Anne Kallevik Grutle, lærer og IPT-bonde

Transcription

Anne Kallevik Grutle, lærer og IPT-bonde
www.straumoygard.no
I Sveio kommune
Hvam 17.november 2011
Grønn individuell
opplæringsplan med gården
som pedagogisk ressurs
Leif og Anne Grutle
Straumøyvegen 129
5554 Valevåg
Tlf. 53742281,
93455062,
98639004
[email protected]
Straumøy Gard er ein Inn på tunet gard nord i Sveio kommune
Definisjon Inn på tunet:
«Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikrede tjenestetilbud på gårdsbruk.
Tilbudene skal gi mestring, utvikling og trivsel.
«Gårdsbruk er en eiendom som benyttes til jord-, skog- eller hagebruk.
Aktivitetene i tjenestetilbudet er knyttet opp til gården, livet og arbeidet der»
(vedteke av Inn på tunet-utvala i Norsk Bonde og Småbrukarlag og Norges Bondelag fredag 26.08.11)
Inn på tunet gir tilbod innan skule og utdanning, psykiatri, tilrettelagt arbeid, barnevern,
eldreomsorg, kriminalomsorg, avlasting, butiltak.
I dag reknar ein med at det er mellom 800 og 1000 gardar i Norge som driv eit Inn på tunet
tiltak.
Kven er me?
Leif er bonden, og har vore det meir eler mindre på heiltid i sidan 1979.
Har hovudansvaret for dyr og dagleg drift av garden.
Anne er pedagogen. Har jobba som lærar i grunnskulen sidan 1979.
Har hovudansvaret for kontakt med skulane, planlegging, organisering,
tilrettelegging av elevtiltaket og tilbakemelding til skulane.
Det å kvalitetssikra det me held på med har vore viktig for oss, både når det gjeld
innhald og fysisk utforming.
Tilbodet ved Straumøy Gard pr i dag:
• Tilbod til elevar med særskilte behov 3-4 dagar pr veke
• 3.-4.klasse ved Valestrand oppvekstsenter 8 dagar i løpet av
skuleåret
• 4.klasse ved Steinerskolen i Haugesund 6 dagar i løpet av
skuleåret
• Verna arbeidstilbod ein dag i veka
• Avlasting for familiar som har born som krev mykje oppfølging
• Butiltak for psykisk utviklingshemma ungdom
• Møtestad for fosterbarn og biologiske foreldre/søsken.
• Barnas Turlag i Haugesund Turistforening har vore på besøk ein
dag under lamminga dei siste åra
• Ferieklubben i Haugesund har besøk på Straumøy Gard i sitt
opplegg
• Open dag med førjulstemning saman med Ørevik 4H i
begynnelsen av desember
Starta opp med gården som pedagogisk ressurs i det små 1996.
Jordbruket på Straumøy Gard:
Hovudproduksjonen: Rundt 80 vinterfora sauer og 7 ammekyr.
Elles er det litt kalvar, ein flokk kashmirgeiter, to hestar, to lamaer,
griser, høns, kaninar, tre hundar.
Økologisk grasproduksjon.
Litt hagebruk
Skogbruk
Sjøbruk
Ulike arenaer for aktivitet:
Bygningsmasse:
•
•
•
•
•
•
• Driftsbygning med fjøs,
sauehus, hønsehus, forrom,
gamlelåven og nyelåven.
• Kaninhus
• Hagereiskapshus
• To lavvoar
• Ein gapahuk under oppføring
• Eit naust, løyve til eit anna
naust
• Larinehuset
• Tunstova
Skog
Øya Midtvik, halvøya Nappeid
Sjø
Eng, åker og beite
Elevhagen og Larinehagen
fjøs
Eksempel på aktivitetar:
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
Arbeid med dyr
Vedlikehald
Ved og skogsarbeid
Hage- og plantestell
Kultivering og rydding av innmark og utmark
Fiske og sjøaktivitetar
Foredling av mat og matlaging
Mekking
Turar
Bruk av hest
Ulike prosjekt knytt til livet på garden
Smågruppetiltak for elevar med særskilte behov
• Elevane kjem frå 10 skular og 4 kommunar i regionen.
• Dei fleste elevane i smågruppetiltaka har ein dag i veka på Straumøy Gard, nokre
har 2 dagar, ein elev 3 dagar.
• Grupper på 8- 10 elevar 3 dagar i veka. Me er 5-6 vaksne med kvar dag.
• Elevar som treng særleg tilsyn har eigne vaksne med seg frå skulen.
Opptaksrutiner:
• Føresette, skule og PPT kjem fram til om Straumøy Gard kan vera eit godt tiltak
for eleven. Eleven kjem på prøve nokre gonger før me på Straumøy Gard i
samråd med skulen finn ut om dette er eit godt tiltak for eleven. Det blir skrive
ein avtale knytt til eleven for eit skuleår om gongen med ein månad
oppseiingsfrist.
• Skulen utformar eit enkeltvedtak der dei grunngjev kvifor og kva mål ein set for
tiltaket.
• Anne er tilsett i 50% stilling på garden gjennom Sveio kommune.
Straumøy Gard har rammeavtale med Haugesund kommune som gjeld 2 + 1+ 1 år.
Enkeltvedtak og IOP frå skulen si side
Eleven i sentrum
• Skulen gjer eit enkeltvedtak der dei grunngjev kvifor eleven skal ha ein forsterka
opplæringsarena. I tillegg må vedtaket innehalda sakkyndig vurdering frå PPT, sei
noko om innhald, omfang og stad.
• Årsaker til at eleven kan ha behov for forsterka opplæringsarena:
• Det er ikkje mogleg for eleven å oppnå måloppnåing innafor skulen sitt
område då skulen manglar dei verkemidla som fungerer for eleven.
• Læringspotensialet ligg i praktiske handlingar knytt til arbeid og fysisk
aktivitet der den vaksne opptrer som rollemodell.
• Behov for ADL-trening der målet er å meistra kvardagen og bli mest
mogleg uavhengig av hjelp frå andre.
• Treng ein nøytral arena for å komma i læringsposisjon.
• Endring av negativ åtferd.
• Individuell opplæringsplan er operasjonalisering av enkeltvedtaket.
For at me som jobbar med elevane her på garden skal komma i posisjon der me kan
oppnå framgang for eleven, må eleven ønskja eit slikt tilbod og trivast med arbeidet
og aktivitetane me kan tilby.
Det overordna målet er at eleven skal oppleva meistring og etter kvart kunna fungera
i eit tilnærma normalt skuleløp/ samfunnsliv.
Grøn individuell opplæringsplan
IOP- Eleven i sentrum – ser på kva verkemiddel ein skal ta i bruk for å oppnå
måloppnåing.
Verkemiddel
1
Verkemiddel
2
Verkemiddel
10:
Straumøy
Gard
IOP
Eleven i
sentrum
Verkemiddel
3
Verkemiddel
xx:
Det er ein føresetnad at eleven passar inn i den ramma
garden gir for at me skal kunna hjelpa til med å nå måla for
den einskilde elev.
Straumøy Gard i sentrum.
Utdrag frå definisjonen til Inn på tunet:
«Aktivitetene i tjenestetilbudet er
knyttet opp til gården, livet og arbeidet
der»
-eleven kjem inn i eit lite samfunn med
sine gjeremål og der det kan gjerast
tilpasningar innafor gitte rammer.
Plan for skuleåret 2010-11
Vedlegg til IOP
Eleven sine initialer: XX 4.kl
Straumøy gard er ein økologisk driven gard med eit mangfald av dyr.
Eleven er her kvar fredag.
Eleven er her saman med 6 gutar og 1 jente frå Sveio og Haugesund. Me er 5 vaksne saman med dei. Elevane møtest om morgonen, blir
delt inn i grupper under fjøsstell, samlast igjen under matpausen og blir så delt i grupper under siste arbeidsøkta. Litt fellestid på slutten av
dagen dersom det er tid til det.
Punktvis korleis og kva me skal jobba med dette skuleåret:
•Oppdeling i mindre grupper der det sosiale fellesskapet blir vektlagt, og der dei har positiv påverknad på kvarandre.
•Skriftleg plan der han kan førebu seg på kva oppgåver han skal utføra på garden. Dette er oppgåver han må gjera. I tillegg er det rom for oppgåver som
oppstår der og då som må gjerast, eller me gjer dei fordi dei fangar interessa hans.
•Fjøsstell. Innhaldet i resten av dagen varierer med ver og årstid. Sjå eigen dags- og halvårsplan.
•Førebu han på nye situasjonar i god tid. Kor me skal, kva me skal jobba med osb.
•Trena på å føra ein samtale ut frå det me held på med, og så sant det let seg gjera, knyta samtalen opp mot hans kunnskap om jordbruk og interesse for
maskinar slik at han opplever meistring.
•Øva på å kommunisera og samarbeida med andre elevar og vaksne gjennom arbeid og praktiske aktivitetar.
•Jobba for å få han til å konsentrera seg om, og halda ut med ulike oppgåver.
•Trena på å rydda og å gjera eit arbeid ferdig. Øva opp evna til å ta ansvar for det han gjer.
•Øva på å venta på tur når det er fleire som skal gjera det same.
•Leggja opp til situasjonar der han tek imot hjelp, og der han hjelper andre.
•Gi han mykje merksemd på positive og gode situasjonar.
•Gi rom for at han kan ta initiativ. Ser han ei løysing på det me held på med, gjer me det på hans måte dersom det let seg gjennomføra.
•Gi han kunnskap om det me held på med gjennom samtale, og som det i etterkant blir laga temasider om og sendt til skulen når det er aktuelt.
•Me vaksne opptrer som rollemodellar der me er dei drivande kreftene i arbeidet, og får eleven med oss etter kvart. Det skal vera rom for leik i arbeidet.
•Det blir laga ein halvtårsplan der aktuelle oppgåver står oppført for kvar månad. Det blir og sendt referat og bilete som det er mogleg å jobba vidare med på
skulen.
•Elevane blir spurt om kva dei har gjort i løpet av dagen. Dei vurderer sin eigen innsats, oppførsel, korleis dei held ut i arbeidet og om dei har vore der dei
skal vera. Dette blir sendt til skulen saman med referatet for dagen.
Straumøy, 25.08.10
Anne Kallevik Grutle
Rapport våren 2011
Vedlegg til IOP
Eleven sine initialer XX 4.kl
Straumøy gard er ein økologisk driven gard med eit mangfald av dyr.
Eleven har vore her kvar fredag i skuleåret.
Det har vore 6 gutar og 1 jente på gruppa saman med 5 vaksne.
Det har blitt naturleg å dela elevane inn i grupper etter interesser og dugleiksnivå.
Eit av måla med gruppene har vore å få til gode sosiale relasjonar og å legga til rette for samarbeidstrening både i arbeid og leik.
Punktvis korleis og kva me har jobba med dette skuleåret:
•Han har fått ein skriftleg plan der han har kunna førebu seg på kva oppgåver han skal utføra før han kjem til garden. Dette er oppgåver han har måtta
gjera. I tillegg har det vore rom for spontane oppgåver som har oppstått og som me har måtta gjera, eller me har gjort dei fordi dei har fanga interessa
hans.
•Dagen har alltid starta med fjøsstell. Dette inneber stell av dyr, men og måling av nedbør og temperatur, husarbeid som å koka kakao, støvsuging, tørka
støv, vaska bad o.l. Dette går på omgang. Han har hatt same oppgåvene under fjøsstellet to veker om gongen.
• Innhaldet i resten av dagen er knytt til gardsarbeid, men har variert med ver og årstid.
Han har blitt informert om kva han skal halda på med neste gong han er på garden. Kor me skal, kva me skal jobba med osb. Andre gonger har han fått
nye utfordringar der og då, noko han stort sett taklar bra.
•Han treng tydelege meldingar og konkrete og oversiktlege oppgåver.
•Han forstår kvifor oppgåvene må gjerast, men treng enno trening på å fullføra oppgåvene.
•Dei fleste dagane har vore gode og han har vore aktivt med i arbeidet. Han har hatt dagar der han har vore i dårleg humør når han kjem, men som har
gått over når han har kome i gong med arbeidet. Nokre gonger har han slitt med negative tankar heile dagen (sjå referat). Då er det vanskeleg å få han i
gong med arbeidet og det er vanskeleg å få kontakt med han. Han kan då vera veldig negativ til seg sjølv og det som skjer rundt han.
•Han har stort behov for at me vaksne tek oss tid til han. Då har han vist at han har gode kunnskapar på mange felt, og han har og vist at han er flink til å
sjå løysingar på tekniske og praktiske utfordringar.
•Han trivst saman med dyr og er ivrig med på fjøsstellet. Han har vist gjennom måten han jobbar på at han har erfaring med dyrestell.
•Han slit med at me stiller krav til han og reagerer ofte med å protestera, samtidig som han treng rammast inn for å utnytta potensialet sitt.
•Etter kvar dag her på garden har han blir vurdert etter arbeidsinnsats, om han er der han skal vera, om han held ut i arbeidet, språkbruk og korleis han
oppfører seg. Vurderinga har blitt sendt til skulen etter kvar dag.
•Det har blitt skrive rapport/vurdering og sendt bilete til skulen etter kvar tysdag og fredag slik at skulen kan nytta seg av det me gjer her på garden.
Straumøy, 25.05.11
Anne Kallevik Grutle
Samarbeid mellom den enkelte skulen og Straumøy Gard
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
Skriftleg avtale opp mot skulen og den einskilde elev.
Vedlegg til IOP
Halvtårsplanar
Dagsplanar
Det blir skrive referat og vurderingar etter kvar dag som blir sendt til skulen.
Det blir sendt bilete til skulen etter kvar dag.
Egne rapportar skriftleg og/ eller pr telefon dersom det er særskilte hendingar som
krev det.
Temasider og undervisningsopplegg knytt til det me held på med blir lagt ut på
heimesida når det er aktuelt.
Møter på ansvarsgruppemøter når det er ønskeleg.
Møte med assistentar som skal følgja enkeltelevar inn i tiltaket før skuleåret startar.
Møte med lærarar og andre aktuelle aktørar ein gong i løpet av hausten.
Kontakt med skulen via It’s learning.
Samarbeid mellom føresette og Straumøy Gard
• Kafédagar som elevane førebur der føresette og anna familie blir bedne.
• Open dag første laurdag i desember, eit samarbeid med 4H i bygda.
• Føresette blir invitert til å vera med ein dag dersom dei ønskjer det.
Kvifor Inn på tunet- Garden som pedagogisk ressurs
Me jobbar mot læringsmål henta frå den Generelle delen i
Kunnskapsløftet:
•
•
•
•
•
•
•
•
å kunna ta ansvar
å kunna samarbeida
å halda ut
løysingsorientert
å kunna gi og ta imot omsorg
Ta konsekvenser av handling, ta ansvar
Meistring
Kunnskap og erfaringar som kan komma til nytte i skulearbeidet.
Overordna mål: Å utvikla seg til å bli eit menneske som fungerer godt
for seg sjølv og andre i samfunnet.
Livet på garden - i eit pedagogisk perspektiv
Gardsarbeidet – set rammene – er reiskapen me brukar for å oppnå det me
har satt som mål for eleven/ brukaren.
Garden i seg sjølv – eit samfunn i miniatyr – oversiktleg, mogleg å
gjennomskoda og påverka .
Arbeidsoppgåvene er konkrete og har ei meining som er lett å forstå.
Arbeid i eit sosialt fellesskap i ein bedrift.
Kunnskap om matproduksjon.
Kunnskap om foredling - frå råstoff til produkt som t.d.
- frå frø til lintråd, frå tre til material, frå feitt og aske til såpe….
Pedagogisk plattform
• Den tause kunnskapen
• Meisterlære
• Dialogen
• Den vaksne i gruppa er rollemodell/ meister for elevane.
• Elevane observerer rollemodellen/meisteren i arbeid.
• Etter kvart deltek eleven i arbeidet.
• Til slutt overtek eleven arbeidet og utviklar det vidare på sin måte.
• Overføring av kunnskap om arbeidsprosessen skjer ved hjelp av dialogen
mellom meister og elev.
Me jobbar på tre ulike måtar:
Årshjulet
Dette er oppgåver som føl årstidene og kjem igjen kvar dag og kvart
år. Døme på det er arbeid med dei ulike dyreslaga, rytmen i jord- og
skogsarbeidet, det meste i sjølve gardsdrifta.
Tema
Det kan vera planlagde tema eller tema som dukkar opp på grunn av
ei hending.
Døme på planlagde tema kan vera frå tyri til tjære, frå hane til
hanesuppe..
Døme på tema som oppstår på grunn av ei hending kan vera då eit
stort asketre bles ned og reiv med seg straumlinja. Då blei det tema
om ask som nyttetre, ask i norrøn mytologi, straumforsyninga og
Haugaland Kraft.
Prosjekt
Eit arbeid som går over lengre tid som til dømes bygging av kaninhus,
opparbeiding av Larinehagen, bygging av gapahuk, elevbedrift,
jordomn.
Organisering av dagen.
• Elevane får ein plan på førehand som fortel kva dei skal gjera den aktuelle
dagen.
• 1. økt: Me startar alltid med fjøsstell – dei fleste gjer same oppgåvene to veker
på rad – så rullerer dei. Andre held på med den same oppgåva over lang tid.
• Matpause
• 2. økt: Elevane blir som regel delt opp i 2 hovudgrupper og held på med ulike
arbeidsoppgåver alt etter ver og årstid Sjå halvtårsplan på heimesida
www.straumoygard.no
•
• Elevane kjem til gards mellom 09.00 og 09.30.
• Dei reiser heim mellom 13.00 og 13.30.
Eg fekk det ordet eg var tverr
og lei og vrang og sky og skjerr.
Eg ikkje anna høyre fekk
og sturen var eg kvar eg gjekk.
Visst var eg vrang og vond og sur
men eg må vera slik dei trur.
Så hende det ein vakker dag
at allting fekk eit anna lag.
Igjennom veggen høyrde eg
at nokon tala godt om meg.
Eg ville ikkje lyde på,
men stilte meg så lett på tå,
og høyrde før eg smeit meg ut: ”
Han er så grei og gild ein gut.”
Eg kvakk litt til, men vart så glad
då eg fekk høyre kva dei sa.
Eg gøymde meg og stod og gret,
men alt ikring var ljost på let.
Og midt i gråten tenkte eg,
at når dei trur så godt om meg,
då skal eg jamen syne dei
at eg kan vera god og grei.
Dei godord gjorde dagen bjart.
Å du kor hjartevarm eg vart!
Liten gut fortel
av Jan Magnus
Bruheim