Båthuset i Smôga - Smôga Kammarmusikfestival

Transcription

Båthuset i Smôga - Smôga Kammarmusikfestival
S
^ Kammarmusikfestival
moga
2014
Båthuset i Smôga
Västra Näs
Årjäng
23 - 27 juli
Kjære publikum!
Året 2014 er 200-årsjubiléet for den norske konstitusjonen, avslutninga av den lange dansketida (‘400-årsnatten’ som den har vorte kalla) og inngåinga av ein lausare union med Sverige.
Litt å markera, og dette ligg nok i korta i årets pr0grammering; at unionen mellom Sverige
og Norge, om enn formelt oppløyst i 1905, kan oppstå i ny utgåve — ein ny, kulturell union.
Vi har soleis lagt vinn på å presentera musikk frå begge sider av Kjølen.
Også i år er biletkunsten godt representert. Først ved at vi har Gunilla Brander-Smedbergs
vevnader hengjande frå ‘minifestivalen’, der Martin Hulténs verk Sex röster ur Pelopidernas
saga til tekstar av Sven Smedberg vart framført. Like før årets festival har vi hatt innviing av
to bilete som vil bli hengjande i Smôga i tidene frametter; Bente Elisabeth Finserås’ Lom
og Skarv som speglar det maritime miljøet utom veggen. Til Draumkvede-konserten med
Berit Opheim stiller så Mieke Fielmich opp med akvarellillustrasjonar frå visjonsdiktet.
Mykje fin kunst å oppleva i Smôga i 2014!
Vedrørande programmeringa, har vi elles gjort det litt annleis enn tidlegare år. Medan vi
før har hatt ein hovudkurator, er ansvaret i år likt fordelt, soleis at Jon Harthug, Trond
Kjelsås, Ingvild og Erlend Habbestad samt underteikna har hatt ansvaret for kvar sine konsertar. Norsk og svensk musikk er representert både i Jons vokalkonsert med Stemmebandet,
Tronds Smôgajazz, Ingvilds barokkonsert, bl.a. med eit verk av den svenske barokkomponisten Johan Helmich Roman. Underteikna har invitert Caroline Amnéus og Daniel
Beskow til å presentera nordiske tonar, og Berit Opheim til å frambera det norske visjonsdiktet Draumkvedet. Til sist har Erlend programmert ein svensk og ein norsk strykekvartett
på avslutningskonserten, samt Respighis Il Tramonto.
Medan vi i fjor var noko nede økonomisk, etter tre gode år med Nordisk kulturfondstønad,
har vi i år, grunna overraskande og gledeleg stønad frå Bergesenstiftelsen og Eckbos legat,
atter kome opp i seks konsertar. Saman med Region Värmland, Årjängs kommun og ein del
sponsorar, ikkje minst trufaste Westra Wermlands Sparbank, er vi istandsette til eit nivå som
liknar det vi oppnådde i 2012.
Det attstår å takka utrøyttelege Föreningen Smôgas Vänner og formannen Torsten Wil helmsson. Me ynskjer i år òg særskilt å nemna Doris Persson, som i alle år har stått for
‘catering’ til musikarane. Veneforeininga er ei viktig drivkraft for festivalen, og vi ønskjer oss
alltid fleire medlemmer for å ha ei sterkare ryggrad, både økonomisk og moralsk.
Det er vårt ynskje for festivalen at den kan medverka til bygginga av den påemna kulturelle
unionen — gjennom vårt unike samarbeid over grensene. Varmt velkomne til fine musikkstunder i Smôga! På vegne av styret:
Inger Elisabeth B. Habbestad
Kjell Habbestad
Musikalske bilete i Smôga
Planen var først å illustrera 1814,
seinare å finna ein kombinasjon
av norsk og svensk kunst. Ein
stad i prosessen dukka tanken
om Draumkvedet opp. Til dette
finst ein del historiske illustrasjonar; men òg bilete av samtidskunstnarar. No synte det seg at
Draumkvedet ikkje er særleg
godt kjent i Sverige; nei, mange
har rett og slett aldri høyrt om
vårt mektige, norske visjondsikt.
Undringa var difor stor då
Mieke Fielmich, medlem i veneforeininga, tidleg på året skreiv
til oss og ønskte seg DraumÅsgårdsreia
kvedet i Smôga. (På den tid var
avtalen med Berit Opheim alt klar!) Mieke og Lodewijk kjende tradisjonen frå Holland, og
Mieke hadde illustrert visjonsdiktet i ei rekkje akvarellar. Eit av desse bileta får me sjå under
festivalen, andre kan bivånast i mindre format. Fleire av bileta er til sals. Ovanståande bilete
syner Åsgårdsreia, som «undertiden farer om dagen, men likevel oftest er ute om kvelden og
natten, og da helst i julen. Det er et stort følge av menn og kvinnfolk. De rir på store hester
med skramlende bisler og svære rustninger.» (Sitat frå M. B. Landstads nedteikning av mytar
og segner frå Telemark.) Andre bilettitlar er Han la seg ne um joleaftan, I brokksvalin der
skò domen stande og Strålande stod Sankte såle-Mikkjel.
Mieke Fielmich (f. 1947 i Holland) har også tidlegare vore festivalutstillar i Smôga. Mieke
arbeider mest med vatnfargar, gouache, transparent eller miksa med pastell. Sidan 1965 har
ho jamleg halde utstillingar i inn- og
utland. Mieke og mannen hennar,
Lodewijk Maussen, også kunstnar,
bur i Blomma, berre 10-15 minutt frå
Smôga. Dei inviterer (etter avtale)
interesserte Smôga-vener heim til seg
for å sjå dei øvrige Draumkvede-bileta
og mykje anna frå kunstnarparets rike
produksjon. Miekes siste verk er ei
gåveøskje med 52 kunstkort — ein liten
årsutstilling med ny inspirasjon for
kvar veke!
www.ginkgohuset.com/html/mieke_fielmich_.html
Mieke Fielmich
—3—
Men ikkje nok med det —:
Foto: Elisabeth Wathne
Bente Elisabeth Finserås
var festivalkunstnar i Smôga i fjor med
bilete til songsyklusen Songs of Travel.
I samband med den utstillinga tinga vi to
fuglebilete som skal få pryda høgveggen
i Båthuset i tidene framover; bilete som
reflekterer livet på utsida av veggene,
med lom og skarv som framtredande
rollefigurar — som no skal bu tett saman
med lysekruna i Smôga. Teknikken er
fascinerande: Gjennomfarga fiber (her for
det meste lin) vert påført i tynne lag, til
Bente Elisabeth Finserås
det heile utgjer et ferdig «måla» lerret.
Mellom påføringa av nytt strøk, lag på
lag, må fibrane tørka i rett tempo for ikkje å sprekka opp. Fibrane trekkjer seg saman med så
stor styrke at rama må sveisast av metall for ikkje å vri seg! Vibrasjonane når ein trommar på
bileta, gjev ein vakker, sterk paukeaktig lyd. Bente, som har ei lang merittliste med utstillingar
og har vunne ei rekkje stipend og prisar, har òg generøst donert den flotte blå skulptursøyla
framme i rommet.
www.finseraas.no
I Minifestivalen (7.-8. juni d.å.) var vi vidare så heldige å få besøk av
Gunilla Brander-Smedberg
som stilte ut sin vevnadsserie til Sex röster ur
Pelopidernas saga. Då festivalen var til ende,
vart det klart at vi skulle få ha desse vakre
vevnadene hengjande under Smôga Kammarmusikfestival også. To års intensivt arbeid i
veven har resultert i desse 13 bilete. Materialet
er oftast ull, vekstfarga ved ei eller anna sjøstrand i Värmland. Gunilla let seg gjerne inspirera av gamle tekstile vevnader, koptiske
eller frå det antikke Hellas. Ikkje sjeldan har
dei tilknyting til antikke myter. Biletspelet
illustrerer soga om Pelops og etterkomarane
hans, i fire generasjonar. Sven Smedbergs bok
om denne historia, Pelops Ö, kan ein både sjå
og kjøpa her, og det finst òg ei forteikning over
‘handlinga’ i dei ulike bilete.
http://salungen.se/gunilla/
Gunilla Brander-Smedberg
—4—
Onsdag 23 juli kl 19
Stemmebandet
er ei Oslo-basert vokalgruppe, starta i 2013, med eit ønskje om å bringa glede og mannssong
av høg kvalitet til ulike oppdragsgjevarar. Bandet består av fire unge mannsrøyster, alle med
klassisk utdanning (sjå CV’ar s. 11). Som solistar står dei på leiande opera- og konsertscenar
i inn- og utland. Saman syng dei et breidt utval av seriøs og meir laus-i-snippen-basert musikk.
I Smôga gjev Stemmebandet ein konsert beståande av norsk og svensk musikk, samt eit
knippe barbershopsongar. Programmet vert innleia med Kjell Habbestads mannskorsongar
til tekstar av den norske poeten Olav H. Hauge (1908-1994). Dei fem dikta i syklusen
Kverni/Kvarnen er underfundige og humoristiske. Titlane er: 1) Stegi (Eg trakkar og trør),
2) Gjer ein annan mann ei beine, om ferjemannen som ikkje vil ha betalt, men bed passasjeren
heller gjera ein annan mann ei teneste, 3) Dans; skildring frå eit brudlaup, 4) Hald på med
ditt (om ‘att hålla på’) og 5) Kverni, som både kan tala tull, men òg mala gull.
Den skandinaviske mannskortradisjonen har eit rikt og populært standardrepertoar. Den
norske tradisjonen er gjerne tilknytt nasjonalromantikken mot slutten av 1800-tallet, og
omhandlar ofte soger og mytar frå norsk stordom i vikingtid og mellomalder (slik som i
Brede seil over Nordsjø gå). Den svenske tradisjonen synest i større grad å omhandla
almenne temaer som kjærleik, elskhug og glede over den ljuva sommaren.
Barbershop-tradisjonen skal ha oppstått i amerikanske barbersalongar på 1800-tallet, og fekk ein reNils Georg Haugland Nilsen — tenor
nessanse i 1938 då Barbershop Harmony Society vart
Jon Harthug — tenor
stifta i Tulsa. Nokre av stilens kjenneteikn er likeJørgen Backer — baryton
kjønna stemmer, tette harmoniseringar — og godt
Daníel Óskar Daníelsson — bass
humør!
—5—
Torsdag 24 juli kl 19
Smôgajazz
Kvelden vil by på låtar av Trond Kjelsås i kvartettformat; lyrisk, velklingjande musikk som kjem inn under det sokalla ‘nordisk jazz’omgrepet. Innimellom desse er det lagt inn små drypp av kjende
melodiar frå den svenske songskatten. Melodiane vil vera ikledde
ein annan drakt enn den originale, men likevel lett attkjennelege.
Bandet har lete instrumentaljazz-sjangeren påverka songane, og slik
tilført nye harmoniar og klangfargar.
I Trond Kjelsås sine låtar har musikken behalde improvisasjonselementet frå den amerikanske jazzen, men utfordrar standardforma. Tonespråk og harmonikk tek utgangspunkt i jazz, men lener
seg både mot folkemusikk og mot det modale (dvs. andre skalatypar
enn dur og moll).
Kim-Erik Pedersen — saksofon
Trond Kjelsås — piano
Rolv Olav Eide — trommer
Adrian Myhr — bass
—6—
Fredag 25 juli kl 19
Barokkonsert
Johann Paul von Westhoff:
(1656–1705)
Frå Sonata for fiolin og continuo
III Imiazione delle Campane
Antonio Vivaldi:
(1678–1741)
Fløytekonsert i C-dur
I Allegro
II Largo
III Allegro molto
Johan Helmich Roman:
(1694–1758)
Frå Golovinmusiken
Nr 3 og 1
Cipriano de Rore:
(ca. 1515–1565)
Anchor che co’l partire
Dario Castello:
(1590–1644)
Sonata IV
Giovanni A. Pandolfi Mealli:
(ca. 1630–1670)
Sonata la Bernabea
Heinrich Ignaz Franz Biber:
(1644–1704)
Fiolinsonate i A-dur
I Allegro
II Die Nachtigal
III Der Cucu
IV Der Fresch
V Adagio
Antonio Vivaldi:
Sonata in d-minor, op 1, no. 12, RV 63
Heinrich Ignaz Franz Biber:
Partia VII
I Praeludium-Grave-Presto
II Allemande
III Sarabande
IV Gigue-Presto
V Aria
VI Trezza
VII Arietta Variata
—7—
VI
VII
VIII
IX
X
XI
Die Henne und der Hahn
Presto
Die Vachtel
Die Katz
Musquetier Mars
Allemande
Ingeborg Christophersen
— blokkfløyte/cembalo
Sara Övinge — fiolin
Ingvild Habbestad — fiolin
Petter Richter — theorbe
Erlend Habbestad — cello
Laurdag 26 juli kl 18
Nordiska toner
Gunnar de Frumerie:
(1908–1987)
Från Hjärtats sånger, op .27
1 När du sluter mina ögon
2 Det blir vackert där du går
Wilhelm Stenhammar:
(1871–1927)
Från Sånger och visor:
1 I skogen
Ur Idyll och epigram, op. 4
2 Flickan knyter i Johannenatten
Ur Idyll och epigram, op. 8
1 Vid Gärdet
4 Till en ros
Stenhammar
Ur fem posthuma sånger:
1 Melodi
Wilhelm Stenhammar:
(1871–1927)
3 fantasier op. 11
Molto appassionato
Dolce scherzando
Molto espressivo e con intimissimo sentimento
Jean Sibelius:
(1865–1957)
Den första kyssen, op. 36 no. 1
Säv, säv, susa, op. 36 no. 4
Sergei Rachmaninov:
(1873–1943)
Syrenerna, op. 21 no. 5
Morgon, op. 4 no. 2
Allt har tagits, op. 26 no. 2
I nattens, op.4 no. 3
Edvard Grieg:
(1843–1907)
Arietta, op. 12 no. 1
Bryllupsdag på Troldhaugen, op.65 no. 6
Sibelius
Våren, op. 33 no. 2
Jeg elsker dig, op. 5 no. 3
Caroline Amnéus — mezzosopran
Daniel Beskow — piano
Grieg
—8—
Draumkvedet
Laurdag 26 juli kl 21
er Noregs mest kjende folkevise/
mellomalderballade. Visa attgjev ei
rekkje syner/visjonar frå dødsriket
som Olav Åstesson opplever i ein
transeliknande svevn frå julaftan til
trettande dag jul (24. desember til
6. januar). I løpet av desse 13 døger
har sjela hans forlate lekamen og
vandra i draume — frå verda vi vert
fødde i, ‘fø'esheimen’, og inn i det
hinsidige, ‘annheimen’ eller ‘auromheimen’. Her har han funne innsikt i
menneskelagnader etter døden. På
‘trettandagen’ tek sjela atter bustad i
lekamen. Same dag meddeler han
Berit Opheim
draumesynene sine til ein kyrkjeforsamling, som soleis får kunnskap om det som ventar attom dødens grense.
Draumkvedet har ikkje variantar i det øvrige nordiske balladematerialet, og er dermed
eineståande i sitt slag. Mellomalderen er rik på visjonsdikting, som regel i prosa, men førekjem òg i poetisk form — som den store Dantes Guddomlege komedie, dikta i Italia på 1300tallet. Også Dante vert ført ned gjennom helvetet, oppover skjærseldberget, gjennom dei
ulike krinsar i eit kosmisk paradis og heilt fram til himmelrosa.
Til skilnad frå Dantes verk er diktaren av Draumkvedet ukjend, som vanleg er i folkedikting. Alderen på kvedet er òg ukjend; men Draumkvedet kan ikkje vera eldre enn mellomalderballaden, ein sjanger som oppstod i Noreg på 1300-tallet.
Draumkvedet vart ‘oppdaga’ i Øvre Telemark litt før midten av 1800-tallet, og har vekt
stor interesse, ikkje berre mellom forskarar og folkemusikarar, som har lete seg inspirera av
visa i eldre og nyare tid, men òg komponistar, biletkunstnarar og diktarar, som t.d. Arne
Garborg i diktsyklusane om Haugtussa (1895 og 1901) og komponisten Arne Nordheim.
Draumkvedet er funne i eit relativt
avgrensa geografisk område kring
Kviteseid og Tokke i Telemark.
Nedteikningane av kvedet er til dels
sprikjande og fragmentariske. Den
best kjende teksten i vår tid er ein
rekonstruksjon på 52 strofer laga av
Moltke Moe i 1890-åra. I tillegg finst
M. B. Landstads versjon i Norske
Folkeviser, 1853.
Les om Berit Opheim si tolking her:
http://enomagasin.no/draumkvedet/
—9—
Sundag 27 juli kl 17
Kammerkonsert
Dag Ivar Wirén:
(1905–1986)
Stråkkvartett nr 2 op 9
I
Tema med variationer
II
Scherzo: Moderato ma molto ritmico
III Finale: Prestissimo
Ottorino Respighi:
(1879–1936)
Il Tramonto
Poemetto lirico per mezzo soprano e quartetto d’archi
Tekst: Percy Bysshe Shelley
Omsetjing: R. Ascoli
d
Kjell Habbestad:
(f. 1955)
Strykekvartett nr 2 op 91
I
Allegro espansivo
II
Adagio e molto quieto
III Scherzo: Allegro giocoso
IV Finale: Allegro energico
Unionskvartetten
Sara Övinge — fiolin
Ingvild Habbestad — fiolin
Lars Bryngelsson — bratsj
Erlend Habbestad — cello
Lydia Moellenhoff — sopran
Unionskvartetten
er ein nyoppstarta strykekvartett med to svenske og to norske
medlemer. Kvartetten har før dette berre hatt eitt oppdrag, men
då til gjengjeld som stand-in for Vertavokvartetten på Festival
of Music for Winds and Percussion, FMW & PRC i Fredrikstad
i mai. Kvartetten deltok der i åtte konsertar med ulikt program,
i samarbeid med internasjonale stjerner som klarinettisten Emil
Jonasson (som tidlegare har gjesta Smôga fleire gonger) og
trombonisten Christian Lindberg. Kjell Habbestads 2. strykekvartett vart urframført av Vertavo under Oslo Griegfestival i
fjor, og får sin andre framføring her.
— 10 —
Nils Georg H. Nilsen – tenor (f. 1985) har bachelor frå Norges musikkhøgskole og master frå Manhattan School of Music i USA. I 2012
hadde han sin debut i Lincoln Center’s Avery Fisher Hall, New York.
Innan opera har han framført rollane Gherardo og Tinca i Puccinis
Il Trittico, Prest i Poulencs Karmelittsøstrene, Tom Rakewell i
Stravinskijs The Rake’s Progress, Torquemada i Ravels Den spanske
time ved Den Norske Opera og Ballett, Opera Tampa i Florida og
Dances Patrelle i New York. Han har òg vore solist med Minsk
Chamber Orchestra og framført Händel, Bach, Mozart og Mendelssohn ved konsertar i Noreg, Europa og Nord-Amerika. Nils Georg
har vunne konkurransar og prisar, seinast publikumsprisen under
Lidal North International Opera Workshop sommaren 2013.
Jon Harthug – tenor (f. 1985) fekk si utdanning ved Norges musikkhøgskole og Zürcher Hochschule der Künste i Sveits. Frå ei fortid
som baryton har han etablert seg som tenor bl.a. med rollane Alfred i
Flaggermusen (J. Strauss) og tittelrollane i Lucio Silla (Mozart) og
Richard Løvehjerte (Grétry) i Sveits og Noreg. Han har framført solopartia i Mendelssohns Elias, Saint-Säens Juleoratorium, og verk av
Bach og Schubert. Jon vann i 2011 samtidsmusikkkonkurransen ved
Kunsthøgskolen i Zürich. Hausten 2013 spela han i regissør Tore
Vagn Lids Judasevangeliet, urframført ved Den Norske Opera og
Ballett under Ultima-festivalen. Hans komiske talent vart bemerka av
Haugesunds Avis etter Flaggermusen i 2013: «Harthugs strippescener
var forestillingens morsomste øyeblikk(...)»
Jørgen Backer – baryton (f. 1984) har si utdanning frå Norges musikkhøgskole og Operahøgskolen, der han tok ein master i juni 2012. Etter
endt utdanning arbeidde han ved Den Norske Opera & Ballett som
solistpraktikant fram til sommaren 2013. Her hadde han over 50
forestillingar som solist, m.a. som Dr. Falke i Flaggermusen (Strauss).
For tida jobbar Jørgen frilans som opera- og konsertsongar, m.a. med
rollane Morales i Carmen (Bizet) i Kristiansand og Greven i Figaros
bryllup (Mozart) i Haugesund.
Daníel Óskar Daníelsson – bassbaryton (f. 1982) studerte ved Barratt
Dues Musikkinstitutt og Operahögskolan i Göteborg. Han hadde sin
debut på Den Norske Opera i 2006 i Izzat (Bjørnstad). Seinare song
han same stad i den kritikarroste oppsetninga av Alban Bergs Lulu,
regissert av Stefan Herheim. Han er mykje nytta som solist i kyrkje musikalske verk, m.a. Händels Messias og verk av Bach. Daníel er òg
ein etterspurt ensemblesongar og tilknytt dei leiande profesjonelle
vokalensembla i Noreg, herunder Det Norske Solistkor og Edvard
Grieg Kor.
— 11 —
Kim-Erik Pedersen – saksofon (f. 1987, Hamar) har ein bachelor frå
Norges musikkhøgskole. Han har motteke fleire prisar, som t.d.
Addecos stipend for talent, Hamar Jernbanes musikkstipend og
Hamar janitsjarskoles talentstipend. Han har spela i band som Jon
Eberson/Kim-Erik Pedersen Quartet, Eberson Funk Ensemble,
Andrea Rydin Berge Quintet og Anja Eline Skybakmoen og for tida
i Off Topic, Machina, Bleak House, Pedersen/Myhr Duo, KE4,
Kirov Okestar, Kiip Acoustic, Siluet, og P/J/A. Kim-Erik spelar òg i
blåserekkja i partybandet Soulinsurance som baserar seg på soulmusikk fra 60-tallet og oppover. Inspirasjonskjeldene hans strekkjer
seg «frå Charlie Parker til Evan Parker».
Trond Kjelsås er bachelor frå Norges musikkhøgskole med jazzpiano
som hovudinstrument. Han har òg ein mastergrad i musikkteknologi
frå same stad. Kjelsås er lærar i jazzpiano og musikkteori ved Oslo By
Steinerskole, samstundes som han underviser i satslære og komposisjons- og jazzpianodidaktikk ved musikkhøgskulen. Han er elles ein
dedikert lys- og lydmann med oppdrag for ulike teater og institusjonar.
Som musikar har han samarbeidd med profilerte artistar som Tine
Thing Helseth, Frank Brodahl, Eckhard Bauer, Børre Dalhaug og
Håvard Bakke. For tida konserterer han med den norske gruppa The
Pussycats i deira 50-årsjubileumsturné.
Adrian Fiskum Myhr – el- og kontrabassist frå Trondheim, busett i
Oslo. Han har bachelor- og mastergrad frå jazzlinja ved Norges
musikkhøgskole, med eit utvekslingsår i Hochschule für Musik in
Köln. Adrian turnerer ofte i Noreg og Europa med banda Bergljot,
Facet, Dr. Kay & His Interstellar Tone Scientists, DaMaNa, Whirl,
Humdinger, Bansal Band. Han har òg samarbeidd med musikarar
som Sidsel Endresen, Michel Doneda og Bugge Wesseltoft. Adrian
spelar òg solokonsertar der fokuset ligg på utforsking av kontrabassens klangmuligheter.
Rolv Olav Eide er utdanna ved Jazzlinja ved Trøndelag musikkonservatorium. Han har spela med m.a. Tord Gustavsen, Mats Eilertsen,
Olga Konkova, Henning Sommerro, Frikar Dance Company, Erik
Jacobsen, Kristin Asbjørnsen, Maria Solheim, Tine Thing Helseth,
Eli Kristin Hansveen, Ole Edvard Antonsen og Leif Ove Andsnes
(med lausbart!) Dei siste åra har han vore slagverkar på friluftsspela
Bronsebukkane på Hadeland og Peer Gynt på Gålå, og ca 1500
forestillingar med trommesirkuset Rubbel & Beat for Rikskonsertene.
— 12 —
Foto: Nadia Frantsen
Ingeborg Christophersen – blokkfløyte/cembalo (f. 1985) tok master i
blokkfløyte tidlegmusikk ved Syddansk musikkonservatorium i 2008.
I 2010 avslutta ho fire års studier ved Conservatorium van Amsterdam,
og i 2011 tok ho sin mastergrad i cembalo ved Syddansk MK.
Ho mottok i 2003 Norsk Tonekunstnersamfunds ærespris Årets
Musiker og var i 2013 nominert til Statoils stipend. Ingeborg har vore
solist med ulike barokkorkester, Operaorkesteret, Ukrainas nasjonale
symfoniorkester og Kringkastingsorkestret. For Rikskonsertene har
ho prosjekt i Noreg og Bangladesh. I 2006 deltok ho i Kjempesjansen
på NRK1, og i 2009 som musikar og skodespelar i Salong på
Nationaltheatret. Same år vann ho Toneprisen. I 2010 var Ingeborg
solist i Vivaldi-konsertar i Jo Strømgrens ballett Årstidene i DNO.
Petter Richter – theorbe (f. 1977) studerte gitar med Erik Stenstadvold
ved Norges musikkhøgskole. Han har òg studert med Franz Halasz
i Augsburg, Tyskland og med Pablo Marquez i Strasbourg i
Frankrike. Han har delteke i ei rad meisterklassar med kjende pedagogar. Etter å ha vunne ein del nasjonale og internasjonale gitarkonkurransar har han gjeve konsertar i dei fleste europeiske land og i
Asia. Han har spela kammermusikk med ei rekkje musikarar, ikkje
minst med fiolinisten Henning Kraggerud. Han har òg bestilt og
framført verk av ein heil del komponistar, så som Dagfinn Rosnes,
Maja Ratkje, Kristin Andersen og Rob Waring. Petter spelar òg
theorbe og barokkgitar i ulike ensemble i sentral-Europa og Noreg.
Sara Övinge – fiolin (f. 1988 i Norrköping) starta med å ta fiolintimar
i fireårsalderen, og gjorde sin første opptreden som solist med Norrköping Symfoniorkester seks år gammal. Ho har diplomutdanning
ved Norges musikkhøgskole, og hausten 2010 tok ho Artist Diploma
in Performance ved Royal College of Music in London. Sara Övinge
har opptredd som solist i ulike europeiske land og har motteke talrike
stipend, utmerkingar og prisar. Ho har stor røynsle som solist med
m.a. Nordisk Ungdomssymfoniorkester, Kongelige norske marines
musikkorps, Bergen Filharmoniske Orkester, Kringkastingsorkesteret og Göteborg Symfoniorkester. Frå hausten 2014 er ho tilsett som
2. konsertmeister ved Den Norske Opera & Balletts orkester.
Ingvild Habbestad – fiolin (f. 1983) fullførte sin mastergrad ved Norges
musikkhøgskole våren 2008, etter studier med Peter Herresthal.
Under studiet hadde ho stipendiatplass i Oslo-Filharmonien. Ho har
òg orkesterdiplom frå Kungliga Musikhögskolan i Stockholm, med
stipendiatplass i Kungliga Filharmoniska Orkestern og Sveriges
Radios Symfoniorkester. Hausten 2008 vart ho tilsett i Den Norske
Opera & Balletts orkester. I 2010 vann ho prøvespel både i Kringkastingsorkesteret (KORK) og Oslo-Filharmonien og gjennomførte eit
halvt år begge stader. Frå juni 2011 er ho å finna mellom 1.-fiolinistane
i KORK.
— 13 —
Lars Bryngelsson – bratsj (f. 1984 i Hamar, Norge) växte upp i Köla,
Sverige. Vid fem års ålder började han att spela fiol med pappa
Lennart som lärare. Efter ett par år började Lars i Eda Musikskola
och spelade för Anna Persson och senare också Yvonne Bergström.
Efter gymnasiet flyttade Lars tillbaka till Norge för att ta sin högskoleutbildning. Där studerade han med Lars Anders Tomter. År 2007 tog
han sin examen och forsatte därefter med en mastergrad med Terje
Moe-Hansen och Tomter. År 2009 började han som fast anställd i
Den Norske Opera & Balletts Orkester. Lars har också varit aktiv
som frilansande musiker och har bla.a jobbat i Oslofilharmonien,
KORK, Kungliga Filharmonikerna, Svenska Radions Symfoniorkester, Camerata Nordica m.fl
Erlend Habbestad – cello (f. 1983) har ein mastergrad frå Norges
musikkhøgskole etter studier med Aage Kvalbein og Truls Mørk.
Han har òg studert i to år med Ola Karlsson ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Som frilans musikar har Erlend spelt i Kringkastingskorkesteret, Det Norske Kammerorkester, Den Norske
Operas & Balletts Orkester, Oslo-Filharmonien og andre. Frå januar
2014 er han tilsett i Den Norske Opera & Balletts Orkester. I perioden 2007-2012 var Erlend kunstnarleg leiar for Smôga Kammarmusikfestival.
Daniel Beskow studerade vid Kungliga musikhögskolan i Stockholm
och Edsbergs slott. 2009 accepterades han till solistklassen vid Det
Kongelige Danske Musikkonservatorium med högsta möjliga poäng.
Han är vinnare av nationella såväl som internationella tävlingar, både
som solist och kammarmusiker, och erhöll även publikens pris när
lyssnarna fick ringa in och rösta vid danska P2:s kammarmusiktävling.
Daniel var en av finalisterna i Ung och lovande 2011. Strålande kritik
från sin debutkonsert 2012. «Daniel is a pianist who captures the audience with his stage presence and true musicianship». «Daniel
Beskow has an extraordinary musical intelligence.» Han har specialiserad på Wilhelm Stenhammar och nordisk repertoar.
— 14 —
Foto: Caroline Bittencourt
Caroline Amnéus – mezzosopran erhöll solistdiplom från Birmingham Conservatoire med högsta betyg 2004. Hon vann där alla större
tävlingar och erbjöds även Diana Green’s sipendium för avancerade
studier, under vilket hon fördjupade sig i nordisk, spansk och rysk sångrepertoar. Caroline har bland annat varit solist vid Fyrverkeri- och
Promskonserten i Bewl Water med the English Symphonia och har
sjungit i ett stort antal oratorier, senast i Birmingham Symphony hall
med the City of Birmingham Symphony Orchestra. Caroline har gjort
flera operaroller nationellt och internationellt, och i sina konsertprogram fokuserar hon just nu på nordisk och rysk repertoar.
Foto: Vidar Herre
Berit Opheim er utdanna ved Bergen musikkonservatorium (1987–
90) og Norges musikkhøgskole (1990–92). Berit er ein allsidig songar
med framføringar over sjangergrensene, og hentar inspirasjon frå
folkemusikk, tidlegmusikk, improvisasjon og samtidsmusikk. I tillegg
til framføring og utgjeving av eigne soloprosjekt har ho samarbeidd
med komponistar som Lasse Thoresen og Ragnhild Berstad, som har
skrive spesielt for hennar røyst. Berit er ein ofte invitert solist med
Kringkastingsorkesteret, Det Norske Kammerorkester, Det Norske
Solistkor, Oslo Kammerkor, BIT 20 Ensemble og Sveriges Radiokör.
Dei siste 20 åra har ho undervist ved Ole Bull-akademiet på Voss, der
ho kjem frå. Ho gjesteunderviser ved Norges musikkhøgskole, Griegakademiet og Universitetet i Telemark. Berit har sunge med Trio
Mediaeval sidan 2010, og er frå 2014 fast medlem av gruppa.
Lydia Moellenhoff var fødd i USA og emigrerte saman med familien
til Tyskland då ho var seks år gamal. I 2012 tok ho eksamen ved Felix
Mendelssohn-Bartholdy-konservatoriet i Leipzig der ho studerte med
prof. Berthold Schmid. I operasesongen 2011/12 var ho engasjert som
‘solist-praktikant’ ved Den Norske Opera og debuterte som Zweite
Dame i Tryllefløyten og som Minerva og Fortuna i Ulysses vender
hjem. Ho vart henta tilbake som ‘gjestesolist’ for rollen Prinz Orlovsky
i Flaggermusen i 2012. I denne tida møtte ho den norske operasongaren Elizabeth Norberg-Schulz, og starta eit ‘postgraduate’
studieprogram med henne i 2013, med eksamen sommaren 2014. Lydia
har vore solist med ulike ensemble og dirigentar, m.a. i Bach’s
juleoriatorium, Matteuspasjonen og Johannespasjonen, Dvoraks
Messe i D, Petite Messe Solennelle av Rossini, Magnificat av Christoph Schönherr, med dirigentar
som Martin Krumbiegel, Tobias Ringborg og Mirga Grazinyte.
5
S
^ Kammarmusikfestival
moga
Kjell Habbestad
Wesselsvei 5
N-1412 Sofiemyr, Norge
tlf Sverige: +46(0)573-34054
tlf Norge: +47 66805459
mobiltelefon: +47 92631350
epost: [email protected]
www.smoga.se
www.kjellhabbestad.no
— 15 —
Föreningen SmôgasV änner
stiftades den 29 juli 2009, och är en ideell, fristående förening. Föreningens syfte är att stödja och stimulera
konsertverksamhet i Smôga, i synnerhet Smôga Kammarmusikfestival. Medlemskap i föreningen erhålls
genom inbetalning av en årsavgift, för närvarande 200 kr pr person, 300 kr för familj. Normalt biljettpris
vid konserter på Smôga är idag 200 kronor, men som medlem kostar en konsert bara 100 kronor. Detta
gäller inte bara under festivalen, utan också alla andra evenemang.
Hur blir man medlem i Föreningen Smôgas Vänner?
Norske medlemer:
1) Send ein epost til:
Svenska medlemmar:
1) Skicka ett meddelande med e-post till
[email protected]
[email protected]
med følgjande opplysningar:
namn • adresse • epostadresse • telefon
antal medlemer • innbetalt sum
med följande uppgifter:
namn • adress • e-postadress • telefon
antal medlemmar • inbetalad summa
2) Sätt in 200/300 kr (eller valfri högre summa)
till Föreningen Smôgas Vänner
konto 639-0579.
2) Set in 200/300 kr (eller valfri høgare sum)
til Föreningen Smôgas Vänner
konto 9498.05.28272
Members from other countries:
1) Send an email to: [email protected] containing:
name • address • email • phone number • number of members • amount paid
2) Transfer NoK 200/300 (or optional higher amount) to Föreningen Smôgas Vänner
IBAN: NO 57 9498 0528 272 • BIC/SWIFT: HANDNOKK
Obs! Glöm inte att skriva avsändare!
Vi tackar på förhand för ditt stöd och hälsar dig välkommen till våra konserter!
Vi tackar våra samarbetspartners:
Med stöd av
— 16 —