CHRISTIANIA POSTVEG

Transcription

CHRISTIANIA POSTVEG
CHRISTIANIA POSTVEG
POSTVEGANE - FANA / POSTAL ROUTES - FANA / POSTWEGE - FANA
N
GB
D
I 1647 kom det kongeleg påbod om offentleg postordning i Noreg. No
skulle alle bruka det nye postverket, anna var beintfram ulovleg. Før
hadde styresmaktene brukt eigne kurerar, og folk hadde elles ordna seg
på beste vis. Det vart fastsett postruter med postgardar og postbønder,
som skulle syta for at postveska kom fram til neste postgard utan
opphald. Til dette arbeidet fekk dei ein postdreng. I vederlag slapp
bonden skyssplikt og drengen militærteneste. Postrutene gjekk mellom
dei store byane. Dei gamle ferdavegane som folk hadde brukt sidan
vikingtida vart no kalla postvegar, og posten vart boren på ryggen av
postdrengen, eller på hesteryggen. Frå mellomalderen av hadde
bøndene plikt til å halda desse vegane farande for folk og hest, og stå til
teneste med skyss og herberge for staten sine tenestemenn på reisene
deira. Frå midten av 1700-talet vart det avgjort at postvegane skulle
gjerast om til kjørevegar. Dette var ikkje av omsyn til posten, men
fordi den aukande trafikken kravde at vegane vart farande for hest og
vogn. Den gamle vedlikehaldsplikta til bøndene måtte no også omfatta
både utvidinga og vedlikehaldet av dei nye vegane.
In 1647 a royal decree was issued ordering that a public postal service be
established in Norway. From then on everyone had to use the new
postal service. Anything else was in effect illegal. Previously, the authorities had employed their own couriers and the rest of the population
had made arrangements as best they could.
Postal routes were established between “post-farms” and the “post-farmers” were obliged to make sure that the mailbags were brought to the
next “post-farm” without delay. For this work the farmers were allocated a “post-farmhand” and by way of compensation, they were exempted from their transportation obligation and the farmhands from military service.
The postal routes ran between the biggest towns. The old travel routes,
which people had used since Viking times, were renamed post roads
and the mail was carried on the farmhands’ backs or on horseback.
Since the middle ages, farmers had been obliged to maintain these roads
in passable condition for people and horses, and to provide transport
and lodging for servants of the state on their travels.
In the mid-18th century it was decided that the post roads were to be
upgraded to carriage roads. This was not on account of the mail, but
because increasing traffic required roads suitable for travel by horse and
carriage. The farmers’ old maintenance obligation was then extended to
include both the widening and the maintenance of the new roads.
Im Jahre 1647 wurde durch königlichen Erlass eine neue öffentliche
Postregelung in Norwegen eingeführt. Von jetzt an sollten alle das neue
Postwesen nutzen. Andere Formen der Post wurden kurzerhand als
unerlaubt erklärt. Bisher hatten sich die Mächtigen eigener Kuriere
bedient, und die einfachen Leute mussten sich anders helfen.
Es wurden Poststrecken mit Posthöfen und Postbauern eingerichtet, die
dafür sorgen sollten, dass die Posttasche ohne Verzögerungen zum
nächsten Posthof transportiert wurde. Für diese Arbeit hatten sie einen
Postknecht. Als Gegenleistung brauchte der Bauer keine Transportdienste und der Knecht keinen Militärdienst leisten.
Die Postwege verliefen zwischen den großen Städten. Die alten Reisewege, die schon seit der Wikingerzeit von den Menschen genutzt worden waren, wurden jetzt Postwege genannt, und die Post wurde auf
dem Rücken des Postknechtes oder eines Pferdes transportiert.
Seit dem Mittelalter war es Pflicht der Bauern, diese Wege für Menschen und Pferde begehbar zu halten und dafür zu sorgen, dass die
Bediensteten des Staates auf ihren Reisen Transportmöglichkeiten und
Unterkunft bekamen.
Seit Mitte des 18. Jahrhunderts wurde der Ausbau der Postwege zu
Fahrwegen beschlossen. Der Grund dafür waren nicht die wachsenden
Bedürfnisse des Postwesens, sondern der allgemein zunehmende Verkehr, der eine Ausweitung der Wege für Pferd und Wagen erzwang.
Die bisher geltende Pflicht der Bauern zur Instandhaltung galt nun
auch für die Ausweitung und Instandhaltung der neuen Wege.
Christiania
postveg
Ruta til Christiania gjekk over land
mellom Bergen og Tunes. Der ifrå til
Voss gjekk posten med båt der det
var mogeleg, og elles til fots fram til
Vossebana tok over i 1883.
Frå Voss gjekk posten om
Gudvangen - Lærdal-ValdresHadeland til Christiania.
Etter 1854 vart posten tidvis frakta
med dampbåt mellom Gudvangen
og Lærdal. I 1906 vart Bergensbana
«Christiania postveg».
Frå 1647 til 1883 vart posten boren
mellom posthuset i Bergen og
Tunes ved Sørfjorden. Ruta vart
endra etterkvart som vegtilhøva vart
betre, men det var heile tida berre
eit skifte av postdreng og altså ein
postgard på strekninga.
Frå 1647 til 1783 følgde postvegen
den gamle Kongevegen om Isdalen
over Borgerskaret til Borgo, som
var postgard, gjennom Langedalen
til Indre Arna og over Åsheim til
Tunes.
Frå 1783 vart ruta over Borgerskaret
lagd ned. Posten gjekk no sørover til
Kolstibotn og over NattlandsfjelletSedalen til Grimo, gjennom
Grimendalen til Øvre Brattland som
no vart postgard, vidare om HaugoArnatveit og Indre Arna til Tunes.
Kring 1805 vart ruta om Sedalen
Utsnitt av Kart frå 1812-1813 av Aad Gjelle(1746-1840). Den sjølvlærde bondesonen frå Voss som seinare vart stiftskonduktør i Bergen stift.
lagd ned og posten gjekk no frå
Kolstibotn om Sandalen til Midttun,
inn Midttundalen til Grimo og
vidare som før til Tunes.
I 1857 kom det kjøreveg langs
Grimevatnet. Då vart postvegen gjennom Grimendalen lagd ned, og posten
Posten vart boren av postdrengen eller
gjekk den nye vegen fram til Lono og derfrå, som før, til Arna og Tunes.
hesten hans, eller frakta i robåt der det
Like etter 1860 gjekk vegen ut frå byen over den nye Nygårdsbrua og vidare
høvde. Dag og klokkeslett vart fastsett
om Storetveit til Midttun. Derfrå som før til Tunes. Frå 1883 fòr posten med
for posten sin avgang og framkome til endeVossetoget og det vart slutten for postvegane vest for Voss.
stadene Det var ikkje noko latmannsliv å vera
I dag er mange av vegane attgrodde og til nedfalls, mens dei andre stader
Posthorn.
postdreng, korkje sommar eller vinter. For dei som
framstår som vakre turvegar.
rodde stod det ofte om livet å få postveska fram i tide
til neste postdreng. I 1647 vart det sett opp postrute frå Bergen til Christiania
og til Stavanger. Den siste vart nedlagd i 1691, og teken opp att i 1786 samPostførarbevis
stundes med ei rute til Trondheim.
Då den første posten kom til Bergen i 1647, vart borgarane varsla av postryttaren. Han reid rundt i hovudgatene og almenningane og bles i posthornet.
Lista over posten vart slegen opp utanfor postkontoret og hang der til posten
vart henta. Det var ei storhending når posten kom til byen, den første tida ein
gong i veka. Tilstrøyminga til dei små postkontora kunne vera stor, og ikkje
berre av byens beste barn. Det hende det var tilløp til slagsmål. Så ille kunne
det utarta i Bergen at postmeister og infanterikapetin Ditlev Cristian Reusch i
ei lengre kunngjering i Bergens Adresssecontoirs Efterretningner i 1793 fann
det naudsynt å læra byens kjøpmannsstand disiplin i postale forretningar,
m.a. måtte dei formana tenarane sine, som kunne vera grove og uhøvla bondedrenger, “ei at overumple Post-Contoiret med uanstændig Opførsel og
utaalelige Fornærmelser”.
Posten skulle snøgt og trygt fram, og i ein instruks for postbønder heitte det
at “ingen maa føre nogen Post eller Breve til fods eller ved smaae Børn eller
Quindfolck”.
Postføringa
Utkragebrua på Midttun
I 1837 vart det oppretta
eigne stillingar kalla postførarar. Dei tok
over ansvaret for postføringa. Dei vart utstyrt med
våpen. På Kongsberg våpenfabrikk vart det laga eit spesielt våpen
kaldt ”postførarverge” eller ”postmannsdolk”.
Postførarpistol
Merkestein Erdal
Grytebakkbrunè mellom
Erdal og Brattland
Posttaske
Tekst og redaksjon:
Kulturseksjonen i samarbeid med
Kulturlandskapssenteret, Hordaland
fylkeskommune. Kulturkontoret i Fana,
Fana Historielag og Ingemar Nordstrand.
POSTVEGEN ER EIT VERNEVERDIG KULTURMINNE, EIN DEL AV VÅR FELLES KULTURARV.
VIS RESPEKT OG OMTANKE.
HORDALAND FYLKESKOMMUNE, BERGEN KOMMUNE
Utarbeidd med stønad frå
Statens Vegvesen og Posten
Vi takkar Postmuseet for utlån av bileta
av postførarvåpen og posttaske.
Grafisk formgjeving: Geir Goosen