Så nær, så nær

Transcription

Så nær, så nær
1
SYNSTE MØRE
TORSDAG 14. OKTOBER 2010
NR 37 ÅRGANG 41
TORSDAG 14 OKTOBER 2010
DENNE VEKA
Fredeleg
laksehenting
Etter fredspristildelinga har kinesiske styresmakter avlyst samtalar med fiskeri- og kystminister
Lisbeth Berg Hansen denne veka.
Men då ho sist veke var på Marine
Harvest sine lokalitetar på Bjørlykkestranda og henta laksen som
skal symbolisere ti millionar selde
laks til Kina, gjekk alt gemyttleg
føre seg.
SIDE 8 og 9
Nei til attval
Ordførar Jan Helgøy gir seg etter
denne perioden. Berre ein av formannskapsmedlemene i Vanylven
svarar klart ja på vårt spørsmål om
dei stiller opp att.
SIDE 7
Vegen på Eidså igjen
Kommunestyret skal tysdag ta stilling til om det skal løyvast pengar
til regulering på Eidså. Det må til
for å få gjennomføre vedtaket om
miljøgate. Ikkje alle er samde i det,
og meiner politikarane rett og slett
i staden bør legge mijøgatevedtaket til side og satse alt på ny veglinje bak busetnaden alt no.
SIDE 14 og 17
Så nær, så nær...
ÅVK sin Stian Bellen har runda Åmdalskeeperen i kampen laurdag og
alle ser ballen i nota. Men det blei
stang ut.
Og stang ut blei det for dei lokale fotballaga i år. Serieomlegginga gjer at
ÅVK etter ein relativt god sesong må
ned i 5. divisjon. Dei fortente betre.
FOTO: Andre Kragset
Det gjorde sanneleg også Åheim. Dei
har kjempa som heltar. Berre to fattige poeng skilde dei frå opprykk i
den beste sesongen laget har hatt på
mange år.
Det positive er at vi neste år får lokaloppgjera tilbake. Det kan bli moro!
SIDE 13
6WRUWRSSODJQHVWHYHNHWHPDKXVRJKHLP
www.synste.no
/DWRVVWHVWH
V\QHWGLWW
7LQJLQJDYWLPH
4LF(ALKJELSGATE6OLDA
%ORPNnO
%LJ2QH
FODVVLF
o¸¸§¸
SUNJ
o¸¸§¸
*RGWYLKDUNYDUDQGUH
3DQDVRQLF
9DUPHSXPSH
SUVWN
3(5,2',6.
.‘<5(7<
.21752//
$XWRULVHUWYHUNVWDG7OI
SYNSTE MØRE
FØDDE
Lillebroren til Markus og Andrea, Oliver Taklo Lien, kom
til verden 3. oktober 2010.
Han var da 3750 g og 51 cm.
Stolte og lykkelige foreldre er
May Liss Taklo og Raymond
Lien.
2
TORSDAG 14. OKTOBER 2010
HELSINGAR
Remy André Bakkebø !
(:Vi vil gratulere den kjekke
broren vår så mykje med dagen, 13. oktober. Håper du får
ein fin dag, og ei fin feiring :)
Stor klem frå Ida Marlén, Kim
Henning og mamma & Kurt :)
Robert Hellebust
Vi vil gratulere den kjekke
yngsteguten vår med 10 års
dagen som var 10.10.10. Stor
klem frå små og store i familien.
Kathrine Shanta Tørlen
Ein stor klem til bestesystå &
gratulerer med dei 29 år idag
den 14. okt. Skal bli koselig på
lørdag. Kos & klem fra Pat’n
Anne Lene Rusten
Vi gratulerer hjerteligst med 7
årsdagen din den 18. oktober!
Håper du får ei super bursdagsfeiring på søndag! Mange gode
klemmar frå Hans Ivar, Svein
Erik, mamma og pappa.
Jan Bernhard Moen
Gratulerer med 16-års dagen
tysdag den 19. oktober.
Helsing Irma, Hanne, mamma,
pappa, mormor, morfar, bestemor, onklar og tanter
Gerhard Olav Tørlen
Vår kjære far/svigerfar og morfar fylte 65 år den 11. oktober
- varme klemma og bursdagshelsing fra alle oss i Remvika
og utpå Molnes!
Personalia
Ein del personaliaopplysningar får vi tilsendt "automatisk", men dei aller fleste må
vi få tilsendt frå publikum.
Vi veit dette er svært populært stoff i ei lokalavis, og
oppmodar lesarane våre til å
vere flinke til å melde ifrå om
fødslar, giftarmål, truloving eller kva det skal vere.
Søndagsskuledag på
gardesbesøk
I samarbeid med søndagsskulen på Fiskå / Nordstranda og søndagsskulen på Hakallestranda vil ein arrangere
ein storstilt “søndagsskulens
dag” på besøksgarden Hakallestranda neste søndag.
Søndagssskulen er på frammarsj landet over, og på Hakallestranda blir det nyoppstart i haust med brask og
bram.
Besøksgarden har stilt seg
til disposisjon og søndag
24. oktober blir det først ein
"Sprell Levande søndagsskule" på låven med besøk
av søndagsskulekonsulent
Helge Åkernes fra Sunnmøre
søndagsskulekrins. Etter ei
kjekk samling der blir det
servering, grilling i lavvo, aktiviteter knytta til besøksgarden og vi har med søndagsskuletilhengaren med stor
oppblåsbar hoppepute som
barna kan nytte seg av. Meir
om tid og stad for samlinga
neste veke.
Leonard Opsal Taklo
Vi vil gratulere den kjekke broren og guten vår med 13 årsdagen den 15. oktober. Mange
klemmer fra Pus, Fredrik, mamma og pappa.
Bjørn-Tore Haugen
Vi vil gratulerer storebroren
vår med 14 års dagen i dag 14.
Oktober. Helsing Nikolai og
Henrik
Heime att etter trafikkulukka
Den fem år gamle jenta som vart
skadd i ei trafikkulukke i Gursken 11. september er no heime
att i Syltefjorden.
Alt står etter måten godt til med
jenta, og det er no berre tida
som må takast til hjelp for at
skadane skal gro, opplyser foreldra. Jenta har etter opphaldet
på St. Olavs hospital i Trondheim også vore ei tid på sjukehuset i Ålesund, men vidare
framover vert det mest behandling hos fysioterapeut, slik at ho
kan vere heime.
Når det gjeld den polske statsborgaren som køyrde den andre
bilen, opplyser påtaleansvarleg
Cathrin Remøy til Vestlandsnytt
at han er fengsla på grunn av
KYRKJA
Ulrik Nordal Nyheim
Gratulerer masse med 4-års
dagen din, Ulrik! No er du jammen blitt ein skikkelig stor gut!
Signe er veldig glad for å ha en
kjekk storebror. Det blir kjekt
og kunne feire dagen i nyehuset! Masse gode klemma frå
Signe, mamma og pappa
Hanna Ljotebø-Krokå, 5 år
Vi gratulerer så masse med
5 års-dagen din som var den
11. oktober masse klemmar
frå Frida, Andrine, mamma og
pappa. Bestemor og bestefar i
Krokåna helsar så masse også.
Magnus og Nora Sjåstad
Vi vil gjerne gratulere våre
kjære oldebarn med dagene i
oktober. Magnus ble 9 år den
5. og Nora 6 år den 16. Hilsen
oldemor og oldefar i Syvde
Nora Sjåstad
Vi vil gjerne gratulere skulejenta vår med 6-års dagen den 16.
oktober. Håpar du får ei flott feiring! Klem frå Magnus, mamma
og pappa
Vi minner om at vi må ha helsinga i redaksjonen innan kl
16.00 måndagen i den veka ho
skal stå på trykk.
unndragingsfare. Det inneber
at han er sett i fengsel på grunn
av faren for at han kan flykte til
utlandet.
– Vi har sterk grunn til å tru at
begge dei to polakkane som
sat i bilen som kom over i feil
køyrefelt var rusa. Vidare etterforsking vil også gje svar på
om kollisjonen skjedde etter
ein kombinasjon av rus og høg
fart, seier Remøy til avisa.
Kameraten som sat i bilen er
og sikta i saka fordi han som
eigar overlet køyretøyet til ein
openbert rusa person. Politiet
trur på rask påtale og domfelling i saka.
OLE MAGNE KVALSVIK
Løyvde til TV-aksjonen
Formannskapet i Vanylven har
vedteke å løyve 10.000 kroner
til TV-aksjonen i år.
Det er Flyktningehjelpen som
er organisasjonen som har fått
tildelt den årvisse aksjonen på
NRK1 i år. Medlemer av kom-
munestyret med varafolk skal
ta seg av bøsseberinga i Vanylven søndag 24. oktober.
Oversyn over roder og bøsseberarar vil vi kome tilbake til i
neste nummer.
SØNDAG I KYRKJA
Søndag 17. oktober
21. søndag etter pinse
Vanylven kl.11.00: Felleskyrkjeleg misjonsgudsteneste
for heile kommunen. Sokneprest Ivar Austrheim og NMSmisjonær Finn Ove Kaldhol.
100-årsjub. For misjonskonf.
i Edinburgh. Dåp og nattverd.
Song av Sion musikklag. Presentasjon av misjonsarbeid i
kommunen. Takkoffer til Endlovini og NMS. Kyrkjekaffi.
Selje kl.11.00: Sokneprest
Kari Leine Balog.
I 1910 var det ein stor misjonskonferanse i Edinburg som
sette djupe spor i misjon og
kyrkjeliv verda over. Kyrkja sin
situasjon har endra seg mykje
på desse 100 åra, både i høve
til utbreiing og flytting av kyrkja sitt tyngdepunkt mot sør og
aust.
I Møre nyttar vi 100-årsjubileet til å feire veksten i Guds
rike. Biskopen i Møre og Sam-
arbeidsråd for menighet og misjon i Møre (SMM) har invitert
alle kyrkjelydane til å markere
100-årjubileet, 21. søndag etter
pinse, 17. oktober.
Det vil alle kyrkjelydane i Vanylven kommune gjere på ei felles
gudsteneste i Vanylven kyrkje.
Vi får vitjing av tidlegare NMSmisjonær, Finn Ove Kaldhol.
Og sidan misjon er eit arbeid
for alle kristne, får vi song av
Sion musikklag.
Tekstene som vert brukte,
er valde med tanke på temaet
misjon:
Jes 49,1-6: ...det er for lite at
du er min tenar som skal reisa
opp att Jakobs ætter og føra
heim att den frelste flokken av
Israel. Eg vil gjera deg til eit ljos
for folkeslag, så mi frelse kan
nå til heimsens ende (vers 6).
Ef 4,1-6: Legg vinn på å ver eitt
i Anden, i den fred som bind saman (vers 3).
Matt 9,35-38: Grøda er stor,
men onnefolka er få. Bed då
han som eig grøda, at han må
senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si (vers 37f).
IA
SYNSTE MØRE
3
TORSDAG 14. OKTOBER 2010
Synste Møre ønskjer å arbeide etter "Vær Varsom"-plakaten sine reglar for god presseskikk. Den som meiner seg utsett for urettmessig avisomtale, vert oppmoda til å ta
kontakt med redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt
av Norsk Presseforbund. PFU handsamar klager mot pressa i presseetiske spørsmål.
Adressa til PFU er: Prinsensgt. 1, Pb 46, Sentrum 0101 Oslo . Telefon 22 41 56 80 Telefax:
22 41 19 80
Kjem ut på Fiskå
kvar torsdag.
DÅP
Ubunden lokalavis for
Vanylven og dei næraste bygdene.
Redaktør og dagleg leiar:
Vidar Parr
AKTUELT
Mathias Brudevoll vart døypt
12.09.10 i Syvde kyrkje. Foreldre er Hilde Solibakke og KurtInge Brudevoll.
Signe Nordal Nyheim
Eg blei døypt i Vanylven kyrkje
19.september 2010. Foreldra
mine heiter Renate Nordal og
Bjørnar Nyheim
Vår vakre, lille Josefine Andrea vart døypt i Åram kyrkje
3.10.2010. Stolte foreldre er
Magne Vik og Anita Nordang.
Diamant-samling i går
Maiken Aileen Hellebust vart
døypt i Svatsum kyrkje i Gausdal 5. sept. Stolte foreldre er
Ole Hellebust og Lillian Paulsrud
Representantar frå i
alt sju kommunar på
Søre Sunnmøre og
Nordfjord møttest i
går på Teas Restaurant på Eidså. Dei
skulle bli betre informerte om Diamantrute- ideen.
VIDAR PARR
Det var Nils Olav Moen som
for ei tid sidan lanserte ideen
om ei ”diamant-rute” på Søre
Sunnmøre og i Nordfjord, eit
tiltak vi tidlegare har presentert i Synste Møre. Kommunetyret i Vanylven tende på
ideen og det vart bestemt at
eit informasjonsmøte med
Natalie Lade vart døypt i
Rovde kyrkje 10. oktober 2010.
Foreldre er Sonja Myklebust
Lade og Jonny Lade.
)U
LVW
QR
YH
H
PE
nabokommunane skulle haldast. Vanylven Utvikling AS
vart trekt inn som samarbeidspartnar.
vore i kontakt med Innovasjon
Noreg, og såg vel at dette var to
tiltak som kunne samordnast,
seier Ane Malene Søvik Nygård
i Vanylven Utvikling.
Samordning
Under vegs oppdaga ein så
at eit anna tiltak ”Det Gode
Liv”, som siste åra har gitt ut
eigen brosjyre i same geografiske områda som Diamant-ruta
omfattar, har mykje av same
målet med arbeidet sitt. Aina
Moldskred Kragset, aktiv både i
Krukkehuset i Ulstein og Hakallegarden i Vanylven, har vore
ein av initiativtakarane til dette, som har blitt laga av Spor
Forlag i Ulstein. ”Det Gode Liv”
har prøvd å rette merksemda
mot det som kallast nærturisme i regionen.
– Vi fekk vite at dei hadde
Godt nøgd
Sjølv om tilskipinga på Eidså i
går kolliderte med eit seminar
for næring og kultur i Eid der
mange i målgruppa var deltakarar, var i alt sju kommunar
representerte.
På møtet presenterte Kåre
Stig Nøstdal frå Tibe PR ein
pakke der ein fekk ein presentasjon av prosjektet og ideen – og
der utfordringane vidare vart
klargjort.
– Mitt inntrykk er at deltakarane på møtet var godt nøgde
og ideen positivt motteken. Vi
skal no gå ut med eit formelt
SENTRALE pesronar på møtet i går: Frå venstre Ane
Malene Søvik Nygård frå
Vanylven Utvikling AS, Magne
Grimstad frå Fantastiske
Oseberget - som omfattar
Spor Forlag, Ulstein IT-senter
og Iris Design, Kåre Stig Nøstdal frå Tibe PR og dei to idemakarane Aina Moldskred
Kragset og Nils Olav Moen.
brev til kommunane og få etablert og nemnt opp medlemer
i ei styringsgruppe. Ei viktig
oppgåve framover blir å utvikle, klargjere og avgrense
konseptet. Vanylven Utvikling
si oppgåve blir å vere ein pådrivar i arbeidet. Målet er å vere
operative frå våren 2011, seier
Ane Malene Søvik Nygård.
U
R
%OLPHGDVNDSH
VINNAREN FÅR DELE UT KR 30 000,-
www.tussa.no/skape
SYNSTE MØRE
4
TORSDAG 14. OKTOBER 2010
NAV rettar
1$90¡UHRJ5RPVGDOVHLHUVHJLHLSUHVVHPHOGLQJ
OHLIRUDWGHWLRYHUV\QHWGHLVHQGHXWRYHUKHLOWOHGLJH
LVHSWHPEHUKDUEOLWWIHLOIRUHLQGHONRPPXQDU
,DYLVDVLVWYHNHUHIHUHUWHYLWDODIRU9DQ\OYHQRJ
6DQGHVOLNGHLNRPIUDPLPHOGLQJDIUn1$9RJVNUHLY
Nei til
permisjon
Eit samrøystes formannskapet vil ikkje at Lena Landsverk Sande (V) får innvilga
fritak frå politiske ombod for
resten av perioden. Saka går
til endeleg avgjerd i kommunestyret komande tysdag.
Kinopengar
og Redseveg
FrP-representantane Nils
Olav Moen og Aina Ersvåg
stod for dei to spørsmåla under eventuelt i formannskapet tysdag. Moen ville vite
kva som skjer med pengane
som kommunen har løyvd til
digitalisering av kinoen på
Fiskå. Om ungdomslaget ikkje vil eller kan drive kinoen,
bør desse pengane trekkast
tilbake, meinte Moen og bad
administrasjonen undersøkje saka.
Aina Ersvåg Wefring ville vite
kva tid øvre del av Redsevegen får asfalt. Rådmannen
svara at Driftsavdelinga har
det på si liste i 2011.
40 + 10 tusen
i Hafast-aksjar
Hareid Fastlandssamband
iviterer til aksjeteikning. Formannskapet rår til å nytte
40.000 av pengane frå Hamneavgiftfondet til å kjøpe aksjar. Frå før har ein aksjar for
10.000 i tillegg, slik at samla
sum er 50.000. Fleire gav uttrykk for at dei vona Hareid
kommune vil gjere like eins
når det gjeld Rovdefjordbrua.
Helgøy
i trivselsdebatt
Ordførar Jan Helgøy er ein
av deltakarane når prosjektet TrivselsBygda inviterer
til panelordskifte i Bjørvika
Konferansesenter i Oslo i
dag. TrivselsBygda er eit
samarbeidsprosjekt mellom
4H Norge, Norges Bygdekvinnelag og Noregs Bygdeungdomslag. Tiltaket er
meint å sette fokus på korleis desse tre organisasjonane kan vere med på å skape
aktive, attraktive og levande
bygdesamfunn.
Inger Johanne Sveen i TrivsBygda seier at ho kjenner
litt til Jan Helgøy frå før, og
veit at han er flink til å fronte
bygda og kommunen sin og
at han også er ein talefør
person. Difor vart han invitert til å ta del i orskiftet
som blir leia av Aslak Bonde,
kjend politisk journalist og
analytikar.
DW9DQ\OYHQKDGGHOHGLJHVYDUDQGHWLO'HW
UHWWHVNDOYHUHOHGLJHNYLQQHURJPHQQ'HW
VYDUDUWLOHLQSURVHQWSn$OWVnLNNMHGHQVWRUHVNLO
QDGHQ'nHUDYYLNHWVW¡UUHIRU6DQGH'HUVWRGGHW
VLVWDWGHWYDUOHGLJH1RV\QHUGHWVHJDWUHWWH
WDOHWHUVYDUDQGHWLOHLQSURVHQWSn$YGHVVH
HUGHWPHQQRJNYLQQHU7UDVVK¡JUHWDOHUGHW
OLNHYHOHLQQHGJDQJSnIUnPnQDGHQI¡UVNULY1$9
0¡UHRJ5RPVGDOLUHWWLQJDGHLKDUVHQGWXW
Aksjeteikninga i
Vik ikkje på planar
om omsorgssenter På stø
Men finaniserinsordskiftet vart skuledebatt
Ny sjukeheim skal
byggast. Det vedtok
formannskapet ettertrykkeleg, utan atterhald, samrøystes og vi
hadde nær sagt med
to strek under svaret.
Verre vart det då ein
skulle rydde plass til
millioninvesteringa i
økonomiplanen.
KJELL BRENNE
VIDAR PARR
Ikkje berre tilrådde formannskapet administrasjonen sitt
framlegg om framdrift for bygging av sjukeheim. Dei fjerna alt
som kunne minne om atterhald
og dei skjerpa tidsfristar. Ingen
skal etter dette vere i tvil om at
Vanylven formannskap vil byggje nytt omsorgssenter. Eit senter med brutto låneramme på
140 millionar og med planlagt
driftsstart 1. januar 2013.
steg dette skulle gjelde, og han
meinte det burde vere ei prøveordning.
I administrasjonen sitt rekneeksempel, som etter kvart
kom for ein dag, synte det seg
å vere snakk om bussing av
52 elevar frå Fiskå til Åram, 30
elevar frå Eidså/Myklebust til
Rovde.
Avvist
Finansieringa
Ein av føresetnadene som vart
ståande, er at Økonomiplanen
skal vere i balase og vedtak
som skal stette dei krava skal
gjerast i kommunestyret alt
neste veke. Etter vedtaket i
byggesaka, gjekk så formannskapet laus på dei etter måten
smertelege kutta og tiltaka
som skal til for å få prosjektet
losa igjennom økonomisk. Og
då vart også tonen ein noko
annan. Her låg både innføring
av "eigedomsskatt på verk og
bruk" og beinharde kutt i kultur- og oppvekstsektoren med
1,26 millionar alt i 2012 og heile
2,85 millionar i åra etter.
Adminstrasjonen hadde i sitt
framlegg sagt at dette innebar
nedlegging av omsorgssentra
på Rovde og Åram.
Skuledebatt
Dermed var skuledebatten i
gang. Varaordførar Magne Løvoll (Sp) let skine igjennom at
han kjende til at det i dei interne dokumenta adminstrasjonen hadde jobba med, også
fanst tal for overføring av elevar mellom skular som kunne gi
innsparingar i same klasse som
å legge ned Åram og Rovde skular.
Løvoll foreslo derfor å legge
ned Eidså skule, og omorganisere drifta mellom Fiskå og
Åram skule, Rovde og Myklebust/Eidså skule. Løvoll ville
ikkje seie noko om kva års-
Invitasjonen til aksjar for ei bru over
Rovdefjorden gir stor
respons. Måndag passerte samla sum på
teikna aksjar to millionar. Meir er i vente.
1. november går teikningsfristen ut.
Både Jostein Holsvik (H), Lasse
Rindal (A) , Idar Brekke (H) og
Nils Olav Moen (Frp) avviste
Løvoll sitt framlegg kontant
og meinte det ville vere urimeleg ikkje minst mot foreldre
og elevar på Fiskå som då ville
få tre skular å forhalde seg til:
Åram, Fiskå og Myklebust ungdomsskule og ei svært omfattande bussing av mange elevar
i fleire retningar. Det vart og
peika på at desse framlegga
tidlagare var avviste av kommunestyret. Moen peikte og på
det gangvegnettet ein har bygt
ut både i Syvde og på Fiskå,
nettopp for at elevar trygt kan
gå til skulen.
– Når det gjeld vurdering av
om skular skal drivast vidare,
er det elevtal som gjeld, sa Jostein Holsvik (H))
Rådmann Gudmund Sandnes
sa at dette etter hans meining
var å gå baklengs inn i framtida.
Han viste til den tverrpolitiske
nemnda som hadde konkludert med at Vanylven i framtida skulle ha tre barneskular:
Åheim, Fiskå og Myklebust.
Ordførar Jan Helgøy (KrF)
gav støtte til Løvoll sine tankar
og viste til at Åram skule kunne
bli ein skule for både øyane og
krinsen når brua kom.
Ein til dels hard debatt enda
med at eit fleirtal på fem (Rindal; Moen, Wefring, Brekke og
Holsvik) støtta administrasjonen sitt framlegg, med den
viktige endringa at ein ville be-
KONSENTRASJON: Rådmann Gudmund Sandnes,
t.v. og assisterande rådmann, Andreas Chr. Nørve
i full konsentrasjon med å
halde orden på millionane
under ordskiftet om endringar i økonomiplanen.
halde barnehagane på Åram
og Rovde.
Mindretalet (Løvoll og Helgøy)
røysta for Løvoll sitt framlegg.
Sommarskule
og eigedomsskatt
Etter dette roa ordskiftet seg
noko ned. Eit klart fleirtal (alle
unnateke Wefring og Moen frå
Frp) gjekk inn for eigedomsskatt på bygg og verk. Eit fleirtal på fire gjekk inn for å stryke løyvinga til sommarskule
frå og med 2012. Dei to frå
FrP og Idar Brekke (H) røysta
imot. Dei andre tiltaka i ulike
sektorar var samrøystes.
Den gode replikken
Tonen var skjerpa i formannskapet under økonomiordskiftet. Men med slett ikkje utan
humor.
Vi kostar på oss å ta med
følgjande replikkveksling etter ordføraren sitt innlegg der
han vegra seg for å kutte i talet på skular:
Lasse Rindal (A): Det er to
forslitne uttrykk vi ofte brukar i slike tilfelle. Vi kan seie
som Ole Brum: Ja takk begge
deler. Eller vi kan seie: Skal vi
lage omelett, må det knusast
egg. No har vi nett vedteke å
lage omelett. Då må vi vere
villige til å ta den upopulære
belastninga med knuse nokre
egg!
Jan Helgøy(KrF): Ja, men vi
må spara hønå…
Då runga ein befriande lått
rundt bordet – både godt og
lenge.
– Vi gjekk ut med invitasjon til
alle kommunane i søre-regionen samt resten av kommunane på langs kystvegstrekninga
Ålesund – Florø. Alle desse har
gitt tilsagn om aksjekapital til
bruprosjektet, opplyser varaordførar Magne Løvoll. Han er
godt nøgd med tilbakemeldingane frå dei inviterte kommunane.
Dermed kan Løvoll konstatere at nedre grense som kommunane Sande og Vanylven sette
til utgreiingskapital til prosjektet, er passert.
– Eit kjempeflott resultat
som berre vil legge endå meir
på seg, seier Løvoll og siktar til
signala som er komne inn frå ei
rekkje bedrifter både i Vanylven
og Sande og distriktet kringom,
noko som vil gi eit godt pluss
til aksjeteikninga som alt er på
plass.
– Bind Tussalan
Tussa teiknar aksjar
for 250 000 kroner i
Rovdefjordbrua. Verdien av gode samband
samt kraftselskapet si
rolle som samfunnsbyggjar i sitt område
er grunngjevinga for
aksjekjøpet, seier styreleiar Svein Gjelseth.
KJELL BRENNE
Det var på styremøtet i Tussa
sist fredag det vart vedteke å gi
tilsagn om femti aksjar i Rovdefjordbrua AS, eit selskap som vil
bli stifta straks teikningsfristen
for aksjar går ut 1. november.
På same møtet vart det også
løyvd 250 000 kroner til utvida
aksjekapital i HAFast.
– Styret er oppteke av å vere
ein lokal aktør og ein samfunnsmotor i sitt distrikt. Rovdefjordbrua vert liggande midt i
Tussa sitt område. Ho vil knyte
Tussalandet saman i ein landfast heilskap til gagn både for
innbyggarane og for Tussa som
SYNSTE MØRE
5
TORSDAG14.
14.OKTOBER
OKTOBER 2010
TORSDAG
Gjev dispensasjon for bygging av siloar
)RUPDQQVNODSHWJMRUGHW\VGDJYHGWDNRPDW6LEHOFR
1RUGLFSncKHLPInUGLVSHQVDVMRQIUn3ODQRJE\J
QLQJVORYDWLOnI¡UHRSSWUHQ\HVLORDUPHGK¡JGH
PHWHUIRUW¡UNDVDQGSnNDLRPUnGHW
±(LWYLONnUIRUGLVSHQVDVMRQHQHUDWGHWQ\HE\JJHW WLOWDNHWVLSODQODJGHSODVVHULQJLQWHJUDVMRQPHGNULQJ
YHUWLQQSDVVDLHNVLVWHUDQGHE\JQLQJVPDVVHPHG OLJJDQGHE\JJLVDPHVNDODVRPV UOHJJUXQQIRUn
RPV\QWLONOHGQLQJRJIDUJHYDOIRUnGHPSHGHQYLVX JMHGLVSHQVDVMRQHWWHUSEO†KHLWHUGHWLWLOUnGLQJD
HOOHYHUNQDGHQDYE\JJHW(LQYLOYLVHWLOGHWRPV¡NWH
Rovdefjordbrua:
kurs mot tre millionar
Imponert
Av tyngre samfunnsaktørar
tronar Sparebanken Møre så
langt på aksjetoppen med ein
teikningskapital på 1 mill.
– Kjempefornøgd! Dei er viktig å ha som medspelar, smiler
Løvoll og legg til:
– Det som like mykje imponerer, er den store responsen
ein registerer blant folk flest
for denne saka. Den største
aksjeposten frå einskilde er så
langt på fem aksjar, det vil seie
respektable 25 000 kroner.
Løvoll opplyser at stiftinga
av eit Rovdefjordbrua AS vil
skje straks etter at teikningsfristen 1. november går ut.
Ålesund - Florø
Ordførar Jan Helgøy er også
glad for den responsen aksjeteikninga har gitt.
– Det viser at dette er eit prosjekt med stort engasjement og
som vil ha mykje å seie både
for Vanylven og Sande og heile
regionen elles. Bruselskapet vil
få alle kommunane frå Ålesund
i nord til Florø i sør på aksjelaget, eit stort nedslagsfelt, noko
som også vil skape eit endå
større trafikkgrunnlag for Hareid – Sula, trur ein godt fornøgd Helgøy.
TO MILLLIONAR kroner er passert, smiler varaordførar Magne Løvoll og ordførar Jan Helgøy. Dei både tippar og trur
summen nærmar seg tre millionar dei komande 14 dagane.
det saman
kraftleverandør, understrekar
Gjelseth.
Ikkje i mål
– Eiksundsambandet knytte
saman kommunane på ytre
med Volda/Ørstaregionen. Det
var eit stort steg. Likevel er vi
ikkje heilt i mål sidan bandet til
Vanylven framleis manglar. Når
sambandet over Rovdefjorden
er realisert, opnar det seg også
ei dør til å utvide vårt operasjonsområde lenger sørover på
ytre. Det gir også lettare høve
til å krysse Rovdefjorden med
straum- og andre kommunikasjonskanalar, påpeikar styreleiaren i Tussa.
Stortingsmannen for Ap og
tidlegare samferdselsrådgjevar
i Vanylven kjenner godt til dei
samferdselsutfordringane Vanylven strir med som ”åleinekommunen” i regionen.
– Tussa har hatt ein politikk
på å gå inn med eit mindre bidrag i planfasen av eit prosjekt
og så kome tydelegare tilbake
når tida for handfast realisering
er komen. Litt populært kan vi
gjerne bruke karakteristikken ”konseptutvalsutgreiing”
om den fasen Rovdefjordbrua går inn i.
Samtidig som
brua vil bli ein
kopi på Nordhordlandsbrua med den
kunnskap og
røynsle dette
sambandet
har skaffa fram. Derfor bør
sambandet over Rovdefjorden ha eit svært godt teknisk utgangspunkt, framheld
styreleiar Svein Gjelseth.
– Hadde gjerne sett ho kom i vår tid!
Det seier Kjellaug og
Reidar Vik. Pensjonistekteparet i Syvde
leitar fram 25 000 kroner til aksjar i Rovdefjordbrua.
KJELL BRENNE
Bokhandlarveteranen (88) og
kona (86) i Syvde følgjer godt
med i styre og stell og kva som
elles rører seg i kommunen. Å
knyte vegbandet over Rovdefjorden meiner dei er ei av dei
største oppgåvene for heile
distriktet som alle oppdrivelege krefter må stå saman om
å få realisert.
-Så som vi treng dette sambandet! ynskjedrøymer Reidar.
Han ser brua over fjorden som
– Gledeleg
Ordførar i Sande, Dag Vaagen (biletet), tykkjer det er svært gledeleg å ha
inne ein så pass stor aksjekapital til
Rovdefjordbrua AS.
-Aksjeteikninga har i grunnen gått
greitt unna, noko vi både vona og
trudde vil kome til å skje, seier ordførar Dag Vaagen.
ein framtidsmusikk han og
kona gjerne skulle ha fått oppleve, men som han trur først
kjem etter deira tid. Like fullt
vil dei støtte dette prosjektet
som vil gi Vanylven ei heilt ny
tid trafikkmessig.
-I vår alder brukar vi ikkje
så mykje pengar. Brua ser vi
på som eit så stort gode at vi
gjerne vil støtte det gjennom
aksjekjøp. Vel anvende pengar!
forsikrar Reidar.
-I distriktet, som elles i landet, har her skjedd ei veldig
utvikling. Vanylven har vorte
liggande etter som ei trafikkmessig øy i forhold til omlandet. Her er så mykje å ta igjen.
STØTTAR: Kjellaug og Reidar
Vik ser Rovdefjordbrua som
ei av dei store samfunnsoppgåvene det må kjempast for.
Dei støttar prosjektet med å
kjøpe fem aksjar i bruselskapet. (ARKIVFOTO: VidarParr)
Brua handlar om å ha ei tru på
Vanylven si framtid. Ho vil verte
eit kjempemessig framsteg den
dagen ho kan køyrast, framhevar den rause samfunnsbyggjaren i Syvde som i lag med kona
er blant kulturprisvinnarane i
Vanylven.
SYNSTE MØRE
6
TORSDAG 14. OKTOBER 2010
Klimaplan for Vanylven:
Færre dunkar,
fleire møller?
linga, Magne Lundehaug, seier
Handtering av avfall
ein enno ikkje har bestemt
og potensiale innanfor at
seg, men at det vil verte gitt
sparing og produksjon informasjon til abonnentane i
god tid før nyttår.
av energi er sentrale
punkt i klimaplanen
Stimulere
som kommunestyret
til å levere mindre
skal handsame tysPlanen gir ros til måten avfallsdag.
handteringa fungerer i kommuOLE MAGNE KVALSVIK
Ut frå slagordet ”Tenke globalt,
handle lokalt” vert det i kommunane arbeidd med planar
i forhold til ulike klimatiltak.
Desse omhandlar oppgåver og
tiltak knytte til mellom anna
energiproduksjon, energibruk,
avfall og utslepp, næringsutvikling og transport. Det er
vist at kommunane sjølve kan
påverke om lag 20 % av klimagassutsleppa i Norge (Klimameldinga 2007:17:1).
Til brenning
Under formannskapet si handsaming av planen tok ein mellom anna opp det som gjeld
handtering av avfall. Frå nyttår
skal alt anna enn papir og plast
brennast. Det vil seie at medan papiret går til attvinning
i Stryn, skal både våtorganisk
og restavfall til Ålesund, der
det vert brent hos ein fjernvarmeleverandør. Kommunalsjef
plan og utvikling, Arne Arnesen, seier at omlegginga har ei
kostnadsparande side.
– Men det er og slik at bruken av våtorganisk avfall til
kompost har vist seg å ikkje
verte som førespegla, då det
som vert levert også inneheld
mange element som ein ikkje
ønskjer. Vidare er omnane ved
fjernvarmeanlegget så effektive at ein vil ha våtorganisk
å blande i for å få passeleg avbrenning. Dei er og moderne
og brenn svært reint, med
minimalt avgassar og restprodukt, slik at ein har betre høve
til å lage energi på dette viset,
seier Arnesen.
To eller tre dunkar?
I formannskapet spurde ein om
dette vil gjere at ein går over til
berre to dunkar, eller held fram
med tre.
– Å halde fram med sortering i tre dunkar viss to av dei
går same stad, vil vere å halde
folk for narr, meinte Lasse Rindal (Ap).
Assisterande rådmann, Andreas Nørve, opplyste at ein
likevel vurderte å halde fram
som no.
– Om ein går frå tre til to
dunkar, vil det vere vanskelegare å snu attende om det endrar seg i neste runde, meinte
Nørve.
Avdelingsleiar ved driftsavde-
nen, men tilrår også at ein vurderer ordningar med incentiv
(= stimulering / belønning) for
dei som reduserer sitt eige avfall, gjennom anten reduksjon i
avgift eller tilbakebetaling i forhold til det som vert spart. Slike ordningar har ein ikkje vore
så villeg til å gå inn på, grunna
meirarbeidet det vil medføre
og at ein andre stadar har sett
at det kan medføre ”juks” i leveringa.
Energi-økonomi
på lang sikt
Planen peikar og på at det ligg
ein vesentleg gevinst på lang
sikt i enøk-tiltak.
– Kommunen har truleg eit
lønsamt sparepotensiale på
over 15%. Potensialet hos private og i næringslivet er truleg
minst like stort, heiter det i planen.
Formannskapet var likevel
skeptiske når det i planen vert
sagt at ein innan 2020 ”skal
gjennomføre alle lønsame
enøk-tiltak.”
– Det er greitt at det vil
gje gevinst på lang sikt, men
spørsmålet er kva det kostar
å gjennomføre dei. I staden for
skal, foreslår eg at vi heller set
at vi har mål om, meinte Lena
Landsverk Sande (V).
Held kostnadane nede
Det går fram av planen at det
siste tre åra har vore arbeidd
godt og medvite med enøktiltak og energisparande løysingar på eigen byggmasse. Ein
har mellom anna klart å hente
inn 2,6 millionar kroner i tilskot
til slike prosjekt.
– Vi har vore gode å skrive
søknadar, smiler kommunalsjef Arnesen.
– Med god hjelp av Tussa
og Enova har vi fått gjort mykje som til dømes går på energistyring og seinking av temperaturen om natta. Sjølv om
både prisen har auka og vi har
meir areal, har ikkje kostnadane auka på fleire år. Vidare
tiltak vil vere varmepumper og
skifting av fasade for betre isolering, tiltak som krev større investeringar enn det vi har gjort
til no, seier han.
Alternativ energi
Planen går og inn på det som
gjeld alternativ energi, som til
dømes bruk av biovarme, slik
det vert brukt i nærvarmean-
legget ved sjukeheimen i dag.
Her ser ein føre seg at fleire
aktørar, særleg innfor næringslivet kan kome på bana, men
og at det kan vere grunnlag for
meir næringsverksemd innan
produksjon av råstoff. Ein går
og inn på sider som bruk av solvarme til varmeanlegg i privathus og utnytting av spillvarme
ved mindre føretak, som butikkar og mindre industri.
Med omsyn til vindenergi
konkluderte planen med at
”dette ikkje vert vurdert som
særleg aktuelt i Vanylven, særleg grunna avgrensa areal og
konfliktar med omsyn til bruk
av areal og natur.”
Utgreie vindkraft
Det fann ikkje formannskapet
rett.
– Vi har store areal og har
sagt i samfunnsdel av kommuneplan at vi skal sjå på vindkraft. Då rimar ikkje dette, sa
Lasse Rindal.
Magne Løvoll (Sp) peikte på at
ein også har innspel frå grunn-
eigarlag som har sagt seg positive.
– Vi bør i alle fall følgje opp det
som er sagt i samfunnsdelen og
få utgreidd om det er aktuelt
gjennom å setje opp testmøller,
sa Løvoll.
I klimaplanen tilrådde ein difor
å endre ordlyden til: ”Det skal
vurderast areal der vindkraftturbinar kan setjast opp.”
DUNKAR OG MØLLER: Blir
det boss-sorteringa redusert
til berre to dunkar - og vil
det kome vindmøllepark på
Myklebust/Fiskå-fjellet?
Klimaplanen kan opne for
begge deler. (Monstasje)
Islendingar skal drive kiosk
Kiosken ved bensinstasjonen på Tunheim blir venteleg
opna att til helga. Etter det
Synste Møre får opplyst, har
eit islandsk ektepar sagt seg
interessert i å stifte drivarselskap og ta over drifta av kiosken. Som vi melde sist, er det
noverande drivarselskapet
konkurs.
Nils Olav Moen i eigarselskapet seier at han er svært
glad dersom det no lukkast å
i gang igjen drifta, ikkje minst
sett på bakgrunn av at dette
har vore ein av få stader i området der ungdom har høve til
å samlast på kveldstid.
SYNSTE MØRE
7
TORSDAG 14. OKTOBER 2010
Helgøy gir seg til hausten
Løvoll den einaste i formannskapet som svarar klart ja til attval
Jan Helgøy takkar nei
til attval i kommunevalet neste år.
– 32 år i lokalpolitikk
får vere bra, seier ordføraren.
VIDAR PARR
Ved sida av Jan Helgøy svarar
dei to politiske veteranane Lasse Rindal (A) og Jostein Holsvik
(H) klart nei til attval. Det same
gjer Lena Landsverk Sande frå
Venstre.
Frp sine to, Aina Ersvåg Wefring og Nils Olav Moen, har
begge gitt partiet beskjed om
at dei først kan ta standpunkt
til eventuell ny nominasjon når
det nærmar seg jul.
Varaordførar Magne Løvoll
(Sp) ville ikkje svare på spørsmålet vårt før han har gitt svaret til valnemnda i partiet. Men
fredag kveld kom så spørsmålet frå nemnda.
– Eg svara ja på spørsmålet
deira, seier Magne Løvoll til
oss.
Løvoll kom inn i kommunestyret i første valet etter kommunereguleringa i 2003. I siste
perioden har han vore varaordførar.
ULIK KONKLUSJON: Ordførar Jan Helgøy og varordførar Magne Løvoll saman ved
bordenden under kommunestyremøte. Frå neste haust
vel dei ulik veg vidare.
– Lang verneplikt
– Neste haust vil eg ha 32 år
bak meg i lokalpolitikken i ulike
kommunar. Det får vere ei lang
nok lokalpolitisk verneplikt. I
samråd med familien har eg difor bestemt meg for at det får
vere nok no, seier Helgøy som
ikkje ville ha vore seg sjølv om
han ikkje greidde å smette inn
eit lite tillegg om hjartesaka si:
– Eg håper vi innan neste
haust skal vere komne så lang
at Stadtunnel-saka rullar vidare
med tyngdekrafta si hjelp – at
vi har fått den over bakketoppen for godt. Eg fekk nokre ord
med kyst- og fiskeriministeren
under laksemarkeringa sist
veke og syntest det vi fekk ut
av samtalen var positivt, seier
Jan Helgøy. Han legg elles til at
han har sagt ja til å stå på KrF si
fylkestingsliste.
Nok er nok
– Eg har tote nok no, ler Jostein
Holsvik. Høgre-representanten
kom inn i kommunepolitikken
som fast representant i 1983, og
har site til saman 12 år som fast
representant i ulike periodar.
Lasse Rindal frå Arbeidarpartiet er den representanten
i kommunestyret som pr. i dag
har lengst samanhengande
fartstid. Han kom inn i 1995 og
har vore der sidan.
– No er svaret nei. Det får vere
slutt no, seier partiveteranen.
NEI seier frå venstre Lasse
Rindal (A) Lena Landsverk
Sande (V) og Jostein Holsvik
(H)
Kombinasjonen går ikkje
– Eg har gått inn i ein krevjande
rektorjobb der eg framleis har
mykje å lære og sette meg inn
i. Det nyttar ikkje å kombinere
dette med politikk på formannskapsnivå. Skulle eg drive lokalpolitikk no, måtte det bli som
ordførar med politikk på heiltid. Men engasjementet er ikkje sterkt nok til å satse på det.
I TENKJEBOKSEN: Aina E.
Wefring og Nils Olav Moen
Svaret frå meg blir nei, seier
Lena Landsverk Sande frå Venstre. Ho har også nett søkt om
fritak for resten av perioden, ei
sak som skal opp i kommunestyret på komande møte.
Fengsel på vilkår for fart
Forlengar frist for gjødselspreiing
Formannskapet tilrår at det
i Vanylven vert sett ein frist
for spreiing av husdyrgjødsel
til 1. oktober, ein månad seinare enn no. Det vert vist til
at nedbør som seinkar hoslåtten og andre forhold gjer
at bøndene sjeldan rekk å
køyre ut gjødsla innan fristen
1. september. Det gjer at ein
siste åra stadig må handsame
ei mengde søknadar om utsett frist.
– Ei forlenging av fristen i eilokal forskrift vil difor truleg
ikkje endre noko på praksisen
med utkøyring av gjødsla, skriv
sakshandsamar og uttrykkjer
stor tillit til at gardbrukarane
spreier gjødsla når det er miljømessig gode forhold.
Det sa formannskapet seg
samde i, men diskuterte om ein
derimot burde oppmode til at
spesielt spreiinga om våren
vert gjort meir konsentrert
og med omsyn til hendingar
og arrangement.
– Eg har eit klart intrykk av at
dei ikkje er like flinke til dette
i enkelte andre bygder som i
Syvde, meinte Jostein Holsvik
(H).
Ein ungdom frå Vanylven er
i Søre Sunnmøre Tingrett
dømd til fengsel på vilkår i 16
dagar, med ei prøvetid på to
år. Han vart vidare dømd til
å betale t ei bot på 8000 kroner og tap av førarkort i sju
månader.
Bakgrunnen for domfellinga
er at vedkomande i ein fartskontroll der politiet målte
gjennomsnittsfart, køyrde 128
km/t. Fartsgrensa på staden
var i 80km/t. Køyringa fann
stad i ein tunnel lengre sør på
Vestlandet.
Den domfelte vedgjekk i retten det han var skulda for,
noko som vart rekna i formildande retning og sorenskrivar Ingolv Joa kunne avseie
ein såkalla tilståingsdom.
SYNSTE MØRE
8
TORSDAG14.
14.OKTOBER
OKTOBER 2010
TORSDAG
REFERAT
Vanylving
Eldrefest på Eidsåtun
Eksportutvalet for
Fisk (EFF) valde seg
Vanylven då laks
nummer ti million frå
Norge til Kina skulle
markerast.
OLE MAGNE KVALSVIK
I høve den internasjonale dagen for eldre skipa eldrerådet
og Vanylven pensjonistlag til
fest på Eidsåtun onsdag 6.oktober kl.15.00. Leiaren i eldrerådet, Sigmund Vik, ønskte velkomen til ca 120 frammøtte rundt
festpynta bord. Vi opna med å
synge "De nære ting". Etter det
fekk vi sjølvskrive ord for dagen ved Johannes Fløtre.
Så fekk Karl Johan Hånes frå
Sande ordet. Han fortalde frå
Nepal der han hadde hatt arbeidet sitt i 6 år, eit land med
ca. 30 millionar menneske der
dei fleste er hinduar, men der
er også buddhistar og kristne.
Eit svært interessant kåseri.
Etter dette fekk dei fem brødrene Fløtre sleppe til på kvar
sine instrument. Vi fekk høyre
både "Amazing Grace", "Hvilken venn vi har i Jesus", "De
nære ting" og "Når lysene tennes der hjemme", fleire av songane med solo av bror Odd.
Imponerande.
Jakob Strand helsa frå eldrerådet i fylket. Han snakka om
alderdomen og gleda ved å få
oppleve den.
BRØDRENE FLØTRE i aksjon
på eldrefesten onsdag. Frå
venstre Arvid. Odd, Rasmus, Dagfinn og Johannes alle med etternamnet Fløtre.
(FOTO: Ole Magne Kvalsvik)
Etter bordverset vart det servert nydelege heimelaga kjøtkaker med tilbehør og kvart sitt
kakestykke, kalla verdas beste
med kaffi til. All honnør til dyktige damer på kjøkkenet!
Etter ei god matykt tok Sigmund Vik ordet att. Han orienterte om kor mange eldre vi er
i Vanylven. Han snakka og om
den nye sjukeheimen som er i
emning. Eldrerådet er opptekne av at det skal verte ein god
og tenleg sjukeheim.
Så synte Karl Johan Hånes ein
film frå Nepal der han sist sommar hadde med seg 12 spreke
pensjonistar frå Sande på tur.
Vi fekk sjå dei når dei klatra på
steinlagde stiar i fjellet og når
dei køyrde med jeep i junge-
len og der somme av dei reid
på elefantar i vatnet. Utrulege
bilete frå ein vellukka tur. Brødrene Fløtre avslutta programmet med kjende og kjære tonar.
Til slutt kom leiar i pensjonistlaget, Mary Vik fram og takka
alle som hadde møtt opp, og
ein særskild takk til alle som
bidrog med program. Det vart
delt ut rosebukettar til alle programdeltakarane. Vi avslutta
med songen "Der rosor aldrig
dør", akkompagnert av Rasmus
Fløtre. I det heile ein svært vellukka fest med mykje godt og
variert program.
AS
Syvde-jente disputerer
Vibeke Jensen (biletet) frå Syvde disputerer i dag for doktorgraden ved Universitetet
i Stavanger. Ho er til
dagleg knytt til Høgskulen i Volda og bur
heime i Syvde.
VIDAR PARR
Det er mellomengelsk som er
tema, og doktoravhandlinga på
700 sider er ein såkalla djupstudie av seinmellomalderdialekten i Yorkshire i England.
”Studies in the medieval dialect
materials of the West Riding
of Yorkshire” er den offisielle
tittelen. I pressemeldinga som
er sendt ut i samband med disputasen, blir det sagt at det vitskapelege arbeidet Jensen har
gjort, er med på å gi ei betre
forståing av utviklinga av det
engelse språket generelt og den
regionale varianten av språk i
Yorkshire spesielt.
– Men dette er ikkje akkurat slikt
vi snakkar om til dagleg, Vibeke
Jensen?
– Nei, det kan du seie. Eg kom
vel borti dette emnet ved eit
tilfelle. Eg tok mastergraden i
2006 og fatta under arbeidet
med den interesse for det vitskapelege arbeidet som rettlei-
Han vart fødd på Rovdestranda og vaks seg stor på Bjørlykkestranda, så får andre
media heller kalle han jubileumslaks frå Herøy, der han
fekk si endelikt.
Veksande marknad
Valde Bjørlykka
I går kom ti-millionlaksen til
Shanghai. Eksport av laks til
Kina har vorte ein raskt veksande marknad, og informasjonsdirektør Christian
Chramer i Eksportutvalet fortel at det ikkje er heilt tilfeldig
at det vart ved Marine Harvest sin lokalitet på Bjørlykkestranda at ein henta den
symbolske jubileumslaksen.
– Det var Seafood Farmers på
Valderøya og direktør Bjørn
Eng som sende det første
store partiet med laks til Kina
i 1985. I dag får selskapet fisken sin frå Marine Harvest. Vi
ville difor finne eit av deira
anlegg med slakteklar fisk av
rett storleik, og slik vart det
Bjørlykka, fortel Chramer.
Underviser i Volda
Vibeke Jensen er no høgskulelektar ved Høgskulen i Volda.
Etter disputasnen blir ho truleg 1.amanuensis same stad.
Ho underviser naturlegvis i
engelsk, mest fonetikk på års-
eininga, men også i gramatikk
og gir også rettleing til dei som
fordjupar seg i faget.
Og ho bur i Syvde.
– Her var eit gamalt hus heime,
så der bur eg i alle fall førebels
og pendlar til og frå Volda, seier
ho.
– I morgon er du altså i elden i
Stavanger. Du har vel bede med
deg folk til å oververe denne
store hendinga?
– Mamma og pappa – Solfrid og
Jarle – skal bli med. Elles er det
vener og kollegaer frå dei mange åra eg har budd i Stavanger
som blir til stades, fortel Vibeke Jensen.
Der vil og den nye konsernsjefen i Marine Harvest ASA Alf
Helge Aarskog, vere til stades.
– Kina og Hong Kong kan om
nokre år ha overteke for Japan
som den største importøren
av norsk laks. Kinesarane ser
på Norge som eit reint land og
råvarene herifrå som friske og
sunne. Sidan dei helst et fisken
rå, som sushi, vert norsk laks
rekna som trygg og svært eigna
til dette. Det hjelper og at raudt
er lykkefargen i Kina, seier Aarskog.
Reaksjonar?
Men dette var før Fredsprisen
til den kinesiske dissidenten
Liu Xiaobo. Korleis eventuelle
kinesiske reaksjonar på den vil
verke inn på utviklinga framover, står att å sjå.
Henting med virak
Sist torsdag kom fiskeri- og
kystminister Lisbeth Berg
Hansen, i lag med mellom
anna representantar for Eksportutvalet for Fisk og regionale leiarar i Marine Harvest
og tok opp den 5,8 kilo tunge
laksen frå merda ved den moderne lokaliteten i Bjørlykka.
Med på følgjet var også kinesiske journalistar og to av dei
store TV-selskapa der borte,
som følgjer fisken heile vegen. Etter at laksen var teken
opp, vart han merka og i lag
med resten av laksen frakta
med verda sin største brønnbåt ”Ro Fjord” til den største
laksefabrikken i verda på Eggesbøneset. I eiga kasse bar
så turen vidare med trailer til
Gardermoen, der det var ny
seremoni før avreise til Kina.
Prima kvalitet
aren min dreiv med. Slik starta
det – og no har det altså blitt ei
doktoravhandling av det.
Dei 700 sidene vart levert i
sommar og ein vitskapeleg
kommisjon har bestemt at dei
stettar dei krava som er sette
for at ein skal kunne disputere
og få godkjent doktorgraden eller PhD-graden som er det meir
offisielle namnet.
to av gjestane på middagen.
– All laksen ved denne lokaliteten er av prima kvalitet. Bjørlykka og Brudevika var faktisk
to av dei beste av Marine Harvest Norway sine lokaliteter i
fjor når det gjeld produksjon
og lønsemd. Det er difor svært
hyggeleg at laks nummer ti million kom frå oss, og det er også
ære for Knut Olav og meg å
vere til stades i Shanghai, seier
Per Roar Gjerde.
I kveld på middag med findressen på.
I går var så laksen framme i
Shanghai. Her skulle på nytt
Lisbeth Berg Hansen vere til
stades for å ta i mot han i lag
med kinesiske notabilitetar,
media og publikum. I kveld
vil så 200 utvalde gjestar kunne innta norsk sjømat på ein
stor gallamiddag i Ball Room
i femte etasje på JW Marriot
Hotell Shanghai. Kven som
får smake av den utvalde
laksen er uvisst, kanskje vert
det ein liten bit til kvar? Det
spelar i alle fall lita rolle, seier
Per Roar Gjerde, regiondirektør for Marine Harvest region
Vest, som i lag med driftssjef
Knut Olav Skare ved anlegget
på Bjørlykkestranda vil vere
TV: Knut Olav Skare og Per
Roar Gjerde informerer om
laksen, dekt av kinesisk TV.
SYNSTE MØRE
MØRE
SYNSTE
9
TORSDAG 14.
14. OKTOBER
OKTOBER 2010
2010
TORSDAG
vart jubileumslaks
MINISTER OG LOKALE: Vanylvingar står sentralt
i Marine Harvest Norway si verksemd i det som
heiter Region Vest, som strekkjer seg frå grense
Hordaland i sør til Hustadvika i nord.
Til høgre ser vi produksjonssjef Asgeir Hasund frå
Åheim, opprinneleg dalsfjording, til venstre for
han regiondirektør Per Roar Gjerde frå Syvde. Mellom fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg Hansen
og ordførar Jan Helgøy står Alf Helge Aarskog, fra
Rovde, som i sommer tok over som konsernsjef i
Marine Harvest ASA.
LEKKJA: "The man with the
chain" vekte stor interesse
hos dei kinesiske TV-folka.
OPP AV MERDA: Driftsleiar Knut Olav Skare ved anlegget i
Bjørlykka (med ryggen til) og fiskeri og kystminister Lisbeth
Berg Hansen har fått jubileumslaksen i håven med norsk og
kinesisk media som publikum. Bak Berg Hansen ser vi pro-
duksjonssjef i Marine Harvest Region Vest, Asgeir Hasund,
områdeleiar Sunnmøre/Nordfjord, Otto Igland og ordførar i
Sande, Dag Vaagen.
SYNSTE MØRE
10
TORSDAG 14. OKTOBER 2010
Fire 10-arar for Robert
Det vart fleire tiarar på Åheim
søndag. Fotballaget i bygda
laga ti mål i avslutningskampen mot Haddal. Det vart likevel berre blåbær mot det
Robert Hellebust kunne skilte
med. Han prikka inn fire strake
10-arar på bursdagen sin. For
søndag den 10-ande i 10-ande i
2010 fylte han 10 år. Slå den!
– Familien var då på besøk hos
Ole, bror til Robert, på Næroset ved Moelv. Der vart det
naturleg nok laga ekstra stas på
bursdagsbarnet med desse fire
ti-arane, fortel pappa Inge.
På turen heimatt frå Austlandet søndag, taut radioen heile
tida om den tiande i tiande i to
tusen og ti. Men det heldt nok
berre til sølvplass. For Robert
overgjekk NRK då det klaffa
med å vise fram fjerde ti-aren
for den nybaka ti-åringen.
KJELL BRENNE
10: Bursdagsbarnet Robert
Hellebust markerer tiarane
med ti fingrar i veret.
Fristen er i morgon:
Har du målt opp bustaden?
Fredag er fristen for å
sende inn opplysningar om areal av bustaden i forhold til ny
utrekning av likningsverdien.
OLE MAGNE KVALSVIK
Det har vore mange som dei
siste dagane har snudd seg om
for å få gjort unna oppmålinga.
Enkelte vi har snakka med har
hatt husteikningar å støtte seg
til, andre har gått rundt med
målbandet. Nokre har nytta
sms til å sende inn opplysningane, andre har nytta nettet, vi
har møtt nokre med konvolutt i
handa på veg til likningskontoret på Fiskå, men dei fleste virkar å ha posta svarkonvolutt til
Mo i Rana.
Loftstrappa med
Det synest som dei fleste har
funne ut av kva dei skal ta med
av buareal og primærareal.
Småting, som innreidde kjellarrom og om arealet der loftstrappa går skal reknast med, har
skapt litt bry, men det synest
som dei fleste har funne ut av
det, eller fått hjelp på kommunen. Eit anna spørsmål har vore
kva som skal takast med av loftareal med skråtak. Her seier
reglane at det ikkje skal reknast
det av romet som har under
1,90 takhøgde, og likeeins må
breidda til romet vere over 60
centimeter.
Fekk hjelp
Vi tar eit snarbesøk hos Reidun
Nygard på Eidså, som fortel at
ho fekk hjelp til å gjere jobben
sist veke.
– Det var slekt på besøk som
spurde om det var noko dei
kunne hjelpe meg med, og då
tok dei både nokre tunge løft
og gjorde denne oppmålinga,
seier Nygard. Med eit litt spesielt tak, som vert kalla mansardtak, der takvinkelen ved
rafta minst ser ut til vere 75
grader, er det ikkje mykje som
går bort ved å ha under 1,90
takhøgde.
– Eg veit ikkje om det vart heilt
på centimeteren, men så nøye
er det vel heller ikkje, og det
vert spanande å sjå når resultatet for likningsverdien kjem
attende, seier ho.
MANSARDTAK: Reidun Nygard fekk hjelp til oppmålinga.
Her står ho i loftstrappa, som skal reknast med i arealet.
Det skal nok ikkje delar av platået der rokken står, då takhøgda er under 1,90, men vi ser at med eit bratt reis på taket er det ikkje mykje som går bort hos henne. Huket fyller
nok og kravet om å vere over 60 centimeter breitt.
SYNSTE MØRE
11
TORSDAG14.
14.OKTOBER
OKTOBER 2010
TORSDAG
Haust på synste Møre
Haust er ei fin tid for
så mangt. Også å fotografere.
VIDAR PARR
Josten Nordvik i Syvde skriv i
følgjeteksten til bileta han har
sendt oss:
Eg fall for freistinga til å sende
eit par bilete tekne på Reitane i
Vik i det utruleg fine haustveret
laurdag.
Legg merke til skuggane frå den
lave sola (biletet over. red.
mrk), som får Blåfelden til å
likne på eit hundehovud med
open kjeft. Eit velkjent syn for
oss som bur i Nordvika.
Ja, det har vore mange fine
haustdagar å boltre seg i for
den som likar fotografering.
Men for den som hugsar ikkje
så langt attende, så var det sanneleg både vind og regn også.
Slikt set sitt merke på plommehausten, der mogna plommer
lett sprakk når væta kom.
Plommer
Det har Renate Tunheim sagt
alt om i biletet nede til høgre.
Renate, som har vore nytta
som frilanse-medarbeidar i
avisa frå tid til annan, er elev
på Volda vidaregåande skule
og fortel at dei av fotolæraren
sin har blitt oppmoda til å fotografere og sende inn bilete til
lokalavisene.
Det var som vi skulle ha sagt
det sjølv!
Klar luft
Edel Ruud Barstad på Fiskå
er også ein ivrig fotograf - og
ivrig fjellvandrar. Ho fortel om
mange flotte fjellturar i klar luft
– og sender oss mellom anna
eitt frå toppen av Storebøra
(under).
Og så litt tytebær attpå!
Bilete
Vi tek gjerne mot bilete
frå lesarane våre til bruk i
avis eller på nett. Send dei
til [email protected].
Hugs på at vi må rimeleg
bra oppløysing slik at vi kan
lage bileta passeleg store
på trykk.
SYNSTE MØRE
HELSESTAFETTEN
I samarbeid med helsekoordinator Gry Bringsvor og
kommunen starta vi før sommaren ein stafett der vi vil la
personar i bygdene våre svare på kva dei gjer i forhold til
fysisk aktivitet.
Sist veke var det veterinær
Guri Wangensteen som hadde teljaren. Ho stadfestar
inntrykket av å vere ei aktiv
jente og endar på om lag 106
000 steg.
– Utanom ein dag vart det
turar av varierande lengde
kvar dag. Eg var også heime
i Valdres i helga og hadde ein
langtur på rundt to mil, fortel
ho.
12
TORSDAG 14. OKTOBER 2010
Med lang fartstid i NM
Atle Arnesen har lang
fartstid i norgesmeisterskapet for gjeterhundar. Syvde-mannen
har fått med seg mange NM-arrangement.
Atle svikta heller ikkje
NM-arrangøren i Bø i
Telemark i år.
AV SEVIN HALVOR MOE
– Det har for lengst blitt ein
tradisjon at eg deltek i NM for
gjetarhundar. Eg kjem nok til å
halde tradisjonen i hevd så lenge eg klarer å kvalifisere meg,
og ikkje minst har stor glede av
dette, sa Atle då Synste Møre
sin frilansar huka tak i han. Arnesen hadde på det tidspunktet
gjort seg ferdig med den innleeiande runden. Han hausta stor
applaus fra dei frammøtte i Bø i
Telemark. Dei visste å verdsetje
den flotte prestasjonen hans på
dei frodige åkrane i Midt-Telemark.
Atle er ein av dei som har
oppnådd ei rekkje flotte prestasjonar i NM-samanheng. Han og
Jan Myklebust hadde fått tildelt
forholdsvis høge startnummer
i norgesmeisterskapet. Jan
hadde 48 og Atle nummer 50 i
konkurransen.
Måtte vente lenge
Denne veka lar vi Annbjørg
Tørlen overta stafetten. Tørlen, arbeider i redusert stilling ved servicekontoret, då
ho plagast både med diabetes og hjarteproblem, men er
eit vanleg syn å sjå på småturar i lag med sin trufaste turkamerat, Labben, på 17 år.
– Kva betyr fysisk aktivitet for
deg?
– Det betyr veldig mykje i forhold til helseproblema mine,
men først og fremst går eg tur
fordi eg likar det veldig godt.
Det er faktisk hovudsaka, det
er ikkje slik at eg tvingar meg
ut fordi eg kjenner det som
ei plikt. Men det er no likevel
kjekt å ha Labben, slik at vi
dreg kvarandre ut.
– Kva gjer du for å halde deg
i form?
– Det vert gåturar i nærområdet, sjølv om eg gjerne skulle
gått lengre turar.
– Korleis virkar fysisk aktivitet
på di totale helse?
– Eigentleg det meste. Om det
er ein dag eg ikkje er ute, kjenner eg at eg vert sløv og må ut
for å kvikne til.
– Har du vore på nokon av
postane i vanylvsturen?
– Nei, det har ikkje vorte til
det.
Tips om aktivitet
Det går føre seg så mange aktivitetar kring om i bygdene. Vi
veit vel ommykje, men slett ikkje alt. Så dersom nokon kjenner til noko vi bør skrive om,
så ta kontakt!
Begge skulle i utgangspunktet i
aksjon på fredag. Skodda som
la seg over markane, sette ein
stoppar for det. Arrangørane
fekk ikkje køyrt gjennom alle
den første konkurransedagen.
Juryen bestemte derfor at
dei som ikke rakk å starte før
skodda gjorde sikta vanskeleg,
skulle starte først på laurdag.
Ventetida blei dermed lang for
dei lokale deltakarane. Atle og
Jan let ikkje det påvirke konsentrasjonen.
Begge gjorde ein flott figur i
det mange meinte var det beste
NM-arrangementet gjennom tidene. Arnesen ga også uttrykk
for at han var fornøgd med opplegget. Nøgd var han også med
at fire av seks kvalifiserte Møre
og Romsdal-hundar kom fra
Vanylven. Dei to lokale utsendingene gjorde nemleg sakene
sine bra i Fylkesmeisterskapet.
Det er prestasjonane der som
avgjer kven som får delta i NM.
– Eg er godt nøgd med denne hunden. Hunden Heide har
gjort sine saker bra opp gjennom åra. Han blei best av unghundane under NM i Selbu som
toåring. Heide har også hevda
seg i etterkant. Det er ein flink
arbeidshund som er dyktig på
dyrehandtering, sa Atle som
har 60 lammesauer heime. Hundane får god trening når sauesankinga startar.
Mange kjende
Eigaren prøver også å få trent
dei litt mellom slaga. Det er
ikke alltid det er så lett å finne
tid til det i ein travel kvardag.
På haustparten går mange av
helgane med til gjetarhundprøver og konkurransar. To femte-
EKVIPASE med suksess: Heide og Atle Arnesen.
plassar har det blitt i NM-sammenheng.
Heile fem gonger har han og dei
firebeinte vennane reist heim
som fylkesmeistrar. Norgesmeisterskapa er eit godt høve
til å halde kontakten med miljøet. Det har opp gjennom åra
blitt knytt mange vennskapsband på tvers av kommune- og
fylkesgrenser.
Atle Arnesen legg ikkje skjul på
at det blir mykje hund og saueprat når så mange med felles
interesse møtest. Norgesmeisterskapa er også eit fint høve
til å teste seg sjølv og hundane.
Det blir lettare å halde motivasjonen oppe når ein jobbar mot
slike mål. Atle hadde tredje
FLOTT FIGUR: Både Atle
Arnesen, her med hundane
Akersborg Heide og Pico, og
Jan Myklebust med Akersborg Mygjorde ein flott NMinnsats.
høgste poengsum av 50 deltakarar i den første kvalifiseringa.
Han vart nummer ni i finalen.
SYNSTE MØRE
13
TORSDAG 14. OKTOBER 2010
Åheim skaut tiaren til slutt
Åheim avslutta sesongen med eit tosifra
resultat. Likevel vart
det ein tom storfangst.
For opprykksfavoritt
Hovdebygda slo Sæbø
med solide 6-0.
KJELL BRENNE
-Sett i lys av at opprykket til
Hovdebygda var klart alt dagen
før, gjorde vi ein bra kamp. Men
så var det heller ikkje den store
motstanden frå botnlaget Haddal si side, innrømmar Åheimtrenar Stig Rune Løvold.
Åheim sleit lenge i første
omgang med å få hol på byllen.
Haddal hang godt med og forsvarte seg godt samtidig som
Åheim knekte balltrafikken opp
i småbitar.
Først etter halvtimen fekk
Åheim hol på byllen. Deretter
plussa dei på tre nye scoringar
på rappen. Første kvarteret av
andre omgang heldt målfesten
fram med tre nye nettkjenningar for så å banke inn endå tre
før sluttsignalet gjekk. Åheim
måtte spele med berre ti mann
siste 25 minuttane ettersom
Andre Pedersen vart utvist for
ÅVK avsluttar
mot Skodje
heime laurdag
Draumen om opprykk vart
vanskelegare og vanskelegare
å halde liv i for ÅVK. Og når
det etter kvart har blitt klart at
sjetteplass ikkje er godt nok, er
all von ute. Blindheim sin siger
over Ørsta var spikaren i kista.
Men ÅVk gjorde sakene sine
bra i helga og slo Åmdal 3-0.
Laget ligg på sjuandeplass før
siste serierunde. Men dei er a
poeng med Vigra, berre med
eitt mål dårlegare målskilnad.
Målet laurdag må vere å sikre sjetteplassen. ÅVK sin del
av jobben er å slå Skoidje på
Eidsåvoll. Det bør vere muleg.
På papiret har Vigra ei langt
vanskelegare oppgåve. Dei skal
slå formsterke Blindheim på
bortebane.
Ein sjetteplass blir topp-plassen mellom nedrykkslaga, så
surt det sikkert må kjennest i
ein god sesong for ÅVK. Og det
er ikkje mange lag og mange år
ein opplever å rykke ned frå ein
sjette- eller sjuandeplass med
fem eller seks lag bak seg. Dessutan er det eit lite poeng at med
så mykje uro og fram og tilbake
det har vore i år, kan det vere
greit å ligge på sjette-plassen,
mest for sikkerheits skuld.
TABELL
Lar/Gur
Ørsta
Langevåg
Blindheim
Sykkylven
Vigra
ÅVK
Ørskog
Vartdal
Skodje
Ellingsøy
Åmdal
21
21
21
21
21
21
21
21
21
21
21
21
16
13
12
10
10
9
9
7
6
4
4
3
2
3
5
6
4
3
3
3
4
6
4
3
3
5
4
5
7
9
9
11
11
11
13
15
78 - 32
59 - 31
49 - 33
52 - 36
41 - 28
52 - 48
45 - 42
39 - 59
37 - 59
42 - 60
42 - 65
21 - 64
50
42
41
36
34
30
30
24
22
18
16
12
KAMPFAKTA
GLYLVMRQDYG
+DGGDO±cKHLP
%DQH+¡GGYROONXQVWJUDV
usportsleg framferd, ei avgjerd
fleire av Åheim sine spelarar
forstod lite av. For Åheim laga
Terje Slagnes tre mål, Andre
Pedersen to og Torgeir Halsen,
Martin Stahl, Runar Aahjem Løvold, Magne Brobakke og Ole
Johnny Westerås eitt kvar.
-Vi tenkte ungt i utgangspunktet. Derfor fekk Martin
Stahl og Christian Thue sjansen
frå start, begge fine talent som
har trent godt i heile år. Begge
gjorde ein fin figur, framhevar
Løvold. Han meiner Åheim har
gjennomført ein svært god sesong.
-Vi skulle så gjerne ha teke
steget opp i ein utfordrande 4.
divisjon neste år, men når det
ikkje vart slik, kan det hjelpe på
at vi neste år kvalitetsmessig
får ein 5. divisjon med mange
gode lag å bryne oss på, påpeikar Løvold.
Mestskårande
Storsigeren mot Haddal førte
til at Åheim vart det mestskå-
rande laget med til saman 80
mål, noko som gir fire mål i
gjennomsnitt pr. kamp. Samtidig viser slutt-tabellen at
Åheim har hatt av dei tettaste
forsvara, berre 34 innsleppte,
kun eitt meir enn Hovdebygda.
Dette til tross for at Åheim sleit
med forsvarsfiraren i vårsesongen.
Åheim skal med det første ha
eit spelarmøte der trenarane vil
oppsummere sesongen. Bortsett frå 69-modellen Per Kenneth Hovdevik, som i år gjorde ein frammifrå innsats som
midtstoppar, har vi eit ungt og
teknisk lag på gang med gjennomsnittsalder på kring 20 år.
Dette lovar bra med tanke på
neste år, seier Stig Rune Løvold.
TABELL
Hovdeb.
Åheim
Sunnylven
Hareid 2
Hasundgot
Bergsøy 2
Tjørvåg
Sæbø
Kva/ÅVK 2
Gjerdsvika
Haddal
20
20
18
20
20
19
20
20
20
20
19
16
16
13
10
10
9
8
6
5
2
2
3 1
1 3
1 4
3 7
2 8
1 9
3 9
2 12
2 13
2 16
2 15
78 - 33
80 - 34
75 - 36
55 - 57
80 - 63
55 - 55
52 - 43
54 - 64
45 - 74
38 - 91
31 - 93
51
49
40
33
32
28
27
20
17
8
8
Avdelinga er no ferdigspelt. Sunnylven, Bergsøy2 og Haddal manglar
kampar. Dette er kampar som vart
LOVANDE: Ole Johnny Westerås tilhøyrer Åheim si unge, lovande garde. Midtstopparen, som fekk prøve seg på midtbana i målfesten mot Haddal søndag, avslutta sesongen med å
teikne seg på skåringslista. (ARKIVFOTO)
Scoringsglad gjeng
Fotballen går mot
sesongslutt. I dag tar
vi med eit bilete av
VanKam sitt G 13-lag,
som leier si sjuaravdeling.
OLE MAGNE KVALSVIK
Tysdag var det nest siste
kampen i år, der Tjørvåg vart
nedsabla med 16-3. Største
sigeren i år er på heile 27-3
mot Haddal. Ettter tap i vårsesongen, har ein i haust
visstnok også vunne mot dei
lokale konkurrentane, Åheim
og Åram.
Oppmann og trenar i fjor,
Roald Storeide, meiner at
trenaren i år, Robert Iversen,
må få noko av æra for formstigninga.
– Han har sikkert fått luka
bort nokre av feila dei lærte
i fjor, ler Storeide.
TABELL
G13.07 2. div. Avd. 1 Haust Sunnmøre Fotballkrets
VanKam
8 6 2 0 81 - 34
Hasundgot 7 4 3 0 42 - 26
Folkestad 7 5 0 2 33 - 23
Åheim
6 4 1 1 34 - 25
Hødd 2
7 3 1 3 47 - 42
Åram
7 3 1 3 30 - 26
Hareid
4 1 0 3 8 - 20
Haddal
5 1 0 4 27 - 56
Sunnylven 4 0 0 4 8 - 20
Tjørvåg
7 0 0 7 18 - 56
20
15
15
13
10
10
3
3
0
0
VANKAM G 13: Bak frå venstre: Olai Vedeld, Erlend Iversen, Fredrik Opsal Taklo, Markus
Berge og Ole Petter Storeide.
Framme: Ruben Nordal Santos, Niklas Lillehamre, Kristen Moen, Leonard Opsal Taklo og
fremst keeper Kristian Iversen.
SYNSTE MØRE
14
TORSDAG 14. OKTOBER 2010
INNLEGG
Miljøgate gjennom Eidså sentrum?
Jeg har, som mange andre, fulgt
med i diskusjonene angående
veivalg gjennom Eidså sentrum. Diskusjonene har pågått
i flere tiår. Til stor fortvilelse for
dem som bor der.
Jeg for min del, syntes det
var bra da jeg så ei planskisse
ang. veien, der den ville bli lagt
oppom bebyggelsen. Men så
plutselig gjorde kommunestyret et vedtak om at gjennom
Eidså skulle det bygges ”Miljøgate”. Dette skulle bli så bra og
til alles store tilfredshet. Hvem
kan dette være til glede og nytte for?
Trafikantene? Nei.
Beboerne? Nei.
Bomiljøet? Nei.
De siste ukene har det vært en
del innlegg i Synste Møre, der
undringen og utålmodigheten
har vært stor. Likeledes har
motstanden mot ei miljøgate
kommet tydelig fram.
Selv er jeg av den oppfatning at
med ei miljøgate er alle parter
tapere. Vil vi det?
Miljøgate høres så flott og
framtidsretta ut.
Det kan jeg umulig forstå at
det er. Noen må forklare meg
det og jeg må ha det inn med
teskje.
Det eneste alternativet som
er framtidsretta, er å legge rv.
61 bak bebyggelsen på Eidså,
mot fjellet. Med god støydemping inn mot bebyggelsen.
Riktignok vil dette ta en god
del av dyrka mark, men til tross
for det, er dette det mest fornuftige alternativet.
Vi ønsker jo alle at Vanylven
kommune skal være en kommune i utvikling og vi vil, og
arbeider for, at kystvegen Ålesund/Bergen skal gå gjennom
vår kommune. Vi vil til og med
ha ei bru over Rovdefjorden.
Alt dette vil være et gode for
oss.
Hvorfor vil vi da ha denne
”bremseklossen” som ei miljøgate gjennom Eidså vil bli?
Miljøgate kan det bli for dem
som bor langs veien. Ei koselig, attraktiv, trygg gate … uten
nevneverdig trafikk.
Et trygt uteområde for liten
og stor. Gammel og ung. Et eldorado for beboerne i alle livets faser.
Jeg er redd for at dersom
kommunestyret ikke snur i
denne saka, vil det bety at de
som bor der, de som har satsa
på Eidså som et godt sted å bo,
kommer til å flytte fra Eidså og
kommunen. Hvem vil ha boligen sin tett inn på en trafikkert
riksvei. Med alle de ulempene
som følger med det?
Jeg skulle ikke sagt noe dersom det ikke fantes alternativ,
men det gjør det på Eidså.
Kjære kommunestyrerepre-
sentanter: Arbeidet er ikke påbegynt ennå. Det er ingen skam
å snu. Gjør om vedtaket og få ei
fornuftig løsning … for alle.
Bjarthild Slagnes
IKKJE MILJØGATE gjennom
Eidså sentrum. Kommunestyret bør snu i denne saka,
skriv både Bjarthild Slagnes
i dette innlegget og Kåre Nygård i innlegget under .
Bør jobbe for den beste løsningen
Førstkommende tirsdag skal
kommunestyre behandle vedtaket frå formannskapet om å
bevilge kr. 350.000 til planlegging/detaljregulering Eidså sentrum. Vanylven kommune skal
altså bevilge dette beløpet for
å planlegge en veg, som jeg mener vil bli en flaskehals på kystvegen Ålesund-Bergen.
Med ei miljøgate eller miljøretta gjennomkjøring som det
heter, vil det komme fartsdum-
per og innsnevringer på vegen.
Dette vil føre til mer støy i form
av nedbremsing, akselerering
og igjen også irritasjon for de
kjøretøy som skal nå ferjen på
Koparneset.
Er miljøgate på Eidså med på
å få økt bulyst og trivsel, noe
Vanylven kommune har jobba
iherdig med de siste åra?.
Her blir det jobba veldig aktivt for ei ferjefri kryssing av
Rovdefjorden, som en håper
skal være realiserbart i løpet
av få år. Dette er et veldig bra
tiltak, la det være sagt. Men
hvorfor skal dette prosjektet
være enklere å få realisert enn
å få lagt vegen bak bebyggelsen
på Eidså. Vegvesenet sier i eget
utsagn at veien bakom bebyggelse er et mindre anlegg, som
kan realiseres relativt raskt om
der er politisk vilje.
Det er også fremma forslag om
beredskapsferge på Koparne-
set. Med ei miljøgate med fartsdumper etc. skulle jeg tro det
blir vanskeligere forhold også
for ambulansene.
Vil anbefale kommunestyret å
tenke nøye igjennom det de nå
skal fatte vedtak om, og jobbe
aktivt for den beste og mest
fremtidsrettet løsningen.
Med vegen bakom bebyggelsen
på Eidså, vil tilførsel vegen til
Rovdefjordbrua bli mer attraktiv for trafikkantene. En vil da
få en trygg vei for myke trafikkanter med den veien som allerede ligg her, med det resultat
at vi får øket bulyst og trivsel
på Eidså.
Kåre Nygård
ARRANGEMENT
Temakveld om diabetes
Søre Sunnmøre-, og Volda/Ørsta Diabeteslag, i samarbeid
med Livstilprosjektet ved medisinsk avdeling ved Volda sjukehus, arrangerer temakveld
om diabetes, går det fram av
ei pressemdling laga har sendt
ut.,
diabeteslaga er å få fram informasjon som betrar livskvaliteten til dei som har diabetes. Dei
støttar forsking på diabetes, og
set fokus på utfordringar som
barn med diabetes og deira
familiar har. Lokallaga på Sunnmøre har 350 medlemmer.
Overlege og professor Trond
Jenssen frå Rikshospitalet i
Oslo vil halde foredrag om nyare forsking og behandling ved
type 1 og type 2 diabetes. (Sjå
eigen boks)
I tillegg vil ernæringsfysiolog
Kirsti Kverndokk Bjerkan halde
foredraget «Mat og diabetes.
Kva skal vi tru på, lav-karbo eller ikkje?»
Ho er ein mykje nytta foredragshaldar, som til dagleg jobbar ved Overvektspoliklinikken
ved sjukehuset i Ålesund. Ho
har tidlegare vore tilsett ved
Norsk Diabetikersenter i Oslo.
Livstilprosjektet er eit samarbeid mellom Diabetesforbundet og medisinsk avdeling ved
Volda sjukehus. Målet med
prosjektet er å fremme kunnskap om diabetes, og betre
samhandling mellom helsepersonell ved dei sju komunane
på Søre Sunnmøre. Ein søkjer å
finne gode tiltak som fremmer
brukarane sin eigen behandling
gjennom utvikling av Startkurset for type 2 diabetes.
Hovudføremålet til dei lokale
Vi vonar mange tek turen til
Ivar Aasen-tunet for ein nyttig og lærerik kveld, skriv laga
i pressemeldinga og legg til at
Temakvelden er åpen for alle.
ARRANGEMENTSKOMITEEN frå venstre; Prosjektleiar for
livsstil prosjektet Gerd Helen Masdal, styremedl. og studieleiar i Diabetesforbundet Volda Ørsta, Ove Lid, leiar i
Diabetesforbundet Søre Sunnmøre, Ester Higraff, og leiar i
Diabetesforbundet Volda Ørsta, Oddvin Furnes
Trond
Jenssen er
overlege i
nyremedisin
ved nyreseksjonen, Universitetssykehuset
i Oslo Rikshospitalet, og professor ved
Institutt for Klinisk Medisin,
Universitetet i Tromsø. Han
har arbeidt med både type 1og type 2-diabetes der siste
25 åra, både som klinikar og
forskar. Dei siste åra har han
også vore tilsett som medisinsk medarbeidar i Diabetesforbundet. Til dagleg
arbeider han med pasientar
som har spesielt vanskeleg
diabetes og/ eller nyresjukdom. Han er ein av leiarane
i Det Nordiske Nettverket for
Transplantasjon av insulinproduserande øyceller.
SYNSTE MØRE
15
TORSDAG14.
14.OKTOBER
OKTOBER 2010
TORSDAG
Sandy Sangen lurer på om folk har gløymt henne:
– Kom med skinn
Sandy Sangen på
Nordstranda vil gjerne
lage meir skinnprodukt, men får for lite
råvarer.
OLE MAGNE KVALSVIK
Det var gjennom prosjektet
Hjort- ein ressurs, Sangen for
eit par år sidan tok til å utvikle
produkt av hjorteskinn. Etter
kvart har mange idear fått si
form, mellom anna sitjeunderlag, belte, nøkleringar og puter,
men det er vesker i ulike format
som har vist seg å verte hovudprodukt.
Etterspurde produkt
På eit besøk viser Sangen fram
nokre døme på det som har vorte mest etterspurd. Det gjeld
særleg skuldervesker, men og
reisevesker med stiv botn og
kant. Ho fortel at det meste ho
har laga har vorte seld til kjende og folk som har høyrt om
henne, men at ho reknar med
å reise meir på messer og vise
fram det ho lagar. Men då må
ho ha noko å lage av.
– Eg trur folk har gløymt meg,
ler Sangen.
Lite skinn i år
Ho fortel at det så langt i år har
vorte levert berre tre skinn, og
det rekk ikkje langt. I fjor fekk
ho 19 huder, som vart leverte
til garving i Haugesundområdet. Men skal det verte fart i
produksjonen treng ho også
meir enn det, så oppfordringa
er klar:
– Kom med skinn, seier Sandy
Sangen, som også tilbyr seg å
hente frå dei som vil levere. Og
det må då vere betre enn berre
å grave dei ned?
SKINNPRODUKT: Sandy Sangen ønskjer å lage produkt av
hjortehud, men då treng ho fleire skinn. Her viser ho fram
noko av det ho lagar. Mest populær er skulderveska ho held
i handa, men og større vesker som den til høgre på biletet.
Framfor ho ligg ein av dei nyaste ideane, etui til PC, og vi
ser også ei lita handveske i framgrunnen som passar til
julebordet eller nyttårsballet.
Gjorde det skarpt på kåringssjå
Det vart andreplass og vi utfordrar han på dette med
og det å vere med
raud sløyfe på eit ver- avlsarbeid
på husdyrutstilling.
lam som Paul Sindre
Vedeld hadde med på Bør satse på avlsarbeid
– Eg tykkjer i grunnen at det
kåringssjået i Ørsta.
AV HALLSTEIN LJOSÅ
Paul Sindre innrømmer at det
var stas å kome til Ørsta og
kome nesten til topps i kåringssjået. Ørsta er kjend for eit godt
husdyrmiljø og avlsdyr i toppklasse.
Stor deltaking
162 verlam var med på kåringssjået i Ørsta. Dei vart først grundig sjekka for å sikre at dei var
godt skikka til avl, og så slapp
dommarane til for å gje poeng
og finne dei beste dyra. Ein del
store verar var også med, dei
var allereie kåra og godkjende
frå før, men kom tilbake for
å verte bedømde vidare. Det
var deltakarar frå Ørsta, Volda,
Stranda, Sande, Vanylven, Hareid og Herøy.
– Det har vore ein enorm framgang i dyremateriell og slaktekvalitet siste åra. Dommarane
seier at dei ser skilnaden frå år
til år. Og grunnen er hovudsakeleg at semin er teken i bruk,
men inseminering av sau er ikkje så enkelt, og berre ein del
av søyene vert inseminerte,
seier Paul Sindre Vedeld når
PREMIE: Paul Sindre Vedeld
og gjetarhunden Ari saman
med verlammet som fekk
raud sløyfe på kåringa i
Ørsta.
er rart at ikkje fleire satsar på
inseminering av sau og avlsarbeid. Det er iallfall lønsamt.
Etter at eg starta for nokre år
sidan merkar eg stor skilnad på
kvaliteten, dyra vert tidlegare
slaktemogne og klassifiseringa
er betre. Klasse P er mest heilt
borte og i staden kan det vere
klasse U-. Medan eit lam tidlegare kom med eit oppgjer på
7-800 kr, kan det no kome på
1500 kr. Slikt vert det pengar av.
DIN LEVERANDØR
AV BYGGEVARER
Vaffelhjarte til Runde
Innspelinga av TV-serien
Vaffelhjarte bygt på Maria
Parr si bok med same namn,
blir lagt til Runde i Herøy.
Det har NRK no gjort kjent.
Produksjonsteamet har
vore på synfaring på store
deler av Sunnmøre og funne
mange fine stader.
– Runde vart valt ut fordi der
er alt vi treng, seier produksjonsleiar Margrethe Fjelltun. Ho fortel at dei kjem
til å bruke heile øya og vil
truleg også trekkje inn folk
som bur der som statistar.
Alle i produksjonen skal
bu på Runde
miløjsenter.
– Vi vil ha mest
mogleg ver. Vi
veit der kan
vere verhard,
men det er heilt
fint for produksjonen, seier
Fjelltun.
Innspeling av
serien skjer på
ettervinteren/
våren 2011. I alt sju episodar
STORT UTVALG I
IMPREGNERT TRELAST
Nystøl & Fagerhol AS
6143 FISKÅBYGD
Tlf. 70 02 08 30 Fax. 70 02 08 31
E-post: [email protected]
skal lagast for NRK Super.
www.nystol-fagerhol.no
Fagbutikken i Ditt Distrikt!
SYNSTE MØRE
16
TORSDAG 14. OKTOBER 2010
Laurdag 16.10
!
D
O
B
L
I
T
S
TIME
kl 10-11
God morgen Fosnavåg!
Desse butikkane i Fosnavåg har fantastisk lave prisar på utvalde produkt.
Timestilbodet varer berre ein time, frå klokka 10.00 - 11.00 laurdag 16. oktober.
;£GHI:B6CCI>AB£AA6
BLOMSTER
R OG GAVER
GAV
VER
OLIVENTRE
ca 1m høgt
Førpris: 800 ,No:
FARGERIKE HERØY
BELLA
LLA BLÅ
150 m2 laminat 7 mm. 2 lyse fargar:
bøk og lønn. Førpris: 108,No:
SEBRA PUFFAR
59,-
Førpris: 699,No:
250,-
pr m2
199,-
So langt lageret rekk.
ekk.
70 m2 sjølvklebande vinylflis.
30.5x30.5 cm, 2 farger.
Førpris: 129,No:
49,-
pr m2
So langt lageret rekk.
k
MATCH FOSNAVÅG
JEAN PAUL DUNJAKKER
Butikkane i Fosnavåg
har ope laurdag :
10-16
A. SÆVIK
PERLY’S FRISØR
Heile REDKEN-serien
KREPP SENGESETT
-40%
Førpris: 239 ,No:
Førpris: 1699 ,No:
79,-
699,-
So langt lageret rekk.
So langt lageret rekk.
G-SPORT FOSNAVÅG
TURSEKK m/ståltermos og sitteplate
Antal: 10 stk
Førpris: 499 ,No:
49,-
MODECA
MARIAS MOTE
CARDIGAN
STRIKKA TUNIKA
KA
0 stk
6 fargar, antal 40
Førpris: 560,No:
50,-
199,So langt lagerett rekk.
@DC@JGG6CH:
Laurdag 16. oktober kan du delta på REBUSLØP i Fosnavåg. I ulike butikkar i Fosnavåg
har vi plassert bokstavar, og desse skal setjast saman til eit ord. Det er eit ord på
tilsaman 10 bokstavar. Når du har funne fram til rett ord, lever denne svarslippen til ein
av butikkane i Fosnavåg, eller send svaret til [email protected] innan 19. oktober.
Det blir trekt ein vinnar som blir den heldige mottakar av eit reisegavekort frå BergHansen, som gjeld reise med Apollo til ein verdi av 5000 kr!
1._________
6._________
Ordet er: _________________________________
2._________
7._________
Namn: _________________________________
3._________
8._________
Adresse: _________________________________
4._________
9._________
Telefon: _________________________________
5._________
10._________
premie:
gZ^hZ\VkZ`dgi
kZgY^ 5000 `g
Premien er sponsa av:
www.visitfosnavaag.no
SYNSTE MØRE
17
TORSDAG 14. OKTOBER 2010
Miljøgate Eidså:
Delt syn på vegen vidare
Kommunestyret
har vedteke at vegen gjennom Eidså
sentrum skal rustast opp som miljøgate med gangog sykkelveg, men
det er eit vedtak
fleire politikarar er
sterkt usamde i.
OLE MAGNE KVALSVIK
Tysdag skal ei sak om
løyving av midlar til å utarbeide detaljregulering
av tiltaket opp i kommunestyret. To planleggingsfirma er førespurde
om pris på detaljregulering av vegen gjennom
sentrum, irekna tiltak for
å skape ei miljøgate med
fartsdemparar, estetiske
element og samstundes
opprusting av V/A-nett.
Pris for dette vil truleg
ligge rundt 300 000 kroner, litt avhengig av kva
som vert lagt inn i tilbodet.
I saksutgreiinga heiter
det:
… dette er ein forholdsvis stor sum som vi ikkje
har på budsjettet inneverande år. Men for å kome
vidare ser administrasjonen inga anna løysing
enn at det mest praktiske
er at det vert løyvd midlar
til prosjektet gjennom løyvingar som formannskapet
står inne for. For finansiering av prosjektet kan ei
løysing vere å bruke disposisjonsfondet og kanskje
då dekkje inn dei reknskapsmessige endringane
over drifta.
Feil pengebruk
I formannskapet gjekk FrP
sine to representantar i
mot å løyve midlar til ekstern planlegging.
– Eg har vore mot dette
frå dag ein, men må rette
meg etter fleirtalet i kommunestyret. Eg meiner likevel det vert feil å bruka
så mykje pengar til dette
når det også er planar om
å legge vegen utanom. Vi
kan ikkje la behovet for
ny løysing med omsyn til
kloakk og vatn vere pådrivar for at det skal vere slik
det er no. Dette er ein hovudveg og ein del av Kystvegen, der vi kan få dobla
trafikk når brua kjem. Då
vert det feil å dempe farta
på denne biten og framleis ha trafikk gjennom
sentrum. Vi bør i staden
nytte ein unik sjanse når
vi no kan få stein gjennom
Sibelco si utviding til å få
på plass vegen utanom,
seier Nils Olav Moen
(FrP).
Fram i kø om løysing
Moen varslar at han vil ta
spørsmålet som valkampsak.
– Det vert vist til at veg
bak vil ligge 20-30 år fram
i tid. Andre i vegvesenet
har sagt det er eit mindre
prosjekt som kan takast
straks ein vert einige,
men det lyttar ein ikkje til.
Det viser seg at tiltak der
ein har løysingane klare
vert dytta fram i køen.
Eg vil jobbe for saka etter vedtaket, men om dei
vil ha fram miljøgate som
trafikktryggingstiltak er
det sikkert ressursar på
fylket til å få gjort planlegginga gratis, meiner
Moen.
Må kome vidare
Arbeidarpartiet og Ottar
Jan Løvoll gjekk sterkast
inn for å tilrå å løyve til
ekstern planlegging.
– Eg forheld meg til
vedtaket i kommunestyret, der dette er sett opp
som nummer tre av trafikktryggingstiltaka, etter
Tunheim og Åheim. Vi
kan ikkje halde fram med
ørkenvandring i påvente
av veg i 15-20 år til, men
må kome vidare og få på
plass dette prosjektet i
påvente av at vegen bak
kjem. Eg bur i området og
ser kvar dag 1 500 – 1600
bilar som fer gjennom
sentrum, og farten dei
har. Vi må no få til ei løysing for dei som bur der
og vil bu, seier Ottar Jan
Løvoll.
2010-13).
– Det er nedfelt i vedtaket frå kommunestyret
at vi seinare skal sjå på
vegen bak busetnaden,
men det er nok ikkje så
enkelt som Moen vil ha
det til at ein berre kan gå
i gang. Det vert og sagt at
ein dempar farta til ferja,
men det er berre å starte
eit halvminutt før, seier
Stort prosjekt
Han viser til at vegen bak Løvoll.
for første gong er med på
lista frå fylket mellom ti
store prosjekt det vert arbeidd med utan prioritert
rekkefølgje (Handlingsrom for ”nye” fylkesvegar
DIN LEVERANDØR
AV BYGGEVARER
PÅ KVAR SI SIDE: Nils
Olav Moen (t.v.) og Ottar Jan Løvoll er samde
om at det bør verte
veg bak busetnaden
på Eidså, men Løvoll
meiner ei miljøgate
gjennom sentrum bør
på plass som ei løysing
først, medan Moen meiner ein bør rette innsatsen mot å få til vegen
utanom.
Temakveld
om Diabetes
Stad: Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda, Ørsta
Måndag 18. oktober kl. 19.00.
Foredragshaldarar:
Overlege / professor Trond Jenssen
Ernæringsfysiolog Kirsti Kverndokk Bjerkan
Alle hjarteleg velkomne
HUS - HYTTER
GARASJER
Arrangørar: Dei lokale diabeteslaga i samarbeid
med Livstilprosjektet ved Volda sjukehus.
Nystøl & Fagerhol AS
Sponsa av:
6143 FISKÅBYGD
Tlf. 70 02 08 30 Fax. 70 02 08 31
E-post: [email protected]
www.nystol-fagerhol.no
Fagbutikken i Ditt Distrikt!
SYNSTE MØRE
18
TORSDAG 14. OKTOBER 2010
SYNSPRØVE
Off. godkjent optiker
Seminar om Haugerørsla
- øye for ditt syn
Tlf. 57 85 15 62 - Måløy
Entreprenørskap og samfunnsansvar i Hauge si ånd, seminar på
Møre barne- og ungdomsskule, fredag 15.10.2010, kl 19.00 - 21.30.
Bilde viser
Husqvarna
ST 268EP.
Snøfreserne
har nå kommet.
Velg mellom forskjellige modeller med varierende
kapasitet – de fleste med varme i håndtakene (ikke
5524ST) – og opplev hvordan din del av jobben snarere
blir en fornøyelse enn tungt arbeid.
HUSQVARNA 5524ST
9.995,-
Veil. kampanjepris fra
Veil. pris inkl. mva. fra 11.995,–
Du kan alltid delbetale kjøpet
med Husqvarna-kortet.
ÅHEIM
SENSO AUTO
DIN LEVERANDØR
AV BYGGEVARER
SIGBJØRN RAVNÅSEN
Presentasjon av Haugeinstituttet,
og framføring av utdrag frå Haugespelet.
DAG KULLERUD
Kåseri: Hans Nilsen Hauge, den viktigaste gründeren i Noreg som også tok samfunnsansvar.
Haugebiograf og journalist i Aftenposten.
AMBULERENDE GLASSMESTER
Kommer uke 42
mandag 20. september til
Hareid, Ulstein, Herøy, Sande,
Ørsta, Volda og Vanylven
KORSONG
Damekoret Sirene.
Dirigent Torgeir Hauge.
Høstkampanje!!
ORD FOR KVELDEN
Rektor ved Møre barneog ungdomsskule, Arve Fiskerstrand
Fiskerstrand.
50% rabatt på
3-lag super energiglass!!
Les mer om tilbudet på
www.kvamme.no
HELSING
ordførar Arnulf Goksøyr.
KVAMME HJELPER DEG!
PER SÆVIK
Møteleiar.
Tlf: 40 00 59 39
www.kvamme.no
Kontakt oss senest fredag 16. oktober for avtale
på tlf: 40 00 59 39 eller www.kvamme.no
HUS - HYTTER
GARASJER
Nystøl & Fagerhol AS
Eksperter på utskifting av punktert
eller knust isolerglass
Åresal, sal av kaffi og kaker. Vel møtt!
6143 FISKÅBYGD
Tlf. 70 02 08 30 Fax. 70 02 08 31
E-post: [email protected]
www.nystol-fagerhol.no
Fagbutikken i Ditt Distrikt!
www.husqvarna.no
© 2009 Husqvarna AB (publ).
All rights reserved.
TLF. 70 02 40 65
Lokalavisa fyrstevalet når posten
kjem torsdagane!
Stort opplag neste veke
tema: hus og heim
Haust er mørketid med innehygge og planlegging av både
nybygg, påbygg, oppussing
og fornying av hus, heim og
garderobe!
Neste veke kjem vi i stort opp-
lag og temaet er hus og heim.
Større annonser vil vi gjerne
ha i veke 41, elles vanlig annonsefrist; tysdag kl. 14.
Nytt høvet til å nå gamle og
nye kundar!
Til studentar og skuleelevar busette utanfor Vanylven
Du er ein viktig ressurs for kommunen og vi vil
gjerne at du kjem tilbake hit etter endt utdanning. For å halde banda til heimkommunen sterke, gir vi deg eit gratis abonnement på lokalavisa
Synste Møre.
Kjenner du andre som er student/elev som kan
ha glede av dette tilbodet - tips dei!
Det du må gjere er å sende kopi av gyldig skule-/
VANYLVEN
studentbevis til [email protected] og oppgi
adressa di. Har du alt betalt for eit studentabonnement, må du i tillegg oppgi ditt kontonummer,
så tilbakefører Synste Møre det du har betalt.
Ta gjerne kontakt med oss i Vanylven Utvikling
om du vil vite meir om kva vi står for og kan hjelpe deg med.
UTVIKLING
Interesseorganisasjon for næringsutvikling i Vanylven
For meir informasjon ta kontakt på tlf. 700 20 880 eller
e-post [email protected]
SYNSTE MØRE
Bygderadio Vest
Torsdag 14.10.2010
08:00 Tankar i tida
08:10 Menneske eg møtte
08:20 Morgontonar
09:00 Ny dag (RS)
09:40 Minitreff (RS)
10:00 Norrøna Radio
11:00 Skumma kultur (Reprise)
v/ Sylvi Maria Kornberg
12:00 Kaffipausen (RS)
13:00 Tankar i tida
13:10 Menneske eg møtte
13:20 Ettermiddagstonar
16:00 Skumma kultur (Reprise)
v/ Sylvi Maria Kornberg
17:00 Ettermiddagstimen (RS)
18:00 Program frå Fosnavåg
19:00 Kveldstonar
20:00 Evangeliske tonar
21:00 Kveldstimen (RS)
22:00 Norrøna Radio
Fredag 15.10.2010
08:00 Tankar i tida
08:10 Program frå Fosnavåg
09:00 Ny dag (RS)
09:40 Minitreff (RS)
10:00 Norrøna Radio
11:00 Kåseri v/ Kåre Kvalsvik
11:15 Program frå Fosnavåg
12:00 Kaffipausen (RS)
13:00 Tankar i tida
13:10 Program frå Fosnavåg
16:00 Kåseri v/ Kåre Kvalsvik
16:15 Program frå Fosnavåg
17:00 Ettermiddagstimen (RS)
18:00 Skumma kultur (Reprise)
Sylvi Maria Kornberg
19:00 Klassisk time
20:00 Spørretevling
v/Øystein Bakke
21:00 Kveldstimen (RS)
22:00 Nattsending med Trafikk,
vær og musikk
v/ Mads, Olav og Trond
Laurdag 16.10.2010
11:00 Nattsendinga frå fredags
kveld v/ Mads, Olav og
Trond
21:00 Radio Sentrum
19
VANYLVEN
KOMMUNE
Sosialtsamvær
KOMMUNESTYRET
laurdag 16. okt. kl. 15
Velmøtt.
arr. Nemda
held møte på kommunestyresalen, Combisenteret, Fiskå, tysdag 19. oktober 2010 kl. 10.00.
Sakliste
Open spørjetime. Busetjing/tiltak. Budsjettregulering 2010. Ny sjukeheim.
Godkjenning av forprosjekt.Vidare framdrift.
Økonomiplan - tiltak for
å balansere økonomiplan
for utbygging av ny sjukeheim. Løyving av midlar til
detaljregulering Eidså sentrum. Innbyding til teikning
av aksjar i Hareid fastlandssamband AS. Vedtekter for
skulefritidsordninga i Vanylven kommune - revidert
2010. Kulturskulen - foreldrebetaling. Klimaplan for
Vanylven kommune 2010
- 2015. Sluttrapport: Bulystprosjektet i Vanylven 2008
og 2009. Val av ny representantskapsmedlem m/
varamedlem til Søre Sunnmøre kommunerevisjon
IKS 2007 - 2011. Lena M.
Landsverk Sande - søknad
om fritak frå alle politiske
verv i Vanylven kommune
ut valperioden.
Sakspapir er tilgjengeleg
på kommunen sine internettsider og på Servicetorget, Rådhuset.
Ordføraren
Sundag 17.10.2010
09:45 Gjennom kyrkjeåret
v/ Arne Grimstad
10:00 Norrøna Radio
11:00 Møteopptak frå Betel Volda
13:00 Gjennom kyrkjeåret
Fredtun, Syvde
+DXVWPHVVH
,F˜ià ՘}`œ“ÃÃi˜ÌiÀ
ODXUGDJ RNW NO -> >Û L>ŽÃÌ] ÃޏÌiÌÞ] Ã>vÌ]
LCÀ] œ««iÀ] “ˆ˜ˆ>Վ͜˜°
6ˆ Ãi Àœ“i}À>ÕÌ] ÀˆÃi˜‡
}ÀޘÃ}À>ÕÌ] Ž>ŽiÀ œ}
Ž>vvˆ° /œ“Lœ>°
9HONRPHQ
Dykkerkurs
i Volda
Start 15. oktober.
Kurset går over 2 helger.
15.-17.10 og 22.-24.10.
Flaskedykkerkurs
18 meter. Padi
internationalt sertifikat.
Kursarrangør:
Ålesund Dykkersenter
i samarbeid
m/Volda Dykkerklubb.
Tlf. 70 12 34 24 / 952 09 111
E-post: [email protected]
13:15
17:00
18:00
20:00
20:30
21:30
v/ Arne Grimstad
Helgatonar
Søndagstimen
Helgatonar
Møteopptak frå Betel Volda
Helgatonar
VKS-sending
v/ Bøneringen
Måndag 18.10.2010
08:00 Tankar i tida
08:10 Menneske eg møtte
TORSDAG 14. OKTOBER 2010
Saudehaud
eit alternativt julebord
Rosenlund,
30. okt. kl. 20
Dans m/Bjørn
Engelbrektsson.
Vanylven Røde Kors Besøksteneste
byd inn til ettermiddagskaffe på Syvdetun
torsdag 21. okt. kl. 16.
Om nokon treng skyss, ring Synnøve, 450 39 002
Velkomen til kaffi, kaker og ein hyggelig
prat ilag med bebuarane.
Alle velkomne - private,
grupper og firma!
Påmelding til
91 30 25 40/91 30 25 00.
Laurdag 16. okt.
Eidsåvoll kl. 15.00
Meir info.: sandsoy.no
ÅVK - Skodje
Velkomen til Eidsåvoll!
ÅRSMØTE
FISKÅ SKYTTARLAG
Møte vert halde på
skyttarhuset sundag
24.10. klokka 14.
Vel møtt!
Helsing styret
MOTORFØRERNES
AVHOLDSFORBUND
avd. Vanylven
Hugs møte i morgonkveld
Vi treng snikkar/tømrar snarast.
Slagnes, tlf.: 970 37 066
E-post: [email protected]
Vi treng ny
medarbeidar
snarast.
Allsidig arbeid. Må
vere over 18 år.
Kontaktperson
Svein Sørdal,
tlf. 950 21 360
Influensavaksinering
på Fredtun, Syvde
18. okt. kl. 10 - 14.
Sal av kaffi og vafler.
Syvde Helselag
BÅLPANNE
– for god stemning
i mørke høstkvelder
->˜`LFÃ>Ài˜
Hagetraktor Snapper 18,5
hk hydrodrift (kun pedal),
cruisekontroll, frontlys,
bioklippesett, for kun kr.
19.990. Stort utval i motorsager. Eks. Hitachi lettsag
frå kr. 2.100. Proff sag 52
CC frå kr. 4500. Mange
andre gode tilbod. Alt av
elektroverktøy. Olje til alle
behov. Spesial smørefeitt
og 2-takts bensin mm. Høg
kvalitet til gunstige prisar.
Fiskåbygd - tlf. 48 02 68 76
VANYLVEN KOMMUNE
/v° {Çx äx äÓ{
Varsel om leidningskryssing av
Syltefjorden
KJØP/SAL/LEIGE
Vanylven kommune skal legge vassleidning
frå Bøstranda til Krokeneset ved fjordkryssing
av Syltefjorden. Arbeidet vert utført fredag
15.10.10. Ber om at båttrafikk og fiskara i område tar omsyn til dette arbeidet.
Ta kontakt med prosjektansvarleg dersom ein
har spørsmål om denne fjordkryssinga.
www.kreator.no
Haustkampanje
www.espegard.no
3570 Ål Tlf 3208 6330
Til leige...
Prosjekt kontaktperson:
Helge Kleppe. Tlf: 700 30 064
E-post: [email protected]
...ein stad å bu i Vanylven
TID FOR
VED
FOTTERAPI
Åheimtun
tysdag 19. og torsdag 21. oktober
Espegard BigBag og vedutstyr
til alle formål, kjøper du i din
lokale landbruksbutikk.
www.espegard.no
3570 Ål Tlf 3208 6330
off.
godkjent
fotterapeut
Timebestilling
Selje, tlf. 57 85 64 77
Har du hus eller
leilegheit til leige?
Du får to gratis innrykk i papiravisa +
inntil fire veker i
nettutgåva.
Sjå www.synste.no
LEIGE
Hus på Sylte til leige. 4
soverom. Tlf. 700 22 093
Tips oss på
700 20 820
Tørr bjørkeved leveres
på døren eller plasseres i
vedskjul uten ekstra kostnad. Tar igjen suksessen fra
ifjor og er tidlig med levering
av ved pakket i 40 l. sekker.
Bestill i god tid. Våre kunder
er 100% fornøyde! Tlf. 45
80 95 19
Telefonapparat frå
-60/-70 åra pent brukt,
Haustfest
Syltefjord bygdehus
laurd. 6. nov.
kl. 20. Musikk og
prat, matspleis.
Bindande påmelding
innan 30. okt. til
Elise 952 37 729
Cathrine 477 50 290
Kr. 75. Aldersg. 18 år.
Når noko
skjer synste.no
Varmepumper/
kjøleanlegg
salg - service
& kontroll
Tlf. 700 23 990
Reperasjon/
vedlikehald
ønskes kjøpt. Dette nymotens snobbejuggelet er ikkje
noko å ha. Difor ynskjer eg
å kjøpe ein eldre, klassisk
modell. Grå eller helst i svart
utførelse - med dreieskive.
Tlf. 700 211 89. Ø. Storeide
av motorsag - grasklippar - slåmaskin
påhengsmotor o.l.
Tlf. 700 23 990
Hjorteskinn
Salg og utleige av:
Vi treng hjorteskinn til sying! Kan levere hos meg
eller ringe 95 21 12 13 så
hentar vi. Sandy Sangen
Minigravar/betongsag/rivingsutstyr/
hageprodukt
Tlf. 700 23 990
SISTE
20SIDA
SYNSTE MØRE
SYNSTE MØRE
TORSDAG
14.2010
OKTOBER 2010
TORSDAG 14.
OKTOBER
SOL & MÅNE
Sola står i dag opp 08.19, og
går ned 18.27.
Månen står i dag opp 16.32
og går ned 22.33
FLO & FJØRE
Tors.
Fred.
Laurd.
Sønd.
Mån.
Tys.
Ons.
FLO
FLO
FJØRE FJØRE
04.16
05.27
06.52
08.13
09.11
09.54
10.29
16.28
17.42
19.08
20.22
21.17
21.59
22.34
10.23
11.33
00.42
01.58
02.59
03.45
04.22
23.23
12.55
14.12
15.11
15.55
16.32
Alle utrekningar med utgangspunkt i Fiskåbygd.
Kjelde: Statens Sjøkartverk, Tidevasstabellene. Løyve 208/95.
FOR 20 ÅR SIDAN
Vestavisa 18. oktober 1990
Verdig jubileumsfeiring
... Formannen i jubileumsnemnda [for Syvde Kristelege
Ungdomslag red.mrk], Reidar
Vik, kunne ynskje ei stor og
feststemd forsamling, der i
mellom mange tilreisande,
velkomne til Fredtun til ein
heilt spesiell jubileumsfest.
– Andre lag og organisasjonar
jubilerer ofte når dei er fem og
ti år, ja til og med berre eitt år
gamle, sa han …
Han trudde at dei einaste foreiningane av KFUK/M som
er att på Sunnmøre no, er i
Hareid, Ulstein, Volda, Ørsta,
Ålesund og Syvde. Laget i
Syvde var til og med starta før
ungdomskrinsen, som kom
året etter. Første formannen
i foreininga i Syvde, Botolv
Holsvik, var òg med i første
krinsstyret …
Fire fuglar, tre arter
Etter fleire oppslag om sjeldne fiskar siste vekene, er det kanskje på tide å minne om at vi
også kan sjå etter måten sjeldsynte fuglar om vi
berre veit kva vi skal sjå etter.
VIDAR PARR
Stig Ersvåg, ein av våre fugleinteresserte lesarar, som har
tipsa oss fleire gonger gjennom åra, kontakta oss fredag
om desse fuglane som rusla på
marka like ved Fiskåeleva, om
lag 20-30 meter frå fylkesvegen.
– Her har vi fire fuglar og tre
ulike sortar gjæs på eit brett.
Og av dei tre er to av artane
ikkje så vanlege her, seier Stig,
og forklarar utifrå biletet vi
knipsa:
– Grågåsa er vel den mest
vanlege. Gås nummer ein og
tre frå venstre høyrer til den
arten. Gåsa som går først og
er lengst til høgre i biletet, er
ei kvitkinngås. Ho har naturlegvis fått namnet sitt etter dei
kvite kinna som ein tydeleg
ser på biletet. Så er det fuglen
som i biletet er nummer to frå
venstre. Eg har kikra på den
og meiner dette er ei sædgås.
Denne er nokså lik grågåsa,
men har ein litt annan farge på
hovudet, nebbet er både svart
og oransje, og ho har ein slankare hals. Det kan også vere ei
kortnebbgås seier Stig.
Biletet er teke i nokså sterkt
motlys. Det gjer at fargenyansen ikkje kjem så godt fram
som vi skulle ønskje.
Men smilet og humøret er ikkje langt borte og nittiåringen
fortel at ho også i år har vore
ned på meierikaia og prøvd
fiskestonga. Det vart det og eit
bilete av seinare på sommaren.
På veg ut langs Løsetstranda
kjenner eg at eg sit og køyrer
med eit smil om leppene etter å ha møtt slike menneske
og at dagen er litt rikare. Men
meir ventar denne dagen. Dagfinn Høybråten er på rundtur i
kommunen og eg får tilbod om
å følgje han under besøket på
Hakallegarden for å ta bilete.
Høybråten sjølv er sikkert grei
nok, men forma i rikspolitikken
si esse, og dei vert gjerne litt
glatte i overflata. Hos koselege
Aina vert eg med på lunsj, der
ho fortel om garden og alpakkaen sitt kjønnsliv og liv elles.
Så får eg, etter eit par forsøk
med historier som vekkjer berre alminneleg munterheit, høve
til å fortelje om bassongaren
som var på korstemne i New
York, og Høybråten til å le så
det ikkje vert mykje villsaukar-
bonadeeting på ei stund.
Vel komen heim er det som
vanleg koseleg å verte møtt av
ein blid gamlepuse med rova
rett til vers. Inne i gangen ligg
ein varm og mjuk gråpuse med
magen i strekk. Litt følgjer eg
også med på fotball VM, og eg
får med slutten av kampen der
eg kan fryde meg over at Italia
ryk ut. Etter ei runde på fjellet
kjem rett nok dagen sin vesle
nedtur, då heller ikkje Danmark
går vidare. Men eg kjenner at
dette var ein dag som viser at
"vi bur i ei god kommune" Så
før eg legg meg, finn eg fram
Arve Tellefsen sin CD og lar
den vakre innspelinga av ”Gabriels obo” få tone ut dagen.
PÅ TAMPEN
Tankar i hovudet - og i tida
Som sikkert for dei fleste andre
går dagane mine på det jamne,
sjølv om det er småting å gle
seg over undervegs i kvardagen og ting som meir eller mindre går meg i mot. Som oftast
bagatellar som at bileta ikkje
vart slik eg hadde tenkt, at
veret er dårleg, at redaktøren
har drukke opp melka som var
i kjøleskapet, at eg ikkje får til
å skrive slik eg hadde sett det
føre meg opp i hovudet, eller
berre at eg er litt morgontrøtt.
Men det kan og vere større
ting, som eg tar litt inn over
meg. Til dei siste høyrer til
dømes når eg har skrive noko
som einkvan meiner er feil å
skrive, noko som er feil, eller
som nokon kjenner seg såra av.
Dei fleste dagar vil eg meine
inneheld mest av det positive,
at eg har det bra, opplever
gode ting, har hyggjelege folk
rundt meg og får arbeide med
saker eg likar å arbeide med.
Likevel er det dagar som er
betre enn andre og dagar då
ADRESSE M.M:
Postboks D, 6139 Fiskå
Telefon 70 02 08 20.
Telefax 70 02 08 25.
Bankgiro: 3972.20.33233
Heimeside: www.synste.no
E-post: [email protected]
INNLEVERINGSFRISTAR
for annonsar: Tysdag kl. 14.00
Større forr.ann.: Måndag kl. 16.00
eg må tenkje på det ein annan
skribent i avisa tidlegare hadde
som fast motto i sine stykke;
at vi bur i ei god kommune. Då
tenkjer eg ikkje som han så mykje på kommunen som organisasjon, men at vi i det heile bør
vere overlukkelege som bur i
ein del av verda der vi har det
så materielt godt og kan gle oss
over livet utan suter som ufred
og bekymringar om det daglege brød.
Eg kom over nokre tankar eg
skreiv ein torsdag i juni som
var ein slik dag, men som den
gongen vart lagt til side for
anna. Enno i godstemning etter
ein koseleg jonsokkveld, møtte
eg då opp på kontoret til eit av
veka sine høgdepunkt; fylle kaffikoppen, legge beina på bordet og sjå gjennom ”fruktene”
av slit og stress, særleg kvelden føre, den ferske utgåva av
avisa vi lagar. Etter litt rydding
i datamaterialet og ulikt anna
kontorrydding, var det tid å sjå
fram mot neste utgåve, og eg
fann å ville gjere unna eit avtalt
intervju med Iver Iversen på
Syvdetun, som sikkert ein del
fekk med seg. Det vart ein kjekk
prat med ein 85-åring med humør og hovud på rett stad,
sjølv om livet for han heller ikkje har vore dansing på verken
det eine eller det andre.
Deretter bar det ned på galleriet til Birger og Reidar. Der er
humøret alltid godt, og det er
triveleg å kome innom. Så var
og ærendet noko av det som
er kjekkast å styre med i avisa;
gamle bilete. For eit av spørsmåla der, vart eg send vidare
til Borghild Teige. Mange vil
hugse ho vart ”kjendis” under
flaumen i Syvde gjennom biletet der ho vart henta i traktorskuffa til Jostein Holsvik. Då
eg svingar fram i tunet denne
dagen går ho rett nok og leitar
i langgraset nede langs elva i
eit mindre triveleg ærend, då
kattemora har flytta bort nokre kattungar ho hadde i gangen og som dels var lova bort.
BLADPENGAR:
Heilår: 650 kroner
Halvår: 325 kroner
Student (10 mnd) : 350 kr
Tillegg for porto utanom Norden
LAYOUT/ UTGIVAR:
Synste Møre AS, 6139 Fiskå
PRENT:
Polaris Trykk Ålesund
Best lokalt
70 02 08 20
OLE MAGNE
KVALSVIK
[email protected]
PRIVAT-TELEFONAR/E-POST:
Red/dgl.leiar Vidar Parr,
privat 70 02 13 76. mobil, 950 245 48
e-post:
[email protected]
Annonsekons. Rønnaug Søvik privat 70 02 01 38 mobil 951 40755
e-post:
[email protected]
Journalist Ole Magne Kvalsvik mobil 911 84479
e-post:
[email protected]
Journalist Kjell Brenne
privat 70 02 41 22 mobil 950 24553
e-post:
[email protected]
Synste Møre er medlem i Landslaget for lokalaviser (LLA)