FOSNSTRAUMEN - kulturnett.no

Transcription

FOSNSTRAUMEN - kulturnett.no
FOSNSTRAU MEN
STEINALDERSTI / STONE AGE PATH / STEINZEIT PFAD
N
Bli med på ei reise 10 000 år attende i tida, i eit landskap som
har vore nytta av menneske heilt sidan isbreen dro seg attende
frå kysten. Her kan du sitja på dei same nakne knausane kor
steinalderjegrane kvilte seg. Fosnstraumen har vore eit viktig
«laboratorium» for steinalderarkeologane heilt sidan 1960åra. Buplassen på Ramsvikneset på Straume vart graven ut i
1962 og 1963. Kotedalen på Straume vart granska av Historisk
museum i 1985-87. Prosjektet var eit tverrvitskapleg
samarbeid mellom arkeologar, botanikarar og zoologar. I
1988 vart området kring Fosnstraumen registrert systematisk.
I alt vart det oppdaga 90 buplassar frå steinalderen. Dei rike
funna frå Fosnstraumen, reiskapar, beinmateriale og
pollenkorn, fortel om gode og trygge tilhøve for busetnad
gjennom mange tusen år. Det var ved plassar som
Fosnstraumen at dei første fastbuande fangstfolka slo seg ned,
og det var her at jordbruket fekk si spede byrjing mot slutten
av steinalderen. Difor kan steinalderbuplassen ved
Fosnstraumen gje oss kunnskap om utviklinga over heile
Vestlandet.
N
Litlelindås
Longevatnet
0
100 200 300 m
Hoplandskvernene
1
N
Hopland
0
100 200 300 m
Skiveøks og tangepil
av flint.
Store
Herslaupen
Kart 1.
2
Tidleg i eldre steinalder, for 9500 år sidan, stod sjøen
15 meter høgare enn no. Då var straumen breiare, og
Rappeneset berre små holmar og skjer. Buskar og små tre
vaks her og der. Ved Fosnstraumen er det funne 6
buplassar frå denne tida.
Snekkeviki
Hoplandsosen
HOVUDSKILT
3
GB
D
Come along on a journey 10,000 years back in time, through
a landscape which has been used by man ever since the retreat
of the glacier. Here you can sit on the same exposed rocks on
which Stone Age hunters rested. Fosnstraumen has been an
important «laboratory» for Stone Age (10 000 - 3500 before
present) archeology ever since the 1960's. Kotedalen at
Straume was examined by the Historical Museum in Bergen
during 1985-87. The Project was a interdisciplinary co-operation among archaeologists, botanists and zoologists.
In 1988 the area around Fosnstraumen was systematically surveyed. In total 90 sites were discovered from the Stone Age.
These rich discoveries from Fosnstraumen - tools, pollen and
bone materials - tell about events which occurred throughout Western Norway. It was in places like Fosnstraumen that
the first hunters settled down and where agriculture had it's
first hesitant beginnings towards the end of the Stone Age.
Begleiten Sie uns auf eine 10.000 Jahre lange Reise in die Vergangenheit, in eine Landschaft, die von Menschen genutzt
wurde, sobald sich die letzten Gletscher zurückgezogen
hatten. Hier können Sie auf nackten Felsen ausruhen, wie es
schon die Jäger der Steinzeit machten. Bereits seit den 60er
Jahren ist die Meeresenge Fosnstraumen ein wichtiges «Laboratorium» für die Archäologen, die sich mit der Steinzeit (vor
10 000 bis 3500 Jahren) beschäftigen. An der Erforschung des
Kotedal in Straume in den Jahren 1985-1987 nahmen unter
der Leitung des Historischen Museums in Bergen Archäologen, Botaniker und Zoologen teil.
1988 wurde das Gebiet um Fosnstraumen herum systematisch
registriert. Die reichen Funde - Werkzeuge, Pollenkörner und
Knochenmaterial - erzählen von Ereignissen, die für ganz
Westnorwegen wichtig waren. An Plätzen wie Fosnstraumen
ließen sich die ersten Fischer nieder, und hier wurde am Ende
der Steinzeit der Boden erstmals landwirtschaftlich genutzt.
N
Tongane
Rappeneset
7
0
Fosnstraumen
Oldertjørn
100 200 300 m
Lygrefjorden
Bøneset
7
4
HOVUDSKILT
6
Nordangervågen
5
Straumsvågen
Trinnøks av diabas og
mikroflekker av flint.
Straume
Mjøs
Kart 2.
4
Straumen
Steinalderstigen.
Dag og natt fossar vatnet gjennom Fosnstraumen. Det store bassenget i
Lygrefjorden skal fyllast eller tømmast ved flo og fjøre. Her går det fort!
Den smale passasjen får vatnet til å renna som ei elv.
I det rennande vatnet er det eit yrande liv. Her treng ikkje palemorten
gjera anna enn å gapa opp og stå stille. Straumen kjem med plankton og
annan mat. Men nede i tareskogen lurer ein diger, glupsk torsk, og nisa
kan koma raskare enn lynet.
Plankton, pale, nise, vågekval og menneske - i mange tusen år har desse
vore ein del av det store økosystemet i Fosnstraumen.
Steinalderstigen er rydda og merka, og går på begge sider av
Fosnstraumen. På ti ulike stader er det sett opp skilt. To identiske
hovudskilt står ved parkeringsplassane i Snekkeviki og ved
Straumsvågen. Dei andre fortel om funna og tilhøva på dei
einskilde stadene. Stigen går også framom dei restaurerte
kvernene i Hoplandsmarka.
1
2
3
N
5
Tradisjonar på Rappeneset.
0
100 200 300 m
Rappeneset har vore i bruk i fleire tusen år.
Øvst på terrassane ligg dei eldste funna. Dess
lengre ned mot stranda ein går, dess yngre
er busetnaden.
6
Utsynsstaden på Rappeneset.
Frå denne staden kan du sjå vidt omkring,
frå Lindås til Fedje. Betre utkikkspunkt finn
du ikkje ved Fosnstraumen. Denne plassen
vart nytta i steinalderen.
Kvileplassen på Store Herlaupen.
I eldre steinalder har folk søkt ly i denne vika.
Her heldt dei til i nokre timar, i høgda ein dag.
Dei har gjort opp bål og ordna reiskapar.
Ramsvikneset og Kotedalen.
Dei store steinalderutgravingane her har
gjeve nytt og interessant materiale. Skår
av keramikk og spora etter jordbruk er
mellom dei eldste som er funne i Noreg.
Longevatnet - eit landskap i
endring.
Eit pollendiagram frå Longevatnet viser store endringar
i naturmiljøet. Her kan vi sjå at landet har heva seg.
Etterkvart vart orreskogen erstatta med lynghei.
Seint i eldre steinalder, for omlag 6000 år sidan, hadde
landet heva seg, og sjøen stod 10 meter høgare enn no.
Landet var dekka av tett lauvskog. 18 buplassar er funne frå
denne tida.
Vestlandsøks av
grønnstein og tangepil
av rhyolitt
Kart 3.
7
Buplassen på Tongane.
Dei gode fiskeplassane
på Tongane og Bøneset.
Dette er ein av bustadene i steinalderen. Tjukke kulturlag
fortel om busetnad gjennom lang tid. Buplassen ligg ved
det smalaste partiet i Fosnstraumen.
Her møtest fortid og notid. I steinalderen låg dei her
og pilka. No dreg vi opp fisken med slukstang.
I yngre steinalder mellom 5200 og 3800 år sidan, låg
strandlinja 5 til 10 meter høgare enn no.
Frå denne tida er det funne 43 små og store buplassar
ved Fosnstraumen.
Du står her / You stay here / Sie stehen hier
FREDA FORNMINNE
STEINALDERBUPLASSANE ER EIN VIKTIG DEL AV KULTURARVEN VÅR. DEI ER FREDA ETTER
LOV OM KULTURMINNE. DET ER IKKJE LOV Å GRAVA I ELLER I NÆRLEIKEN AV BUPLASSANE.
VIS RESPEKT OG OMTANKE.
Steinalderstigen ved Fosnstraumen er eit samarbeidsprosjekt mellom
grunneigarane og Bergen Museum, Austrheim kommune, Radøy
kommune og Hordaland fylkeskommune
Tekst og koordinering: Knut Andreas Bergsvik,
Fagleg redaksjon: Kulturlandskapssenteret,
Kulturetaten, Hordaland fylkeskommune
Grafisk formgjeving: Geir Goosen
Kartillustrasjon: Sven Jacobsen
Foto: David Neil Simpson og Knut Andreas Bergsvik
Teikningar: Ellinor Hoff, Bergen Museum
Tilrettelegging og produksjon: Artic Reklamebyrå, Bergen