Gaular Spelemannslag - Sogn og Fjordane folkemusikklag

Transcription

Gaular Spelemannslag - Sogn og Fjordane folkemusikklag
www.viksdalen.no/marknad
Velkomen til marknad på Viksdalen
Tilbakeblikk
Marknadstradisjonen starta i det små i 1989 med nokre få
inviterte handverkarvener. Bygdetunet var passe stort lokale og
Flink 4H selde vaflar og kaffi og ga overskotet til utbygging av
samfunnshusavdelinga på skulen. Året etter laga vi til marknad i
gymsalen på Viksdalen skule. Gaular Spelemannslag var
samarbeidspart og stod for kafédrift, lotteri og marknadsfest.
Etter som åra gjekk og tal utstillarar auka på, vart gymsalen for
liten. Vestibyle og garderobar i samfunnshusavdelinga måtte
takast i bruk for å få plass til alle. Tiande året vart marknadssalet
flytt til skulefløyen og i fleire år var alle klasserom i begge
etasjar nytta for å få plass til utstillarane! Eldalsdalen Grendalag
kom med i samarbeidet i 1998 og har kvart år sidan laga til
raspekakemiddag på søndagen.
Marknad for 25. gong!
Viksdalsmarknaden har gjennom åra vore ein populær
utstillings- og salsstad for svært mange handverkarar og
gardsmatprodusentar. Dei fleste påmelde utstillarane i år er vel
kjende frå før, men det er óg nokre nye namn på lista. Som alltid
kan publikum rekne med rikt vareutval og god kvalitet.
Spikking og treskjering
I sløydsalen i kjellaretasjen har vi laga til ein spikkekrok der Leiv
Sølvberg syner spikking i rått tre. Dette er opplagt for born og
4H-ungdom der dei lærer seg å bruke kniv. Her finn du óg Torald
Storøy som vil demonstrere karveskurd. Dette er eit opplegg for
dei litt meir vaksne, der dei kan få prøve seg i treskjering.
Vi ynskjer utstillarar og publikum velkomne til ei triveleg
marknadshelg!
Alvhild og Einar
VIKSDALEN HANDEL AS
Tlf/fax 57719800
Gaular Spelemannslag
sine medlemer og
gode støttespelarar
er klare til innsats for
Viksdalsmarknaden 2013:
Kafédrift laurdag, marknadsfest laurdag kveld og
marknadslotteri. Vi gratulerer Alvhild og Einar med 25årsjubiléet og takkar for at laget har fått vere medarrangørar!
Marknadsfesten
Gaular Spelemannslag inviterer små og store til konsert og
dans på laurdagskvelden. Gjestemusikarar i år er duoen
"Kringslått": Helene Myklemyr Bolstad og John Oddvar Kandal.
Dei trekte fullt hus i Eldalsløa i fjor sommar med flott konsert
og drivande godt dansespel.
Helene Myklemyr Bolstad er trekkspelar, oppvaksen i
Jostedalen og busett i Skjolden. Ho har overført
hardingfeletradisjonen frå heimbygda til trekkspelmusikken
sin, og vart allereide i ung alder vide kjend for sin særmerkte
spelestil. I tillegg til å vere mykje nytta som ”spelemann” både
til underhaldning og dans, har ho også gjort teneste som vikar
for organisten ved kyrkjelege handlingar.
John Oddvar Kandal er bygdespelemann frå Breim, har
vakse opp med lokal tradisjonsmusikk og er ein landskjend
felespelar. Han har årelang røynsle som utøvar og har turnert
både med eige orkester og som solomusikar i inn- og utland.
John Oddvar har vore læremeister, inspirasjonskjelde og
musikalsk førebilete for mange yngre felespelarar og vart i
2012 tildelt Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane.
Gaular Spelemannslag med felerekruttar og veteranar i god
blanding stiller med konsertinnslag og dansespel.
Juniorfelespelar Helen Tyssekvam vil i tillegg ha eit innslag
på konserten med song og pianospel!
Marknadsgudsteneste
Gudstenesta i Viksdalen kyrkje søndag 10.november kl 11.00
vert prega av folketonar. Folkemusikarane Helene Myklemyr
Bolstad og John Oddvar Kandal stiller med trekkspel og fele.
Utstillarar på Viksdalsmarknaden 2013
10. klasse Viksdalen skule Viksdalen
Viksdalskalender
9. klasse Viksdalen skule
Viksdalen
Julekaker
Anne Marie Hage
Viksdalen
Biletvev
Aslaug Hellebust
Viksdalen
Handstrikk
Aud Ramsli
Kyrkjebø
Strikk, toving,
hardangersaum
Botnatunet
Viksdalen
Heimebakst
Einar Nedrebø
Vassenden
Trearbeid
Eldalstunet
Viksdalen
Trearbeid,
Viksdalsmåling
Eline Grinde
Nordfjordeid Barnekle
Else Pettersen
Breim
Nissar og dokker
Eva Hellebø
Kyrkjebø
Dekormåling,
handarbeid
Gaular Sogelag
Sande
Sogeskrift
Gerd Haugland
Naustdal
Glaskunst
Helene Stegane Hauge
Viksdalen
Bilete, julekort glasog porselensmåling
Helga Holsen Råheim
Viksdalen
Hekling
Hoff Strikkestove
Viksdalen
Maskinstrikk
Inga Bjørnlund Berge
Eide
Strikk, julepynt
Inge Menes
Balestrand
Røykelaks
Inger og Trygve Eikenæs
Førde
Smijern, lappeteknikk, applikasjon
Ingunn Lavik Hole
Førde
Strikk,lappeteknikk,
trearbeid
Judith Refsnes
Florø
Glaskunst
Kari Storesund
Florø
Glaskunst, strikk,
syarbeid, smykke
Kåre Haugland
Nordfjordeid Spekepølse m.m.
Laila Norevik
Førde
Kort
Linda Pettersen
Stranda
Gelélys
Margit Rognebakke
Naustdal
Strikk
Randi Lambach Viken
Rådal
Div. julevarer,
forkle
Sjur Huke
Leikanger
Eple, eplesaft
Solrun Huus Flatabø
Førde
Porselensmåling
Solveig Mjell
Viksdalen
Handstrikk
Susanne Nordheim Vigdal Vetlefjorden
Treprodukt
Synnøve Værøy
Florø
Hand – og
maskinstrikk
Vevang Produksjon AS
Dale
Tre- og tekstilprodukt
Eldalsdalen Grendalag
vart skipa i april 1996.
Laget har som føremål å
arbeide med saker som kan
fremje næringsliv, kultur og
trivsel. Betre mobildekking
og utbygging av breiband,
saman med fokus på best
mogleg vegløysing for bygda,
er noko av det vi er opptekne
av. Vi vil også gjere synleg
næringsaktivitet, og har
arrangert open dag.
Laget deler ut ein
næringspris kvart år etter
forslag frå innbyggarane.
Prisen er på kr 3 000.
Grendalaget samarbeider gjerne med andre lag og
organisasjonar på Viksdalen. Eit slikt samarbeidstiltak er
Viksdalsmarknaden. Dette er blitt eit svært populært tiltak,
og mange finn vegen til Viksdalen skule i dette høvet.
Raspekaker til søndagsmiddag!
Søndag 10. november kan alle som ynskjer det kome til ferdig
middag på Viksdalen skule. Eldalsdalen Grendalag lagar til
skikkeleg tradisjonskost – raspekaker med kjøt, flesk, pølse,
kålrot og surmjølk! I tida mellom 12.30 og 16.30 (NB! Middag
kun til kl 15.30) kan store og små ete seg gode og mette i godt
lag med andre marknadsgjester. Som vanleg er det nysteikte
vaflar og klintemat å få kjøpt til kaffien.
Middagsbillett: vaksne kr 120 / born kr 80.
Marknadslotteriet
Tradisjonen tru har Gaular Spelemannslag marknadslotteri
med mange fine gevinstar laga av utstillarane på marknaden.
Det vert loddsal i gymsalen begge marknadsdagane. Trekkinga
skjer under avslutninga av marknaden søndag ettermiddag
om lag kl 16.00.
Hovudgevinstar:
Rosemåla flatbrødkorg m.flatbrød
Alvhild og Einar Eldal, Viksdalen
kr 1800
Akrylmåleri
Helene Stegane Hauge, Jølster/Viksdalen
kr 1500
Viksdalsjakke
Hoff Strikkestove, Viksdalen
kr 1200
Overskotet av lotteriet går til Gaular Spelemannslag sitt arbeid
med opplæring i og formidling av folkemusikk og folkedans.
Vi tek gjerne imot gevinstar, helst heimelaga eller vare frå
marknaden.
Pengelens?
Sparebanken Sogn og Fjordane vert med på marknaden
i år også om du skulle gå tom for kontantar.
Laurdag og sundag kl 13.00 til 16.00.
Førstevalet ditt!
Viksdalsmarknaden 2013
Viksdalen skule
Laurdag 9. november
Kl 12.00–16.00
Marknadssal
Marknadskafé med risengrynsgraut,
klintemat, vaflar, kaffi og brus
Marknadslotteri
Kl 20.00–00.30
Marknadsfest for heile familien
Konsert og dansespel:
•"Kringslått", Helene Myklemyr Bolstad og John Oddvar Kandal
•Helen Tyssekvam, song og pianospel
•Gaular Spelemannslag
Festbillett: kr 200 for vaksne over 18 år
kr 50 for skuleborn/ungdom
Sal av mat og drikke
Søndag 10. november
Kl 11.00
Gudsteneste med folketonepreg i Viksdalen kyrkje.
Folkemusikarane Helene Myklemyr Bolstad og John Oddvar Kandal
deltek i gudstenesta med trekkspel og fele
Kl 12.30–16.30
Marknadssal
Marknadskafé Raspekakemiddag til kl 15.30.
Pris kr 120 / kr 80. Sal av kaffi, brus og kaffimat
Marknadslotteriet, trekking kl 16.00
Alvhild og Einar Eldal
Gaular Spelemannslag
Eldalsdalen Grendalag