Referat soknerådsmøte 13. august 2014

Comments

Transcription

Referat soknerådsmøte 13. august 2014
MØTEBOK 7
Soknerådet i Vereide
Saksnummer 35 - 43
Møtestad: Sandane kyrkje
Dato 13.08.2014
Til stades: Paul-Rune Daviknes, Elin Villung, Lars- Bjarte Osland, Solgunn Førde Oppheim,
Liv Djupegot, Magni Evebø Sand, Anna Karin W. Hansen, Thor Horntvedt , Jorunn
Kvernevik, fung.sokneprest Sigurd Vengen.
Opning/andakt: Elin
Mat og kaffi: Solgunn
Møteleiar: Thor
Sak 14/35 Godkjenning av referat og innkalling.
Referent: Anna Karin
Vedtak: Godkjent
Sak14/36 ORIENTERINGSSAKER :
Info om dei tilsette :
Vidar Bjotveit har første arbeidsdag i Gloppen : 19.08. Flyttar inn i Kalsneshuset
på Vereide. Oppussing av prestegarden er endå ikkje starta !
Mariel Eikeset Koren er alt godt i gang ! Har flytta inn på Tystad.
- Hugs dato for Kyrkjedag for Nordfjord på Eid : Laurd. 18. oktober, m. Gunnar
Stålsett. Påmeldingsfrist:13.10 kl 12.00.Påmelding til kyrkjekontoret/ kyrkjeverje.
Sak 14/37 Gudstenesta på Sandane-dagane : 17.august på Heradsplassen, Prest:
Sigurd Vengen
Sandane-dagane stiller med lydanlegg / teknikar til Rune Larsen
Kyrkjekaffi ved soknerådet : Koke kaffi og skjere opp frukt nede ved Heradshuset
Vedtak: :Liv, Elin, Magni ordner til kyrkjekaffi.
14/38 Gudstenesta 24.august i Vereide / velkomst for Vidar og Mariell , prest : Vidar
Medliturgar: soknerådet
- 3 kyrkjevertar :, Jorunn og Magni, Robert
- Velkomstord/Info : Elin
- Innleiingsbøn : Elin
- 2 tekstlesarar : Anna Karin og Lars- Bjarte
- 2 forbøn: Thor og Anna Karin
- Kunngjeringar : Elin/ (Lars- Bjarte)
- Samle inn kollekt / Telje offerpengane : Thor og Anna Karin
- Kyrkjekaffi : Alle hjelper til.
Ansvar : Paul Rune og Solgunn
- Elin ordner med blomsterhelsing og velkomst til dei nytilsette, og snakker med
prosten om dette.
Sak 14/39 Verving av nye medliturgar Haust 2014. Korleis gjere det?
Vedtak:
1. Vi har fått tekst produsert av Jorunn Eikenes. Teksten vart godkjent i møtet med ei
justering i overskrifta; «Vil du vere medarbeidar i gudstenestene i Vereide sokn?» Elin
klarerer med Olav Søreide om at han vil stå som kontaktperson for frivillege som melder seg.
2. Elin Villung kopierer opp teksten på flygeblad til utdeling i Vereide og Sandane kyrkje
3. Elin/Anna Karin sender det til kyrkjebladet, neste utgåve frist 5. sept.
4. Invitasjonen til deltaking som medliturg skal vere med i alle kunngjeringar framover
hausten. Og vi må alle snakke om det, utfordre folk!!
5. Paul- Rune snakkar med Firda Tidend om å få inn eit stort oppslag om medliturg- ordninga
i haust. Fleire personar kan vere «profilar» for dette, gjerne og konfirmantar(fjorårs). Vidar
1
MØTEBOK 7
Soknerådet i Vereide
Saksnummer 35 - 43
Møtestad: Sandane kyrkje
Dato 13.08.2014
Bjotveit må bli involvert i dette før noko vert sett i gong.
Sak 14/40 Revidering av heftet «Arbeidsbok for gudstenestegrupper & medliturgar».
Heftet vi har blir som det er, og er både bakgrunn og beskrivelse av oppgåvene for
medliturgordninga vår. Men vi vil lage eit hefte der den reine oversikten over dei ulike
arbeidsoppgåvene for medliturgane står, utan alle forklaringar mm.
Vedtak: Liv Djupegot og Jorunn Kvernevik får mandat til å sile ut stoffet til eit nytt
hefte/brosjyre for oppgåvene og samråde seg med Vidar Bjotveit..
Sak 14/41 Kandidater frå soknet til Frivillegprisen 2014 ?
Vedtak : Det er forslag på å sjekke ut kjennskap og fakta kring damene som gjer teneste ved
Andakt på Gloppen Omsorgsenter. Er det råd å fremme dei som kandidatar? Kandidat vi
fremma i fjor, er framleis aktuell. Anna Karin sjekker ut og har saka klar til neste møte.
Sak 14/42 Medhjelparar til Konfirmantleiren. Vereide sokn skal skaffe 3
leiarar/medhjelparar til konfirmantleiren på Nesholmen : 27. -28. september.
Vedtak: Lars – Bjarte spør/finn medhjelparar blant desse kandidatane: Roy Terje Tjoberg ,
Ronny Kandal, Jenny Lysholm Daviknes , Solveig Villung, Håvard Hovstad, Lars Indrebø og
og son til Øystein Eide.
Sak 14/43 Sokneråds-valget 2015
Vedtak: Alle soknerådsmedlemer gjer opp eigen status til gjenvalg eller ikkje, og har med
forslag til personar som kan spørjast å vere i nominasjons-nemnd til neste soknerådsmøte;
10.september
SAKER TIL NESTE / SEINARE MØTE :
- Lagring av utstyr i Vereide kyrkje
- Messehakel til Vereide Kyrkje
- Paul Rune
- Elin
Neste soknerådsmøte : onsdag 10. september 19.30 i Sandane kyrkje.
Opning : Vidar
Kaffi og litt mat : Thor
Vidare soknerådsmøte hausten 2014: Onsdagar kl 19.30 –21.30 :
15. oktober, 5. november og 3. desember
--------------------------------Sign
-------------------------------sign
-------------------------------sign
2

Similar documents