0415 - Kjolsdalen.no

Comments

Transcription

0415 - Kjolsdalen.no
TAVLA
Årgang 39
Nummer 4
APRIL 2015
Bygdeavis for Kjølsdalen krins
FRIST NESTE TAVLE:
Utgjevar:
Kjølsdalen
Ungdomslag
HUGNAD YOGA
1. MAI
Roleg yoga med Heidi – fokus på smidighet, styrke og indre ro.
Stoff kan sendast til
Dianne Eikås,
tlf. 57 86 31 71 / 918 41 657 eller
e-post: [email protected]
Det vert oppstart av yogakurs i Haus grendahus
Torsdag 16/4 klokka 20.00
Kursdatoar: 16/4 – 23/4 – 30/4 – 7/5
Pris : kr 400,Påmelding: tlf 40217327 eller melding på facebook.
^^^
Støtte til drift av TAVLA:
Kontonr 3790 21 11981.
Merk giroen med Tavla.
Hjerteleg velkomne!
Heidi B. Erviksæter Hals
Bur du utanbygdes og ønskjer å
vere e-post mottakar av TAVLA
Send e-post adressa di til
[email protected]
Følg meg gjerne på facebook – Hugnad - yoga med Heidi
SANITETSMØTE
Medlemsmøte i Kirsebærhagen onsdag 15.april kl.19.00.
Kaffi og åresalg
GUDSTENESTER
KJØLSDALEN KYRKJE
12, april klokka 15.00
Samtalegudsteneste med
konfirmantane
v/ Carsten Mrusek og Kaare
Michael Christoffersen
3, mai klokka 11.00
v/ Rolf Schanke Eikum
Soknerådet
Velkommen!
KAFÉKONSERT
.
Velkomne til kafèkonsert i Kjølsdalen samfunnshus
søndag 26.april kl. 15.00
Skulemusikken underheld med god korpsmusikk.
Sal av kaker og kaffi.
Åresal.
Økonominemnda i Kjølsdalen skulemusikk
MINIPUTT- FOTBALL
Vi startar opp igjen med trening
for miniputtar(6-10 år)
Måndag 13.April Kl 17.30-18.30.
Alle er hjerteleg velkomne.
Fotballgruppa
v/Lars Frode
VASKEDUGNAD I SAMFUNSHUSET
LAURDAG 11 APRIL KLOKKA 10.00 OG UTOVER –
LAURDAGGRAUT TIL DUGNADSFOLKET KLOKKA 13
Vi vil ha med mange, mange - ja, store og små, menn og kvinner - så
mange som råd og annonserer på facebook, Tavla og Jungeltelegrafen ...
Dette vert INGEN KATTEVASK, så ta med mopp, støvsugar,
støvklutar, vaksefille og det du elles kan tenkje deg at vi treng!
Vi ordnar ulike vaskemiddel - arbeids lister vert sett opp ....
Bygdekvinnelaget
17. MAI KOMITÉ 2015
Aardal Bjørn ( kaller inn til første komite møte )
Aardal Harald
Aardal Janne K Sundal
Auguliene Kestutis
Berstad Jan Arvid
Bruvoll Grete
Bruvoll Ståle
Bugjerde Mariann
Bugjerde Liv
Dale Gjermund
Elvebakke Odd Einar
Erviksæter Caroline
Erviksæter Ole Morten
Gilleshammer Magne
Gilleshammer Sigrunn
Hellesø Turid
Hjelle Jorun Iren
Humborstad Haldis
Humborstad Kai Arne
Humborstad Katy
Humborstad Jan Olav
Humborstad Ottar
Jensen Anna
Kjøllesdal Arne
Leite Olav
Leite Anita
Leite Bjarte
Leite Leif Arne
Leite Rita
Leite Rønnaug
Leite Åshild
Løvlid Rannveig M
Midthjell Ann Iren
Midthjell Jostein
Mirowska Sylwia
Nilsen Sissel
Sundal Rolf
Sundal Anne Marie
Sæthre Anne
Telvik Leif
Ytrehus Randi
Albrigtsen Malene
Erviksæter Amanda
Haus Nora Bjørhovde
Humborstad Andreas N
Kjøllesdal Jenny
Lefdal Elise
Leite Bjørn Tore
Nore Per Haus
Sundal Julie Nilsen
Øygard Maria
SAMFUNNSHUSET SITT
ÅRSMØTE
Måndag 27.april klokka 20.00
Vanlege årsmøtesaker
Vi oppfordrar representantane til å møte opp!
Saker kan meldast til Per Gunnar – 41681388
Kjølsdalen
Samfunnshus AS
Kontingent Kjølsdalen il.
Alle som deltar på trening arrangert av
Kjølsdalen idrettslag
må huske å betale kontingent.
Prisen er 250 kr pr år med maks familiepris
på 550 kr (barn opp til 18 år).
Kontingenten betalast konto: 5398 05 07706
og må merkast med navn og alder for kvart
enkeltmedlem.
Styret v/kasserar.
.
FLASKEINNSAMLING
Måndag 13 april
Vi kjem rundt og samlar inn flasker
Frå klokka 16.00.
FØRSTE MØTE I 17.MAI KOMITÉEN
Montessoriskulen – måndag 13 april klokka 20.00.
Møt opp – eller gi beskjed til
Send sms til Sissel 47809936
om vi skal hente panten til andre tider.
Dette er gode pengar i kassa for
skulemusikantane våre!
Bjørn Aadal - 47661975
Økonominemnda i skulemusikken
TUSEN TAKK…
Tusen takk til Svein Lågeide for at han i år òg stilte opp og fekk kosta asfalten rundt skulebygget i
Kjølsdalen. Det gjorde at ein kunne gå inn i påska med eit reint og pent uteområde.
KLARGJERN AV UTEOMRÅDET TIL 17.
Sett av datoen måndag 11. mai frå kl. 18.00.
Då er alle som ønskjer at skulen og området rundt skal ta seg best mogleg ut på nasjonaldagen vår
hjarteleg velkomne til å ta arbeidsklærne på og godt humør med. Det blir noko å bite i og slukke
arbeidstørsten med. Og hugs at alle kan delta - uansett alder!
4H MALAR SKULEN!
Styret i 4H Trekløveret har bestemt seg for at dei tek oppdraget med å male skulen utvendig så langt ein
kjem denne våren.
Det er eit stort bygg, men det viktigaste er at ein kjem i gang. 1. mai-helga kan den første økta verte
unnagjort. Om andre har lyst å være med å male litt og hjelpe 4H i arbeidet så er det berre å ta kontakt!
INNKALLING TIL ÅRSMØTE I KJØLSDALEN MONTESSORISKULE SA
DATO: 29.04.15.
Stad: Vrimlearealet i Kjølsdalen Montessoriskule kl.20.00 – 21.30
Sakspapir sendast til delegatar ved å kontakte dagleg leiar på [email protected] eller på
telefon 57 86 49 50.
Framlegg som skal handsamast på årsmøte må vere styret i hende seinast 10 dagar før møtet.
Årsmøte skal handsame:
1.
Val av møteleiar og referent og ein person til å skrive under protokollen i lag med møteleiar og
referent. Registrering av frammøtte og fullmakter.
2. Godkjenning av innkalling og sakliste
3. Årsmelding
4. Årsrekneskap
5. Disponering av årsoverskot
6. Informasjon om budsjett og føretaksplan
7. Fastsetting av eventuell godgjering til det nye styret som no skal veljast.
8. Val av styremedlemmar, 2 år
9. Val av styreleiar, 1 år
10. Val av valnemnd på 2 personar, 2 år
11. Andre saker innmeldt til årsmøtet
12. Saker til orientering
Årsmøtet er vedtaksført med minst 15 frammøtte medlemmar.
Kjølsdalen 11. mars 2015
Styret i Kjølsdalen Montessoriskule SA
Møte om nytt breibandstilbod til bygdene Haus, Ervik og
Kjølsdalen
Eid kommune har fått tildelt statlege midlar for utbygging av betre
breibandstilbod til innbyggjarane i Haus, Ervik og Kjølsdalen. Prosjektet har
vore ute på nasjonalt anbod, der Enivest AS blei valgt til leverandør.
Prosjektet har oppstart i disse dagar, og skal vere ferdigstilt om 6 månader, dvs i
løpet av september 2015. Husstandane i disse bygdene vil bli tilbodne ei
trådlaus løysing med kapasitetar opp til 10/10 MB (ned/opplasting). Eige
bestillingsskjema frå Enivest AS følgjer med dette rundskrivet.
For dei kundane som bestillar innan 15. mai 2015, vil det bli gratis etablering.
Abonnement begynner uansett ikkje å gjelde før løysinga er installert hos
kunden.
For meir informasjon om løysinga inviterer vi til ope folkemøte der
representantar frå Enivest AS vil presentere løysinga og svare på spørsmål frå
innbyggjarane. Eid kommune vil også vere til stades på møta.
Velkomen til ope folkemøte i
 Haus grendahus, onsdag 8. april 2015 kl 20.00
 Kjølsdalen skule, tysdag 14. april 2015 kl 20.00
Helsing
Enivest AS og Eid kommune i samarbeid med
Øystein Nes og KKUL v/Cato Albrigtsen
FYLKESKAPPEIKEN 2016
Frå Vindfylla Spelemannslag kan ein nemne at laget arbeidar med å få Fylkeskappleiken til
Kjølsdalen i 2016.
Då Vindfylla har ein mindre gruppe aktive medlemmar må ein få til samarbeid med
lag/organisasjonar/skulen samt "lause" frivillige for å få til eit såpass stort arrangement.
Men ein ønskjer å skape aktivitet i krinsen ved eit slikt arrangement. Styret i Vindfylla har så langt
møtt mykje positiv respons frå mellom anna Saniteten, Bygdekvinnelaget og skulen ved styret og
FAU. Ein skal arbeide vidare med å få på plass nok folk til avvikling av sjølve tevlinga samt få på
plass kandidatar til ein hovudnemnd. Når dette er gjort vil ein kalle inn til eit ope informasjonsmøte
for alle i gml. Kjølsdalen krins. Meir informasjon kjem.
Styret i Vindfylla Spelemannslag
.
ÅRSMELDING – KJØLSDALEN SOKNERÅD 2014
Det har vore i alt 22 gudstenester, der det har vore til saman 1453 deltakarar og 122 nattverdsgjester.
Av desse har det vore 1 skulegudsteneste, og 1 friluftsgudsteneste som var på Naturmøteplassen v/
Navestøylen i Kjølsdalen.
Til saman dette året har det vore 6 barnedåpar, 6 konfirmantar og 8 gravferder. I Takkoffer kom det
inn i alt totalt kr 33.767, - til ulike formål. Kjølsdalen Sokneråd har halde 5 møter og handsama 28
saker. Kyrkjelydens Årsmøte vart helde 16.mars etter gudstenesta med kyrkjekaffi i Kjølsdalen kyrkje.
Soknerådet har framleis ”MALI” som sitt hovudmisjonsprosjekt i utlandet.
Soknerådet har og vore med å hjelpt til med desse ulike handlingane i samarbeid med Trusopplæringa
sitt arbeid i Eid. Det har vore arrangert ” Myldredag” for 2-3 åringane den 20/8 på Stårheim bedehus
(Samlingsheimen,) Fyrsteklasses for 6 åringane i Kjølsdalen 22/9, og ”Hallo Venn” i Eid Idrettshus 31/10.
I tillegg har det vore utdeling av biblar til 5.klassingane, kyrkjeboka til 4 og 6 åringane i kyrkja. I
samband med at Stårheim kyrkje hadde sitt 150 - års jubileum /fest 1.juni, blei det gjeve gåve til kyrkja
på kr 600,- frå Kjølsdalen Sokneråd.
Den nye Lokale Grunnordninga for Hovudgudsteneste Liturgien som er godkjent for 2 år, har no vore
prøvd ut dette år. Det vil kome eit framlegg til justeringar for godkjenning til Bispekontoret, der fristen
er innan 1. april – 2015.
Det har og vore litt dugnadsarbeid ved kyrkja. I vår blei det laga til nytt blomsterbedd på begge sider
ute ved hovudtrapp / inngang, og langs mur til dåps sakresti. Dette prosjektet har vore i samarbeid med
gartnar og blomsterdekoratør tenester, Johannes Nome frå Stårheim.
Den tradisjonelle julekonserten blei arrangert 21.desember, i Kjølsdalen kyrkje med korsong, og ulike
musikkinnslag. Kjølsdalen Musikklag hadde ansvaret for konserten, og soknerådet vil med dette få takke
musikklaget for ein flott og musikalsk oppleving i kyrkja.
Kjølsdalen sokneråd har vore samansett slik dette året: Randi Aabrekk Heggheim (leiar), Jermund
Myklebust (nestleiar), Anne Brattheim (kasserar), Jorunn Breiteig (sekretær), Sonja Hatlenes, Vidar
Hatlegjerde og Sokneprest Sigurd Vengen styremedlemmar. Varamedlemmar: Lars Frode Humborstad,
Dianne Eikås, Janne Midthjell og Jim Rune Skrede.
Representantar til Fellesrådet: Vidar Hatlegjerde og Sonja Hatlenes. Vara medlem til Fellesrådet: Lars
Frode Humborstad og Janne Midthjell. Vara medlem til Nordfjord Prostiråd: Randi Aabrekk Heggheim.
Trusopplæringa: Dianne Eikås. Kontakt for Misjonsprosjekt: Jermund Myklebust. Diakoni: Randi
Aabrekk Heggheim.
Kjølsdalen februar – 2015
For Kjølsdalen Sokneråd, Randi Aabrekk Heggheim
- Leiar -
.
ÅRSMELDING FOR KJØLSDALEN IDRETTSLAG 2014
Org.nr 993 768 618
Styret har hatt denne samansetning:
Leiar: Jermund Myklebust
Nestleiar: Kjell Ove Almenning
Kasserar: Kristian Aardal
Styremedlem: Jorunn Iren Hjelle
Styremedlem: Toril Saure
Vara : Cato Albrigtsen og Kine Krokstrand
Valnemnd: Silje Myklebust, Inger Kristine Hatlegjerde og Janne Lund
Kjølsdalen Idrettslag (KIL) er registrert i Enhetsregisteret og Frivillighetsregisteret. Laget har totalt
36 betalande medlemmar derav 16 under 19 år. Hovudstyret har kun hatt 2 styremøte dette året men
har nytta sosiale medium aktivt i planlegging av aktivitetar, dette har fungert fint.
KIL har 3 særgrupper, fotball, handball, og barnegruppe. I tillegg er det andre grupper som har
forskjellig aktivitetar som ikkje er organisert, men meir tilfeldig. Handballen har i år vore under leiing av
barnegruppa. Styret har iløpet av året arrangert skidag, «Dua rett opp» og «Den store styrkeprøven» alle
aktivitetane blei godt gjennomført.
Idrettslaget har også tatt på seg eit formelt ansvar for skiløyper nord i dalen og takkar Bjørn Årdal for
arbeidet han har lagt ned over fleire år der.
Styret vil takke alle som har bidrege til aktivitet i laget og spesielt Lars Frode Humborstad, Kine
Krokstrand, Kristin Lefdal og Kjell Ove Almenning som har vore trenara i året som gjekk.
Kjølsdalen 04.03.15
Jermund Myklebust - Leiar Kjølsdalen idrettslag
.



REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I KKUL – 18 MARS 2015
Årsmelding for 2014 blei lagt fram og godkjent.
Rekneskap for 2014 blei lagt fram og godkjent.
Arbeidsplan for 2015 blei lagt fram og godkjent.
VAL:
REPRESENTANT
Cato Albrigtsen
Øystein Nes
Stig Arne Bugjerde
Ove Kjøllesdal
Kristian Aardal
VARA
Ståle Lefdal
Jorunn Breiteig
Anders Kjøllesdal
Øystein Leite
Terje Johnsen
REVISOR : Paul Rune Leite og Jostein Gillehammer
VALNEMND:
 Frode Kjøllesdal
2016
 Kjell Ove Allmenning 2017
 Ole Morten Dahlgren Erviksæter 2018
2016
KONTINGENT vert halden uforandra på kr 250,KONTONR: 3790.10.78166
Cato Albrigtsen
Kjølsdalen 04.03.15
Kristian Aardal
PÅ VAL I ÅR:
2017
2017
2017
2016
2016
Bygdekinoen
KJØLSDALEN SAMFUNNSHUS - ONSDAG 8. APRIL
Kl 18:00 HSTORIEN OM ASKEPOTT
Aldersgrense: alle.
Historien om Askepott følger skjebnen til unge Ella, og hennes far, som gifter
seg på nytt etter dødsfallet til Ellas mor. Da Ellas far uventet dør, blir Ella
degradert til tjenestepike hos sin nye familie, og de gir henne navnet Askepott.
Ella mister ikke håpet og er fast bestemt på å hedre morens ord om "å være
modig og snill". Lykken snur da Ella møter den sjarmerende Kit, uvitende om at
han virkelig er en prins og ikke bare en lærling på Slottet, slik han utgir seg for.
Når det Kongelige Slott inviterer alle unge damer til ball øyner hun sjansen for
nok en gang å møte den unge mannen, men hennes onde stemor forbyr henne i å
delta på ballet og sender istedet sine egne døtre.
Kl 20:00 FAST & FURIOUS 7
Aldersgrense: 11 år.
Etter at den fartsglade gjengen til Dominic Toretto og Brian O'Conner
beseiret Owen Shaw, har de endelig kunnet reise tilbake til USA og leve det
normale livene de drømte om. Men Owens eldre bror, Deckard Shaw, er
hevnlysten, og akter ikke å gi seg før hvert medlem av Doms klan er tatt av
dage. Det neste store kappløpet med tiden er i gang.
Trekløveret 4H
BLI MED Å MÅLE MONTESSORISKULEN … RAUD??
Trekløveret 4H har saman med foreldrene teke på seg å) måle Montessoriskulen utvendig. Vi inviterer difor alle
støttespelarane våre til å vere med på
MÅLEDUGNAD – ONSDAG 1. MAI KLOKKA 11 OG UTOVER …
Ta på målekle, ta gjerne med ein målekost, gardintrapp eller anna utstyr og møt opp! 
Vi ordnar med litt mat til dugnadsfolket !!
Trekløveret 4H
Utgjevar: Kjølsdalen Ungdomslag - 6776 Kjølsdalen
.