til Lillehammer - Travelnet Fjordane Reisebyrå AS

Transcription

til Lillehammer - Travelnet Fjordane Reisebyrå AS
med Sparebanken Sogn og Fjordane på tur
til Lillehammer
5 dagars tur 18.-22. august 2016
Dag 1 torsdag 18. aug
Førde - Lillehammer
Avreise frå Førde via Sogndal, Lærdal og Hemsedal til Oset Høyfjellshotell på Golsfjellet. Lunsj
servering på Golsfjellet.
Vi køyrer vidare over Valdres og ned til Lillehammer.
Middag og sosialt samvær på hotellet.
Dag 2 fredag 19. aug
Lillehammer
Denne dagen bruker vi på Lillehammer.
Lokal guide møter oss på hotellet og tar oss med på 1 times
synfaring med buss i Lillehammer før vi køyrer til Maihaugen.
Her finn ein over 200 bygningar frå ulike tidsepokar, utstillingar
og kafear. Eit levande museum med opplevingar for alle.
Etter lunsj på Maihaugen går turen vidare til Bjerkebæk;
Sigrid Undseth sin heim.
Museet er ein av Lillehammers vakraste kulturattraksjonar, der
ein kan oppleve heimen og den frodige hagen slik det var den
gongen forfattaren budde her.
Etter programmet får ein tid på eigahand i gågata på Lillehammer. Eller kanskje nokon heller vil vere
med bussen og sjå nokre av OL-anlegga frå 94?
Middag og sosialt samvær på hotellet fredag kveld.
Dag 3 lørdag 20. aug
Lillehammer – Hamar - Løiten
Etter god frukost laurdag morgon går turen til Prestvegen i Ringsaker, til Alf Prøysen sin
barndomsheim.
Prøysenhuset er eit nasjonalt kulturhus til ære for Alf Prøysen, som skal heidra, minne og aktualisere
arven etter Prøysen – og inspirere nye
generasjonar. Inne i huset finn Kafé Julie, ein
innhaldsrik Prøysen-butikk, og utstilling. I
tillegg er det ein bakaromn i kafeen og her
forgår det ofte Prøysen- inspirert baking. Her
tar vi kaffi med noko attåt før turen går vidare.
Vi køyrer til Hamar og Domkirkeodden. Domkirkeodden med si flotte
plassering på ein holme i Mjøsa, byr på ei spennande historie heilt frå det rike
jernaldersamfunnet til bygdekulturen på Hedmarken for 100 år sidan.
Og ikkje minst dei mektige domkirkeruinane i sitt verna glashus.
Frå Hamar køyrer vi til Løiten Brænderi.
Her får vi servert lunsj før vi blir tatt med på ein guida omvising i de gamle
spritfabrikken. Vi skal vere med på «En Akevisitt»
Etter omvisinga blir det tid på eigahand til å kunne gå rundt i lokala til Løiten
og sjå i dei 7 ulike butikkane som ligg her. Bl.a. har dei 3000 m2 med eige lys støyperi; Løiten Lys.
Etter ein innhaldsrik dag går turen tilbake til Lillehammer for middag og sosialt samvær på hotellet.
Dag 4 søndag 21. aug
Lillehammer – Gålå
Etter frukost på Lillehammer og utsjekk set vi kursen
mot fjellet. Vi køyrer Gålåvegen til Wadahl
Høgfjellshotel – midt i Per Gynts rike.
Hotellet er kjent for god mat og allsidig natur.
Vi får servert god lunsj ved ankomst hotellet. Det blir
tid til å nyte frisk fjelluft og hotellet sine tilbod fram til
middag, før ein får høve til å lufte dansefoten.
Dag 5 måndag 22. aug
Gålå – Vågåmo – Sogn – Førde
Etter frukost på høgfjellet køyrer vi vestover til Otta og Vågå. Vi stoppar for lunsj undervegs før vi
held fram til Sogndal og tilbake til Førde.
For meir informasjon/påmelding ta kontakt med Travelnet Fjordane Reisebyrå på
telefon 57 72 50 70 eller mail til [email protected]
Irekna i turprisen :






Turbuss frå Firda Billag
Fergjeutgifter og bom-utgifter
4 frukostar, 5 lunsjar og
4 middagar
4 hotellovernattingar i
dobbeltrom
Utflukter med lokalguide
Reiseleiar frå Sparebanken
REISEFAKTA:
Turpris
Kr. 8.350,-
Tillegg for enkeltrom Kr. 1.100,Antal dagar :
Avreisedato :
Returdato :
Velkommen med på tur med Sparebanken Sogn og Fjordane!
5
18/8 2016
22/8 2016