Meirinntekt DOKUMENT

Transcription

Meirinntekt DOKUMENT
4
NYHETER
LØRDAG 21. MARS 2015
30 år hos San­ne Haug­lid
Frp med val­lis­te i Øyst­re
FA­G ER­N ES: Geir Jul Hel­le (f.v.), Odd Bæk­ke­li­en og
TING­VANG: Tors­dag kun­ne Frp-po­li­ti­kar Ed­gar Linn
Bjørn Ei­nar Thon fikk ny­lig gull­ur av be­drif­ten San­
ne Haug­lid for 30-års lang og tro tje­nes­te i sel­ska­pet.
Tid­li­ge­re har også Kol­bjørn Hau­gen og Mag­ne Steins­li
mot­tatt me­dal­jer. Det skjed­de i 1987 og de fikk da me­
dal­jer fra «Det Kon­ge­li­ge Sel­skap for Nor­ges Vel».
be­kref­te at dei kla­rar å stil­le med val­lis­te til kom­mu­
ne­va­let til haus­ten. – Det had­de vore vel­dig synd om
vi ik­kje had­de fått til det­te, men nå ser det bra ut og
vi stil­ler med ei lis­te, sei­er Linn. Mån­dag kveld har dei
no­mi­na­sjons­mø­te på Ting­vang.
Kommunesamanslåing
kan gje ein milliard ekstra
I ein samanslegen
valdreskommune vil
nær 100 årsverk forsvinne, og den årlege
driftskostnaden må
etter kvart ned med 80
millionar kroner. Men
2016-tilskota blir oppretthaldne i 15–20 år,
og det kan gje Valdres
rundt ein milliard
kroner i meirinntekt.
HELGE GUDHEIM
[email protected]
FAGERNES: – Summen er større
enn eg hadde trudd, og ja, eg vart
overraska. Og desse pengane
meiner eg ein storkommune i Valdres kan bruke til mykje «moro».
Prioriteringa vil eventuelt blir eit
politisk spørsmål, men eg ser for
meg utvikling av lokalsamfunna
våre, næringsutvikling, bygging
av infrastruktur og høgare nivå
på mange tenester, seier kommunalsjef i Nord-Aurdal Jo Audun
Øverby.
Han er også leiar av «Plan og
ressursgruppa» som er oppnemnt i samband med kommunemoderniseringa. Essensen i tala
vart torsdag framlagde for NordAurdal kommunestyre, av han og
Morten Stensby.
1467 årsverk i kommunane
1. januar i år utgjorde dei fast tilsette 1467 årsverk i dei seks valdreskommunane (Etnedal 146,
Vestre Slidre 183, Vang 185, Øystre Slidre 237, Sør-Aurdal 262 og
Nord-Aurdal 455 årsverk). Dersom Valdres blir samanslegne til
ein kommune, reknar ein med at
dette talet må ned med rundt 100
årsverk, og det meiner ein lett kan
ordnast ved naturleg avgang.
Gjennomsnittleg 48 år
Gjennomsnittsalderen på dei
kommunalt tilsette i Valdres er
no 48 år, og innan 2032 vil 631 av
dagens tilsette nå 67 år. Men det
føre til behov for 534 nytilsetjingar i kommunal sektor i Valdres.
Dette er i tillegg til alle som sluttar av andre grunnar enn alder.
«Eg trur ei god reform vil
auke talet på kommunale
arbeidsplassar.»
JO AUDUN ØVERBY, KOMMUNALSJEF
Meirinntekt: Om Valdres slær seg saman til ein kommune, må driftsutgiftene på sikt ned 80 millionar kroner i året. Meirinntekter på rundt ein milliard (det raude feltet) kjem fram når me reduserer driftsutgiftene snøggare enn 20 år fram i tid. Jo Audun Øverby har teikna og peiker.
– Utfordringa vil difor ikkje
vera å bli kvitt folk, men å få inn
nye. Personalleiarane i Valdres
foreslår å gje dei tilsette ein garanti for å behalde jobben, og han
børe vare i minst fem år, seier Jo
Audun Øverby.
1,6 milliard i inntekter
Øverby fortel at valdreskommunane i 2014 hadde samla, brutto
inntekter på 1600 millionar kroner, eller 1,6 milliard. Han seier
dei fri inntektene til valdreskommunane (rammetilskot og skatt)
for 2015 er kalkulerte til ein milliard kroner (1000 millionar).
Ein del av inntektsgrunnlaget
for våre kommunar i dag, er at dei
i noko vekslande grad får «basistilskot», «småkommunetilskot»
og «distriktstilskot Sør-Norge».
Må årleg ned 80 millionar
Jo Audun Øverby fortel at dei årlege driftsutgiftene i ein eventuell
samanslegne valdreskommune
om 20 år skal ned med rundt 80
millionar kroner – i forhold til dagens kostnadsnivå.
– Ein ny kommune vil etter objektive kriterie og kommunerek-
neskap vera 80 millionar kroner
rimelegare å drive. Me bør etter
fem til ti år ha tilpassa oss eit slikt
kostnadsnivå, seier Øverby.
Nytt «inndelingstilskot»
– Staten har sagt at samanslegne
kommunar som mistar dagens
tilskot, i staden skal få eit nytt tilskot, som vil bli kalla «inndelingstilskot». Grunnlaget for dette vil
vera dei tilskota kommunane får
i 2016 – og det vil stå fast med dei
same utbetalingane i 15 år framover i tid. Deretter blir det ei fem
års nedtrapping – altså ned til nivået som er 80 millionar kroner
lægre 20 år etter samanslåinga.
70 millionar i eingongsbeløp
– I tillegg til alt dette kjem eit eingongsbeløp på totalt 70 millionar
kroner til Valdres. Det er dette
som til no har vore omtala som
nær sagt den einaste «gevinsten»
ved ei kommunesamanslåing,
legg Øverby til.
Snøgg kostnadsreduksjon
– Poenget med den eine milliarden kroner, som ein samanslegne
valdreskommune kan få som ek-
stra økonomisk handlingsrom,
er dersom me klarar å redusere
driftskostnadene snøggare enn
20 år fram i tid. Eg meiner ein bør
redusere talet på tilsette gradvis
ved naturleg avgang, og at ein i
løpet av til dømes sju år kan vera
nede på «rett nivå». Berre fram til
eventuell samanslåing i 2018, vil
over 71 av dagens kommunalt fast
tilsette ha nådd 67 år.
Full utteljing i åtte år
– Om me får det til på denne måten, vil ein dermed få åtte år med
full tilskotseffekt (80 millionar
i året), pluss 12 år med delvis effekt. Det er summen at dette som i
løpet av 20 år kan gje oss rundt ein
milliard kroner ekstra å rutte med
i Valdres, seier Øverby.
– Heller vekst enn reduksjon
– I det du her seier Øverby, ligg
det altså til grunn at ein valdreskommune kan drivast meir rasjonelt, og at rundt 100 arbeidsplassar dermed vil forsvinne. Er ikkje
kommunal sysselsetjing nettopp
eit argument for å halde på seks
kommunar?
– Men regjeringa har også sagt
at dei som vel å halde fram som
småe kommunar, ikkje vil få full
økonomisk kompensasjon i framtida. Regjeringa vil også gje fleire
oppgåver til robuste kommunar.
Og dersom me klarar å gjera delar
av den «ekstra» milliarden om til
arbeidsplassar, så er det ikkje mykje me skal bli tilførte før det tek
att dei hundre me taper i rasjonaliseringa.
– Difor trur eg ein god kommunereform faktisk vil auke talet
på arbeidsplassar i kommunal
sektor i Valdres, seier Jo Audun
Øverby.
FAKTA
Ein milliard ekstra?
■■ Dersom dei seks valdreskom­
munane slær seg saman, blir til­
skotsnivået i 2016 grunnlag for
tilskota i 15–20 år fram i tid.
■■ Rundt 100 årsverk forsvinn.
■■ Årleg kostnadsreduksjon skal
etter kvart utgjera 80 millionar.
■■ Om stillingsreduksjonen skjer
på nokre få år, vil det kunne gje
«Valdres kommune» rundt ein
milliard kr. i ekstra handlingsrom.