Årsmelding 2012 for Vossestrand sogelag Laget har 72 medlemmer

Transcription

Årsmelding 2012 for Vossestrand sogelag Laget har 72 medlemmer
Årsmelding 2012 for Vossestrand sogelag
Laget har 72 medlemmer pr 31.12. 2012 Medlemskontingenten var 100,Stryet 2012:
Leiar: Anita Jordalen,
kasserar :Audhild Rygg,
skrivar: Sjur Vinje,
styremedlemmer: Odd Bidne og Trygve Dugstad.
1. vara: Einar Midthun, 2. vara Ivar Husdal
Det har vore tre styremøte. På det eine var og medlemmene i skriftnemda med.
Årsmøtet i 2012 vart halde på Sambygg 21. februar og Linda Therese Balevik Hommedal fortalde
og viste bilete frå utgravinga på Sundve.
Årsmelding skriftnemnda 2012
Den 11. årgangen av «Gamalt frå Strondè» kom ut i god tid før jolehandelen. Årboka vart prenta i
eit opplag på 600 eksemplar, dvs 100 mindre enn det me har hatt dei tre siste åra. Salet har gått
rimeleg bra, men så langt har me selt noko færre bøker enn vanleg. Dette på grunn av at
Strandamessa vart avlyst i haust. Dessutan må me truleg sjå langt etter oppgjer for dei 63 bøkene
som Notabene selde. Notabene gjekk som kjent konkurs ved årsskiftet. Inntekta og overskotet frå
salet vert difor langt mindre i år enn tidlegare.
Nemnda arbeider no med å samla stoff til neste årbok, og me minner både sogelagsmedlemer og
lesarar om at me treng - og tek med glede mot innspel til den. Småsoger, herme og forteljingar – alt
er av interesse. Sender de stoffet til oss, kjem det i årboka – og går ikkje i gløymeboka.
Johannes Seim, Knut K. Mørkve, Maria Hauge, Bjarne Skjervheim
Årsmelding frå ætteboknemnda.
Ætteboknemnda sitt arbeid nærmar seg slutten.
Me reknar med at ættebok for Vossestrand frå 1900 og fram til i dag, vil verta i sal mot jol 2013.
Vossestrand sogelag har teke på seg mykje dugnadsarbeid i samband med arbeidet med boka.
Ætteboknemnda sine folk har vore aktive med innsamling av opplysningar også i 2012.
Fleire av medlemane i ætteboknemnda har vore med å skriva inn opplysningar på data saman
andre av sogelaget sine medlemar. Her har vore lagt ned svært mykje arbeid. Kanskje godt at ein
ikkje visste omfanget før Vossestrand sogelag sa ja til å skriva inn opplysningar på dugnad! Det
har vore fleire møte der Åsmund Ohnstad, Skriftnemnda frå Voss bygdeboknemnd, skribentar og
ætteboknemnda har samlast
Men, det er kjekt å få vera med på å få boka i stand. Mange gjev uttrykk for at dei gler seg til boka
kjem.
Voss bygdeboknemnd opplyser at dei har mange «Ættebok for Vossestrand 1» på lager.
Ætteboknemnda held fram til arbeidet er fullført.
Knut K. Mørkve Gudmund Selland
Sverre Kvarme
Audhild Rygg
Gamle vegar. Årsmelding for 2012.
Sogelaget fekk i 2010 tilsegn på midlar til rydding og merking av nokre av dei gamle kyrkjevegane
frå Myrkdalen.
Grovarbeidet på vegen er utført i 2012. Rydding og merking, ny fleke på Flekaberget, ny bru over
Øyasetelva, trapper over gjerder på Tryningen og skåp med tur-bok på Tryningen.
Det står att mykje rydding og tilrettelegging der det kan vera sleipt og glatt. Likeins å lage og sette
opp infotavler og fleire retningskilt. Sogelaget har tilsegn for stønad på kr 41.000,-, som blir utbetalt
etter vi sender ferdigrapport. Av dette har Sogelaget til no forskottert utgifter på kr 19.000,- . Vonar
og at innan innanfor tildelte midlar kan og få laga eit infoark i minst 1000 eksemplar om den gamle
vegen.
Opningstur på kyrkjevegen er planlagt 16. juni 2013, med gudsteneste på gamle kyrkjegarden på
Vinje. I samband med dette skal Vinje sokneråd organisera dugnad på den gamle kyrkjegarden.
Turopplegget vil bli i samarbeid med fleire for å dele på omkostningar og arbeid.
Stor takk til alle som var med på dugnad i 2012 og vi ser fram mot god og trivelig vegdugnad i
2013.
Ivar Husdal
Turnemda skipa til tur frå Holo til Løkjo, grundig omtale finn du i « Gamalt frå Stronde´»
Turen denne sommaren blir frå Ulvund til Vinje gamle kyrkjegard,, planlagt 16. juni.
Odd Bidne og Ingeborg Backer sit i turnemda