Engelsk er ikkje skandinavisk likevel

Transcription

Engelsk er ikkje skandinavisk likevel
26
MELDINGAR
DAG OG TID FREDAG 10. JULI 2015
Engelsk er ikkje skandinavis
Om ein vil greina om i det germanske språktreet, må ein kjenna røtene dette treet er runne av: den historiskSPRÅK
JOSEPH EMBLEY EMONDS
OG JAN TERJE FAARLUND:
English: The Language
of the Vikings
OLOMOUC MODERN LANGUAGE
MONOGRAPHS 3, 2014
Då eg byrja å lesa gamalengelsk,
som del av studiet i samanliknande germansk språkvitskap,
var det fyrste som slo meg kor
engelsk dette språket var. Visst
kjende eg att mange ord frå norrønt, som eg hadde lese før, men
like ofte var det moderne engelske motsvar som hjelpte meg å
skjøna dei gamle tekstene. Dette
stod i motstrid til dei mange historiene eg hadde høyrt om at
moderne engelsk hadde utvikla
seg so langt bort frå det germanske og gamalengelske opphavet sitt. So fanst det noko varig
engelsk likevel, tenkte eg.
Ei slik skilsetjande oppleving har openbert ikkje Joseph
Emonds og Jan Terje Faarlund
hatt. I staden har dei sett ein
annan likskap: mellom setningsbygnaden (syntaksen) i norrønt/skandinavisk og moderne
engelsk. Dei har i alt funne fram
til om lag tjue syntaktiske drag
der engelsk skil seg frå dei andre
vestgermanske språka (tysk,
nederlandsk og frisisk), men slær
fylgje med dei nordgermanske
eller nordiske språka.
NYTT OPPHAV
Desse syntaktiske likskapane
er so mange og viktige, meiner
Emonds og Faarlund, at dei har
lansert ein heilt ny hypotese om
opphavet til det engelske språket:
Forstadiet til moderne engelsk,
mellomengelsk (ca. 1100–1470),
Kvifor vel Emonds
og Faarlund å sjå
bort frå heile den
komparative
språkvitskapen?
sams ordtilfang («around 50 %»,
hevdar dei), at omfanget av delt
ordtilfang «is especially irrelevant» for spørsmålet om kva
grein av den germanske språkfamilien engelsk høyrer heime
i. Men det tyder likevel ikkje at
forma på desse orda er den same
på tvers av dei germanske språka,
og at den er irrelevant for spørsmålet om språkskyldskap. Eitt og
same ord kan med tida få svært
ulik form etter som språka utviklar seg kvar for seg på ulikt vis.
I ein fotnote nemner forfattarane at den fonologiske skilnaden
mellom norrønt og gamalengelsk
sumtid («sometimes») gjer klårt
kjelda åt mellomengelske ord.
Dette er i røynda den viktigaste
einskildfaktoren som kan avgjera
spørsmålet, og har då òg vorte
nytta en masse som kriterium for
å skilja mellom opphavleg engelske og norrøne former i mellomengelsk. Når ein til dømes reknar
med at ord som steak og weak er
lånte frå skandinavisk, er det av
di dei ljodrett i engelsk skulle ha
heitt *stoke og *woke, jf. at gamalengelsk har forma wa:c for det
sistnemnde, med den ljodrette
korrespondansen gamalengelsk
lang /a:/ = norrøn (og norsk) /ei/,
som til dømes gamalengelsk sta:n
= norrønt stein-, som då òg har
gjeve moderne engelsk stone.
skal ikkje ætta frå gamalengelsk
(angelsaksisk), som alle til no har
meint, men vera eit framhald av
språket som dei skandinaviske
busetjarane (for det meste danskar og nordmenn) tok med seg
til dei austre og nordlege delane
av England («Danelagen») då dei
koloniserte dette området frå
800-talet av. Denne teorien har
versert på ymse netstader sidan
Faarlund lét seg intervjua om
saka i 2012, men det er fyrst no
dei har skrive honom ut i form av
ei bok, publisert i den tsjekkiske
serien «Olomouc Modern Language Monographs».
Lat det vera sagt at forfattarane
peikar på mange interessante likskapar mellom moderne engelsk
og skandinavisk, mellom anna
at objektet normalt fylgjer etter
verbet, i motsetnad til i dei andre
vestgermanske språka, som i buy
food og kjøpa mat mot tysk Essen
kaufen, og at ein preposisjon kan
«stranda» i slutten av ei setning i
både engelsk og norsk, t.d. That
issue we never talked about og Den
saka snakka vi aldri om. Ei mogeleg tolking av desse likskapane er
at dei ikkje er tilfellelege, men at
dei kan koma av den kontakten
som påviseleg har vore mellom
dei to språka. I so fall må denne
kontakten vera eldre enn Emonds
og Faarlund reknar med, for som
kritikarane deira har peika på, er
mange av dei syntaktiske likskapane med skandinavisk alt representerte i gamalengelsk, mellom
anna dei to nemnde draga.
måtte koma til å falsifisera hypotesen deira. Men truleg er heller forklåringa ei neglisjering av
visse sider ved språk og ei overdriven vektleggjing av andre. Forfattarane soknar til den generative
lingvistikk-tradisjonen frå Noam
Chomsky og er det ein kan kalla
syntaktiske fundamentalistar. Det
einaste som tel når eit språk skal
skildrast og tydast ut, er syntaksen, eller rettare sagt dei underliggjande syntaktiske reglane
som etter teorien deira styrer dei
språklege ytringane (setningane).
Dei seier det med reine ord
sjølve i boka, når dei avviser
at ordtilfanget i eit språk kan
seia noko om opphavet åt språket: «What must instead determine the conclusions is rather
the historical provenance of a
language’s grammatical system,
i.e., the properties of its syntactic
constructions.» Her gjev dei ein
svært trong definisjon av kva eit
grammatisk system er for noko.
Utanom fell ljodverket (fonologien), utanom fell formverket
(morfologien), og utanom fell
sjølve orda og tydingane deira
(leksikon og semantikk).
TRADISJONELLE METODAR
Den viktigaste skorten ved
denne boka er likevel at forfattarane ikkje tek omsyn til og heller ikkje drøfter dei tradisjonelle
metodane for å påvisa språkskyldskap, som for det meste har vore
baserte på systematiske ljodkorrespondansar («ljodlover») i eit nedervt kjernevokabular (ord som
«far», «mor», «dag», «natt», «sol»,
«måne», osb.), i tillegg til samsvar
i bøyings- og ordlagingssystemet
i dei ulike språka. Til dømes kan
ein syna at latin equus, sanskrit
áĞvas og norrønt jór, alle ord for
‘hest’, svarar nøgje til kvarandre i
samsvar med reglane for ljodvoksteren i kvart av språka. Soleis
er endingane i latin -us, sanskrit
-as og norrønt -r opphavleg éi og
same ending, indoeuropeisk *-os.
Det er ei av dei største bragdene i humanistisk forsking på
1800-talet at desse korrespondansane vart oppdaga, presist skildra
og uttydde, og at ein på grunnlag
av den indoeuropeiske språkfamilien fekk utvikla ein metode, den
historisk-komparative, som har
vist seg brukande i utforskinga av
andre språkfamiliar i heile verda.
At ljodvoksteren plar vera regelbunden, er ein universell realitet.
Merkeleg historiesk
FUNDAMENTALISTAR
Kvifor vel Emonds og Faarlund å
sjå bort frå heile den komparative språkvitskapen? Det enkle
svaret ville vera av di metodane i
den komparative språkvitskapen
ORDTILFANGET
Ein kan jo undrast på koss ein
skal kunna vurdera kvar eit språk
kjem frå etter å ha skore undan
so mange viktige byggjeklossar i
språket. Emonds og Faarlund forsvarar seg med at dei germanske
språka i alle høve har so mykje
ORDFREKVENS
I kapittel 2 om det mellomengelske ordtilfanget vert det vist
Kart over England i mellomalderen. Grensene for Danelage
Midlands»-dialektar med svart line og nordlege dialektar m
Det kjennest merkeleg å få denne typen moraliserande histor
E
in hypotese som den Emonds
og Faarlund har sett fram om
opphavet åt engelsk, må avgjerast lingvistisk, med språklege
argument. Det kan likevel vera
interessant å sjå på den historiskreale bakgrunnen dei gjev for å
sannsynleggjera hypotesen sin.
Det er tydeleg at dei gjer den
skandinaviske koloniseringa av
England større og viktigare enn
ho truleg var, og at dei gjev
henne langt større verknader
enn det er rimeleg å rekna med.
INGEN HISTORIKARAR
Eit ankepunkt mot Emonds og
Faarlunds bok er at dei i utleggjinga av den engelske historia
berre viser til ålmenne skildringar
i den språkhistoriske litteraturen.
Det er ikkje vist til ein einaste
historikar som har arbeidt med
engelsk mellomalder. Dette fører
til eit forteikna bilete av historia,
både av omfanget av den skandinaviske koloniseringa, og av den
innverknaden skandinavane og
skandinavisk språk hadde.
Emonds og Faarlund har i det
heile eit svært forenkla, mar-
xistisk syn på kolonisering. Til
dømes skriv dei: «Like many
other colonists, Norse speakers
found little reason to change to
the native tongue of those whose
lands they were settling.» Kva
veit dei om det? Like før har me
fått høyra at danske kong Knut,
etter at danane hadde teke heile
England, flytte inn i den gamle
vestsaksiske hovudstaden Winchester, i det som, skal me tru
Emonds og Faarlund, var sentrum for «English political power,
culture, and literature ..., which
uninterruptedly produced Old
English texts».
Likevel skal altso ikkje kong
Knut ha vore interessert i å læra
seg angelsaksisk? Det høyrer med
til soga at han var gift med enkja
etter den siste angelsaksiske
kongen og omgav seg med angelsaksisk aristokrati, mellom dei
frilla Alfiva. Då han i 1020 ferda
ut eit fridomsbrev til jarlen Torkjell Høge – han òg danske – og
alt folket i England, var det på
angelsaksisk. Interesserte kan
lesa brevet på engelsk Wikipedia, i artikkelen om «Old English».
ANNUS HORRIBILIS
Endå verre vert det når Emonds
og Faarlund kjem fram til det
som hende i 1066, då normannaren Vilhelm Bastard (eller Landevinnaren, alt ettersom) gjekk
sigrande ut som ny konge over
England og sette inn sine menn
i dei viktigaste posisjonane. Det
er ikkje måte på kor ille dette
var. Etter hertakinga vart både
engelsk- og skandinavisktalande
i England «laid low by the thorough and merciless Conquest,
which wiped out the political and
economic influence of both».
Her vert Emonds og Faarlund –
ironisk nok – offer for å reprodusera ein del eldre nasjonalromantisk propaganda om kor fæl den
normanniske overtakinga var, og
kor katastrofal ho var for engelsk
språk og kultur. Dei siterer m.a.
språkhistorikaren Thomas Pyles,
som manar fram «the great catastrophe of the Norman Conquest», «a catastrophe more farreaching in its effects on English
culture than the earlier harassment by the Scandinavians». Det
kjennest merkeleg å få denne
MELDINGAR
DAG OG TID FREDAG 10. JULI 2015
fotefar
sk likevel
TEMAREISER
-komparative språkvitskapen.
til mange forskarar som har freista
å kvantifisera styrketilhøvet mellom
påviseleg gamalengelske ord og norrønpåverka former i mellomengelsk.
Her ser det ut til at dei tel alle ord i
språket som likeverdige. Det forundrar meg at ingen av dei forskarane
Emonds og Faarlund viser til, har
tenkt på å sjå på dei mest frekvente
orda og kva opphav dei har. Ein
skulle venta at dei mest frekvente
orda òg var mest resistente mot å
verta bytte ut med andre ord eller
former av dei same orda frå andre
språk. I so fall kan ein her rekna med
å finna ein kjerne av det opphavlege
ordtilfanget i språket.
På netsida til Oxford English Dictionary finst det ei liste over dei hundre mest frekvente orda i moderne
engelsk. Desse hundre leksema skal
femna om so mykje som 50 prosent
av alle orda i korpuset deira. Med
andre ord vil dei utgjera halvparten
av alle ord i ei vanleg engelsk tekst.
Det er eit interessant faktum, som
styrkjer validiteten til den skisserte
metoden: Desse mest frekvente orda
må reknast som heilt sentrale og ein
«grunnstomn» i det engelske språket. Deira opphav bør då òg ha fylgjer for spørsmålet om kva opphav
sjølve språket skal tilkjennast.
en er markerte med raude liner, «East
med kvit line. Illustrasjon frå boka
MEST GAMALENGELSK
Ein gjennomgang av dei 100 orda,
som for ein stor del er «grammatiske
ord», d.e. pronomen, artiklar, preposisjonar og konjunksjonar, i tillegg til nokre høgfrekvente substantiv, adjektiv og verb, syner at i 67 av
tilfella, d.e. to tredjedelar, kan orda
eller ordformene berre førast attende
på gamalengelsk, men derimot ikkje
norrønt. Mellom desse er sentrale
ord som pronomena I, you, he, she og
it, artikkelen a/an, preposisjonane in,
of, on og to, konjunksjonane and, but
og or og verb som be, do og go. Lista
er lang. Derimot er det berre 5 av dei
100 orda på lista som må ætta frå
norrønt, etter dei reglane som den
historisk-komparative språkvitskapen har etablert. Det gjeld pronomenet they, their, them og verba take og
want. Interessant nok er berre 4 av
dei 100 orda lånte frå andre språk,
d.e. fransk, medan dei resterande 24
orda er tvitydige og kan like gjerne
koma frå gamalengelsk som norrønt.
FRAMLEIS VESTGERMANSK
At 67 av dei 100 mest frekvente orda
i moderne engelsk må ha opphavet
sitt i gamalengelsk, og at ytterlegare
24 godt kann ha dette opphavet – i
alt over 90 prosent av orda –, er eit
sterkt argument for at språket faktisk
ættar frå gamalengelsk. Som sagt er
truleg dei mest frekvente orda dei
mest resistente mot å verta bytte ut
med ord og former utanfrå. Engelsk
skulle vera eit godt døme på at denne
hypotesen i hovudsak er rett.
Konklusjon: Me kan framleis trygt
rekna med at engelsk er eit vestgermansk språk.
KLAUS JOHAN MYRVOLL
Klaus Johan Myrvoll er ph.d. og stipendiat
i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo
og fast bokmeldar i Dag og Tid.
kriving
HAPPY ENDING?
Kva hende so med angelsaksane
og skandinavane? Jau: «Under the
Norman regime, two previously
separate peoples became united in servitude.» Med andre ord:
Alle Englands fordømde, sameina
dykk! Det vart til nokre opprør,
som vart slegne hardt ned. «Scholarship generally agrees», heiter det, «that both Englishmen
and Scandinavians were thoroughly dispossessed and practically enslaved under the Conquest». Det skal ha vore under desse
miserable tilhøva at dei to folkesetnadene – den angelsaksiske
og den skandinaviske – slo seg
saman til éin, soleis at to språk
etter eit par hundre års tid, om
lag 1300, hadde vorte til eitt.
Koss gjekk det til? «For our
purposes, it is pointless to speculate on the details of why or how
this happened», skriv Emonds og
Faarlund. Då so.
Eva Bratholm
Olav Stedje
Sylfest Lomheim
Færøyane
29. juni–3. juli
D!
Pris frå
E L990,TS14
U
Moskva &
St. Petersburg
Ekstratur 10. – 17. juli
D!
E L950,Pris U
frå
TS26
Med Hans-Wilhelm
Steinfeld
18. – 29. juli
Pris frå 21 550,-
DEI 20 MEST FREKVENTE ORDA I ENGELSK OG OPPHAVET DEIRA
Plass
Hans-Wilhelm Steinfeld
USA –
Midtvesten
rieskriving servert i fullt ålvor i 2015.
typen moraliserande historieskriving servert i fullt ålvor i 2015.
Engelske historikarar har i dag
som regel eit meir nyansert syn.
27
Moderne
engelsk
Gamalengelsk
form
Norrøn
form
Status
1
the
þe:
–
Gamalengelsk
2
be
bi:on, be:on
[vera]
Gamalengelsk
3
to
to:
[til]
Gamalengelsk
4
of
of
af
Gamalengelsk
5
and
and/ond
[ok]
Gamalengelsk
6
a
a:n
einn
Gamalengelsk
7
in
in
í
Gamalengelsk
8
that
þæt
at/þat
Tvitydig
9
have
habban
hafa
Tvitydig
10
I
ic
ek
Gamalengelsk
11
it
hit
þat
Gamalengelsk
12
for
fore
fyr(ir)
Gamalengelsk
13
not
no:wiht
–
Gamalengelsk
14
on
on
á
Gamalengelsk
15
with
wiþ
við(r)
Tvitydig
16
he
he:
hann
Gamalengelsk
17
as
ealswa:
–
Gamalengelsk
18
you
ge:/e:ow
ér/yðr
Gamalengelsk
19
do
do:n
[gera]
Gamalengelsk
20
at
æt
at
Tvitydig
Island
2. – 7. august og
20. – 25. august
D!
Pris frå
13L475,UTS E
Med Sylfest Lomheim
Memphis,
Nashville &
Smoky Mountains
11. – 20. september
Pris frå 22 995,-
New York &
Washington
!
LD
9. – 17. oktober
UTS E
Pris frå 23 950,Med Eva Bratholm
New Orleans
& Texas
8. – 19. oktober
Pris frå 21 800,-
Vandreturar på
Gran Canaria
5. – 12. februar 2016
Pris frå 12 950,-
Nashville,
Memphis &
New Orleans
11. – 20. mars 2016
Pris frå 23 995,-
Roma & Toscana
11. – 18. april 2016
New York
Litteratur
og musikk
22. – 30. april 2016
tlf. 918 20 304
www.fotefartemareiser.no