Redda industriarven

Transcription

Redda industriarven
hus og hjem
foto: jan m. lillebø
e i e n d o m s m a g a s i n e t
Tyssedal
feirar fortida
bilag til
bergens tidende,
NR. 193
fredag
20. juli 2012
hus og hjem |
Bergens Tidende fredag 20. juli 2012
ss
Ty
Tyssedal
Sørfj
orden
o
2
Odda
© Kartagena /
[email protected]
Fabrikkbyane
Industristadene er urbane
holmar i det vestlandske
bygdehavet. På kort tid vaks
dei fram, planlagde etter si tids
byplanideal, med eit bygningsmiljø som er annleis enn i bygdene omkring. Bli med på vår
reise til åtte vestlandske
fabrikkbyar, frå Svelgen i nord,
til Odda i sør.
STONGFJORDEN 22. juni
HØYANGER 29. juni
SVELGEN 6. juli
ÅRDAL 13. juli
TYSSEDAL 20.juli
ODDA 27. juli
ÅLVIK 3. august
YTRE ARNA 10. august
Det er den same historia som
går att på desse stadene som vaks fram i
tida etter år 1900: Industrireisarar finn
ein foss inst i ein fjord. Bønder sel fallrettar, gard og grunn. Kraftstasjonen vert
bygd for å forsyna ein fabrikk som skal
produsera varer verda har bruk for ved
inngangen til ei ny og industrialisert tidsalder. Og industribyggjarane forstår, at
skal dei klara å byggja opp ein stabil arbeidsstokk på desse avsidesliggjande
stadene, må dei lokka med meir enn løn
i lomma. Dei innser at det må byggjast
attraktive samfunn med gode familiehusvære for arbeidarar, funksjonærar og
direktørar. Og alt må leggjast til rette for
at dei alle får dekka sine ulike praktiske
og sosiale behov.
Arkitektane som får i oppgåve
å planleggja dei nye tettstadene, er velutdanna og oppdaterte og inspirerte av
rådande europeiske trendar innan arkitektur og byutvikling.
Dei lagar byplanar med britiske hagebyar
som ideal, dei planlegg grøne byar med
parkar og allear og bustadhus med hage.
Industrilandskapet i fabrikkbyane har endra seg. Industrieigarar har
kome og gått. Fabrikkbyane har etter
tur opplevd dramatiske omveltingar.
Produksjonen har tilpassa seg nye tider.
Rasjonalisering og effektivisering har
redusert arbeidsstokk og folketal.
Nokre bygningar og bygningsmiljø
som var sentrale i dei nye fabrikkbyane,
er borte. Men i hovudsak er det bymiljøet
som arkitektane planla tidleg på 1900talet, intakt. Byane fabrikkherrane
bygde, eigde og styrde er i dag på private
hender. Og mange av dei nye eigarane
tar vel vare på industriarven.
««
FRAMSIDA: Sjuandeklassen ved
Tyssedal skule har avslutningsfest i hagen til den gamle direktørbustaden. Frå venstre: Håvard
Rognan, Bjørn Magne Knudsen
Bakke, Elise Andersson, Rebekka
Davidsen, Bernhard Wollertsen
Dahl, lærar Kari Lothe, huseigar
og mor Beate Weum, Magnus
Weum Hauge, Martin Espe Jensson og assistent Nina Fedje.
Medan Odda riv nokre
av sine spektakulære
industri-landemerke,
er heilskapen teken
vare på i Tyssedal.
TYSSEDAL-IDYLL: Her budde første direktøren ved
aluminiumsfabrikken.
Redda
industriarven
– LUKKA VAR at så mange
såg verdien av å ta vare
på denne heilskapen, og
at Odda kommune og så
mange andre hadde vilje
til å løfta ilag, seier Randi
Bårtvedt. Ho var sentral
då Tyssedal kraftanlegg
vart restaurert for nær 50
millionar kroner. Eigaren
Tyssefaldene A/S, Hordaland Fylkeskommune,
Odda kommune, Norsk
Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM) m.fl. var
med på å betala rekninga.
Ikkje berre vart det renoverte kraftpalasset ved
fjorden freda av Riksantikvaren i år 2000. Heile
kraftanlegget med alle
sine attraksjonar er sikra
vern for framtida: M.a.
den 529 meter lange demningen i Skjeggedal (som
er bygd av hundre tusen
handhogne granittblokker), bygningane på Lilletopp (der damvaktaren
heldt til), og røyrgata som
går derifrå og lukt utføre
til kraftstasjonen.
– Mange lurte på kva
vi ville med røyrgata. No
er ho blitt både historisk
attraksjon og populær
opplevingsarena med
klatrerute langs røyra opp
til Lilletopp, seier Randi
Bårtvedt. Ho er direktør
på NVIM som leiger og
forvaltar industriminnet
i Tyssedal. Museet sin
administasjon held til
på kaien, i det tidlegare
administrasjonsbygget
KVAR SI GATE: Langs Skjeggedalsvegen ligg arbeidarstrøket Kvernhusteigen. Høgare oppe, på
finaste tomta, teikna arkitekt Paul Lambach nytt direktøranlegg i 1925, med bustad, gartnarbolig og
tennisbane. Lambach var også arkitekt for musikkpaviljongen som ligg i ein liten park ved skulen.
til Tyssefaldene. Skuleelevar, turistar og andre
kjem hit for å oppleva
industrieventyret som
starta her inst i Sørfjorden
i 1906. Krafta i Tyssedal
vart bygd ut for å skaffa
straum til karbidfabrikken som starta opp i Odda
to år seinare. Seinare kom
aluminiumsfabrikken i
Tyssedal.
RANDI BÅRTVEDT LEIA Tyssedalsprosjektet som la
grunnlaget for fredinga,
og som skapte forståing
for at også andre viktige
bygningar på industristaden måtte takast vare
på. Utan denne forståinga
ville halve Tveitahaugen
Hageby vore jamna med
jorda, og staselege direktørboligar ville vore borte.
– Husa oppe på Lilletopp skulle sprengjast
vekk, røyrgata skulle
rivast og kraftstasjonen
skulle bli hall for fiskeoppdrett, fortel Randi
Bårtvedt. – Det var direktør Robert Hermansen
ved Odda Smelteverk som
fann alternativet for fiskeoppdrettet. Han føreslo
å laga ein ny fjellhall. På
den måten fekk vi både i
pose og sekk: Fisk i fjellet
og museum i stasjonen,
seier Bårtvedt.
DET VAR INDUSTRIBYGGJAREN Sam Eyde som sette det
heile i gang i Tyssedal.
Med utdanning og inspirasjon frå Tyskland starta
han storstilt industribygging her i landet, først i
Notodden, på Rjukan og
i Tyssedal. Hagebyen vart
sett på som den ideelle
bustadforma for arbeidarane. Eyde hadde tru på at
gode bustader ville skaffa
stabil arbeidskraft.
Tyssedal fekk Tveitahaugen hageby, planlagd
av arkitektane Morgenstierne & Eide, med hus
teikna av Oscar Hoff, som
omlag samstundes planla
Ullevål hageby i Oslo.
Husa i desse to hagebyane
har mange felles arkitektoniske trekk. Men medan
dei mange fleire arbeidarbustadane på Ullevål har
føreteke ei klassereise,
og blitt blant dei mest
attraktive i hovudstaden,
slit Tveitahaugen. Riksantikvaren og Odda kommune samarbeidde om ei
større renovering av hagebyen på 90-talet. No er
det trong for eit nytt skippertak i deler av området.
Manglande vedlikehald
pregar i dag også Slottet,
det store fleirfamiliehuset
| Bergens Tidende fredag 20. juli 2012
hus og hjem
BYGGJER NETTVERK:
Direktøren ved Norsk
Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM),
Randi Bårtvedt, er
oppteken av å setja
industrihistoria i Odda
og Tyssedal inn i ein
større samanheng. Ho
er glad for at Tyssedal er
blitt norsk knutepunkt
på den europeiske
industriarv-ruta. No skal
også fleire andre industristader på Vestlandet
knytast til denne ruta
og tilhøva skal leggjast
til rette for industriarvturisten.
LANDEMERKE: Tyssedal har mange store, særprega bygningar frå første
industritida. Raudmåla Tyssedal Hotel av Victor Nordan og Festiviteten av
Morgenstierne & Eide ligg i skråningen oppom ilmenittsmelteverket. Til
venstre tak og tårn på det gamle administrasjonsbygget til Tyssefaldene.
TVEITAHAUGEN: Ein av landets første hagebyar blei bygd
her i Tyssedal. Det er kontinental stil over dei tolv murhusa
med i alt 70 leiligheiter. Husa blei bygde med høg standard, alle dei som flytta inn frå 1916 hadde vassklosett,
innlagd straum og eigen hage. I dag er deler av området
dårleg vedlikehalde.
TYSSEDAL SKULE: Rådmannen i Odda
har føreslege å leggja ned skulen som
siste året hadde 59 elevar. Bygningen
er teikna av Torgeir Alvsaker.
ved riksvegen som var eit
av dei første permanente
bustadbygga til Tyssefaldene.
Men det er likevel,
store, særprega og godt
vedlikehaldne bygningar
og bygningsmiljø frå den
første industritida som er
Tyssedal sitt varemerke i
dag: Kraftstasjonen, administrasjonsbygget som
museet har overteke, forsamlingshuset Festiviteten,
Tyssedal hotell og ikkje
minst skulen som ligg som
eit lite slott på eit av platåa
oppom riksvegen. I skulen
sitt nabolag er musikkpaviljongen og fleire bustadhus som blei bygde for
leiinga ved Tyssefaldene.
BAK KRAFTSTASJONEN av Thorvald Astrup og Victor Nor-
dan ligg dei to modernistiske trafostasjonane til
arkitekt Geir Grung, og
like ved ei rekkje med fine
maskinistboligar. Høgare
oppe i lia går Mjøstølsvegen med påkosta bustader
bygde for direktørar og
funksjonærar ved DNN Aluminium, teikna av bergensarkitekten Paul Lambach.
Han teikna også firemannsbustader i Kvernhusteigen,
eit arbeidarstrøk som også
understrekar særpreget i
fabrikkbyen.
Tidleg på 1950-talet
flytta dei første sjølvbyggjarane inn i eigne hus i
Tyssedal. Etter den tid vart
busetnaden utvida oppover
i lia langs vegen til Skjeggedal. Den arkitektoniske
utviklinga og den generelle
norske velstandsveksten
kan lesast frå sving til sving
oppover. Dei nyaste og
største husa ligg øvst. Men
etter år 2000 er det ikkje
bygd nye bustadhus i Tyssedal.
Utan fylkeskonservatoren i Hordaland og direktøren ved NVIM sin innsats
for industriarven, hadde
det neppe blitt nokon
UNESCO-nominasjon på
Odda og Tyssedal ilag med
Rjukan og Notodden. No
håpar Randi Bårtvedt at
søknaden ikkje vert svekka
av at kalkomnane i Odda
kan bli rivne med velsigning frå Riksantikvaren.
Eva Røyrane
Jan M. Lillebø (foto)
[email protected]
Eva Røyrane har skrive boka «Fabrikkbyane
i Hardanger - Husa i industrilandskapet» som
kom ut på forlaget Nord 4 i 2011.
3