blir brukte i eksamensoppgåvene: Presenter … Gjer greie for … Forklar … Analyser … Tolk … Samanlikn … Argumenter … Drøft … Reflekter over … Vurder … Kommenter … Bruk kunnskap om … Skriv ein kreativ tekst der du … Skriv ein resonnerande tekst der du … 3 Hjelpemiddel til eksamen Hjelpemiddel er tillatne, med unntak av Internett og andre verktøy som kan brukast til kommunikasjon. Det er heller ikkje lov å bruke omsetjingsprogram. Aktuelle hjelpemiddel i norsk er ordbøker, eigne notat, lærebok og andre skriftlege kjelder. Gjennom opplæringa i faget skal faglæraren rettleie elevane i å vurdere kva som er formålstenleg bruk av hjelpemiddel. 3.1 Bruk av kjelder til eksamen i norsk Det er ikkje eit krav at elevane har med og bruker bestemte kjelder til sentralt gitt eksamen. Dersom dei bruker kjelder, skal dei vise evne til å velje ut det fagstoffet som er relevant i den aktuelle samanhengen. Ukritisk bruk av fagstoff som ikkje er relevant for oppgåva, vil trekkje ned. Elevane kan vise svært god kompetanse til eksamen utan å bruke kjelder i eigen tekst, men i mange samanhengar er det aktuelt å vise til kva andre har skrive og bruke det i eigen tekst. Hovudregelen er at elevane skal vise til kjeldene når dei hentar informasjon direkte frå noko ein annan har skrive, og når dei refererer til saker som det kan vere ulike meiningar om. Opplysningar som er allment kjende, treng dei ikkje å dokumentere. Kjeldebruken skal vere ryddig og etterretteleg. Eleven skal kunne vise til kjelda som referanse i hovudteksten eller som fotnotar, og lage ei litteraturliste med oversikt over dei kjeldene som er brukte i teksten. Til eksamen i vidaregåande opplæring er det viktigare for vurderinga at kjeldebruken er ryddig og oversiktleg, enn at dei formelle krava blir følgde nøyaktig. Eleven skal føre opp forfattar og fullstendig tittel på så vel lærebøker som annan litteratur. Dersom eleven bruker utskrift eller sitat frå nettsider, skal han/ho føre opp nøyaktig nettadresse og nedlastingsdato. Dersom sensor mistenkjer at eit svar inneheld kopiert materiale utan kjeldetilvising, kan svaret sendast til plagiatkontroll. Eksamensrettleiing
Side 4 av 12
4 Vurdering av eksamenssvara i norsk Læreplanane og forskrift til opplæringslova er grunndokument for vurderingsarbeidet. Forskrift til opplæringslova §§ 3‐25 og 4‐18 slår fast: Eksamen skal organiserast slik at eleven/deltakaren eller privatisten kan få vist kompetansen sin i faget. Eksamenskarakteren skal fastsetjast på individuelt grunnlag og gi uttrykk for kompetansen til eleven/deltakaren eller privatisten slik den kjem fram på eksamen. Kvart eksamenssvar blir vurdert av to sensorar. Det er den samla kompetansen eleven viser i svaret som ligg til grunn for vurderinga, og det blir gitt éin karakter som er felles for kortsvaret og langsvaret. Dersom det ved sensuren blir påvist at delar av eller heile svaret er kopi av tekst som andre har produsert, vil den delen bli vurdert til lågaste karakter. Kompetansemåla i læreplanen er felles for dei to målformene, men i måla for skrivekompetanse er omgrepa hovudmål og sidemål nytta. Det er ingen fagleg nivåforskjell på innhaldet i hovudmålseksamen og sidemålseksamen. Matrisa med kjenneteikn på måloppnåing er felles for dei to eksamensdagane. Når det gjeld underpunkta om formverk og ortografi, kan sensorane vente at eksaminandane meistrar hovudmålet sitt noko betre enn sidemålet. 5 Karakterar Forskrift til opplæringslova §§ 3‐4 og 4‐4 har generelle karakterbeskrivingar: a) Karakteren 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget. b) Karakteren 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget. c) Karakteren 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget. d) Karakteren 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget. e) Karakteren 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget. f) Karakteren 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget. Kjenneteikna på måloppnåing i denne eksamensrettleiinga forklarer nærmare kva for eksempel «god kompetanse i faget» vil seie til eksamen i norsk på dette nivået. Kjenneteikna tek utgangspunkt i kompetansemåla. Dei uttrykkjer kva eleven får til og meistrar, ikkje kva eleven ikkje klarer. Samla sett skal kjenneteikna gi ein karakteristikk av det faglege nivået på eksamenssvaret. Sensorane skal bruke kjenneteikna til å grunngi karakterforslaget sitt. Det gir ei felles forståing av krava til eksamen, og legg grunnlag for god kommunikasjon mellom sensorane. Frå 2014 er kjenneteikna differensierte og tilpassa ulike oppgåvetypar, etter innspel frå mange sensorar i 2013.
Eksamensrettleiing
Side 5 av 12
Kjenneteikn på måloppnåing til skriftleg eksamen
Vg3 studieførebuande og påbygging til generell studiekompetanse
Hovudinntrykk
Språk og
formelle
dugleikar
Kortsvar
Informative,
argumenterande
og
resonnerande
tekstar
Karakter 2
Eksamenssvaret
er eit enkelt/delvis relevant svar
på kortsvaroppgåva
Karakter 3 – 4
Eksamenssvaret
er eit stort sett relevant svar på
kortsvaroppgåva
Karakter 5 – 6
Eksamenssvaret
er eit presist og relevant svar på
kortsvaroppgåva
er eit enkelt/delvis relevant svar
på langsvaroppgåva
er eit stort sett relevant svar på
langsvaroppgåva
er eit utfyllande og relevant svar på
langsvaroppgåva
viser noko forståing og bruk av
dei vedlagde tekstane
er enkelt formulert
viser at eleven forstår og bruker
dei vedlagde tekstane
er klart formulert, med godt og
formålstenleg ordforråd
viser god forståing og sjølvstendig
bruk av dei vedlagde tekstane
er klart og presist formulert, med
formålstenleg, nyansert ordforråd
har til dels god samanheng
mellom setningar og avsnitt
har god samanbinding mellom
setningar og avsnitt
har svært god samanbinding
mellom setningar og avsnitt,
språket er variert
viser at eleven meistrar hovudformene i formverket til ei viss grad
viser at eleven stort sett meistrar
formverket
viser at eleven meistrar formverket
viser at eleven meistrar ortografi
og teiknsetjing til ein viss grad
har stort sett korrekt ortografi og
teiknsetjing
har gjennomgåande korrekt
ortografi og teiknsetjing
skil mellom sitat og eigenprodusert tekst og viser til kjelder
markerer sitat og viser til kjelder
på ein ryddig måte
markerer sitat og viser til kjelder
ryddig og nøyaktig
har ein viss tematisk samanheng
og enkel struktur
har tematisk samanheng og
formålstenleg struktur
har tematisk samanheng og klar og
formålstenleg struktur
gjer greie for faglege emne,
kommenterer eller argumenterer
på ein enkel måte
gjer greie for faglege emne,
kommenterer eller argumenterer
på ein oversiktleg måte
gjer greie for faglege emne,
kommenterer eller argumenterer på
ein oversiktleg og presis måte
peiker på nokre karakteristiske
trekk ved tekstar
gjer greie for karakteristiske
trekk ved tekstar
gjer presist greie for karakteristiske
trekk ved tekstar
bruker enkelt fagspråk
bruker formålstenleg fagspråk
har ein viss tematisk samanheng
og enkel struktur
har tematisk samanheng og
formålstenleg struktur
bruker presist og formålstenleg
fagspråk
har klar tematisk samanheng og
gjennomgåande god struktur
gjer greie for faglege emne på ein
enkel måte
gjer greie for faglege emne på
ein stort sett oversiktleg måte
gjer greie for faglege emne på ein
relevant, klar og oversiktleg måte
gir att hovudsyn i nokon grad
formulerer hovedsyn
argumenterer for synspunkt i
nokon grad
argumenterer sakleg for
synspunkt
formulerer hovedsyn klart og
presist
argumenterer sakleg og
sjølvstendig, har breidde i
argumentasjonen
inneheld enkle resonnement
har klare resonnement, viser
evne til å drøfte eit emne på ein
oversiktleg måte
har klare resonnement, viser evne
til å drøfte eit emne på ein sakleg
og nyansert måte
har med nokre eksempel og/eller
moment
har relevante eksempel og/eller
moment
har relevante eksempel og/eller
moment, med god breidde
har nokre oppsummeringar eller
enkle konklusjonar
formulerer oppsummeringar eller
konklusjonar
formulerer poengterte oppsummeringar eller konklusjonar
viser noko refleksjon
har nokså godt eller godt
refleksjonsnivå
har høgt refleksjonsnivå, viser
sjølvstende
bruker eventuelle kjelder på ein
delvis relevant måte
bruker eventuelle kjelder på ein
relevant og etterprøvbar måte
bruker eventuelle kjelder relevant,
etterprøvbart og sjølvstendig
Eksamensrettleiing
Side 6 av 12
Analysar,
tolkingar
og
samanlikningar
Kreative
tekstar
peiker på nokre verkemiddel i
tekstar
gjer greie for nokre verkemiddel
og viser i nokon grad korleis dei
fungerer i teksten
gjer greie for og vurderer verkemiddel og viser korleis dei fungerer
i teksten
peiker på nokre sider ved
argumentasjon og bruk av
appellformer
gjer greie for hovudtrekk i
argumentasjon og bruk av
appellformer
gjer tydeleg greie for argumentasjon og bruk av appellformer og
verknaden dei har
peiker på nokre sider ved
tema/bodskap/hovudsynspunkt
gjer greie for tema/
bodskap/hovudsynspunkt
gjer tydeleg greie for
tema/bodskap/ hovudsynspunkt
reflekterer over tekstar på ein
enkel måte
reflekterer over tekstar på ein
fagleg relevant måte
reflekterer over tekstar på ein
fagleg relevant, sjølvstendig måte
har nokre vurderingar
har vurderingar og grunngitte
synspunkt
har sjølvstendige vurderingar og
grunngitte synspunkt
samanliknar nokre sider ved
tekstar
samanliknar tekstar på ein
oversiktleg måte
samanliknar tekstar på ein
nyansert måte
bruker enkelt fagspråk
bruker relevant fagspråk
bruker presist og relevant fagspråk
viser ein viss kjennskap til den
språklege/ kulturhistoriske
samanhengen
set teksten inn i ein
språkleg/kulturhistorisk
samanheng
set teksten inn i ein språkleg/
kulturhistorisk samanheng på ein
oversiktleg måte
bruker eventuelle kjelder på ein
delvis relevant måte
bruker eventuelle kjelder på ein
relevant og etterprøvbar måte
bruker eventuelle kjelder relevant,
etterprøvbart og sjølvstendig
har ein struktur som stort sett
samsvarer med formålet og
emnet
har ein struktur som samsvarer
med formålet og emnet
er sjølvstendig utforma, med ein
struktur som samsvarer med
formålet og emnet
bruker nokre enkle språklege
verkemiddel
bruker språklege verkemiddel
bevisst
bruker språklege verkemiddel
bevisst og utforskande
viser noko språkleg kreativitet
viser språkleg kreativitet
viser språkleg kreativitet og ei
personleg og gjennomført
språkføring
viser at eleven har valt nokre
eksempel og/eller innfallsvinklar
viser kreativitet i eksempel
og/eller innfallsvinklar
viser kreativitet og originalitet i
eksempel og/eller innfallsvinklar
prøver ut tankar på ein enkel
måte
reflekterer, prøver ut tankar
reflekterer, prøver ut tankar på ein
sjølvstendig måte
bruker eventuelt nokre enkle
litterære verkemiddel i utforminga
av teksten
bruker eventuelt litterære
verkemiddel i utforminga av
teksten
bruker eventuelle litterære
verkemiddel på ein gjennomført
måte
viser i nokon grad til språkleg/
kulturhistorisk kunnskap dersom
det er relevant
viser til og bruker språkleg/
kulturhistorisk kunnskap dersom
det er relevant
viser til og reflekterer over
språkleg/ kulturhistorisk kunnskap
dersom det er relevant
bruker vedlagde tekstar på ein
enkel måte
bruker vedlagde tekstar på ein
sjølvstendig måte
bruker vedlagde tekstar på ein
sjølvstendig og kreativ måte
Karakteren 1 uttrykkjer at svaret viser svært låg kompetanse i faget, eller at det som heilskap fell utanom det som det
blir spurt om i oppgåva.
Eksamensrettleiing
Side 7 av 12
Vurderingsskjema til eksamen, norsk vg3. Side 1 er felles for alle. Side 2–4 er for ulike langsvaroppgåver.
Skule
Hovudinntrykk
Språk og
formelle
dugleikar
Kortsvar
Gruppe
Eksaminandnr
Fagkode
1 Karakter 2
Eksamenssvaret
er eit enkelt/delvis relevant svar
på kortsvaroppgåva
Karakter 3 – 4
Eksamenssvaret
er eit stort sett relevant svar på
kortsvaroppgåva
Karakter 5 – 6
Eksamenssvaret
er eit presist og relevant svar på
kortsvaroppgåva
Kommentar
er eit enkelt/delvis relevant svar
på langsvaroppgåva
er eit stort sett relevant svar på
langsvaroppgåva
er eit utfyllande og relevant svar
på langsvaroppgåva
viser noko forståing og bruk av
dei vedlagde tekstane
viser at eleven forstår og bruker dei
vedlagde tekstane
viser god forståing og sjølvstendig
bruk av dei vedlagde tekstane
er enkelt formulert
er klart formulert, med godt og
formålstenleg ordforråd
er klart og presist formulert, med
formålstenleg, nyansert ordforråd
har god samanbinding mellom
setningar og avsnitt
har svært god samanbinding
mellom setningar og avsnitt,
språket er variert
har til dels god samanheng
mellom setningar og avsnitt
viser at eleven meistrar hovudformene i formverket til ei viss
grad
viser at eleven stort sett meistrar
formverket
viser at eleven meistrar ortografi
og teiknsetjing til ein viss grad
har stort sett korrekt ortografi og
teiknsetjing
skil mellom sitat og eigenprodusert tekst og viser til
kjelder
Kortsvaret
har ein viss tematisk
samanheng og enkel struktur
markerer sitat og viser til kjelder på
ein ryddig måte
Kortsvaret
har tematisk samanheng og
formålstenleg struktur
markerer sitat og viser til kjelder
ryddig og nøyaktig
Kortsvaret
har tematisk samanheng og klar
og formålstenleg struktur
gjer greie for faglege emne,
kommenterer eller argumenterer på ein enkel måte
gjer greie for faglege emne,
kommenterer eller argumenterer på
ein oversiktleg måte
gjer greie for faglege emne,
kommenterer eller argumenterer
på ein oversiktleg og presis måte
peiker på nokre karakteristiske
trekk ved tekstar
gjer greie for karakteristiske trekk
ved tekstar
gjer presist greie for
karakteristiske trekk ved tekstar
bruker enkelt fagspråk
bruker formålstenleg fagspråk
bruker presist og formålstenleg
fagspråk
Eksamensrettleiing
NN/BM
Oppg.nr.
viser at eleven meistrar
formverket
har gjennomgåande korrekt
ortografi og teiknsetjing
Side 9 av 12
Vurderingsskjema til eksamen, norsk Vg3 side 2. Bruk dei delane av skjemaet som passar til oppgåva.
Informative, argumenterande og resonnerande tekstar
1 Karakter 2
Den aktuelle elevteksten
Informative,
argumenterande
og
resonnerande
tekstar
Samla
vurdering
av kortsvar og
langsvar
Karakter 3 – 4
Den aktuelle elevteksten
Karakter 5 – 6
Den aktuelle elevteksten
har ein viss tematisk
samanheng og enkel struktur
har tematisk samanheng og
formålstenleg struktur
har klar tematisk samanheng og
gjennomgåande god struktur
gjer greie for faglege emne på
ein enkel måte
gjer greie for faglege emne på ein
stort sett oversiktleg måte
gjer greie for faglege emne på ein
relevant, klar og oversiktleg måte
gir att hovudsyn i nokon grad
formulerer hovedsyn
formulerer hovedsyn klart og presist
argumenterer for synspunkt i
nokon grad
argumenterer sakleg for synspunkt
argumenterer sakleg og
sjølvstendig, har breidde i
argumentasjonen
inneheld enkle resonnement
har klare resonnement, viser evne
til å drøfte eit emne på ein
oversiktleg måte
har med nokre eksempel
og/eller moment
har relevante eksempel og/eller
moment
har nokre oppsummeringar
eller enkle konklusjonar
formulerer oppsummeringar eller
konklusjonar
viser noko refleksjon
har nokså godt eller godt
refleksjonsnivå
bruker eventuelle kjelder på
ein delvis relevant måte
bruker eventuelle kjelder på ein
relevant og etterprøvbar måte
Samla sett viser elevsvaret
Samla sett viser elevsvaret
nokså god kompetanse i faget
eller
god kompetanse i faget
låg kompetanse i faget
Kommentar
har klare resonnement, viser evne
til å drøfte eit emne på ein sakleg
og nyansert måte
har relevante eksempel og/eller
moment, med god breidde
formulerer poengterte
oppsummeringar eller konklusjonar
har høgt refleksjonsnivå, viser
sjølvstende
bruker eventuelle kjelder relevant,
etterprøvbart og sjølvstendig
Samla sett viser elevsvaret
mykje god kompetanse i faget
eller
framifrå kompetanse i faget
Karakterforslag:
Eksamensrettleiing
Side 10 av 12
Vurderingsskjema til eksamen, norsk Vg3 side 2. Bruk dei delane av skjemaet som passar til oppgåva.
Analysar, tolkingar, samanlikningar
1 Karakter 2
Den aktuelle elevteksten
Analysar,
tolkingar
og
samanlikningar
Karakter 3 – 4
Den aktuelle elevteksten
Karakter 5 -6
Den aktuelle elevteksten
peiker på nokre verkemiddel i
tekstar
gjer greie for nokre verkemiddel
og viser i nokon grad korleis dei
fungerer i teksten
gjer greie for og vurderer verkemiddel og viser korleis dei
fungerer i teksten
peiker på nokre sider ved
argumentasjon og bruk av
appellformer
gjer greie for hovudtrekk i
argumentasjon og bruk av
appellformer
gjer tydeleg greie for argumentasjon og bruk av appellformer og
verknaden dei har
peiker på nokre sider ved
tema/bodskap/hovudsynspun
kt
gjer greie for tema/
bodskap/hovudsynspunkt
gjer tydeleg greie for
tema/bodskap/ hovudsynspunkt
reflekterer over tekstar på ein
fagleg relevant måte
reflekterer over tekstar på ein
fagleg relevant, sjølvstendig måte
har vurderingar og grunngitte
synspunkt
har sjølvstendige vurderingar og
grunngitte synspunkt
samanliknar tekstar på ein
oversiktleg måte
samanliknar tekstar på ein
nyansert måte
bruker relevant fagspråk
bruker presist og relevant
fagspråk
reflekterer over tekstar på ein
enkel måte
har nokre vurderingar
samanliknar nokre sider ved
tekstar
bruker enkelt fagspråk
viser ein viss kjennskap til den
språklege/ kulturhistoriske
samanhengen
bruker eventuelle kjelder på
ein delvis relevant måte
Samla
vurdering
Samla sett viser elevsvaret
av kortsvar og
låg kompetanse i faget
langsvar
Karakterforslag:
Eksamensrettleiing
set teksten inn i ein
språkleg/kulturhistorisk
samanheng
bruker eventuelle kjelder på ein
relevant og etterprøvbar måte
Samla sett viser elevsvaret
nokså god kompetanse i faget
eller
god kompetanse i faget
Kommentar
set teksten inn i ein språkleg/
kulturhistorisk samanheng på ein
oversiktleg måte
bruker eventuelle kjelder relevant,
etterprøvbart og sjølvstendig
Samla sett viser elevsvaret
mykje god kompetanse i faget
eller
framifrå kompetanse i faget
Side 11 av 12
Vurderingsskjema til eksamen, norsk Vg3 side 2. Bruk dei delane av skjemaet som passar til oppgåva.
Kreative tekstar
1
Kreative
tekstar
Samla
vurdering av
kortsvar og
langsvar
Karakter 2
Den aktuelle elevteksten
Karakter 3 – 4
Den aktuelle elevteksten
karakter 5 – 6
Den aktuelle elevteksten
har ein struktur som stort
sett samsvarer med
formålet og emnet
har ein struktur som
samsvarer med formålet og
emnet
er sjølvstendig utforma, med ein
struktur som samsvarer med
formålet og emnet
bruker nokre enkle
språklege verkemiddel
bruker språklege verkemiddel
bevisst
bruker språklege verkemiddel
bevisst og utforskande
viser noko språkleg
kreativitet
viser språkleg kreativitet
viser språkleg kreativitet og ei
personleg og gjennomført
språkføring
viser at eleven har valt
nokre eksempel og/eller
innfallsvinklar
viser kreativitet i eksempel
og/eller innfallsvinklar
prøver ut tankar på ein
enkel måte
reflekterer, prøver ut tankar
reflekterer, prøver ut tankar på
ein sjølvstendig måte
bruker eventuelt nokre enkle
litterære verkemiddel i
utforminga av teksten
bruker eventuelt litterære
verkemiddel i utforminga av
teksten
bruker eventuelle litterære
verkemiddel på ein gjennomført
måte
viser i nokon grad til
språkleg/ kulturhistorisk
kunnskap dersom det er
relevant
viser til og bruker språkleg/
kulturhistorisk kunnskap
dersom det er relevant
viser til og reflekterer over
språkleg/ kulturhistorisk
kunnskap dersom det er
relevant
bruker vedlagde tekstar på
ein enkel måte
bruker vedlagde tekstar på ein
sjølvstendig måte
bruker vedlagde tekstar på ein
sjølvstendig og kreativ måte
Samla sett viser elevsvaret
låg kompetanse i faget
Samla sett viser elevsvaret
nokså god kompetanse i faget
eller
god kompetanse i faget
Samla sett viser elevsvaret
mykje god kompetanse i faget
eller
framifrå kompetanse i faget
Kommentar
viser kreativitet og originalitet i
eksempel og/eller
innfallsvinklar
Karakterforslag:
Eksamensrettleiing
Side 12 av 12