Modul 2-brosjyre - Studieforbundet kultur og tradisjon

Comments

Transcription

Modul 2-brosjyre - Studieforbundet kultur og tradisjon
SAMARBEIDSAKTØRANE
Bunad- og folkedraktrådet er ein nasjonal institusjon
som arbeider med dokumentasjon, formidling og
rådgjeving for å fremje kunnskap om tilverknad og bruk
av folkedrakter og bunader.
www.bunadraadet.no - [email protected] - 61 36 62 50
Noregs Ungdomslag er ein friviljug
kulturorganisasjon som har som føremål å skape
engasjement og levande lokalmiljø gjennom
folkelege kulturaktivitetar. Bunadrådet i Noregs
Ungdomslag er eit rådgjevande organ i
bunadarbeid.
www.ungdomslag.no - [email protected] - 24 14 11 10
Norges Husflidslag har som hovudoppgåve å
styrke den levande husflidstradisjonen i Norge, og
er den største kursaktøren i landet innan feltet
husflid. Organisasjonen har eit eige fagutval i
bunad og folkedrakt.
www.husflid.no - [email protected] - 22 00 87 00
Folkekulturforbundet (FOLK) er eit studieforbund
som arbeider mot visjonen at det skal vera
mogleg for alle som bur i Norge å bli kjende med
og lære folkelege kulturuttrykk i skapande og
trygge fellesskap.
www.folkekultur.no - [email protected] - 61 21 77 50
Foto: Norges Husflidslag
Bunadopplæringa
modul 2
STING, SAUMTEKNIKKAR OG
BRODERI
Holmen Gård 8.-12./ 22.-26. oktober 2007. 18.-22. februar 2008
BUNADOPPLÆRINGA
Bunadopplæringa er eit samarbeid mellom Bunad- og folkedraktrådet,
Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag og Folkekulturforbundet.
Utdanninga består av ei kursrekke på ni modular. Til saman vil dette gje
deltakarane ei brei innføring i praktisk bunadsaum.
I modul 2 i denne kursrekkja er det sting, saum og brodering som er
temaene, og deltakarane vil gjennom kursveka lære meir om ulike stingog saumteknikkar. Kurslærar er Torill Fossnes. Kurset vil ta for seg alle
dei stinga som er kjent gjennom folkedraktmaterialet, samt samansying,
syteknikkar og broderiteknikkar.
PRAKTISK INFORMASJON
Det er Norges Husflidslag som har ansvaret for modul 2 i Bunadopplæringa.
Tid og stad
Holmen Gård, Gjerstad.
8.-12. oktober 2007
22.-26. oktober 2007
18.-22. februar 2008
Pris
Kursavgifta er 3 200,-.
OMFANG
Adkomst
Tog frå Oslo til Gjerstad stasjon, Sørlandsbanen. Eigen bil: Køyr E-18, ta av til
Gjerstad (15 minutt frå Kragerø eller 10 minutt frå Risør), og køyr 12 km. Holmen
Gård ligg på venstre side, omtrent 100 meter frå hovudvegen.
Kurset tek for seg svært mange ulike typer sting og saumteknikkar. Her er
eit utval av det som vil bli gjennomgått: Spilsaum, kastesting, attersting,
prikkesting, faldesting, forsting, kontursting, plattsaum, knappeholsting,
tungesting. I tillegg vil også andre typer prydsaumer bli gjennomgått.
Overnatting
Holmen Gård tilbyr overnatting.
Telefon 37 15 70 20.
E-post [email protected]
LÆRINGSMÅL
Deltakarane skal etter gjennomføringa av kurset kunne
- sy saman plagg ved hjelp av ulike teknikkar for samansying for
hand og for maskin
- leggje opp og brette inn plagget ved hjelp av ulike saumteknikkar
- velgja ut og bruke historisk rette produksjonsteknikkar på rett
bunad
- bruk av dei vanlege broderiteknikkane til pryding av bunadar og
skjorte
Informasjon og påmelding
For å få meir informasjon om kurset og for å melde deg på, ta kontakt med Norges
Husflidslag. Kursinformasjon/ kurs på Holmen Gård og påmeldingsskjema ligg ute
på www.husflid.no.
Telefon 22 00 87 00
E-post [email protected]

Similar documents