8.–11. AUGUST 2013 BØ I TELEMARK

Transcription

8.–11. AUGUST 2013 BØ I TELEMARK
FOTO: HANS FREDRIK ASBJØRNSEN – DESIGN: NOWHERE.NO
8.–11. AUGUST 2013
BØ I TELEMARK
W W W. T E L E M A R K F E S T I V A L E N . N O
1
VELKOMMEN TIL
TELEMARKFESTIVALEN 2013
BILLETTAR
WWW.GULLBRING.NO
TLF. 35 06 03 90
INFO
WWW.TELEMARKFESTIVALEN.NO
TLF. 415 09 055 / 482 05 066
2
minnekonsert som har fått det sjølvsagte
namnet: «Høvdingen».
Telemarkfestivalen 2013 byr på eit variert
og vedunderleg vakkert musikalsk univers.
Me vil gi deg ei unik samling av inntrykk og
uttrykk – og låvedans slik du aldri har opplevd det før!
Laurdagskvelden blir avslutta med ein heidundrande fest som seg hør og bør! Me gler
oss over å lage fest for alle og håpar at du vil
kaste deg inn i både dansen og allsongen!
Me gler oss til å dele årets festival med deg
8.-11. august!
Velkommen til Telemarkfestivalen 2013!
Telemarkfestivalen er ein arena for mangfaldig
og livskraftig folkemusikk. Me er stolte av å by
på ein festival som gir deg heilt unike konsertopplevingar. Her kan du oppleve alt frå nye
låtar og moderne arrangement av gamle folketonar, til akustiske framføringar av slåttespel
og tradisjonell kveding – frå det vakre, vare og
nære til det intense, medrivande og heseblesande.
Ingen Telemarkfestival utan bestillingsverk.
I år er det to fantastiske kvinnelege felespelarar som er ansvarlege for bestillingsverket,
den fargesprakande Susanne Lundeng frå
fiskeværet Fleinvær saman med den verdskjende Catriona Macdonald frå Shetland. Her
ligg det an til ei hending av dei heilt sjeldne i
festivalhistoria.
Nytt i år er familiedag på Bø torg. Festivalen inviterer alle bøheringar og tilreisande
til å delta i eit yrande liv på Bø torg med
Bondens marknad, aktivitetar og musikalske
godbitar for heile familien. Dessutan inviterer
me alle born mellom 3 og 115 år til å lage
verdas lengste kjempepromp, saman med
Rockebandet PLOPP.
Festivalen vil elles feire 100-årsjubileum for
meisterspelemannen Anund Roheim, som var
like heime i Roheimgrenda som i Amerika.
Me hyllar også den virtuose munnharpespelemannen Jon Elling Buen Garnås med ein
Velkommen til ein heilt unik festival!
Ailin, Anne, Bård, Kine, Kristian, Kristoffer,
Wenche og Annette
Styret og dagleg leiar
3
TORSDAG 8. AUGUST
TORSDAG 8. AUGUST
TORSDAG 8. AUGUST
UNGFOLK
ÅPNINGSKONSERT
SUDAN DUDAN
Høyr framtida i norsk folkemusikk
allereie no
Den tradisjonsrike åpningskonserten er
tilbake
Fullendt, tidlaust og vakkert
UngFolk opnar Telemarkfestivalen med
høge spark og spente bogar! Etter ei veke
med spel og dans er Ungfolk klare for å halde konsert på Telemarkfestivalen. Det vert
alt frå tradisjonelt felespel og dans, samt
tradisjonell forteljarkunst til nyare folkemusikkuttrykk i samspel og band. Ungfolk er
eit sommarkurs for born og unge mellom 8
og 20 år.
Gjennom ei lita veke får kursdeltakarane
lære slåttar og stev, pardans og lausdans.
Slik tradisjonen er tek Ungfolk turen til Bø
og Telemarkfestivalen for å oppleve artistar
og halde konsert. I tillegg til unge håpefulle
kursdeltakarar har dei med seg ein gjeng
røynde og gode musikarar, dansarar og
sogeforteljarar og har losa elevane gjennom
veka og saman utarbeider dei konserten du
får sjå og høyre her.
Den 24. Telemarkfestivalen blir åpna på tradisjonelt vis, som ei musikalsk konfekteske
med mange og forskjellige godbitar.
KL 18.00 • TORSDAG 8. AUGUST
GULLBRING • GRATIS
KL 19.00 • TORSDAG 8. AUGUST • STORSALEN I
GULLBRING • 285,- + BILLETTAVGIFT
Færøyiske Danjál tek med seg sine musikarvener frå Sverige, Danmark og Finland
og syner korleis det lét, marokkanske Aissa
Tobi tek med seg sine norske vener på ei
anna musikalsk ferd. Finske Kardemimmit
trollbinder med fleirstemt sang og kantelespel. Duoen Sudan Dudan er kjent for sine
vakre duettar til nydeleg strengeleik på langeleik og gitar. Ugras er aldri så tøft og stilig
som når bøheringane spelar deira versjonar
av den amerikanske folkemusikken. Det blir
óg rom for overraskingar.
Få med deg neste generasjons
folkemusikarar!
TORSDAG 8. AUGUST
BA R F IF T Y F IF T Y
T H E B ULL INN
FOTO: ARNE SVALASTOG
GUL L BR I NG
FOTO: KNUT UTLER
G UL L BR I N G
FOLKEMUSIKKPUB:
UGRAS
KL 21.30 • TORSDAG 8. AUGUST
BAR FIFTY FIFTY • 150,-
KL 23.00 • TORSDAG 8. AUGUST
THE BULL INN • 150,-
Ugras er definera som «uønskja planter».
Bandet Ugras er imidlertid sjelden uønskja
når dei spring opp på scenen og speler opp til
dans. Ugras kan seies å vere eit lokalt fenomen
der medlemmane har ei felles interesse for
amerikansk roots, blues og americana, og hyllar
heltar som Steve Earle, The Band, Townes Van
Zandt og Neil Young. Ugras er fyrst ut på vår
klubbscene på The Bull Inn under festivalhelga. Sudan Dudan er møtet mellom Jotunheimen
og Appalachene. Marit Karlberg frå Valdres
og Anders Erik Røine, som har gjort bøhering
av seg, møtest til vakre og originale arrangement av norske folketonar, tydeleg inspirert
av amerikansk old time musikk og vestafrikansk ørkenblues. Desse er det nærmaste
ein kjem Gillian Welch og David Rawlings på
norsk! Den nydelege stemma til Marit vert
stilfullt pakka inn i kledelege arrangement
for den noko uvanlege kombinasjonen gitar
og langeleik. Saman med flotte koringar gjer
dette Sudan Dudan sitt musikalske uttrykk til
eit fullendt, akustisk og vakkert univers der
gamle historier om riddarar, prestar, fattigfolk
og jomfruelege kongsdøtre vert gjort tidlause og like lite geografisk fastbundne som
dei eingong var. Under konserten på Telemarkfestivalen vil Sudan Dudan presentere
heilt ferskt materiale frå sitt nyaste album.
Medverkande
Torstein Askildt - gitar og vokal
Jon Solberg - fele, banjo, gitar og vokal
Stian Dalen - dobro, mandolin, gitar og vokal
Jørgen Tellnes - perkusjon, gitar og vokal
Knut Eirik Hult - bass og vokal
Medverkande
Marit Karlberg - langeleik og vokal
Anders Erik Røine - gitar, munnharpe og vokal
BILLETTAR
WWW.GULLBRING.NO
TLF. 35 06 03 90
Velkommen!
4
5
FREDAG 9. AUGUST
FREDAG 9. AUGUST
G UL L BR I N G
GUL L BR I NG
KVEDARKURS M/
MARIT KARLBERG
BESTILLINGSVERK:
Marit Karlberg har utmerka seg dei siste ti
åra med ei av dei mest særeigne stemmene i
Noreg. Ho har sikker stilkjensle, og er kreativ
og nyskapande. Viktige læremeistrar og
inspirasjonskjelder er Ingvar Hegge og Rolf
Karlberg. På repertoaret har ho alle slags
viser, og ho har bruka mykje tid på å leite
i gamle songbøker og arkiv etter lite brukt
stoff. Ho har utvikla sin eigen spelteknikk
på langeleiken som ho brukar til å akkompagnere seg sjølv med. Karlberg var med
i vokalgruppa Dvergmål (1995 - 2005) og
duoen Mattisgard/Røine (2003 -2006). No
betre kjend som Sudan Dudan. Karlberg har
arbeidd som distriktsmusikar i Valdres, og
er utdanna bibliotekar. Ho er kvalifisert for
eliteklassa, klasse A, på landskappleiken,
men stiller sjeldan opp i musikkonkurransar.
I 2006 hadde ho statens arbeidsstipend for
folkekunstnarar. På dette kurset vil ho dele si
erfaring og kunnskap innanfor kvedartradisjonar frå Valdres. NB! Begrensa plasser!
KL 22.00 • FREDAG 9. AUGUST
GULLBRING, STORSALEN • 200,-
SUSANNE LUNDENG OG
CATRIONA MACDONALD
KL 12 - 16.00 • FREDAG 9. AUGUST
GULLBRING, KÅVAN • 500,-
At to så sterkt profilerte felespelarar som
Susanne Lundeng og Catriona Macdonald
saman skal stå for årets bestillingsverk på
Telemarkfestivalen, er ei hending utanom
det vanlege. Dei har båe lang fartstid på festivalen, Susanne har vore her fire gonger før,
Catriona tre gonger. Dei har det til felles at
dei kombinerer folkemusikk innafor ein lokalt
forankra tradisjon med det nyskapande.
Dei har òg båe hatt ei sterk hand om si eiga
karriere, både i solo- og samspelprosjekt.
Catriona Macdonald er frå Shetland, men
er busett i Skottland. Og for tida bur ho i Bø.
Ho byrja tidleg å lage slåttar parallelt med at
ho tileigna seg det tradisjonelle repertoaret,
det skotske har ho t.d. dyrka som medlem
av gruppa Blazin’ Fiddles. Ho har òg markert
seg i internasjonale String Sisters, der ho
bl.a. samarbeider med venen Annbjørg Lien.
Susanne Lundeng høyrer til blant våre mest
særeigne og nyskapande artistar innfor
folkemusikken. Ho er uløyseleg knytt til det
nordnorske og har dyrka den musikken i ulike konstellasjonar, i tillegg er ho ein fornyar
av klasse med mykje sjølvkomponert musikk
på repertoaret.
Påmelding
[email protected].
6
FREDAG 9. AUGUST
GULLB RING
HØVDINGEN
Minnekonsert for Jon Elling Buen Garnås (1977-2012)
KL 19.00 • FREDAG 9. AUGUST • STORSALEN I GULLBRING • 285,-
Det impulsivt kreative og den ustoppelege
fantasien var varemerka hans både i musikken og i replikken. Med sitt karismatiske og
uvanleg sjarmerande vesen, sin menneskjelesande natur og sitt fjetrande og fangande
munnharpespel gjorde han solide inntrykk
på veldig mange i løpet av sitt alt for korte
liv – både i jobbsamanheng, i bygdemiljøet
og som musikar. Det er særs mange som aldri
kjem til å gløyme Jon Elling, og me ønskjer
å heidre minnet hans med denne konserten.
Eit lite knippe av vener og familie framfører
musikk i Jon Elling si ånd, og overskotet etter
denne konserten går til Jon Ellings minnefond.
Våren 2012 kom den uendeleg triste beskjeden om at det naturlege midtpunktet og den
virtuose munnharpespelemannen Jon Elling
Buen Garnås hadde forlate oss. Han etterlét
seg ein gedigen venekrets som sørgjer i lag
med familien, både her i heimbygda Bø, men
også langt utover i det ganske land.
Jon Elling vaks opp i ein folkemusikkfamilie og fekk dermed tidleg musikken inn i
ryggraden. Han var altetande med tanke på
musikkstil, men kritisk og smakfull når det
gjeldt korleis han skulle utførast. Det måtte
råke den musikalske nerva hans uansett sjanger. Slik var musikken heile tida ein viktig del
av livet, sjølv om han som utøvar ikkje slo ut i
full blome før seint i tenåra.
I Bø og omegn var han ein kjent og kjær
skikkelse, og når han drog fram musikken sin
i sosiale samanhengar der dette var sjeldan
vare, opna han øyrene til veldig mange. Han
briljera også mykje på scenen, både på kappleikar og på konsertar, og han blei raskt ei
stjerne også i folkemusikkmiljøet. I 2008 blei
han Noregsmeister på munnharpe.
Medverkande
Per Anders Buen Garnås - hardingfele, Ingvill Marit
Buen Garnås – kveding, Hallvard T. Bjørgum – hardingfele, Sudan Dudan, Anders Erik Røine - munnharpe, Ole Bjørn Skoe - munnharpe, Tuva Syvertsen
– song, gitar, Daniel Sandén-Warg - hardingfele,
Torstein Askildt- song, gitar, Byting.
7
FREDAG 9. AUGUST
FREDAG 9. AUGUST
S KO G E N GÅRD - LÅVE N
SKOGEN GÅRD - LÅVEN
P R IS F O R F R E DAG S F O L K , 5 KO N S E RTA R KR. 25 0,-
FR ED AG S
FO LK
FR ED AG S
FO LK
DANIEL SANDÉN-WARG OG
MAGNUS STINNERBOM (S)
KARDEMIMMIT (FIN)
KL 20.30 • FREDAG 9. AUGUST
SKOGEN GÅRD, LÅVEN
Finsk kantele-magi
KL 21.30 • FREDAG 9. AUGUST
SKOGEN GÅRD, LÅVEN
Kardemimmit er ei finsk folkemusikkgruppe
som vart starta av fire unge jenter i 2003.
Alle fire er songarar og trakterer det finske
nasjonalinstrumentet, kantele. Repertoaret
strekkjer seg frå finsk tradisjonsmusikk via
kontemporær finsk musikk til eigne låtar. Det
vert nydeleg firstemt song akkompagnert av
kantele i alle storleikar og dei fire jentene får
det til å låte som balsam i øyra til publikum.
To unge karar frå Karlstad i Sverige la dei elektriske gitarane sine delvis på hylla og byrja å
spela fele ein gong på 90-talet. Resultatet vart
gruppa Harv som turnerte verda rundt med sin
rocka gamaldans! Daniel Sandén-Warg er soga
om rockegitaristen frå Sverige som reiste til
Setesdal for å lære felespel av meistaren Hallvard T. Bjørgum for snart 15 år sidan. Resten
er historie, han er i dag blant dei aller beste
utøvarane her i landet på hardingfele, fele,
munnharpe og moraharpe.
Magnus Stinnerbom er multiinstrumentalist
med fele, viola og toradar som det mest nytta.
Han har i tillegg til Harv spelt i grupper som
m.a. Hedningarna og Ale Möller Band, starta
opp supergruppa Outhouse Allstars og har
trio saman med kona si Sophia Stinnerbom og
Sebastian Dubé.
Vel møtt på meistermøte med to gamle kompisar frå grannelandet, her vert det solospel
frå øvste hylle og harvande samspel frå to av
Sveriges aller fremste folkemusikarar!
Medverkande
Maija Pokela - kantele, song, Jutta Rahmel - kantele,
song, Anna Wegelius - kantele, song, Leeni Wegelius - kantele, song
FOLKEMUSIKKPUB
KL. 21:00 • FREDAG 9. AUGUST 2013
THE BULL INN • 100,-
Festivalen byr ilag med The Bull Inn på store og
små overraskingar frå scena.
Medverkande
Daniel Sandèn-Warg – fele, Magnus Stinnerbom – fele
8
FR ED AG S
FO LK
FR ED AG S
FO LK
ATLANTER
DANJÁL (FÆR/S/DK/FIN)
KL 22.30 • FREDAG 9. AUGUST
SKOGEN GÅRD, LÅVEN
KL 23.30 • FREDAG 9. AUGUST
SKOGEN GÅRD, LÅVEN
Rivande rytmar og uventa vendingar
Nordisk musikkfest!
Ørkenblues er allereie eit velkjend omgrep
i verdsmusikken. Norske Atlanter står for
ein meir nordisk tilnærming kalla for «viddeblues». Inspirert av dei store viddene i Noreg
blandar bandet kjølege atmosfæriske klangar
med varme voodoorytmar. Resultatet er ein
kombinasjon av afrikansk gitarspel, blues,
psykedelika og krautrock ispedd iskalde
tonar frå arktiske strøk som til sjuande og sist
utgjer ein ny retning innanfor verdsmusikken.
Bandet sjølv seier grooven er basislinja i alle
låtane, med store rom for improvisasjon og
vidare utvikling av låtane. Låtane utviklar
seg forskjellig for kvar konsert, og velpolerte
låtstrukturar og møysommeleg lydproduksjon
ofrast for nerven og intensiteten som skapast
når fire opne og sterke musikarar samlast.
Sirkulære tekstar og suggererande rytmar
dreg deg inn i Atlanters univers – langt der
ute på vidda.
Musikken til Danjál er frå der klezmer helsar
på Tom Waits, Aust-Europa kolliderer med
Gambia og tango møter rock i ein sfære der
musikarar frå hele Norden einast til ein unik
samling av inntrykk og uttrykk. Pianisten
Danjál a’Neystabø frå Færøyene har plukka med seg musikarar frå Finland, Sverige
og Danmark til dette bemerkelsesverdige
bandet. Dei vart nominerte til ”Danish Music
Award” i 2010 og i 2012 vart dei nominert til
ikkje mindre enn seks prisar. Danjál er eit strålande liveband der publikum vert dregne i alle
retningar alt ettersom dynamikken i bandet og
musikken krev det. Frå lågmælte lyriske element til alle klutar vert slengt inn på scenen
tek det ofte ikkje mange sekund, og styrt av
maestro Danjál sjølv garanterast eit fyrverkeri
av ein konsert. Danjál var i Bø så seint som eit
år sidan og leverte då ein smått legendarisk
konsert på Vertshuset som vart møtt med
allsong og trampeklapp frå publikum!
Medverkande
Arild Hammerø – gitar, vokal, Jens Carelius – gitar,
vokal, Jonas Barsten Johnsen – perkusjon, Morten
Kvam – bass
Medverkande
Danjál á Neystabø - song, piano, keyboard,
trøorgel, Kim Nyberg – mandolin, Annika Jessen
– klarinett, Stephan Sieban - gitar, keyboard, song,
Sidse Holte - song, harpe, Erik Olevik - bass, cello,
Ulrik Brohuus - trommer, keyboard.
9
DAG
TO R S DAG 8 . AU G U S T
F R E DAG 9. AU G U S T
ARRANGEMENT
KL
PRIS*
STAD
UNGFOLK
1 8 .0 0
G R AT I S
GULLBRING
Å P N I N G S KO N S E R T *
1 9.0 0
285,-
GULLBRING
S U DA N D U DA N
21.30
1 5 0, -
BAR FIFTY FIFTY
UGRAS
2 3 .0 0
1 5 0, -
THE BULL INN
K V E DA R K U R S M E D M A R I T K A R L B E R G *
1 2 .0 0
5 0 0, -
GULLBRING
“ H Ø V D I N G E N ” - M I N N E KO N S E R T F O R J O N E L L I N G B U E N G A R N Å S *
1 9.0 0
285,-
GULLBRING
B E S T I L L I N G S V E R K – S U S A N N E LU N D E N G O G C AT R I O N A M AC D O N A L D *
2 2 .0 0
2 0 0, -
GULLBRING
FRE DAG S FOL K
20.00
250,-
L ÅV E N
- KARDEMIMMIT (FIN)
- DA N I E L S A N D É N - WA R G & M AG N U S S T I N N E R B O M
- AT L A N T E R
- DÀ N JA L
-
UNG:NORDEN
-
UNG:NORDEN
-
UNG:NORDEN
-
UNG:NORDEN
- TA S S I L I
L AU R DAG 1 0. AU G U S T
-
FOLKEMUSIKKPUB
2 1 .0 0
THE BULL INN
FA M I L I E DAG M E D B O N D E N S M A R K E D
1 2 .0 0 - 1 8 .0 0
G R AT I S
B Ø TO R G
A N U N D R O H E I M 1 0 0 Å R - J U B I L E U M S KO N S E R T
1 6 .0 0
2 5 0, -
O P P M ØT E B Ø S TA S J O N K L . 1 6 : 0 0, KO N S E R T
PÅ S A N D V I N K L . 1 7 : 0 0
FA M I L I E KO N S E R T M E D R O C K E B A N D E T P LO P P
1 6 .0 0
1 0 0, -
GULLBRING
M AT T I S K L E P P E N
1 9.0 0
1 5 0, -
THE BULL INN
19.00
350,-/100,-
L ÅV E N / U T E S C E N A
L AU R DAG S F O L K *
- KARDEMIMMIT (FIN)
- VÄ S E N ( S )
-
UNG:NORDEN
- “ H E I M A F R Å” - O D D N O R D S TO G A O G I N G E B J Ø R G H . B R AT L A N D
N B ! 2 0. 3 0
-
UNG:NORDEN
- L AU ( S C O )
S U N DAG 1 1 . AU G U S T
1 0 0, -
-
- E A R LY B I R D S T R I N G B A N D
-
- SNAKKA SAN & SVER
-
UNG:NORDEN
FOLKEMUSIKKPUB
2 1 .0 0
1 0 0, -
THE BULL INN
B O R G JA KO N S E R T E N M E D K Å S A , S T R A A N D, B U E N G A R N Å S
1 5 .0 0
1 5 0, -
KO M M U N E S T Y R E S A L E N
F E S T I VA L K I N O : S E A R C H I N G F O R S U G A R M A N *
18.30
1 0 0, - / 5 0, -
B Ø K I N O, G U L L B R I N G
Med atterhald om endringar.
Billettar: *Personer under 18 år må gå i følge med foreldre/foresatte på Skogen Gård. *Pris for barn under
16 år er 100 kr. Kvedarkurs er ikkje inkludert i passprisane. *Alle som kjøper festivalpass og fredagspass må
kjøpe plassbillettar i tillegg i Storsalen i Gullbring. *Laurdagskvelden er delt opp i to - kr. 350,- fra kl. 20:00
og kr. 250,- frå kl. 22:00. *Kinobilletten kjøpast på gullbring og er rabattert for dei med pass.
10
DAGSPASS TORSDAG:
DAGSPASS FREDAG:
DAGSPASS LAURDAG:
FESTIVALPASS: KR
KR
KR
KR
Billettar får du kjøpt i Gullbring
tlf. 35 06 03 90 eller www.gullbring.no
* alle prisar er ekskl. bill avg.
350,500,500,1200,-
11
FREDAG 9. AUGUST
LAURDAG 10. AUGUST
S KO G E N GÅ R D - LÅVE N
LAURDAG 10. AUGUST
SANDVIN
FR ED AG S
FO LK
TASSILI (MAR/N)
FAMILIEDAG PÅ BØ TORG
KL 00.30 • FREDAG 9. AUGUST
SKOGEN GÅRD, LÅVEN
KL 12.00 • LAURDAG 10. AUGUST
BØ TORG • GRATIS
Gnawi frå grensa mellom Noreg
og Marokko!
Festivalen inviterer alle bøheringar og
tilreisande til å delta i et yrande liv på Bø
torg med Bondens marknad, aktivitetar og
musikalske godbitar for heile familien.
Med musikk og musikarar frå Marokko og
Noreg kjem gruppa Tassili attende til Bø.
Frontfigur og musikalsk drivkraft i gruppa
Aissa Tobi er opphaveleg frå Marokko der
han lærte å spele tradisjonsmusikken Gnawi
av bestefar. Gnawi er kjend som transemusikk og vert framleis nytta som tonefylgje
eller rytmar til healingritualar i Nord- Afrika.
Denne musikkforma har eksistert i svært
lang tid og er eit resultat av møtet mellom
islamsk sufi, vestafrikanske tradisjonar og
Marokkos urbefolkning, berberne. Tassilis
musikk befinner seg i krysningspunktet mellom nordafrikanske og vestlige tradisjonar
med multiinstrumentalist Aissa som vokalist
og strengekunstnar i sentrum. Me gler oss til
å fylle på med ny kameljazz, som dei kallar
sjangeren sin.
ANUND ROHEIM – 100-ÅRSJUBILEUM
- med hardingfela frå Roheimgrenda til Amerika – og attende.
I samarbeid med Sentrumsringen i Bø.
BARNAS FESTIVAL
LAURDAG 10. AUGUST
Telemarkfestivalen inviterar alle familiar på
Barnas Festival, der det vil bli gratis program,
med aktivitetar for barn. Barna kan velje mellom lesestund, kvedarkurs for minikvedarar,
hallingkurs for minidansarar og anna. Eige
program vil bli annonsert.
Medverkande
Aissa Tobi – alt mogleg som gjev lyd, Ketil Kielland
Lund – keyboard og trekkspel, Anders Erik Røine
– gitar, langeleik, munnharpe, Christian Skaugen trommer.
BILLETTAR
WWW.GULLBRING.NO
TLF. 35 06 03 90
12
OPPMØTE PÅ BØ STASJON KL.16:00. KONSERT PÅ SANDVIN KL. 17:00 • LAURDAG 10. AUGUST • 250
kjørande i Bøgata den dag i dag.
Om Roheim er det blitt sagt at «Ingen var så
norsk i Amerika, og ingen så amerikansk i
Noreg». I 1995 vende han attende til Norge
og Bø for godt. Her vart han inspirator og
midtpunkt for ein ny generasjon folkemusikarar. Anund Roheim døydde i 1999.
Med dette arrangementet heidrar me
meisterspelemannens liv og virke med
felespel og amcar-parade. Bø juniorspelemannslag, Spelemannslaget Bøheringen og
Loretta Kelley frå Hardanger Fiddle Association of America spelar på Bø stasjon, før
Eagle Car Club visar frem nokre av glisa som
Roheim brakte over frå «Junaiten» i ein parade i Bøgata. Publikum får sitje på lenge det
er plass. Til sist vert Anund Roheim heidra
med jubileumskonsert med spel frå spelemannsvenner og tidlegare elevar; Leif Rygg,
Knut Buen, Hallvard T. Bjørgum, Per Anders
Buen Garnås, Anne Hytta og Torgeir Straand.
Anund Roheim vart fødd på garden Roheim
i Bø i 1913. Som sjuåring fekk han si fyrste
fele – ei sigarboksfele med fire strengar.
Herifrå var det ingen vei tilbake. Opp gjennom oppveksten virka han land og strand
rundt som spelemann. Han vann ein mengde
fyrsteplasser og knytta til seg meisterspelemenn som Sigbjørn B. Osa og Leif Rygg.
I 1950 reiste han til Amerika på det som i
utgangspunktet skulle vere ein toårig turnè.
Det vart i staden giftemål og adresse i Great
Falls i Montana i 45 år. Roheim brakte sårt
etterlengta norsk folkemusikk til norske immigrantar. «Det var som dom venta på våren.
By God, dom va glad i felespel. Det var mest
som dom skulle eta ein opp»», fortalte han.
Etter kvart reiste han heim til Bø kvar sommar når kappleiksesongen starta. Roheim
hadde stadig med seg amerikanske biler
heim til Noreg, og Bø var raskt kommunen
i landet med flest amcars per innbyggar.
Nokre av desse bilane kan ein fortsatt se
13
OC K
EBANDE
R
LAURDAG 10. AUGUST
T
LAURDAG 10. AUGUST
G UL L BR I N G
LAURDAG 10. AUGUST
THE BUL L I NN
SKOGEN GÅRD, LÅVEN
BA RN EKO N SE RT
MATTIS KLEPPEN
ROCKEBANDET PLOPP
KL 19.00 • LAURDAG 10. AUGUST
THE BULL INN •
KL 16.00 • LAURDAG 10. AUGUST
GULLBRING •
Folkemusikk på bass
Rock’n roll for små og store rock’arar
Mattis Kleppen er ein bassist med 25 års fartstid som musikar. Han har bakgrunn frå jazzlinja på NTNU, og har spelt i ei lang rekkje
band og prosjekt. Me kan nemne Cucumber,
Bengalo, Live Maria Roggen, Solo Cissokho
og hans eige soloprosjekt, Reshjemheia. For
tida er han tilsett som kunststipendiat ved
NTNU, der han arbeidar med slåttemusikk frå
Telemark, Senegal/Mali og Mississippi. Dette
setter han saman til ein spanande religionsnøytral gumbo, som beviser at den nye globalisert verden ikkje nødvendigvis trenger
å true ein einaste kulturarv eller eigenart.
Kleppen er oppvaksen på Resjemheima
mellom Bø og Notodden, og han har også
valt å kalle sitt ferskaste bandprosjekt for
nettop Reshjemheia, der også Ingrid Helene
Håvik og Kenneth Kapstad medverkar Denne
kvelden vil Mattis Kleppen aleine presentere folkemusikk frå fjern og nær på hans
favorittinstrument; bassen.
Rockebandet PLOPP er ikkje som andre rockeband. Dei speler rockemusikk som alle barn
mellom 3 og 115 år diggar. Rockebandet Plopp
er eit band som ønskjer å ta barn på alvor, og
serverer spreke rockelåtar med tekster som er
tilrettelagt for dei yngste. Her vert det songar
om yoghurt, sommaren, forsvunne koseklutar,
om land og korleis ein teller på forskjellige språk.
I tillegg blir det musikkquiz og barnas Beat for
Beat der barna får kome opp og syngje kjende
barnesongar i rockedrakt. Dessuten skal det lagast ein kjempepromp (kanskje verdas lengste),
mensbandetspillerreggaelåten«Kufis»!Detteer
ein konsert som fenger heile familien!
Medverkande
Henning Waaler Kemp - gitar, vokal, Knut Lothe –
trommer, Lewi Bergrud - bass
Medverkande
Mattis Kleppen – akustisk bass
LØ RD AG S
FO LK
LØ RD AG S
FO LK
KARDEMIMMIT (FIN)
HEIMAFRÅ
KL 19.30 • LAURDAG 10. AUGUST
SKOGEN GÅRD, LÅVEN
KL 20.30 • LAURDAG 10. AUGUST
SKOGEN GÅRD, LÅVEN
Finsk kantele-magi
Ei musikalsk gåve frå Vinje
Kardemimmit er ei finsk folkemusikkgruppe
som vart starta av fire unge jenter i 2003.
Alle fire er songarar og trakterer det finske
nasjonalinstrumentet, kantele. Repertoaret
strekkjer seg frå finsk tradisjonsmusikk via
kontemporær finsk musikk til eigne låtar. Det
vert nydeleg firstemt song akkompagnert av
kantele i alle storleikar og dei fire jentene får
det til å låte som balsam i øyra til publikum.
Odd Nordstoga og Ingebjørg H. Bratland har
laga ein av årets vakraste plater. Heimafrå har
fått yatzy i femmarar, publikum strøymer til
utselde hus over heile landet og det vankar
åtgaum frå heile musikklivet. Grunnen til at det
skjer er sjølvsagt dei fantastiske stemmene til
Odd og Ingebjørg, den tydelege nærleiken til
stoffet som duoen presenterer og den enkle,
men samstundes særdeles smakfulle måten arrangementa vert gjort på. Det heile starta med
at Ingebjørg vart invitert opp til Lambertseter,
opp til musikkloftet til Odd, og der byrja songane å trille fram. Utgangspunktet var veldig
enkelt. Nemleg at songane skulle vera av dei
om utgjer det musikalske jordsmonnet der dei
to kjem ifrå. Den fyrste songen som vart prøva
var Jørund Tellnes si tekst «Å bån og veslegut».
Med kvar sin gitar og to songstemmer vart eit
enkelt opptak gjort, og med tida kom mange
andre låtar til som fekk Odd og Ingebjørgs
signatur trykt på seg. Namnet, Heimafrå, valde
seg på mange måtar sjølv!
Kardemimmit har gjeve ut tre plater, «Viira»
i 2006, «Kaisla» i 2009 og «Autio» i 2012
samt at dei medverkar på fleire andre plater,
mellom anna saman med supergruppa Frigg.
Gruppa har vunne og motteke mengder av
prisar og utmerkingar i heimlandet, særleg for
bruken av kantele som dei har revolusjonert
med sitt originale samspel.
Medverkande
Maija Pokela - kantele, song, Jutta Rahmel - kantele,
song, Anna Wegelius - kantele, song, Leeni Wegelius - kantele, song
Medverkande
Odd Nordstoga – gitar, song, Ingebjørg H. Bratland
– gitar, song, Gjermund Silset – kontrabass
14
15
FOTO: HANS FREDRIK ASBJØRNSEN
P RI S FOR LAU RDAGSFOLK, 6 KONSERTAR KR. 350,- ETTER KL. 22:0 0 KR. 250,-
LAURDAG 10. AUGUST
LAURDAG 10. AUGUST
S KO G E N GÅRD, L ÅVE N
LA UR DA GS
FO LK
LA UR DA GS
FO LK
SKOGEN GÅRD, LÅVEN
LA UR DA GS
FO LK
LA UR DA GS
FO LK
VÄSEN (S)
LAU (SCO)
EARLYBIRD STRINGBAND
SNAKKA SAN & SVER
Svenske ringrever vender attende
Prisbelønna folkemusikk frå Shetland
Kritikarrost norsk bluegrass
Den svenske supertrioen Väsen har spelt
saman i over 20 år og har på sine respektive instrument definert den nordiske måten
å spela folkemusikk på. . Väsen har hatt ein
enorm innverknad på dei fleste nordiske
folkemusikarar som jobber med samspel,
og er framleis ei kjelde til inspirasjon. Trioen
har spelt på klubbar og festivalar over heile
verda, og har mellom anna gjeve namn til
gata Väsen Street i Bloomington, Indiana.
Til årets festival kjem dei med den rykande
ferske plata «Mindset» i sekken. Dette er
plate nummer 15 frå våre venner frå Sverige.
Telemarkfestivalen er stolte over å presentere Väsen i sitt program i år!
Trioen LAU oppsto rundt eit kjøkkenbord
i Edinburgh i 2004 og har sidan den gong
vunne alle prisar som er å oppdrive for eit
folkemusikkband i Skottland. Dei er av BBCScotland kåra til «Folk group of the year»
tre år på rad og «Best live act of the year»
fleire gonger. Trioen består av gitaristen
Kris Drever frå Orknøyane som spelar med
verdsnavn som Kate Rusby og Blazin Fiddles
. Felespelaren og komponist Aidan O’Rourke
frå Oban i Skottland er eit av landets aller
største talent, og har alt medverka på over
80 plater. Han har mellom anna skrive musikken til feiringa av Dalai Lama sitt besøk i
Skottland. Med trekkspelaren Martin Green
frå Nord-England er trioen komplett. Han
spelar på trekkspelet sitt i banda til folk som
Eliza Carthy, Joan Baez, Linda Thompson
og mange andre store namn i folkemusikkverda. Trioen har sine musikalske røter frå
tradisjonell skotsk folkemusikk, men hauster
lovord for måten dei tilsetter ein helt eigen
finesse til musikken.
Earlybird Stringband kjem til Telemarkfestivalen med blodferske låtar. Me snakkar
om herleg bluegrass framført på den gamle
måten. Bandets sjølvlagde låtar vekslar mellom det ømfintlege og hjarteskjærande og
det intense og heseblesande. Bandet har
frå før to kvalitetsplatar i sekken; «Earlybird
Stringband» i 2010 og «Blindsides» i 2011.
Båe vart nominerte til Spelemannspris. Under bluegrassfestivalen EWOB i Nederland
2010 vart dei kåra til Europas nest beste
blugrassband, og dei har og blitt kåra til
publikumsfavorittar under Risør Blugrassfestival fleire gonger. Etter to kritikerroste plater
er karane i Earlybird Stringband klare for ny
utgjeving, denne gong med fokus på norsk
folkemusikk. Plata kjem ikkje før i slutten
av august, men skal me tru på ryktene tar
bandet med seg plata til pre-release i Bø og
Telemarkfestivalen! Ta godt i mot eit av Europas beste bluegrassband på Skogen Gård!
Ein hyllest til dans, musikk og
good times
KL 22.00 • LAURDAG 10. AUGUST
SKOGEN GÅRD, LÅVEN
KL 23.00 • LAURDAG 10. AUGUST
SKOGEN GÅRD, LÅVEN
Medverkande
Mikael Marin – viola, Roger Tallroth – gitar, Olov
Johansson - nyckelharpe
FOLKEMUSIKKPUB
KL. 21 :00 • LAURDAG 10. AUGUST 2013
THE BULL INN • 100,-
Medverkande
Kris Drever – gitar og song, Martin Green –
trekkspel og rhodes, Aidan O’Rourke – feler
Festivalen byr ilag med The Bull Inn på store
og små overraskingar frå scena.
16
KL 00.00 • LAURDAG 10. AUGUST
SKOGEN GÅRD, LÅVEN
KL 01.00 • LAURDAG 10. AUGUST
SKOGEN GÅRD, LÅVEN
Laurdagskvelden avsluttast med ein real
utblåsing som seg hør og bør! Å kombinere
dancehall og folkemusikk, og i tillegg påstå at
det finst eit slektskap mellom desse vert nok
ikkje umiddelbart akseptert i alles hovud, men
under ein jam oppdaga Göteborg-rapperen
Snakka San og dei norsksvenske folkemusikerane i SVER treffpunktet mellom klubb og låve:
den reine, levande gleda over å lage fest for
alle. Resultatet er fantastisk dansbar folkemusikk, og for å sitere bandet sjølv «ein hyllest
til alt som er bra og kult med livet: dans, musikk
og good times». Dei stakk i studio for å fylgje
opp ideen, og etter berre fem dagars samspel
vart låta ”Bankman Gangster” sendt til ein ven i
NRK for feedback. Dette endra alt. Låta dundra
inn på P3 to dagar etterpå – FOLKHALL var
fødd. Dei kjem sjølvklart innom Telemarkfestivalen og inviterer til bom bom blam blam blam
og låvedans slik du aldri har oppleve det før!
Medverkande
Erlend Viken: fele, Christian Skaugen: dobro,
koring, Olav Christer Rossebø: mandolin, Hans
Martin Austestad: banjo, vokal, Sebastian Haugen:
kontrabass, koring
Medverkande
Olav Luksengård Mjelva - fele, bratsj og hardingfele,
Anders Hall - fele, bratsj og hardingfele, Leif Ingvar
Ranøien – toradar, Adam Johansson – gitar, Jens
Linell – perkusjon
17
SUNDAG 11. AUGUST
SUNDAG 11. AUGUST
KO M M UN E STYRE SALE N
GUL L BR I NG
OVERNATTING
Bø Vertshus – midt i Bø sentrum
35 06 08 00
[email protected]
Bø Hotell – midt i Bø sentrum
35 06 08 00
[email protected]
www.bohotell.no
Booking: tlf: 35 06 08 30, www.boferie.no
Bø Sommermotell og Ferieleiligheter
35 19 76 00
[email protected]
FESTIVALKINO
BORGJAKONSERTEN
OTTAR KÅSA, PER ANDERS SEARCHING FOR
BUEN GARNÅS, TORGEIR SUGAR MAN
STRAAND
KL 18.30 • SUNDAG 11. AUGUST
BØ KINO • 100,-/50,-
SEARCHING FOR SUGAR MAN fortel den
utrolege historia om Rodriguez, mannen
som skulle ha blitt 70-talets største musikkikon, men som vart gløymd. Etter å ha blitt
oppdaga i ein bar på slutten av 60-talet av to
kjende produsentar som ble fengslet av hans
sjelfulle melodiar og vakre tekstar, spilte han
inn et album som man trudde ville etablere
han som ein av dei største musikarane i sin
generasjon. Albumet vart ein kommersiell
fiasko. Ryktar gikk om et grusomt sjølvmord
på scenen, og han forsvann inn i glemselen.
Ein bootleg fann derimot etter kvart vegen til
Sør-Afrika, og i løpet av de neste tjue årane
vart han eit fenomen der. Hans album “Cold
Fact” vart soundtracket til anti-apartheidbevegelsen, og det mystiske solbrillefjeset til
Rodriguez vart et ikon. Ingen visste kven han
var, men tekstene og låtane hans resonnerte
noe valdsamt hos massane som var lei av all
forskjellsbehandlinga. Filmen følgjer historia
om to sørafrikanske fans som sette seg fore
å finne ut kva som eigentleg skjedde med
Rodriguez. Etterforskinga deira skaper ein
historie meir ekstraordinær enn dei eksisterande mytane. I samarbeid med Bø kino.
KL. 15:00 • SUNDAG 11. AUGUST
KOMMUNESTYRESALEN • 150,-
Borgjakonserten – 20 år
Borgjakonserten er ein av dei mest tradisjonsrike konsertane vi har på Telemarkfestivalen,
og denne har vore med oss sidan 1993. Kvart
år avsluttast festivalen med ein hardingfelekonsert, og utøvarar ser det som ei stor ære
å bli spurd om å halde denne konserten. I
dette jubileumsåret for Borgjakonserten har
vi spurt Ottar Kåsa, Per Anders Buen Garnås
og Torgeir Straand om å dele Borgjakonserten. Dei har alle hatt den solo før. Alle tre er
markante og prisvinnande spelemenn med
adresse i Bø. Kommunestyresalen er arena for
Borgjakonserten i år, vel møtt!
18
www.bosommermotell.no
Beverøya Hytteutleie og Camping
35 06 18 81
www.beveroya.no
Bø Camping
35 95 2012
[email protected]
Åsgrav Familiecamping
35 95 01 95
[email protected]
www.bocamping.no
www.aasgravcamping.no
RESTAURANTAR
Den Gode Nabo
Bøgata 70
35 95 16 80
Ope mån-tors kl. 11.00-01.00, fre-laur 11.00-02.00 og sundag 12.00-22.00.
Matservering kl. 11.00-22.00. Pizza og salatbord, lunsj, dagens middag. Stor
á la carte meny. Uteservering. Stor parkering.
Pizzafjoset
Bøgata 11
35 95 00 12
Ope kl. 12.00-23.00. Pizzabuffet kvar dag. Steakhouse/familierestaurant. A la
carte. Uteservering.
China House Restaurant
Bøgata 87
35 95 06 18.
Ope kvar dag 13.00-23.00. Kinesiske og norske matrettar, samt lunchmeny.
19
HOVUDSPONSOR
SPONSORAR
STØTTESPELARAR
BØ
KOMMUNE
TAKK TIL
BILLETTAR
SPONSORAR
WWW.GULLBRING.NO
TLF. 35 06 03 90
SAMARBEIDSPARTNARAR
FRIVILLIGE
INFO
WWW.TELEMARKFESTIVALEN.NO
[email protected]
TLF. 415 09 055 / 482 05 066