Feil! Fant ikke referansekilden.

Comments

Transcription

Feil! Fant ikke referansekilden.
Side 1 av 2
Fylkesrådmannen
Sakshandsamar:
Marit Silje Årnes Husabø
E-post: [email protected]
Tlf.: 97173379
Valstyra i kommunane i Sogn og Fjordane
Vår ref.
Sak nr.: 15/312-37
Gje alltid opp vår ref. ved kontakt
Internt l.nr.
29122/15
Dykkar ref.
Dato
LEIKANGER, 25.08.2015
Fylkestingvalet 2015 - Innsamling/innlevering av stemmesetlar og
kontakt på valdagen
Teljing og kontroll av valoppgjer for Sogn og Fjordane startar på Fylkeshuset i Leikanger kommune
tysdag 15.09.2015 kl 16.30.
Vi ber om at valstyra i kommunane, - gjennom ein stafett, - syter for at valmaterialet er innkome
til skanningsenteret vårt på Fylkeshuset innan denne tid.
Dersom de ikkje når denne fristen ber vi om at de melder dette på telefon til ein av
mobiltelefonane nedanfor.
Vi har sett opp følgjande “stafett” for oppsamling/innlevering av valmaterialet:
Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal, Stryn og Gloppen:
Selje bringar til Vågsøy
Vågsøy bringar vidare til Eid
Eid bringar vidare til Gloppen
Hornindal bringar til Stryn
Stryn bringar vidare til Gloppen
Gloppen syter for at valmaterialet frå desse 6 kommunane kjem til Fylkeshuset.
Bremanger, Flora, Askvoll, Naustdal, Førde og Jølster:
Bremanger bringar til Flora
Flora bringar vidare til Naustdal
Naustdal bringar vidare til Førde
Askvoll bringar til Førde
Førde bringar vidare til Jølster
Jølster syter for at valmaterialet frå desse 6 kommunane kjem til Fylkeshuset.
Fjaler, Gaular, Solund, Gulen, Hyllestad, Høyanger og Balestrand:
Fjaler bringar til Gaular
Gaular bringar vidare til Høyanger
Solund og Gulen bringar til Hyllestad
Hyllestad bringar vidare til Høyanger
Høyanger bringar vidare til Balestrand
Balestrand syter for at valmaterialet frå desse 7 kommunane kjem til Fylkeshuset.
Aurland, Årdal, Lærdal, Luster og Sogndal:
Aurland og Årdal bringar til Lærdal
Lærdal bringar vidare til Sogndal og leverer til Luster
Luster syter for at valmaterialet frå desse 4 kommunane kjem til Fylkeshuset.
Sogndal kommune, Vik kommune og Leikanger kommune bringar eigne
stemmesetlar/valmateriale til Fylkeshuset sjølve.
Fylkeshuset | Askedalen 2 | 6863 LEIKANGER | Tlf.: 57638000 | Bankgiro: 4212 02 02000
[email protected] | www.sfj.no | Org.nr.: NO 941 388 841 MVA
Side 2 av 2
Dersom valstyra har andre og/eller betre måtar /framlegg til å løysa innleveringa/stafetten på,
oppmodar vi om å få framlegg om dette.
Alle endringar må vera avtala med fylkesvalstyret sitt sekretariat.
Valmateriale som skal leverast er: alle stemmesetlar
møtebok for valstyret i kommunen
eventuelt anna materiell/dokumentasjon som
vedkjem avrøysting ved fylkestingsvalet
Valmateriale som ikkje skal leverast er:
manntalslister
valkort
Pakking:
Fylkesvalstyret minner om at materialet skal sendast i forsegla kasse, jf reglane i vallova og
forskrifta. Valstyret må legge vekt på at reglane vert nøye følgde.
Tryggleik:
All transport m.v. må verte utført med minst 2 personar til stades til ei kvar tid.
Dersom det vert endringar eller oppstår vanskar, ber vi om at sekretæren for fylkesvalstyret vert
varsla snarast.
Telefonnummer som kan nyttast:
958 00 153
971 73 379
mobil til sekretæren
mobil til Marit Silje Husabø
Telefonane ovanfor kan også nyttast dersom valstyra har trong for å kontakta
fylkesvalstyret på valdagen eller i samband med avviklinga av valet.
Med helsing
Knut Henning Grepstad
sekretær for fylkesvalstyret
Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift