Dalsfjord sokn - Volda.kyrkja.no

Transcription

Dalsfjord sokn - Volda.kyrkja.no
KONFIRMASJONSTIDA I KYRKJA
GIR DEG HØVE TIL Å…
VIKTIGE TIDSPUNKT
TIDSPUNKT!!
MERK AV I KALENDEREN MED EIN GONG!
… finne ut kva du trur
Informasjonsmøte for konfirmantar
og møte for foreldre/føresette
tysdag 28.mai, kl 2000 i Dalsfjord kyrkje

… lære meir om deg sjølv
… lære meir om Bibelen

Presentasjonsgudsteneste
15.september kl 1100 i Dalsfjord kyrkje.
… samtale om kristen tru
Leir:
fredag 4. til måndag 7.oktober
(NB! Første helga i haustferien!)

… bli kjent med kyrkja
… få nye tankar om livet
Skiweekend på Strandafjellet:
Januar 2014. Dette anbefalar vi alle konfirmantar, men det er frivillig.

… engasjere deg i kyrkja sitt arbeid
for miljø og solidaritet
… og mykje meir!
VELKOMEN SOM

Konfirmasjonsgudsteneste 2014
Søndag 4.mai kl 1100
I DALSFJORD KYRKJELYD
BLI MED PÅ EI SPENNANDE REISE
FRAM TIL KONFIRMASJONSDAGEN
KONFIRMASJONSDAGEN!!
————————————————
————————————————--
Volda kyrkjekontor
Tlf kyrkjekontoret 70074090
Postboks 17
Tlf kateketen direkte 4889 3741
6101 Volda
E-post: [email protected]
Besøksadresse: Gymnasvegen 2
(Sparebankbygget), 3. høgda
Tlf Runhild: 4889 3781
E-post: [email protected]
DETTE FÅR DU OPPLEVE SOM KONFIRMANT I
DALSFJORD

Leir
Leir er spennande! Du får vere saman med gamle og nye
vener, vi skal gjere kjekke ting i lag og de får (ganske) snille leiarar som tek hand om dykk. Leiren går av stabelen på
Fjordly leirsenter på Bryggja (20 min frå Måløy)
fredag, 4. til måndag 7.
oktober. (NB! Første helga
i haustferien).

Undervisning
I Dalsfjorden har vi undervisningar på tysdagar kl 14301600, om lag 3 samlingar per semester. Det meste av undervisninga er på Dravlaus bedehus, eller i kyrkja. Vi vil ha
nokre samlingar saman med dei andre konfirmantane i
kommunen, t.d. TemaDagen i mars 2014. For å unngå
”kollisjonar” med andre aktivitetar skal vi informere både
idrettslag, organisasjonar og skulen om dette. Ved skulestart vil du få eit brev med m.a. semesterplan.

For å vere med i forbønshandlinga i konfirmasjonsgudstenesta mot slutten av året er det likevel slik at
ein må vere døypt på førehand. Til dei som ikkje er døypte: Alle
kan altså ta del i opplegget for konfirmasjonstida. Viss du i
løpet av året finn ut at du vil døype deg, gjer vi det ein gong
rundt påsketider.
Dersom du er usikker på om du ynskjer å
ta del i det kyrkjelege konfirmasjonsopplegget er du velkomen til å ta ein prat med
kateketen eller ein av prestane. Dei kan
fortelje meir om kva dette går ut på og kanskje hjelpe deg å tenke vidare.
INFORMASJON OG PÅMELDING
BLI KJENT-MØTE FOR KONFIRMANTAR OG FORELDRE
Alle konfirmantar og foreldre/føresette er invitert til
”BLI KJENT-MØTE” og informasjonsmøte i kyrkja 28.mai
kl 20.00. Her får du bli kjent med dei som hovudansvarlege,
kyrkja, og du vil få informasjon om konfirmasjonskurset vårt og
det som skal skje gjennom konfirmasjonsåret.
PÅMELDING
Anna
I tillegg til undervisninga arrangerer vi 3 kross-samlingar,
3 temakveldar og meir. De får vere med på mange ulike
gudstenester og verte kjent med anna kristent arbeid,
t.d. Nattcafè og skiweekend som de får ta del i gjennom
året.
KVEN KAN VERE MED
MED??
Konfirmasjonstida er open for alle som fyller 15 år i løpet
av 2014 eller byrjar i 9. klasse hausten 2013. Du treng
ikkje vere døypt eller vere medlem i Den norske kyrkja for å
ta del i leir, undervisning eller anna opplegg.
Du melder på konfirmanten ved å følgje linken på heimesida
vår: www.volda.kyrkja.no (Gjerne foreldre/føresette i lag med
konfirmanten!) Påmeldinga er open frå 1. juni.
Påmeldingsfristen er 20.juni
REGLAR FOR
KONFIRMANTANE
§1 Ein bør gjere mot andre slik ein vil at andre skal gjere mot ein
sjølve.
Dersom både konfirmantar og leiarar er positive og greie vil alle
få ei kjekk og lærerik konfirmanttid.
§2 Leiarane forpliktar seg på å gjera alt dei kan for at kvar einskild av konfirmantane skal ha eit godt utbytte av opplegget.
§3 Tidspunkt og andre beskjedar leiarane gjev, må følgjast.
Opplegga startar presis. Dersom
ein ikkje kan møte til undervisning
eller andre samlingar skal kyrkjekontoret eller leiar få beskjed frå
foreldre/føresette, på førehand.
Berre sjukdom gjeld som gyldig
fråvær.
§4 Mobbing og anna oppførsel
som øydelegg for andre er ikkje
tillate.
§5 Dersom ein gjer skade på bygningar, buss eller andre sin
eigedom skal dette erstattast av den som årsaker skaden.
§6 Det er ikkje tillate å bruke mobiltelefon i undervisning og
liknande. Dersom nokre har med seg mobiltelefonar, mp3spelare o.l. skal dei vere avslått og må ikkje vere synleg framme.
VELKOMNE!
ANSVARLEG
Kateket i Volda, Constanze Lindner er hovudansvarleg for konfirmasjonsordninga. I Dalsfjord vil sokneprest Svein Kvamsdal
og kyrkjelydspedagog, Runhild Hånes Aksnes tek seg av undervisning, gudstenester og meir. Ta gjerne kontakt om de har
spørsmål eller kommentarar!
Constanze Lindner
Runhild Hånes Aksnes
Kateket
kyrkjelydspedagog