Veg - Sognefjellstunnelane

Transcription

Veg - Sognefjellstunnelane
Torsdag
16. mai 2013 • Nr. 92
Laussal kr. 20,–
Veg- og tunnelbygging i Sogn er eit godt klimatiltak
Reduksjon i klimagassutsleppa
er eit viktig samtaleemne,
særleg i desse dagar i samband
med NTP som skal vedtakast i
Stortinget i juni 2013.
Først vil eg gjerne be om at
alle dei som snakkar varmt om
at all kollektiv- og godstransport
bør over på jernbane, må innsjå
at me ikkje har togstasjonar i
Sogn og Fjordane. (Flåmsbana
reknar eg som ei turistbane).
Kollektivtransporten i vårt fylke
tek m.a. ekspressbussane seg av.
Godstransporten vil trailerane
framleis utføra. Verksemdene er
alle opptekne av snøgg og sikker
godstransport frå dør til dør utan
omlasting. Me lever i år 2013, og
i dag er det store krav frå
kjedene til punktleg levering:
Ordrar som kjem inn før kl.
12.00 skal leverast til dei store
kjedene sine sentrallager dagen
etter kl. 06.00. Leveringsgraden
er ofte sett høgt, heilt opp til 98
prosent.
Når vegane våre er rasfarlege
og fjellovergangane stengde,
kan ikkje næringslivet stola på
at varene kjem fram i rett tid.
Stengde fjellovergangar vert
heller ikkje godteke som god
nok grunn til for sein levering.
Brutalt, men slik er det.
Konkurranseevna vår her i
Sogn vert også svekt grunna
dårlege vegar som krev stort
dieselforbruk og resultatet vert
høge fraktkostnader og store
klimautslepp.
Einaste måten å løysa
problema for industrien på er å
satsa på veg- og tunnelbygging.
Det er og eit godt klimatiltak.
Prosjektet Energi- og miljøsparande tiltak i Lerum Frakt SA
tek for seg korleis ein kan
redusere drivstoff-forbruk og
utslepp av klimagassar i Lerum
Frakt SA. Prosjektet er basert
på faktiske køyredata frå lastebilane: – Dynafleet styringssystem – Køyreåtferd og forbruk, – Ordresystem og
lastevekt, – Ruteval og vegstandard.
Prosjektet er finansiert av
Transnova, Lerum Frakt SA og
Lerum Fabrikker AS.
Vegstandard er den mest
viktige einkeltfaktoren for drivstofforbruk og klimagassutslepp
frå tungtrafikken i Lerum Frakt.
Køyrestil hjå sjåfør er også
viktig for energiforbruk og
utslepp, men ikkje på langt nær
så viktig som vegstandard.
Tunnel til erstatning for fjellovergang kan redusere direkte
klimagassutslepp frå dagens
transport vesentleg. Eit døme:
Tunnel gjennom Hemsedalsfjellet (Borlaug-Storeskar) kan
redusere klimagassutslepp frå
dagens tungtrafikk tilsvarande
1.300 diesel personbilar per år
eller 3.500 tonn. Mitt personlege
råtips er at med Vikjatunnelen,
Sognefjelltunnelane og dei alt
påbyrja tunnelane på E16 Filefjell, vil reduseringa i klimagassutslepp frå dagens tungtrafikk
bli 10–15.000 tonn per år. Det
korrekte talet får me seinare i år
etter at Vestlandsforsking har
forska meir på dei aktuelle
tunnelane her i Sogn, og med
hjelp av Statens vegvesen sine
prognosar for trafikktal på dei
nye tunnelane med tilstøytande
nye vegar. Eg trur at den
endelege rapporten vert interessant lesnad for mange, også
klimaforkjemparar.
Kåre Lerum,
Sogndal