Digitalt planregister

Transcription

Digitalt planregister
Rettleiar
digitalt
planregister
Rapport
– Nordhordlandsprosjektet
STATENS KARTVERK
Forord
I september 2009 inngjekk Statens kartverk avtale med Regionrådet
Nordhordland IKS om å gjennomføre eit pilotprosjekt for digitalt plan­
register etter § 12 i den nye kart- og planforskrifta.
Arbeidet starta i september 2009, og vart ferdigstilt i oktober 2010.
Prosjektet har hatt slik samansetning:
Styringsgruppe
Kåre Wiik, Lindås kommune, leiar
Anny Bastesen, Meland kommune
Sigurd Langeland, Statens kartverk, prosjekteigar
Prosjektleiar
Torbjørn Trageton – Regionrådet Nordhordland IKS
Prosjektgruppe
Hilde Lillelid Jacobsen – Meland kommune
Kjersti Furnes Soltvedt – Masfjorden kommune
Trine Solberg Johansen – Statens kartverk
Tommy Veland – Lindås kommune
Prosjektleiar med prosjektgruppa frå venstre: Hilde Lillelid Jacobsen, Kjersti
Furnes Soltvedt, Torbjørn Trageton, Trine Solberg Johansen, Tommy Veland
Vi vonar at denne rettleiaren med sine vedlegg, vil vera til god nytte for
kommunane i sitt arbeid med digitale planregister. Reglar og rammeverk
for dei kommunale planregisterarbeida endrar seg over tid. Noko av inn­
haldet i denne rettleiaren kan ved det bli utdatert. Men mangt vil vera
faktainformasjon med lang brukstid.
Digitalt planregister
2
Vi vil til slutt takke alle som har medverka til det resultatet som no
ligg føre. Ei særskild takk for tilbakemeldingar vi fekk i kvalitets­
sikringsrunden i sluttarbeidet med boka frå Magnar Danielsen, Miljøvern­
departementet, Endre Leivestad, Bergen kommune, Ida Rørbye, Sigurd
Langeland og Tore Bø, Statens kartverk. Ei særskild takk òg til Øivind
Mehlum, Statens kartverk som har stått for sluttarbeida med utsjånaden
av produktet.
Fotografi som er brukt i rettleiaren, er enten tekne av medlemene i
­prosjektgruppa eller tilsendt oss frå vedkomande til bruk i rettleiaren.
Miljøverndepartementet er forkorta MD, Statens kartverk er forkorta SK
og Nordhordland er forkorta NH i resten av dokumentet.
Samandrag
Rettleiaren gjev ei innføring i etablering drift, forvalting og vedlikehald
av digitalt planregister.
Prosjektet Digitalt planregister - Pilot Nordhordland, fortel om sine
­erfaringar knytt til etablering og bruk av digitalt planregister i regionen.
Den teoretiske ramma for eit digitalt planregistersystem er såleis prøvd
ut, og praktisk gjennomført så langt som det var mogleg ut frå dei
­tekniske løysingane som har vore tilgjenglege.
Lov, forskrift, produktspesifikasjonar, datamodell, MD sin veileder og
lov­kommentarar er samanhalde, og gjev dei konklusjonar som denne
rett­leiaren fortel om. I vedlegg A er ei oversikt over dei aktuelle
­dokumenta.
Kommunane vil ved oppfylte lovkrav ha eit verktøy som gjer analog
planinformasjon lett tilgjengeleg i digital form, gratis på internett.
­Publikum, sakshandsamarar og vedtaksorgan får ved det ein oversiktleg
og brukarvenleg informasjonskanal som dei kan nyttiggjere seg.
Vedlegga til rettleiaren er supplerande tillegg til hjelp for kommunane
og andre ved etablering og forvalting av digitale planregister som skal
tilfredsstilla det nye lovkravet.
Digitalt planregister
3
Innhald
1 Innleiing
7
1.1 Prosjektet Digitalt planregister – Pilot Nordhordland
7
1.2 Mål
7
1.3 Bakgrunn for digitalt planregister i Nordhordland
7
2 Formåla med digitalt planregister, heimelsgrunnlag og krav
8
2.1 Formål og definisjon for digitalt planregister
8
2.2 Heimelsgrunnlag og forskriftskrav til digitalt planregister 8
2.3 Minstekravet
8
2.4 Etablerings- og føringsmetodar for digitalt planregister
9
2.5 Når må ein kommune må ha eit digitalt planregister
9
2.6 Digital arealplan
9
3 Kvifor digitalt planregister? - ”Fem på gata”
10
4 Digitalt planregister - før, no og i framtida
11
4.1 Før lovkravet
11
4.2 Etter lovkravet
12
4.3 Naudsynt utvikling framover
12
5 Konvertering og supplering for eit komplett digitalt planregister
12
5.1 Arealplan ført i digitalt planregister før 01.01.2010
13
5.2 Arealplanar vedtekne før 01.01.2010
13
6 Etablering av digitalt planregister etter kart- og planforskrifta
§ 12 pkt. 1 – vedtekne og endra arealplanar
13
6.1 Val av registersystem
14
6.2 Installasjon av registersystem og eventuell filservar
14
6.3
6.4 Gjennomgang av kommunale arkiv og arkivdepot
6.5
Digitalt planregister
Data og dokument som skal, bør og kan hentast frå arkiv14
6.3.1 ”Skal” – I kart- og planforskrifta § 9
15
6.3.2 ”Bør” – Om, eller når hendinga skjer
15
6.3.3 ”Kan” - Del 4. av produktspesifikasjonen
15
Gjennomgang av statlege og fylkeskommunale arkiv
6.5.1 Riksarkivet
6.5.2 Fylkesarkivet
6.5.3 Statleg arkiv
15
16
16
16
16
4
6.6 Dokumentsortering, klargjering og skanning
6.7 Arealplankart
6.7.1 Analoge arealplankart
6.7.2 Digitale arealplankart
17
17
17
17
6.8 Tildeling av Nasjonal arealplan-ID og plannamn
18
6.8.1 Nummereringssystem
18
6.8.2 Plannamn
19
6.8.3 Retningsliner for tildeling av Nasjonal arealplan-ID
og plannamn
19
6.9 Innlegging av arealplanar i digitalt planregister
19
6.10 Planrelasjonar
19
7 Etablering av digitalt planregister etter kart- og planforskrifta
§ 12, pkt. 2 – mindre endringar av vedteken arealplan
20
7.1.1 Kva er mindre endring av ein plan?
20
7.1.2 Data og dokument som skal registerførast
21
8 Etablering av digitalt planregister etter kart- og planforskrifta
§ 12, pkt. 3 - dispensasjonar
21
8.1 Dokument og data
21
8.2 Georeferering
22
8.3 Objektkatalog
22
8.4 Symbol i kartet
22
9 Etablering av digitalt planregister etter kart- og planforskrifta
§ 12, pkt. 4 – mellombels forbod mot tiltak
22
23
9.1 Deleforbod nedlagt før 01.07.2009
10Etablering av digitalt planregister etter kart- og planforskrifta
§ 12, pkt. 5 – planar tatt under handsaming
23
11 Etablering av digitalt planregister etter kart- og planforskrifta
§ 12, pkt. 6 – motsegn og klage
23
12 Bortsetting av arbeid i samband med etablering av digitalt planregister 24
13 Forvalting og vedlikehald
24
13.1Kvalitetssystem for forvaltning og vedlikehald
25
13.2Oppdatering - kommunale data
25
13.3Oppdatering - fylkeskommunale og statlege plandata
25
13.4Tilgjengeleggjering av planinformasjon på internett,
jf. § 14 i kart- og planforskrifta
13.4.1 Kommunane si heimeside (kommuneportalen)
13.4.2Kommunane sitt planregistersystem
26
26
26
Digitalt planregister
5
13.4.3Kommunane sin felles kartportal
13.4.4 Nasjonalt registersystem via Norge digitalt
14 Arkiv
26
27
27
14.1Årsversjonar jf. § 4 i kart- og planforskrifta
28
14.1.1 Årsversjon av planregister
28
14.1.2 Årsversjon av basiskart
29
14.1.3 Årsversjon av det offentlige kartgrunnlaget
29
14.1.4 Raster kopiar - nemnd i basiskart og det offentlige kartgrunnlaget
29
14.1.5 Det statistiske føremålskravet
30
14.1.6 Kvar gjer ein av årsversjonane?
30
15 Kostnader og finansiering
30
15.1Kostnader i samband med etablering av digitalt
planregister
15.1.1 Å få på plass eit registersystem og eit driftsarkiv
for innhaldet i planregisteret
15.1.2 Etablering av digitalt planregister etter kart- og
planforskrifta § 12
15.1.3 Utarbeide tilbodsdokument m.v.
15.1.4 Eventuelt kjøp eller leige av utstyr, lokale o.l.
15.1.5 Opplæring
31
31
31
32
32
32
15.2Driftskostnader
15.2.1Kostnader til systemvedlikehald/utvikling,
IKT-drift/leige av web-hotell
15.2.2Innlegging av nye data
15.2.3Dataforvalting.
15.2.4Opplæring av nytilsette og fagleg oppdatering
33
15.3Finansiering
15.3.1 Etableringskostnadene
15.3.2Driftskostnadene
34
34
34
16 Tips og triks
34
Vedleggsliste 35
33
33
33
33
Digitalt planregister
6
1
Innleiing
1.1 Prosjektet Digitalt planregister – Pilot Nordhordland
I forordet er gitt ei kort orientering om prosjektet: Digitalt planregister –
Pilot Nordhordland.
Rettleiaren er ingen sluttrapport frå prosjektet, men ein delrapport med
tilhøyrande vedlegg for følgjande spesifiserte prosjektmål:
1.2 Mål
Mål 1
Å utarbeide ein rettleiar i etablering og forvalting av digitale planregister
i samsvar med § 12 i plan- og kartforskrifta for kommunar som ønskjer
å etablere digitale planregister etter Etableringsmetode 1 – eit plan­
registersystem som forvaltar alle data som tilhøyrer modellen.
Mål 2
Å formidle erfaringane som kommunane i Nordhordland har tileigna seg
i arbeidet med å etablere, forvalte, drifte og vedlikehalde eit digitalt
planregister.
1.3 Bakgrunn for digitalt planregister i Nordhordland
I 2003 inngjekk Regionrådet Nordhordland IKS avtale med Bravida
Geomatikk AS (nå Geomatikk IKT AS) lisens- og driftsavtale for bruk av
firmaet sitt digitale planregistersystem. Og dei 9 kommunane i IKS-et
(Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy
og Radøy) inngjekk samordna avtalar med firmaet om konsulentbistand
i samband med etablering av registeret.
I 2005 blei eiga samordna vedtekt til då gjeldande § 5 i Lov om plan­
legging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven, heretter kalla
pbl.) sett i kraft. Den lokale vedtekta fastset m.a. at alle som leverer inn
forslag til regulerings­planar eller endring av gjeldande plan, skal levere
desse på vektorform og etter gjeldande SOSI-standard.
Til hjelp for planleggjarane blei det i 2007 publisert eigen rettleiar kalla
”Startpakke for private planar”. Denne er oppdatert i høve ­endringane
som kom i pbl. frå 1. juli 2009. Startpakken er tilgjengeleg på Region­
rådet Nordhordland IKS sin nettstad www.nordhordland.net og på
nettstaden www.bing.nu under fana Plansak. I startpakken er m.a.
internettlenke til den lokale kart- og planvedtekta, som etter overgangs­
reglane i ny pbl. gjeld til 01.07.2017.
I 2009 blei Vaksdal kommune assosiert medlem av Regionrådet Nord­
hordland IKS. Avtalen med Geomatikk IKT AS blei utvida til også å
gjelda Vaksdal kommune. Prosjektet: Digitalt planregister – Pilot Nord­
hordland femner såleis om dei nemnde 10 kommunane.
Digitalt planregister
7
2
Formåla med digitalt planregister, heimelsgrunn-
lag og krav
2.1 Formål og definisjon for digitalt planregister
I Ot.prp. nr. 32 (2006-2007), finn vi formåla med eit digitalt plan­
register:
”Forenkling, effektivitet og fleksibilitet i planleggingen.
Plansystemet skal ivareta to hovedfunksjoner: Det skal sikre gode hel­
hetsløsninger, langsiktige hensyn og samfunnsøkonomisk ­effektivitet,
samtidig som det skal ivareta behovet for raske og forutsigbare
av­gjørelser for private og offentlige interessenter.”
Å etablere, forvalte, drifte og vedlikehalde eit digitalt planregister har
stor nytteverdi for samfunnet. Derfor har mange kommunar etablert
slike register fleire år før dette faktisk vart eit lovkrav.
Eit digitalt planregister har vore, og vil vere, til nytte for både
­kommunen si eiga forvaltning, for publikum, næringslivet og den lokal­
demokratiske prosessen.
I § 2 i forskrift om kart, stadfesta informasjon, arealformål og
­kommunalt planregister (heretter kalla kart- og planforskrifta) er digitalt
plan­register definert slik:
”digitalt planregister, database med fullstendig og systematisert
in­formasjon over endelig vedtatte arealplaner mv.”
2.2 Heimelsgrunnlag og forskriftskrav til digitalt planregister
I § 2-2 i pbl. – er krav om digitalt planregister heimla, og lyder:
Kommunene skal ha et planregister som gir opplysninger om gjeldende
arealplaner og andre bestemmelser som fastlegger hvordan arealene
skal utnyttes. Departementet kan gi forskrift om kommunalt plan­
register, herunder bruk av elektronisk planregister.
I § 12 i kart- og planforskrifta – er krav til digitalt planregister gjeve, og
lyder innleiingsvis: ”Digital arealplan som kommunen har hatt ansvar
for å fremstille eller som den har krevd levert inn i digital form etter § 7
første ledd første punktum, skal føres inn i digitalt planregister...”
Eit digitalt planregister på internett er det verktøyet som vil realisere
måla nedfelt i pbl. § 2-2.
2.3 Minstekravet
Digitalt planregisteret skal innehalda alle arealplanar som er vedtekne
etter 01.01.2010 og alle kunngjorde planarbeid til handsaming etter
01.07.2009. I tillegg skal registeret ha ei planoversikt for gjeldande
areal­planar vedtekne før 01.01.2010.
Digitalt planregister
8
2.4 Etablerings- og føringsmetodar for digitalt planregister
Det er to metodar for etablering av eit digitalt planregister.
Etableringsmetode 1. Eit planregistersystem som forvaltar alle data
som tilhøyrer modellen eller
Etableringsmetode 2. Eit planregistersystem som vert forvalta i sam­
spel mellom sak/arkiv/eigenskapsregister for arealplanar/forvaltnings­
system for digitale arealplanar og planområde.
Uansett kva for metode ein går for, må ein hugse på at den lokale
­løysinga, skal kommunisere med den framtidige nasjonale innsyns­
løysinga via Norge digitalt samarbeidet. Ein bør derfor vera konsekvent i
all namnsetting og bruk av nøklar.
Eit digitalt planregister, kan førast på tre ulike måtar:
Føringsmetode 1. Digitalt planregister etter § 12 i kart- og plan­
forskrifta
Føringsmetode 2. Planregister som planoversikt etter § 13 i kart- og
planforskrifta
Føringsmetode 3. Komplett digitalt planregister
2.5 Når må ein kommune må ha eit digitalt planregister
Av MD sin rettleiar til forskrifta går det fram at kommunar som har
­etablert digitalt planregister, er pliktig til å ha eit planregister som til­
fredsstiller minstekrava gitt i § 12 i kart- og planforskrifta.
For dei kommunane som ikkje har eit digitalt planregister frå før, må dei
etablere dette om eller når ein av tre situasjonar har oppstått/oppstår:
1.Kommunen har hatt ansvar for å framstille ein digital arealplan
2.Kommunen har krevd levert arealplan i digital form etter § 7 ­første
ledd første punktum i kart- og planforskrifta
3.Ved endring av gammal plan som ligg føre i SOSI
Dette medfører i prinsippet at dei kommunane som ikkje har eit digitalt
planregister i dag, om kort tid må etablere dette, eller allereie etter lov­
kravet skulle ha etablert det.
2.6 Digital arealplan
For å kunne sortere under definisjonen ”digital arealplan”, må
­dokumenta for arealplanen vere digitale og arealplankartet ligge føre i
vektorformat. Eit skanna arealplankart med vektorisert planomriss, gjev
ikkje ein digital arealplan.
For føring av arealplanar i digitalt planregister, skal planen ligge føre
anten som ein digital arealplan, eller med skanna dokument og areal­
plankart med vektorisert planomriss. Arealplankartet bør i tillegg vera
georeferert1 .
1 Skanna arealplananar i rasterform kan gjerast om til stadfeste biletdata ved såkalla
georeferering ved hjelp av kjente koordinatsette for tilstrekkeleg mange punkt i plan­
kartet.
Digitalt planregister
9
3
Kvifor digitalt planregister? – ”Fem på gata”
Vi har spurt Fylkesmannen, ein byggjesakshandsamar, ein planleggjar, ein
politikar og ”mannen i gata” korleis dei brukar innsyn i digitalt planregis­
ter og kva nytte dei har av at planinformasjon er tilgjengeleg på nett.
Namn: Jostein Klette
Yrke: Fylkesmannen i Hordaland
Førstekonsulent ved Miljøvernavdelinga
Fylkesmannen fungerer
som eit kontrollorgan. Eg
kontrollerar mest opp mot
kommuneplanar. Ein del
av planane er av litt eldre
dato og vert sendt til oss
i papirformat. Men kommunane nyttar meir og meir hen­vising til plan­
registeret når planane vert sendt på høyring. Vi ser det som ein fordel
å finne planane digitalt på nett framfor å få dei i papir­format så sant
­registeret er oppdatert. Ved endring av planar er det ikkje alltid at den
opp­rinnelige planen er med eller vert vist til på nettsidene. Det kan då
vere vanskeleg å søke fram rett plan. Mulig at søkefunksjonen burde
vore betra. Men samla sett er det positivt at planane vert tilgjengeleg­
gjort i eit digitalt planregister.
Namn: Roald Kvingedal
Yrke: Byggesakshandsamar i kommune
Teknisk, miljø og landbruk i Masfjorden kommune
Masfjorden kommune brukar BraPlan som sitt digitale
planregister. Når eg jobbar med sakshandsaming brukar
eg to PC-skjermar. Då er det greitt å ta opp plan­registeret
på den eine skjermen for å kontrollere søknadene mot
­aktuelle ­planar. Eg brukar også innsyn i registeret for andre
­kommunar for å få idéar til utarbeiding av føresegner til eigne planar.
Når eg har kundar eller ansvarleg søkjar på telefonen sparar vi mykje
tid på å guide kundane inn i planregisteret og kartportalen for å finne
den informasjonen som kundane treng.
Namn: Monica Eidsheim Eide
Yrke: Byggingeniør, teknisk samfunns­planlegging
Areal og samferdsel - Rambøll
Eg brukar planregisteret mykje i jobbsamanheng,
til dømes ved oppstart av planarbeid og ved arbeid
med planskildringar. Då går eg alltid inn via Bergens­
regionkart eller Nordhordlandskart o.l. for å sjekke
reguleringsplanar i området rundt nytt planområde,
sjekke kvar nytt planområde ligg i kommuneplan osv. Veldig greitt å
kunne gå via kart, og direkte få opp gjeldande planar for det aktuelle
området. Andre gonger finn eg planar eg treng innsyn i via ­kommunen
sine heimesider direkte. Veldig nyttig at planane ligg på nett. Kan
ikkje heilt sjå for meg korleis det hadde vore om dei ikkje gjorde det.
Hadde nok vore veldig tungvindt i alle fall!
Digitalt planregister
10
Namn: Håkon Matre
Yrke: Politikar
Ordførar i Masfjorden kommune og leiar av
Regionrådet Nordhordland IKS
Eg er neppe den mest aktive brukaren av
tenesta, men når eg har bruk for å finna oversikt
over planstatus for eit område, er plan­registeret
eit kjempegodt verktøy. Det at ein får med både vedtak, kart og for
eksempel føresegner, gjør at dei fleste avklåringar kan skje online
­uavhengig av dag og tid på døgnet.
Planregisteret vert stort sett brukt til å finna (eventuelle) planar for
eit område der eg ikkje kjenner planstatus. Stort sett gjeld dette
­Mas­f jorden, men også i andre kommunar, spesielt i Nordhordland, har
eg vore på besøk. Det at planinformasjonen finst på nettet, gjer at
­brukarane er uavhengig av dag og klokkeslett for å få tilgang til plan­
oversikta, og samstundes er det svært rasjonelt for dei kommunalt
tilsette, som alternativt må ta seg av spørsmåla, kopiera og senda
­dokument m.v.
Er planregisteret godt nok kjent ”på gata”?
Namn: Irene Sætre
Yrke: Student
Studerar ved ingeniørhøgskulen i Bergen
Eg brukar linken til Nordhordlandskart frå
heime­sida til kommunen for å finne m.a. plan­
informasjon. Eg syns det er greitt å leite
på n
­ ettet før eg eventuelt tar kontakt med
­kommunen for informasjon.
4
Digitalt planregister – før, no og i framtida.
4.1 Før lovkravet
Dei første digitale planregister så langt vi kjenner til blei utvikla i Oslo
og Bærum kommune starten av 1990 åra (ulike system). Dette var
før det låg føre lovfesta krav eller nasjonal standard for digitale plan­
register. Oslo hadde sitt registersystem rimeleg komplett i 1995 til
internt bruk. (Internettilgang til registeret er ennå ikkje på plass; men
internettilgang til planinformasjonen er sikra på annan måte.) Etter
kvart kom nye kommunar og kommunale system til. Det var behovet og
­rasjonaliteten av å ha slike register i kommunane som var drivkrafta for
utviklinga av dei register som kom i bruk.
Så vidt vi har fått opplyst, var Trondheim kommune den første som
gjorde sitt digitale planregister tilgjengeleg på Internett (2002).
Tre program-/systemleverandørar såg her ein framtidig marknad og
sette i gang utvikling av digitale planregister. Dette skjedde i kontakt
med ein eller fleire brukarkommunar.
Digitalt planregister
11
Følgjande firma hadde utvikla system for digitale planregister før
­lov­kravet kom:
•Bravida Geomatikk AS (nå Geomatikk AS)
•Norconsult AS
•Norkart AS (nå Norkart Geoservice AS)
I og med at det ikkje låg føre nokon nasjonal standard eller lovreglar for
eit slikt register, var dei ulike systema som var i marknaden ulike både
kva gjaldt oppbygging, datainnhald og funksjonalitet.
4.2 Etter lovkravet
Med den nye pbl. fekk ein spesifiserte nasjonale krav til kommunane
sine digitale planregister, krav som gjekk ein god del vidare enn det dei
utvikla planregistersystema dekte. Systemleverandørane fekk dermed
ei utfordring i å vidareutvikla sine system til minimum å dekka alle
krava i dei nasjonale spesifikasjonane for det digitale planregisteret.
I dag er det berre dei tre nemnde firma som er systemleverandørar for
digitale planregister. Nytt er at Geomatikk AS samarbeider med firma
Geodata AS i vidareutviklinga.
Det ligg utanfor prosjektet å skildre likskap og ulikskap ved
­eksisterande system.
4.3 Naudsynt utvikling framover
I tillegg til at systemet skal tilfredsstilla krava i § 12 i kart- og plan­
forskrifta, bør systemleverandørane også sjå til at:
•Systemet har gode og intuitive søkefunksjonar
•Systemet har gode rapportgeneratorar
•Systemet har velfungerande lenkefunksjon
•Systemet gjev brukar god og lettlest presentasjon av status i høve
registerinnhaldet
•Systemet har gode integrasjonsløysingar, eks. SAK/arkiv/Matrikkel, tar
omsyn til NOARK, GeoIntegrasjonsprosjektet og framtidig nasjonalt
planregister.
5
Konvertering og supplering for eit komplett
digitalt planregister.
For dei kommunane som hadde eit digitalt planregister før lovkravet
kom, vil no kunne få eit komplett digitalt planregister, dersom dei
gjer bestemte konverteringar og suppleringar. Dette krev at program­
leverandørane oppgraderer sine system i tråd med datamodellen for
digitalt planregister.
Det er stilt krav til kva eksisterande digitale planregister må gjere av
suppleringar og konverteringar. Utover dette er det opp til kommunen i
kva grad dei ønskjer å oppfylle krava i § 12 også for eldre planar.
Digitalt planregister
12
5.1 Arealplan ført i digitalt planregister før 01.01.2010
For arealplanar, vektor og analog, som allereie var ført i digitalt plan­
register før 01.01.2010, gjeld dette:
•Plan id – treng ein ikkje å konvertere til Nasjonal Arealplan-ID, men for
å ha eit einsarta og oversiktleg register med likt søkjegrunnlag bør ein
ha lik identifikasjon på alle planar.
•Digitalt omriss av planområde skal vere i SOSI versjon 4.0.
5.2 Arealplanar vedtekne før 01.01.2010
For arealplanar som var vedtekne før 01.01.2010, som kommunen i
ettertid ønskjer å føre i digitalt planregister, gjeld dette:
•Arealplanen skal registrerast med nasjonal Arealplan ID og reglane
i kart- og planforskrifta skal nyttast på planen så langt dei passar.
Planområdet skal alltid vere innteikna på kart
•Arealplanen må oppfylle minimumskrava som gjeld for digitalt plan­
register
•Arealplanen må minst vere koda i SOSI plan versjon 4.0
•Alle mindre endringar og dispensasjonar som blir vedteken etter at
planen er ført i registeret, skal også førast i registeret
For analoge planar vil vi tilrå at ein georefererer arealplakartet. Dette
for synleggjering av planane i internettbaserte kartportalar saman med
anna kartinformasjon.
6
Etablering av digitalt planregister etter kart- og planforskrifta § 12 pkt. 1 – vedtekne og endra arealplanar
I det følgjande er omtalt dei eingangoppgåvene ein kommune må/bør
gjera for å få eit planregister som tilfredsstiller
•Krava i § 12 i kart- og planforskrifta
•Prosjekttilrådde krav
•Etableringsmetode 1. (Eit planregistersystem som forvaltar alle data
som tilhøyrer modellen for planregisteret)
Dei fleste gjeldande offentleg arealplanar er vedtekne i medhald
av plan- og bygningslova frå 1924, 1965, 1985 eller 2008. (Lova
av 1924 er kalla bygningslov. Ho inneheld reglar om arealplanar. Det
gjeld òg bygningslovene frå 1800 talet. Bygningslovene blei endra fleire
gonger i si levetid.)
I datamodellen for planregisteret er nærare skildra registrering av
­planar, også etter eldre planlover. Kommunar som har etablert digitale
planregister, har som strategi å registrera dei ferskaste planane først.
Deretter går ein suksessivt attende i tid og registrere eldre vedtekne
og framleis gjeldande planar oppdatert med dei endringane som er
gjort. Ved det vil ein via planregisteret på sikt kunna visa kva som er
Digitalt planregister
13
gjeldande plan i kommunen. Dette er ein strategi som òg blir fylgt av
kommunane i NH i tillegg til at ein for slike planar vurderer alternativet
oppheving av planen før ein startar registreringsarbeidet.
Kart- og planforskrifta krev om at kommunane skal ha eit digitalt plan­
register med informasjon om alle gjeldande arealplanar og kunngjorde
planarbeid som vedkjem kommunen. Dette inneber at kommunane
også må klargjere om det skulle finnast vedtekne arealplanar innan
kommunen gjort av andre offentlege styresmakter, og registerføre
desse planane/planarbeida.
Generell ansvarsregel for dokumentasjon av gjeldande arealplanar
og registerføringa av denne ligg til kommunen, uavhengig av kva for
instans som har gjort vedtak i saka og har arkivansvaret.
For tips og erfaringar knytt til etablering av digitalt planregister, syner
vi til to erfaringsdokument, eit frå Meland og eit frå Lindås kommune.
(Vedlegg E og F.)
6.1 Val av registersystem
Her kan kommunen velja mellom å sjølv laga eller å få tilgang til ferdig­
utvikla registersystem som tilfredsstiller forskriftskrava. Det siste vil
vera basert på avtale som gir aktuell tilgang. Slik avtale kan vera ein
samarbeidsavtale med kommune som har eit eigeutvikla system eller
som eine- eller interkommunal avtale med ein systemleverandør av
­digitalt planregister.
6.2 Installasjon av registersystem og eventuell filservar
Informasjonen som brukarane skal få kjennskap til, innsyn i og ned­
lastingstilgong til, må vera arkivert på ein slik måte at dette er mogeleg.
Dette kan for eks. skje ved bruk av kommunal/interkommunal filservar
eller webhotell. Systemleverandørane tilbyr webhotell for sine system­
kundar. Ei slik løysing er basert på årleg leige og kan inngå i avtalen om
systemkjøp.
6.3 Data og dokument som skal, bør og kan hentast frå arkiv
Det er viktig å ha klart for seg, at det er krav til kva for data ein skal
føre i registeret, og kva for dokument ein skal ha tilgang til via ­registeret.
(Sjå nedanfor.)
I registersystemet skal m.a. følgjande data førast:
Plantype, vedtaksdato og/eller ikraftsetjingsdato, kunngjeringsdato,
planstatus, identifisering av vertikalnivå, type planføresegner, lov­
referanse, forslagstillar m.m. Uttømande liste over data er gitt i
­Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister
– Del 4. (heretter kalla Del 4 av produktspesifikasjonen).
Digitalt planregister
14
Planregisteret skal ikkje innehalda eller gje
tilgang til heile planarkivet, men eit utval av dei
viktigaste dokumenta, i tillegg til SOSI filar.
(Ei uttømmande liste er gitt i Del 4. av produkt­
spesifikasjonen. Sjå illustrasjonen der.)
Registersystema som er på marknaden er ikkje
ferdigutvikla for integrasjon mot SAK/ARKIV.
Ein må derfor ennå ei tid gjere manuell dobbel­
registrering av visse data og dokument.
6.3.1 ”Skal” – I kart- og planforskrifta § 9
•Arealplankart, her under teiknforklaring
•Planføresegner (-bestemmelser)
•Planskildring
I tillegg kjem vedlegg eller illustrasjonar som er gjort juridisk bindande
gjennom føresegnene.
Eksempel på dette er krav i føresegnene om utbyggingsavtale og detalj­
regulering.
6.3.2 ”Bør” – Om, eller når hendinga skjer
•Mindre endring – vedtak og kart som syner endringa
6.3.3 ”Kan” - Del 4. av produktspesifikasjonen
•Saksførebuing/saksframlegg ved sluttbehandling (inkl. konsekvens­
analyse og ROS-analyse)
•Vedtak ved sluttbehandling (inkl. ev. motsegn/klage og avgjerd)
•Kunngjering / oppstartsmelding med kart som syner planen sitt
­dekkingsområde
•Klage
•Motsegn
•Rapport
•Georeferert plankart
6.4 Gjennomgang av kommunale arkiv og arkivdepot
Start med å få ei oversikt over dei arkiva som inneheld arealplanar for
aktuell kommune.
Internt i kommunen er det fleire arkiv ein må vite om. Av desse kan
nemnast, fjernarkiv, arkiv for dei to føregåande kommunestyre­
periodane, arkiv for inneverande kommunestyreperiode og gards- og
bruksnummer arkiv. Organiseringa av arkiv vil ofte vera ulik frå
­kommune til kommune.
Etter arkivlova og forskriftene til den skal kommunale arkiv ­leverast
til eit arkivdepot etter 25-30 år. Kommunen gjer avtale med ved­
komande depotforvaltar. For dei fleste prosjektkommunane er det
Inter­kommunalt arkiv for Hordaland som er deira arkivdepot. P.g.a.
kapasitets­tilhøve er det eit etterslep hos dette depotet i høve til sett
tidsfrist for avlevering. Dette kan og vera tilfelle for andre ­kommunale
arkivdepot.
Digitalt planregister
15
Legg merke til at det har vore fleire arkivnøklar opp gjennom åra etter­
som arkivlova har gjennomgått endringar.
6.5 Gjennomgang av statlege og fylkeskommunale arkiv
Tilgang og innlegging av statlege og fylkeskommunale arealplanar skjer
i samsvar med rutine som er fastlagd i samarbeidsavtalar. Mal for slike
avtalar, sjå vedlegg C og D. Sidan det her gjeld avtalar mellom offent­
lege instansar, har vi funne det unødvendig å ta inn reglar om endring,
misleghald m.v., (noko som er standardmoment i malar for offentlege
kjøp av varer og tenester). Ved behov for endring og om ting ikkje
­fungerar som føresett, er dette noko avtalepartane ordnar opp i sjølv.
For arealplanar i samband med omforming eller overføring av energi, jf.
pbl. § 1-32 har, og skal NVE, framleis vera planansvarleg vedtaksorgan.
6.5.1 Riksarkivet
Utgangspunktet for å finna dei eldste kommunalt vedtekne areal­planane,
er om og når bygningslova av 1924 har vore gjeldande i ­kommunen
eller del av denne og om eldre bygningslover har vore gjeldande i
­kommunen eller del av han. Planar og tilhøyrande vedtekter etter desse
lovene skulle sendast til departementet for godkjenning. Eksemplar av
plan og vedtekt finst derfor i Riksarkivet om ein ikkje skulle finna dei i
­kommunen sitt arkiv eller kommunalt arkivdepot. Derimot skulle ikkje
plan­endringar rapporterast til nasjonalt godkjenningsorgan. Så vedtekne
endringar av desse planane må hentast i eige arkiv eller kommunalt
arkivdepot.
6.5.2 Fylkesarkivet
Arealplanar vedtekne av fylkeskommunen.
Fylkeskommunane blei oppretta som eige forvaltingsnivå i 1973 og fekk
frå då av ansvaret for utarbeiding av fylka sine arealplanar (innført som
tillegg til pbl. av1965 i 1973).
For avtale om tilgang til fylkeskommunale arealplanar og planarbeid,
finst det i vedlegg C ein avtale-mal.
6.5.3 Statleg arkiv
Arealplanar vedtekne av staten.
Her kan nemnast arealplanar vedtekne av staten i medhald av veglova,
jernbanelova, og vassdragslova. Grunna leveringsplikt etter 25-30 år vil
Arkivverket (statsarkiva/Riksarkivet) kunne ha slike planar.
For avtale om tilgang til NVE sine arealplanar og planarbeid, finst det i
vedlegg D ein avtalemal.
2 Tiltak som er unntatt fra loven Rørledninger i sjø for transport av petroleum omfattes
ikke av loven. For anlegg for overføring eller omforming av elektrisk energi som nevnt i
energiloven § 3-1 tredje ledd gjelder bare kapittel 2 og 14
Digitalt planregister
16
6.6 Dokumentsortering, klargjering og skanning
Sortering av dokumenta etter plantype og vedtaksår, fjerning av stiftar,
med påfylgjande skanning. Hugs at dokumenta skal ligge føre i godkjent
digitalt arkivformat, jf kapittel 14. Lagringsstruktur, stad og namning av
skanna dokument må avklarast.
Om erfaringar frå slikt arbeid, sjå vedlegg E og F.
Skanning av dokumenta som ikkje ligg føre i digitalt format er ei om­­
fattande oppgåve, og bortsetjing av arbeidet kan vurderast. Jf. kap. 12.
6.7 Arealplankart
Arealplankart kan ligge føre i to typar format.
1.Analogt format, som vil seie raster, og er berre tilgjengeleg på papir.
2.Digitalt format, som vil seie at planen er å finne på eit digitalt medium.
Dette kan igjen delast opp i om planen er:
- Vektorisert, og ligg føre i f.eks ei SOSI fil,
- Eller skanna til for eksempel ei .pdf fil
Merk at arealplankartfiler skal namnast spesielt, slik det går fram av Del.
1 av produktspesifikasjonen, kap. 1.8.
6.7.1 Analoge arealplankart
Analoge arealplankart må ein digitalisere planomrisset for (i siste SOSI
versjon), og arealplankartet med teiknforklaring må skannast.
For å kunne synleggjere arealplanen i internettbaserte innsynsløysingar
må ein i tilegg georeferere arealplankartet.
6.7.2 Digitale arealplankart
For best mogeleg oppnåing av dei overordna måla for den offentlege
planforvaltinga, bør gjeldande arealplankart vera på vektorform i sam­
svar med nasjonal standard. Dette er eit omfattande arbeid som krev
både tid og ressursar.
Tilrådinga er derfor at ein i første fase sikrar at alle nye planar og plan­
endringar tilfredsstiller krava og at planansvarleg instans må gjennom­
føre arbeidet med digitalisering av eldre arealplankart over tid. For fleire
av desse vil det mest rasjonelle vera å oppheva planane og deretter
utarbeide nye når behovet måtte oppstå.
I dei fleste kommunane i pilotprosjektet blei kravet om at arealplankart
og planendringar skal vera i digital form i samsvar med gjeldande
­nasjonal standard, vedtektsfesta i 2005 gjennom lokal kartforskrift3
3 I § 7 i kart- og planforskrifta er gitt følgjande heimel:
”Kommunen kan kreve at den som fremmer privat forslag til detaljregulering skal levere
planen i digital form. Kommunen skal så tidlig som mulig i planprosessen informere om at
slikt krav kan bli aktuelt. Geodata som kommunen skal stille til rådighet for forslagsstiller,
skal i så fall også foreligge i digital form.”
Digitalt planregister
17
For kommunar som ikkje har tilsvarande lokal vedtekt til eldre pbl.
som i Nordhordlandsregionen, kan kommunane i medhald av § 7 i
kart- og planforskrifta gjera eit generelt vedtak om at alle planforslag
skal ­leverast på digital form i samsvar med MD sine spesifikasjonar
for ­digitale planar, og at planforslag skal vera vedlagt SOSI kontroll­
dokument som syner at dei tekniske krava til planmaterialet er oppfylt.
Grunngjevinga for vår tilråding er omsynet til rasjonell sakshandsaming
og til likebehandling av dei som fremjar planforslag.
Eit generelt vedtak bør fremjast i kommunen sitt politiske utval for
plansaker då vedtaket har økonomiske konsekvensar for forslagsstillar.
Vedtaket er eit saksførebuande vedtak. Det er såleis ingen klagerett på
pålegg kommunen gjer i medhald av § 7 i kart- og plan­forskrifta.
Kommunane i NH-regionen har berre positive erfaringar med eit slikt
pålegg.
6.8 Tildeling av Nasjonal arealplan-ID og plannamn
Nasjonal arealplan-ID er eit nummer som eintydig identifiserer vedtekne
arealplanar og kunngjorde arealplanarbeid i Noreg.
Mange statlege planarbeid er i registersamanheng kommunale ­planar
fordi det er kommunen som har vedtakskompetansen. Statens veg­
vesen, Jernbaneverket og andre statlege grunneigarar m.v. fremjar
sine planar på same måte som kommunen og private for handsaming
og vedtak i kommunen. Desse planane blir tildelt Nasjonal arealplan-ID
av kommunen og registerført som kommunal plan. Av opplysingane i
registeret går det fram kven som har vedteke arealplanen og kven som
er forslagsstillar.
For dei planarbeida som vert slutthandsama av kommunane, inngår det
i forvaltingssystemet for planregistret at planarbeid som kommunen
startar opp, blir tildelt nasjonal arealplan-ID og –namn i samband med
kunngjeringa. For planarbeid som blir starta av andre (offentlege eller
private), har kommunane som er med i dette pilotprosjektet, etablert
ein felles standardisert referatmal frå lovfest krav om oppstartmøte,
jf. § 12-8 i pbl.. I malen står som standard tekst, at kommunen skal
kvalitets­sikre utkastet til offentleg kunngjering av planoppstart. Dette
sikrar at kommunane på ein rasjonell måte blir gjort kjend med kunn­
gjeringane.
6.8.1 Nummereringssystem
Nasjonal arealplan-ID er bygd opp med følgjande koder:
Administrativ einigsnummer + planidentifikasjon.
I utkast til nasjonal produktspesifikasjon for planregisteret, SOSI Plan
4.3 er administrativ einingsnummer definert slik:
”Administrativenhetsnummer er enten kommunenummer (KOM i SOSI),
fylkesnummer (2-sifret kode) eller landkode NO som representerer
­staten.”
Planidentifikasjonen kan med fordel bestå av enten oppstart- eller
vedtaks­år og eit løpenummer innafor året.
Digitalt planregister
18
Kommune: 12562010001 = første kommunale kunngjorde planarbeid
i 2010 eller plan som ikkje tidlegare er tildelt arealplan-ID, (i dette
eksemplet Meland kommune, kom.nr. 1256).
Fylkeskommune: 1220100001 = første fylkeskommunale kunn­
gjorde planarbeid/vedteken plan i 2010 som blir ført i registeret for
dei k
­ ommunane i fylket som planarbeidet/planen vedkjem, i dette
­eksemplet Hordaland, fylkes.nr. 12).
Statleg: NO20100001 = første statlege gitte konsesjon/kunngjort
konsesjonssøknad eller planarbeid/vedteken plan i 2010 som blir ført i
registeret for dei kommunane det vedkjem.
6.8.2 Plannamn
I Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister
– Del 1, pkt. 1.1.2 er det forklart korleis namning av arealplanar skal
gjerast.
Plannamn skal starte med plantype, og elles vere i samsvar med lov om
stadnamn.
Eks: Detaljregulering for Kattnakken – del av gnr. 12 bnr. 10.
6.8.3 Retningsliner for tildeling av Nasjonal arealplan-ID og plannamn
For kommunane i pilotprosjektet gjeld følgjande retningsliner for til­
deling av nasjonal arealplan-ID og plannamn:
•Den instansen som har vedtakskompetansen tildeler Nasjonal areal­
planan-ID og plannamn til planarbeid og planar som etter forskrifta
skal førast i registeret
•Nasjonal arealplan-ID og namn blir tildelt i samband med kunngjering
av oppstart av tiltak etter pbl. § 1-3 andre ledd (konsesjons­søknad ved
kraftutbygging o.l.)
•Vedtekne planar som blir registerført i ettertid skal så langt råd er
få kronologisk rekkefølgjenummer, men det skal ikkje skje endring i
rekke­følgjenummera til registerførte planarbeid/planar
•Registrering av fylkeskommunale- og statlege arealplanarbeid og ved­
tekne planar skal skje i samsvar med inngåtte avtalar
6.9 Innlegging av arealplanar i digitalt planregister
Denne delen av etableringa vert styrt av kva for registersystem
­kommunen har valt. Opplæring og rettleiing i forhold til register­
systemet står leverandøren for.
For erfaringar i registerføring i BraPlan, sjå vedlegg E og F.
6.10 Planrelasjonar
Når ein driv med planarbeid vil ein ofte møte på at det eksisterar ein eller
fleire planar for heile eller deler av området som det blir utarbeidd plan
for. Det er då viktig å avklare om den nye planen skal erstatte desse heilt
eller delvis, og om dette gjeld arealplankartet eller føresegnene.
Digitalt planregister
19
I datamodellen er det nemnd 5 ”planforholdstyper.”, og i Del 4. av
­produktspesifikasjonen er desse nøye forklart.
Hovudregelen er uansett at nyare plan går føre eldre plan, og plan av
høgare rang går føre plan med lågare rang.
Som eksempel på løysing av føring av planrelasjonar, kan vi vise til
Geomatikk IKT si BraPlan løysing, sidan det er denne regionen nyttar.
Sjå vedlegg K.
7
Etablering av digitalt planregister etter kart- og planforskrifta § 12, pkt. 2 – mindre endringar av vedteken arealplan
I medhald av §§ 11-17 og 12-14 i pbl. kan kommunestyre delegere å
slutthandsame mindre endring av eksistrerande plan. Slike endringar
skal registrerast som hending til den planen saka gjeld. Dersom plan­
endringa er ei større endring, skal saka ha ny arealplan-ID.
7.1.1 Kva er mindre endring av ein plan?
Kriteriet for om ei endring av ein plan er av kategori mindre endring
er om avgjerd i saka kan gjerast på delegasjon, jf. pbl. § 11-17 andre
­setning4 og pbl. § 12-14 andre ledd5.
For reguleringsplan finn ein og underkategorien små endringar. Dette
er endringar som kan delegerast til administrasjonen å gjennomføre.
Eksempel på små endringar er reint tekniske rettingar i gjeldande
plankart der ein i ettertid registrerer avvik mellom plan- eller formåls­
grenser i ulike vedtekne planar og det i skildringa står at dei skal vera
samanfallande. Dette gjeld òg for konstaterte mindre avvik mellom
plankart og råderettsgrenser fastlagt i matrikkelen i dei tilfella plan­
skildringa føreset samanfall. (Er avvika større, vil dei måtta hand­
samast politisk, enten som mindre endring eller som sak som ikkje kan
­delegerast).
I kap. 4.4.7.6 i Del 4 av produktspesifikasjonen er gitt utfyllande
­informasjon om omgrepet mindre endring.
­
4 Kommunestyret kan delegere myndighet til å vedta mindre endringer i planen i samsvar
med kommunelovens regler.
5 Kommunestyret kan delegere myndigheten til å treffe vedtak om mindre endringer i
reguleringsplan eller til å vedta utfyllinger innenfor hovedtrekkene i reguleringsplanen.
Små endringer kan delegeres til administrasjonen.
Digitalt planregister
20
7.1.2 Data og dokument som skal registerførast
I følgje forskrifta skal følgjande data og dokument for mindre endringar
vera tilgjengelege i planregisteret:
•Vedtaksdato
•Saksnummer
•Kart som syner vedteken endring
Mange små endringar blir gjort av kommunen utan at det ligg føre noko
”sak” og saksnummer eller endringsvedtak. Men kommunen skal syta for
etterviseleg dokumentasjon for alle endringane som blir gjort og dato
for når dei er gjort.
Ein endringslogg i registersystemet kor slike små endringar og anna kan
dokumenterast hadde løyst denne utfordringa.
8
Etablering av digitalt planregister etter kart- og planforskrifta § 12, pkt. 3 – dispensasjonar
Alle godkjente dispensasjonar frå gjeldande arealplanar, som etter pbl.
og kart- og planforskrifta skal vere ført i planregisteret, skal førast
i registert med vedtaksdato, saksnummer og nasjonal arealplan-ID
til plan det er dispensert frå. Dette går fram av § 12 i kart- og plan­
forskrifta.
Dette er eit svært omfattande krav, og det trengst ei nærare av­klaring
på om det kan finnast unntak for nokre dispensasjonstypar, som
eks. dispensasjonar frå avstandskrav. MD sin rettleiar har ikkje
utdjupa dette. Og det er ikkje utarbeidd nokon produktspesifikasjon
for ­dispensasjonar. Så her er det litt å ta stilling til for kommunen til
­nærare avklaringar måtte koma.
Føring av gitte dispensasjonar i registeret skal skje som ei hending til
den arealplanen dispensasjonsvedtaket vedkjem. Men, ein bør i tillegg
kunne søkje opp alle dispensasjonar, uavhengig av kva for arealplan han
gjeld. Ved det kan ein lett halda reie på tal og type av dispensasjon som
er registrert, og vedtak som er gjort. Det vil vera eit godt hjelpemiddel
i utøvinga av kommunens dispensasjonspolitikk og publikums og mynde
si oppfølging av praksisen.
8.1 Dokument og data
Det er ikkje eit krav at ein skal legge ved saksdokument til dis­
pensasjonar, men valet bør vere der, slik at dispensasjonsvedtak og
arealplankart, eller internettlenke til kommunen sitt digitale sak-/arkiv­
system er å finne via digitalt planregister. Data som skal registerførast
er m.a. vedtaksdato, saksnummer og nasjonal arealplan-ID. Uttømande
liste over data er gitt i Del 4. av produktspesifikasjonen.
Digitalt planregister
21
8.2 Georeferering
Kommunen har krav på seg til å georeferere visse dispensasjonar.
Kva for typar dette gjeld, går fram av kart- og planforskrifta § 12.
­Kommunane kan om dei ønskjer det, georeferer alle godkjente dis­
pensasjonar frå arealplan, noko som kan vere oversiktleg sidan ein
uansett må føre alle desse i registeret. Nokre kommunar vil nok også
sjå seg godt tent med å føre avslag på dispensasjonssøknader, og også
georeferere desse. Dette må avgjerast i kommunen i frå starten av, slik
at ein får meir heilskapelege statistiske registreringar av dispensasjonar.
8.3 Objektkatalog
Pilotprosjektet har utarbeidd eit forslag til ein objektkatalog for
­dispensasjon på grunnlag av godkjent datamodell for planregisteret.
Den ligg som vedlegg i .xml, jf. vedlegg G. Vi har søkt Statens kartverk
om å inkludere denne delen i ny versjon av nasjonal objektkatalog.
8.4 Symbol i kartet
Sjølv om det ikkje er formulert som eit krav i planforskrifta, er det også
for dispensasjonsvedtaka som for plan og planarbeid, svært viktig at
brukarane kan sjå i kart kvar dispensasjonsvedtaka er gjort. I pilot­
prosjektet er det utvikla og teke i bruk symbol for symbolisering av
dispensasjonar. Symbola ligg ved som .jpg .bmp og .png, jf. vedlegg
G. Statens kartverk kan komme med ein standard på dette området
­seinare.
Avslått dispensasjon (fargar i RBG):
Raud ramme og tekst:
Raud 255, Grøn 0, Blå 0
Rosa fyllfarge:
Raud 255, Grøn 153, Blå 204
Godkjent dispensasjon
Mørkegrøn ramme og tekst:
Raud 0, Grøn 128, Blå 0
Lys grøn fyllfarge:
Raud 153, Grøn 204, Blå 0
9
Etablering av digitalt planregister etter kart- og planforskrifta § 12, pkt. 4 – mellombels forbod mot
tiltak
I planregisteret skal areal som det er nedlagt mellombels deleforbod
etter kap. 13 i pbl., registrerast med fylgjande data; vedtaksdato, saks­
nummer og nasjonal arealplan-ID til planar eller planarbeid som er
omfatta av forbodet.
Digitalt planregister
22
Etter pbl. kan kommunen og staten legge ned mellombels deleforbod.
Statlege deleforbod vert m.a. sendt vedkomande kommune.
Yttergrensene for deleforbodsarealet bør registrerast og forvaltast som
eige datalag i den digitale plandatabasen. For arealplanar der ein berre
har planomrisset i digital vektorform og plankartet i raster, bør ein
registrera ei vektorfil i gjeldande SOSI-standard for omrisset til forbods­
arealet og knyta den til planane som er omfatta av forbodet.
Kommunen må ha rutine for sletting av informasjonen når tida for for­
bodet er ute!
9.1 Deleforbod nedlagt før 01.07.2009
Rettleiaren til MD seier ingen ting om dette. Men for søkjar og den som
sakshandsamar dele- og byggesakene i kommunen, er det viktig å ha
lett tilgang til alle nedlagde bygge/deleforbod også dei som er gjort i
medhald av tidlegare pbl. og som framleis er gjeldande.
I NH blir derfor også desse eldre og framleis gjeldande forbodsareal
registrert på same måte som sakene avgjort i medhald av kap. 13 i pbl.
10
Etablering av digitalt planregister etter kart- og planforskrifta § 12, pkt. 5 – planar tatt under handsaming
Det som først bør leggjast i digitalt planregister, er dei arealplansakene
som er i arbeid. Dette gjeld både planar etter ny og gammal pbl.
Data som skal førast i registeret er nasjonal arealplan-ID og plan­
området innteikna på kart. Uttømande liste over data er gitt i Del 4. av
produktspesifikasjonen.
11
Etablering av digitalt planregister etter kart- og planforskrifta § 12, pkt. 6 – motsegn og klage
Motsegner til arealplanar og klage på planvedtak skal registerførast som
ei hending.
Ansvarleg registerførar ser til at motsegn og klage vert registerført
omgåande.
Det er ikkje krav om at sjølve dokumenta om motsegn og klage vert
vist i digitalt planregister, men datamodellen har dette som ein opsjon.
Motsegner som ikkje blir tekne til følgje av planmyndet, medfører
ut­setting av iverksetting av heile eller deler av planen til motsegna er
endeleg avgjort6.
6 Motsegn flytter eigentleg kompetansen til å vedta planen til MD, jf. pbl. § 5-6 og rund­
skriv T-5/95 og T-2/09
Digitalt planregister
23
Ved klage som ikkje blir teken til følgje, må planmyndet klargjere i sitt
vedtak om klagen skal ha utsettande verknad for heile eller deler av
planen til klagen er avgjort.
Ved registrering av planvedtaket skal planstatus for planar med utsett
iverksetting registrerast som ”Vedtatt plan med utsatt rettsvirkning”.
Når klage/motsegn er endeleg avgjort, inneber dette uansett endring av
planstatus i registeret og eventuelt endring av vedteken plan.
12
Bortsetting av arbeid i samband med etablering av
digitalt planregister
Kommunen må avgjere om heile eller delar av jobben fram mot ferdig
digitalt planregister skal setjast bort.
Dersom kommunen vel å setje bort alt arbeidet eller deler av det, må
kommunen stille spesifikasjonskrav.
Sjekkliste for problemstillinga bortsetting av tenester ved etablering av
digitalt planregister ligg som vedlegg B.
Basert på erfaringar, rår vi kommunen til å sjølv å skanne alle plan­
dokument som høyrer til den einskilde arealplanen dersom kommunen
har tilgang til tilfredsstillande utstyr. Dokumenta bør lagrast som .pdf
filar for lett og enkel betjening av dokumenta når dei seinare skal inn i
det digitale planregisteret. Det same gjeld arealplankarta.
Sjølve skanninga av arealplankartet krev utstyr som ikkje alle
­kommunar har. Dette kan derfor setjast bort til ekstern oppdragstakar.
Dei skanna arealplanane i rasterform kan så gjerast om til stadfeste
biletdata ved georeferering.
Kommunen kan velje om dei sjølv vil digitalisere omriss av planen, eller
setje det bort. I Nordhordland og Gulen vart dette i starten sett bort.
Seinare har ein av kommunane kjøpt tenleg skannarutstyr, jf. vedlegg E,
og k
­ ommunane sjølv digitaliserer planomrisset.
13
Forvalting og vedlikehald
Eit digitalt planregister er eit dynamisk registersystem som krev
•Eit kvalitetssystem for forvaltning og vedlikehald
•Oppdatering
•Tilgjengeleggjering
Digitalt planregister
24
13.1 Kvalitetssystem for forvaltning og vedlikehald
Kommunen sitt forvaltingssystem7 for planregisteret vil i praksis
vera ein del av kommunen sitt kvalitetssystem for plandelen i pbl. og
­integrert i dette. Der gjeld tilsvarande reglar som MD har presisert i
sine merknader.
Kommunen må halda dette vedlike i høve til endringar som skjer i regel­
verk, verktøy og interne organisatoriske tilhøve.
Dersom kommunen òg har systemansvaret for registeret, teknisk drift
eller deler av desse tenestene, vil kommunen sitt system for plan­
registeret vera ein tilsvarande integrert del av kommunen sitt kvalitet­
system for IKT tenestene. Alternativt vil dette vera ekstern teneste­
leverandør sitt ansvar. Kommunen må i det tilfelle stilla krav om at
leverandøren har dette og om tilgang til dokumentasjonen.
13.2 Oppdatering - kommunale data
Av kart- og planforskrifta § 15 går det fram at planoppstart og kunn­
gjorde hendingar med ny eller endring av plan skal vera registerførd
før kunngjering skjer. Skal kommunen kunna oppfylle desse krava,
må kommunen ha utkast til kunngjering av oppstart av private plan­
arbeid til kontroll og tildeling av Nasjonal arealplan-ID og plannamn
før ­kunngjering skjer. Dette har kommunane i NH, som nemnd, sikra
­gjennom sin standard referatmal for oppstartmøtet. Dei andre kunn­
gjeringane i den kommunale planprosessen er kommunen sitt ansvar.
Både føringar i samband med kunngjeringar og andre data som skal
førast i registeret, er fastlagt i kommunane sitt forvaltingssystem for
pbl.
Skulle ikkje kommunen sitt kvalitetssystem for pbl. vera oppdatert
i høve til dei siste endringane, må det koma på plass snarast. Og
­kommunen må ikkje gløyma si oppdatering av systemet i takt med
ramme­endringar som skjer.
13.3 Oppdatering - fylkeskommunale og statlege plandata
Kommunen si plikt til å oppdatere registeret med fylkes­kommunale
og statlege arealplanar, må kommunen sikra ved samarbeids­avtalar.
Til hjelp for kommunane vil dei i vedlegga C og D finna malar for
slike avtalar. I NH er malane brukt i interkommunale avtalar der ein
av ­kommunane har ansvaret for oppdateringa av alle planregistra i
­regionen for denne informasjonen.
Oppstart og endring av statlege og fylkeskommunale planar fylgjer
rutinar for oppdatering i digitalt planregister på lik line med kommunale
planar.
7 I § 15 i forskrifta første ledd er det stilt følgjande krav:
Kommunen skal ha system for forvaltning og vedlikehold av sitt planregister som sikrer at
det blir løpende oppdatert. Opplysninger om nye vedtak og andre endringer skal føres inn
i registeret snarest mulig. Vedtak som krever kunngjøring skal være ført inn i registeret
innen kunngjøringen finner sted.
I MD sine merknader til §15 finn du ei fin og god grunngjeving for systemkravet og dei
krav ein har til kvalitetssystemet.
Digitalt planregister
25
13.4 Tilgjengeleggjering av planinformasjon på internett, jf. § 14 i kart- og planforskrifta
For dekkingsområdet til kommunane i pilotprosjektet er den allmenne
innsynsretten til planinformasjon, aktiv deltaking i planprosessen og
nedlasting av data i den form dei er tilgjengelege, mogeleg via tre ulike
nettadresser:
1.Kommunane sine heimesider
2.Kommunane sitt felles planregistersystem BraPlan ­
http://braplan.geoweb.no/braplan/
3.Regionen sin kartportal www.nordhordlandskart.no
13.4.1Kommunane si heimeside (kommuneportalen)
Kommuneportalane er ulikt organisert. Her vil ein på framsida ­normalt
finna nyhende i høve til planar og planarbeid, mens dokumenta for
den einskilde arealplanen vert lagt andre stader i portalen og etter
­varierande system. Det kan by på problem å finna fram til plan­
dokumenta. Den kartmessige oversikta er normalt ikkje råd å få.
13.4.2Kommunane sitt planregistersystem
Alle kommunane i regionen har same planregistersystem
(http://braplan.geoweb.no/braplan/) der informasjonane er organisert
kommunevis og etter same standard. I vedlegg F er det ei skildring av
bruk av systemet slik det var i ein eldre versjon. Det gjev lett tilgang til
opplysingar om eksisterande planar og planarbeid og tilhøyrande plan­
dokument, men ingen kartmessig samla oversikt.
13.4.3Kommunane sin felles kartportal
I regionen sin kartportal, (www.nordhordlandskart.no) får ein synleg­
gjort kvar i kommunen ulike planar gjeld, kvar det er kunngjort plan­
arbeid, nedlagt mellombels dele- og byggeforbod/forbod mot tiltak og
med tida lokaliseringa til dei registrerte dispensasjonsvedtaka. Frå
desse objekta i kartportalen er det internettlenke til tilhøyrande infor­
masjon i digitalt planregister så langt kartportalen er oppdatert med
aktuelle lenker.
Regionen sin kartportal har nyleg fått ny systemløysing. For tida vert
det arbeidd med å gjera tilgangen til planinformasjonen vesentleg
enklare enn slik han er primo sept. 2010. Så langt får ein raskt oversyn
over kvar i regionen det ligg føre vedtekne reguleringsplanar eller er
planar i arbeid.
Ved at ein på oppslagssida vel karttypen regulerings­planar får ein dette
bilete:
Digitalt planregister
26
Oppslagsbilete for karttypen reguleringsplanar Kvar arealplan-ID er her
­presentert ved eit symbol.
Ved zooming blir planomrissa for kvar arealplan synlege. Ved hjelp av
infoknapp til høgre får vi opp lenke til planregister og lese-/nedlastings­
tilgang til aktuell informasjon.
For kommunar som har andre kartportalsystem, finst løysingar som i
prinsippet gjev tilsvarande resultat.
13.4.4Nasjonalt registersystem via Norge digitalt
Kart- og planforskrifta § 14 siste ledd krev:
Kommunen skal sørge for at data fra digitalt planregister etter § 12
annet ledd bokstav a til f er tilgjengelig for nedlasting via den n
­ asjonale
geografiske infrastrukturen (Norge digitalt) etter de til enhver tid
­gjeldende spesifikasjoner som gjelder for dette samarbeidet.
I dette ligg det mykje uavklara, men målet er å få til ein nasjonal inn­
synsløysing av alle dei kommunale planregistersystema. Eit prosjekt
på dette vil starte opp i løpet av hausten 2010, og ein vonar at Geo­
Integrasjonsprosjektet vil ha mykje å sei for korleis dette vert utforma.
14
Arkiv
Det er gjennomgåande i alle dokument utarbeidd i samband med digitalt
planregister, at på spørsmål omking arkiv, vert det berre vist vidare til
arkivlova.
På Riksarkivet sin nettstad8 er det ei oversiktleg og forklarande side
om kva som er gode og gyldige digitale arkivformat. Dette må ein passe
nøye på å følgje ved etablering av digitalt planarkiv.
8 http://www.arkivverket.no/arkivverket/Offentlig-forvaltning/Avlevering/Elektroniskarkiv/Digitale-arkivformater
Digitalt planregister
27
I forhold til § 4 i kart- og planforskrifta - årsversjonar, vert det naudsynt
å seie litt meir.
14.1 Årsversjonar jf. § 4 i kart- og planforskrifta
Føremålet med kravet er ”å etablere et årlig basisgrunnlag for å kunne
utarbeide hensiktsmessige statistikker, som også viser endringer over tid”.
I § 4 i kart- og planforskrifta står det:
”Kommunen skal ved utgangen av året utarbeide årsversjoner av plan­
registeret. Det samme gjelder det offentlige kartgrunnlaget så langt
­kommunen har ansvaret for dette.”
I arealforvaltinga trengst det gode data også for endring som skjer over
tid.
Den teknologiske utviklinga har medført at brukarane vesentleg lettare
enn tidlegare kan få fram slik kunnskap både for etterprøving av gjorde
vedtak og vedtaksgrunnlag, for val av korrigerande tiltak, for nye
planarbeid, driftstiltak, m.v. Ved at stadfast informasjon er tidfest, vil
brukarane i teorien kunna få fram kunnskap om endring for fritt valde
romlege og tidsmessige avgrensingar ved uttrekk frå aktuelle databasar.
Kravet om årsversjonar er såleis eit ekstra sikringstiltak for i det minste
å kunna ha og produsere kunnskap om endring relatert til visse datoar.
14.1.1Årsversjon av planregister
Kravet om lagring av årsversjon av planregisteret gjeld i praksis berre
geodata i SOSI. Kravet gjeld for vedtekne planar som er gjeldande ved
utgangen av året. Utgåtte planar skal altså ikkje vere med slik regel­
verket er formulert. Men for å få totalbilete over endring i gjeldande
plansituasjon gjennom året, bør også denne kategorien av planendring
takast med i årsversjonen.
Digitalt planregister
28
Tek ein årleg kopi av databasen som inkluderer registerdelen og vektor­
data, er ein i mål.
Krav til plandata i digitalt planregister for planar vedtekne i SOSI 3.4 og
før 01.07.2009 er eit vektorisert planområde, altså eit planomriss!
Krav til plandata i digitalt planregister for planar vedtekne i SOSI 4.0 og
etter 01.07.2009 er ein komplett digital arealplan, altså, ein vektorisert
arealplan.
Digitale planar lagt ut etter 01.07.2009 skal vera i siste gjeldande SOSI
versjon. Planregisteret kan også innehalda eldre planar i versjon 4.0 om
kommunen ønskjer det.
14.1.2Årsversjon av basiskart
”Skal arkivers gjennom arkivering av plankartet”, står det i rettleiaren.
Basiskart vil seie FKB, med nokre tillegg innafor kulturminne.
Om ”kommunen benytter databaser som kan gjenskape den aktuelle
situasjonen på en valgt dato, vil krav om årsversjon være tilfredsstilt
med tilfredsstillende arkivering av den til en hver tid oppdaterte data­
base”, i følgje MD sin rettleiar.
Men, om du ikkje har dette, vit at om du har arealplankart i .pdf, kor
basiskartet vert synt, har du oppfylt dette kravet. Å ta årlege kopiar av
.pdf fila til ein plan som det ikkje skjer endringar med, er ikkje naudsynt.
14.1.3Årsversjon av det offentlige kartgrunnlaget
Dette er ikkje direkte ein del av drifta av digitalt planregister.
Kva for geodata er det tale om her? Definisjonen av dette er gitt i § 2 i
kart- og planforskrifta, og er alt anna enn tydeleg: ”det offentlige kart­
grunnlaget, en samling geodata som kommunene, Statens kartverk og
andre offentlige etater har ansvar for og som består av et representativt,
systematisk og tematisk ordnet utvalg geodata knyttet til administrative,
juridiske, fysiske, miljøfaglige og infrastrukturmessige forhold.”
Eit prosjekt som skal greie ut nærare om dette kravet vert starta opp
no i haust i regi av Statens kartverk. Følg med.
MD sin rettleiar 9 seier at ”Årsversjon av det digitale offentlige kart­
grunnlaget bør både være i form av en fullverdig digital kopi i henhold
til gjeldende SOSI-standard, og som kartblad i digitalt dokumentformat
eller på papir.”
Dermed vert kravet, slik å forstå: Du må enten ta SOSI eksport av end­
ringane, eller heile datasettet om dette er enklare, av dei geodataa som
din kommune har originaldataansvaret for, og skrive dei ut til raster,
kvart år.
14.1.4Raster kopiar - nemnd i basiskart og det offentlige kartgrunnlaget
Statens kartverk produserer raster N5 data av FKB kvart år for heile
landet. Det kan kanskje førebels sjåast på som tilstrekkelig oppfylling av
raster kravet for både basiskart, og den delen av det offentlege kart­
9 Veiledning til forskrift om kart, stedfestet informasjon, arealformål og digitalt plan­
register
Digitalt planregister
29
grunnlaget som består av FKB data. Det nemnde prosjekt i regi av SK
vil venteleg klargjere problemstillinga.
14.1.5Det statistiske føremålskravet
I samband med kravet10 om å kunne utarbeide hensiktsmessige statis­
tikkar, vil ein kunne hente all naudsynt informasjon i frå årsversjonane,
så sant ein har tatt kopi av databasen som inkluderer registerdelen.
For dei som ikkje har ei slik årsversjonløysing, kan ein i staden eks­
portere all registrert informasjon for arealplanen til eit rekneark. Ein
slik rapportjobb kan vere oversiktleg og fin å ha i samband med f.eks
kommune­planarbeid. Be din programleverandør av digitalt planregister
om å sjå på dette.
14.1.6Kvar gjer ein av årsversjonane?
Inntil anna løysing er presentert – brenn dei på ein cd. Legg denne i
papirarkivet til kommunen.
Oppsummering av årsversjon kravet
Krav til årleg kopi av digitalt planregister:
Database som inkluderer registerdelen og vektordata
•Planomriss for planar i SOSI 3.4 og vedtekne før 01.07.2009
•Heile vektorplanen for planar vedtekne i SOSI 4.0 og etter 01.07.2009
•Arealplankartet i .pdf for planar vedtekne eller endra det siste året.
Lurt å ha om ein ikkje tek kopi av databasen med registerdelen:
•Rekneark med oversikt over all tilgjengeleg informasjon i digitalt plan­
register.
Krav til årleg kopi av det offentlege kartgrunnlaget
•SOSI fil av alle originaldata ein har, samt skrive dei ut til raster.
Arkiver alt i kommunen sitt arkivsystem.
15
Kostnader og finansiering
Først vert det sagt noko generelt om kostnadene ved etablering av
­digitalt planregister, dernest litt om dei årlege driftskostnadene og til
slutt litt om finansiering av kostnadene.
Storleiken av kostnadene vil variera til dels mykje frå kommune til
­kommune også mellom kostnadstypane.
10 I MD si rettleiing til § 12 i kart- og planforskrifta står følgjande:
Digitale planregistre skal kunne avgi data til statistikkformål, og det er en forutsetning at
planbasen kan brukes til direkte eller indirekte rapportering til KOSTRA og andre nasjonale
baser innenfor dette området.
Og vidare:
”Det enkleste for kommunen vil være å sette opp en standardisert nedlastingstjeneste
hvor for eksempel Statistisk sentralbyrå (SSB) og andre gis tilgang. Normalt vil SSB
kunne gjøre seg nytte av de vanlige nedlastingstjenester som brukes i Norge digitalt­samarbeidet.”
Digitalt planregister
30
15.1 Kostnader i samband med etablering av digitalt planregister
Her omtalt kva ein kan forvente av kostnader om ein:
•Går for eit planregistersystem som forvaltar alle data som tilhøyrer
modellen
•Digitaliserer planomriss i gjeldande SOSI versjon, skanning og geo­
refererering av arealplankartet.
Etableringa er ei investeringsoppgåve. Kostnadene er ein eingangs­
kostnad. Desse er:
•Å få på plass eit planregistrersystem og eit driftsarkiv
•Etablering av digitalt planregister etter kart- og planforskrifta § 12
•Utarbeiding av tilbodsdokument ved bortsetting av deler av arbeidet,
forhandle, inngå avtale og utføre arbeid i samband med oppfølging av
avtalen
•Eventuelt kjøp eller leige av utstyr, lokale o.l.
•Opplæring
15.1.1Å få på plass eit registersystem og eit driftsarkiv for innhaldet i
planregisteret
Sjå avsnitt. 6.2 og 6.3. Om ein skal ha driftsarkivet i kommunen, kan
dette medføra behov for investering i auka kapasitet i høve til det
­kommunen har tilgang til. Det må undersøkast konkret kva kostnadene
vil bli.
15.1.2Etablering av digitalt planregister etter kart- og planforskrifta § 12
Dette er kostnader som vil variere sterkt etter arkivtilstanden i
­kommunen, tal analoge planar og mengda av planendringar. Det er
såleis problemfylt å gje tal for kor store kostnadene er med tilrette­
leggingsarbeida for å overføre plandokumenta til digital form. I NH
er tilbakemeldinga at det for nokre av planane, kunne medføra svært
mykje arbeid å finna dokumentasjonen for endringane som er gjort,
jf. vedlegg E og F. I nokre tilfelle, der kjentfolk i kommunen ­visste
at ­planen var endra og det baud på store problem å finna ­aktuell
­dokumentasjon, la ein av praktiske grunnar inn informasjon (eit
­dokument) om at planen ikkje var oppdatert og at kommunen kunne gje
tilleggsinformasjon.
Som eit grovt gjennomsnitt gjekk det i NH med ca 2 dagsverk per plan
i tilrettelegginga for etterfølgjande arbeid (d.v.s. arbeida med tildeling
av ID, skanning, georeferering, digitalisering av omriss og register­
føring). Desse kostnadene er mykje mindre, men vil variera med kor
god til­rettelegginga er. Ved god tilrettelegging vil det til desse arbeida i
gjennom­snitt gå med kring 2 timar per plan.
Kostnadene med å registrere planrelasjonar er ein del av register­
føringsoppgåva. I tillegg kjem arbeidet med å leggja nasjonal areal­
plan-ID og –omriss i kartportalen, ei kurant oppgåve. Etablerings­
arbeida i høve til bygge/deleforbod vil normalt vera noko mindre
ressurs­krevjande enn for ein plan. Dette kjem seg av at desse sakene
er relativt ferske. Noko som gjer tilgangen til informasjonen mindre
arbeidskrevjande. Og endringar er svært sjeldne og til vanleg enkle å
registrerføra.
Digitalt planregister
31
Det er ønskjeleg òg å få registrert kunngjorde planarbeid. Dette skal
gjerast når oppstart av arbeidet med arealplanen vert kunngjort. Då blir
arealplanen tildelt nasjonal arealplan-ID, plannam og ført i registeret.
Registerførd nasjonal arealplan-ID, planstatus, planomriss og internett­
lenke til planregister/-arkiv blir lagt inn i kartportalen og synleggjer ved
det areal der det pågår planarbeid og milepælane i framdrifta av dette.
Registrering av dispensasjonsvedtak gjeld berre for vedtak gjort etter
01.01.2010. Å finna fram sakene å få utført tilhøyrande registrering,
har vi ikkje erfaringstal for. Vi trur at 1-2 timar per vedtak vil vera til­
strekkeleg. Organiseringa av arbeidet har innverknad på ressursbruken.
Prinsippet ”Fullført sakshandsaming” gjev minst ressursbruk, d.v.s. at
registerføringa av dispensasjonsvedtaket blir gjort av sakshandsamar
som del av sluttføringa av saka.
Etableringsarbeidet i høve fylkeskommunale og statlege arealplanar er
lite ressurskrevjande for kommunen dersom ein har inngått avtalar i
samsvar med malane i vedlegg C og D. Dertil vil dette gjelda svært få
planar og planarbeid.
15.1.3Utarbeide tilbodsdokument m.v.
Dette er ein investeringskostnad som òg må takast med i rekne­stykket
der deler av etableringsarbeida blir sett bort. Det er til stor nytte
og økonomisk ressurssparande for partane å ha tilgang til utprøvde
­spesi­­fikasjonar og avtalemalar å gå ut frå i arbeidet. Men det trengs
likevel ein del eigeninnsats og kanskje kjøp av rådgjevingstenester i
samband med spesifikasjonsarbeidet kjøp og oppfølging av avtalar.
Erfaringa i NH er at interkommunalt samarbeid på denne sektoren kan
gje store v
­ instar i alle fall for kommunane.
15.1.4Eventuelt kjøp eller leige av utstyr, lokale o.l.
Dersom kommunen skal utføra skanningsarbeida, trengs tilgang til
kvalitets­fargeskannar av stort format for plankarta. For dokument­
skanning trengs tilgang til ein kvalitetsfargeskannar i A3.
Ein del av eit effektivt tilretteleggingsarbeid er å skjerme ressurs­
personane som skal gjere arbeidet, og gje desse ein god arbeidsstad,
der arbeidet kan gå uforstyrra.
15.1.5Opplæring
Den eller dei i kommunen som skal utføra etableringa, må få turvande
opplæring og rettleiing i forkant av arbeidet. Kostnadene vil variera alt
etter kva bakgrunnskunnskapar vedkomande har. Ein del av tilleggs­
kunnskapen som trengs i arbeidet, kjem mest effektivt på plass
­gjennom å gjera arbeida.
Digitalt planregister
32
15.2 Driftskostnader
Dei årlege driftskostnadene for eit digitalt planregister er følgjande:
•Kostnader til systemvedlikehald/utvikling
•Kostnader til IKT-drift, alternativt leige av web-hotell
•Innlegging av nye data etter kvart som kommunen fangar dei gjennom
forvaltingsrutinane og samarbeidsavtalar
•Dataforvalting
•Opplæring av nytilsette og fagleg oppdatering
15.2.1Kostnader til systemvedlikehald/utvikling, IKT-drift/leige av web-hotell
Storleiken av desse kostnadene må den einskilde kommune kalkulere
for det som ikkje går fram av avtalar med tenesteleverandør.
15.2.2Innlegging av nye data
Kommunen si organisering av arbeidet, kunnskapar hos utøvar og kva
saksverktøy utøvaren har, vil verka sterkt inn på ressursbehovet og
kostnadene. Prinsippet om fullført sakshandsaming vil under elles like
vilkår medføre dei lågaste kostnadene og desse vil generelt vera låge.
(Integrerte saksystem vil med tida kunna automatisere mestedelen av
arbeida.)
Ikkje minst vil fullført sakshandsaming, gje eit planregister som er
dagleg oppdatert og dermed ha ein høg nytteverdi.
Dersom oppdateringsarbeidet må takast i ettertid, vert det tyngre og
meir ressurskrevjande, og ikkje minst: Nytteverdien av registeret vert
­redusert.
15.2.3 Dataforvalting
Bruk og gjenbruk av data skapar verdiar. Dataforvaltinga inneber m.a.:
•Formidling av kunnskap om kva data som det finst tilgang til gjennom
det digitale planregisteret (marknadsføring)
•Å ha eigna system og avtalar på plass for dataformidling og sjå til at
dei fungerer tilfredsstillande
•Formidling av data
•Ha tenleg sikringssystem for data (at dataa ikkje går tapt eller blir for­
vanska).
Marknadsføring kostar. Og kostnadene kjem før avkastinga.
15.2.4 Opplæring av nytilsette og fagleg oppdatering
Fullført sakshandsaming vil normalt vera den mest effektive forma for
sakshandsaming. Men i visse tilfelle kan det vera rasjonelt at andre
utfører spesielle deler av sakshandsaminga. Typisk er det tilfelle med
saksmottak, ekspederingsoppgåver og arkivdelen til dei kommunale
sakene.
Når det gjeld føring av planregisteret, er det ikkje uvanleg at dette
så langt har vore ei oppgåve for geodataforvaltarane i kommunen.
Dette er relativt enkle registreringsoppgåver som dei fleste saks­
handsamarane innafor arealforvaltning burde gjera sjølv. Ein dags opp­
Digitalt planregister
33
læring bør kunna dekke behovet. (Halv dag for dei som hittil har utført
registrerings­arbeid i tidlegare registersystem).
Hjelpemiddel og regelverk er under stadig endring. Så det vil vera
eit kontinuerleg behov for kunnskapsoppdatering. I høve til plan­
registeret er dette eit behov som bør dekkast som integrert kunnskaps­
oppdatering av sakshandsamarane.
15.3 Finansiering
15.3.1Etableringskostnadene
Erfaringa frå NH er at det er svært mykje å spara ved interkommunalt
samarbeid. For kommunane medførde dette at kostnadene til system­
kjøp, skanning, digitalisering av planomriss, georeferering og innlegging
i registeret til saman kom berre på ca 15 % av dei totale etablerings­
kostnadene.
Det er ”ryddekostnadene” som er dei heilt dominerande. Arbeida må
utførast i kommunen, og av person som har turvande kunnskapar for
arbeidet og innsikt i dei kommunale saks- og arkivrutinane.
Kostnadene er investeringskostnader, men for dei fleste kommunane
vil vera så små at det vil vera naturleg at dei blir finansiert over plan­
forvaltinga sitt driftsbudsjett.
Eit digitalt planregister, dersom det er dagleg oppdatert, er
eit effektiviserings­verktøy i den offentlege sakshandsaminga.
Effektiviserings­vinsten bør i første fase gå til å dekke etablerings­
kostnadene. Dilemmaet er at dei siste kjem først. Dette må kommunen
finna ei praktisk løysing på!
Kommunen eller eit kommunesamarbeid kan søkja om tilskott til
­etablering av digitale planregister med grunngjeving i den effek­
tivisering og kvalitetsheving verktøyet medfører i forvalting av pbl. Dei
kommunale skjønsmidlane som Fylkesmannen fordeler, er ei av fleire
kjelder det kan søkjast om midlar frå.
15.3.2Driftskostnadene
Dette er kostnader som kommunen heilt ut kan dekke gjennom sine
saksgebyr etter pbl. og av inntekter frå kommersiell bruk av data gjort
tilgjengeleg gjennom planregisteret. Også her er det pengar å spare
ved interkommunalt samarbeid.
16
Tips og triks
Det er mykje å setje seg inn i for den som skal etablere kommunen
sitt digitale planregister. I tillegg til råd som er gitt tidlegare i denne
rett­leiaren, vil brukaren finna mykje nyttig informasjon til bruk ved
­etablering og den etterfølgjande forvalting av kommunen sitt digitale
planregister (og planforvalting) i vedleggsdelen til rettleiaren. Nokre av
desse vil ha lang brukstid, mens andre kan relativt tidleg bli utdatert.
Digitalt planregister
34
Vedleggsliste
Vedlegg
Vedlegg
Vedlegg
Vedlegg
Vedlegg
Vedlegg
Vedlegg
Vedlegg
Vedlegg
Vedlegg
Vedlegg
Vedlegg
A ...Aktuelle lenker og dokument du bør ha for handa
B …Sjekkliste for bortsetjing av arbeid
C …Samarbeidsavtale (mal) kommune – fylkeskommune
D …Samarbeidsavtale (mal) kommune – NVE
E …Digitale planregister - erfaringar frå Meland kommune
F …Digitalt planregister – erfaringar frå Lindås kommune
G …Milepælsdokument for arealplanar
H…Rutinebeskrivelse for digitalt planregister
I … Symbol for dispensasjonar
J …Objektkatalog for dispensasjonar
K …BraPlan – relasjonar mellom planar
L …Difi avtalemal (nynorsk)
Vedlegga B–L finnes i eigen zip-fil
Vedlegg A. Aktuelle lenker og dokument du bør ha for handa
Vikige internettadresser
Veiledning til ny plan- og bygningslov - regjeringen.no
Kart- og planforskriften, spesifikasjon, tegneregler m.v. - regjeringen.no
Kommunalt planregister - regjeringen.no
Planinformasjon : Statens kartverk
Geointegrasjonsprosjektet - Arbeidsgruppe Plan
Riksarkivet – digitale arkivformat
Viktige dokument
•Kortveileder
•Lovkommentaren til PBL
•Plan- og bygningsloven
•FOR 2009-06-26 nr 855: Forskrift om konsekvensutredninger
•FOR 2009-06-26 nr 861: Forskrift om kart, stedfestet informasjon,
arealformål og kommunalt planregister (kart- og planforskriften)
•Rundskriv T-2-09 - Ikraftsetting av ny plandel i plan- og bygningsloven
•Ot.prp.nr. 32 -Om lov om planlegging og byggesaksbehandling
•Veiledning til forskrift om kart, stedfestet informasjon, arealplan og
digitalt planregister
•Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister
- Del 0
•Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister
- Del 1
•Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister
- Del 2
•Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister
- Del 3.1
•Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister
- Del 4
•Datamodell for digitalt planregister
•Digitale planregister - erfaringar frå Meland kommune : Statens
kartverk
Digitalt planregister
35