Øystese gymnas - Garnes vidaregåande skule

Transcription

Øystese gymnas - Garnes vidaregåande skule
ENTER
infoavis om vidaregåande utdanning
i Norheimsund og Øystese
2010
Framnes Kristne Vidaregåande Skule
Øystese gymnas
Norheimsund vidaregåande skule
Ytre Hardanger opplæring
ar
k
ik
n
s
r
a
r
Ï
l
e
l
u
k
fris¿r f¿rs
t anleg
is
l
a
n
r
u
o
j
r
ia
e
l
p
sjuke
Norhei
vidareg msund
åande
skule
sarbeidar
r advokat
lege
sjukepleiar
tannleg
i
sku
r
o
f
nas
m
y
g
se
Øyste
omsorg
journalist
tannlege
r
e
k
k
i
politi fo
gner sn
rmgj
lege tan
npleiar
omsorg
er
sarbeid
økonom
anleggsa
rbeidar
kk
deko
Denne
avisa
er retta mot ungdom som
skal gjera utdanningsval i
nær framtid.
Avisa presenterer dei
studieretningane som
elevane kan velja mellom
ved dei tre vidaregåande
skulane i regionen. Ho syner også kva arbeid som
er mogeleg å få i området.
Redaksjonskomiteen for
avisa er dei tre vidaregåande skulane, Ytre Hardanger Opplæring og Kvam
herad.
På nettstaden www.vilbli.no kan du søkja på fag og finna informasjon
om kva programområde du må søkja på fyrste året for å nå dit du vil.
Skule
Vg1
Framnes
Kristne
Vidaregåande
Skule
Studiespesialisering
Idrettsfag
Øystese
gymnas
Vidar Ask
Norheimsund vgs.
Svanhild Birkenes
Ytre Hardanger
Opplæring
Framnes kristne
vidaregåande skule side 7
Idrettsfag
Idrettsfag
Språk/ samf.fag/
økonomi
Innleiande studiespesialisering
Studiespesialisering
Studiespesialisering
Innføringsklasse/
studiespesialisering
Innføringsklasse
Innføringsklasse
Kvardagslivs-/
arbeidstrening
Kvardagslivs-/
arbeidstrening
Kvardagslivs-/
arbeidstrening
Design og handverk
Norheimsund
vidaregåande skule
side 3
Språk/ samfunnsfag/ Språk/ samf.fag/
økonomi
økonomi
Språk/ samfunnsfag/
økonomi
Helse- og sosialfag
Norheimsund
vidaregåande
skule
Realfag
Realfag
Jan Tjosås
Kvam herad
innhald:
Realfag
Vg3
Realfag
Studiespesialisering
Harald Voster
Framnes Kristne Vgs.
Ingebjørg Bakke
Øystese gymnas
Vg2
Teknikk og
industriell
produksjon
Elektrofag
Helsefagarbeidar
Barne- og
ungdomsarbeidar
Barne- og
ungdomsarbeidar
Lette køyretøy
Produksjon og
industriteknikk
Produksjon og
industriteknikk
El-energi
Bygg- og
anleggsteknikk
Øystese gymnas
side 11
Ytre Hardanger
Opplæring side 15
info:
Enter januar 2010
Journalist:
Camilla Skaar Ljones
Grafisk design:
Riss grafisk formgjeving AS
enter 2
2010
Byggteknikk
Påbygg 1 år
og/eller
læretid i
verksemd 2 år
Utdanningsprogram:
Norheimsund vidaregåande skule
-Likar å skru
Nye programom
råde
Vg1(grunnkurs)
frå hausten 2009
av C a m illa S kaar L j ones
Andreas Mæland (17) har sin fyrste praksisperiode ved
Øystese Mekaniske Verkstad. Her får han prøva seg på ulike
arbeidsoppgåver.
–Eg har service på bremsar og skiftar olje. No er det sesong
for dekkskifte. Eg får prøva meg på det meste, seier Mæland.
Eg lærer noko heile tida og tykkjer eg får mykje ut av læretida,
legg han til.
Mæland har same arbeidstid som dei andre tilsette ved
verkstaden.
–I går var eg på arbeid til klokka seks, fortel han.
Men køyra bilane på plass kan han ikkje.
–Eg har ikkje sertifikat på bil enno, forklarer Mæland.
Han valde Norheimsund vidaregåande skule fordi han ville
vera i bygda. Mekanisk linje var naturleg fordi han likar å skru.
Sjølv har han ein moped som han mekkar på.
s
a
e
r
d
n
A
Andreas
Mæla
skiftar
nd (17)
ekk.
til vinterd
Bygg- og
anleggsteknikk
Vg1 Bygg- og anleggsteknikk Vg2
Byggteknikk
Design og handverk
Vg1 Design og handverk
pluss "kryssløp" til Vg2 Barne og
ungdomsarbeidar
Elektro
Vg1 Elektro
Vg2 El.energi
pluss "kryssløp" til Vg2 Produksjon og industriteknikk
Helse- og sosial
Vg1 Helse- og sosial
Vg2 Barne- og
ungdomsarbeidar
Vg2 Helsefagarbeidar
Teknikk og industriell
produksjon
Vg1 Teknikk og industriell
produksjon TIP
Vg2 Produksjon og
industriteknikk
Vg2 Lette køyretøy
Fysiske fasilitetar:
• Kroppsøvingssal
med scene
• Eigen verkstad for alle
utdanningsprogramma
• Eige atelier for design og handverk
• Elevkantine
• Bibliotek
• Datarom
• Hybelhus
http://noy.hfk.no | E-post: [email protected] | Telefon: 56 55 65 00
enter 3
2010
Norheimsund
vidaregåande
skule
To fluger i ein smekk
Norheimsund vidaregåande
skule har to CNC-maskiner
som elevane nyttar i
undervisinga.
av C a m illa S kaar L j ones
CNC-maskinene kuttar stål og tilsvarar
maskiner som finst i industrien. Dei er
effektive og nøyaktige. Skuleelevane
lagar ymse stålprodukt for Norheimsund
industrier. Dei har blant anna bora
eksosflensar som skal nyttast i Rolls Royce
sin produksjon.
Vinn-vinn
Norheimsund industrier held elevane med
arbeid, og skulen får betalt for produkta
elevane produserer. Det er ein vinn-vinn
situasjon.
–Det er dyrt å halda kostbare maskiner
for å laga fiktive produkt som vert kasta.
Dessutan er det meir inspirerande og
motiverande for elevane når dei er med
på å laga noko som kjem til nytte, seier
lærar Steinar Steine.
Kristian Torsnes (17) og Ståle Byrkjeland
(17)
programmerer
CNC-maskina ved å
plotta inn kodar og
koordinat. Byrkjeland har
òg laga eit eige program
for maskina som kan
fresa ei teikning av ein bil
på ei stålplate.
–Programmeringa
er
gresk for dei fleste til å
byrja med, men med litt
øving får ein det til. Eg
har måtta læra meg det
sjølv, seier Steine.
av C a m illa S kaar L j ones
Til vanleg er han elev ved Køyretøy-linja
ved Norheimsund vidaregåande skule.
Interessa for bil vog tungt då Vik avgjorde
kva vidaregåande utdanning han ville
satsa på.
Mellom skjermar og panser
I tillegg til ein praksisdag i veka på skulen,
skal Vik vera totalt fem veker i arbeid ved
ei bilverksemd. Og han er glad for at dei
tok i mot han på mek`n.
–Arbeidsoppgåvene mine er varierte. No
held eg på med å fiksa ein kollisjonsskadd
bil. Lys, innerskjerm og panser må
utbetrast, seier Vik.
an
le
StŒ
Fleire yrkesval
Elevane ved Teknikk og
industriell
produksjon
har fleire yrkesval etter vidaregåande.
Dei kan til dømes verta CNC-operatørar,
industrimekanikarar og kranførarar.
–I fjor var det to som fekk jobb som
kranførarar i Nordsjøen. Det er ein del
som hamnar i Nordsjøen, fortel Steine.
Elevane skal ha fem veker praksis ved ulike
industriverksemder som Jondal Stål, Lid
jarnindustri, Frank Mohn Fusa, Fjellstrand
og Norheimsund industrier.
På karosseri­
verkstaden
Ole Ingebrigt Vik har
vore to veker i praksis ved
karosseriavdelinga ved Øystese
Mekaniske Verkstad AS.
Kristi
Olberigt
Inge
Elles har bilverkstaden fått inn ein
del bilar av typen Ford Mondeo med
produksjonsfeil. Bilane har innvendig
vasslekkasje. Vik har fått i oppdrag å
demontera det som er øydelagt. Han
har teke av alle bildørane for å slipa rust.
Deretter må dørane handsamast med
rustmotverkande middel.
Praksis-elevar er gull verdt
Ved karosseriavdelinga er det seks tilsette,
to lakkerarar, tre opprettarar og ein
verksmeister. Øystese Mekaniske Verkstad
har hatt praksis-elevar innom dørane før.
–Vik kom inn på eit tidspunkt det var
mykje arbeid. Det er god hjelp i ein
praksis-elev. Han har gjort ein full jobb
som me elles måtte ha sett ein mann til.
Me har
vel hatt ein praksis-elev innom hus meir
eller mindre konstant. Fleire har fått jobb
etter praksistida, fortel verksmeister Geir
Arne Fasteland.
Og Vik er sjølv godt nøgd med
arbeidsplassen.
–Dagane går raskt når eg er på jobb.
Dessutan lærer eg mykje av det eg har
lyst til å læra. På skulen har me lite om
karosseri, seier Vik.
Sjølv om Vik må spørja ein del om hjelp,
jobbar han sjølvstendig.
–Eg får hjelp til akkurat det eg treng hjelp
til. Her er flinke folk, seier Vik. Og tøffe
bilar, legg han til.
http://noy.hfk.no | E-post: [email protected] | Telefon: 56 55 65 00
enter 4
2010
Norheimsund
vidaregåande
skule
-Skikkeleg arbeid
Erik
Erik
theim
Fykse Ys
r lampe
montere
Erik Fykse Ystheim er utplassert ved
Norheimsund Elektro i samband med faget
prosjekt og fordjuping ved el-energi linja.
av C a m illa S kaar L j ones
I løpet av skuleåret skal Ystheim vera
praktiserande elektrikar i totalt fem
veker. I oktober 2007 var han travelt
oppteken med blant anna utbetringar på
ventilasjonssystemet ved bassenget på
Norheimsund ungdomsskule.
Elev med eit mål
Ystheim fortel at årsaka til at han søkte
om plass ved Norheimsund vidaregåande
skule var at han har høyrt mykje bra om
skulen gjennom vener og kjende.
–Elevar som har gått på skulen, har nådd
måla sine og fått skikkeleg og godt betalt
arbeid. Eg tenkte eg skulle klara det same,
seier Ystheim.
–Elektrofaget har eg valt fordi eg tykkjer
det er eit interessant, utfordrande og
spanande fag. Eg kjenner andre som
har gått på elektrolinja, og dei har nok
påverka meg, legg han til.
Kjekke dagar
Arbeidsdagen startar klokka halv åtte og
varer til klokka tre. Ystheim får òg jobba
på kveldstid om han ynskjer det.
–I år har eg hatt sommarjobb ved
Norheimsund Elektro, fortel Ystheim.
Han rosar læreverksemda for å ha dyktige
fagfolk og ​eit godt arbeidsmiljø.
–Eg har kjekke arbeidskameratar som
er flinke til å tilretteleggja oppgåver for
meg. Eg lærer mykje her, seier Ystheim.
Oppdraga er varierte. Han får strekkja
kabel, kopla ulikt elektrisk utstyr, spikra
kabel, henga opp lampar og montera
ulike styringar. Rydding er òg ei
arbeidsoppgåve for ein ufaglærd.
–Eg får prøva meg på det meste innan
elektrikarfaget, seier Ystheim
”Learning by doing”
Den praktiske erfaringa gjev elevane eit lite
glytt i kva krav arbeidslivet stiller. Ystheim
tykkjer læretida ved Norheimsund Elektro
gjev eit nyttig pusterom frå ein elles
rutineprega skulekvardag.
–Eg får bruka teorien eg har lært på
skulen. Det er viktig å ha kunnskapane i
orden. Og eg lærer å arbeida sjølvstendig,
seier han.
http://noy.hfk.no | E-post: [email protected] | Telefon: 56 55 65 00
enter 5
2010
Norheimsund
vidaregåande
skule
Helse- og
sosialfag
Elektrofag
Elektrofag er faget for deg som ynskjer å verta t.d.
elektrikar, flymekanikar, heismontør eller dataelektronikar.
Norheimsund vidaregåande skule kan freista med gode
lokale og godt utstyr i undervisninga. Vel du denne
utdanninga er det ein føremon å vera nøyaktig og
systematisk, men det viktigaste er sjølvsagt interesse for
faget.
Kommunikasjon og samarbeid er to
viktige stikkord i helse- og sosialfaget.
Yrket handlar i all hovudsak om å hjelpa og ha omsorg for menneske i ulike
situasjonar. Med denne utdanninga
kan du til dømes verta barne- og
ungdomsarbeidar, ambulansesjåfør,
helsefagarbeidar, helsesekretær eller
tannlegesekretær. Fleire av desse yrka
krev vandelsattest frå politiet.
Vg2
Norheimsund vidaregåande skule tilbyr i år programområde
el-energi. Pluss "kryssløp" til Vg2 produksjons- og industriteknikk. Meir informasjon finn du på: www.vilbli.no
Vg2
Ved Norheimsund vidaregåande skule er det i år tilbod om to programområde; barne- og ungdomsarbeidarfag og helsearbeidarfag. Dersom
du drøymer om å verta sjukepleiar
eller førskulelærar, kan det vera ein
fornuftig veg å gå påbygg. Vil du
vita meir, klikkar du deg berre inn på:
www.vilbli.no
Bygg- og
anleggsteknikk
Dersom du ynskjer eit yrke innan bygg- og anlegg, er praktisk sans, godt handlag og gode samarbeidsevner viktige
eigenskapar. Det er fleire valmogelegheiter frå bygg- og anlegg no enn tidlegare. Vil du verta tømrar, betongarbeidar,
stillasbyggjar eller murar, må du søkja på dette utdanningsprogrammet. Målet i den nye reforma er å samla
det meste som har med bygg og anlegg å gjera
i eitt fag fyrste året på vidaregåande.
Teknikk og
industriell
produksjon
Vg2
Norheimsund vidaregåande skule gjev opplæring
i byggteknikk.
Meir informasjon finn du på: www.vilbli.no
For deg som er interessert i ny teknologi,
kan utdanningsprogrammet teknikk
og industriell produksjon (TIP) vera
aktuelt. TIP femnar kring 60 fag
som kan gje arbeid i store og små
industriverksemder på land og hav.
Oljeindustrien er eitt døme, men
du kan og verta mekanikar på alle
typar køyretøy og anleggsmaskiner.
Alle dei mekaniske faga er samla i
utdanningsprogrammet TIP.
Du får ein brei basis som gjer
at du som arbeidstakar vert
fleksibel og kan setjast til ulike
arbeidsoppgåver.
Denne
praktiske, varierte og tekniske
grunnopplæringa gjev deg
ei solid plattform for å velja
vidare utdanning til arbeid i
dei fleste industriverksemder
i inn- og utland.
Design og
handverksfag
Dersom du har kreative evner
og likar å arbeida med hendene,
kan design og handverk vera
faget for deg. Det er ei føremon
å vera nøyaktig og å ha eit godt
auga for form og farge. Det er
eit breitt spekter av fag som
tek utgangspunkt i design og
handverk. Ein skal vera obs på
at det finnes nokre ”kryssløp”,
som til dømes Barne-og
ungdomsarbeidar Vg2. Meir
informasjon finn du på: www.
vilbli.no
Vg2
Norheimsund vidaregåande
skule gjev opplæring i produksjonsog industriteknikk og køyretøy. Meir
informasjon finn du på: www.vilbli.no
http://noy.hfk.no | E-post: [email protected] | Telefon: 56 55 65 00
enter 6
2010
Utdanningsprogram:
Framnes Kristne Vidaregåande Skule
Kvemmingar er òg
velkomne til Framnes
Framnes Kristne Vidaregåande
Skule har etter kvart fleire
kvemmingar i sin elevmasse. Enter
har snakka med nokon av dei.
av C a m illa S kaar L j ones
Lars Arne Eide Skogasel (16) har alltid hatt
lyst til å gå på Framnes. Han tykkjer det er
ein fin skule. Maria S. Raniwalla (16) ynskte
eit nytt miljø. Ho var ein del på Framnes
før ho sjølv byrja fordi ho hadde vener som
gjekk på skulen. Nora Bækkelund (16) seier at
Framnes har rykte for å ha eit godt miljø. Ho
var på open dag på skulen, og fleire av venene
hennar søkte seg til Framnes. Ina Gauden Lid
(16) fortel at systera hennar gjekk på Framnes.
Ho ynskte å gå på Framnes på grunn av det
sosiale og kristne miljøet. Arild Farestveit
Kvittingen (16) tykkjer det er eit vennleg og
ope miljø ved skulen. Solveig Heide Nedkvitne
(16) ynskte ei miljøendring og bestemte seg
for Framnes etter ho hadde vore på open
dag. Iselin Neteland (16) hadde mange vener
som skulle gå på Framnes. Kjetil Farestveit
Kvittingen (16) har høyrt mykje bra om skulen.
Aktivitetar for alle
Kvemmingane hevdar at ein er nøydd til å vera
mykje på skulen sitt område òg i fritida for å
koma inn i miljøet. Dersom ein reiser heim kvar
dag rett etter skuletid, vert ein ikkje kjend med
internatelevane. Det er alltid nokon å
vera med, og ein treng ikkje ha faste avtalar.
Heimebuarane får overnatta ved internatet,
men må då ha avtale med tilsyn. Elles er det
mykje aktivitet ved skulen, både organisert
og uorganisert. Gymsalen er mykje brukt
til basket, volleyball og innebandy. Tysdag
og sundag er det møtekveld. Elles har dei
filmkveld med påfølgjande ”mørkegøymsel”
etter filmen. Om vinteren går det direkte buss
til Eikedalen for dei som likar å stå på ski.
–Eg gler meg til skulen kvar dag. Uansett kor
lenge eg er her, er eg redd for at eg går glipp
av noko, seier Raniwalla.
Men det er føremonar med å bu heime òg.
Miljøet kan verta litt tett, og dessutan slepp ein
å vaska kle heime, understrekar kvemmingane.
Kristen?
Ungdomane er samde i at sjølv om Framnes
er ein kristen skule, er det opp til kvar
enkelt kva ein gjer ut av det. Miljøet er ikkje
konservativt, og ein kan i hovudsak velja om
ein ynskjer å delta på dei kristne aktivitetane.
På Framnes smiler elevar og tilsette til deg,
dei respekterer deg og toleranseterskelen er
høg. Mykje av årsaka til det gode miljøet er
akkurat det kristne verdigrunnlaget til skulen,
trur heimebuarelevane. Dei oppfordrar alle til
å koma på open dag.
Studiespesialiserin
g
Vg1, Vg2 og Vg3
Realfag
Matematikk
Fysikk
Kjemi
Biologi
Språk, Samfunnsfag
og økonomi
Engelsk og spansk
Sosiologi og sosialantropologi
Historie og filosofi
Medie- og informasjonskunnskap
Valfrie programfag
frå idrett
Toppidrett fotball
Friluftsliv
Idrettsfag
Vg1, Vg2 og Vg3
Fellesfag
Treningslære
Treningsleiing
Idrett og samfunn
Aktivitetslære
Valfrie programfag
Toppidrett fotball
Breideidrett
Friluftsliv
Studieturar
Elevar på Vg2 og Vg3 får tilbod om å reisa på ulike
turar, t.d. til Tunisia, Chamonix (Frankrike), England og
Tyskland.
IKT-satsing
Skulen og internata er bygde ut med breiband. Alle elevane har
si eiga bærbare datamaskin.
Fysiske fasilitetar
Fire internat med 220 sengeplassar. Alle avdelingar med
daglegstove. Matsal med plass til 300. Stort auditorium
Fotballbane, gymsal, buldrevegg, Styrkerom, sandvolleyballbane og naust med 15 kanoar, og 30 havkajakkar.
Kvemmingar
Skulepengar
www.framnes.vgs.no/elev/prisar
www.framnes.vgs.no | E-post: [email protected] | Telefon: 56 55 05 00
enter 7
2010
Framnes Kristne
Vidaregåande
Skule
Ut på tur aldri sur
Framnes tilbyr programfaget
friluftsliv for 2. og 3.
klassingar. Debora Lilleås
og Kristin Kleven er to av
friluftsliventusiastane i 2. klasse
ved skulen.
av C a m illa S kaar L j ones
Friluftsliv er eit praktisk fag med lite teori.
Elevane får vera med på fleire utflukter i
løpet av skuleåret. Fjellturar, padling, skiog snøholeturar er ein del av pensum.
Elevane skal læra seg å bruka naturen.
–Ein av fjellturane gjekk frå Strandebarm
til Vikøy. Me overnatta i telt og måtte
skaffa oss mat på vegen. Nokon plukka
blåbær og andre fiska, fortel Lilleås og
Kleven.
Friluftslivsklassen har òg vore på dagstur
til Trolltunga.
–Me tok Mågelibanen i Tyssedal og kom
opp til ein hellar som stikk ut frå fjellet,
seier Kleven.
–Det var småskummelt eigentleg, men
gav meg eit lite adrenalin-kick likvel, legg
Lilleås til.
På vegen opp til Trolltunga leita
friluftslivsklassen etter krystallar. Etter
trallebanen var det to til tre timars gange
til toppen.
Kleven fortel vidare om surfeturen til
Jæren. Alle fekk prøva seg i elvekajakk
og på surfebrett. Lavvoane som dei sov
i, sette dei opp sjølve. For Kleven var
jomfruturen på surfebrettet ei utfordring.
–Det gjekk heilt fint, men det var
vanskeleg å koma seg opp på brettet.
Elles har ungdommane padla kajakk frå
Framnes til Nyatræet. Vel framme grilla
dei pølser og pinnebrød. Tilbehøret var
ikkje rekesalat eller løk, men tang steikt
i smør med salt og pepar. Det står fleire
turar på timeplanen. Til vinteren skal dei
på snøholetur og prøva seg på telemark i
Eikedalen.
fornuftig. Rapportskriving er òg eit
teoretisk innslag i faget.
–Me skriv rapport etter kvar tur om kor
me har vore, kva nytt me har
lært og positive og negative
erfaringar med turen, seier
Kleven og Lilleås.
Lilleås tykkjer det er kjekt med eit
fag ein slepp å lesa så mykje til.
–Kunnskapen og erfaringane me får
her er nyttige heile livet, seier ho.
–Med friluftsliv som valfag opplever eg
nye og spanande ting, forklarer Kleven.
Friluftsliv for alle
Det er ikkje naudsynt med erfaring frå
friluftsliv eller idrett for å vera med.
Elevane vert vurderte ut frå innstilling og
deltaking.
–Det er viktig å ha ei positiv innstilling og
å visa at du har lyst til å gjera noko. Ein
må delta i fellesskapet ved å bæra, laga
mat og setja opp telt, seier Lilleås.
Praktisk teori
For å lukkast i felten, er det viktig at
elevane lærer korleis ein pakkar sekken
www.framnes.vgs.no | E-post: [email protected] | Telefon: 56 55 05 00
enter 8
2010
Framnes Kristne
Vidaregåande
Skule
Samfunnets vaktbikkjer
Kristin Kleven (17) og Oda
Djupevåg (17) går i 2.
klasse og Bodil Brennsæter
(18) i 3. klasse på Framnes
Kristne Vidaregåande
Skule. Dei har medie- og
informasjonskunnskap som
programfag.
Kristin
av C a m illa S kaar L j ones
I medieundervisinga lærer elevane
grunnleggjande
bruk
av
kamera,
korleis media påverkar samfunnet og
om media sine arbeidsmetodar. Dei
etiske retningslinene for media, står og
sentralt. Elevane får generell kunnskap i
medievitskap. Faget er både teoretisk og
praktisk.
Kleven og Djupevåg fortel at dei har
hjelpt til med heimesida til Framnes,
laga reklameplakatar og bildeseriar. For
heimesida har dei intervjua elevar om
fritidstilbodet i Kvam. Bildeseriane dei
har laga, er baserte på ein historie. Målet
var å ta foto som batt historien saman og
fanga kjenslesterke ansiktsuttrykk.
3. klassen har òg gjort intervju.
Brennsæter fortel at ho intervjua
utekontakten i Kvam, Siriann Lillevik, på
Ungdomsbasen i Norheimsund. Elles har
dei laga reklamefilmar for ulike produkt,
alt frå hårspray til skulen på Framnes.
–I haust har me hatt fokus på foto. Me har
teke gamaldagse portrett av kvarandre
som me har framkalla på mørkerom. Det
var interessant, seier Brennsæter.
Tverrfagleg
Delar av mediefaget går parallelt med
norsk. Reklame, eventyr, historieforteljing
og film og dramaturgi er tema i begge
faga. Det er òg mykje samfunnsfag og
sosiologi i mediafaget, særskilt i den
biten som går på korleis media påverkar
samfunnet. Kvar veke er det to elevar
Bodil
som må fylgja med på aktuelle nyhende i
media og gje ein presentasjon for klassen.
I haust var det naturleg nok fokus på valet
i USA.
–Mediefaget er spanande og praktisk. Det
er kjekt å kunna litt om massemedia, seier
Kleven.
Feltarbeid
2.
klassen
i
Medieog
informasjonskunnskap skal i løpet av
skuleåret vitja Bergens Tidende sin
multimediabase. Multimediabasen er
ein fiktiv journalistbase i kjellaren på
bt-bygget i Bergen. Kjellaren er laga
til som ein miniatyrby med kafear og
telefonkioskar. Kleven og Djupevåg
har vore med på journalistøvinga før.
I 10. klasse på ungdomsskulen var dei
på multimediabasen i samband med
norskfaget. Elevane vart sett saman i
Oda
grupper på fire. Nyheitssakene dei dekte
var innan kultur og krim. For å gjera
øvinga så realistisk som mogeleg fekk
elevane tidsfristar dei måtte overhalda.
–Me samla informasjon og sette saman
fleire nyheitssaker for avis på bakgrunn
av opplysingane me fekk. Det var laga
til feller me kunne gå i, til dømes var
det kjelder som ville vera anonyme.
Etter øvinga fekk me tilbakemelding på
arbeidet me hadde gjort, fortel Djupevåg
som vurderer journalistutdanning etter
vidaregåande.
3. klassen tek turen til Mediehøgskolen
Gimlekollen i Kristiansand. I løpet av ein
dag skal elevane innom fleire stasjonar
med ulike medieuttrykk. Dei skal prøva
seg på praktiske oppgåver innan fjernsyn,
radio, avis og web-design.
www.framnes.vgs.no | E-post: [email protected] | Telefon: 56 55 05 00
enter 9
2010
Framnes Kristne
Vidaregåande
Skule
På spesialoppdrag
Eivind Skeie (18), Peter Fredheim Oma (18), Eirik Ulltang
(18), Andreas Oma (18) og
Ingve Kjosås (18) fortel om eit
spesialoppdrag på Austevoll.
av C a m illa S kaar L j ones
Kvart år reiser 3. klassingane ved idrett
til Austevoll for jakta på villsauer. Det er
ei utfordring som gjengen frå Framnes
tek på strak arm. Målet er å fanga flest
mogeleg sauer, dra dei med seg i båtar,
binda dei fast og frakta dei til land. Sauene beiter på fleire øyar og er vanskelege
å få has på.
–Sauene er som geiter og terrenget er
ulendt, fortel elevane.
Det er ikkje ei enkel oppgåve dei møter.
Villsauene anar truleg faren, og jagarane
må vera varsame for ikkje å springa sauene i hel. Taktikken er å jaga sauene inn i
eit hjørne og deretter gripa tak i ull eller
horn. Av og til dett eit dyr på sjøen. Då
må ein hoppa etter elles søkk sauen som
ein stein.
–Sauene er ikkje tette.
Dei tek inn vatn bak, forklarer elevane.
Dei er òg med på slakting og smalahovesviing. Løna er naturlegvis
i naturalia. Skulen planlegg ein smala-hovekveld for elevane.
Gourmet
Etter jakta er det tid for
eit eksklusivt måltid. På
menyen står kamskjell,
måse, breiflabb, indrefilet og hjarte av sau.
All maten er kortreist
og rykande fersk. Kamskjela dykkar elevane etter sjølve. Måsane
er sjølvskotne og breiflabben fanga med
spyd. Opphaldet på Austevoll er ei helg
med matauk i fokus.
skjer det, får prøva leirdueskyting og vas�ski. Innkvarteringa er i eit naust som tidlegare har vore fiskemottak. Helga byd på
eit mangfald av opplevingar.
Engasjerte lærarar
Lærarane Odd Inge Austevoll og Martin
Dalane organiserer òg andre aktivitetar
for elevane i løpet av helga. Dei som yn
Studieturar
av C a m illa S kaar L j ones
Tyskland
Elevar med engelsk som programfag
i 2. og 3. klasse reiser på studietur til
dei britiske øyar. I 2008 gjekk turen til
Skottland. Her fekk engelskstudentane
gaid-tur i Edinburgh, dei vitja museum og
let seg imponera av palasset til Dronning
Elisabeth II. Dei fekk med seg busstur til
”The Highlands” med grilling og bading
med Nessie i Loch Ness. Ein musikal og
litt rusling i gatene i Glasgow vart det òg
tid til.
Framnes Kristne Vidaregåande Skule har
ein venskapsskule i Darmstadt, FCSD,
Freie Christliche Schule Darmstadt. Kvart
andre år får tyskstudentane moglegheita
til å vitja skulen og bu hjå vertsfamiliar.
Dei norske ungdommane får oppleva
Tyskland på ein annleis og interessant
måte. Etter åtte dagar med verbal tysk
påverknad, får ein gjerne lyst til å læra
meir av det tyske språket. Om våren kjem
dei tyske elevane til Framnes. Her får dei
erfara korleis internatlivet er. Dei bur på
romma til vertseleven og reiser heim til
vertseleven i helga. Eit flott prosjekt der
ein lærer folk og språk betre å kjenna!
Chamonix
Tunisia
På Framnes er det studieturar for kvar ein
smak.
Britiske øyar
Annankvart år får telemarkentusiastane
ved Framnes reisa til Chamonix og svinga
seg i skiløypene. Tilbodet er fyrst og
fremst til idrettselevane. Der er det skirenn
frå morgon til kveld, flotte snøkvite fjell,
solbrende ansikt, mykje sosialt og terping
og øving i telemark. Turen får terningkast
6 av elevane som var med i 2008.
2. og 3. klasse elevane på studiespesialisering får høve til å reisa til Tunisia.
Annakvart
år
arrangerer
Framnes
studietur til det afrikanske kontinentet.
Elevane er borte i to veker. Den fyrste
veka får dei kjennskap til muslimsk
kultur og historie. Ein tunisisk gaid
med norsk statsborgarskap dirigerer
framneselevane som får oppleva Tunisisa
frå ”innsida”. Dei vitjar tunisiske familiar,
er med på ørkenvandring, kamelsafari
og jeeptur, overnattar i sanddynene
under stjernehimmelen og prutar med
lokale kjøpmenn i handlegatene. Den
andre veka tek elevar og lærarar inn på
turisthotellet Rosa Beach. Tema for veka
er kristendommen sin ståstad i Tunisia
gjennom historia og fram til i dag. Elevane
vitjar gamle katakombar, synagoger og får
i tillegg eit godt innblikk i romersk kultur.
Samstundes får elevane mogelegheit til å
vera vanlege turistar òg.
www.framnes.vgs.no | E-post: [email protected] | Telefon: 56 55 05 00
enter 10 2010
Utdanningsprogram:
Øystese gymnas
Studiespesialiserin
g, innføringsklasse for
framandspråklege, intern
asjonal klasse
i USA (Vg2), allm
ennfagleg
påbyggingsår (Vg3
), arbeids­
trening og kvarda
gslivstrening,
innleiande Vg1.
Påbyggjaren
av C a m illa S kaar L j ones
Hans Magnus Vik Nygard
(18)
tek
påbygg
ved
Øystese gymnas for å få
studiekompentanse.
Det
er han ikkje åleine om. I
påbyggklassen dette skuleåret
er det 29 elevar. Elevane
har ulik bakgrunn. Nygard
har gått på elektro ved
Norheimsund vidaregåande
skule. Han veit ikkje heilt
kva han vil enno, og ynskjer
difor å ha alle mogelegheiter
opne. Etter gymnaset vert det
kanskje aktuelt å gå på folkehøgskule, eventuelt
avtene førstegangsteneste.
-Me er ein del av miljøet her, men dei som har gått på skule
saman i tre år er nok meir samansveisa, seier Nygard.
Engelsk og tysk
på ekte
av C a m illa S kaar L j ones
realfag
Fysikk, kjemi, matematikk,
biologi, informasjonsteknologi.
Språk, Samfunnsfag
og økonomi
Språkfag:
Engelsk, tysk og spansk.
Politikk, individ og samfunn:
Hans
Magnus
s
Rettslære 1 og 2
Internasjonal klasse
Alle elevar i Hordaland får
tilbod om å ta Vg2 ved
Saint Paul Lutheran High
School i Missouri, USA.
Opplegget er offentleg
godkjent.
Allmennfagleg
påbygging
Ma
rti
For deg med yrkesfagleg
bakgrunn som ønskjer generell
studiekompetanse.
n
Voluntørane Martin Huber (19) frå
Austerrike og Chris Benbow (20) frå Wales
trivst i Noreg. På gymnaset i Øystese hjelper
dei til i tysk- og engelsktimane og er særskilt
viktige for den munnlege undervisinga.
–Elevane her er flinke i engelsk. Eg pratar
engelsk med dei for å demonstrera uttale
og intonasjon, fortel Benbow.
Voluntørane er ein del av skulemiljøet. I
tillegg til å vera språkhjelparar, er dei aktive
volleyballspelarar. Huber og Benbow prøver
å læra seg norsk. Dei er samde i at det er ei
tøff utfordring.
Kvifor er dei i Øystese?
Huber hadde lyst til å sjå Skandinavia og var eigentleg på veg til Sverige, men enda litt
tilfeldig opp i Noreg. Benbow seier han ynskte ei annleis oppleving.
–Eg har tidlegare vore i Sør-Amerika som er eit fattig og varmt kontinent. Denne gongen
ville eg prøva å bu i eit land med motsette kvalitetar. Og Skandinavia er jo relativt kaldt og
velståande, seier Benbow.
Chri
sosialkunnskap, samfunnsgeografi,
politikk og menneskerettar, sosiologi
og sosialantropologi.
Studieturar
Elevane på Vg2 reiser på
fellestur utanlands om våren.
Turane har gått til land som
England, Tyskland og Tsjekkia.
Dette året går turen til Praha.
Valfrie programfag
Breiddeidrett, toppidrett fotball
og/eller volleyball og musikk,
dans og drama.
Fysiske fasilitetar
• Datamaskiner i dei fleste rom
• Videorom
• Stort bibliotek
• Språklaboratorium
• Kantine
• Festsal med scene
• Mange spesialrom
• Idrettshall / kunstgrasbane
• Styrkerom
http://oyg.hfk.no | E-post: [email protected] | Telefon: 56 55 66 00
enter 11 2010
Øystese
gymnas
Realfag
Torbjørn Valestrand Berge (18)
har matte og informatikk som
programfag. Endre Skeie (18) har
matte, fysikk og kjemi.
Niels Henrik Abel
Konkurransen er delt i tre rundar. I fyrste
runde er det med 4.000–6.000 elevar. For
å koma til runde nummer to, må ein ha
minimum 60 av totalt 100 poeng. Dei 20
beste går vidare til tredje runde. Av dei
377 elevane som kvalifiserte seg til andre
runde i fjor, var to frå Øystese gymnas;
Berge og Skeie.
–Me pleier ha elevar med til runde to
kvart år, fortel matte- og fysikklærar Nils
Østerbø.
Gymnaset har òg hatt elevar blant dei
20 beste, men det er heller sjeldan kost.
Det er frivillig å delta, men alle elevane
på skulen får tilbod om å vera med. Dei
som er interesserte, melder seg sjølve,
forklarer Østerbø som har vore ansvarleg
for Abelkonkurransen i alle år.
Ungdomsskulepensum
Konkurransen sitt utgangspunkt er
mattematikk frå grunnskulen. Dersom
ein er driven i ungdomsskulepensum, kan
ein gjera god figur i Abelkonkurransen.
Spørsmåla er intrikate. Eleven må forstå
og tenkja sjølvstendig. Med kreativitet og
enkel logikk kan han koma langt. I fyrste
Språkøyra
Øystese gymnas har tilbod om språkfaga
tysk og spansk.Hilde Berge (16) og
Monika Tordal (16) studerer begge
spansk. Tordal valde spansk fordi ho
hadde fransk på Øystese ungdomsskule
og då er det ifylgje henne lettare å læra
seg spansk enn tysk. Berge ville studera
spansk fordi det er eit fint språk.
–Eg bestemte meg tidleg for å ha spansk
på gymnaset. Språkfaga er nyttige.
Dersom ein kan fleire språk, kan ein ta
seg fram i framande land og gjera seg
forstått. Spansk er eit verdsspråk og eg
meiner at ein kjem lenger med spansk
enn med tysk, seier ho. Berge legg til at
spansk er eit enklare språk enn fransk og
at det liknar meir på engelsk.
Spanskgruppa er delt i to klassar. Arbeidet
med faget er variert, tykkjer Tordal og
Berge. Tavleundervisinga dominerer.
rbj
¿rn
Nils
av C a m illa S kaar L j ones
Begge har delteke i Abelkonkurransen
som er ein landsomfattande konkurranse
i matematikk for elevar på vidaregåande
skule.
To
e
Endr
av C a m illa S kaar L j ones
runde er det fem svaralternativ til kvart
spørsmål. Ein treng ikkje føra oppgåvene.
Lyse hovud
Det er eit godt realfagsmiljø ved Øystese
gymnas. Interesse er avgjerande for kor
mykje ein får ut av faga.
–Det er ofte gjennom hardt arbeid at
interessa kjem, seier Østerbø.
Skeie har lyst til å studera matte/fysikk
eller kjemi ved NTNU etter vidaregåande,
eventuelt medisin. Berge vurderer
informasjonsteknologi ved NTNU. For å
få plass på desse studia, må ein ha fullført
høgaste kurs i matte frå vidaregåande.
ka
Moni
Elevane les høgt, puggar gloser,
samtalar med kvarandre og lærar,
dei har gruppearbeid og jobbar
på data. Kvar fredag er det fagdag
på gymnaset. Det inneber at heile
dagen går med til å jobba med eitt
fag.
–No på fredag er det spansk som
står på timeplanen. Då kjem det ein
spansktalande gut til skulen. Han
skal snakka spansk med oss, fortel
Tordal.
Kva med tysk, då?
Espen Hamarhaug (16) har hatt tre
år med tysk på ungdomsskulen og
likar språkfag.
–Voluntøren frå Austerrike er med
i halvparten av timane. Slik får me
kjennskap til munnleg tysk og ulike
Hild
e
dialektar, fortel Hamarhaug.
Til neste år vert det kanskje studietur til
Berlin for tyskklassen.
http://oyg.hfk.no | E-post: [email protected] | Telefon: 56 55 66 00
enter 12 2010
Øystese
gymnas
Dans i skulen
Øystese gymnas tilbyr musikk,
dans og drama som valfritt
programfag. I løpet av året
må elevane innom alle tre
kunstformene.
av C a m illa S kaar L j ones
Jane Larsen er lærar for dansegruppa ved
Øystese gymnas. Ho har brei erfaring i faget, og har tidlegare jobba som idrettskonsulent ved Studentsamskipnaden ved Universitetet i Bergen. I tillegg til lærarstillinga
driv ho eige dansefirma i Øystese.
–I år har eg fleire flinke elevar. Nivået er
høgt, fortel Larsen.
Det er flest jenter i klassen hennar. Noko
som er typisk for idrettsgreina. Elevane
skal prøva seg på fleire danseuttrykk som
hip-hop, disco, show-dance, ballett, line-
Jane
dance og swing. Dei jobbar òg med eigne
koreografiar og trenar opp eit variert
repertoar. Larsen samlar elevane sine idear
slik at dei får bruka sin eigen ”mat”. Ho
fortel at dei for tida førebur ei juleoppvising
på skulen.
Dans er eit praktisk fag, og for mange eit
pusterom i skulekvardagen. Dansarane må
terpa på trinn, læra å bruka musikken og
finna den gode flyten.
Tøft med hip-hop
Katrine Lothe Kristiansen (16) går i 1. klasse
og har dans som programfag. Ho har
dansa mykje med vener, men har ikkje hatt
profesjonell instruksjon tidlegare.
–Eg likar best hip-hop og R&B. Det er tøft,
seier Kristiansen. Og Jane er ein utruleg
dyktig dansar, legg ho til.
Katrine
Volleyball
av C a m illa S kaar L j ones
Guro Torpe (15), Elisabeth Kolltveit (16) og
Morten Madsen Skeie (16) er nøgde med
gymnaset sitt volleyballtilbod. Dei hevdar
at nivået er høgt og rosar eit suverent
spelarmiljø. Dei tykkjer det er lærerikt
og artig å spela med eldre utøvarar. På
gymnaset er sjansen for å verta ein betre
volleyballspelar svært god.
Trenarane Samson Håland, Bård Hogne
Kjosås, Remi Kvåle og Ragni Hestad er vel
omtykte. På skulen har elevane minst ein
time basistrening med spenst og styrke i
veka. Elles øver dei på ulike slag.
Volleyballen tek mykje tid. Torpe, Kolltveit
og Skeie fortel at dei spelar kamp nesten
kvar
helg.
Rossvollspelarane
deltek
mellom anna på U17-helga, dei er med i
skulekretsmeisterskapen og elles spelar dei
vanlege seriehelgar.
Morten
Elisabeth
Guro
http://oyg.hfk.no | E-post: [email protected]
| Telefon: 56 55 66 00
rten
Mo
enter 13 2010
Øystese
gymnas
Jentefotball
Fotball er eit valfritt
programfag ved Øystese
gymnas. Nytt av skuleåret
er eit prosjekt med eit reint
jentelag i fotball.
av C a m illa S kaar L j ones
Linn Kristin Øyri (18), Marianne Stensland
(18), Heidi Flotve (16) og Inger Lise Kvalvik
(16) er alle aktive fotballspelarar på dame/
junior laget til Norheimsund/Øystese. Dei
er samde i at idrett i skulen er positivt og
gjev god variasjon.
–Dessutan får me større overskot. Det er
uproblematisk å kombinera fotballen med
anna skulearbeid, seier Øyri.
Svein Stensland trenar jentene både på
skulen og i fritida. Det at dei har same
trenaren på gymnaset
som på Norheimsund/
Øystese-laget gjev dei
eit
konkurransefortrinn
meiner fotballspelarane.
Stensland legg vekt på
grunnleggjande teknikkar
i treningsøktene. Trenaren
veit om spelarane sine
svake sider og terpar på
desse. Jentene får god
oppfølging.
Innimellom
spelar dei òg med gutane.
Alle
fire
er
Branntilhengjarar. Øyri og Flotve
støttar Liverpool i tillegg,
medan Kvalvik er udelt
Manchester United-fan.
Hest
Sigrid H.
ilde
H
av C a m illa S kaar L j ones
Sigrid Tolo (17), Hilde Amundsen (18) og
Sigrid Haugen (17) er hesteinteresserte.
På gymnaset kan dei dyrka hobbyen òg i
skuletida. Det er ikkje mange vidaregåande
skular som kan skryta av å tilby hest som
valfritt programfag.
Elevane brukar hestane på Børve gard
i Øystese. Dei øver på køyring med
vogn, sprang og dressur. Elles gjer
dei stallarbeidet til den hesten dei rir.
Føremona med hestefaget er fleire. Det
kan auka karaktersnittet fordi eleven er
motivert og engasjert. Det er positivt med
aktivitet og samvære med dyr er spesielt.
Gro Hestad som driv Børve gard vurderer
gymnaselevane ut frå arbeid i stall og
ridning.
Sigrid
T.
http://oyg.hfk.no | E-post: [email protected] | Telefon: 56 55 66 00
enter 14 2010
Cato
Kokkelærlingar
i kvar si bygd
Helge
Sandven Hotel
Sin eigen sjef
Cato Myrvang-Rørvik (20) kjem frå Masfjorden
kommune og er for tida kokkelærling ved Sandven
Hotel i Norheimsund. Han har fullført vg1 og vg2
restaurant- og matfag ved Austrheim vidaregåande
skule. No ventar to års læretid.
av C a m illa S kaar L j ones
Sandven Hotel samarbeider med restauranten "På høyden" i Bergen,
og Myrvang-Rørvik skal kanskje gjennomføra noko av læretida der.
Bergensrestauranten skil seg ut ved at dei sender lærlingane sine til ein
gard for å læra om slakting, utbeining og filetering. Det er tilfeldig at
Myrvang-Rørvik hamna på Sandven Hotel.
–Ei frå Ytre Hardanger Opplæringskontor sende melding om at det var
ledig lærlingplass i Norheimsund, forklarer Cato.
Hotellkjøkenet
Det er for tida tre kokkar på hotellet, inkludert Myrvang-Rørvik. Etter
nyttår vert dei to. Kjøkensjefen, som er frå Nederland, er ny i jobben
og ikkje så driven i norsk julemat enno. Den tidlegare kjøkensjefen
hjelpte til i julebordsesongen før han slutta etter årsskifte. MyrvangRørvik fortel at hotellet er travelt og har full ordrebok. Då Enter snakka
med kokkelærlingen var julebordsesongen i full gang.
–På nyåret vurderer hotellet å ta inn ein lærling til, fortel MyrvangRørvik.
–Me får sjå kva eg klarar å ta på meg. Å vera kjøkensjef er ein krevjande
jobb, seier Myrvang-Rørvik.
Hardangerfjord Hotel
Helge Fonneland Bu (18) har gått to år på
restaurant- og matfag ved Arna yrkesskole. No er
han lærling ved Hardangerfjord Hotel i Øystese
fram til august 2010.
Bu som er frå Vikøy, har hatt praksis ved fleire etablissement i Kvam i
løpet av dei to åra han gjekk på skule i Arna. Målet for kokkeelevane
er å vera innom ulike arbeidsplassar som institusjonar, kafear,
restaurantar og hotell. Bu har laga mat på kjøkenet ved Framnes
Kristne Vidaregåande Skule, hjå Arvid Mæland Catering og på kafeen
Kaffimat i tillegg til hotell Neptun i Bergen.
Hotellnæringa
Lærlingoppgåver
Myrvang-Rørvik tykkjer sjølv han får ha ein finger med i det meste
som skjer på kjøkenet. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande.
Hotellet har ikkje fast meny. Lærlingen tek i del i matlaginga og hjelper
til med å komponera à la carte-menyen.
–Me på kjøkenet har det kjekt og gjestene får nye og positive
smaksopplevingar, håpar me, seier Myrvang-Rørvik. Han er særskilt
glad i å laga dessertar som til dømes espresso mousse og crème brûlé.
–Eg likar å laga allslags mat. Eg er glad i det søte, fortel MyrvangRørvik.
Elles er det sjølvsagt òg ein del typiske og meir trøyttsame
lærlingoppgåver som å rydda og skrella poteter.
Vegen til suksess
Myrvang-Rørvik valde kokkefaget fyrst og fremst fordi han er glad i å
laga mat.
–Eg har eit velutvikla konkurranseinstinkt og trivst med utfordringar,
seier han. Draumen hans er å jobba som kjøkensjef og kanskje driva
sin eigen restaurant. Når Myrvang–Rørvik er ferdig med læretid og
fagbrev, er fyrste steget å jobba seg oppover til soussjef.
Overgangen frå skule til arbeid har vore ei positiv oppleving. Han har
vore i praksis både fyrste og andre året på vidaregåande.
–Eg tykkjer eg lærer meir av praktisk arbeid. Det å vera på eit kjøken og
gjera alt sjølv i staden for at nokon fortel deg om det, byggjer erfaring.
På kjøkenet er det mykje prøving og feiling. Det er surt når ein ikkje får
det til, men verd strevet når det klaffar, seier Myrvang-Rørvik. Han er
godt nøgd med arbeidsplassen og kollegaene sine.
–På Sandven Hotel er det greie folk. Her er ein fin atmosfære. Alle er
venlege og blide. Det hjelper på humøret om ein er litt sliten ein dag,
seier Myrvang-Rørvik.
Det er varierte arbeidsoppgåver på eit hotellkjøken. På Hardangerfjord
Hotel er Bu med på å laga til lunsj- og kveldsbuffé og à la carte-meny.
Han lagar varm mat og dessert til gjestene i tillegg til å telja og bestilla
varer og rydda.
–Hygienen er svært viktig på eit kjøken, seier Bu. Før jul går det mykje i
tradisjonell julemat som pinnekjøt, juleribbe og medisterkaker, julesild
og juleflesk.
–All mat med ordet jul i seg er på menyen. Me lagar mat til alt frå fire
til 200 gjester, fortel Bu.
Angrar ikkje
Bu har alltid vore interessert i matlaging. På ungdomsskulen hadde
han heimkunnskap som valfag, og det ”trigga” lysta til å halda fram
med kokkefaget.
–Eg angrar ikkje på valet. Den einaste ulempa er at foreldre og
vener masar på deg om å laga mat, men det er kjekt når vaksne
familiemedlemer spør om råd, fortel Bu.
Arbeidslivet har òg fleire føre-moner.
–Eg vert meir sjølvstendig og møter nye folk. Dessutan slepp eg lekser
og eksamen, seier Bu. Han ser for seg ein jobb på ein gourmetrestaurant
i Bergen eller Oslo eventuelt på eit hotellkjøken eller i Nordsjøen.
–Som kokk kan ein få arbeid over alt. Det er alltid bruk for ein kokk,
seier Bu.
www.yho.no | E-post: [email protected] | Telefon: 56 55 38 80
enter 15 2010
Lærlingar i platearbeidarfaget
Kristian Nyhus (18) og Lennart Tyssebotn
(21) er lærlingar ved Socon Norheimsund
sveis. Begge har gått på Norheimsund
vidaregåande skule. Nyhus på produksjonsog industriteknikk og Tyssebotn på bilfag.
Bil eller sveis?
Nyhus og Tyssebotn er begge bilinteresserte og vurderte
ein karriere innan mekanikarfaget. Tyssebotn byrja på
bilmekanikarlinja, men fann ut at det vart for mykje av det
gode når ein skulle skru bil både på arbeid og i fritida. I dag er
begge nøgde med hylla dei har hamna på.
av C a m illa S kaar L j ones
Socon er ei sveiseverksemd med 16 verkstadtilsette. Dei produserer nye og vøler gamle og øydelagde stålkonstruksjonar.
Socon leiger òg ut arbeidskraft til andre verksemder som til
dømes Elkem Bjølvefossen ASA. Elles har Socon oppdrag for
Fjellstrand AS, Djupevåg Båtbyggjeri, Viking, off-shore og elles
for privatpersonar. Arbeidet er variert.
–Det er kjekt å ha ulike arbeidsoppgåver kvar dag.
Serieproduksjon kan fort verta litt trøyttsamt, seier Nyhus.
Tyssebotn og Nyhus vart vel mottekne då dei byrja som
lærlingar og begge har funne seg godt til rette. Tyssebotn
avsluttar læretida i mai 2009, medan Nyhus har halvtanna år
att før han skal opp til fagprøve.
Formann ved Socon Norheimsund sveis, Eivind Utne, er
ansvarleg for lærlingane. Ein gong i veka går Utne, Tyssebotn
og Nyhus gjennom lærlingpermane. Her noterer dei kva dei
har gjort av klypping, brenning og skjering i løpet av veka.
n
a
i
t
s
i
r
K
rt
a
n
n
e
L
Ansvaret tynger ikkje
Lærlingane likar å vera i arbeid, og kjenner seg som vanlege
tilsette sjølv om arbeidet deira må sjekkast av ein faglærd.
–Eg er no litt meir arbeidsmenneske enn skulemenneske, seier
Nyhus.
–Dessutan tenar me pengar. Det er ein motivasjonsfaktor, legg
Tyssebotn til.
Som arbeidstakarar må dei syta for å koma på jobb i riktig
tid. Dei må gjera skikkeleg arbeid, slik at konstruksjonane ikkje
dett frå kvarandre. Tyssebotn og Nyhus har like fullt som andre
tilsette eit ansvar overfor kundane. Alt som vert produsert for
off-shore må gjennom standardiserte testar. Sjølve sveisen
vert overbelasta (lastetest) og deretter kontrollert for sprekkar
(røntgentest). Før eller seinare bør platefagsarbeidarane ta
kranførarsertifikat. På ein industriarbeidsplass er det mykje
tungt som skal flyttast. Kranførarsertifikatet er ikkje ein del av
utdanninga, men Socon sponsar sine tilsette for å stimulera
flest mogeleg til å ta sertifikatet.
www.yho.no | E-post: [email protected] | Telefon: 56 55 38 80
enter 16 2010
YHO er godkjend i desse
faga og har følgjande
medlemsverksemder:
Lærling i
reservedelsfaget
Maiken Heggernes (17) er elev ved Norheimsund vidaregåande
skule to dagar i veka samstundes som ho er lærling ved Kvam
Auto. Læretida hennar varer i tre år fordi ho kombinerer
skulegang og arbeid.
Ved Kvam Auto arbeider ho for det meste på delelageret. Ho
tingar delar, legg dei på plass, sender delar i retur dersom det
er tinga for mykje. For tida ordnar og ryddar ho lageret for å få
betre oversyn. I tillegg systematiserer Heggernes bildelane på
data for å kunne at søkja etter delane ein treng.
Trivast i arbeidslivet
–Det er kjekke folk på Kvam Auto og eg likar meg her, seier ho.
Dette året har ho undervising i alt som har med bil å gjera.
Til neste år skal ho ta teori på køyretøy. Siste året er det
reservedelsfaget.
n
Maike
Aktivitør
Kvam herad
Akvakultur
Marine Harvest AS / Lingalaks AS
Ljonesfisk AS / Tombre Fiskeanlegg AS
Anleggsmaskinførar
GBS Entrepenør AS / Arne A. Aalvik
Barne- og ungdomsarbeidar
Kvam herad
Bilfaget, lette kjøretøy
Hardanger Bil AS
Kvam Auto AS
Øystese Mek. Verkstad AS
Bilfaget, tunge kjøretøy
Kvam Auto AS
Øystese Mek. Verkstad AS
Bilskade
Kvam Auto AS
Øystese Mek. Verkstad AS
Billakkerar
Øystese Mek. Verkstad AS
Kvam Auto AS
CNC-operatør
Framo Fusa
Jondal Stål AS
Norheimsund Industrier AS
Elektrikar
Kvam Elektro AS
Norheimsund Elektro AS
Energimontør
Jondal Energi KF
Kvam Kraftverk AS
Forskaling
GBS-Entreprenør AS
Botnen Entreprenør AS
Helsearbeidar
Kvam herad / Jondal kommune
IKT-drift
Fonn Software AS
Framnes Kristne VidaregåandeSkule
Kvam herad
Kvam Rekneskapskontor
Institusjonskokk
Framnes Kristne Vidaregåande Skule
Kjemiprosess
Elkem Bjølvefossen ASA
Kokk
Hardangerfjord Hotel
Sandven Hotel
Landbruksmaskinmekanikar
Gule’s mek. AS
Platearbeidar
Fjellstrand AS / Framo Fusa
Jondal Stål AS / Lid Jarnindustri AS
Socon Norheimsund Sveis AS
Reinhaldsoperatør
Kvam herad
Reservedelsfaget
Kvam Auto AS / Øystese Mek. Verkstad AS
Tømrar
Byggmeister Per Augestad
Hardangerbygg AS
Botnen Entreprenør AS
Kvammabygg AS
www.yho.no | E-post: [email protected] | Telefon: 56 55 38 80
enter 17 2010
Kva skjer i Kvam?
Aerobic
Segling
Musikk
Badminton
Volleyball
Riding
KRIK
Alpint
Kor
Paragliding
Bordtennis
Dans
Skyting
Bowling
Jakt og fiske
Paintball
Revy Ski
Tennis
Ungdomsklubbar
Raude kross
Handball
Golf
Dykking
Friluftsliv
Fotball
Rulleskeiser/-ski
Innebandy
Ungdomslag
Teater
www.visitkvam.no
www.lagsportalen.no
Formgjeving: riss-as.no
Kajakk
Kunstutstillingar