Årsmelding 2013 Førde sokneråd.pdf

Transcription

Årsmelding 2013 Førde sokneråd.pdf
Årsmelding 2013
Førde sokneråd
Over: Julegospel
2013
Foto: Gunvor Eide
Til venstre: Kyrkja
i Byen på
Skywalken
Foto: ukjent
1
1.Innleiing
Soknerådet sine oppgåver er basert på §9 i Kyrkjelova som seier:
”menighetsrådet skal ha sin oppmerksomhet på alt som kan gjøres for å vekke og nære det
kristelige liv i soknet, særlig at Guds ord kan bli rikelig forkynt, syke og døende betjent med det,
døpte gis dåpsopplæring, barn og unge samlet om gode formål og legemlig og åndelig nød
avhjulpet. Menighetsrådet har ansvar for at kirkelig undervisning, kirkemusikk og diakoni
innarbeides og utvikles i soknet.”
2013 var eit aktivt år for soknerådet og kyrkjelyden. Våren var prega av Bispevisitasen som fann stad i
midten av mars. Det var jobba godt i forkant av visitasen og vi fekk nokre gode drøftingar undervegs.
Fordelen med ein slik visitas er at ein får tatt ei oppsummering på kva arbeid vi eigentleg har i
kyrkjelyden vår. Og ved oppsummering ser vi at vi har ein god del aktivitetar. Biskopen gav
kyrkjelyden nokre utfordringar i visitasforedraget sitt som vi har hatt fokus på siste året. Det er auka
gjevarteneste, satsing på ulønna medarbeidarar og endå meir satsing på arbeid blant ungdom. Dette har
både soknerådet og ulike utval jobba med i året som gjekk.
Arbeidet går på det jevne heile året. Trusopplæringa har utvida med nye breiddetiltak for å nå enda
fleire aldersgrupper. Dette er i henhold til planen. Nokre av dei nye tiltaka som var tenkt starta opp i
2013 måtte ein utsetje grunna manglande personalressursar. Dei prøver ein å få til nå i 2014.
Det er fortsatt eit viktig og omfattande korarbeid som vert drive av kantorane. Nå er det kor for alle
aldersgrupper frå 4 år og oppover. Det er stadig trong for fleire songarar i Kyrkjekoret, og i 2013
klarte ein å få med ein god del nye songarar. I samband med at vi framleis har vore i prøvefasen for ny
gudstenesteliturgi, har det vore og er fortsatt viktig med forsongarar på gudstenestene. Her har
Kyrkjekoret gjort eit godt arbeid. Dette er noko vi vil har fortsatt fokus på i 2014.
Unge Vaksne arbeidet held fram med samlingar på Kyrkjetunet ein gong i månaden. I tillegg har dei
delteke på 2 gudstenester der ein har hatt fokus på lovsong. I haust har vi prøvd å setje fokus på
familiearbeidet i kyrkjelyden, og difor vart det saman med Førde KFUK/KFUM skipa til felles
middagar annakvar onsdag. Dette er same dag som Minigospel har øving.
Vi er ein aktiv kyrkjelyd som tar utfordringar i det å inkludere dei som står litt på utsida. Det vert
drive KIA arbeid med samling ein gong i månaden på bedehuset, samt Prayer Meeting kvar laurdag. I
haust vart det og starta opp eit fleirkulturelt kor på med fleire samarbeidspartnarar, og der KIA er
kyrkja sin representant inn i prosjektet. Også i 2013 kunne vi gle oss over at nokre av våre nye
landsmenn lot seg døype i Førde kyrkje. Det er og starta samtale/bibelgruppe for ei gruppe
innvandrarar.
Når det gjeld inkludering av menneske med utviklingshemming har vi samarbeid Kronborg
Ressurshage med to gudstenester i året, 10-kaffi og arbeidet på Blomereina. Vi har likevel ei
utfordring i å få med dei med utviklingshemming eller som har andre nedsette funksjonsevner. Vi må
prøve å vere på offensiven, spesielt når det gjeld born. Slik at foreldre føler seg velkommen sjølv om
dei har born med spesielle behov. Slik at når barnet vert større vert det naturleg for dei å kome med
barnet til våre ulike trusopplæringstiltak.
Det diakonale arbeidet vårt er stadig i utvikling, og det har i 2013 vorte starta opp med blant anna
kyrkjeskyss. Det er ikkje så mange som har nytta seg av tilbodet, men tilbodet har vore der, og det er
det viktigaste. Ein ser at ein treng lang tid på å få etablere nye tiltak. Samt at tiltak som har vore ei
stund kanskje ikkje er behov for lenger.
2
Dette vil vi i 2014:
Soknemøtet vedtok i haust at ein skal kjøpe inn ny Salmebok. Denne vil vi ta i bruk og bli kjend med
utover våren.
Det vart i haust sett i gang eit arbeid med å få høve til å gi offer via SMS. Dette vil bli starta opp med
vinteren 2014. Så får vi sjå om vi med dette får opp givartenesta både til eige arbeid og til andre.
Med så mykje aktivitet i kyrkjelyden, både for born og vaksne, er det viktig med mange ulønna
medarbeidarar. Vi har ein dyktig stab, men vi treng likevel mange frivillige. Og vi treng at nokon
ynskjer å stå i eit frivillig arbeid over litt lengre tid slik at vi får ein god kontinuitet. Dette er eit felt
soknerådet kjem til å ha fokus på framover.
Statistikk for 2013
Aktivitet
2013
2012
2011
2010
2009
Døypte i Førde
123
130
124
132
128
Døypte (adresse Førde)
102
110
116
122
105
5
5
0
3
0
144
161
136
143
139
Ekteskap
9
18
12
15
25
Gravferd
56
52
46
46
47
Utmelde
7
4
6
14
20
Innmelde
5
5
2
1
2
70
76
72
76
71
15653
15848
12647
14786
13443
223
208
194
189
218
7
7
8
11
1530
1684
2176
2258
3073
Skulegudstenstes
11
13
14
11
12
Kyrkjekonsertar
10
10
9
8
11
2121
1440
1660
1800
1600
212
144
184
225
145
Døypte over 12 år
Konfirmerte
Gudsteneste Søn/helgedagar
Frammøtte gudsteneste søn/helgedagar
Snitt frammøte gudsteneste.søn/helgedagar
Familiegudsteneste
Frammøtte familiegudsteneste
Frammøtte kyrkjekonsertar
Snitt frammøtte kyrkjekonsertar
3
Nattverdgudsteneste
57
52
48
47
50
4398
3137
3190
3013
3108
Snitt nattverddeltakarar
77
60
66
64
62
Skriftemålsgudsteneste
1
1
1
1
1
23
29
18
30
27
1
1
1
1
1
46
36
70
105
98
5
3
3
12
15
15 avd
18 avd
20 avd
860
750
Nattverddeltakarar
Skriftemålsdeltakarar
”Minigudsteneste” Barnehagar
Frammøtte ”minigudstenste”. Bhg.
Barnehagebesøk i kyrkja
Samla frammøte barnehagebesøk
2. SKILDRING AV ARBEIDET
2.1 Barn (0-12år)
Vi har mykje god aktivitet for born i Førde sokn, og dei fleste aktivitetane har fast plass på
årskalenderen. Planen for Trusopplæringa i Førde vart godkjent av biskopen i Bjørgvin 11.januar
2013, og vi fekk mykje skryt for den. I samband med plan for Trusopplæringa, utviklar vi nye tiltak.
Det er gledeleg at dei to tiltaka, Sprell Levande og På leit etter salmeskatten, som skulle ha vore starta
i 2012, vart starta opp i 2013. I tillegg starta vi eitt tiltak for 7 åringar med familie; Det Utrulege, og
eitt for 12 åringar; Kode B
I følgje planen, skulle det ha blitt starta to tiltak til; Skaparverkets dag for 9 åringar og Vandring
Gjennom Bibelen leir for 10 åringar, men på grunn av redusert bemanning på kyrkjekontoret deler av
året, måtte vi utsette dei. Då vi ikkje hadde kapasitet til å gjennomføre alle tiltak, prioriterte vi å
gjennomføre dei tiltaka som er kjende, framfor å starte nye.
Det er god deltaking på dei fleste tiltaka vi tilbyr. Vi ser at dei fleste nye tiltak treng nokre år før vi får
opp ei stabil og god deltaking.
Vi får bekrefta at det er viktig å bygge trusopplæring nedanfrå, og at fleire av tiltaka som har vore nye
dei siste åra, som til dømes Tårnagent og Lys Vaken, no er godt innarbeidd.
I tillegg til aktivitetane som er nemnd under, er det i Førde mykje kontinuerleg arbeid for born
gjennom Minigospel, Tween Sing, Søndagsskule, Speidar og klubb på Bedehuset. Desse kontinuerlege
tiltaka gjev born høve til å vere med på faste tiltak gjennom heile året. Det er eit mål for
Trusopplæringa å skape gode band mellom breiddetiltaka i Trusopplæringa, og dei kontinuerlege
tiltaka i kyrkjelyden.
4
Aktivitet/Tiltak
Dåpsinformasjonskveld
Deltakarar
90% av foreldra
som kjem med
borna til dåp i
Førde Kyrkje
deltek.
Leiar/medverkande
Prestane i Førde, saman
med Greta Gard Endal,
Kari Sandvik, Anna
Skadal Jonstad
Spiren 0-1 år
Foreldre saman
med babyar.
I snitt 30 kvar
gong
Spiren 0-6 år
I snitt 35 kvar
gong. Born frå 0-6
år, og foreldra er
med.
4 årssamling: Skattejakt
4 åringane. 105
deltok. Foreldra er
med
Sprell Levande
5 åringane. 12
deltok.
Mari J. Leirhaug, Gro
Anthun, saman med 2
uløna medarbeidarar
kvar gong. Ei gruppe på
uløna medarbeidarar
rullerer.
Mari J. Leirhaug, Heidi
V. Styve/Else O.
Kvamsås, saman med 2
uløna medarbeidarar
kvar gong. Ei gruppe på
uløna medarbeidarar
rullerer.
Inger Helene Nordeide,
Gro Anthun, Kåre K.
Bratten/ Marte H.
Ottesen, saman med
ungdomsarbeidarar og
uløna medarbeidarar
Else O. Kvamsås,
saman med
Søndagsskulen på
Solvang,
6 årssamling: Gledesperla
6 åringane. 34
deltok.
Inger Helene Nordeide,
Gro Anthun, Marte H.
Ottesen, saman med
ungdomsarbeidarar og
uløna medarbeidarar
Det Utrulege
7 åringar med
familie.
34 7 åringar,
tilsaman 124
deltok.
Else O. Kvamsås,
saman med Minigospel
Vakuumveka
7-10åringar, 79
deltok
Inger Cesilie Fitje/ Else
O. Kvamsås saman med
andre tilsette ved Førde
Kyrkjekontor.
Samarbeid med Sogn
og Fjordane KFUKKFUM, og Naustdal
Kyrkje. Mange
5
Kort omtale
Kveldssamling i Førde
Kyrkje kvar fyrste tysdag
i månaden. Informasjon
om dåp, dåpsgudstenesta
og kyrkja sitt
trusopplæringstilbod.
Utdeling av Skattekista
og boka Arvegull
Babysongguppe annakvar
torsdag føremiddag, med
fokus på leik og rørsle.
Gje foreldra idear til
korleis dei kan gje borna
ei kristen oppseding
Samling annakvar torsdag
føremiddag, men fokus
på song og rørsle.
Samling på vår og haust.
Samling på laurdag og
gudsteneste på søndag
med utdeling av «Mi
Kyrkjebok 4»
Nytt tiltak i
Trusopplæringa med
samling i november.
Søndagsskulen på
Solvang står for innhald
og opplegg.
Samling i november.
Opplegg i kyrkja og på
Kyrkjetunet laurdag og
deltaking i gudsteneste
søndag, med utdeling av
cd «Alle synger LYSET»
Nytt tiltak i
Trusopplæringa med
samling i januar. Samling
for heile familien. Show
med Ruben Gazki og
song av Minigospel.
Aktivitetsveke veka før
skulestart. Mykje
uteaktivitetar.
Brukarundersøking syner
at dette er eit tilbod som
både born og foreldre
opplever som
meiningsfullt og trygt.
ungdommar er med som
leiarar
Mari J. Leirhaug, saman
med ungdomsarbeidarar
og uløna medarbeidarar
Tårnagent
8 åringar, 37
deltok
På leit etter salmeskatten
10 åringar, 5
deltok
Gro Anthun
Lys Vaken
11 åringar, 30
deltok
Kode B
12 åringar, 4
deltok
Else O. Kvamsås, Gro
Anthun, Marte H.
Ottesen, saman med
ungdomsarbeidarar og
uløna medarbeidarar
Inger Helene Nordeide,
Marte Kristine Flaten
Julespel
Tilbod til
barnehagane.
395 born og 108
vaksne deltok
Påskevandring
Tilbod til
barnehagane
296 born og 67
vaksne deltok
Tilbod til
barnehagane
35 born deltok
Tilbod til
5.klassingar
169 elevar fordelt
på 8 klassar
Alle
barneskulande
Minigusteneste
Vandring gjennom
Bibelen
Skulegudstenester advent
og påske
Knøttekoret
4 -6 åringar, ca 20
stk kvar gong.
Foreldra er med.
Inger Helene Nordeide
saman med store deler
av staben ved
Kyrkjekontoret og tre
uløna medarbeidar
Inger Helene Nordeide,
Anne Lise Lauvstad,
Ingvald A. Frøyen,
Mari J. Leirhaug
Inger Helene Nordeide,
Ingvald A. Frøyen, Gro
Anthun
Inger Cesilie Fitje
Tilsette ved Førde
Kyrkjekontor
Gro Anthun, William
Anthun/ Hildegunn
Hellenes
6
Skattejakt i Førde Kyrkje,
med vekt på å bli kjent
med kyrkjeklokkene.
Førebuing til gudsteneste.
Nytt tiltak i
Trusopplæringa,
gjennomført i oktober.
Samling med tema
musikk i kyrkja.
Deltaking på
Haustkonserten.
Feiring av nytt kyrkjeår,
med overnatting i Førde
Kyrkje, og førebuing til
gudsteneste.
Nytt tiltak i
Trusopplæringa,
gjennomført i januar.
Opplegg med 2 samlingar
knytt til oppdagingar med
Bibelen, og gudsteneste
Skodespel, song og
forteljing av
julebodskapen, i Førde
Kyrkje
Vandring i kyrkja med
fokus på dei ulike dagane
i påska.
Barnehagegudsteneste i
mai
4 timars kurs i skuletida, i
samband med utdeling av
Bibel.
Gudstenester som vert
førebudd og gjennomført
i saman med skulane.
Song og leik i Førde
kyrkje kvar tysdag kl
17.00 – 17.45. Ca 1 gong
i månaden tilbod om
Knøttecafe, enkel middag
til Knøttar med familie
før øving. Deltek på
gudstenester, syng på
Helsetunet, NMSmisjonsmesse og har
eigne konsertar.
Førde Kyrkjes jentekor
Aspirantkoret
6-12 år
Gro Anthun
1.-3.klasse (6-9
år). 23 stk vår
2013. 20 stk
haust 2013.
Jentekor knytt til Ung
Kirkesang. Øving i kyrkja
kvar tysdag kl 18.30 –
20.00.
Deltek på gudstenester og
konsertar! Arrangement i
Førde utanom Førde
kyrkje: HelsetunetKorcafe i regi av
Damekoret Cora- Konsert
i Festsalen saman med
Førde seniorkor og Førde
ungdomskorps- Konsert
saman med Førde gutekor
og Sølvguttene.
Luciakonserten i Førde
kyrkje 13. desember kl.
07.00 har blitt ein
tradisjon! Godt oppmøte,
163 stk! Jentekoret var
også med og song på
Skywalken i samband
med «Julespel på
Handelshusa».
Lillejulafta song dei på
radioen.
2.2 UNGDOM (13-18år)
Vi gler oss over å ha svært god oppslutnad om konfirmantåret. Når det gjeld deltaking etter
konfirmasjonen hadde vi ei lita auke på begge Fjorårskonfirmanthappeningane og på Skileiren, noko
som er gledeleg, men det er framleis ei utfordring å få aldersgruppa 15+ med på tiltaka. Dette er noko
vi må halde fram å jobbe med.
Førde KFUK-KFUM driv to kontinuerlege tiltak for ungdom: Ten Sing gruppa Deciding og
aktivitetsgruppa Ludus, i tillegg har kyrkjelyden eigne tiltak: Konfirmantåret, Tilbod for
Fjorårskonfirmanter, tilbod om leiarkurs og Jentekor. I konfirmanttida vel konfirmantane eit
miljøtilbod som dei kan vere med på; leir i regi av NMS eller KFUK-KFUM, Friluftskonfirmantar,
Skileir, Konfirmantludus, Mat og Prat. Miljøtilboda er ikkje teke med i oversikta nedanfor.
Aktivitet/Tiltak
Skulegudstenester advent og
påske
Deltakarar
Ungdomsskulane
Leiar/medverkande
Tilsette ved Førde
Kyrkjekontor
Konfirmantåret
144 vart konfirmerte Heidi V. Styve og
våren 2013
andre tilsette ved Førde
Kyrkjekontor
7
Kort omtale
Gudstenester som
vert førebudd og
gjennomført i saman
med skulane.
Konfirmantår med
undervising,
gudstenester, leirar,
nattcup, fasteaksjon
Fjorårskonfirmanthappening
januar
Dei som vart
konfirmerte våren
2012. 17 deltok.
Heidi V. Styve, Else O.
Kvamsås, saman med
Deciding
Fjorårskonfirmanthappening
september
Dei som vart
konfirmerte våren
2013. 38 deltok
Else O. Kvamsås,
Marte H. Ottesen
MILK
For 10.klassingar
8 deltok i 12/13
4 deltek i 13/14
Heidi V. Styve, Marte
Kristine Flaten
Marte H. Ottesen
Skileir på Strandafjellet
For 10. klasse og
oppover. 43 deltok
Else O. Kvamsås
Sigbjørn Aase Styve,
saman med fleire uløna
medarbeidarar
Førde Kyrkjes jentekor
13-18 år
Gro Anthun
til Kirkens Nødhjelp
og miljøtilbod
Show med
illusjonisten Ruben
Gazki, og ope hus i
regi av Deciding.
Tilbakeblikk på
konfirmanttida og
eit blikk framover på
kva ein har
moglegheit til å vere
med på.
30 timars
leiartreningskurs
fordelt på 8
samlingar og praksis
i kyrkjelyden.
Leirtilbod til
ungdom etter
konfirmanttida.
Også i samarbeid
med Naustdal
Jentekor knytt til
Ung Kirkesang.
Øving i kyrkja kvar
tysdag kveld.
2.3. VAKSNE
Kveldsmessene som er ei kort nattverdsgudsteneste onsdag kveld, har vore eit fast innslag 2 gonger i
månaden. Vi har hatt Tomasmesser i 2013.Andaktane på Helsetunet går fast kvar torsdag. Her har vi
god hjelp av friviljuge i tillegg til tilsette.
Aktivitet/Gruppe
Kveldsmesse
Leiar av tiltaket
Prestane/kantorane
Tomasmesse
Stab/friviljug
Sunnfjord Folkehøgskule
”Å leve med sorga”
Diakoniutvalet,
diakonimedarbeidar
Cafe & Be
Nils Edvin Numme
Bibeldykk
Cafe & Be, NMS
Temakveldar
8
Kort omtale av tiltaket
Kort
nattverdsgudsteneste/kvardagsmesse
Ei gudstenesteform med vekt på
rik liturgi, ulike bøneformer,
nattverd
Samling for pårørande etter
dødsfall. Litt undervisning,
rettleiing og samtale
Samling ein gong i månaden,
annakvar gong lovsongkveld og
quizkveld
Eit dykk i bibeltekstar hovudsak
er målgruppa 18 – 40 år.
Gudstenesteutvalet hadde ein
temakveld med tema ”Eit
djupdykk i gudstenesta vår”
Miljøgruppa har hatt ansvar for 2
temakveldar
Kyrkjeringen
Ragnhild Bell Espeseth
Smågrupper/bibelgrupper
2.4. Gudstenesteliv
Ei oversikt over ulike gudstenester som har vore feira i 2013
(Sjå elles kapittel Statistikk)
Misjonsgudsteneste
KodeB-gudsteneste (12 år)
Skriftemålsgudsteneste
Gudsteneste med 4-årssamling
Visitasgudsteneste
Skulegudsteneste i advent og før påske
Temagudsteneste med konfirmantar
Ungdomsgudsteneste med Cafe&be
Tårnagentgudsteneste (8år)
Kveldsmesser (onsdag)
Konfirmasjonsgudsteneste
Semestergudsteneste for Sunnfjord.folkehøgskule
By-gudsteneste
Folkemusikkmesse (Førdefestivalen)
Semesterstartgudsteneste
50-årskonfirmantjubileum
Helgemesse Konsert-messe
Tomasmesse
Gudsteneste med 6-årssamling
Dåpsgudsteneste
LysVaken gudsteneste/Lys messe (1. s. i advent)
2
1
1
2
1
9
1
2
1
6
6
2
1
1
1
1
1
3
1
4
1
9
Samlast kvar 1.måndag i
månaden. Samlar inn pengar til
utstyr som trengs i kyrkja. Ansvar
for blomar på alteret i samarbeid
med Bygdekvinnelaget,
Kyrkjekoret og Kari Haug. Deltek
med matlaging og servering på
konfirmantforeldremøte og andre
møte.
Har gitt økonomisk støtte til nye
salmebøker..
Kyrkjeringen har høg
gjennomsnittsalder og ynskjer seg
nye medlemmer.
Er takksam for ynskje frå
sokneråd/stab når det er behov for
fornyingar i kyrkja.
Mange grupper har vore i gong
lenge, og fleire er opne for nye
deltakarar. Det har blitt informert
og invitert til grupper på
gudstenester og i Helg og Heim.
Oversikt over grupper i
kyrkjelyden og i organisasjonane
– 28 i alt, får ein på
Kyrkjekontoret.
Adventsgudsteneste for Kronborg Ressurshage
Jubileumsgudsteneste for Sogn og Fjordane fylke
2
1
Ny gudstenesteordning legg særleg vekt på tre begrep: stadeigengjering, involvering og deltaking. I
Førde kyrkje er det allereie mange friviljuge deltakarar, som kyrkjevertar, tekstlesarar,
nattverdmedhjelparar, konfirmantar.
Innføring av ny liturgisk musikk har vore ein krevjande prosess. I Førde har vi no samla oss om 3
alternativ, slik:
Liturgisk musikk
Førde kyrkje
Alternativ I: Folkemusikkmessa (Jo Asgeir Lie). Fortrinnsvis brukt på høgtidsdagar og i festtida i
kyrkjeåret
Alternativ II: sjå eige oppsett under
Alternativ III: Magnus Beite. Brukt ved gudstenester med born og unge/skulegudstenester.
Alternativ II:
Liturgisk ledd
KYRIE
GLORIA
HALLELUJAVERS
Musikk
S97 nr. 154
Overøye / 0243
S97 nr. 192/195
KYRKJELYDSSVAR, Forbøn
PREFASJON
SANCTUS
Magnus Beite
1977-liturgi
Overøye/(Fest-Sanctus etter
1977-liturgien)/ S97 nr.163
Festmelodi etter 1977liturgi/M.Beite sitt Agnus Dei.
1977-liturgi
AGNUS DEI
VELSIGNING
Merknad
Event. utvida trinitarisk
Her kan ein variera etter
kyrkjeårstid/dagens tema el.
preg. Salmevers kan og brukast
Høyr vår bøn x3
Dette vil vi satsa meir på i 2014:
Auka deltaking og involvering av lokale grupper, og styrkja forsongartenesta i gudstenestene
2.5 Kyrkjemusikk
Musikk og song er viktig for å styrkje det andelege livet i kyrkjelyden. Våren 2013 har
kyrkjemusikken vore mykje retta inn mot dei ulike gudstenestene. Forsongarar, instrumentalistar og
ulike kor har delteke. Dette ynskjer ein å halde fram med i 2014. Med ulike musikalske aktørar, skapar
ein både variasjon og involvering!
Etter utprøving av ulik liturgisk musikk, har ein kome fram til desse alternativa:
1. Folkemusikkmessa av Jo Asgeir Lie. (Festtidene)
2. Her blir brukt element frå 1977-liturgien/ Overøye/Beite sin musikk og liturgisk musikk frå
Norsk Salmebok . (Det er laga eit eige oppsett for dette)
10
3. Magnus Beite sin musikk til gudsteneste med born/unge.
Aktivitet/gruppe
Konsertar
Deltakarar Leiar av tiltaket
Kommentar
Konsertar i regi av soknerådet, og i
samarbeid med Førde KFUK/M:
Kyrkjegospel, Vårkonsert, Vårkonsert
arr. Korskulen i Førde kyrkje,
Haustkonsert, Knøttekoret sin
adventskonsert, Kyrkjelyden sin
julekonsert, Luciakonsert og Julegospel.
Førde Kyrkjekor
26
Øving i kyrkja kvar onsdag kl. 19.45 –
21.45. På vårsemesteret starta arbeidet
med innøving av Mozart requiem, som
vart framført i Helsinki, Finland med
finske korvener i slutten av september.
Dette var eit samarbeidsprosjekt med
Askøy kirkekor og Cantus. Deler av
dette verket vart også framført
Helgemessesøndag Dale kl. 11 og Førde
kl. 19. Dette var i samarbeid med
Cantus. Kyrkjekoret var også arrangør
for Vårkonsert i Førde kyrkje. Her deltok
også: Kor Førde, Ingrid Beate Ringstad
og Andrea Olsen Eide, song, Terje Vie,
fele, Kulturskulen sitt strykeensemble og
Cora. Denne konserten har blitt ein
tradisjon! Koret har også sunge på Førde
bedehus, Haustkonserten, Helsetunet,
”Adventsstund” på Sjukehuset og
Kyrkjelyden sin julekonsert.
Gro Anthun
Førde kyrkjekor har fått nokre nye medlemmer. Det er bra! Koret vil framleis delta på Gudstenester,
Bedehuset, Helsetunet etc.
Arrangere Vårkonsert med lokale musikklag i kommunen og distriktsmusikarar.
Våren 2014 blir Mozart`s requiem framførd i Førde og Stedje kyrkje. Medarrangørar er SkeiVasskoret og Sogndal songlag. Verket blir framførd med samansett orkester, solistar, distriktsmusikarar og
koristar frå Røyst, Cantus og unge koristar frå Sunnfjord. Til hausten har koret takka ja til
samarbeidsprosjekt med Kinn kyrkjekor. Då blir Faurè requiem framførd i Florø og Førde kyrkje 8. og
9. november.
Kantor vil jobbe for konsertar med både ”eigne musikarar” og eksterne musikarar. Samarbeid med
andre musikkarrangørar, både lokalt og sentralt. Kyrkjelyden sin julekonsert som før; invitere lokale
musikkaktørar til deltaking. Haustkonsert for alle kor og musikkgrupper i kyrkjelyden blir også
arrangert i 2014!
Har tankar om å arrangere ein julekonsert for born, med m.a skulekorps og barnekor.
11
3.TILSETTE
Tilsette av Førde kyrkjelege Fellesråd
Stilling
Tilsette i 2013
Stillingsstorleik
Kommentar
Kateket
Heidi V. Styve
100%
Vik for kateket
Diakoniarbeidar
Tor Øyvind Westbye
Ingvar Vagstad
80%
100%
Vikar for diakoniarb.
Leiar, trusopplæringa
Progr.arb/trusopplærar
Inger Cecilie Fitje
Else O.Kvamsås
Mari Jonstad Leirhaug
80%
100%
100%
Permisjon frå beg.
februar
Januar til april.
Permisjon frå februar
2013
Frå april 2013
Vikar trusoppl./diakoni
Kantor I
Inger Helene Nordeide
Gro Anthun
40%
100%
Kantor II
Asbjørn Flåm
60%
Kyrkjetenar
Kyrkjeverje
Terje Sæle
Oddvar Etnestad
100%
100%
Kyrkjesekretær
Kari S. Holsen
100%
Barne og ungd.arb
Marte Kristine Flaten
timebasis
t.o.m.aug
Barne-og ungd.arb
Olve Fitje
timebasis
t.om. aug
Barne-og ungd.arb.
Barne-og ungd. Arb.
Inga Haugsvær
Hildegunn Hellenes
timebasis
timebasis
Barne og ungd. Arb
Sverre Fitje
timebasis
Barne og ungd. Arb.
Maria Bjørnereim
timebasis
f.o.m aug.
Tilsette av Bispedømet i tenesteområdet Førde og Naustdal:
Stilling
Prost
Tilsette i 2013
Reidar A. Knapstad
Sokneprest i Førde
Prostiprest
Sokneprest i Naustdal
Spes.prest for barn og
Kommentar
Kåre Knutsen Bratten
Stillingsstorleik
100% Prostiet / 50%
tenesteomr.
100%
Stein Oltedal
100%
100%
Tenestestad Ho. og
Hau
Tenestestad Naustdal
100%
Fung kateket i
Rigmor Frøyen
Marte Hovda Ottesen
12
Tenestestad Førde
unge
Førde/Holsen og
Haukedalen frå aug
Prestane har teneste i heile tenesteområdet, Førde og Naustdal, med tenestestad kvar sine
tenestestader.
4.Årsmelding frå utvala
Soknerådet og utvala har i samarbeid med tilsette og andre medarbeidarar gjennomført arbeid og
oppgåver i 2013 og har ynskje og mål for vidare arbeid i 2014.
4.1. Kyrkjemusikalsk utval
Det har i 2013 vore nokre møte, der ein har jobba med Kyrkjemusikkplan for Førde. Det er oppnemd
eit utval: Kari Espeseth Bengtsson, Kjersti Veiteberg Eide, Eldgrim Fossheim og Gro Anthun, som
skal jobbe vidare med dette i 2014.
4.2. Diakoniutvalet
Diakoniutvalet:
Leiar:
Medlemmer:
Diakoniarbeidar:
Anne Lise Lauvstad
Margit Olava Nygård, Olaug Åmot, Jostein Berntsen, Elin Flatland
Ingvar Vagstad/Inger Cesilie Fitje (vikar frå 01.04.13)
Diakoniutvalet har hatt 5 møte i 2013.
Miljøgruppa, undergruppe under diakoniutvalet:
Leiar:
Hanne Schnitler
Medlemmer: Hans Lauvstad, Atle Stubhaug og diakoniarbeidar Ingvar Vagstad/Inger
Cesilie Fitje (vikar frå 01.04.13)
Miljøgruppa har hatt 2 møte i 2013
Styringsgruppa for Kyrkja i Byen, undergruppe under diakoniutvalet:
Anne Lise Lauvstad, Hanne Schnitler, Oddvar Etnestad, Ingvard Vagstad/Inger Helene Nordeide
(vikar frå 01.02.13) og Inger Cesilie Fitje (vikar frå 01.04.13)
__________________________________________________________________________
Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Det er evangeliet i handling og vert uttrykt gjennom
kjerneområda
13




nestekjærleik
inkluderande fellesskap
vern om skaparverket
kampen for rettferd
Diakoniutvalet har ansvar for planlegging og gjennomføring av diakonitiltak i kyrkjelyden.
Utvalet arbeider ut frå vedteken lokal diakoniplan som byggjer på diakoniplan for Den Norske Kyrkja.
2013 var andre år i planperioden 2012 – 2015.
Kyrkja i byen har vore eit viktig satsingsområde også i 2013.
Visjon: Innbyggjarane i Førde skal oppleve at kyrkja er tilstades og nærverande i byen.
Tiltaksoversyn:
Tiltak 1
Etablering av eit møtepunkt på Skywalken på Handelshuset
Ein stad for kontakt, samtale og informasjon om kyrkja sitt arbeid
Tiltak 2
Etablering av eit ”Ope hus”-tilbod i lokale i Handelshuset
Ein miljøskapande tilhaldsstad for ungdom
Tiltak 3
Bygudstenester, arrangement og høgtidsmarkeringar
Tiltak 4
Igangsetting av prosjektstilling ”sentrumsdiakon”
Oppfølging og utvikling av deltiltaka
Tiltak 1 kom godt i gang i løpet av 2012, og er no eit fast innslag på skywalken onsdag kl.14.00 –
16.00. I 2013 vart også tiltak 3 realisert ved at ein hadde julespel på Handelshuset onsdagen før jul.
Jentekoret deltok med song, og dei tre vise menn og gjetarane vandra kring.
Når det gjeld tiltak 2 ønskjer styringsgruppa for Kyrkja i Byen å endre målsetjinga. Som skissert over
var det i starten av prosjektet ei målsetjing at det skulle etablerast eit eige tiltak for ungdom på
Handelshuset. Både med bakgrunn i resurssituasjonen og tilbakemeldingar frå samarbeidspartar,
vurderer vi det ikkje lenger bør vere ei målsetjing for prosjektet å etablere eit eige tiltak. I staden ser vi
det som ei betre løysing å bruke dei fora som alt er etablerte.
Ein har fått i stand godt samarbeid med miljøkoordinatorane på Hafstad og Øyrane vidaregåande
skule, og ungdomsleiar og folkehelsekoordinator i Førde Kommune. Kyrkja i Byen har hausten 2013
vore til stades i matfriminuttet til elevane på Øyrane vidaregåande skule1-2 gonger pr mnd. Dette
ønskjer vi å halde fram med. Vidare er det eit mål å finne/frigjere ressursar til å engasjere seg i den
kommunale ungdomsklubben Løa.
I samband med arrangementet Førde Opp august 2012, var ”Kyrkja i Byen” aktive medspelarar i
Førde Opp Flatt; ei alternativ rute i sentrum for dei som av ulike grunnar ikkje kan vere med til
toppen.
Prosjektplan for Kyrkja i Byen er med utangspunkt i ovannemnde under revidering.
14
Andre tiltak i regi av diakoniutvalet/diakoniarbeider i 2013:
”Vi syng jula ut”. Diakoniutvalet arrangerte årleg samling på Helsetunet i januar. Program med
kaffikos, song og juletregang.
KIA (Kristent Interkulturelt Arbeid): Anne Lise Lauvtad har representert Førde
sokneråd/diakoniutvalet i styringsgruppa for KIA. Diakoniarbeidar er også med i styringsgruppa. KIA
har samlingar på Førde bedehus ein torsdag i månaden. Hausten 2013 vart det også etablert
internasjonalt kor i samarbeid mellom Førde Kommune, Sogn og Fjordane Fylkeskommune
(kulturavdelinga) og KIA Førde. Koret blir dirigert av Jorun Bakke Nydal.
Miljø: Miljøgruppa har i 2013 arrangert to temakveldar. Den første var om nord/sør handel; «Er det
betre for miljøet å slutte med matproduksjon i Norge?». Her invitert ein innleiarar frå Kirkens
Nødhjelp, Changemaker og Sogn og Fjordane Bondelag. Temakveld om kompostering vart også
arrangert våren 2013, dette i samarbeid med Førde Hagelag og Naturvernforbundet. Vidare har
miljøgruppa arrangert sykkelfiksekveld, og i samband med bygudstenesta/Verdens Miljødag inviterte
gruppa til økologisk frukost på Trapp Ned. Gruppa har også engasjert seg i spørsmålet om ny
handelspark på Brulandsvellene, og overlevert underskriftslister til Førde formannskap. Det er også
sendt brev til styret for Sunnfjord Miljøverk om innsamling av plast (kjeldesortering). Miljøgruppa og
diakoniarbeidar har også ansvar for oppfølging av Førde Kyrkje som grøn kyrkjelyd.
Kyrkjekaffi i våpenhuset etter gudstenesta nokre gonger i semesteret.
Julaftan på Førde kyrkjetun vart arrangert i samarbeid med kommunen og Frivilligsentralen.
Arrangementet samla om lag 90 deltakarar frå fleire ulike nasjonar.
Tolketeneste på gudstenestene. Ein har i periodar hatt tilbod om omsetjing til engelsk, men få har
nytta tenesta dette året.
Kyrkjeskyssordning. Tiltaket er no etablert, men har fram til no vorte lite nytta. Ein vil likevel halde
fram ordninga, for å sjå om det på sikt kan bli fleire brukarar. Tiltaket har vore kungjort i Helg og
Heim, på heimesida, i Firda og ved direkte kontakt. Vidare er det sent informasjon og liste til
Kronborg ressurshage, Frivilligheitssentralen og Førde Kommune v/heimetenesta.
Besøksteneste. Diakoniutvalet har hausten 2013 hatt fokus på besøksteneste, og noko arbeid er alt
etablert i tilknyting til Helsetunet. Førde Kommune arrangerte hausten 2012 eit møte med fokus på
frivillig arbeid, der behovet for besøksteneste til heimebuande vart vurdert som stort. I praksis syner
det seg derimot vanskeleg å nå tak i dei heimebuande. Diakoniutvalet vil halde fram med å
vidareutvikle arbeidet med besøksteneste i 2014.
Temakveld om sorg. Diakoniutvalet og sokneprest arrangerte i april ei samling for etterlatte.
Diakoniarbeidaren har elles vore med i følgjande tiltak:
- Helsetunet; andakter og nattverdsmedhjelpar
- Kronborg Ressurshage, kontakt og planlegging av samlingar
-10-kaffi og onsdagstur kvar veke
- konfirmantarbeid; undervisning om diakoni og ulike miljøtilbod (friluftskonfirmantar, Skileir, SMSleir)
- fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp
- middag på Kyrkjetunet (nytt tiltak i samarbeid mellom Førde Kyrkje, Førde KFUK/M, Kronborg
Ressurshage og Øyrane vidaregåande skule)
15
- meditasjonsgruppe
4.3. Trusopplæringsutvalet
Trusopplæringsutvalet i 2013:
Sekretær
Else Osmundnes Kvamsås
Leiar
Nils Edvin Numme (Førde Sokneråd)
Utvalsmedlemar
Bodil Øvsthus Frøysland (Holsen og Haukedalen Sokneråd)
Hanne Bildøy (Søndagsskulen)
Anne Magerøy (Førde KFUK-KFUM)
Inger Anne Friborg
Utvalet har hatt 6 møter og handsama 36 saker
Plan for Trusopplæringa i Førde, Holsen og Haukedalen vart godkjent av biskopen i Bjørgvin
11.januar 2013
Trusopplæringsutvalet har i 2013 jobba med følgjande:
Nye tiltak:







Sprell levande: Skulle ha vore gjennomført i 2012, men på grunn av for få påmelde, vart det
utsett til 2013. 12 5åringar deltok, på samlinga som vart gjennomført i regi av Søndagsskulen.
På leit etter salmeskatten: Skulle ha vore gjennomført i 2012, men på grunn av for få påmelde,
vart det utsett til 2013. Gjennomført med 5 10åringar.
Kode B: Tiltak for 12åringar. Gjennomført med 4 deltakarar. Ein valde å gjennomføre sjølv
om det var få deltakarar, for å få i gong det nye tiltaket. Det må jobbast med promotering og
rekruttering før 2014
Det Utrulege: Tiltak for 7åringar med familie. 34 7åringar deltok på eit tiltak som var suksess
frå starten av. Med foreldre og Minigospel var det 124 på samlinga.
Skaparverkets dag: Tiltak for 9åringa. Utsett til 2014 på grunn av mangel på personal
ressursar.
Tårnagenthelg i Holsen og Haukedalen: Det vart invitert til felles Tårnagentsamling for 68åringar i Holsen og Haukedalen. Det var ingen som melde seg på, og tiltaket vart difor ikkje
gjennomført. Vi må vurdere informasjon og tidspunkt før vi prøver på nytt i 2014
Det tek tid å innarbeide nye tiltak i Trusopplæringa, og vi må gjere born og foreldre medvitne
på at det vil komme tiltak for alle aldersgrupper. Tiltak som har vore ei stund, er godt
innarbeida.
Brukarundersøking:


Det har vore utarbeidd og gjennomført brukarundersøking på Lys Vaken og Vakuumveka
dette året.
Lys Vaken: Denne brukarundersøkinga var laga som questback. I januar gjennomførte vi for
Lys Vaken 2012, og den same i desember for 2013. Her var det 2 og 1 tilbakemelding, noko
som fører til at vi ikkje får noko totalbilde. Det blir å sjå på som einskildtilbakemeldingar.
16


Vakuumveka: Ark som deltakarar og foreldre fylte ut før dei gjekk heim siste dagen. 50 av 79
leverte. Her fekk vi mange gode og nyttige tilbakemeldingar. Borna opplever Vakuumveka
som meiningsfull, kjekk og ein trygg stad å vere.
Erfaringane i 2013 syner at det er lettare å få tilbakemelding på brukarundersøking som vert
fylt ut når ein er på eit tiltak. Dette må vi ta med oss vidare.
Grafisk profil:

Den grafiske profilen har blitt ferdigstilt og vi har no fått produsert brosjyre med oversikt over
all aktiviteten i Trusopplæringa og Roll-up for Trusopplæringa. Det er laga ei brosjyre for
Førde og ei for Holsen og Haukedalen.
Korleis gjere planen kjend for alle?

Vi har godkjende planar for Trusopplæringa, som vi har fått mykje god tilbakemelding på. Ei
utfordring er å gjere den kjend for alle. I den samanheng har vi gjort følgjande:
o Sendt informasjonsbrev til alle husstandar i Holsen og Haukedalen, saman med
brosjyra for all aktivitet i Trusopplæringa.
o Hatt informasjon om planen og aktivitetar på kyrkjekaffi i Førde.
o Sendt pressemelding til Helg og Heim
o Sendt pressemelding til Firda – den har ikkje komme på trykk.
Uløna medarbeidarar:


Det er oppretta register over alle uløna medarbeidarar i Trusopplæringa, og desse fekk tilsendt
adventshelsing
Vi har sett fokus på korleis vi kan rekrutterer nye uløna medarbeidarar. Dette er ei vedvarande
utfordring.
Trusopplæringsutvalet 2014
Trusopplæringsutvalet vil i 2014 blant anna jobbe med gjennomføring og evaluering av
brukarundersøkingar ut frå oppsett plan.
Under dei sentrale dimensjonane i trusopplæringsplanen er det sett opp nokre mål som skal
implementerast i 2014, i den samanheng vil utvalet vere ein viktig ressurs.
4.4. Misjonsutvalet
Misjonsutvalet har i 2013 bestått av: Kari Fossheim, leiar. Frøydis Naustdal, Aud Farestveit Larsen,
Norunn Bremstein
Førde kyrkjelyd held fram med to misjonsprosjekt, begge i Det Norske Misjonsselskap:
Støtte til arbeid med kyrkjelydsplanting i Mustamäe i Estland, forstad til Tallin. Og til sør-sør misjon i
Mali.
Misjonsgudstenesta i januar: Jan Magne Moi frå Normisjon var med i kyrkja. Han viste også bilete og
fortalde frå Nepal på kyrkjekaffien. Misjonsutvalet hadde ansvar for maten.
17
Misjonsutvalet var også med på KIA i mars og november. Hadde ansvar for mat der.
I 2014 ønskjer vi : Stelle til kyrkjekaffi etter ei eller fleire misjonsgudstenester.
Vere med på KIA kveldar vår og haust og ha ansvar for maten.
4.5. Gudstenesteutvalet
Medlemmer : Kåre Knutsen Bratten, Gro Anthun, Inger Helene Nordeide, Lars Nordvik, Hild
Eimhjellen.
Gudsteneste-utvalet hadde 4 møte i 2013, 1 i vårhalvåret (pause første del av året pga visitas) og 3 om
hausten
Utvalet har i 2013 jobba med desse sakene:
Ny gudsteneste-ordning (vedteken av soknemøtet 18.11.12.)
Utvalet har kome med innspel om korleis ulike deler av ordninga fungerer.
a) Liturgisk musikk : Har no tre variantar i bruk. Legg vekt på å bruke ein variant over tid, slik at
kyrkjelyden kan lære kvar variant godt.
b) Involvering av fleire medliturgar : Utvalet har hatt dette som ei målsetjing. Det er laga oversikt over
aktuelle oppgåver for medliturg.
Temakveld 10.09.13 : "Gudstenesta vår - velkommen til eit djupdykk"
Kvelden var samansett av kort foredrag av K.K. Bratten, 5 personar frå kyrkjelyden om "Kva betyr
gudstenesta for deg ?", smakebitar på liturgisk musikk ved G.Anthun, enkel servering. Ca 30 - 40
frammøtte.
Utvalet har fått gode tilbakemeldingar på arrangementet.
Innspel i høve til gudsteneste-planen
Utvalet har meint det er viktig å halde på Tomasmessene som ein variant av kveldsmessa på onsdagar.
Tok ansvar for ei Tomasmesse i november. Godt frammøte på denne.
Lerret i Førde kyrkje
Utvalet hadde synfaring og kom med innstilling til soknerådet i saka.
Ny salmebok
Har planlagt salmekveldar / markering av at ny salmebok vert teken i bruk i 2014.
4.6. Arrangementsutvalet
Arrangementsutvalet har ikkje vore heilt fungerande dette året grunna i ulike årsaker. Soknerådet har
difor stått for fleire av arrangementa i kyrkjelyden som elles arrangementsutvalet ville ha stått for. Tal
kyrkjekaffiar var 10, 4 om våren og 6 om hausten. Samarbeidspartnarar har vore misjonsutvalet, Lys
Vaken, Førde KFUK/KFUM, diakoniutvalet.
Soknerådet har arrangert 17.maifesten på Kyrkjetunet og den årlege julefesten 30.desember.
Det er utfordrande for soknerådet å skulle drive eit godt arbeid på overordna nivå når ein samtidig må
vere med sjølv å stå for dei fleste praktiske arrangement i kyrkjelyden. Ynskje for 2014 er difor blant
anna at ein får fleire friviljuge inn mot arrangementsutvalet som vil vere med å ha ansvar for dei
praktiske arrangementa som soknerådet står for.
18
4.7. Informasjonsutvalet
Medlemmer:
(leiar).
Anne Leknes Gryte (soknerådet sin representant), Kjell Ove Nordeide, Arne Håberg
Informasjonsutvalet har hatt tre møte i 2013. I tillegg har leiar hatt eitt møte med Oddvar Etnestad.
Utvalet har prioritert å arbeide med følgjande saker:
1: Påverke til at kyrkjelyden startar opp ei organisasjonsside på Facebook. Føremål: Å senke terskelen
for informasjon med publikum. Dene blei oppretta av Oddvar Etnestad 11. juni og har pr i dag 174
følgjarar. Her er potensialet mykje større.
2: Undersøkje om det ligg ein effektiviseringsgevinst i å samkøyre Helg og Heim med nettkanalane
(heimesida og facebook). Vi ser føre oss at ein artikkel som blir skriven lett kan publiserast i fleire
kanalar utan at arbeidsmengda aukar vesentleg. Vi ser også føre oss at ein redaktør kan ha eit samla
ansvar for både trykt medium og nettbaserte kanalar.
Vi har ikkje arbeidd målretta med desse tankane enno.
4.8. Økonomiutvalet
Medlemar:
Leiar:
Tal møter:
Trond Naustdal, Siri Brændmo (soknerådet sin representant), og Jostein Bildøy.
Jostein Bildøy
3. Det første møtet saman med soknerådsleiar, det tredje møtet med kyrkjeverja til
stade.
Målsetting:
Arbeide for å sikre best mogeleg økonomi for kyrkjelydsbyggande tiltak.
Økonomiutvalet har sidan sitt etableringsmøte i juni drøfta oppgåvene utvalet har, og vurdert at
behovet for langsiktig styrking av gåveinngangen til kyrkjelydsarbeidet må prioriterast. Vi gjorde difor
vedtak om å arbeidde fram tiltak for SMS-kollekt til kyrkjelydsarbeidet, med prøveperiode i 2014.
Soknerådet har gått inn for samarbeid om dette med MobileAxcept AS.
19
Over:
Jentekoret
syng under
visitasgudsten
esta 17.03.13
Til venstre: På
leit etter
salmeskatten
Begge foto:
Reidar Eide
20