Les meir om utstillinga her.

Transcription

Les meir om utstillinga her.
SKUTEMALERI
FRÅ HARDANGER
Jakta Nordstjernen malt i 1880 av Chr. Christensen som eit dobbelportrett. Maleriet er
utlånt av Helge Reisæter og har vore på garden sidan ein av eigarane, Helge Olavson
Reisæter, fekk laga maleri av det staslege fartøyet som vart bygd i 1875 i fjøra ved
Huse-nausta i Kinsarvik av den kjende båtbyggjaren Sjur Bråvoll.
Utstilling ved Hardanger fartøyvernsenter,
Norheimsund 9. mai – 5. september 2010.
Ope kvar dag frå kl 10 – 17.
HARDANGER
FARTØYVERNSENTER
Fagre fartøy som dokumenterer historia
Skutemaleri eller fartøyportrett er eit malt bilete av eit fartøy som ein gong har eksistert. Skipperane og fartøyeigarane var kundar for skutemalarane. Difor var det viktig at alle detaljar var
rett attgjeve. Vanta måtte vera riktig plassert, skuta måtte liggja riktig på vatnet, master, segl
og dekkshus måtte stemma med originalen for å tilfredsstilla oppdragsgjevaren.
I boka Hardingar på sjøen skriv Halldor O. Opedal: ”Det var fagre farty, og det vart vis at ein
skipper skulle ha eit målarstykke av skuta si på kahyttveggen”.
Fartøya vart ofte eigde av partlag i bygda. Parteigarane var stolte av fartøyet sitt og tinga seg
gjerne eit bilete. Det vart også laga kopiar av
det originale biletet. Det var viktig å visa fram
den flotte skuta.
Maleria er svært rike på detaljar og røpar stor
kunnskap om skrog og rigg på fartøya . Det
vart lagt vinn på å framstilla fartøyet slik det
såg ut, samstundes som det skulle virka flatterande. Det vart ei idealisert bilete av fartøyet.
Enkelte malarar viser fartøyet frå sida som hovudmotiv og same fartøyet bakfrå som eit lite
motiv, det vert kalla tvillingportrett.
Skutemaleria inneheld også data om fartøyet.
Det kan vera namnet på fartøyet, skipper og
året då biletet vart malt. Sjø, himmel og landskap vart det lagt lite arbeid i, men bileta har
sertrekk som ofte gjer det lett å kjenna att
kven som har laga maleriet.
Carl Henrik Lampe skriv i masteroppgåva si
at skutemaleri finst i alle teknikkar, men det
var ikkje vanleg å mala i olje før på midten
av 1800-talet. Det vanlegaste var akvarell og
gouche. Det var snøgge teknikkar utan kostnadskrevjande materiale og dei bileta som var
laga i den teknikken kunne seljast rimelegare
enn oljemaleria. Tusjteikningar, pastellar og
kolteikningar var heller ikkje uvanleg.
Det var mange skutemalarar frå ut på 1800-talet. Etter kvart som skipsfarten tok seg opp,
på tidleg 1800-tal, vart marknaden aukande.
Dei etablerte handverket i byar der det var
stor skipstrafikk. Fartøy knytt til Hardanger er
i hovudsak malt av malarar som heldt til i Sta2
vanger, Haugesund eller Bergen. Mange skutemalarar hadde segla sjølve, dei var knytt til
skipsbygging eller hadde anna malingsarbeid
som yrke.
Framleis heng det skutemaleri i mange hus i
Hardanger. I arbeidet med denne utstillinga
har me teke med eit litt tilfeldig utval. Hardanger folkemuseum har to skutemaleri, begge
er med på utstillinga her. Dei andre 14 bileta
har me fått låna av folk i Hardanger som eig
dei no. Ofte er det oldeborna til dei som i si
tid tinga maleria, skipperen eller eigaren, på
1800-talet. På fleire gardsbruk der det var dugande nordlandsskipperar for meir enn 100 år
sidan, heng maleriet i bestestova. Andre stader heng det i gang eller kjellarstove. Mange
av dagens eigarar kan fortelja soger frå oldefar
sine ferder som skipper.
Maleria er viktige som minne om tidlegare generasjonar. Eit skutemaleri var gjerne det fyrste kunstverket som kom inn i slekta. I Jondal
som var ei viktig bygd i nordlandsfarten, har
me lånt tre bilete som har vore i ungdomshuset Jonsvoll. Lars-Arne Eide eig to av dei, Jondal ungdomslag eig det tredje, ein kolteikning
av Elieser.
I utstillinga har me sortert bileta etter kven
som har malt dei. Nokre malarar er kjende,
andre veit me lite eller ikkje noko om. Me vil
gjerne vita meir om både malarane, motiva og
dei som eigde og segla fartøya. Ta gjerne kontakt med oss. Utstillinga vert også lagt ut på
heimesida vår: www.fartoyvern.no
Skøyta Fremad malt i 1896 er eit typisk bilete av Halvor Mikkelsen. Sjø, himmel og den vesle holmen eller landstripa i bakgrunnen er karakteristisk. Biletet er utlånt av Lars-Arne Eide, Jondal.
Halvor Mikkelsen (1842 – 1899)
Halvor Mikkelsen var ein av dei mest produktive skutemalarane i landet. Han var son av
skipsbyggjar Johan Michelsen i Stavanger og
hadde skutemaling som eineyrke i lange periodar. Bileta er malte i ei blanding av akvarell- og gouacheteknikk. Han malte ofte kopiar
eller replikkar av bileta sine. Då overførte han
linjene frå originalen til fleire underliggjande
ark ved å setja nåler gjennom papiret som
markørar. Carl Henrik Lampe meiner at Mikkelsen laga om lag 180 originale maleri. Det
er kjent at han ofte malte opp til fire replikkar
etter same originalen.
Jekta Agusta (1887) Ført av kaptein O. Berg.
Biletet er eigd av Hardanger folkemuseum
Jakta Elida (1894) Ført av K. Svaasand. Maleriet er eigd av Bjørg og Svein Brattebø, Jondal. På baksida av maleriet er det handskrive:
”Dette skal Bjørg og Svein ha til minne om
gamle bestefar”. Skipper Kristian O. Svåsand
var bestefar til Bjørg. Elida var bygt i 1891 og
selt ut av distriktet i 1900.
Hønerevskøyta Lyna (1895). Ført av Mikkel
Berge. Ole Bergheim, Omastrand eig maleriet. Mikkel Larsson Berge (1843- ) var frå
Berge i Tørvikbygd, men var busett på Øye på
Varaldsøy. I fylgje Bergheim vart skøyta selt
til Lars Haukaas før 1910. Han selde skøyta
snøgt vidare i Røvær ved Haugesund.
Skøyta Fremad (1896) Ført av Kristian O. Svåsand som eigde ho saman med broren Salomon O. Svåsand. Bygd i 1895 på Svåsand av
Ola T. Myren. Biletet tilhøyrer Lars-Arne Eide,
Jondal. Kristian O. Svåsand og Ola T. Myren er
to av oldefedrene til Lars-Arne Eide.
Bark Caroline (1897) Ført av kaptein J.T.
Smedsvig. Maleriet er eigd av Lars-Arne Eide,
Jondal. Eide fortel at Kristian O. Svåsand var
parteigar i Caroline, som høyrde til i Haugesund. Difor kom biletet til Jondal.
3
Skonnert Anna af Kjøta, i dag Anna Rogde. (1879) var malt av F. Sørvig etter at Isak L. Rogde var flytta nordover. Maleriet er eigd av Hans A. Rogde på Rogdo som seier det alltid har henge på garden.
Jakta Elieser her som kolteikning er teikna av F. Digre truleg etter 1907. Då kjøpte Olai Underhaug
fartøyet. Denne teikninga er eigd av Jondal ungdomslag og heng i ungdomshuset Jonsvoll.
Fredrik Martin Sørvig (1823 – 1892)
Chr. Christensen
F. Digre
Halldor O. Opedal omtalar Chr. Christensen
som kunstnar.
Signaturen F. Digre vert også omtala som
kunstnar av Opedal. Dei to bileta er laga i Rørvik, som var ei viktig hamn i nordlandsfarten.
Jakta Elieser er malt etter 1900, men både kolteikninga og maleriet i fargar er utan årstal..
Kolteikninga er eigd av Jondal ungdomslag
medan Atle Underhaug eig maleriet. I fylgje
Opedal kjøpte Olai Underhaug (1873-1961),
bestefar til Atle, Elieser i 1907 etter at jakta
Thora havarerte. Olai Underhaug var frå Jondal, men kjøpte seg sjøtomt i Hamnen på
Børve i Øystese i 1912 og budde med familien
der. Han selde Elieser vidare heller fort. Olai
Underhaug var ein av dei siste frå Hardanger
som drog til Lofoten med seglfartøy og kjøpte
fisk. Siste året var med jakta Indiana i 1939.
Fredrik Martin Sørvig var frå Bergen og er i fylgje Lampe registrert med 160-170 bilete. Sørvig arbeidde som teatermalar ved Det Norske
Theater, forløparen til Den Nationale Scene.
Han var ein velakta skutemalar som også hadde kundar i utlandet.
Jakt Christine af Hardanger (1876) Ført av skipper T.L. Oppedal. Biletet er eigd av Margreta
Hopen, Hovland.
Skonnert Anna af Kjøta, i dag Anna Rogde.
(1879) Maleriet er eigd av Hans A. Rogde
og har ”alltid” henge i bestestova på garden
nær 300 meter over Sørfjorden. Isak L. Rogde
(1838- ), som eigde og var skipper på Anna,
var frå det bruket. Skonnerten var bygd som
Anna af Bergen i 1867/68 ved Bangsund
skipsverft i Namsos. Isak L. Rogde kjøpte
4
Anna i 1872. Den kjende skipperen gifta seg
på Kjøtta ved Harstad og gav skuta namnet
Anna af Kjøta. Ho gjekk i fraktefart frå Arkangelsk i nordaust til Portugal i sørvest. No heiter ho Anna Rogde, har heimehamn i Harstad
og den eldste seglande skonnerten i verda.
Skonnert Niels Hertzberg (1860) Ført av kaptein Jyrund Utne. Hardanger folkemuseum eig
maleriet. Denne skonnerten var bygd på Utne
i 1860 og er det største skipet som er sjøsett
i Ullensvang. Opedal fortel at Sigbjørn Birkeland frå Flekkefjord var ansvarleg for bygginga. Både Nils Hertzberg og systerskipet Nils
Koren var bygde for Johan og Jakob Winess
på Utne og nokre kompanjongar frå Bergen.
Nils Hertzberg var ein skarpseglar som mellom
anna gjekk i korn- og fruktfart frå Mellomhavet.
Jakta Nordstjernen (1879 og 1880) Maleria er
eigde av Helge Reisæter, Nå og har vore på
garden, 330 meter over Sørfjorden, sidan Helge Olavson Reisæter, fødd i 1839 fekk maleri
av stasjakta. Nordstjernen var bygd i 1875 i fjøra ved Huse-nausta i Kinsarvik av den kjende
båtbyggjaren Sjur Bråvoll. I fylgje Opedal var
ho den største jakta som vart bygt i Kinsarvik. Med Gunnar Eikane og Helge O. Reisæter
som førar segla Nordstjernen i nordlandsfart til
ho vart seld til David Olsen i Skudenes like før
1900.
5
Galeas Frida vart malt i 1903 av L. Grønning. Skipper Knut L. Espe (1867- 1924) var nordlandsskipper og los i Det Nordenfjeldske Dampskipsselskap langs heile kysten. Knut H. Brattespe,
Hovland, soneson til Knut L. Espe, eig biletet i dag.
L. Grønning
L. Grønning er signaturen på to av skutemaleria. Det eine frå Ullensvang, det andre frå
Kvam.
Jakta Najaden (1897) Skipper Hans Johanneson Rykkje eller Rykken som han også skreiv
seg for. I dag eig sonesonen, Hans Rykkje, maleriet som heng i gangen innafor inngangsdøra
i huset hans. Hans fekk det av bestemora.
Najaden. Jakta vart fyrst førd av Johannes Johannesson Rykkje (1835 – 1895). Han døydde
i Nærøy i Nordland og sonen Hans overtok.
Hans budde på bruket Nygård ytst i Fyksesundet.
Galeas Frida (1903) Skipper Knut Espe. Knut
L. Espe (1867- 1924) var nordlandsskipper og
los i Det Nordenfjeldske Dampskipsselskap
langs heile kysten. Knut H. Brattespe, Hovland, soneson til Knut L. Espe, eig biletet i dag.
6
Johannes L. Ness (1865-1944)
Johannes L. Ness var frå Rosendal og budde
der heile sitt liv. Hovudyrket hans var handelsmann, men han er mest kjend som kunstmalar og kulturperson. Morten Nygård som har
skrive bok om Ness, har registrert fleire enn
240 bilete, men truleg laga Ness meir enn 300
maleri.
Ness hadde litt kunstnarutdanning på slutten
av 1880-åra då han var i lære nokre månadar
hos Johan Jakob Bennetter (1822-1904), som
var ein av dei mest kjende marinemalarane på
den tid. Det har nok ført til at ha mala mykje
sjø- og skipsmotiv. Truleg har han laga om lag
20 skutemaleri med motiv frå Kvinnherad som
var eit viktig skipsbyggjar og skipsfartområde.
Jakta Marie (1914) Skipper var Carl Dahle frå
Ølve. Han er like kjend som Karl Storedale og
budde i Dalen i Ølve. Karl Storedale var bestefar til Karl Traavik som eig maleriet i dag.
Galeas Midnatsolen (1914) Eit klassisk skutemaleri av Johannes L. Ness. Detaljrikt og stilreint.
Sikkert akkurat slik den stolte skipperen J. Nygaard ville ha det.
Galeas Midnatsolen (1914) Skipper var J. Nygaard. Nygaard var svigerfar til Carl Dahle.
Nygaard budde i Grønevik mellom Gjermundshamn og Mundheim. Maleriet er eigd av Ingemar Traavik, Ølve.
Marie og Midnatsolen (1915) Her har kunstnaren malt fartøya til Carl Dahle og J. Nygaard
på same biletet. Dei to både samarbeidde og
konkurrerte som skipperar og fiskekjøparar i
Lofoten og Finnmark. Eit stasleg bilete som
heng på veggen hos Karl Traavik, Ølve.
Slupp Steiner (udatert) Sluppen Steiner er bygd
av Olav H. Nerhus i Ølve. Nerhus var ein dugande skipsbyggjar som også har bygd Mathilde, som Hardanger fartøyvernsenter har
restauarert og driv. Johannes L. Ness malte eit
bilete av sluppen Steiner til kvar av sønene til
Olav H. Nerhus. Dette biletet er ein kopi som
er eigd av Hans Haavik, Ølve.
Kjelder og meir opplysingar
Les meir om skutemaleri i ”En systematisk
gjennomgang av et utvalg norske skutemalerier frå det 19. århundre” av Carl Henrik Lampe.
(Kunsthistorisk masteroppgåve ved Institutt
for filosofi, ide- og kunsthistorie og klassiske
språk, Universitetet i Oslo, 2006).
Halldor O. Opedal si bok ”Hardingar på sjøen”( Norsk bokreidingslag, Hardanger folkemuseum og Hardanger historielag, 1995) er
ei god kjelde for fartøybygging og jaktefart i
Hardanger. I boka er det om lag 60 bilete av
skutemaleri.
Morten Nygård har skrive ”Det løfter livet”
soga om kunstnaren Johannes L. Ness (18651944). Utgjeve av Baroniet Rosendal, 2006.
Sjå også www.johannes-ness.com.
Teksten i dette heftet er skrive av Oddvar Soldal, formidlingsleiar ved Hardanger fartøyvernsenter.
7
Formgjeving: riss-as.no • Trykk: oystese-trykkeri.no
Hardanger Fartøyvernsenter
Kaldestad, Postboks 53, 5600 Norheimsund
Tlf: 56 55 33 50, Faks: 56 55 33 51
Epost: [email protected], www.fartoyvern.no
8