dal (35) i spissen ligg klart best an i kapplø- pet mot

Transcription

dal (35) i spissen ligg klart best an i kapplø- pet mot
18
TORSDAG 12. JANUAR 2012
SPORT
Kontaktperson vekedagar: Mona N. Stensvold
Telefon: 926 67 967
E-post: [email protected]
Helg: 976 99 000
[email protected]
Geiling i tet
mot Sørpolen
Team Framdrift med
geilingen Håvard Svidal (35) i spissen ligg
klart best an i kappløpet mot Sørpolen.
SIGMUND KRØVEL-VELLE
[email protected]
SKI: – Drivkrafta er å slå engelsk-
mennene til Sørpolen, slik
Amundsen gjorde mot Robert
Scott i 1911, seier Sven-Erling
Brusletto, kontaktmann for det
norske laget Framdrift.
Mange vil
Det kan sjå ut som det er gått
inflasjon i å ta seg fram til Sørpolen i høve 100-årsjubileet
for polferda til Roald Amundsen, som nådde polpunktet
14. desember 1911. Eit av dei
kappløpa som blir arrangert, er
i regi av World Extreme Races.
Det er eit privat eventfirma
som arrangerer ekstremturar
for skikkeleg hardbarka tøffingar, i Arktis, Antarktis og i det
kalde Sibir.
Teknikkar
Forutan Håvard Svidal består
Framdrift av Erlend Gray og
Mathias Seim, alle med bakgrunn frå Forsvaret.
– Deltakinga har vore førebudd i eit par år, fortel Brusletto. Dei har funne fram teknikkar for å kunne gå lengst mogleg på ski så effektivt som råd.
Dei har m.a. eksperimentert
med kor lite søvn og kvile ein
treng. I praksis betyr dette at
ved ein stopp, legg to mann
seg straks til å sove, medan den
tredje ordnar mat og utstyr. For
å få til dette, er alt utstyr nøye
valt ut. Ski og sledar er preparert for å gi minst mogleg friksjon mot underlaget.
Maksimalt
Under slike forhold er det
marginane som tel. Eit sentralt punkt er t.d. tida det tek å
smelte snø til vatn. Ved hjelp av
tusenkunstnaren Pål Åge Slettemoen i Hol har ein modifisert eit kokeapparat til å gi
betre effekt.
– Det handlar om maksimal
utnytting av folk og utstyr, seier
Brusletto. Medan deltakarane
på ein vanleg ekspedisjon brukar eit par timar på å stå opp,
ete og bryte leir, har det norske
FINPUSSAR:
Kor effektivt
kan ein
smelte snø
til vatn? Pål
Åge Slettemoen har
forbetra ein
parafinbrennar for å gi
maksimal
effekt.
laget fått fram teknikkar og rutinar som gjer at dei klarer dette
på 15 minutt.
Laga
Deltakarane tek seg fram på ski,
med pulk, og det norske laget
har truleg eit naturleg fortrinn
her, viser ein film frå vintertrening for alle laga på Hjerkinn i
fjor.
Startskotet gjekk 4. januar, og
den 10. januar leia laget med to
dagsetappar på dei andre laga.
Dei hadde då tilbakelagt 194
km og hadde 507 km att til polpunktet.
Team Framdrift konkurrerer
mot eit walisisk lag, eit engelsk,
eit engelsk/nederlandsk og eit
sørafrikansk lag.
Ventar
Brusletto er usikker på kva som
ventar på polpunktet.
– Eg trur ikkje det ventar så
mykje pengar og rikdom. Dette
er tvert om eit kappløp der kvar
deltakar har betalt ca. 300.000
for å vere med. Det går vel meir
på «ære og berømmelse». Ved
tidlegare kappløp er det blitt
laga ein TV-dokumentar av eit
britisk TV-selskap, og slik eg
forstår det, er dette tilfelle også
no. Det er nok utfordringa ved
å takle ekstreme forhold, og å
slå engelskmennene i Antarktis ein gong til, som er drivkrafta for dei som deltek, seier
Brusletto.
Trakkar på
Kommunikasjonen med
Antarktis er naturleg nok ikkje
den enklaste. Men pr. satellitttelefon har Håvard Svidal lest
inn meldingar på bloggen til
det norske laget. Den siste meldinga er frå 8. januar:
– Hei! Dette er Håvard, live
inne frå isaudet. Me trakkar på
her. Det er god stemning. (Hyl
frå dei to i bakgrunnen). Gutta
leverer så det er heilt drøyt. Vi
klemmer på. Det er eit fantastisk ver. Og me tenkjer på dykk
heime!
På nett
Følg Team Framdrift på
http://framdrift.com
Følg kappløpet på
extremeworldraces.com
LAGET: Håvard Svidal (t.v.) er kaptein på laget. Saman med Mathias Seim og Erlend Gray er dei fotografert på ein treningstur