30Sau_Klostergarden_1115

Transcription

30Sau_Klostergarden_1115
Gardsdrift: Sau
Historie: Anders Schanche Rettedal
og Inger Lise Aarrestad Rettedal har
ei god historie å selje når dei skal
by fram Klosterlam, men med ein
totalfreda gard har dei også sterkt
avgrensa handlingsrom når dei skal
utvikle drifta.
Drifta på
Klostergarden
Vil byggje
for tusen
700 vinterfôra sauer
1 500 slaktegrisar
15 ammekyr
330 dekar dyrka mark
750 dekar kulturbeite
420 dekar utmark
og skog
Leiger i tillegg gard
med 150 dekar
dyrka mark
og beite
Rennesøy
RENNESØY: Å vere frampå, prøve nye ting og leite etter
moglegheiter for å utvikle garden vidare, er noko av det
som driv sauebøndene på Klostergarden. Dei ønskjer å byggje
ny fjøs for tusen sauer på den totalfreda garden.
Sauer i to etasjar: Hovedfjøsen på Klostergarden som alle klosterturistane går forbi.
Her er det plass til 400 vinterfôra sauer i
hovedetasjen og 40 i kjellaren.
TEKST OG FOTO: Dag Idar Jøsang, [email protected]
Y
tst i Boknafjorden går vel 1 000 lam
saman med vel 550 mødre og beitar
på havsalt gras. Nokre av dei blir
servert som dielam på gourmet­
restaurantar i Stavanger og omegn i desse dagar,
mens resten av slaktelamma blir fårikål og anna
lammekjøt under merkevarenamnet Kloster­
lam, hos Rema 1000.
Anders Schanche Rettedal og Inger Lise
Aarrestad Rettedal driv ikkje berre ein stor gard
i norsk målestokk, men også ein svært spesiell
gard. Klostergarden omkransar det einaste be­
varte middelalderklosteret i landet, Utstein kloster.
Den eine fjøsen på garden ligg omtrent vegg i vegg
30
Norsk Landbruk ■ nr 11/2015
med klosteret, og det er nesten som ein må over
kyrkjetrappa for å komme inn på tunet til dei som
driv den tradisjonsrike garden på Klosterøy.
FÔRAR PÅ SEKS FÔRBRETT
I dag er drifta stor, men relativt tungvinn. Det
er vel 700 vinterfôra sauer som skal ha mat, men
fôringa tar tid når det skal fôrast på seks ulike
fôrbrett. I tillegg skapar det logistiske utfordrin­
gar i lamminga. Den går føre seg i hovudfjø­
sen, som om vinteren har plass til 400 drektige
sauer. Dyreflyten er lagt opp slik at når sauene
i hovedfjøsen har lamma og fått eit par dagar
på å komme seg til hektene, blir dei slepte ut
på beite. Då blir det plass til å flytte sauer frå
andre fjøs inn i lammingsbingane i hovudfjøsen.
– I lammingstida går Anders 18 timarsvakter,
mens eg går seks timar pluss. Me har mange hjel­
parar i lamminga, men det meste av hjelpa går til
å flytte på dyr. I løpet av seks hektiske veker har
me rundt 3 000 dyr som skal flyttast, og i tillegg
må me ha hjelp til å stelle grisane og ammekyrne.
Fordi sauebuskapen på Klostergarden over
ein del år både var kontaktbesetning for skra­
pesjuke, og har hatt mædi og klauvråte, har dei
slutta å hente vêrar utanfrå. Anders har i staden
vald å drive aktivt avlsarbeid der han både av­
komstgranskar 18 prøvevêrar kvart år, samt at
han tilfører nye gener gjennom å inseminere
200 sauer i året.
– Me har jo gjort det litt vanskeleg for oss
sjølv, sidan me har vald å drive aktivt avlsarbeid
på garden. Det gjeld å ha god kontroll på kva
sauer som blir para med kva vêr for å unngå
innavl, seier han.
SYNKRONISERER BRUNSTEN
Når han har kartlagt kva sauer som er i brunst,
sjekka stamtavler for å unngå innavl og funne
kombinasjonar han trur passar godt saman,
slepp han til vêren. Ved å synkronisere brun­
sten, styrer han både aktiviteten til vêrane
nr 11/2015 ■ Norsk Landbruk
31
Gardsdrift: Sau
og fordeler lamminga så jamt han kan. Er­
faringa frå 2012, den første gongen han prøvde
å synkronisere paringa, gjer han ikkje om igjen.
– Eg hadde høyrt om synkronisering før eg
overtok og hadde lyst til å prøve det. I ei innheg­
ning med 350 sauer slapp eg til tre vêrar i eit døgn.
Teorien seier at sauene skal bli brunstige 21 dagar
seinare, og det funka som berre det. Etter 21 dagar
hadde eg 220 brunstige sauer. Då eg skulle slep­
pe til vêrane, løfta sauene på halen alle som ein.
20 sauer i kvar binge. Heldigvis tok ikkje alle sau­
ene lam på første forsøket, så me fekk aldri nokon
gedigen topp i lamminga. Er det ikkje typisk: Ein
høyrer om noko spennande og prøver det utan å
tenke seg godt nok om, seier Anders og ler.
Fordelen med å synkronisere er at han har
full kontroll over kva tid kvar enkelt sau har
blitt para. Den kunnskapen bruker han mel­
lom anna til å fordele sauene rundt i dei enkelte
bygga, slik at han kan fôre etter kor langt sauene
er komme i drektighetsperioden. Samstundes
fortel skanninga lammetalet, og slik veit han når
dei drektige sauene skal flyttast inn i fjøsen der
lamminga skal føregå.
FRÅ FINSNITTING TIL RUNDBALLAR
Før om åra var Klostergarden med i eit haus­
telag som leigde sjølvgåande finsnittar, og la
grovfôret i plansilo. Det ga fôr av veldig god
kvalitet. For godt for eit sauebruk der sauene
ein periode skal ha mykje, men energifattig
fôr. I dag har dei slutta med finsnitting og de­
ler i staden rundballepresse med ein bonde på
Rennesøy. Fordelen med det er at dei sjølv kan
bestemme haustetidspunkt og produsere fôr av
ulike kvalitetar. I haustelaget måtte dei slå når
det var deira tur.
Med rundballar og fôrmiksar, som også blir
meir og meir vanleg på større sauebruk, har dei
fordelen med at dei til ei kvar tid kan blande
rett blanding.
– Det gjer at det er lettare å justere lamme­
talet under paringa. Ønskjer eg fleire lam, kan
eg gi gass, og ønskjer eg å bremse, kan eg redu­
sere på fôret, seier Anders.
MAXAMMONBYGG ERSTATTAR KRAFTFÔR
For eksempel gir det større fleksibilitet i
mellom­drektighetsperioden, når sauene skal
ha strukturrikt fôr for å oppretthalde og ut­
vikle vomfunksjonen, mens ein kan auke på
med godt grovfôr og bremse på kraftfôret i
høgdrektighetsperioden.
– Me gir ikkje fullfôr, men bruker fôrmiksaren
til å blande gras frå ulike slåttar. Me har også heil­
grøde som me blandar inn for å få meir struktur,
og til hausten har eg bestilt max­ammonbehandla
bygg til sluttfôringa. Det vil vere bra å erstatte
soyabasert kraftfôr med norsk korn, så det har
me store forventningar til, seier han.
I motsetning til kraftfôr er maxammonbehand­
la bygg sterkt alkalisk, med ein pH på nesten ni.
Vanleg kraftfôr har låg pH og kan derfor gi laus
avføring, fordi vommikrobane må arbeide i eit
surare vommiljø. Dei som har prøvd maxammon­
behandla bygg, fortel om eit godt vommiljø, som
igjen gir ei betre utnytting av grovfôret.
POSITIVT MED FREDA GARD
Bøndene på Klostergarden er ikkje av typen
som alltid vel det trygge og utprøvde. Dei øn­
skjer å vere innovative og er alltid ute etter å
prøve noko nytt.
– At mange bønder driv slik, viser at land­
bruket er gode på ummidelbar innovasjon, eller
Instant Innovasion. Det tar kort tid frå bønder
høyrer om noko, til dei prøver det ut i praksis.
Mange har ei oppleving av at norsk landbruk er
bakpå og ikkje utviklar seg, men det er tvert om
slik at innovasjonsgraden er høg i landbruket.
Det overraskar mange, fortel Inger Lise.
Då Anders og Inger Lise tok over garden, had­
de dei som mål å byggje ny sauefjøs innan ti år.
Teikningane for eit bygg til 1 000 vinterfôra sauer
ligg allereie klare, men på vent. Å få lov til å byggje
nytt og stort på ein totalfreda gard, kan ta tid. Det
fekk dei oppleve då dei ville byggje ny utandørs
plansilo til sauefjøsen. Det tok 13 månader å få
godkjenning, mot to-tre veker som er normalt
for andre i kommunen. Det var ei lita endring. Eit
Annonse
sauehus parallelt med grisefjøsen vil vere på 1 600
til 2 000 kvadratmeter. Det er ei stor endring.
– Eg synest det er positivt at garden er
freda. Det gjer at me ikkje får noko press på
kulturlandskapet. Samstundes er det krevjande
om me vil byggje ein ny driftsbygning, og det
gir ein meir omstendeleg prosess. Spørsmålet
er om me får lov til å byggje nytt, og om me
får byggje stort. I fredingsvedtaket står det at
fredinga ikkje skal vere til hinder for almin­
neleg gardsdrift, men det spørs korleis ver­
nestyresmaktene forstår det med alminneleg
gardsdrift, seier han.
TRENG RASJONELLE DRIFTSBYGNINGAR
Av og til får Anders og Inger Lise inntrykk av at
vernestyresmaktene helst ønskjer at dei skal ha
tusen utegangarsauer berre for kulturlandska­
pet sin del, og at dei ønskjer ein gard med små
bygningar. Det passar ikkje inn med planane til
bøndene på Klostergarden. Dei er avhengige av
ein økonomi som går rundt, og treng rasjonelle
driftsbygningar for å kunne drive effektivt. Med
700 sauer, 1 500 slaktegrisar og 15 ammekyr å
stelle, samt 18 bygningar å vedlikehalde, er det
ikkje mogleg å drive Klostergarden på deltid.
Garden er avhengig av å kunne utvikle seg i
tråd med resten av landbruket.
– Me kan ikkje velje dei finaste materiala
og dyre løysingar utan nokon støtte frå det
Innovasjon: Bøndene på
Klostergarden er innovative i
alt dei gjer. I vår har Anders
testa ut kraftfôrpellets på
12 millimeter, som strøs
rett på beitet.
offentlege, men me håpar at prosessen med
verne­s tyresmaktene skal gå bra, og at dei
viser forståing for våre behov, seier Inger Lise.
Tanken er at den nye sauefjøsen skal byg­
gjast parallelt med grisefjøsen. Den ligg eit
par hundre meter frå tunet på Klostergarden.
På den måten blir bygga mest mogleg diskrete i
terrenget. Ein ny sauefjøs vil også løyse eit anna
problem for bøndene. I dag har dei ikkje hus til
å ha traktorar og reiskap i.
– Det vil me få når me byggjer om den gamle
fjøsen til reiskapshus. Det vil vere praktisk sidan
den ligg vegg i vegg med verkstaden, seier Inger
Lise. ■
Annonse
SPESIALIST I LANDSKAPSPLEIE!
Liten eller Stor,
Mye kvalitet for pengene!
PROFESJONELLE BEITEPUSSERE
OG KANTKLIPPERE
Avrundet og praktisk design gir
høy kapasitet og driftsikkerhet.
Patentert motstål samt spiralrotor
som gir konstant oppkutting.
Markedets største sortiment av
beitepussere & kantklippere.
NYHET!
KRONOS KRATTKNUSER
Overlegen kapasitet og rekkevidde.
Rekkevidde på hele 4,5 m gjør at
du når andre siden av grøfta.
Kraftig konstruksjon(1.055kg)
med Hardox i hele klippehodet.
Utstyrt med 13 mm herdet kjetting.
Tar kratt på 10-12 cm
REFERANSER OVER HELE LANDET
SE VID
E
PÅ V O
Å
NETT R
SIDE
Melhus 72 87 05 55 - 913 72 274
Stange 62 57 46 40 - 995 74 782
IMPORTØR
For øvrige forhandlere, se www.svenningsens.no
Bardal Gård - 7724 Steinkjer
32
Norsk Landbruk ■ nr 11/2015
Tlf: 74 14 76 00
Mob: 917 27 606
epost: [email protected]
www.forsentralen.no
nr 11/2015 ■ Norsk Landbruk
33
Gardsdrift: Sau
Skal arbeide med utvikling
Ho manglar berre eit valfag i traktor og litt til, før ho kan
titulere seg agronom, og i vår blei Inger Lise Aarrestad
Rettedal bonde på fulltid.
TEKST OG FOTO: Dag Idar Jøsang, [email protected]
M
ens Anders er siviløkonomen som
gjekk frå å vere rådgjevar i eit fond
som driv med aktiv eigarkapital, til å
bli bonde for tre og eit halvt år sidan, har Inger
Lise brukt sin MBA i marknadsføring i jobben
som samfunnskontakt i Statoil. Men i familie­
råd i romjula tok dei avgjerda om at ho også
skulle ta steget fullt ut, og jobbe med gards- og
konseptutvikling på fulltid.
– Me har lenge tenkt at garden på sikt skulle
bli arbeidsplass for begge, og i romjula tok me
avgjerda om at me vil prøve. Målet er å utvik­le
andre sider av gardsdrifta, og det lot seg ikkje
kombinere med at eg hadde fulltidsjobb i
Statoil. Eg er spent på om me vil få til det me
har gitt oss ut på, men går det ikkje, kan eg all­
tids gå tilbake til ein jobb i industrien, seier ho.
STARTAR MED GARDSBUTIKK
Geografisk ligg Klosterøy midt i smørauget i
Rogaland. Etter at fastlandssambandet kom
i 1993, tar det berre ein halv time å kjøre frå
sentrum i Stavanger til Utstein kloster. Kvart
år er det mellom 10 000 og 20 000 turistar på
klosteret, men det er ingenting å kjøpe. Det
potensialet vil Inger Lise utnytte, og det første
prosjektet ho har jobba med, er å restaurere eit
sjøhus like nedanfor klosteret og gjere det om
til gardsbutikk.
– Me har mange fine produkt på garden, slik
som skinnfellar og ull. Eg har også kontakt med
lokale leverandørar for å vurdere andre ting me
kan selje i ein gardsbutikk. Det er kjekt å ha tid
til å sjå på slike moglegheiter, seier Inger Lise.
PRØVER FRILANDSGRIS
Mens vernestyresmaktene studerer planane for
å gjere eitt av sjøhusa om til gardsbutikk, har
Klostergarden andre spennande prosjekt som
ikkje treng godkjenning frå andre. Allereie i
sommar vil ein del av grisane få lov til å få puste
inn frisk sjøluft og rote i jorda.
Hundre meter nord for grisehuset er det eit
fint skogsområde. Alt som trengst, er å gjerde
inn området og plassere ut hytter som kan gi
grisane ly for vêr og vind.
– Det er noko eg ønskjer å prøve i sommar,
etter at eg har levert prosjektsøknaden om
gardsutsal. Me har prøvd med to grisar tid­
legare og kjem til å prøve med grisar frå eigen
produksjon. I dag leverer me dielam til restau­
rantar og veit at restaurantmarknaden også er
interessert i kjøt frå frilandsgris. Så får me sjå
korleis det fungerer med det området me har
og kor krevjande det er. Det er uansett ei nisje
og ikkje storskalaproduksjon, seier ho. ■
Fôring på
mange fôrbrett
Det tar tid i fôringa når det
skal fôrast i fleire fjøs og på
ulike måtar.
TEKST OG FOTO: Dag Idar Jøsang, [email protected]
I hovudfjøsen, som er den ærverdige mur­
steinsbygningen turistane til Utstein klos­
ter møter, er det plass til 400 vinterfôra
sauer i hovudetasjen, men ikkje alle ved
same fôrbrett. Ei Orkel F2 fôrvogn sørgjer
for fôringa til 300 av dei, mens resten får
grovfôr i fôrhekk.
Det nest største sauehuset finn ein i den
eine enden av grisehuset, som ligg eit par
hundre meter frå gardstunet. Her er det
plass til 200 vinterfôra sauer. Sidan fôrbret­
tet her berre er 70 centimeter bredt, må
sauene fôrast med hjulgrabb. I kjellaren
er det plass til 40 sauer. Dei får grovfôr
i fôrhekk, som blir fylt gjennom ei luke i
taket frå hovud­etasjen.
Etter at Anders gjekk over frå finsnit­
ting til rundballar, har plansiloen blitt bygd
om til sauehus, med plass til 40 sauer. Her
brukar han ein utleggjar med transport­
band til å få fôret inn i fôrhekken, mens
han har fôrhekk for rundt 40 sauer i den
gamle stallen ved sida av løa. ■
Me har mange fine produkt på garden, slik som skinnfellar og ull.
Vakkert: Landskapet på
Mosterøy kan minne mykje
om Skottland og Irland.
34
Norsk Landbruk ■ nr 11/2015