TURØY - kulturnett.no

Transcription

TURØY - kulturnett.no
TURØY
EIT GARDSSAMFUNN VED HAVET / A FARMING COMMUNITY BY THE SEA / EIN GEHÖFT AM MEER
N
Kulturminna i landskapet viser korleis menneska har
levd tidlegare, organisert samfunnet sitt og brukt naturressursane. Mykje talar for at øyane har vore i bruk i
tidlegare tider. Vi finn kulturlag i ein heller nord på
Turøy, skålgroper på Knappane og tufter i Kobbavika
og på Litla Turøy som underbyggjer dette. Bygningar
og tufter viser at gardsdrift og sjøbruk har vore viktige
næringsvegar. I dag driv ingen jordbruk på Turøy, og
landskapet gror til.
Turøy ligg ut mot storhavet, og skal ein ta seg fram i
båt, må ein kjenna skjer og grunnar. Turøyvarden er vel 5
meter høg og vart bygd i 1896. Han ligg på eit markert
høgdedrag, 74,51 m.o.h.; godt synleg langt til havs. Varden
og andre sjømerke gjer det trygt for sjøfarande å navigera
i området. Før varden vart bygd, må sjølve høgdedraget ha
vore eit godt sjømerke, både som innseglingsmerke og for
ferdsla langs kysten.
GB
Our landscape’s cultural heritage shows us how people
lived in times gone by, how they organised their society
and how they made use of their natural resources. There
is much to indicate that these islands have been in use
in previous ages, for example an occupation deposit in a
rock shelter at the north of Turøy island, ring-and-cup
marks at Knappane and house-sites in Kobbavika and on
Litla Turøy island. Buildings and house-sites show the
importance of farming and fishing; now, however, nobody
farms Turøy and the landscape is becoming overgrown.
Lakseplass
Garden Turøy i mellomkrigstida.
Teiknforklaring:
= Bustad brukseigar
= Løe
= Gardsflor
= Bustadhus fiskar/anna næring
= Sjøhus
= Skule
= Bedehus
= Eigedomsgrense
= Steingard
70 m
60 m
50 m
Lakseplass
Skålgroper
Storeskitholmen
74,5 m
Militær vaktpost
30 m
20 m
Åkravikholmen
Lakseplass
10 m
Turøyvågen
Danseplass
0
Tørkeplass
for fisk
Åkravikbakken
Utmark Innmark
Buholmen
Lakseplass
Sandøyna
Lakseplass
Sandøyskjeret
Vaskeplass for klær
Søndagsholmen
Måsavatnet
Ertenskjeret
TURØYNA
Hestosen
Kvaløysenjen
Kalvaneset
Gamle tufter
Kvaløyna
Turøyvågen.
Søre Midtneset
Vågane
Gråttevika
Lakseplass
Dydnestakken
Maiøyna
Midtre Odden
Tørkeplass
for fisk/barkeplass
Litla Turøyna
Gamle tufter
Grønestølen
Tørkeplass for fisk
Hestholmen
Lakseplass
Vestre Odden
Djupeskjera
Turøyberget
Hestholmskjeret
Raunesundet
Tørkeplass for fisk
Lykt
Lakseplass
Raunøyna
500 m
1 km
Gardsdrifta
Ein steingard markerer enno skiljet mellom innmark og utmark.
I byrjinga av dette hundreåret sto bustadhusa og uthusa samla
i eit tun. Innmarka hadde teigblanding, medan utmarka var
felles. Ved utskiftinga i 1924, fekk kvar brukar sitt innmarksog utmarksområde. Bustadhus og uthus vart då flytta frå fellestunet til dei nye bruka. På innmarka dyrka dei havre og
poteter; resten var slåtteeng. Når det minka på fôr til husdyra
utpå vinteren, skar ein lyng i utmarka og gav dyra lyng og
kokt fisk.
Kvart bruk hadde eit par kyr og 8 - 10 sauer. Brukarane fødde
opp ein stut i fellesskap; ansvaret for dette gjekk på omgang.
Om sommaren støla dei kyrne i marka, då beita sauene ute i
øyane. Enno kan vi sjå restar etter gardflorar utanfor steingardane. Tidleg på 1970-talet vart det heilt slutt på å halda kyr.
Det var ei tradisjonell deling mellom manns- og kvinnearbeid.
Mennene dreiv fiske heile året, men dei var òg med og tok
tunge tak i slåttonna og torvtakinga om sommaren. Mennene
var borte på fisket i lengre periodar, medan kvinnene hadde
hovudansvaret heime; stell av born, hus, klede og dyr. Kvinna
var med på det meste av arbeidet på garden. Ho sto også for
produksjon av klede til familien. Kleda vart vaska i stampar på
vaskebrett. Vadmålsklede som stakkar, bukser og trøyer måtte
ein skylja i Måsavatnet og banka på bankesteinen der. I tørkeperiodar måtte ein bera vatn frå Måsavatnet. Kvitlar (ullteppe)
og andre tunge klede vart skylt i Måsavatnet heilt opp på
1960-talet. Det vart ein stor overgang når vatnet kom i røyr
og dei første vaskemaskinene kom.
Sjøbruk og samfunn
Det største sjøbruksmiljøet ligg på austsida av øya, i Turøyvågen; naust, sjøbuer og torvskjåar.
Tidlegare vart det teke torv ute i øyane til brensel. Moloar, bygde i 1931 og i 1974, skjermar hamna. I
perioden 1929 - 1959 var det salteri her. Den første butikken kom på slutten av 1800-talet, og det
var handel her til brua kom i 1991. I byrjinga av 1900-talet kom det rutebåt to gongar i veka, etter
kvart oftare. Dei siste tiåra før brua kom, gjekk det ferje frå Solsvik. Det ligg naust i sundet mellom
Turøy og Litla Turøy og i Kvernevika og Kalvaneset. Tidlegare låg det òg naust i Grottevika.
Fiskarane brukte både trollgarn, seigarn, drivgarn og nøter. Drivgarna vart brukte til fangst av
storsild og vårsild. Landnot og garn kunne gje store fangstar av sild og makrell. Dei dreiv linefiske
etter torsk, brosme, lange og kveite. Blåskjel var godt agn til fiske etter brosme. I mellomkrigstida
Skarvøy lykt
Langeskjeri
Greipingen lykt
Eldsfjellet
Rongulløyni
fiska ein også håbrand med line. Makrell tok ein med
harpe, dorg eller not. Dessutan går tradisjonane med
krabbe- og hummarfisket langt tilbake i tida.
Grunneigarane hadde felles notlag og notbruk. Dei gode
laksevågane finn vi på nordsida av Knappetåna,
Turøyneset og øyane vestom (Sandøy, Oddane og Hestholmen).
Før utskiftinga i 1924 var alle lakseplassane felles; etter
utskiftinga byrja desse plassane å gå på omgang blant
jordeigarane. Dette kom av at ikkje alle plassane var like
gode. Sandøyskjeret og Vestre Odden var dei beste.
Lyderhorn i 1818. På slike utkiksposter sat det truleg vakt som speida etter skip som trong los.
På slutten av 1800-talet var det losstasjon på Solsvik.
Utover på 1700- og 1800-talet kom det til store betringar i navigasjonssystema langs kysten.
Det vart bygd ei rekkje fyr. Hellesøy fyr kom i 1855, Marsteinen i 1877 og Skarvøy i 1910.
I 1895 fekk merkevesenet løyve frå grunneigarane til å setja opp lykthus på Litla Turøy. Dette var
omlag på same tid som Turøyvarden vart bygd. At det vart bygd ein varde her så seint viser at det
framleis var bruk for sjømerke av den gamle typen. Dei trong ikkje så mykje ettersyn, var fullt
brukbare i dagslys og fiskarane kunne bruka dei gamle innarbeidde méda. Nattestid var fyrlykta på
Litla Turøy saman med andre fyrlykter i området til stor hjelp.
Navigasjon, å ta méd
Svartskjerosen
Kulturdenkmäler in der Landschaft zeigen, wie die
Menschen in früheren Zeiten lebten, ihre Gemeinschaft
organisierten und die Naturressourcen nutzten. Vieles
deutet darauf hin, dass die Inseln früher bewirtschaftet
wurden. Wir finden Spuren einer Besiedlung in einer
Felsenhöhle auf der Nordseite der Insel, Kochmulden in
Knappane und Siedlungsreste in Kobbavika und auf Litla
Turøy, die diese Annahme bekräftigen. Gebäude und
Reste von Siedlungsstätten zeigen, dass Landwirtschaft und
Fischerei wichtige Erwerbszweige waren. Heute wird die
Landschaft auf Turøy nicht mehr bewirtschaftet und
überwuchert deshalb.
VIS RESPEKT OG OMTANKE FOR VÅR FELLES NATUR- OG KULTURARV.
Turøybjørnen
Sjøbu
Naust
Tuft
Torvskjå
Lunnar
Kai/molo
Tidlegare butikk
Vei/sti
Glåpholmen
Turøyvarden
Militær vaktpost
Knappane
Tørking av skrei i Buholmen.Fleire av nesa
på sør- og søraustsida vart brukte som tørkeplassar for torsk.Skreien kom nordfrå.
Både kvinner og menn tok del i arbeidet.
Lakseplass
Turøy is at the edge of the open ocean, and smallboat skippers must know the skerries and reefs. The
Turøyvarden cairn, built in 1896, stands a good five
metres high on an eminence of 74.51 metres, giving
a good view out to sea. The cairn and other sea-marks
help boats navigate safely in these waters. Before the cairn
was built, the eminence must have been a good navigation mark in itself, both to mark the approach
and for orientation in the coastal channel.
Turøy liegt direkt am offenen Meer, und wer mit dem
Boot kommt, muss Schären und Untiefen gut kennen.
Turøyvarden ist gut fünf Meter hoch, wurde 1896 erbaut
und liegt auf einer weithin sichtbaren, 74,51 m hohen
Anhöhe - selbst weit draußen auf dem Meer ein zuverlässiges Seezeichen. Dank dieser ‘Pyramide’ und anderer
Seezeichen können Schiffe sicher durch dieses Gebiet
navigiert werden. Bevor dieser Steinturm gebaut wurde,
dürfte schon die Anhöhe an sich ein gutes Seezeichen
gewesen sein - als Markierung für die Fahrrinne zur Küste
wie auch für den Schiffsverkehr entlang der Küste.
Du står her
Heller
0
D
Litlaskora
Ileneset
40 m
Nyare vegar/tursti:
= Veg
= Gardsveg
= Tursti
I 1938 kom det ei militær vakthytte i
Turøybjørnen og ei på Turøyvarden.
Under siste verdskrigen overtok
tyskarane vaktpostane.
(Vakthyttene er no borte).
Sjøbruksmiljø
Turøyvågen1979
Storskora
Laksaneset
Lakseplass
Ådnøyni
Gaustadfjellet
Kvannholmen
Greipingsosen
Kletten
Utsnitt av kart,oppteikna av
F. C. Grove i 1798,med
skipsleiene innteikna.
Å ta méd er eit omgrep brukt i samband med fiske.
Men det er dei same prinsippa som er i bruk i all navigering. I mange tusen år har menneska tatt seg fram
langs kysten. Kunnskapen om farvatn og navigasjon gjekk i arv. Dei kjende att skjer og landformasjonar og visste om grunnar og båar. Difor laga dei seg overrettmerke (siktelinjer) og tok krysspeilingar
til å navigera etter, og tok méd. På denne måten kunne dei ferdast trygt i den farefulle skjergarden.
Overrettmerka kunne vera ein holme eller eit skjer som skilde seg ut fordi det hadde særskild farge
eller form. Såg ein desse saman med lett gjenkjennelege fjelltoppar inne på land, visste ein om
kursen var rett. Dei hadde òg merke i fjellsidene som hjalp dei til å vurdera kor langt dei var frå land.
I mørke og skodde var det ikkje alltid like godt å ta overrettmerke og krysspeilingar. Då høyrde dei
etter lydar frå brenningane og målte djupna. Stjernene kunne vera til hjelp i navigeringa hvis det
ikkje var overskya. Særskilt i mørke, men også på dagtid, kunne innseglinga vera ei farefull ferd
hvis straumar og seglvinden ikkje var gunstig.
Skipskompasset kom allereie på 1200-talet, medan teikning av kart var ein vitskap som vart utvikla først
på 1500-talet. Gode sjøkart fekk ein ikkje før ut på 1800-talet. Ein måtte vera godt kjent i farvatnet for
å kunna ta seg trygt fram mellom grunnar og skjer. Dei måtte greia seg utan motorkraft, telesamband,
ekkolodd, radar og satelittnavigasjon og andre tekniske hjelpemidlar som er vanleg i dag.
Turøyvarden, landemerke og vegvisar
Turøyvarden står på det høgste punktet på Turøy som er 74,51 m.o.h. Frå varden er det fritt utsyn i
alle retningar. Varden er frå 1896, den er vel 5 meter høg og har sirkelform. Varden er murt i gråstein
og tjærebredd. Den er synleg langt til havs og er eit godt sjømerke. Det kan ha vore varde her
tidlegare. I Den norske lods trykt i 1883 er Turøyvarden nevnt, mens i Opplysende
beretninger for de søfarende fra 1798 er det ikkje nevnt nokon
varde her, derimot kan vi lesa at nordsida av Turøy skil seg ut frå
landskapet bak. Fjelltoppen er inntegna på kartet. Turøyvarden var eit
viktig og godt landemerke for den som ferdast sjøvegen. Turøyvarden
saman med Eldsfjellet inne på Holsenøy var eit sikkert seglingsmerke
for fiskarar og andre sjøfarande når dei kom inn frå havet.
Innseglingsmerka ved Turøy var særs viktige for dei som budde langs
indre del av Hjeltefjorden. Vi må tru at fiskarane valgte den raskaste
vegen heim når dei hadde vore å fiska på havet. Den mest brukte innseglinga for handelsskip som kom fra sør, og skulle til Bergen, var inn
Korsfjorden. Nordfrå kom ein ned Fedjeosen og Hjeltefjorden. Leia
inn forbi Turøy og Solsvik var heller lite brukt av handelsskip, og i
tidsrommet frå 1781 - 1793 hadde leia forbi Turøy og Solsvik 20 skip,
medan Korsfjorden i samme tidsperiode hadde 146 skip.
I 1792 var det los på Turøy. Dessutan var det los på Glesnes, Hisøy,
Algerøy, Landro, Vik, Rong og Herdlevær på slutten av 1700-talet.
Turøy er nemnd under Udkikk og Udsikter saman med m.a.
Brakstadfjellet
Narøyni
Sædingen (Sængen)
Bjørnøy lykt
Turøyvarden.
Dalekletten
Narveskeret
Turøy varde
Storgavlen lykt
Møsnuken
Sandøyni
Tofteviki
Mågøyni
Spjeldsfjellet
Ertenskjeret
Odden
(vestre)
HORDALAND FYLKESKOMMUNE, FJELL KOMMUNE
Landkjenningsoppriss:
Slike oppriss har vore svært viktige i navigeringa.
Inn Tofteviki og Rognesundet. Posisjon: 3,5 n mil, 278˚ av Turøy varde, 60˚27,2’N 04˚55,0’E
Redaksjon: Atle Ove Martinussen i samarbeid med Kulturlandskapssenteret og
Kulturseksjonen Hordaland fylkeskommune.
Tekst, illustrasjon og biletvalg: Aud Karin Skagen.
Hovudkilder: SEFRAK, KGR, intervju, skriftlege kjelder og diverse publikasjonar.
Grafisk formgjeving: Geir Goosen.
Kart: Sverre Mo.
Historisk kart og landkjenningsoppriss Den norske los, 1990: «Gjenngitt med
tillatelse frå Statens Kartverk Sjøkartverket med tillatelse 225/96.»
Foto: Privat eige og Turøyvarden ved Atle Ove Martinussen.
Produksjon: Artic Reklamebyrå, Bergen.