Det er høgt under taket i klubbhuset til Fjell båtlag. No fyller laget 35

Transcription

Det er høgt under taket i klubbhuset til Fjell båtlag. No fyller laget 35
12
Det er høgt under
taket i klubbhuset til
Fjell båtlag. No fyller
laget 35 år, og i løpet
av desse åra har dei
løyst mange
problem. Mest
knytta til båt, men
verdensproblema har
også vore lufta.
MAGASIN
Vestnytt laurdag 9. mars 2013
Vestnytt laurdag 9. mars 2013
MAGASIN
13
35 år med båt og vennskap
Døsjø: Klokka nærmar seg 11,
og det er onsdag. Det luktar
nytrekt kaffi og vaflar i båthamna
på Døsjø. Leiar Kjell Dønheim
er allereie på plass, fleire kjem
etterkvart. Kvar onsdag mellom
klokka 11 og 12 er det klubbdag
i Fjell båtlag. Åtte-ti medlemmer
møter jamnt og trutt, somme
dagar er dei fleire, andre dagar
færre.
– Vi møtest for å snakke om
båt og andre viktige ting, seier
Dønheim.
Mangla båthamn
Då Kjell Dønheim flytta til Fjell,
fanst det ingen båthamner i
kommunen. Folk hadde sjølvsagt
båtar då som no, men dei hadde
gjerne ein båtplass nær heimen.
Dønheim var likevel ikkje den
einaste som mangla ein plass
å fortøye båten sin. Ein gjeng
mannfolk sat ein dag på ein
veranda på Foldnes og drøymde
om ein båtplass. Der og då vart
ideen om å starte opp ein båthamn
i Fjell fødd.
I juni 1978 var det etablerarmøte, og 50 personar møtte
fram. Behovet for eit båtlag og
ein marina var tydeleg til stades.
Frå Fjell båtlag var stifta til arbeidet med ei båthamn i Døsjø tok
til, gjekk det to-tre år.
– Det var mykje arbeid for å få
det til, hugsar Dønheim, som er
medlem nummer to i Fjell båtlag
og har vore aktiv gjennom alle
dei 35 åra.
No har laget 138 medlemmer
og om lag 30 på venteliste.
– Vi er billigare enn naboane,
derfor er pågangen stor, seier
John Berentsen, medlem sidan
starten.
– Vi vil vere eit lag med plass
til alle typar båtar, både dei store,
dyre og dei små, enkle, seier
Dønheim.
Derfor har dei som politikk å
halde kostnadene nede og tilby
rimeleg medlemskap og båtplass.
Stabilt
Medlemmene i Fjell båtlag er ein
stabil gjeng. Dei var i sin beste
alder med koner og barn då laget
var stifta. Dei er framleis i sin
beste alder, men no med koner
og barn og barnebarn. I tillegg
til å sørge for ein fast båtplass og
godt stell av båten, står sosiale
aktivitetar høgt på lista over
gjeremål.
– Vi var flinkare til dette då vi
var yngre, innrømmer dei.
På merittlista har dei pensjonistturar, turar med helsesportlaget, og dei første flyktningane
som kom til Fjell, vart invitert på
båttur. I tillegg turar med familie,
inkludert hundar og kattar.
– Når vi er på familieturar og
har med dyr, har vi ein stopp for
lufting av kattar og ein stopp for
lufting av hundar, smiler Dønheim.
Sjølv om aktivitetsnivået har
gått litt ned, prøver dei å halde
på den sosiale profilen. Arrangementskomiteen er i tillegg til
hamnekomiteen den mest aktive
i laget.
35 år er ikkje ein veldig rund
dag, men rund nok for Fjell båtlag
til å arrangere jubieumstur og
jubileumsfest. I praksis feirar
laget bursdag kvart år.
For 35-årsjubileet har dei planlagt vår-tur til Rongevær i Austrheim i Nordhordland. Opp gjennom åra har det blitt mange fellesturar der dei reiser i konvoi.
Eitt år gjekk turen heilt nord til
Måløy. Eit anna år gjekk den til
Sørlandet.
– Vi har alltid lagt stor vekt på
det sosiale, men oppslutninga om
aktivitetane har vore svinga gjennom åra, seier Dønheim.
Somme av medlemmene er
veldig ivrige til å stelle med båtane sine og er i hamna støtt og
stadig, medan andre tar det meir
avslappa.
– Men viss det er nokon som
treng hjelp til noko, stiller vi opp
for kvarandre. Det er mange som
er flinke med båt, seier Dønheim.
Dugnad
Grunnen til at Fjell båtlag har
greidd å halde prisen på båtplass
så låg, er at det meste som er gjort
i hamna, er gjort på dugnad. Dei
starta i det små då avtalen om
leige av grunn var gått i orden.
Sidan har dei utvida etterkvart
som økonomien og kreftene har
tillate. Klubbhuset har også vokse
med åra. No er det blitt ein flott
møteplass med godt kjøkken, eit
stort spisebord og ei koseleg sofagruppe.
– Vi leiger huset ut til medlemmer når dei treng plass til å feire
noko, seier Dønheim.
– Her er det langt til naboane
så vi treng ikkje tenke på støy,
suplerer dei andre.
Etter at uvedkomande tok seg
inn i hamna og gjorde skadeverk,
har dei begynt å gå vakter, dette
er også på dugnad. Kvar kveld og
utover natta er det folk på plass
for å passe på.
Medlemmene i Fjell båtlag
synest det er litt underleg at dei
ikkje får meir hjelp frå kommunen.
– Andre stader legg gjerne
kommunen til rette for og betalar
tilskot til båthamner. Men det har
ikkje Fjell gjort, ikkje ei einaste
krone har vi fått.
Leigeavtale
Gjennom alle desse åra har båtlaget leigd grunnen dei disponerer.
Om tre år, i 2016, er det igjen tid
for å fornye avtalen. Dei kunne
godt tenke seg å kjøpe, men førebels er det ikkje gjort noko avtale
om dette.
– Vi har gjort mange investeringar, så vi eig ein god del. Det
tryggaste hadde vore å eige grunnen, er medlemmene i båtlaget
einige om.
Mellom anna har dei investert
i ein slipp som dei leiger ut til
alle som treng det. For ein rimeleg sum får folk nøkkel og kan
bruke slippen når dei måtte ha
behov for det.
– Det er veldig populært,
mange nyttar seg av dette tilbodet, seier Dønheim.
Kvar onsdag treffest medlemmene i Fjell båtlag til klubbdag med kaffi og vafler. John A. Jahnsen, Willy R. Wilhelmsen (Ser kun litt av bakhodet hans), Sølvi Dønheim, Astrid Wilhelmsen, John Berntsen, Kjell Dønheim, Christopher Garmann, Kjetil Søyland Bøe, Harald Ekerhovd, Anton
Ekerhovd , Knut Nordbø og Ole Vatn. Foto: Elisabeth Netland
Mest menn
Medan mennene sit i sofagruppa
og slappar av, styrer Sølvi Dønheim og Astri Wilhelmsen på
kjøkkenet. På onsdagstreffet blir
det alltid servert vafler, så også
denne gongen.
– Vi har nokre kvinnelege
medlemmer i båtlaget også, men
det er ikkje så mange, innrømmer dei.
Båtar er det helst menn som
som steller med. Men kvinner er
hjerteleg velkomne, som medlemmer og båteigarar. Dessutan
får koner alltid vere med på festar
og utflukter.
ELISABETH NETLAND
[email protected]
920 65 650
Sosiale samankomster har det vore mange av opp gjennom åra. Bilda viser medlemmer som inntar et felles måltid på flytebrygga på Møgster. Dei to andre bilda er frå Modalen. Foto: Kjell Dønheim