Nr 4 - silje.indd - Luster kyrkjelege fellesråd

Comments

Transcription

Nr 4 - silje.indd - Luster kyrkjelege fellesråd
KYRKJELYDSBLAD
FOR HEILE
LUSTER
Nr. 4
SEPTEMBER 2013
73. årgang
Konfirmantar i
Jostedal kyrkje
2.juni:
Bak frå v:
Kristian Tuften,
Helene Halveg
og Ådne Tuften.
Framme:
Sokneprest
Geir Paulsen
Fotograf: Sviggum
Vi har nettopp avslutta stortingsvalet.
Ei viktig tid. Håpar du brukte stemma
di og gjorde eit val, eit godt val.
No såg eg på google at når vi vert ønskte eit godt val, så gjeld det visst ikkje
berre stortingsvalet denne hausten.Eg
søkte på ”godt valg”:
Her er noko av det som kom opp, på
bokmål:
Ulike produkter hos epriser.no
Fra Steen og Strøm: Godt Valg vil vi
hjelpe besøkende på sentrene med å
finne frem til de miljømessig og etisk
beste produktene blant alt fra dag-
ligvarer til mote.
Har du spørsmål om studievalg, studielivet eller jobbmuligheter ?
Godt valg – Lillestrøm Torv ; Godt
valg – Halden storsenter ; Sallatbuffeten er et godt valg
Vi vert oppmoda om å ta dei gode vala
Heile livet må vi gjera ulike val.
Kvardagen har mange val. Eg vel
å stå opp, eg vel å eta frukost eller
ikkje, eg vel å gå på arbeid/skulen.
Eg kan velja å bry meg, eg kan velja
å gje oppmuntring, eg kan velja å
tilgje. Eg kan velje å sykle, eller gå,
eller køyre for fort.
Eg kan velje å trene. Eg kan velje TV,
internett, Face book, mobil, avis, eller ?
Vi vel mykje kvar dag. Og desse
”små” vala i kvardagen er truleg
dei som er viktigaste og som dannar grunnlaget også for større val.
Av alle dei val eg har teke i livet er
det eit val eg aldri har angra på: At
eg sa ja til Jesus heilt frå eg var eit
born. Og sidan har dette på mange
måtar vorte eit dagleg val også. Eg
kan ikkje berre leva på at eg sa ja til
KYRKJE OG HEIMBYGD
Utgjeve av
Luster kyrkjelege fellesråd.
Redaktør:
Oddny Urnes - 6877 Fortun
[email protected]
I redaksjonen:
Sokneprestane Paulsen og Lie
Bladpengar:
kr. 200- for året
både innan- og utanlands.
Kasserar:
Kyrkjeverje Inga Reidun Sjøtun,
Pyramiden, 6868 Gaupne
Tlf. 57 68 56 47
Bankgiro 3785.60.15271
Sats og trykk:
Husabø Prenteverk a.s,
6863 Leikanger
2
Jesus ein gong. Men eg treng han
som min frelsar kvar dagHan gjev livet mitt heilskap og
meining, han gjev frelse og tilgjeving, han gjev framtid og von. Han
er oppstoda og livet.
Eg ynskjer ikkje berre eit god val,
men det beste valet for deg.
Trond Kråvik – tilsett i 20 % stilling
som områdearbeidar i NLM Sogn
Av alle oppmodingar om å ta gode
val, er eit viktigare enn noko anna:
At du vel å høyra på Guds ord og
ta imot den frelsa han har gjort
ferdig for alle menneske
I 5. Mos. 30,19 seier Gud det slik til
oss:
Himmel og jord tek eg i dag til vitne på
at eg har lagt fram for dykk liv og død,
velsigning og forbanning. Vel då livet,
så skal du få leva, både du og ætta di.
Vel då livet !!
Kan du velja noko viktigare.
Når Thomas spurde Jesus om vegen og vegval i Joh.14. Seier Jesus
til han:
v.6: “Eg er vegen, sanninga og livet.
Ingen kjem til Faderen
utan gjennom meg.
Jesus er Vegen for livet og æva
Jesus er Sanninga om livet og æva
Jesus er Livet.
Du kan ikkje velja noko betre enn
Jesus.
Kanskje du og sa ja til han ein gong.
Så har åra godt og alle andre val i
livet vart dei viktigaste. Jesus vil
gjerne inn i livet ditt att.
Han seier det slik i Joh.Op 3,20
Sjå, eg står for døra og bankar på. Om
nokon høyrer mi røyst og opnar døra,
då vil eg gå inn til han og halda måltid,
eg med han og han med meg.
KYRKJE OG HEIMBYGD
Kyrkjeverja har ordet
Val for livet
Vel overstått valkamptider,
godt folk. Eg reknar med at
eit fleirtal av oss har brukt
stemma vår og har teke eit
politisk val, noko som kan
påverka det norske samfunnet. I vårt land kan ein so å
seia velja kva ein vil blant
etablerte parti, utan at det
fører til dei store endringane.
Valresultatet fører i alle fall
ikkje til krig i fredens land,
Noreg.
Eg vonar at borgarane i
Hafslo sokn også har stemt
i høve kyrkjevalet. Her vert
halve soknerådet valt inn, annakvart år, då halvparten går
ut. Dei som vil ha påverkingskraft i kyrkjelydsarbeidet
må ta del i valet.
Begge desse vala gjeld berre
for fire år framover. Om ein
angrar på kva stemmeseddel som gjekk i urna, kan
dette rettast opp att ved
neste valomgang. Andre val
i livet kan derimot gjelda for
lengre tidsepokar. Å velja rett
skulegang er eit viktig val for
korleis ein vil trivast, både
som elev og gjennom heile
yrkeslivet. Å byggja sitt hus
for framtida krev også fleire
valrundar med seg sjølv og
gjerne fleire andre, bl.a. den
ein har valt å dela livet med.
Men det viktigaste ein må
ta stilling til er om ein vil ha
fylgje med Jesus i kvardagen.
Han er den rette vegen for
vårt liv, til evig tid. Om Han
får vera grunnmuren i alt me
tek oss til, vil me få velsigning; kvar einskild av oss, og
samfunnet me lever i. Noreg
er eit fredens land fordi Guds
kjærleik ligg til grunn i Den
norske grunnlova.
Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
me fåfengt på huset byggja.
Vil Gud ikkje verja by og land,
kan vaktmann oss ikkje tryggja.
Så vakta oss, Gud, så me kan bu
i heimen med fred og hyggja!
KYRKJE OG HEIMBYGD
Konfirmasjon Fet kyrkje 2.juni:
F.v: Sokneprest Vegard Bondevik Lie,Jeanett Fet, Fredrik Furehaug Weum
og Kristian Gåsemyr.
Fotograf: Ine Jeanette Skjerven
70 år
Den 18.juni fylte Jakob Vetleskog Øygard 70 år! Han er leiar i
Fortun sokneråd og Luster kyrkjelege fellesråd. Ein sprek mann som
spring til fjells og ofte nyttar han sykkelen når han skal på jobb i
Gaupne! Me gratulerer med vel overstått dag!
3
Konfirmanter 1958 og 1958
Konfirmantjubileum - Gaupne kyrkje 25.08.2013
Av 22, som var konfirmantar for 55 og 54 år sidan, deltok 15 på jubileet. Det var ei hyggeleg og flott feiring som
gjekk over 2 dagar. Møtestad laurdag var Gaupnetuenet og søndag Gaupne kyrkje. Feiringa vart avslutta med
”kyrkjekaffi”, det og på Gaupnetunet
Fleire hadde ikkje sett kvarandre sidan vi stod saman som konfirmantar, difor var det mange minner som skulle
friskast opp att og nyhente skulle formidlast desse to dagane. Tida gjekk fort, slik det er når samtalen går godt.
Bak frå venstre: Jan Tandle, Lars Steinar Hauge, Jan Nybø, Jostein Eide, Rolf Solheim, Arvid Røneid, Andreas Røneid
Midten frå venstre: Agnar Leirmo, Margit Johanna Sandvik Joranger, Norvald Teigen, Nelly Sandvik Boonstra,
Framme frå venstre: Margit Solheim Nygård, Oddlaug Høgemo Berdal, Jenny Sviggum Kilen, Else Sofie Sandvik Kåsine,
sokneprest Geir Paulsen
Desse var ikkje til stade: Edith Johanna Bruheim, Jenny Solheim, Marie Drevdal, Ludvig Vigdal, Trygve Ingar Sviggum.
Annbjørg Vigdal (død) Kaspar Ruud (død) 4
KYRKJE OG HEIMBYGD
Glimt frå sommaren i Luster
Om sommaren er det tradisjonen tru fleire friluftsgudstenester, ein fin
tradisjon som samlar ein del folk! Her kjem bilder frå nokon av dei..
Ekservollen
29.juli var det Olsokgudsteneste
på Ekservollen i Luster. Nær 80
personar var samla, ikkje verst ein
måndagskveld! Ei flott samling
med kort gudstrneste, litt sang,
grilling samt kaffi og kake. Alle let
vel!
KYRKJE OG HEIMBYGD
5
Ringane
25.august var
det tid for
friluftsgudsteneste på Ringane
på Sognefjellet.
Ein fin gjeng frå
både Fortun og
Dale sokn var
samla. Song og
preike før det
var tid for kaffi
og kaker. Fint
ver var det òg!
Flatningane
11. august var det
friluftsgudsteneste
på Flatningane, dette
er ei fellessamling
for Gaupne og Nes.
I tillegg til preik
og song var det og
hesteskokasting og
mat. Rykte seier
at nokre hestar
var veldig ivrige
tilhøyrarar!
Forsamlinga på
Flatningane
6
Filip Høyheim og Andreas Kalstad var stolte
vinnarar av hesteskokastinga på Flatningane.
KYRKJE OG HEIMBYGD
Diakonen si side
Dei senaste åra har me samlast
til ein felles minnekonsert i kommunen ein gang i året for å hugse
våre kjære avdøde.
ninger blanda med vakker musikk,
samt lystenning
pleier me å ha disse kveldane, før
eller etter det tennes lys på gravane.
Helgemesseafta har vist seg som eit
høveleg tidspunkt til dette.
Du som er pårørende eller venn,
og du som føler med, er hjarteleg
velkomen!
Dessverre har me også i år opplevd
at flere familier har fått reve vekk
sine kjære.
Me kjem til å samlast den 2. november på kvelden til ein stillferdig
minnekonsert. Dikt og små betrakt-
Har du dikt, betraktning eller
musikkstykke du gjerne ynskjer blir
lest eller spelt, må du veldig gjerne
ta kontakt (91776416)!
I år startar me opp med Trilletreff
litt seinare i semesteret pga. oppussingsarbeid i bedehuset.
Ver velkomen og sjå plakat nedafor! Kvaar gong er det litt å gjera
på på kjøkkenet og vi har behov
for litt fleire frivillige.
Kunne du tenkt deg å hjelpe til ein
gang iblant, ring gjerne!
diakon Orsi Szechey Det årlege fellesmøte for
diakoniutvalga er i år lagt
til Nes.
Fint å sjåast på tvers av
soknegrensene og tilbringe
ein kveld ilag! I år har me
som vanligt et felles måltid
på planen og å sjå den
prisbelønte (Gullpalme
2012) Michael Haneke-filmen, Amour ilag.
Varsomt skildrer
regissøren det aldrande
ekteparet Anne og
Georges når førstnevnte
rammes av slag. Vi møtast måndag
16. september på
Fredheim kl. 19:00!
Vel møtt! Møteveker i Gaupne
bedehus 23.oktober3.november
Dei årlege møtevekene til
NLM i Gaupne bedehus
for heile kommunen er i år
frå 23.oktober til 3.november. Mathias Mjølhus talar
og lokale songkrefter
deltek.
KYRKJE OG HEIMBYGD
7
Kyrkjelege handlingar
DØYPTE:
Fortun
09.06.13: Alexander Natvik Weka
28.07.13: Sjur Flikki Fuglesteg
Dale
23.06.13: Oliver Sætherbø Heggestad
Jone Saur Bukve
18.08.13: Anna Orrestad
Gaupne
09.06.13: Live Kopke Da Fonseca Foss
(døypt Greverud k, Oppegård)
16.06.13: Eiril Fristad Hop (døypt Nes k)
Viktor Seim Winge (døypt Nes k)
Ida Steinset Teigen (døypt Farnes k)
23.06.13: Tirill Merkesdal Skjærlie (døypt Dale k)
07.07.13: Benjamin Harris Nundal (døypt Fortun k)
Hafslo
01.06.13: Johannes Halleråker (døypt Urnes stavk)
02.06.13: Kaia Beate Moe (døypt Jostedal k)
09.06.13: Kristina Melheim (døypt Solvorn k)
14.07.13: Martin Vange Kjørlaug (døypt Joranger k)
21.07.13: Aksel Buskaker-Engebø
Hans Eirik Nes
Dennis Røneid
Urnes
01.06.13: Thea Marie Bugge Wergeland
17.08.13: Sondre Nes Mentzoni (busett Lørenskog)
Tungestølen, Veitastrond
30.06.13: Filip Alme (busett Kongsvinger)
Aksel Heggestad Værn (busett Førde)
Marius Skartun (busett Sogndal)
Andrea Duesund (busett Fjell)
VIGDE:
Fortun
01.06.13: Bodil Anita Otterhjell
og Tommy Lystang Solberg
(busette Horten)
Nes
01.06.13: Trude Ragnhild Høyby
og Andrè Kalstad
(busette Sogndal)
Jostedal
15.06.13: Ingvild Yttri og Kjell Ove Lerum
(busette Sogndal)
Hafslo
15.06.13:
26.07.13:
Birgitte Selseng Salte og Mathias Mundal
Marcela Alexandra Castillo Jimenez
og Ole-Jørgen Hess
(busette Oslo)
Solvorn
13.07.13: Hanne Grande Loen
og Rolf-Johan Stranden
Urnes
29.06.13: Caroline Olene Jonassen-Grønli Espelund og Frode Sætrehaug
(busette Indre Hafslo)
FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP
Hafslo
26.07.13: Marcela Alexandra Castillo Jimenez
og Ole-Jørgen Hess
(busette Oslo)
Urnes
15.08.13:
17.08.13:
Christine Landmann
og Siegfried Heinrich Georg Biereth
(busette Tyskland)
Giske Ane Haugen Hatlevoll
og Manuel Valdez
(busette Årdal)
GRAVLAGDE:
Fortun
28.06.13: Marit Hauge, f 1954 (busett Sogndal)
16.08.13: Aslaug Drægni, f 1925 (busett Ø Årdal)
Dale
19.07.13: Karen Amanda Leirmo, f 1919 (gravlagd
Gaupne)
25.07.13: Bjarne Leirmo, f 1912 (gravlagd Gaupne)
27.08.13: Marta Sofie Fredheim, f 1932
Nes
03.09.13: Anton Høyheim, f 1926
Gaupne
26.07.13: Øllegård Nitter Sandvik, f 1920
Jostedal
10.07.13: Hans Bjørk, f 1936
15.08.13: Sem Haugen, f 1922
Jordanger
09.07.13: Anna Sofia Oma, f 1911
30.08.13: Sigmund Kjørlaug, f 1927
Hafslo
31.05.13: Unni Hauge, f 1922.
05.06.13: Egil Einan, f 1956
16.08.13: Anna Margrethe Sæther, f 1926
Me takkar for minnegåve, gjeve i samband med gravferda til Egil G. Einan,
som gjekk til Kyrkja i Luster. Mvh Kyrkjeverja
8
KYRKJE OG HEIMBYGD
BA R NES I D A
KYRKJE OG HEIMBYGD
9
Gudstenester
22. sept
kl 1100
18. søn i tr
Fortun
kl 1700
Joranger
29. sept
kl 1100
kl 1800
19. søn i tr/Mikkjelsm. Luk 9,57-62 / Joh 1,47-51
Dale
Hausttakkefest ved Geir Paulsen.
Dåp. Utdeling av 4-årsbøker, 6-årsbøker, 10-årsbiblar.
Ofring til Torsdagstreff. Torsdagstreff tek del.
Presentasjonavkonfirmantane.Konfirmantjubileum.Kyrkjesuppe.
Hafslo
Gudsteneste ved Åge Mundal og Vegard Bondevik Lie.
Presentasjonavkonfirmantane.
Samarbeid med Normisjon sitt haustmøte på Lyngmo.
Ofring til k.lydens misjonsprosjekt gjennom Normisjon.
Gaupne
Gudsteneste ved Geir Paulsen. Utdeling av 10-årsbiblar.
06. okt
kl 1100
kl1500
20. søn i tr
Jostedal
Mollandsmarki
Ef 6,1-4
Rut 2,8-11
Høgmesse ved Geir Paulsen. Nattverd.
GudstenestevedGeirPaulsen.Kaffi.
13. okt
kl 1500
kl 1100
21. søn i tr
Nes
Veitastrond
Luk 12,13-21
Hausttakkefest ved Geir Paulsen.
Utdelingav4-årsbøker,6-årsbøker,10-årsbiblar.Kyrkjekaffi.
Gudsteneste ved Vegard Bondevik Lie.
Dåp.Presentasjonavkonfirmant.OfringtilNLM.
20. okt
kl 1100
22. søn i tr
Fortun
kl 1100
Hafslo
kl 1400
Gaupne
27. okt
kl 1100
Bots-og bønedag
Solvorn
kl 1930
Dale
Luk 10,25-37
3 Mos 19,1-2.16-18.33-34
Jak 2,1-9
Hausttakkefest ved Geir Paulsen.
Sprell Levande tek del. Utdeling av 4-årsbøker, 6-årsbøker
og10-årsbiblar.Ofringtilbarnearbeidet.Kyrkjekaffi.
Gudsteneste ved Vegard Bondevik Lie.
Besøk av og ofring til Evangeliesenteret.
Gudsteneste ved Geir Paulsen.
Dåp. Utdeling av 4-årsbøker og 6-årsbøker.
Ofring til Norea mediemisjon.
Luk 15,11-32
Mi 7,18-19
2 Kor 13,5-8
Gudsteneste ved Vegard Bondevik Lie.
Presentasjonavkonfirmantane.Utdelingav”Leiarlappen”.Kyrkjebåtfrå
Ornes.
Kveldsgudsteneste ved Vegard Bondevik Lie.
02. nov
kl 1800
Helgemesse afta
Gaupne
Helgemessesamling ved diakon Orsi Szechey.
03. nov
kl 1100
kl 1100
kl 1930
Helgemesse
Jostedal
Hafslo
Nes
Luk 6,20-23
Jes 60,18-22
Gudsteneste ved Geir Paulsen.
Gudsteneste ved Vegard Bondevik Lie.
Aftansong ved Geir Paulsen. Nattverd.
10. nov
17. nov
kl 1100
kl 1100
25. søn i tr
26. søn i tr
Gaupne
Joranger
Joh 5,1-15
Sal 103,1-6
Jak 5,13-16
KonfirmantleirforheileLusterpåAlværa.
Luk 13,10-17
Ordt 14,21-22.25.31
Fil 1,20
Gudsteneste ved Geir Paulsen. Ofring til Menighetsfakultetet.
Gudsteneste ved Vegard Bondevik Lie.
kl 1100
10
Mark 1,40-45
Sal 38,10-16
1 Joh 4,11-16
Høgmesse ved Geir Paulsen.
Ofring til kyrkjelydsarbeidet.
Presentasjonavkonfirmantane.Konfirmantjubileum.
Musikk ved Helene Myklemyr Bolstad.
Hausttakkefest ved Vegard Bondevik Lie.
Utdeling av 4-årsbok, 6-årsbok og 10-årsbibel.
Presentasjonavkonfirmantane.
Matt 18,1-11
Hebr 11,11-16.39-40
KYRKJE OG HEIMBYGD
24. nov
kl 1100
kl 1100
Domssøn/Kr konged. Joh 9,39-41
5 Mos 30,15-20
1
Kor 15,22-28
Nes
Høgmesse ved Geir Paulsen. Nattverd.
Hafslo
Gudsteneste i samband med NMS-misjonsmessa.
01. des
1 søn i adv
kl 1100
Jostedal
Gudsteneste/aktivitetsdag i samfunnshuset.
Geir Paulsen og konfirmantane.
kl 1100
Veitastrond
Gudsteneste ved Vegard Bondevik Lie.
Ofring til Misjonsprosjektet i Nepal.
kl 1600
Gaupne
Lysmesse. Geir Paulsen og konfirmantane.
kl 1800
Solvorn
Lysmesse. Vegard Bondevik Lie og konfirmantane
frå Solvorn og Indre Hafslo. Kyrkjebåt frå Ornes.
kl 1900
Dale
Lysmesse. Geir Paulsen og konfirmantane. Hurt`n og sturt`n.
08. des
2 søn i adv
kl 1100
Hafslo
kl 1130
Luster omsorg
kl 1930
Fortun
Gudsteneste ved Vegard Bondevik Lie.
Samarbeid med Fellesskapssamlinga på bedehuset.
Ofring til Kjellargjengen.
Gudsteneste ved Geir Paulsen. Nattverd.
Lysmesse. Geir Paulsen og konfirmantane.
15. des
kl 1100
kl 1130
kl 1600
3. søn i adv
Joranger
Gudsteneste ved Vegard Bondevik Lie.
Gaupne omsorg
Gudsteneste ved Geir Paulsen. Nattverd.
Nes
Lysmesse. Geir Paulsen, Yngres og konfirmantane.
24. des
kl 1100
kl 1100
kl 1200
kl 1300
kl 1330
kl 1430
kl 1445
kl 1600
kl 1600
kl 1600
julafta
Veitastrond
Luster eldre
Luster oms
Fet
Fortun
Solvorn
Nes
Gaupne
Hafslo
Jostedal
Familiegudsteneste ved Kjell Sæter.
Julegudsteneste ved Geir Paulsen
Julegudsteneste ved Geir Paulsen
Familiegudsteneste ved Vegard Bondevik Lie.
Familiegudsteneste ved Geir Paulsen
Familiegudsteneste ved Vegard Bondevik Lie.
Familiegudsteneste ved Geir Paulsen
Familiegudsteneste ved Geir Paulsen
Familiegudsteneste ved Vegard Bondevik Lie.
Familiegudsteneste ved Åse Snøtun.
25. des
kl 1200
kl 1200
Juledag
Dale
Hafslo
Høgtidsgudsteneste ved Geir Paulsen
Høgtidsgudsteneste ved Vegard Bondevik Lie.
27. des
kl 1800
Jostedal
Romjulsgudsteneste ved Geir Paulsen.
Me minnest dei døde 2013.
29. des
kl 1100
kl 1600
Me minnest
Romjulssøn
Hafslo oms.sent.
Gaupne
dei døde 2013.
31. des
Nyårsafta
kl 1600
Dale
kl 1630
Hafslo
kl 2300
Joranger
Julegudsteneste m /nattverd. Vegard Bondevik Lie.
Romjulsgudsteneste ved Geir Paulsen.
Gudsteneste ved årsskiftet. Geir Paulsen.
Felles for Dale-Fortun-Nes.
Me minnest dei døde 2013.
Lysmesse. Vegard Bondevik Lie og konfirmantane.
Midnattsmesse ved nyttår. Vegard Bondevik Lie.
Med atterhald om endringar!
KYRKJE OG HEIMBYGD
11
Pangstartleir på Lyngmo
Tema for leiren
var ‘’ I FYR OG
FLAMME’’
Måndag den 12.august reiste me på pangstartleir på Lyngmo. Der vart me godt tekne imot av leiarane, som var
snille og passa godt på oss. På kvelden hadde me nokre kjempekjekke «bli-kjent-leikar». Seinare hadde me ein fin
kveldssamling med Kjell-Olav.
Første dagen reiste me på kanotur til
Langholmen. Beate viste oss ein kjekk
leik som heitte «Capture the Flag».
Der alle var med! Då me kom hit att
på Lyngmo, fekk me grillmat laga
av meistarkokk Rannveig. NAM!! Så
gjekk me på romma våre og tok på
koseklede. Alle samlast og koste seg
med film og godteri. Filmen heitte
‘’Narnia. Løven, heksa og klesskapet’’.
Neste morgon vakna me til ein god
frukost. Me reiste på ein sykkeltur
rundt Galden, der me hadde tre stopp.
For kvar gong me stoppa hadde
ungdomsleiarane og Marianne eit
12
KYRKJE OG HEIMBYGD
skodespel om Paulus. Me kom først
til Damaskus, der Paulus og dei to
hjelparane hans var på veg for å
drepe dei kristne. Paulus fall fordi
han såg eit sterkt lys og hørte ei
stemme som ropte: Kvifor forfølgjer
du meg, Paulus? Han var blind i
tre heile dagar, då ein mann kom
bort til han og la handa på augo
hans. Paulus fekk synet tilbake, og
vart kristen og fortalte om Jesus til
alle han møtte. Så sykla me vidare
til bymuren. Paulus hadde det ikkje
alltid så enkelt. Han måtte flykte
over bymuren. Me fekk prøve
rappelering med Super-Nils, det
var kjempekjekt. Så sykla me til
Efesos, der Paulus heldt tale. Folket
(me) var rasande og gjorde opprør
mot han, så byskrivaren måtte
stoppa oss. Då me kom på Lyngmo,
hadde me førstemann ut i vatnet.
Leirkvelden starta med «BAD hair
salong» der ungdomsleiarane var
frisørar. Alle skulle sjå stygge ut
på håret, med alle mulige fargar
og frisyrar du kan tenkje deg. Så
starta underhaldninga, der Gip var
programleiar. Deltakarane på leiren
kom med mange flotte innslag om
leikar, skodespel, musikk og mykje
anna.
Torsdag hadde me noko som heitte
Lyngmoiaden, der leiarane hadde
KYRKJE OG HEIMBYGD
arrangert ein konkurranse mellom
Damaskus og Efesos. Deltakarane
på leiren vart delt i to grupper. Me
balanserte, kasta Frisbeegolf, padla
kajakk osv.
På ettermiddagen kom foreldra
våre for å sjå på bilete frå leiren.
Me vil verkeleg anbefala denne
leiren!!!! Det var superkjekt!
Leiarar: Rannveig G. Flatland,
Marianne Moseng, Åge Mundal,
Kjell Olav H. Nordheim, Nils Einar
Berget, Bergljot Snøtun, Guri H.
Nordheim, Gip Ketthim, Linn …
,Beate Alme, Dorthea H. Nordheim,
Kaia Selseng og Kristian Flatland.
Av Ronja Fet og Heidi Urnes
13
HAFSLO
SOKNERÅD
2013-2017
Sigfrid Margareta
Ahlin Søvde*
Svein Solheim*
SEPTEMBER 2013
19. Knøttekor og torsd.klubb
20.-22. Internatmøte for kvinner
26. Småbarnstreff
27-28. Loppemarknad
OKTOBER 2013
3. Knøttekor og torsd.klubb
4.-7. Leir for 5.- 7. klasse
10. Småbarnstreff
10-13 Leir for 7.-10 klasse
17. Knøttekor og torsd.klubb
24. Småbarnstreff
25. Haustbasar
31. Knøttekor og torsd.klubb
NOVEMBER 2013
7. Småbarnstreff
8-10 Leir for 16 - 30år
14. Knøttekor og torsd.klubb
21. Småbarnstreff
22. – 24. Barnas Songleir 2.- 7.klasse
28. Knøttekor og torsd.klubb
30. Juleverkstad 4 -12år
DESEMBER 2013
5. Småbarnstreff
6. Julemiddag for voksne
12. Småbarnstreff
21. Julemiddag for Ungdom
31- 1. jan. Nyttårsfeiring
LOPPEMARKNAD
27. og 28. september 2013 vert det
loppemarknad på Lyngmo.
Me tek imot lopper heile året.
Alt utanom kvitevarer er av interesse:
Overskotet av loppemarknaden går
til drifta av senteret.
Ta kontakt for levering.
Mail: [email protected]
eller tlf: 57684366
14
Selskap
Lyngmo har flotte lokale til konfirmasjonar, minnestunder og
andre selskap.
Ta gjerne kontakt for informasjon
og tilbod
Mail: [email protected]
eller tlf: 57684366
Presang – gåvekort på leir
Av og til har fadrar, foreldre, besteforeldre, onklar, tanter og andre
lyst til å gje ei gåve som betyr «litt
meir».
På Lyngmo er det leirar for born og
ungdom heile året. Kanskje årets
bursdags- eller julegåve kan væra
eit gåvekort på leir!!
Ta kontakt med oss på Lyngmo for
å kjøpe gåvekort!
Mail: [email protected]
eller tlf: 57684366
Basar
Den årvisse haustbasaren for
Lyngmo er i år fredag 25. oktober
klokka 19.00
Ta gjerne kontakt med oss på
Lyngmo dersom du ønskjer å få
tilsendt loddbøker!
Knøttekor
og torsdagsklubb
19.september, 3, 17. og
31.oktober, 14.
og 28.november
Småbarnstreff:
12 og 26. september, 10. og
24.oktober, 7.og 21.november,
5. og 12.desember
Haustleirar:
Leir for 5.-7.klasse
4.-7.oktober
Leir for 7.-10.klasse:
10.-13.oktober
Kjerstin-Mari Holm
Carlsen*
Hermund Alme**
Vivian Kvam**
Katrin Lægreid Nes**
Varamedlemar
Knut Kvam***
Nina Urdal Cirotzki***
Ingrun M.L.Søhoel***
Karen Bremer
Brynjulfsen***
Liv Margrete Eikeberg***
*
**
***
Valde i 2011 for 4 år
Valde i 2013 for 4 år
Valde i 2013 for 2 år
Frammøte i
Hafslo sokn: 22%
Luster familiemøte i
Gaupne bedehus kl 16.00
desse søndagane i haust:
6. og 20.oktober, 3. og 24.
november og 8.desember
KYRKJE OG HEIMBYGD
Sprell levande Fortun og Skjolden!
Barnelag for born frå 4 år og oppover. Me samlast vekselsvis i Fortun og
Skjolden bedehus!j
Her er datoane for hausten: 25.september (Skjolden),16.oktober(Fortun),
30.oktober(Skjolden), 13.november (Skjolden) og 27.november (Fortun).
Sang,andakt, hobbyarbeid , leik og mat! Velkomne!
Indre Hafslo barnelag
Samlast i Lambhaug bedehus frå 17.30-19.00. Alle ungar er velkomne,men dei under skulealder må ha med seg ein vaksen. I haust
samlast dei desse torsdagene.
19.september, 3.oktober, 17.oktober, 31.oktober,14.november,
28.november og 12.desember . Barnelaget sin juletrefest blir
29.desember.
Kontortider og telefonar
til kyrkjekontoret
Besøksadresse: Pyramiden II
Postadresse: Pyramiden - 6868 GAUPNE
Ope måndag - fredag
kjernetid 09:00-15:00
Kyrkjeverje Inga Reidun Sjøthun
Tlf 57685647
Kontortid. Måndag-fredag 9-15
e-post:
[email protected]
Sokneprest Geir Paulsen:
Tlf.: 57 68 56 40
M 90108179/p57685239
e-post: [email protected]
Kontortid onsdag 10-12,
torsdag 11-13 og fredag 10-14
Sokneprest Vegard Bondevik Lie
Tlf: 57685641- mob: 90619080
[email protected]
Kontortid: tysd., onsd. og torsd. 10-14
Vakttelefon for prestane i
Indre Sogn, frå kl.17.-08:
Nummer 95 48 33 74
Organistvikar Roland Johansson:
tlf 57 68 56 48,
e-post: [email protected]
Kontortid torsdag kl.10 – 12
Kantor Egil Einan:
tlf.:57 68 56 39
M41686972/p57684192
e-post: [email protected]
Kontortid torsdag 10-12
her er Indre Hafslo barnelag på oppstartssamlinga 22.august
Kjellargjengen aktivitetsklubb
Frå 5.klasse i bedehuskjellaren på
Hafslo
24. Hobby, kveldsmat,
Tema Kvifor døde Jesus?
September
26. Utekveld, Jesus sa han var Gud,
November
7. Filmkveld
21. Restaurantkveld
Tema: fritt
Oktober
4.-7. Leir på Lyngmo
10. Spelekveld, Kveldsmat
(Haustferie)
Tema Bergpreika
Kveldsmat
Medlemspengar kr 100
Jostedal søndagsskule
Det blir søndagsskule på Idèbui i Fossøyane kl 11-12 desse søndagane:
22/9, 20/10, 17/11 og 8/12. På søndagsskulen høyrer me om Jesus, har
ymse aktivitetar, songar og leikar, og kanskje lagar me litt mat, eller me er
ute og leikar når det er fint ver. Velkommen til alle born i Jostedal! Helsing
Asbjørg og Bergljot
KYRKJE OG HEIMBYGD
Diakon Orsolya Szechey:
Tlf57685649•M91776416
Kontortid måndag og torsdag 9-13
e-post: [email protected]
Kyrkjelydssekretær og redaktør
for Kyrkje og Heimbygd
Oddny Urnes
Tlf 57685648/95934498
e-post: [email protected]
Kontortid tysdag og torsdag 9-15
Trusopplæringsleiar Marianne Moseng:
tlf.:57 68 56 39
M 90818858
e-post:[email protected]
Kontortid:
Tysdag – torsdag 9-15,
Kontorsekretær Øygunn Elin Saur
tlf.:57 68 56 50
e-post:
[email protected]
Kontortid: tysdag, torsdag og
annakvar fredag 9-15
Kontortidene er kjernetider,
ein kan gjera avtalar
utanom desse.
15
INFORMASJON
Aktivitetsdag for 6 åringane
Fredag 21.juni var det duka for
aktivitetsdag for 6åringane,skulestartarane! Denne dagen var ein
del av trusopplæringsplana i
Luster. Pinse var tema for dagen
og då bursdagsfeiring for kyrkja!
Ein fin gjeng ungar frå Fortun,Luster,Nes, Gaupne og Indre
Hafslo var samla. Dagen starta i
Gaupne kyrkje med omvisning og
samlingsstund. Stas å få studere
nærare ein del av invetaret i
kyrkja. Roland kom og viste oss
orgelet og spelte på det. Etter samlingsstunda gjekk turen til bedehuset i Gaupne for lunsj. Ellen hadde
på førehand tatt imot bestilling frå
ungane på kva dei ville ha som
pålegg.
Etter lunsj gjekk turen opp igjen
til kyrkja der det var klart for
bursdagssamling for kyrkja. Det
vart fortalt om at pinsa var kyrkja
sin bursdag. Marianne hadde
pynta ei flott kyrkjekake som falt
i god smak hjå både born og voksne. Me gjekk og rundt kyrkja og
sang Gratulera med dagen! Etter
kakeeting var det tid for ballongar
som vart oppblåst og bretta i ymse
variantar.
Gjengen samla)
Plutseleg var dagen
over og ungane for heim
kvar til sitt!
Roland viser oss orgelet
Ballongblåsing
Lik Kyrkja i Luster
på Facebook
Sjekk ut heimesida vår: www.luster.kyrkja.no
16
KYRKJE OG HEIMBYGD