Kyrkjenytt nr 1 - 2015 - Voss kyrkjelege fellesråd

Transcription

Kyrkjenytt nr 1 - 2015 - Voss kyrkjelege fellesråd
for Vossabygdene
Strikkekafe på
Nabobeino
14-20 vaksne damer møtest kvar
fredag på Nabobeino for å strikka
sokkar og andre varme ting til
trengjande born i Aust-Europa. Les
meir om desse flittige damene, på
side 4.
Fasteaksjonen
Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp
søkjer å skaffa vatn til dei som
manglar reint og nok vatn til sitt
daglege hushald. Konfirmantane
vil gå med bøsser 23.-24. mars. Les
meir om dette på side 6.
Nr 1 - 2015, 74. årg.
Visst skal våren
komme!
VOK sitt prosjekt denne våren, er
saman med Ål kantori å framføra
Eyvind Skeie og Sigvald Tveit sitt
kyrkjemusikalske verk «Visst skal
våren komme!» Fleire enn VOK
sine faste songarar vert invitert med.
Les om dette på side 9.
KYRKJA I VOSS
TANKAR
Korsong
Av Brit Furre
Gravar Vidar Bryn
2
996 00 940
Prestetenesta:
Sokneprestkontoret på Voss
56 51 96 68
Uttrågata 5, kontortid mån-fre 9-11,
ons. 10-11) eller etter avtale
Sokneprestkontoret på Vossestrand
Oppheimstunet 76
56 52 24 73
Prost i Hardanger og Voss Arild Hellesøy
906 99 533
[email protected]
Sokneprest Voss/Evanger Ivar Molde
993 53 145
e-post: [email protected]
Sokneprest Oppheim/Vinje John Ove Thaule
952 62 085
e-post: [email protected]
Kapellan Kjersti Brakestad Boge
952 62 022
e-post: [email protected]
Prostiprest i Hardanger/Voss Magnar Haaland
e-post: [email protected]
415 46 366
Soknerådsleiarar
Evanger, Anny Karin Forthun
Voss, Britt Trefall Hernes
Raundalen, Nanna Nordahl
Oppheim, Leif Inge Hauge
Vinje, Aud Walaker Hutchinson
481 36 520
905 89 500
917 58 826
959 10 536
907 54 840
Mine tankar om...
Kyrkjeverje Svein Tøsse
959 79 905
e-post: [email protected]
Ass. kyrkjeverje Åslaug Styve Mjånes
e-post: [email protected]
408 53 537
Trusopplæringsmedarbeidar Tone Brekke
952 62 026
e-post: [email protected]
Trusopplærar Camilla Velsvik Sønnesyn
995 18 194
epost: [email protected]
Kateket Rønnaug Eng Skjeldal
952 62 025
e-post: [email protected]
Ungdomsdiakon Sigrid Djukastein Mala
478 49 134
e-post: [email protected]
Kantor Magnus Kløften
404 40 461
e-post: [email protected]
Organist Frode Vik
952 62 084
Organist Ellen Marie Selland Geithung
980 64 594
Kyrkjetenar, (Voss) Thomas Velsvik
414 75 383
Kyrkjetenar (Evan./Bolst.) Arne Mosefinn
915 98 410
Kyrkjetenar (Oppheim/Vinje) Kjell Kr. Øyre
416 29 786
Å syngja i kor er helsebringande! Det er
mentalhygiene på fleire måtar. Å samarbeida
med andre med å bruka stemmen; å få til
samklang er ei stor oppleving for ein korsongar!
Stemmer smeltar saman under leiing av ein
dirigent som står midt i skjeringspunktet av
ein kraftfull energi, rein energi! Det er magi!
Ein lærer å pusta, og å arbeida med magen, og
bruka stemmen i ein naken kommunikasjon
med tilhøyrarane. Eg vil ikkje påstå at ein
får god kondis av å syngja, men det kjennest
nesten som ein har vore på trening somme
tider. Ein kan oppleve at det er så krevjande at
sveitten silar nedover ryggen! Teksten kan ta
tak i, og riva og slita i deg, for så å setja seg fast
i hovudet. Av og til er det melodien og av og
til eit uttrykk av poesi som festar seg. Ei sterk
forkynning av Ordet! Dessutan er det sosialt å
syngja i kor! Folk som syng har ofte godt humør!
Kyrkja på Voss har sitt eige kor, VOK, som er eit
kor som fremjar kyrkjemusikken. Koret har hatt ein
auke i medlemstal og syng variert. Dei er innom dei
fleste sjangrar. Dei syng klassiske verk som, Rekviem
av Faure. Dei syng folkemusikk, jazz, gospel og
moderne verk, til dømes i samarbeid med Edvard
DET LUNE HJØRNET
Det er ofte god stemning og snertne replikkar på
stabsmøta på onsdagsmorgonane. Då ein no i januar
frå Vossestrand kunne melda om 2 meter snø, kom det
spontant frå vår nye kyrkjeverje, Svein:
«Det er ikkje for ingen ting at kyrkjespira er så høge!»
Framsida:
På jolefestgudstenesta på Bolstad
framførte sundagsskuleborn
forteljinga om Dei vise menn som
kom med gåver til Jesusbarnet.
Besøksadresse: Magasinvegen 35,
Utgjeve av:
Voss Kyrkjelege Fellesråd saman
med Evanger, Voss, Raundalen,
Oppheim og Vinje sokneråd.
Redaksjonsnemnd: Brit Furre,
Tvildemoen
Postadresse:
Pb. 562,
5703 Voss
E-post: [email protected]
Kontonr: 3480.16.45293
Telefon (red.) 915 98 410
Aud Wallaker Hutchingson, John
Ove Thaule og Arne Mosefinn (red.)
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/15
god gjeng songglade vossingar uti Ja, da sit det vel nokre deppa damer,
gospelsjangeren!
og nokre få menn og sørgjer over
Vossagospel er ein smeltedigel. at Anne Grethe forlet oss! Jau, det
Her treff ein folk frå alle slag vart nok felt ei tåre eller to. Men me
organisasjonar, yrke, aldrar, tru og er heldige, og ser no fram til å møta
livssituasjonar! Den amerikanske ein ny dirigent! Vi gler oss! Tom
gospelsjangeren var ikkje mellom Jarle Istad Kristiansen skal leia
underteikna sine favorittar før oss vidare! Han er gospeldirigent
eg starta i koret. Men tekstar og av yrke. Han arbeider med kor i
melodiar har glidd under huda Kristiansand, og har til og med gode
og sett spor! Vossagospel har kontaktar i gospelen sitt heimland
samarbeidd med Twang Gang! Ei og heimemiljø, USA. På heimesida
fantastisk kjekk oppleving! Likeins til koret i Greipstad menighet kan
har vi hatt inspirerande konsert vi lesa: Han er dessutan gift med
saman med Storbandet, og me har ei vossajente, Gro Marit Istad
I Lekvemoen finn ein og eit kor. hatt konsertar saman med kjente Kristiansen!
Akkurat no har Vossagospel tatt artistar som Venke Knutson og Det er mange kjekke damer og
avskjed med ein kjær dirigent! Anne Torild Sivertsen. Når Anne Grethe staute karar som syng i kora våre!
Grethe Amland flytta til Bergen for legg opp til konsert er blåserekkja Men begge kora treng fleire menn i
to og eit halvt år sidan, men ho har klar! Det er nesten slik at ein vert sine rekkjer! Så er du ein songglad
trufast troppa opp i Frelsesarmeen korpsfiksert utan sjølv å kunne mann vert du godt motteken både i
annankvar måndag og leia ein spela!
kyrkja og i Lekvemoen!
3
Å sjå med hjarta sitt auge
Av Johannes Seim
Kyrkjenytt
(Vi tek gjerne imot gode
framsidemotiv frå andre.)
Hoem og Henning Sommero.
Akkurat no held dei på med Visst
skal våren komme av Eivind Skeie
og Sigvald Tveit. Dette verket
handlar om håp og er inspirert av
Openberringstekstane i Bibelen.
Eivind Skeie greier å gjera dette
daglegdags og verkelegheitsnært.
Songarane trivst, og koret er i god
framdrift under stødig leiing av
kantor Magnus Kløften. Magnus
er ein driftig dirigent, og er
samstundes ein eminent utøvar på
sitt instrument. At koret høyrer til i
kyrkja pregar koret.
Grafisk utforming:
Voss Prenteverk
Opplag: 6300 eksemplar
Neste nummer kjem ut i veke
13. Frist for levering av stoff til
redaksjonen er 26. februar.
Eg bed om at vår Herre Jesu
Kristi Gud, herlegdomens
Far, må gje dykk visdoms
og openberrings Ande, så
de lærer Gud å kjenna.
Må han lysa opp auga
til dykkar hjarte, så de
får innsikt i kva håp han
har kalla dykk til, kor
rik og herleg arven er
for dei heilage og kor
overveldande hans kraft
er mellom oss som trur. ( Ef. 1,
17-19).
Andakten
Kyrkjekontoret,
Kontortid: mån-fre kl 9 - 15
Magasinvegen 35, pb 562, 5703 Voss
Telefon 56 52 38 80, Fax: 56 52 38 81
www.voss.kyrkja.no, [email protected]
kto.nr. 3480.16.45293
Når eg reiser over fjellet med
Bergensbanen, hender det at eg
observerer korleis medpassajerane
mine brukar augo sine. Nokre
fyl ivrig med og sug til seg det
storslegne og stadig skiftande
landskapet med blikket. Men
dei fleste verkar vera blinde for
mesteparten av det som rullar
forbi. Ja, dei trekkjer til og med
ned rullegardinene så snart det
kjem eit lite streif av blendande
sol, og let dei bli verande nedrulla
resten av turen.
Der kan vera så mange måtar å
sjå på. Me kan sjå eit glas som
halvfullt eller som halvtomt Der
er så mykje me ikkje ser. Eller
kanskje me heller skulle seia at
der er så mykje me ikkje ynskjer
å sjå. Sjølv om me har godt syn
fysisk, kan me gjera oss sjølve
blinde for det som er viktigast: å
kjenna Gud.
Paulus seier i brevet til efesarane
at me treng å sjå med hjartet sine
auge. I Bibelen har ordet hjarte
ei mykje større meining enn me
legg i ordet idag. Hjarte tyder
kjernen i mennesket, både fysisk,
mentalt og åndeleg. I vår tid kan
det synast vera redusert til å tyda
ein kroppsdel eller ei romantisk
kjensle. Å sjå med hjartet er
mykje djupare og meir totalt. Skal
me kunna sjå med hjartet, treng
me hjelp av Den Heilage Ande.
Bibeltekstane me har hatt no i
openberringstida er døme på at
menneske har fått opna hjarto sine
slik at dei fekk sjå Jesus. Måtte
me gjera som Paulus: be om å få
hjarte med opplyste auge.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/15
AKTUELT
aktuelt
Strikking til glede og nytte
Av Arne Mosefinn
På Nabobeino føregår det kvar
fredag strikkekafé. Her møtest
14-20 godt vaksne damer som
hyggjer seg med strikking og ein
god prat. Men det ligg også noko
meir bak: dei strikkar til eit godt
føremål! Hundrevis av labbar,
huer vottar, skjerf, kosedyr og
meir vert kvart år sende til born
i Aust-Europa via Misjon utan
grenser.
4
No sist sende dei 4 ½ sekkar.
Garnet dei brukar får dei frå andre
– nokre ryddar heime, noko kjem
frå dødsbu. Men det er fullverdig
garn, seier dei. Ein gong sto det
to bossekkar med garn utanfor
inngangsdøra. Me er så takksame
for det me får! Me kan gjera noko
med det som er til glede for andre.
Damene har drive på med
strikkekafé sidan 2008-09.
Dagleg leiar på Nabobeino,
Kjellfrid Skutlaberg, kokar
kaffi og steikjer vafler til dei
flittige damene. Ho fortel at
dei skal ha basar i Vonheim
laurdag 28. februar. Då vert
ein del av varene lodda ut. Til
basaren hender det og at dei
får vinstar frå seniorsløyden på
Voss Folkehøgskule. Inntekta
av basaren går også til Misjon
utan grenser, via det arbeidet som
Valborg Nummedal formidlar her
frå Voss. Ho viser fram takkebrev
som dei får attende. Dei viser
glade born og foreldre med m.a.
varme sokkar og gode sko.
Joletrefest i kyrkjene
jordbruksprosjekt slik at folk får
høve til å dyrka sin eigen mat,
fortel ho. Dersom nokon ynskjer
å senda klede, sko, teppe og leiker
må Valborg få melding, slik at ho
får tinga plass på bil. Det som
de vil senda, må pakkast i sekkar,
seier ho.
I Jolekveld i kyrkjelyden fortalde
me om Valborg Nummedal
sitt arbeid. Her vart det skrive
at folk kunne levera gåver til
Garnsenteret, men det rette skal
vera hjå Harald Seim AS. Rett
før jol sende ho elles kr. 21.200
til Misjonen. Dette skulle gå til
varme teppe og matpakker. No
har Misjonen også starta opp
Av Arne Mosefinn
Også dette året var det joletrefest i kyrkjene våre, med særleg markering av Heilag tre
Kongars Dag. Vi tek med nokre bilete derifrå (sjå og framsida).
VINJE kyrkje sundag 4.januar: »…så knyter me kjærleikens heilage band… «. Jolesongane
ljoma under joletrefestgudstenesta. Joletreet var flytta framfor altarringen og jolekrubba var
flytta inn framfor altaret. Treet var pynta med den opprinnelege jolepynten: Eple og kakemenn
(Adam- og Eva-kaker!), dessutan nyare tids sjokoladekuler.Foto: J.O.Thaule
Kyrkjerotta var til stades i kyrkjene. Ho trivst
best når det er jol! Foto: Arne Mosefinn
Mest leste bibelvers i 2014
Nokre av vinstane til basaren
Joletregange i Bolstad kapell 11. januar. Foto: Mathias Sønnesyn
150 millionar bibellesarar søkte
aller mest etter ordet kjærleik
i 2014, syner ei undersøking
gjort av Bible Gateway,
verdas mest brukte kristne
nettstad. På førsteplassen over
dei 10 mest leste bibelversa
finn vi Joh. 3, 16 eller Den
vesle Bibelen. Deretter kjem
Jeremia 29, 11 («For eg veit kva
tankar eg har med dykk, seier
Herren, fredstankar og ikkje
ulukketankar. Eg vil gje dykk
framtid og von.»), og Fil. 4, 13
(«Alt maktar eg i han som gjer
meg sterk.»)
Utanom kjærleik, søkte
folk etter orda tilgjeving og
lækjedom. Det er Christianity
Today som skriv dette, referert i
Dagen.
Damene på strikkekafé. Ståande: Kjellfrid Skutlaberg
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/15
Vismennene kjem til kong Herodes for å finna barnet.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/15
5
aktuelt
Fasteaksjonen
Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon 23.-24. mars 2015
I kriser er vatn kritisk
Klimaendringane fører til
fleire og verre katastrofar, og
truer menneska sin tilgang på
reint vann. I haust overlevde
Muhammed og familien så
vidt den dramatiske flaumen i
Pakistan.
Det er dei fattigaste som vert
hardast råka av klimaendringane,
anten det er i tyfon på Filippinane,
tørke i Etiopia eller flaum i
Pakistan.
6
Ein av dei som nyleg har fått
merke dette på kroppen, er
Muhammed Irsdad. Han er gift og
har tre born, og bur i landsbyen
Basti Riaz Abad i Pakistan. Ein
morgon, tidleg i oktober, kom
flaumen brått til landsbyen.
- Vatnet kom i stor fart frå kanalen,
og eg måtte ta med familien og
springe i tryggleik. Vi sprang til
næraste landeveg, som ligg litt
høgare enn resten av landsbyen.
Slik berga vi livet, fortel
Muhammed.
Vart sjuk av vatnet
Familien vart buande på denne
landevegen utan ly i over ein
månad, ventande på hjelp. Då
flaumen kom, hadde dei ikkje tid
til å ta med korkje husdyr eller
eignelutar. Huset vart fullstendig
øydelagt og husdyra drukna.
- Vi har aldri opplevd flaum i
landsbyen før, det er noko heilt
nytt, seier Muhammed.
Flaumen hadde store konsekvensar
for Muhammed sin familie.
Tidlegare jobba Muhammed
som tryggingssvakt, og heile
storfamilien var avhengige av
Familien: Muhammed Irshad og familien hans fekk livet endra totalt når flaumen ramma
landsbyen. Huset vart fullstendig øydelagt, og den yngste dottera, Sadia (2), har vorte sjuk av
det forureina vatnet. Foto: Fahim Farid/Kirkens Nødhjelp.
inntekta hans. Etter flaumen
måtte Muhammed vere saman
med familien og han mista difor
jobben. I tillegg har flaumen gjort
at drikkevatnet er forureina.
- Dottera mi på to år er blitt sjuk av
å drikke vatnet etter flaumen. Det
er så vidt vi hadde råd til å betale
for medisinane ho treng for å
overleve, fortel han alvorleg mens
kona held dottera tett inntil seg.
Kirkens Nødhjelp sin partner
Sunghi var ein av dei første organisasjonane som kom til Basti Riaz
Abad. Dei skal gje Muhammed
og landsbyen nye handpumper,
latriner, hygieneutstyr og sikre at
landsbyen igjen får trygt vatn.
Du kan hjelpe
I kriser er vatn kritisk. Difor
er vatn noko av det aller første
Kirkens Nødhjelp stiller med
i katastrofar. Dei sørgjer for
reint vatn og høve til gode
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/15
sanitærforhold der alt er
øydelagt. Samtidig jobbar
dei saman med folk i utsette
område for å førebyggje den
neste naturkatastrofen. Kirkens
Nødhjelp jobbar i tillegg med
å påverke politikarar og andre
beslutningstakarar til å stanse
klimaendringane.
Kirkens Nødhjelp treng di hjelp for
å hjelpe. 23.-24. mars går Kirkens
Nødhjelp sin fasteaksjon 2015 av
stabelen. Dette er kyrkjelydane
sin eigen aksjon. Ditt bidrag gjer
det mogleg for Kirkens Nødhjelp
å være der med reint vatn når
katastrofen rammar. Difor vonar
vi du vil støtte fasteaksjonen
2015 på Evanger 23. mars og
Voss og Vossestrand 24. mars når
konfirmantane går med bøsser.
Vi oppmodar deg også til å bruke
stemma di i fasteaksjonen sin
klimakampanje og slik bidra til å
stoppe klimakrisa.
Kulturkveld i Vangskyrkja 1. mars; «Færøy-aften»
Av Magnus Kløften, kantor
Den 1. mars er det duka
for ei spesiell oppleving i
Vangskyrkja. Då vert det
nemleg ein kulturkveld med
songar, musikk, høgtlesing,
litt historikk og andre verbale
innslag frå færøysk kyrkje- og
samfunnsliv presentert i kyrkja
på Vangen. Grunnen er at me
gjennom lang tid har hatt 2
medlemmar som songarar i
VOK, kantoriet i kyrkja, som
faktisk kjem frå Færøyane.
Me har tala om å få til ein slik
kveld ei god stund, og no vert
det altså ein realitet. Det kjem
kulturelle bidrag frå mellom
anna Færøylaget i Bergen og
frå enkeltpersonar andre stader
på Vestlandet, Voss inklusive. I
tillegg deltek VOK med solistar
denne kvelden. Dette vert eit
spennande tilbod som me vonar
kan vekkja interesse hjå mange.
Om du berre er litt nysgjerrig
på kva dette kan vera, så er
oppmodinga herved gjeve!
Kom og sjå, høyr og ta del. Det
er kyrkjemusikalsk nemnd i Voss
sokn som har teke initiativet til
denne hendinga. Arrangementet
går føre seg i Vangskyrkja klokka
1900 (merk tidspunktet) på den
fyrste vårdagen dette året; 1.
mars. Det vert fritt tilgjenge,
med kollekt ved utgangen til det
kyrkjemusikalske arbeidet. Sjå for
øvrig oppslag i media i forkant av
arrangementet. Ver velkomne!
Kyrkjelyden si
besøksteneste
Besøkstenesta er eit tilbod for
menneske som av ulike grunnar kjenner
seg einsame og ynskjer meir kontakt
med andre.
Det er situasjonar i livet då det er godt å vite at det finns eit
menneske som bryr seg om ein, og som ein kan snakke med.
Ein besøksvenn besøkjer deg i heimen etter avtale. De kan gå
ein tur, dele eit måltid saman, eller berre snakke saman.
Kan dette vera noko for deg? Ta gjerne kontakt og me vil
prøve få det til.
Sigrid Djukastein Mala, diakon. Tlf. 47 84 91 34
Kyrkjestatistikk for 2014
Her presenterer vi nokre tal for
kyrkjelege handlingar siste året.
Fullstendige årsmeldingar for dei
ulike sokn vert lagt ut på nettsida
til kyrkja: www.voss.kyrkja.no
under menyen kontakt oss. Tala i
parantes gjeld 2013.
Sokn
Døypte
Konfirmerte
Vigde
Gravlagde
Evanger
8 (6)
6 (10)
0 (1)
6 (14)
Raundalen
3 (1)
0 (0)
0 (1)
2 (1)
Voss
95 (136)
119 (131)
19 (24)
121 (109)
Vinje
10 (8)
9 (13)
2 (4)
8 (7)
Oppheim
5 (10)
10 (9)
0 (1)
8 (5)
Sum
121 (161)
144 (163)
21 (31)
145 (136)
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/15
7
MUSIKK
I SAMTALE MED
I samtale med: Sjur Hirth Nesheim
Ettersom Laila Rynning
Veum, som var utfordra sist,
er langtidsbortreist, vart det
til at vi spurde Sjur Hirth
Nesheim om ein samtale
denne gongen. Han er no
pensjonist, men har hatt
ei lang yrkeskarriere som
distriktsleiar i organisasjonen
husdyrkontrollen i Tine, og
som bonde på Vossestrand.
Si samfunnsinteresse har
han vist som medlem
av kommunestyre og
formannskap, og som
medlem og leiar i sokneråd og
kyrkjeleg fellesråd.
Kva er viktige verdiar for deg?
8
Eg er vaksen opp i ein heim
der kyrkja og kristenliv var ein
integrert del. Morsslekta mi kom
frå Sundve der Haugianarrørsla
sto sterkt. Dette har prega mine
verdiar gjennom livet. Det er
også verdfullt å ha ei kona med
same livssynet.
Ein gard er også bu- og
arbeidsplass for heile storfamilien.
Her arbeider me saman
mesteparten av døgnet. Ved
sida av foreldra mine, vart eg
særleg påverka av bestefar min.
Bestemor gjekk tidleg bort, og
bror min og eg delte soverom
med bestefar i oppveksten. Han
var flink til å fortelja og syngja,
og var ein liten husdiktar. Me
bad alltid Fadervår i lag, og i
tillegg song me «Fager kveldssol
smiler». Her hadde han dikta to
ekstra vers: « Jesus, kom inn til
oss/ i den myrke natt/so me trygt
kan sova/ til i morgon att». Og
om morgonen høyrde me han
mulla: «Takk for me fekk sova/
godt i heile natt/ Jesus ver du med
oss/ heilt til kvelden att».
Kva er bra med Voss?
Voss er ei god bygd å bu i, med
mange mogelegheiter til arbeid
og fritid. Her er fin natur og
rikelege høve til friluftsliv – noko
som betyr mykje for meg og gjev
meg god avkopling. Etter å ha
vore borte frå Voss i lengre tid i
samband med skule og tidlegare
arbeid, var det godt å koma
attende til Voss og Myrkdalen.
Først då ser ein kor godt me har
det, for det er her ein kjenner seg
heime og har røtene sine.
Sjur Hirth Nesheim
Alder: 76
Bustad: Nesheim på
Vossestrand
Familie: Gift med Klara, to
vaksne jenter med familiar, 6
barneborn
om kyrkjesøknaden ikkje
alltid tilseier det. Kyrkja er
godt å ha for mange på viktige
merkedagar i livet. Eg kunne
nok ynskja at fleire tok del i
gudstenesta. Her har T-dagne
vore eit positivt element som har
ført til større deltaking. Fråvere
av kristendomsundervisning i
skulen har ført ein heil generasjon
bort frå tru og dagleg kristenliv.
Trusopplæringstiltaka kan endra
på dette.
Interesser: Friluftsliv
vinter og sommar, dyr og
gardsdrift, mjølkar framleis
kyrne på garden morgon og
kveld.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/15
Frå me var born, var kyrkjegang
ein naturleg del av sundagen. Eg
Kven vil du utfordra til ein
minnest me køyrde med hest til
samtale i neste nr.?
kyrkjes, og etter at Myrkdalsvegen Eg utfordrar Magne Sørestrand.
vart utbetra i 1947, vart det
Feiring av håpet:
«VISST SKAL VÅREN KOMME!»
Felles prosjekt med Voss og omland Kantori og Ål Kantori
Ein kunne sjølvsagt ynskja at
enkelte ting var annleis på Voss,
utan å gå i detalj om det. Mange
kritiserer dei som styrer, og legg
skulda på politikarane, men eg
har respekt for politikarane og
trur at dei gjer så godt dei kan.
Dei som har sterke meiningar, er
ofte «upolitiske». Til dei vil eg
seia: nytt røysteretten. Meld dykk
inn i eit politisk parti og prøv å
påverka der – då kan du med rette
kritisera.
Eg synes m.a. det er leit at
Kva betyr kyrkja i ditt liv?
sett opp kyrkjebuss som ofte
var fullsett. - For meg har det
vore meiningsfullt å vera med i
soknerådet og fellesrådet, og i
seinare tid som frivillig deltakar i
klokkarlaget. Det er godt å koma
inn i kyrkjerommet, og kunna ta
del i liturgi og salmesong. Det
gjev ein god start på sundagen.
Voss og Omland Kantori
Noko du tenkjer kunne bli
betre på Voss?
Eg har fylgt godt med i
samfunnslivet gjennom tidene og
ser at ting har endra seg – ikkje
alltid til det beste eller i tråd med
mine verdiar. Eit av dei store
sosialpolitiske spørsmål er «fri
flyt» av alkohol. Eg skulle ynskja
at det hadde vore fleire alkoholfrie
soner i samfunnet. Me kunne
gjerne fått noko liknande som det
som vart innført med røykelova.
Her er mange skuggesider i
heimar og på arbeidsplassar som
skuldast alkohol.
Eg synes me nordmenn er lite
stolte av å vedkjenna oss vår
kristne kulturarv og tru, og dette
undrar meg. Andre trussamfunn
er meir opne og flinkare til å visa
seg fram med kva dei trur på. Her
har me kanskje noko å læra.
Av Kolbjørn Blikås
alkohol skal kunna serverast
i opningstidene i skianlegga.
Alkohol har også glide inn
i kristne miljø. Her er det
viktig å vera bevisst på kva ein
gjer – særleg i høve til andre.
Sjølv har eg aldri hatt bruk for
kunstige stimuli – eg har hatt nok
stimulanse gjennom arbeidsliv og
fritidssyslar.
Kva tenkjer du om kyrkja sin
plass i lokalmiljøet?
Kyrkja står framleis sterkt i
Voss og på Vossestrand, sjølv
Denne våren vert Eyvind Skeie
og Sigvald Tveit sitt velkjende
kyrkjemusikalske verk framført på
Ål og på Voss. Etter samarbeidet
desse to kora hadde til Osafestivalen
hausten 2012 med Jo Asgeir Lie sitt
verk «Liturgisk musikk», tek dei
no opp Skeie og Tveit sitt populære
verk til framføring i begge bygdene
i april. I tillegg til dei to kora skal
også solistar og instrumentalistar
vere med på framføringa. Kantor
Magnus Kløften på Voss og kantor
Audun Flaen i Ål står kunstnarleg
ansvarlege for prosjektet.
«Visst skal våren komme» vart
først framført i 1984. Sidan då
har musikken vore mykje brukt.
Det gjeld både verket samla og
einskildsongar. Truleg er dette
verket av dei mest framførte i
kyrkjemusikalsk samanheng etter
at det kom. Fleire av songane er å
finne i sangbøker og salmebøker –
m.a. i den nye «Norsk salmebok»,
og er ofte å høyre i radioprogram og
andre framføringar.
Eyvind Skeie er både teolog,
tekstforfattar og komponist. Han
har skrive ikkje mindre enn 38 av
salmane i den nye salmeboka og
oversatt 17.
Sigvald Tveit er komponist og
musikkforskar. Han har skrive
musikk til ei rekkje musikkspel,
særleg av kyrkjeleg karakter. Han
har også skrive musikk til fleire
hundre fjernsynsprogram. Portveien
2 og Sesam Stasjon er kanskje to
av dei mest kjende. Også her var
tekstforfattaren Eyvind Skeie.
Sigvald Tveit
«Me skreiv desse songane saman
som ei feiring av håpet,» har
tekstforfattar og komponist sagt.
Tekst, tonedrakt og rytme speglar
dette. Her er mykje fengande
musikk. Det er musikk til å gle seg
over.
VOK inviterer interesserte songarar
til å vere med på dette prosjektet.
Øvingane startar opp i Vangskyrkja
no i januar. 14. – 15. mars blir
det øvingshelg på Ål, og altså
framføringar på Ål 18. april og på
Voss 19.april. Det er berre å møta
opp på øvingar i Vangskyrkja!
Eyvind Skeie
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/15
9
Kyrkjelege handlingar
Døypte:
Voss gutar:
30.11: Bjørn Radek Helland Graue
Håvard Eirikson Jordalen
Isak Borges Kolve
Emrik Olai Bakketun Larsen
28.12: Sigbjørn Skaar Knapstad
11.01: Håvard Kleppe
Brage Kvam Rødland
25.01: Zebastian Kyte Kristoffersen
Vetle Karlsen Kvarekvål
Henry Gudvangen Mollestad
Ole Alexander Stephansen
- satsar på Vestlandet
Voss jenter:
30.11: Norah Dugstad Clarke
Emelie Prestegård Hesjedal
Madelen Mykkeltvedt Kløve
21.12: Liv Eggum Ystaas
28.12: Thea-Celin Een-Stamnesfet
Ylva Bauthus Høgheim
11.01: Madelen Midtun
Petra Vik
25.01: Malin Olde Merkesdal
10
Kiwi Vangen
Tlf. 56 51 27 35
VOSS CEMENTVAREFABRIKK AS
Brynalii 153, 5705 Voss
Tlf. 56 52 34 60
e-post: post @vosscement.no
Korleis har
har du
du det…
det…
Korleis
Vigde:
EIGENTLEG?
EIGENTLEG?
Voss:
12.12: Sølvi Therese Helland og Ronny Vatsø Mortensen
17.01: Brit Flatlandsmo Røthe og Carl-Johan Anden
Krisetelefon 815 33 300
Krisetelefon
33 300
SOS-Melding: 815
www.kirkens-sos.no
SOS-Melding: www.kirkens-sos.no
EIT MENNESKE
EIT NÅR
MENNESKE
LIVET
NÅR LIVET
Å SNAKKE MED
ÅERSNAKKE
MED
SOM VERST
ER SOM VERST
Selskap
i konsernet
SELSKAP
I
HMV
VOSS
AS
HMV VOSS - KONSERNET
HMV Bilsenter AS
HMV Maskin AS
HMV Servicestasjon AS
tlf. 56529150
tlf. 56529130
tlf. 56529180
Oppheim:
18.01: Kristoffer Ringdal
Filip Thaule Hjørnevik
01.02: Nora Rio Herheim
Døde:
Voss menn:
31.10: Anders Stølås f. 1941
01.11: Martin Solstad f. 1929
08.11: Ingvald Martin Trøen f. 1927
12.11: Kristian Nielsen f. 1975
14.11: Arne Tollefsen Moen f. 1925
29.11: Eivind Handegård f. 1957
05.12: Bernhard Torleiv Eide f. 1937
10.12: Finn Bjørn Jakobsen f. 1947
16.12: Olav Eide f. 1949
17.12: Anders Hauge f. 1920
20.12: Harald Skutle f. 1937
24.12: Svein Haavard Nygaard f. 1938
03.01: Aksel Reidar Rio f. 1934
15.01: Kjetil Slettemark f. 1955
Voss kvinner:
25.10: Margrethe Rode f. 1923
04.11: Eli Solveig Kuven Andersen f. 1954
27.11: Kari Hauge f. 1926
28.11: Anna N. Møen f. 1917
02.12: Sigrun Iversen f. 1925
29.12: Ingrid Johanna Herfindal f. 1951
02.01: Kristi Fenne f. 1922
12.01: Astrid Bryn f. 1928
15.01: Marta Helleve f. 1919
20.01: Kari Årskaug f. 1923
Evanger:
29.11: Magnhild Tufte f. 1923 (Bolstadøyri)
14.01: Bjørg Sofie Otnem f. 1962 (Evanger)
Vinje:
17.11. Hilmar Hommedal f. 1931
30.12. Gudny Bystøl f. 1937
Oppheim:
30.11. Synneva Bidne f. 1920
Hardangervegen 25
Telefon: +47 56 53 06 00
Mobil:
+47 95 30 55 03
www.amfi.no/voss
ALT I FØRARKORT
www.hagatrafikk.no
9100 3101
[email protected]
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/15
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/15
11
DET HENDER
Gudstenesteliste:
Vangskyrkja:
15.02. kl. 1100 Høgmesse. Haaland. Dåp. Offer til
kyrkjelydsarbeidet. Sundagsskule.
22.02. kl. 1100 Høgmesse. Molde. Nattverd. Offer til
misjonsprosjektet. Kyrkjekaffi. Årsmøte.
01.03. kl. 1100 Gudsteneste med babysong. Boge m. fl.
Dåp. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjekaffi.
Sundagsskule.
04.03. kl. 1930 Fastegudsteneste. Molde. Skriftemål.
08.03. kl. 1100 Ung Messe. Hellesøy og MILK.
Nattverd. Offer til Voss KFUK/M.
15.03. kl. 1100 Høgmesse. Boge. Dåp. Offer til
kyrkjelydsarbeidet. Sundagsskule.
22.03. kl. 1100 Familiegudsteneste med T4. Boge m.fl.
T4 møter i Vonheim kl. 1000.
25.03. kl. 1930 Tomasmesse. Boge. Nattverd.
Evanger kyrkje:
01.03. kl. 1100 Gudsteneste. Molde. Offer til
kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjekaffi. Årsmøte.
22.03. kl. 1100 Høgmesse. Molde. Nattverd. Offer til
IKO.
Bolstadøyri kapell:
22.02. kl. 1500 Gudsteneste. Molde. Offer til
Bedehuset. Kyrkjekaffi. Årsmøte for Bedehuset.
15.03. kl. 1500 Høgmesse. Molde. Nattverd. Offer til
Helgatun.
Raundalen kyrkje:
15.02. kl. 1100 Høgmesse. Molde. Dåp. Nattverd.
Offer til NMS.
08.03. kl. 1100 Gudsteneste. Boge. Offer til
kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjekaffi. Årsmøte.
Oppheim kyrkje:
22.02. kl. 1930 Kveldsgudsteneste. Thaule. Nattverd.
Offer til Normisjon.
08.03. kl. 1100 Gudsteneste med babysong. Thaule.
Vossestrand Barnekor. Offer.
Vinje kyrkje:
01.03. kl. 1100 Høgmesse. Thaule. Offer til
Frelsesarméen.
22.03. kl. 1100 Storfamiliegudsteneste. Thaule. T7
Barnas påskefest. Vossestrand Barnekor. Offer.
Kyrkjekaffi.
C-BLAD
Fulldistribusjon
Kyrkjenytt for
Vossabygdene,
pb 562, 5703 Voss
Aktivitetskalendar
T8 Tårnagent.
Vangskyrkja fredag 13. mars kl. 0900 for Voss og
Raundalen.
T7 Påskefest.
Vinje kyrkje fredag 20. mars kl. 1700, med førebuing til
Påskefestgudsteneste sundag 22. mars kl. 1100.
T4 Barnebibel.
Vangskyrkja sundag 22. mars kl. 1100.
Babysonggudsteneste
Vangskyrkja sundag 1. mars kl. 1100
Oppheim kyrkje sundag 8. mars kl. 1100
Ung Messe
Vangskyrkja sundag 8. mars kl. 1100 ved MILK
(minilederkurs).
Eldretreff i Vonheim
Eldretreffa i vårsemesteret vert desse onsdagane kl.
14.00: 11. februar, 11. mars og 8. april.
Kvinnene sin internasjonale bønedag
Fredag 6. mars er Kvinnene sin internasjonale bønedag.
Temaet i år er Hjelp til offer for vald i heimen på
Bahamas. Øya Bahamas i Karibien vert oftast knytt
til ferie, sol og sjø. Utanfor turistparadiset finn ein ein
annan røyndom: Vald i heimen og i nære relasjonar er eit
stort samfunnsproblem. Mange born vert utsett for vald
og seksuelt misbruk, og mange er engstelege for foreldra
sitt misbruk av alkohol eller narkotika.
Gjennom Bibelselskapet i Vestindia ynskjer difor
Kvinnene sin internasjonale bønedag å gjera prestar,
frivillige i kyrkjelydar og rådgjevarar betre i stand til å
hjelpa offera for denne typen vald. Konkret betyr det å
halda kurs for ressurspersonar slik at dei kan læra korleis
dei kan gje praktisk hjelp og støtte til offera.
I fjor vart det samla inn kr. 392 462 til prosjektet
«Kvinnebibel i Midt-Austen».
Soknerådsval 2015
Det skal veljast nye sokneråd hausten 2015
(14. september, samstundes med kommune- og
fylkestingsval). Sokneråda er no i gang med å finna
kandidatar – fram til 1. mai då listene må vera klare.
Kanskje er du ein av dei som kunne vera med i
soknerådet neste 4 år? Det er fint om du kunne vera open
for dette dersom du skulle verta spurd.