Kinnaspelet 30 år

Transcription

Kinnaspelet 30 år
ÅRG. 86 NR. 2 – SOMMAREN 2014
Kinnaspelet 30 år
Gav ny giv
Tekst: Marit Mjølsneset.
Foto: Kristian og Marit Mjølsnes
Sterke møte med NMS sitt arbeid i Thailand og Laos forsterka unge NMS’erar sitt engasjement for misjon
HEILE LANDET I VASSKRIG
I løpet av to veker i Thailand og Laos fekk me oppleve utruleg
mykje. Eit anna høgdepunkt var å feire thailandsk nyttår med ein
kyrkjelyd NMS har vore med å planta i Mukdahan, i nordaustThailand. Tradisjonen tru bryt heile landet, unge som gamle, ut i
ein ellevill, tre dagar lang, vasskrig. I kyrkja blir det i tillegg feira
med gudsteneste. Under lovsongen blanda norsk, thai og
engelsk seg til eit herleg samansurium, men alle prisa éin gud.
– Det er fint å kunne vera saman og kjenne seg som éin kristen familie sjølv om me ikkje snakkar sama språk eller kjenner
kvarandre personleg, sa Hanne Alfsen frå talarstolen under
gudstenesta.
– Me har mykje å lære frå kristne i Thailand og Laos, meiner
Siri Mæland.
Hennar møte med menneske som er kristne trass i massiv
motgang inspirera ho til sjølv å vera ein modigare kristen.
– Når menneske som risikerar forfølgelse kan vera så brennande i trua, burde me i Noreg tørre å gå litt utanfor komfortsona
vår, synest Mæland.
Det er fredag morgon. Det kjennes som om sola steiker, sjølv om
himmelen er slørlagt av eit tykt, kvitt lag av forureining. Me er i
Khlong Toei-slummen i Bangkok, heimstaden til rundt 400 000
thaiar. Vegen fram til Lovsangshjemmet går gjennom tronge
smug dekte av gjørme og søppel, langs breidden av Khlong Toei
elva, og over ei lita gangbru. Me blir møtt av venlege smil på
vegen, men også av elendige buforhold og openlys fattigdom.
Vel framme med Lovsangshjemmet lyser eit fargerikt lite murhus opp det elles grå området. Dagsenteret ligg under ein støyande motorveg, midt i hjartaet til slummen. Her fekk me lov til å
møte både born som nyttar seg av senteret, og misjonærar som
arbeider der.
– Når du høyrer om prosjekta heime i Noreg tenkjer ein at
det blir gjort eit bra arbeid, men det blir noko heilt anna å sjå det
med eigne auger, meiner Trygve Austeng.
Han var ein av dei fjorten deltakarane på turen, og det var
fyrste gong han besøkte eit av prosjekta NMS har i utlandet.
– Det gjorde sterkt inntrykk å sjå at born som kjem frå
familiar som slit har ein trygg stad å koma til.
2
GRUPPETUR MED MEINING
Reiseleiar Kristian Mjølsneset synest turen gjekk veldig bra
og at det var kjekt å vera ein heil gjeng på tur.
– Å vera på tur med så mange flotte folk gav ekstra meining
til turen. Ein har mange å dela inntrykk med, og ein får høyre
mange ulike tankar og refleksjonar om felles opplevingar. Eg vil
anbefale alle som har sjansen og hive seg med på misjonstur viss
ein får sjansen. Mjølsneset kan avsløre at NMSU Bjørgvin allereie arbeider i kulissene med å prøve å få til ein ny misjonstur.
Eikefjord kyrkjelyd har fått nytt misjonsprosjekt i Thailand:
«Born i slumen i Bangkok». Den lokale kyrkja driv bydelssenteret
Lovsanghjemmet og Immanuel musikkskule. Gjennom arbeidet
får borna tilbod om stimulerande og meiningsfulle aktivitetar
som musikk, kunst, sport, engelsk og data. Kyrkja driv også ei
speidargruppe. Gjennom aktivitetane lærer borna grunnleggjande kristne og mennesklege verdiar. Det gjer dei betre budde
til å møte den tøffe kvardagen dei har.
KINN K YRK JEBL AD SOMMAREN 2014
Nytt korprosjekt
Lær gregoriansk song
Etter ein strålande konsert søndagen etter påske, vil Kinn kyrkjekor gå for eit stort prosjekt til hausten: Gabriel Faurés Requiem.
Det vil bli oppført saman med Førde kyrkjekor. Sjølv om Kinn
kyrkjekor har vakse i løpet av dei siste åra, ønskjer vi nye medlemmer særs velkomne. Vi er en hyggeleg og sosial gjeng med
allereie funksjonerande tenor- og bassrekke. Det er ope for å
vere med utelukkande på oppsettinga av Requiem, og i dette
prosjektet kan det vere fint med noko korerfaring frå før.
Øvingar er torsdagar kl. 20.00 i Florø kyrkje eller på Havglytt.
Vi begynner etter sommaren att 21. august. Øvingslaurdagar er
6. september i Førde og 1. november i Florø. Konsertar er laurdag 8. november i Florø og søndag 9. november i Førde.
Meir informasjon:
Korstyreleiar Rita Hesvik Frøyen 57 74 55 25
Dirigent Sebastian Ryll 46 80 27 47
Sommaren 2014 tilbyr kantoren i Kinn, Sebastian Ryll, eit eineståande kurs i gregoriansk song, òg kalla «munkesong». Denne
typen song er vakker og meditativ, tradisjonsrik, tidlaus og a
capella. Det er ikkje nødvendig med tidlegare songerfaring, for
det meste av gregoriansk song er ganske nært det å tale.
Kurset kjem til å vare over nokre veker, kvar onsdag kl.
19.30–21.00 i Florø kyrkje, gjennom sommaren (25. juni–23.
juli). Du er velkomen til å vere med på dei kveldane som passar
for deg. Sjølv om du er vekke på ferie nokre av gongane, er det
berre å ta turen når du er heime att. Til avslutning reiser ein saman til Kinn, der ein får nyte klangen av svevande song i den
gamle steinkyrkja.
Meld frå til Sebastian Ryll når du vil vere med.
Mobil: 46 80 27 47. E-post: [email protected]
St. Hallvard-guttene
Nytt korprosjekt
og Salomos Høysangere, Ugler i Moseboken.
Florø kyrkje mandag 30. juni kl. 19.00
Billett ved inngangen!
KINN K YRK JEBL AD SOMMAREN 2014
3
Konfirmantane 2014
9A, Florø kyrkje 4. mai. Bak frå venstre: Emil Sande Øverbotten, Daniel Eikefjord Walde, Kristoffer Æsøy, Mathilde Therese Halsnes
Lekva, Leander Solheim Humlestøl, Sanne Iren Larsen, Sunniva Grimstad Hestenes og Sofie Hestdal Leirvik. Midten frå venstre:
Kyrkjelydspedagog Bjørn Pettersson, Sander Havnen Talsæte, Joacim Korneliussen, Simen Sælemyr Haarklau, Andreas Knapskog,
Sondre Svardal Larsen, Kristian Skorpen Mathiesen, Sara Nekkøy Klokkernes og André Kjerpeseth Svarstad. Framme frå venstre:
Cindy Hukset, Camilla Aldeholm Henjum, Malisa Hatteberg, sokneprest Benedicte Øien, Andrine Stusdal Melvær, Maria Isabel
Storesund Hammerseth, Lina Heimtun, Malin Rundereim Haukås og Susanne Larsen Kvamme. Foto: Egil Aardal.
9B, Florø kyrkje 4. mai. Bak frå venstre: Skjalg Are Lyngstad, Niklas Grindheim, Jørgen Espeseth Larsen, Sondre Nordbotten Hovland, Raymond Nielsen, Trygve Sæten Nilsen, Njål Hopen Eliasson, Anna Grøneng, Vilde Sørbotten Johansen, Lene Sagevik Klokk og
Siril Bjørvik Wefring. Framme frå venstre: Linn-Kristin Korneliussen Haugland, Emma Marie Føllesdal Halvorsen, Johanne Malene
Grønnevik, sokneprest Benedicte Øien, kyrkjelydspedagog Bjørn Pettersson, Eivor Ottessen, Tuva Bjorstad Hjerman, Marion Guddal
Hansen og Birthe Johanne Nordbotten. Foto: Egil Aardal.
4
KINN K YRK JEBL AD SOMMAREN 2014
Barnegospelfestival
9C, Florø kyrkje 11. mai. Framme frå venstre: Lasse Sande, Robin Sagen Salte, Johan Andersen, Magnus Alexander Ulriksen, Lasse
Hellesen Rosnes og Adrian Gangsø Hegrenes. Midten frå venstre: Kyrkjelydspedagog Bjørn Pettersson, Martin Midtbø Ulsten,
Håkon Magnus Bjørnset Ottesen, Jan Tore Esaisen, Daniel Andreas Solheim Tonheim, Mathias Myklebust Inrevær, Frøja Hopen Eliasson, Thea Sørstrand Engdal. Karoline Hatlem Nordtømme, Lone Stang Alden, Martine Koi Gjelsvik, Kristiane Svarstad, sokneprest
Knut Magne Nesse, Natalie Mork Villaroel, Linn-Kristin Førde, Irja Hatlebrekke Jeppesen og Celina Standal Svardal. Foto: Egil Aardal.
9D, Florø kyrkje 11. mai. Bak frå venstre: Kyrkjelydspedagog Bjørn Pettersson, Anders Heggø Strømmen, Ivan Faller Knapstad,
Håvard Jagedal, Elise Refvik Kvellestad, Susanne Øverbotn, Thea Karoline Lindberg, Lars Odin Seljestokken Nes, Håkon Madsen
Strømmen og Kamilla Indredavik. Framme frå venstre: Elisabeth Fure Schwartz, Synne Søvik, Sara Eline Næss Olsen, sokneprest
Knut Magne Nesse, Celine Jenssen, Elise Marie Mallasvik Røren, Julie Alise Flugre Valvik og Ingrid Helland. Foto: Egil Aardal.
KINN K YRK JEBL AD SOMMAREN 2014
5
9E, Florø kyrkje 25. mai. Bak frå venstre: Glenn Roger Veiesund Refsnes, Eirik Valvik, Espen Sunnarvik, Henrik Fransiscus Poosthorn, Johannes Grøneng, Espen Sandvik Strømsnes, Ole-Tobias Yndestad, Jørgen Vagnsnes Valberg, Mikael Pedersen og kyrkjelydspedagog Bjørn Pettersson. Framme frå vensre: Frida Sunnarvik Waaraas, Ingeborg Vik, Anna Selås Stavang, Henriette Brekke
Sunde, sokneprest Knut Magne Nesse, Lene Louise Madsen, Kristina Sande Storevik, Annelin Værøy og Tord Hollevik Skomsvoll.
Foto: Egil Aardal.
9F, Florø kyrkje 25. mai. Bak frå venstre: Kristian Eldevik, Thomas Berhane, Jon Ivar Rylandsholm Bøyum, Magnus Alexander Ulriksen og Øyvind Alræk. Midten frå venstre: Kyrkjelydspedagog Bjørn Pettersson, Oskar Os, Martin Andreas Krakhellen, OleMagnus Aase Solheim, Samuel Johan Sårheim, Simen André Strand Eikefjord, Simon Midthjell Bjørnsen og Marco Lyngstad.
Framme frå venstre: Andrea Grotle Bjørkedal, Kaisa Jeanette Svortevik Ervik, Iselin Sa ndvik Haugerud, Karoline Book, sokneprest
Knut Magne Nesse, Kalyani Isabel Magnussen, Sunniva Elise Haugen, Vivi Emilie Sørdal Strømsøy og Vegard Igland Guddal.
Foto: Egil Aardal.
6
KINN K YRK JEBL AD SOMMAREN 2014
Eikefjord, 1. juni. Bak frå venstre: Sokneprest Dag Leirvik, Sander Solheim, Øyvind Torsvik Myrvollen, Torje Mathisen Seljeseth,
Marius Thue Bigset, Jakob Endestad, Simen Gotten Ramsdal, Arild Inge Løkkebø Redal, Jonas Ellingsund Øyra, Steffen Tonheim
Knutsen og kyrkjelydspedagog Bjørn Pettersson. Framme frå venstre: Ann Renate Domben Øren, Sunniva Gotten Ramsdal, Rebecca Osland Hellesen Heimset, Kristina Endestad, Olianne Hovland Øren og Nikoline Liseth. Foto: Egil Aardal.
Batalden,
27. april.
Frå venstre:
Sokneprest
Dag Leirvik og
Gjert Erik
Zakariassen
Karstensen.
Stavang, 11 mai. Frå venstre: Ronja Sørdal, sokneprest Benedicte Øien og Håvard Fjellheim Standal.
Nordal, 29. mai. Frå venstre: Sokneprest Dag
Leirvik, Vilhelm Solheim Midtbø, Arlene Fadnes,
Håvard Midtbø og Lasse Midtbø.
KINN K YRK JEBL AD SOMMAREN 2014
7
Trusopplæringa
«SPRELL LEVANDE» SI
SOMMARAVSLUTNING PÅ TEIGEN
«Sprell levande» – born og foreldre frå heile Flora samlast på
Teigen leirstad tysdag 6. mai, til grilling og avslutning av semesteret. Det var ein grøn, kjøleg maikveld. Men då Lisbeth slo an
tonen, Ellisif stemte opp og borna tok i med «Det er så bra at
akkurat du er akkurat her» og «Opp-ned», så rommet dirra,
varma det. Borna fann kjekke plassar å leike på og kjekke ting å
leike med, så nokre var ikkje klar til å reise heim så tidleg som
dei vaksne. Takk til leiarar frå Sprell levande og Teigen/Jan
Magne Moi frå Normisjon for kaffimat og program.
SPRELL LEVANDE HELD FRAM TIL HAUSTEN!
Til hausten vonar vi å halde fram med «Sprell levande» i alle
fire sokn. Førebels er planen:
Florø: Start onsdag 27. august, vidare kvar onsdag 17.00–
18.00 på Misjonsheimen, unnateke haustferien.
Eikefjord: Start tysdag 2. september 17.30–18.30 i kyrkja,
veke 36, og vidare tysdagar i partalsveker.
Stavang: Start veke 35, og vidare i oddetalsveker. Kanskje
tysdagar, 17.30–18.30 i kyrkjesalen.
Nordal: Ein kveld annakvar veke på Solheim skule, 17.30–
18.30, start veke 37 eller 38.
UTDELING AV BARNEBIBEL TIL 4 ÅRINGANE
Alle døypte 4-åringar får brev med invitasjon til ei gudsteneste,
vanlegvis 2–3 veker før utdeling.
Florø kyrkje: Born som fyller 4 år 2. halvår: Søndag 24. august kl. 11. (Samling laurdag 23. august kl. 11 også.) Andre
gudstenestestader i Kinn sokn gjer vi avtale med foreldra om ei
gudsteneste som høver.
Eikefjord kyrkje søndag 21. september kl. 11. (Samling tysdag 16. september saman med Sprell levande.)
Nordal kyrkje søndag 21. september kl. 16. (Samling
saman med Sprell levande tidlegare i september.)
BRU er ikkje gløymt, men i skrivande stund er det ingen
4-åringar der !
Vi inviterar til samlingar på førehand. Då får borna gjere seg
kjende, høyre om Jesus og øve på songar som vi skal synge i
gudstenesta. Dei får også eit møte med Sprell levande.
UTDELING AV 6-ÅRSBOK
Stavang kyrkje søndag 17. august kl. 16. (Dei andre stadene
kjem vi attende til.)
8
SOUL CHILDREN GATHERING FLORØ 2014
Helga 25.–27. april samla Normisjon 50 sangere i Florø. Dei hadde vitjing av eit team frå Bibelskulen i Grimstad. I løpet av helga
fekk deltakarne vere med på øvingar, solist- og dansesemindar,
«open scene» med song og underhaldning og konsert på torget
og i Florø kyrkje. Konserten på torget vart ein stor suksess.
Koret hadde i løpet av fyrste døgnet øvd inn 9 låtar som dei
framførte til «20 i stil» for dei frammøtte og forbipasserande
på torget. Og med eit stort og godt lydanlegg er det vel ikkje
tvil om at dei som ikkje var på torget fekk med seg delar av
konserten likevell! Med tekstar som «Jesus is right here», og
«Jeg vil synge ut min takk» håpar vi at mange fekk med seg
bodskapen vi ynskte å få fram!
FLORØ BARNEGOSPEL STARTER OPP ATT
Frå skulestart startar Florø barnegospel opp att. Den musikalske leiinga tek Ingvild Ølfarnes og Sebastian Ryll seg av. Øvingane vert på Misjonsheimen og koret vil vere for born frå 5 år
og til 4. klasse. Vi ynskjer både nye og gamle sangere velkomne!
Å få vere med i kor, lære å synge og delta i eit stort musikalsk
fellesskap er viktig lærdom i livet. Interesserte kan ta kontakt
med Beate Nesse 41 76 65 01.
HAUSTLEIR FOR BORN
Trusopplæringa vil lage til eit dag-tilbod for born i 1.–4.
klasse i haustferieveka med Misjonsheimen som base.
Eit anna alternativ er å reise på Amigosleir på Teigen frå
måndag til onsdag, og deretter vere med på dagtilbodet
i Florø dei siste to dagane i haustferien.
Det vert eit variert tilbod med uteaktivitetar, opplegg og
Bibelfortellingar.
Dersom de ynskjer meir informasjon kan de ta kontakt
med Kari Oline Åshamar ([email protected])
Meir info kjem i neste kyrkjeblad.
KINN K YRK JEBL AD SOMMAREN 2014
Smånytt
KONFIRMANT 2015?
Innskrivinga til konfirmantåret 2015 er alt godt i gang.
Foreldremøte med innskriving vert arrangert i Eikefjord
kyrkje onsdag 11. juni kl. 18.00 og i Florø kyrkje måndag 16. juni kl. 18.00.
Konfirmantar og foreldre møter i lag med ferdig utfylte
papirer. Det er viktig at vi får god informasjon i samband
med innskriving og vi vil gje ein godt tilrettelagt opplæring for dei som har særskilte behov.
Vi vil be om at dei som ikkje har vore på innskrivinga tek
kontakt med kyrkjekontoret så snart som råd.
Sjå www.kinn.kyrkja.no for meir info.
FRILUFTSGUDSTENESTER
Det er sett opp ein del friluftsgudstenester i sommar. Felles for
desse er det at vi tek oss god tid, har med mat og kaffi – og
bruker tid i lag i det fri.
Første gudsteneste vert halde i Ausevika søndag 6. juli kl.
12. Her vil også verte høve for omvisning på helleristningsfeltet.
Neste gudsteneste vert på moloen i Rognaldsvåg på Reksta
søndag 20. juli kl. 12.00. Det vert sett opp presteskyss frå Florø
i samband med dette og det er høve å tinge seg plass.
I samband med Eikefjorddagane vert det friluftsgudsteneste på Stranda i kyrkjebukta, dette vert søndag 17. august og
sannsynligvis kl. 11.00.
Deretter er turen komen til Nordalsfjord søndag 24. august
kl. 12.00. Gudstenesta vert ved Litjevatnet og det vert fellestur
frå parkeringsplassen ved kyrkja med start ein time før.
Konfirmasjonsdatoene for 2015 er sett til:
Florø 9A 26. april, 9B og C 3. mai, 9D og E 10. mai. Batalden vert 26. april, Kinn vert 10. mai, Nordal vert 14. mai
og Eikefjord 24. mai. Men før det er det mykje ein skal få
vere med på gjennom konfirmasjonstida. Kontaktperson i samband med konfirmasjon er: Bjørn Pettersson,
e-post: [email protected]
TEIGEN-STEMNE
Det vert Teigen-stemne søndag 7. september. Tek til med formiddagsmøte kl. 12.00. Deretter matpause og ettermiddagsmøte kl. 15.00.
NESHOLMEN DAGAR
Nesholmenstemnet vert i år arrangert laurdag 9. og søndag 10.
august. Variert program med fjelltur laurdag formiddag. Festkveld om kvelden. Stemnet vert avslutta middag like etter
gudstenesta søndag. Sjå meir info på www.nesholmen.no
TUR MED DIAKONATET
Kinn diakonat arrangerer sin årlege søndagstur den 24. august.
Turen går i år til Dale kyrkje for gudsteneste og deretter til
Askvoll for middag. Starten for turen vert frå Florø kl. 08.30,
stopp på Grov og i Eikefjord på vegen. Turpris inkludert buss,
middag og kaffi vert kr. 500 (betalast på bussen). Påmelding til
Kinn kyrkjekontor tlf. 57 75 25 30 i god tid før turen. Sokneprest Knut Magne Nesse vert med på turen.
KINN K YRK JEBL AD SOMMAREN 2014
Foto: Cecilia Molander.
KONFIRMANTLEIR
Årets konfirmantleirar er sett til 30.–31. august og 13.–
14. september.
Leiarane er på Nesholmen Leirstad i Hyen og vert til
gjennom eit samarbeid mellom tilsette, frivillige leiarar
og foreldre.
Tidlegare konfirmantar som ynskjer å vere med som
leiarar kan ta kontakt med Knut Magne på kyrkjekontoret. Dei vil få tilbod om eit nytt tilbod som heiter
MILK-kurs. MILK står for minileiarkurs.
Dette kurset går over eit halvt år og har 5 dobbeltimer
og ein felles avslutningstur. Man lærer grunnleggande
ferdigheter som leiar. Oppstartsmøte for MILK vert i samband med konfirmantleiren. For meir informasjon om dette,
ta kontakt med: [email protected]
9
Gudstenesteliste sommaren 2014
Lørdag 12. april
Florø, kl. 20.00
Konsert «Stabat Mater».
Søndag 29. juni
Florø, kl. 11.00
Leirvik. Høgmesse med dåp. Takkoffer til IKO.
Eikefjord, kl. 16.00 Stubhaug. Høgmesse med dåp.
Takkoffer til Nesholmen Leirstad.
Søndag 6. juli
Stavang, kl. 12.00 Øien. Friluftsgudsteneste i Ausevika.
Nordal, kl. 11.00
Leirvik. Høgmesse. Takkoffer til kyrkjelyden.
Askrova, kl. 16.00 Leirvik. Høgmesse. «Utflyttarforeninga» deltek.
Kyrkjekaffi. Gåve til gravplassen på Askrova.
Seljumannamesse 8. juli
Kinn, kl. 18.00
Øien. Høgmesse. Avskjed med Gry Seim.
Takkoffer til NMS-misjonsprosjektet.
Søndag 13. juli
Florø, kl. 11.00
Øien. Høgmesse med dåp og nattverd.
Takkoffer til NLA.
Søndag 20. juli
Rognaldsvåg, kl. 12.00. Øien. Friluftsgudsteneste på moloen.
Fredag 25. juli
Kinn
Markering i samband med seglas ved opning av
kystpilegrimsleia.
Søndag 27. juli
Florø, kl. 11.00
Nesse. Høgmesse med dåp og nattverd.
Takkoffer til Sjømannskyrkja.
Batalden, kl. 16.00 Nesse. Høgmesse. Takkoffer til Sjømannskyrkja.
Olsok 29. juli
Kinn, kl. 18.00
Nesse. Høgmesse. Takkoffer til Bibelselskapet.
Søndag 3. august
Eikefjord, kl. 11.00 Nesse. Høgmesse.
Takkoffer til Kirkens bymisjon Bergen.
Søndag 10. august
Florø, kl. 11.00
Leirvik. Høgmesse med dåp og nattverd.
Takkoffer til Norsk Misjon i øst.
Søndag 17. august
Eikefjord, kl. 12.00 Nesse. Friluftsgudsteneste på Stranda.
Kinn, kl. 11.00
Leirvik. Høgmesse med dåp og presentasjon av
konfirmantane. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Stavang, kl. 16.00 Leirvik og Åshamar. Familiegudsteneste med
utdeling av 6-årsboka og Sprell levande.
Søndag 24. august
Dale, kl. 11.00
Nesse. Tur med diakonatet.
Påmelding til kyrkjekontoret.
Florø, kl. 11.00
Øien og Åshamar. Familiegudsteneste. Dåp.
Utdeling av bok til 4-åringane.
Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Nordal, kl. 12.00
Leirvik. Friluftsgudsteneste ved Litjevatnet.
Fellestur frå gravplassen kl. 11.00.
Søndag 31. august
Florø,kl. 11.00
Leirvik. Høgmesse med nattverd.
Takkoffer til NLM.
Eikefjord, kl. 16.00 Leirvik.
Høgmesse med konfirmantjubileum (50 år).
Takkoffer til kyrkjelyden.
Nesholmen
Nesse.
Gudsteneste i samband med konfirmantleir.
Søndag 7. september
Florø, kl. 11.00
Øien. Høgmesse med dåp.
Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Søndag 14. september
Florø, kl. 11.00
Nesse. Høgmesse med nattverd.
Takkoffer til KiA Florø.
Nesholmen
Leirvik og Øien. Gudsteneste i samband med
konfirmantleir.
10
Søndag 21. september
Florø, kl. 11.00
Nesse og Øien. Høgmesse. Presentasjon av
konfirmantar. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Eikefjord, kl. 11.00 Leirvik og Åshamar. Familiegudsteneste.
Utdeling av 4 års boka. Presentasjon av
konfirmantar. Takkoffer til IKO.
Nordal, kl. 16.00
Leirvik og Åshamar. Familiegudsteneste.
Presentasjon av konfirmantar.
Utdeling av bøker.
Takkoffer til KFUK/M Sogn og Fjordane krins.
Stavang, kl. 16.00 Øien. Presentasjon av konfirmantar og
hausttakkefest ved 4H. VIGDE
KINN:
12.04.
16.05.
Ramona Jacobsen og Frank Willy Djuvik.
Vigde i Florø kyrkje.
Maria Brendø Meland og Jan Håkon Sletten Fredrikson.
Vigde i Kinn kyrkje.
DØYPTE
KINN:
02.03.
Hanne Amelia Solbakken.
Døypt i Leikanger kyrkje
09.03.
Kaisa Røed Standal
Nora Valberg Kristiansen
Adrian Osland Hatleset
EIKEFJORD:
16.03.
Ola Standal Hauge
Lill Dalberg Hovland
Bjørnar Leo Leonhardsen Kvellestad
NORDAL:
16.02.
Emin Fauske Betelgeriev
Martin Nordal Midtbø
DØDE
KINN:
21.03.14
31.03.14
02.04.14
02.04.14
05.04.14
19.04.14
19.04.14
20.04.14
21.04.14
21.04.14
22.04.14
Sigrun Kilen
Toralv Kjetil Kristiansen
Norolv Aase
Hjørdis Henny Helle
Margun Blancheflor Espeseth
Dagfinn Kolbjørn Sande
Kjellaug Astrid Osland
Kåre Dypevik
Willy Høivik
Ole-Johny Borge Hovden
Valborg Hammerseth
f. 28.05. 1921
f. 21.06. 1934
f. 14.06. 1931
f. 12.10. 1924
f. 16.01. 1949
f. 01.07. 1937
f. 22.01. 1944
f. 24.03. 1928
f. 24.10. 1950
f. 15.12. 1979
f. 07.08. 1927
DEI KYRKJELEGE TILSETTE
Kinn Kyrkjekontor: Tlf. 57 75 25 30 • Faks 57 75 25 31
Kontortid:
Mandag – fredag kl. 10.00 – 15.00
Dagleg leiar:
Sokneprest:
Sokneprest:
Sokneprest:
Herdis Elin Lexau
Benedicte Øien
Knut Magne Nesse
Dag Leirvik
tlf. 918 13 569
tlf. 916 45 165
tlf. 917 13 275
tlf. 917 32 150
KINN K YRK JEBL AD SOMMAREN 2014
FLORØ INTERIØR A.S.
Evjegata 12, Pb. 284, 6902 Florø
Tel. 57 75 29 20
GARDINER - MALING - TAPET - GULVBELEGG - FLISER
Hjellegata 6 - 6900 Florø - TLF 57 74 03 66
Hjellegata 6, 6900 Florø
Tlf. 57 74 03 66
Ta kontakt og avtal tidspunkt!
[email protected]
www.fokuselektro.no
Hamregata 34, 6900 Florø
Tlf. 57 74 06 80 | Mobil 95 24 0 50
[email protected]
Følg oss på
Aud Norunn Vig
[email protected]
Tlf. 926 81 931
www.gronnefingre.no
Dette er butikken for deg
som leter etter alt
fra Sunnfjordsbunad til
hobbyartikler!
STATOIL - TIPPING
POST I BUTIKK
EIKEFJORD HANDEL AS
Beplantning av
hager og parkanlegg
Telefon 57 74 47 16
T: 57 75 25 90 / 99 27 13 30
E: [email protected]
6917 BATALDEN • Tlf. 905 46 148
[email protected]
Strandgata 26, 6900 Florø
Telefon 57 74 02 03
Rosmarin Glassmagasin as
Alt til store og små anledninger
– hverdag og fest
Servise, glas, kjøkkenutstyr,
gaver og dekorasjon
Strandgata 31, Florø
2. etg. Amfisenteret • Tlf. 57 75 00 10
Det skjedde i dei dagar
Årboka for Sogn og
Fjordane, kvart år
sidan 1993. Kva
skjedde det året du
vart fødd, gifte deg,
fekk barnebarn?
Utsalg 57 74 20 42
Gartneri 57 74 22 94
Tlf. 57 75 22 33 • www.tokokker.as
– Alt i catering –
www.selja.no
[email protected] • 57 83 22 20
[email protected]
Kontakt oss for personlege sanger,
takkekort og alle andre trykksaker!
Rask levering! • Tlf. 57 75 20 20
SNORRE JERNVARE A/S
ORRE JERNVARE A/S
Amfisenteret, 6900 Florø
Tlf. 57 74 28 08 / 57 74 15 40
Faks 57 74 15 41
YTRE SUNNFJORD
BEDRIFTSHELSETENESTE aS
TELEFON 57 75 81 30 – TELEFaX 57 75 81 31
SMS – HaNS BLOMGaTE 39 – 6900 FLORØ
Opplev sagaøya Kinn!
Vi har no rimelege
gravmonument
frå kr
Heilt ute i havgapet
vest for Florø ligg øya
Kinn, med si vakre
middelalderkyrkje og
spennande historie.
8.000,-
inkl. namn ferdig montert
Lindbøen 2, 6800 Førde
Vakt tlf. 57 82 70 30
Lindbøen
2, 6800
Førde
Markegt. 40/42,
6900
Florø Vakt tlf. 57 74 31 36
www.fjordan.no
KINN K YRK JEBL AD SOMMAREN 2014
A til Å - www.atilaa.no
Namnetilføying – skrifthogging
og oppussing av gravmonument
– ditt byrå i fjordane
Industrivg., 6900 Florø • tlf. 57 75 21 40
[email protected] • www.origod.no
Guida tur frå Florø
kl.12.00 kvar tirsdag,
onsdag, torsdag, fredag
og søndag i sommarsesongen.
Kjøp billettar på bookeo.com/fjordkysten eller på
Flora turistinformasjon tlf. 57 74 30 00
11
Kinnaspelet
KONSERT LAURDAG
No er tida inne for å oppleve Kinnaspelet!
Framsyninga ved den gamle kyrkja er ei
eineståande oppleving på øya Kinn,
lengst vest i Noreg. I år vert spelet framført for 30. gong og interessa for spelet
er framleis like stor.
Regissøren Mirijam Prestøy Lie og koreograt Kristin Rygh Helgebostad starta i
fjor eit arbeid med spelet og dei forsøkte
å hente fram att nokre element som hadde blitt borte opp gjennom tida. Det gav
gjennkjenning av det gode slaget for
mange og vi er spente på kva grep dei vil
gjere i år.
Skodespelarane har etter kvart lang
erfaring med spelet i ulike rollar og har
vore med på ulike måtar – så mykje ligg
til rette for ei fantastisk jubileums helg.
Det kjem Bergensbåt laurdag, busslaster frå ulike stader i landet og ei pilegrimsgruppe på 25 med deltakarar frå
Norge, Tyskland og Irland. Vi vonar det
også vert mange frå Florø og Sunnfjord.
Inviter med deg ein god ven og gje deg
tida på Kinn.
No er tida inne for å oppleve Kinnaspelet!
Mellom framsyningane laurdag vert deler av Pergoles sitt «Stabat Mater» framført. Dei som held konsert er Kristin
Skau (sopran), Kristian Havn (alt), Audun
Hareide (fiolin), Matias Monsen (cello)
og Sebastian Ryll (continuo). Verket er
roleg, men dramatisk, og vil bli framført
i original utgåve, av profesjonelle musikarar med lokal tilknytning. «Stabat
Mater» er eit verk frå barokken og handlar om Maria si smerte for den lidande
Kristus på krossen.
KONSERT SØNDAG
Mellom framsyningane søndag held
damekoret «Fryd» frå Florø konsert i
kyrkja. Dei er akkurat komne attende frå
kortur til Tyskland og ser fram til å synge
deler av konsertprogrammet i kyrkja på
Kinn. Dirigent for koret er Kristin Skau.
SONGEN VED DET STORE DJUP
21.–22. JUNI 2014
www.softeater.no
SKODESPELARAR 2014
Kinnaspelet vert framført for 30. året på øya Kinn vest for Florø, i samarbeid med
Sogn og Fjordane Teater, musikarar og over 150 amatørar. Regi: Miriam Prestøy Lie.
Turen til Kinn og teateret ved havet er ei oppleving du sjeldan finn maken til!
MEIR ENN TEATER Kinnaspelopplevinga startar med ei vakker båtreise gjennom
skjergarden til Kinn. Frå kaia er det ein god km å gå til kyrkja, men dei som treng får
gratis skyss. «Dra til Kinn og bli rik», sa folk i dei store sildeåra – i dag kan du bli rik
på oppleving. I tillegg til teater kan du gå turar i storslått, vakker natur, sjå kunstutstillingar, høyre konsert i kyrkja og få omvisning der. Du kan delta på kveldsbøn og
på søndagsgudsteneste. Berre å kose seg med mat og drikke, og treffe folk, er ein
viktig del av Kinnaspelopplevinga.
Sjå programmet og
les meir om spelet og
tinging av billettar på
www.kinnaspelet.no
For spørsmål, kontakt
tlf. 57 75 25 30 / 918 86 264
eller e-post:
[email protected]
Støtta av:
og Spelefondet
Teater og båt Teater
PRISAR
Vaksne
475/400 275/200
Honnør
400
200
Barn (7–16)
200
0
Barn (0–6)
100
0
Grupper (min 10)
400
200
(Kursiv prisar er til 2. framsyning)
SAGA FJORDBASE AS
FLORA KOMMUNE
SOGN OG FJORDANE
FYLKESKOMMUNE
SAGA FJORDBASE AS
12
Båt
200
200
200
100
200
GRAFISK PRODUKSJON: E. NATVIK PRENTEVERK, FLORØ
I år vert det den yngste Sygni nokon
gong – 2. klassingen Engel Eikås Tansøy.
Ho kjem frå Jølster og er dotter til skodespelaren Kyrre Eikås Ottesen som skal
spele presten. I tillegg speler vår eigen
Oda Alisøy rolla som Borni, Idun Losnegård speler prestefrilla, Lars Berge speler Tarve og Lars Sørebø speler futen.
Det har vore mange som vil vere med å
spele og synge i koret i år – så antall aktørar er i år nær 175. Det er knytt stor
spenning til korleis vikingane kjem til å
sjå ut – dei 30 år gamle kostymene er
skifta ut med nye.
KINN K YRK JEBL AD SOMMAREN 2014