Forprosjekt - Høgskulen i Sogn og Fjordane

Comments

Transcription

Forprosjekt - Høgskulen i Sogn og Fjordane
Forprosjektrapport
Fornybar energi
17.02.12
Anne Britt Hugøy
AVDELING FOR INGENIØR- OG NATURFAG
FORPROSJEKTRAPPORT HO2-300 2012
HO2-300
2/2012
Forprosjektrapport
1.0 Referanseside
TITTEL
RAPPORTNR.
DATO
01
17.02.2012
TILGJENGE
TAL SIDER
Open
13 + vedlegg
Fornybar energi
PROSJEKTTITTEL
Hovudprosjekt Ho2-300
FORFATTAR
ANSVARLEG RETTLEIAR
Anne Britt Hugøy
STYRINGSGRUPPRETTLEIARAR
Joar Sande
-Prosjektansvarleg og fagleg rettleiar
OPPDRAGSGIVAR
Høgskulen i Sogn og Fjordane (Hisf)
SAMANDRAG
Etter rådføring med fagleg rettleiar Joar Sande, kom vi fram til at prosjektet skal omhandle
fornybar energi generelt i Noreg samt ei breiare utgreiing i Sogn og Fjordane.
Dette vert ei informativ bachelor oppgåve der utfordringa vert å innhente gode fakta og
utgreiingar om blant anna behov og satsingsområde for fornybar energi, samt utfordringar
knytt til klimaendringane. Prosjektet vil og omhandle økonomi, teknologi og miljø for å skape
gode løysingar.
SUMMARY
After consultation with the academic supervisor Joar Sande, we arrived at the project to deal
with renewable energy in general in Norway as well as a broader statement in Sogn og
Fjordane.
This will be an informative bachelor's thesis in which the challenge will be to obtain good
facts and reports on, among other things, needs and priority areas for renewable energy, and
challenges related to climate change. The project will also address the economics, technology
and environment to create good solutions.
EMNEORD
Ho2-300, Hovudprosjekt, Forprosjekt: Fornybar energi
EMNEORD
Ho2-300, Hovudprosjekt, Forprosjekt: Fornybar energi
Dato: 17.02.2012
Side 2
HO2-300
2/2012
Forprosjektrapport
2.0 Innhaldsliste
Innhald
Referanseside……………………………………………………………………2
Samandrag……………………………………………………………………….4
Innleiing…………………………………………………………………………...5
Problemstilling……………………………………………………………………6
5.1 Bakgrunn……………………………………………………………………..6
5.2 Problemformulering………………………………………………………….6
6.0 Val av løysing…………………………………………………………………….7
7.0 Konklusjon………………………………………………………………………..8
7.1 Hovudmål…………………………………………………………………….8
7.2 Delmål………………………………………………………………………..8
7.3 Effektmål……………………………………………………………………..8
8.0 Organisering……………………………………………………………………..9
9.0 Prosjektadministrasjon…………………………………………………………10
9.1 Framdriftsplan………………………………………………………………10
9.2 Tidsressurs………………………………………………………………….10
9.3 Milepælar……….…………………………………………………………...10
9.4 Møteplan…………………………………………………………………….11
10.0 Budsjett…………………………………………………………………………12
11.0 Figur- og tabelliste………………….…………………………………………13
12.0 Referanseliste…………………………………………………………………13
13.0 Vedlegg…………………………………………………………………………13
1.0
3.0
4.0
5.0
Dato: 17.02.2012
Side 3
HO2-300
2/2012
Forprosjektrapport
3.0 Samandrag
Denne forprosjektrapporten vil omfatte planlegging av hovudprosjektet, kartlegging av
aktuelle kjelder nasjonalt og lokalt, prosjektmål og forslag til redusering av
klimagassutsleppa i Noreg.
I Noreg kjem nesten all kraftproduksjon frå vannkraft. Fornybar energi er energiressursar
som ein stadig får ny tilførsel av, og er evigvarande. Eksempel er vannkraft, biomasse, vindog solenergi. Fornybar energi er i stor grad basert på miljøvenlege naturressursar. Ikkjefornybare energikjelder er til dømes fossile energikjelder som olje, gass og kol. Desse
energikjeldene vil ta slutt når det ikkje vert gjort nye funn. I Noreg er det eit mål å auke
bruken av fornybar energi då det der meir miljøvennleg enn bruk av fossile energikjelder.
Økonomisk vekst og aukande befolkning bidreg til at energibehovet i Noreg stadig aukar.
Derfor vil det og være behov for stadig ny energitilførsel anten via eigen produksjon eller
import. Her verkar etterspørsel etter straum og prisutvikling på ulike typar straum saman, og
om vi greier å effektivisere energibruken meir.
Målet med prosjektet er å legge fram ein rapport som gir ei grundig forståing om kva
fornybar energi er. Vidare vil ein få ei utgreiing om kva ressurstilgang og potensial Noreg- og
Sogn og Fjordane sit med.
Ved å nytte Gantt skjema kan eg ha kontroll og gjere eventuelle justeringar undervegs.
Eg kan kontinuerleg følgje planen, og eg kan enkelt halde oversikt over delmåla i prosjektet.
Det er planlagt å ha møte med fagleg rettleiar kvar 14 dag.
Dato: 17.02.2012
Side 4
HO2-300
2/2012
Forprosjektrapport
4.0 Innleiing
Denne forprosjektrapporten er starten på hovudprosjektet våren 2012 ved Høgskulen i Sogn
og Fjordane, avdeling ingeniørfag. Forprosjektet går over 7 veker. Hovudprosjektet utgjer
2/3 av siste semester og tel 20 studiepoeng, med ei berekna arbeidstid på om lag 500 timar
på kvar student.
Etter samtale med fagleg rettleiar Joar Sande, vart det bestemt at eg skal skrive mi bachelor
oppgåve om fornybar energi. Her vil eg ta for meg generelt om emnet, ein oversikt om
korleis Noreg utnyttar dei fornybare ressursane, samt fordjupe meg i fornybar energi i Sogn
og Fjordane. Kva har vi av ressursar i dag, kva er potensialet i dag og i framtida, og kva
kostnadar vil komme med auka tilgang med dagens kunnskap om teknologi og ressursar. Det
har, og vil få ringverknader for miljøet vårt, men i kva grad.
Noreg har som elles i verda ei klimautfordring. Denne kan kraftbransjen i Noreg bidra med å
løyse. Forutsetninga er at Noreg vel å ta i bruk vårt unike ressursgrunnlag for fornybar energi
til å erstatte det fossile forbruket. Fossil energibruk står for 2/3 av norske CO2-utslepp, og
energi står for heile veksten.
Eg valte dette prosjektet fordi det er høgst relevant i tida vi lever i. Dersom tilgangen på
alternative energivarer skal skaffast innanlands, må fornybar energiforsyning utbyggast, eller
effektiviserast. Her på Vestlandet har vi enorme ressursar til produksjon av kraft, men
linjenettet er metta, så her må tiltak til før vi kan produsere i større mengder. Eg synest og
det er spennande å være nabo til Lutelandet AS. Ei lokal bedrift som enno er i oppstartfasen.
Har vore i kontakt med dagleg leiar, som er villig å bidra med informasjon til oppgåva, der
dei blant anna jobbar mykje mot offshore vindkraft. Elles har Sogn og Fjordane fleire
kraftselskap som eg har kontakta og kjem til å nytte meg av lokalt.
Dato: 17.02.2012
Side 5
HO2-300
2/2012
Forprosjektrapport
5.0 Problemstilling
5.1 Bakgrunn
Skal dei norske utsleppa reduserast betydeleg, må vi bruke mindre fossil
energi. Her kan dei fornybare energiressursane våre gi gode moglegheiter til
omlegging av energibruken mot ei meir klimavennleg retning.
Auka utbygging av fornybar kraft vil krevje betydelege støtteordningar i form av
nettutbygging, aksept av miljøverknadar og auke i kapasiteten til planlegging,
behandling og utbygging.
5.2 Problemformulering
Dersom berre økonomi skulle bli lagt til grunn, ville all ny
elektrisitetsproduksjon i Noreg komme i form av nye vannkraftverk. Men andre
omsyn vert vektlagt i utviklinga av kraftsystemet, som miljø og industriutvikling,
slik at i tida framover vil det bli bygt ut ein miks av produksjonsteknologiar. Her
vil eg prøve å få kartlagt kva som ligg av utbyggingsplanar både lokalt og
nasjonalt, og utfordringar elles knytt til energieffektivisering og omlegging frå
fossil til fornybar energi.
Dato: 17.02.2012
Side 6
HO2-300
2/2012
Forprosjektrapport
6.0 Val av løysing
Fornybar energi er eit stort emne, forsking og testing har vore, og vert prøvd ut i stor
skala. Mykje fagstoff er å finne, og sidan dette er eit informativt prosjekt vil
utfordringa bli å finne dei rette og viktige fakta å skrive om i mitt prosjekt. Vidare vil
eg igjen kontakte dei lokale aktørane i energibransjen som jobbar for dei fornybare
energiressursane i ei klimavenleg retning.
Dato: 17.02.2012
Side 7
HO2-300
2/2012
Forprosjektrapport
7.0 Konklusjon
Her vil eg klargjere kva mål eg har for dette prosjektet. Eg vil beskrive det som skal
utgreiast, samt lærdom gjennom prosjektet. Det skal leverast ein ferdigstilt rapport
den 23. Mai 2012.
7.1 Hovudmål
Det skal skrivast ein rapport som skal omhandle fornybar energi i no- og
framtid generelt i Noreg, og meir fordjupa utgreiing i fylket vårt Sogn og
Fjordane.












7.2 Delmål
Utgreiing om dei ulike typane av fornybar energi.(vannkraft, vindkraft,
bioenergi, bølgekraft, geotermisk energi, havstraumkraft, havvarmekraft,
saltkraft, solkraft, tidevannkraft)
Kvar vert dei fornybare ressursane best nytta. (sidan Noreg ikkje kan nytte alle
typar fornybar energi optimalt, så vil eg skrive kvar i verda det er gode forhold
for desse)
Kva vi har av ressursar i dag.
Potensialet i dag og i framtida.
Kva kostnadar vil komme med auka tilgang av fornybar energi.(som utbygging
av kraftnettet)
Klimautfordringa. Regjeringa og stortinget har satt eit mål om ein reduksjon på
15- 17 millionar tonn CO2 innan 2020. Her skal eg sjå kva arbeid som er gjort
og under utarbeiding, med energieffektivisering og omlegging frå fossil til
fornybar energi.
Miljø.
Lage ei nettside for prosjektet.
Skrive ein grundig og informerande rapport.
Lage ein plakat.
Forberede framføring.
Framføring av bacheloroppgåva.
7.3 Effektmål
Målet med bacheloroppgåva er å nytte kunnskap, ferdigheiter og opparbeida
kompetanse som eg har tileigna meg under studiet til å lage ein god rapport.
Eg vil få ei oppfatning om kva eg kan vente meg, om eg vel å satse på dette
feltet når eg kjem ut i arbeidslivet.
Dato: 17.02.2012
Side 8
HO2-300
2/2012
Forprosjektrapport
8.0 Organisering
Organiseringa av prosjektet består av 2 nivå.
Prosjektansvarleg og
Fagleg rettleiar
Joar Sande
|
Joar Sande
|
Prosjektskrivar
Anne Britt Hugøy
Figur 1 – Organisasjonskart.
Joar Sande er prosjektansvarleg og fagleg rettleiar.
Kontaktinformasjon
Navn:
Joar Sande
E-post:
[email protected]
Telefon:
57722629 / 41440591
Prosjektskrivar
Skrivar av prosjektet, Anne Britt Hugøy, er åleine om prosjektet så då vil naturleg eg
være leiar og ha eineansvar for hovudoppgåva.
Kontaktinformasjon
Namn:
Anne Britt Hugøy
E-post:
[email protected]
Telefon:
90822681
Heimeside for prosjektet : http://prosjekt.hisf.no/~12fornybar
Dato: 17.02.2012
Side 9
HO2-300
2/2012
Forprosjektrapport
9.0 Prosjektadministrasjon
Sidan eg skriv oppgåva åleine, har eg det heile og fulle ansvar for at oppgåvene vert
utført til fastsette tider.
9.1 Framdriftsplan (gantt skjema)
Eg nytta programmet MS Project. Gantt skjemaet er eit verktøy for å
presentere eit prosjektprogram på. Ved å bruke dette skjemaet gir det meg ei
god oversikt over prosjektets gang, aktivitetar, framdrift og den optimale
tidsbruken. Her kan eg gå inn på aktivitetane mine for oppdatering og legge
inn eventuelle kommentarar. Gantt-skjemaet ligg som vedlegg (vedlegg 1) i
rapporten.
9.2 Tidsressurs
Måndagar og Tysdagar fram til levering av prosjektet er satt av til jobbing med
prosjekt, samt fritid etter behov. Rundt 25 timar i veka.
9.3 Milepælar
I milepælar er det satt opp viktige datoar for prosjektet. Dette kan ein sjå på
som delmål som alle må fullførast for at prosjektet skal være vellykka.
Beskriving
Dato
-----------------------------------------------------Prosjektstart
03.01.12
Prosjektbeskriving
19.01.12
Forprosjektrapport
17.02.12
Sluttrapport
23.05.12
Framføring
25.05.12
Heimeside ferdig
06.06.12
Tabell 1 - Milepælar
Dato: 17.02.2012
Side 10
HO2-300
2/2012
Forprosjektrapport
9.4 Møteplan
Møte i prosjektperioden vil avholdast tysdagar kl.13.30 annankvar veke, der eg og
fagleg rettleiar deltek. Her diskuterast dei to siste vekes progresjon samt dei to neste
vekers gjeremål.
Eg har ansvar for møteinnkalling til rett tid, og møtereferat vil bli skrive etter kvart
møte.
Dato: 17.02.2012
Side 11
HO2-300
2/2012
Forprosjektrapport
10.0 Budsjett
Sidan dette er eit informativt prosjekt, vil det ikkje komme anna kostnadar enn
kopiering av sluttrapporten i tre eksemplar, og eventuelt ved behov ei bestilling av
forskingsrapport frå Sintef.
Samla kostnad for dette vert ca. Kr.500,-
Dato: 17.02.2012
Side 12
HO2-300
2/2012
Forprosjektrapport
11.0 Figur- og tabelliste
Beskriving:
Figur 1 – Organisasjonskart
Tabell 1 – Milepælar
Side:
9
10
12.0 Referanseliste
1.Lutelandet AS – skriftleg (www.lutelandet.no)
NETTSIDER:
http://www.ssb.no/vis/magasinet/miljo/art-2006-12-22-01.html
LITTERATURLISTE:
RAPPORT
EBL – Energibedriftenes Landsforening :2008. Energi er Norges klimautfordring. Hva
kan fornybar energi bidra med?
(www.ebl.no)
RAPPORT
Håvard Hamnaberg, Karen Nybakke, Seming Skau med fleire
Norges vassdrags- og energidirektorat :2010. Tilgangen til fornybar energi i Norge –
et innspill til klimakur 2020
(www.nve.no)
13.0 Vedlegg
Vedlegg 1 – Gantt skjema
Dato: 17.02.2012
Side 13
HO2-300
2/2012
Dato: 17.02.2012
Forprosjektrapport
Side 14