Primstaven nr 1 2014

Comments

Transcription

Primstaven nr 1 2014
MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG
Nr 1 / januar 2014
Broderinemnda i Nordhordland Husflidslag
Broderinemnda vart etablert som eiga nemnd 2009. Då hadde deltakarar i
nemnda arbeidd vel eit år før nemnda fekk eigne vedteker og budsjett. I den
gamle prestegarden på Manger har Radøy kommune gjeve løyve til å ha faste
møter, samt stilt kontorlokale og lagerrom vederlagsfritt til disposisjon for nemnda
sitt arbeid.
Eit hovudmål for nemnda sitt arbeid er å ta vare på gamle mønster og broderi av
alt som ikkje er teljesaum. På få år har dei fått ei imponerande samling av gamle
mønster og ferdige broderi, alt frå pyntehandkle, puter, løparar og dukar. For vel
eit år sidan hadde nemnda utstilling av gamle puter, sofaputer og bilputer. I
etterkant fekk leiar av broderinemnda telefon frå Trondheim av ei dame som
ynskte broderi av ein bilpute. Ho hadde søkt etter bilputer på nettet og fått treff
hjå broderinemnda i Nordhordland husflidslag.
Nemnda er flinke til å delta på messer og utstillingar både i Nordhordland og
utanfor regionen. Dei har delteke på broderiutstilling på Gjerstad museum,
Osterøy, der dei viste fram ei av gåvene, ein fin gamal duk med plattsaum og
franske knutar. På laget si julemesse i 2. november var tema for utstillinga
barnesmekkar.
Styremedlemmar i nemnda hadde sydde opp nye smekkar etter gamle mønster før
messa. Leiar Vigdis Olsen fortel at dei fekk god respons på utstillinga, mange
stansar opp og fortel om gamle broderi dei har heime. På spørsmål om nemnda kan
få låne dei for registrering er det stort sett positiv respons og fleire gjev broderi
som gåve til nemnda slik at dei kan ta vare på dei vidare.
Vigdis Olsen fortel at dei har registrert
seg hjå Norsk Museumsforeining med
kjenneteikn NHB, og på løpenummer
vert så alle gåver og ting dei får låne
registrert for ettertida. Medlemmer av
nemnda har delteke på kurs i
registrering, kurs om reinhald av
gamle tekstilar og kurs i
intervjuteknikk.
2
Barnesmekke etter gamalt mønster
Kursverksemd
Ei anna oppgåve for nemnda er å
arrangere kurs slik at kjende
teknikkar kan haldast i arv. Det kan
nemnast kurs i engelsk broderi
hausten 2010, kurs i tungesaum og
plattsaum 2011, samt ein
studiering i Hedebosaum, ein
spesiell teknikk, sjå bilde
Broderikveldar i gamle prestegarden på Manger er opne møte for interesserte. Ein
gong kvar månad kan interesserte ta med broderi og treffast. Det er og mogleg å få
hjelp dersom det er aktuelt. Treffa er frå kl. 18.00 til 21.00, og det er annonsert i
lokalavisene. Vanlegvis er det mellom ni og tretten deltakarar på treffa. Treffa er
gratis, ein betalar for kaffi, og det kjem deltakarar frå fleire kommunar i
Nordhordland og også frå Bergen. Mendan praten går broderer flittige hender
mellom anna stilkesting, holbeinsting, plattsaum, løkkesting og tungkant.
Frå høgre: Vigdis, Sissel, Karin ,Kirsten og
Jorunn
Annlaug og Åse viser fram ferdig
påskeløpar.
3
Opning av Hillesvåg Ullvarefabrikk Economusee
Fred.1.nov.13 inviterte Hillesvåg Ullvarefabrikk
til offesiell opning av Economusee. Dei er no
det 8. Economusee i Hordaland.
Nordhordland Husflidslag var representert med
underteikna.
Ordføraren i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes
ynskte velkomen. Øyvind Myhr orienterte om
Ullvarefabrikken.
Helge-Andre Njaastad helsa og gratulerte
fabrikken velkomen som Economusee.Det var
også helsing frå Hordaland Fylkeskommune ved
næringssjef Mette Nora Sætre.
Anne Hvitsten stod for det musikalse
underhalningsbidraget. Jubelen stod i taket då ho framførte den nyskrevne visa si om
ull som var gull. Flott omvisning i fabrikken fekk me og. Den står no fram i ny
utgåve ,så det er ei stor oppleving og vandra rundt der. Mange flotte plakatar med
gamal historie er komen opp på veggane.
I husflidens Hus fekk me servert nydeleg suppe som Bunadsnemda hadde laga. Dei
stod for all servering,og fekk mange lovord for det.
Mange av dei andre Economusee hadde med gåver og helsingar til det" nye
familiemedlemet"
Hillesvåg Ullvarefabrikk takka sine samarbeidspartnar,og då vart Husflidslaget
framheva.Me kan berre retta takken attende og stilla oss saman med dei andre
gratulantane.
Aud Marit Halland
HILLESVÅG ULLVAREFABRIKK - EITT AV ÅTTE ÉCONOMUSÉE I HORDALAND
Det var 1. november i fjor at Hillesvåg Ullvarefabrikk offisielt vart opna som
économusée. Eit économusée er ei verksemd der gamle handverkstradisjonar er
tekne vare på og vidareutvikla slik at dei
kan formidlast til publikum samstundes
som det skjer verdiskaping i verksemda.
Sjølve ideen kjem frå Canada der det
starta opp for 25 år sidan. I Noreg starta
arbeidet i 2007. Hordaland
fylkeskommune greip ideen og gjekk ut
til kommunar og bad om framlegg til
handverksemder som kunne vurderast.
Øyvind Myhr, direktør i dag i Hillesvågen
Ullvarefabrikk fortel prosessen frå
4 framlegg til godkjenning gjekk fort.
Hordaland fylke merkar seg ut ved å ha i alt åtte économmusée. Desse er Aurland
Skofabrikk, Aurland, Fjordtønna, Tysse, Stine Hoff Kunstglass, Bergen, Syse gard,
Ulvik, Oselvarverkstaden, Os, Treskjerartunet, Vossestrand, Tønnegarden, Fusa og
Hillesvågen Ullvarefabrikk. Éconmuséa skal halde i live tradisjonelle handverksfag og
la publikum ved besøk få ei oppleving der dei
kan:
· Møte inspirerte handverkarar i deira eige miljø
· Lære nytt om gamalt på ein spanande
arbeidsplass
· Oppdage vakkert og autentisk arbeid laga og
selt på staden
Øyvind Myhr fortel vidare at dei åtte
verksemdene i Hordaland har danna eit
nettverk der dei samarbeider om presentasjon
og marknadsføring. Dei lærar av kvarandre og
om kvarandre. Dei skal kunne nok om kvar
verksemd i nettverket til å gje generell
informasjon. I samband med godkjenning som
éconmusée vart det haudsynt å utvide sals
lokala og denne utvidinga gjer det mogleg å ta
imot fleire kundar og andre besøkande. Tide har sett opp turar med omvising . I
tillegg legg Fjord Norge opp dagsturar til Nordhordland med besøk på
Lyngheisenteret og Hillesvågen Ullvarefabrikk. Dei er definert som eit
reiselivprodukt, noko som forpliktar. Verksemda merker allereie no klar auke i
personer som vil ha omvising, både einskildpersonar og grupper. Dei har og
registrert auka sal av både ull/garn og ferdige produkt.
Det har vore kontinuerlig drift i
Hillesvågen Ullvarefabrikk sidan
starten i 1898, og som éconmusée har
verksemda fått eit visings senter der
publikum kan følgje heile prosessen i
den 115 år gamle fabrikken. Det er i
dag 18-20 tilsette og dei store
produkta er garn til strikking og ull til
toving.
5
Tauarbeid på handarbeidstreff
11. november hadde me siste
handarbeidstreffet i 2013.
Ei lita gruppe hadde funne vegen til
Husflidens Hus denne kvelden.
Svein Harald Bjørke synte oss korleis me
lagar "mulebandstrikk,"
"stopperknop," "kroneplatting" og
fallrepsknop.
Dette knytta me saman til ein spesiell
nøkkelhaldar, kjempefin til å ha nøklane sine
fast i. Takk Svein Harald for at du deler
kunnskapen din med oss.
Marie Rossland
Spinnekurs
10. og 11. januar ble det arrangert
spinnekurs med rokk. Kurset ble holdt på
Frekhaug Ungdomsskule og kursleder var
Vigdis Valde.
Det var 7 oppstemte og spente
kursdeltakere som møtte opp. Her kom i
tillegg til de lokale, langveisfarende fra både
Askøy og Åsane. Enkelte stilte med gamle
vakre klenodier og andre med nyere utgaver
av rokk. Undertegnede stilte med en
ubrukelig, men heldigvis kunne kursleder
Vigdis skaffe ny rokk, og dermed var vi i gang.
Det ble mye latter og moro, og det ble spunnet en del av det vi kalte ' effektgarn' dvs. mye
klumper her og der ....
Det var ikke lett å få en jevn tråd, men det ble
bedre og bedre for hver gang vi prøvde og til slutt
så ble det ikke så verst.
Etter å ha spunnet en tråd, spant vi en til slik at vi
lærte å tvinne også.
Det ble både intenst, spennende og lærerikt, og
med Vigdis Valde som kurslærer kunne det ikke
bli annet en vellykket.
Edel Ellingsen
6
Innkalling til årsmøte
Årsmøtet i PL Husflidstova og Nordhordland Husflidslag vert halde
måndag 17. feb. 2014 kl. 18.00 i Husflidens hus i Hillesvågen.
Saksliste til årsmøtet for PL Husflidstova:
1. Val av møteleiar.
2. Godkjenning av møteinnkalling.
3. Val av 2 referentar, 2 til å skriva under protokollen, 2 til teljekorps.
4. Godkjenning av årsmelding.
5. Godkjenning av årsrekneskap.
6. Val
Saksliste til årsmøtet for Nordhordland Husflidslag:
1. Val av møteleiar.
2. Godkjenning av møteinnkalling.
3. Val av 2 referentar, 2 til å skriva under protokollen, 2 til teljekorps.
4. Godkjenning av årsmelding for laget, bunadsnemnda og broderinemnda.
5. Godkjenning av årsrekneskap for laget, bunadsnemnda og broderinemnda.
6. Forslag til årsplan for laget, bunadsnemnda og broderinemnda.
7. Val
Enkel servering
Vel møtt.
Med helsing
Ingrid Sødal Eidsnes
leiar
7
VENTE PÅ EN VÅR
Jeg går en grå og frostkald dag langs vei og øde stier,
det høres rasling i et kjerr og sus fra tettvokst vier.
Det sukker i en islagt bekk, ei grein sin nakke tøyer,
gulnet gress langs veiens kant sitt bleke hode bøyer.
Går her tankefull og stryker på vinterens såre strenger,
skal det som søv i iskald jord engang få løfte venger ?
Vil alt av liv få våkne opp og friskt mot lyset strekke,
mon vårens kraft og elvebrus kan vintersøvnen vekke ?
Jeg går i frost og smaker på vinterdagens hårde brød,
og vet at alt må falle bort en dag, må visne hen og dø.
Men under lag av is og snø i vinterlandets barske kår,
ligg tusener av frø i venting på en ny og solvarm vår.
Oddbjørg Husøy
Husflidstova SA
Postboks 49
Blombakken 1
5911 ALVERSUND
POST TIL PRIMSTAVEN
Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver snill å ta kontakt med oss:
Kjersti Haugland, Risnes 74, 5937 Bøvågen. Tlf 97761061, e-post: [email protected] hfk.no
Anne Grete Breisnes, Kvalvågen 49, 5943 Austrheim. Tlf 56167032 / 97511208, e-post: [email protected]
Utgjevar: Nordhordland Husflidslag. Returadr.: Anne Grete Breisnes, Kvalvågen 49, 5943 Austrheim
8
Telefon: 56 36 07 44
[email protected]
www.husflidstova.no

Similar documents