Hei og god dag alle samen. Eg er blitt fortalt at de

Transcription

Hei og god dag alle samen. Eg er blitt fortalt at de
Hei og god dag alle samen.
Eg er blitt fortalt at de ynskjer å veta korleis da var på Fjedlagarden i krigsåra 1940 - 1945.
Eg er sjølv født i 1940, sa det meste er blitt meg fortalt av far min og bestemor og dei andre vaksne i
familien. I dag er det ikkje sa mange att som huska desse åra, og dei som enda lever, er ikkje så villige
til å snakka om det.
Fjedlagarden var ei landbruksbygd. Det var ikkje mange fiskarar her i frå. Mange hadde arbeid på
Talkumfabrikken og sildoljefabrikken i Knarrevik. Sa var det sardinfabrikken i Kolltveit, og der var det
mange kvinner som arbeide. På Møvik var det salting av sild om vinteren.
L/L Rutebil Fjell hadde 4 biler under krigen, så her var det 5 stk. som arbeide, deriblant far min.
Størrelsen på bruka på garden varierte frå 3 - 4 kyr, og 2 - 3 større bruk med 10 - 11 kyr + hest. Sau,
gris og høns var det på alle bruk. Det var 23 bruk i alt + ein husmannsplass i Fjeldspollen og eit hus i
Tellnesskogen. Det var i alt 25 bolighus på Fjedlagarden 1940 - 1945 og i dag er det 230 bolighus på
Fjell Gard.
Då krigen byrja, gjekk nok livet slik noko lunde, men nervøst, her var folk på garden som høyrde til
Nasjonal Samling. Dessverre var det dei som let seg lokka til å arbeida for NS, som angivarar.
Da lensmann Apeltun ikkje ville vera NS lydig, vart han avsett av tyskarane. Per Lie, som var lærar og
NS-mann, vart då lensmann. Dessverre hadde han ei kone som var meir ivrig i tenesta, men heldigvis
gjekk hunden hennar på ei mine, og ho mista livet. Per Lie sa under ein samtale med far min lenge
etter krigen, i slutten av 50 åra, at du ska vera glad Harald for at Rakel gjekk på mina, så han var vel
ikkje så verst likevel. Han hadde då sona straffa si.
Far min Harald Fjeld var rutebilsjåfør og kjørde ruta mellom Brattholmen og Eidesjøen, det var så
langt vegen gjekk då.
Han var nok behjelpelig med at mange fann vegen over til England. Det var nok det Per Lie sikta til
med det han sa.
Det var 17 stk. frå Fjedlagarden som kom seg over til England. Ein del av dei var tilbake i
sabotasjeoppdrag. Alle kom vel heim då krigen var slutt.
I slutten av 1942 då arbeidet på Fjell Festning tok til, vart mange av husa på garden teke i bruk av
tyskarane, så som Nerahuset - Smeahuset - deler av Eliashuset, huset til dei på Gjere, her vi er no og
Eikelandhuset. Skulehuset, Ungdomshuset og Kyrkja vart alle tatt i bruk av tyskarane. Prestegarden
vart teken i bruk til sjukehus. I Smeahuset budde då 3 familiar + butikk i kjellaren. Dei måtte alle flytta
over til bruk 8, Skreiahuset + butikken. I alt vart det ca. 20 personar som da budde i Skreiahuset.
Fjøset måtte dei og ta seg av, men mykje av maten dei fekk frå fjøset og jorda, tok tyskarane.
Dei i Nerehuset, bruk 2, måtte flytta til familien på Sørafjeldle i Sekja, men dyra måtte dei ta seg av,
10 kyr, hest, gris og sauer. Då vart det mange folk i Sekja, og tante mi Målfrid, vart sendt på butikken
for å hamstra brød. Minst 10 brød fekk ho beskjed om av bestemor. Ingen ante vel at det skulle gå
fleire år før krigen var slutt
Sokneprest Boge og lensmannsdreng Eikeland vart angitt av NS folk og vart sendt i tysk fangenskap,
Saxenhausen. Boge døydde i fangenskap, men Eikeland kom heim att og vart seinare lensmann. Han
levde til han vart ein gammal mann.
Her vi no er, på Gjerde gard, vart og tatt i bruk av Tyskarane. Ei av dei som budde her, Olga Fjell, har
fortalt om dette i boka Havstrilen, og i boka om Fjell Festning, skriven av Olav Kobbeltvedt.
Sør forbi her, der det no står eit sagbruk, var det ein stor leir som det budde ca. 1000 russiske fangar
i, frå 1942 og utover til krigen slutta. Dei arbeide på Fjell Festning, 12 timar skift. Dei hadde dårlig
med klede og lite mat, sa det var mange her på garden som fekk smugla mat til dei. Mange hadde
epletrer, bær og poteter i hagen, og dei sa aldrig noko om russarfangane prøvde a naska litt, men det
var farleg om Tyskarane såg dette og at dei hadde gitt dei lov til å forsyna seg av frukt og poteter. Det
var og ei kvinne frå Søfteland som samla inn mjøl og anna mat til russarfangane, men det var mange
hindringar som møtte henne underveis. Først matte ho ha reisebevis frå Søfteland til Bergen.
Deretter måtte ho ha reisebevis frå Bergen til Brattholmen med båten, men det gjekk bra. Deretter
skulle ho med bussen til Fjell. Billetten på båten skreiv ein lapp til henne og bad henne levera denne
til Gunnar Monsen, sjåføren på Rutebilen. Ho kom på bussen og sjåføren spurde då etter reisebevis
og ho gav han lappen ho hadde fatt av på baten, billettøren hadde skreve sitt namn og på lappen.
Men denne dagen hadde Gunnar Monsen fri, men sjåføren les på lappen og sa til henne, kom her
med bagasjen. Det var Harald Fjeld som var sjåfør denne dagen så det gjekk fint, ho kom seg til Fjell.
Men det var ikkje alltid like lett å koma seg inn i Russarleiren. Kommandanten for leiren var veldig
striks. Han hadde rekvirert huset til Signe med Kjødna, så han budde ovanpå hos dei. Kvinna frå
Søfteland kom til Signe, og Signe bad henne setja bagasjen, maten, frå seg der, ho skulle få maten
fram til fangane. Signe visste råd til å lura kommandanten slik at kokken i Russarleiren fekk mjølet og
maten.
Før Russarleiren vart bygd, budde russarfangane i ein leir på toppen av Krossleitet og inn til venstre
på ein plass som vart kalla Horebotnen.
I 1943, då kanona på Festningen vart ferdigmontert og alle brakkene på Fjedlagarden var komen opp,
fekk dei som hadde måtta forlata husa sine, flytta heim att. Kanona på Festningen hadde ein
rekkevidde på 38 kilometer.
Den Russarstegen som de no skal gå opp, var den vegen Russarfangagane gjekk opp og ned kvar dag.
Nett sør for Russarstegen var det ei taubane som alt materiell vart frakta opp på.
Her var det ei ulukke, her vart ein ungdom drept. Han kom i klem da ei tralle kom ukontrollert ned att
og døde momentant. Det var ein Norsk ungdom.
Bestemor og andre har fortalt meg at det såg ut som ein orm som bukta seg, da russarfangane for
opp og ned. Så tett var det med folk.
Folk måtte ha passersetel på seg når dei var ute og gjekk, for det var fleire kontrollposter og
brakkeleirar i sentrum av Fjedlagarden. Brakkeleirar var det og i Tellnesskogen og i oppkjøringa til
Festningen. I Tellnesskiftet var det og brakker og passkontroll.
Tenk at den kanona som stod oppe på Fjedlafjellet vog 1000 tonn, og hadde 3 løp. Kvart løp, med
vogga i bakkant, vog 75 tonn. For å betena kanona var det 75 - 80 mann + dei i kommandosentralen
som låg lenger nord.
Rutebilane fekk etter kvart ikkje meir bensin, sa da monterte dei på generator som vart fyrt med
knott (ved). Dersom dei måtte stoppa i Kolltveitskiftet med fullt lass, måtte passasjerane ut for å skua
bilen for å få han i gong att. Så liten kraft var det i vedgassen som dei kjerte på. Når far min skulle ha
fridag, var det heller ikkje enkelt. Lars Ulveseth som skulle løysa far min av, måtte om vinteren, når
det var snø gå på ski frå Fjell til Hammarsland der bussen var parkert. om det ikkje var snø, kjørte han
motorsykkel. Lars var mekanikar i Rutelaget, og kjørde bussen når far eller Gunnar Monsen skulle ha
fridag. Gunnar Monsen kjørte ruta mellom Brattholmen og Møvik. Gunnar Monsen var den fyrste
rutebilsjåføren på Sotra. Han byrja i 1930, og far min byrja i 1931.
Kanonane på Fjell Festning vart aldri teken i bruk i kampsamanheng. Kanona kunne skyta 9 skudd i
minuttet , 3 med kvart løp, ho vart skoten med som prøving i 1943. Ho vart og skoten med i 1953 og
seinast i 1957, meiner eg. Under skyting måtte folk på Fjell opna vindauge og ta bileta ned av veggen.
Vegen opp til Fjell Festning brukte russarfangane 3 veker på å byggja. All transport av utstyr til
kanona kom med lekter frå Bergen til Tellnes kai, som Tyskarane hadde forlengt og forsterka. Ein stor
Traverskran som stod på Dokken i Bergen, vart demontert og frakta til Fjell Festning for å montera
kanona. Det var 3 trekkvogner + mange russarfanger som skubba på opp til Fjell festning.
Det var sikkert godt at frigjeringa kom når ho kom. Det var stor Englandsfart som gjekk føre seg på
Sotra, og det var mange NS medlemar der. Det som skjedde nar Telavåg vart brent og sprengt, var at
nokon var lausmonna og let seg lura av Gestapo som kom frå Bergen. Gestapo kledde seg i sivil og
tok turen til Telavåg og vart då fortalt at på loftet i det huset budde det to som skulle fartast over til
England.
Da frigjeringa kom, var det igjen 430 russarfanga og omtrent ikkje mat til dei. Fru Eikeland, kona til
lensmannen, gjekk då rundt på Fjedlagarden å samla inn mat til fangane. Dette har russarfangane
takka Fjedlabygda for i ettertid. Dei meiner at ca. 25 - 30 fangar omkom her.
Mykje av dette eg no har fortalt har de kanskje hørt og lest om før, men dette var det eg hadde å
fortelja.
No må de ha ein fin tur opp Russarstegen og ta med ein fin omvising nede i Festningen.
Takk for meg og takk for at de hørte på.