Månen landa i natt : dikt

Transcription

Månen landa i natt : dikt
LISE-MARTE VIKSE
KALLÅK
Månen landa i
natt
dikt
M ARGbok | 2015
Lise-Marte Vikse Kallåk
Månen landa i natt
1.utgave heftet, 2015.
Copyright © norsk utgave 2015 MARGbok forlag, Tromsø
Sats og layout: Margbok
Forsidebilde: Karoline Emmerhoff
Sats: Adobe Garamond Pro
ISBN: 978-82-93065-61-6 (E-bok)
ISBN: 978-82-93065-56-2
Alle førespurnader om denne e-boka kan rettast til:
MARGbok forlag
Kirkegata 2, 9008 Tromsø
www.margbok.no
Det må ikkje kopierast frå boka i strid med åndsverklova.
Utan særskild avtale med MARGbok forlag er kopiering kun
tillate når det har heimel i lov eller avtale med Kopinor,
interesseorgan for rettshavarar til åndsverk
(www.kopinor.no). Bruk som er i strid med lov eller avtale,
kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast
med bøter eller fengsel.
I
fylgje eit vakuum
kava seg i land
pulsera under open himmel
kvila i framandt landskap
sjå filmen på ny
vera statist på eit skjær
du stikk foten gjennom skorpa
steinane mot fotsålen
kulda klemmer låra dine
du vil innover for seint
føtene ankra opp i mudd
dønningane spelar preludium mot svaberget
du glir uti samanføyingane
trår belgen
bles frålandsvinden
bort frå horisonten
Du høyrer meg langt der nede i djupet, eg kjenner smaken
av deg i snorkelen, høyrer pusten din under vatn, etter deg
ein straum å hekte seg på, dine beinspark, mine armtak,
runde kapp det gode håp, gripe etter ei luftboble, ein
flytande klode, ein plattform å dreie, gå i land, kjenne lukta
av tang eit heilt liv
Du ror den tjæresvarte båten. Eg stikk handa i vatnet,
bremsar. Får ei blåmanet i hole handa, lar geleklumpen
fylgje med eit stykke før den pressar seg veg mellom
fingrane. Trekk opp jakkeermet, bølgjene oppetter dei bare
armane, tunge, kalde. Båten rykkvis av garde. Framover,
på veg mot venting. Den evinnelege ventinga, som aldri tar
slutt.
Syklar Melkevegen med deg på bagasjebrettet
det er nedoverbakke, ein punkterer, seier du
Merkurs bane har den minste akselhellinga, seier du
og fullfører tre rotasjonar rundt eiga akse
eg ristar støv og gassar ut av håret
får oss begge ut av ein kjerne av jern