Smarte Bjarte2 nyn.indd

Transcription

Smarte Bjarte2 nyn.indd
Dagny Holm
Illustrert av Ane Steinsholt Hem
in
l
e
p
ep
Z
LESESERIE
Nynorsk
SMARTE BJARTE
PÅ SPORET
Norsk for barnetrinnet
Smarte Bjarte2 nyn.indd 1
15-05-06 07:50:26
KVEN ER SMARTE BJARTE?
Smarte Bjarte er detektiv. Han har eit hemmeleg kontor
på ein hemmeleg stad i ein hemmeleg by. Men Smarte
Bjarte er nesten aldri på kontoret. Han har det altfor
travelt med å løyse mysterium. Smarte Bjarte er ein av dei
aller beste detektivane i verda.
4
Smarte Bjarte2 nyn.indd 4
15-05-06 07:50:29
Kvar morgon sjekkar Smarte Bjarte telefonsvararen
sin. Svararen er alltid full av meldingar frå folk som treng
hjelp. Bjarte bestemmer seg for kva sak som hastar aller
mest. Så gjer han seg i stand til å dra ut på oppdrag. Han
tek alltid med seg kofferten sin. Kofferten er full av
detektivutstyr:
– Fingeravtrykkspulver
– Kamera
– Handjern
– Måleband
– Notisbok
– Mobiltelefon
– PC
– Forbrytaralbum
– Fuglefrø
Bjarte tek med seg kofferten og går ut i bilen. Det er ein
spesialbygd sportsbil med radar og automatiske handjern.
Bilen har også mange hemmelege knappar.
Dersom Bjarte trykkjer på den raude knappen, går
dørene opp. Dei snur seg og blir til venger. Ein propell
stikk ut framme på bilen. Smarte Bjarte har fått eit fly!
5
Smarte Bjarte2 nyn.indd 5
15-05-06 07:50:30
Dersom Smarte Bjarte trykkjer på den grøne knappen,
blir bilen heilt vasstett. To propellar stikk ut bak. Smarte
Bjarte har fått ein båt!
Dersom Smarte Bjarte trykkjer på den gule knappen,
blir bilen til ein undervassbåt. Og dersom han trykkjer på
den svarte knappen ...
Ingen veit kva som skjer dersom Bjarte trykkjer på den
svarte knappen. Den knappen har aldri vore brukt. Den
svarte knappen er panikknappen. Smarte Bjarte har aldri
hatt panikk. Ikkje enno.
Til vanleg er dei hemmelege knappane gøymde bak ei
hemmeleg luke. Bilen ser ut som ein vanleg sportsbil.
Ingen kan sjå at det er noko spesielt med bilen.
Før Smarte Bjarte køyrer, opnar han bilvindauget
og plystrar tre gonger. Svisj! Ein fugl kjem susande inn
gjennom vindauget og set seg på setet. Det er Knut
Gribb, den tamme papegøyen til Bjarte.
– Då tenkjer eg vi kan starte, seier Smarte Bjarte.
6
Smarte Bjarte2 nyn.indd 6
15-05-06 07:50:30