Øy-Blikk nr. 25/2015

Transcription

Øy-Blikk nr. 25/2015
1985
30
ÅR
2015
Øy-Blikk
Torsdag 18. juni 2015 Spør oss om
BUSTADLÅN
Din lokale eiendomsmegler
Dei beste vilkåra får du gjennom
Møre Ung og Møre Verdi.
Karen S. Synnes
Trainee
Tlf. 481 73 502
[email protected]
Odd-Arild Sæther
Mob: 900 88 380
odd.arild.sather
@moremegling.no
Nr. 25
|
30. årgang
Selge
|
?
Cecilie Clausen Dyb
[email protected]
Tlf: 400 01 064
www.oyblikk.no
|
Laussal kr 20,-
Boligspesialisten i gisKe
selge Bolig?
Kontakt meg i dag for
en gratis verdivurdering
Audun Sjøholt
mob 906 03 774
[email protected]
www.notar.no
Tok toppverv i
Securitas
Førre veke blei Janita
Blomvik frå Valderøya
hovudtillitsvald for
4500 tilsette i Securitas.
SIDE 5
Bygger
klubbkjensle
Paul Ottar Haga og
Giske IL i studio
for å spele inn Idar
Giskegjerde sin
song til Giske IL sitt
50-årsjubileum. Ein
video er også på veg.
SIDE 15
arne, kalv og finn: Fredrik Furnes, Håkon Høybakk og Audun Grøtta Giske spelar tre av brørne Arneson. Foto: Nora R. Hesseberg
No brakar det laus!
"Heile" Giske har gått i vikingmodus. 20-årsjubilanten Giskespelet er klar for ein ny runde, og Øy-Blikk har
møtt enda nokre av årets aktørar i førebuingane.SIDE 10-11
Tilbudene gjelder t.o.m. lørdag 20/6.
Et utvalg
pølser fra Finsbråten,
Prior og Gilde
29
90
Finn din nærmeste butikk på www.spar.no
Sommerkoteletter
39
frosne, pr kg, Gilde/Ringdal
90
Vannmelon
4
hele, pr kg
90
pris!
Sommvaer
rer ut juni.
Tilbudet
Begrensninger på tilbudene kan forekomme. Vi tar forbehold om trykkfeil og utsolgte varer. Salg kun til private husholdninger.
Alle typer vann
5 for
og brus
79
00
Gjelder kun ved
av 5 single 1,5 l
kjøp
Gjelder alle typer vann og brus,
med unntak av First Price, Eldorado og 4 pk.
Pant kommer i tillegg.
Alltid tilbud på noe godt!
ord for dagen:
18. juni 2015 Veke 25
Ubunden lokalavis for Giske
Norsk ordtak
@anneritali - 15.6.15
Ansvarleg redaktør:
Odd Egil Valderhaug
Utgjevar: Øy-Blikk AS
Eit stort hus er seint å sope
Øy-Blikk arbeider etter “Ver Varsam” plakaten og øvrige etiske retningsliner som vert lagde til grunn i norsk presse. Den som meiner seg råka av
urett-messig avisomtale, vert oppmoda om å kontakte redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt av Norsk Presseforbund. Organet handsamar klager mot pressa i etiske spørsmål.
PFU, Rådhusgt. 17, 0158 OSLO.
Tlf. 22 40 50 40, fax. 22 40 50 55
Eit kjempehurra for
Oleanna, storejenta vår
som snart er skulejente.
Gratulerer med dagen
21. juni, klemmar frå
Sigve, mamma og pappa.
Vincent V. Gjøsund
13 Juni fylte solstrålen
Vincent 3 år. Dagen ble
feiret med brask og bram
sammen med familie og
venner. Vi er uendelig
stolte og glade i deg!
Hilsen Mamma, pappa og
lillesøster.
Nyfødd
Marie Haugrønning
Strand 9 år!
Hipp Hurra for verdens
beste lillesøster, Marie
Haugrønning Strand, som
fyller 9 år onsdag 17. juni.
Dagen feires som statist for
Giskespelet. Håper du får
en super bursdag! Klem fra
Emma :o)
@hildegunnblindheim - 14.6.15
Emilia Yasmine Giske
Remøy
Vår inderleg kjære Emilia
fylte 13 år den 11.06.
Vi er veldig glade i deg, og
ønskjer deg alt godt!
Klemmar frå mamma,
pappa, Nadine, Chris, Ann
Turid og Timo
Bilethelsingar
i Øy-Blikk
er GRATIS
(max. 30 ord)
Helsingar med kunngjering
av tid og stad for feiringa
kostar 110 kroner.
Mia Pernille kom til
verden 2. mars ved Ålesund
sjukehus. Stolte foreldre er
Siv Remme og Ole Andre
Tomren. Storebror Mats er
også glad for ei lillesøster.
Oliver Lovett
Blindheimsvik
Hipp hurra for sjarmøren
vår som fyller 1 år i dag!!
Gratulere så masse med
dagen din, Oliver!
Vi er kjempe glad i deg!
Stor klem fra mamma,
pappa, bestemor, bestefar,
farmor, farfar og oldemor.
Helsingar kan sendast på
e-post til:
[email protected]
Legg ved frankert konvolutt
dersom du ønskjer biletet
sendt i retur. Siste frist for
innlevering av helsingar og
takkeannonser er tirsdag
klokka 12.00.
@anneritali - 16.6.15
likk
@ernstjarle - Ernst Valderhaug - 8.6.15
Maria Nordstrand
Grimstad
Gratulerer med niårsdagen
17. juni, kjære, snille
Maria!
Bursdagsklem frå besta,
mormor og bestefar.
Vi oppfordrar alle til å bruke
fullt namn på den eller dei
som vert gratulert.
#øyblikk
TIPSTELEFON: 92 42 33 98
Telefon: 70 18 63 80
Faks: 70 18 63 90
e-post:
[email protected]
[email protected]
[email protected]
Øysenteret, 6050 Valderøy
Forretningsannonsefrist:
Måndag kl.12
Privatannonsefrist:
Måndag kl.16
Trykk: Polaristrykk as
Sats og montasje: Øy-Blikk
Odd EGIL VALdERHAUG
ANsVARLeG ReDAKTØR
& DAGLeG LeIAR
[email protected]
REbEccA MOLTU RIISøEN
Redaksjon& ANNoNsesjeF
[email protected]
KRISTOFFER OFTEdAL
joURNALIsT
[email protected]
ROLF HANSEN
joURNALIsT
[email protected]
MARcUS MURPHy
GRAFIsK FoRMGjeVAR
[email protected]
JOURNALIST FRILANS:
Nora R. Hesseberg
Birgitte Magelssen Godø
Anja Heimland Løkling
dato til venstre
2
Torsdag 18. juni 2015
øyglimt
Øyriket Giske
Giske kommune omfattar dei fire øyane Vigra, Valderøya,
Giske og Godøya. Øyriket har til saman 7.923 (dec. 2014)
innbyggjarar. Øyane er bundne saman med tunnel og bruer, og
kommunen er knytt til fastlandet med undersjøiske tunnelar.
Frå Nairobi til Godøya og Vigra
det skjer
Sommarutstilling
Grafikk, akvarell, teikning, maleri og materialbilete.
Utstillarar: Anders Kaardahl, Inge Grødum, Gro
Hege Bergan, Jan Kåre Øien, Tone Roald, Per Johan
Avdal, Evelyn Melsom, Dag Magne Staurheim,
Iselin Bst, Ragnvald Einbu og Sara Tunheim.
30. mai til 14. juli, Alnes fyr
Gudsteneste
Høgmesse ved Oddvar Tveito.
Offer: Radio Sentrum
søndag 21. juni kl. 11, Giske kyrkje
Jonsokfeiring
Roald velforening arrangerer jonsokfeiring komande laurdag, 20. juni. Sal av rømmegraut og kaker.
laurdag 20. juni kl. 11, Sambrukshuset på Roald
2
FURENE, 6100 VOLDA
LAVPRIS
NB!:
Køyrerute kvar
onsdag til Ålesund, Sula,
Giske, Skodje, Haram,
Ørskog. Sykkylven (tirsdag)
og Hareid (torsdag)
FRAKTFRITT
- PRISAR INKL. MVA
NB! Alle bestillingar for KØYRERUTA må vere innkomne innan onsdag
22x95 Terrassebord impr. 1-sort . . . . . . . pr m kr
28x120 Terrassebord impr. 1-sort . . . . . . . pr m kr
36x73 just impr. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . pr m kr
36x98 just C-24 impr. . . . . . . . . . . . . . . . . . pr m kr
36x148 just C-24 impr. . . . . . . . . . . . . . . . . . pr m kr
48x98 just C-24 impr. . . . . . . . . . . . . . . . . . pr m kr
34x145 Impr. handrekke . . . . . . . . . . . . . . . pr m kr
19x148 dobbel/enkelfals 1-sort impr. . . . pr m2 kr
Shingel Type S, -sort . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . pr m2 kr
D-polyester underlagspapp . . . . . . . . . . . . . pr m2 kr
19x148 Dobbelfals 2. sort. . . . . . . . . . . . . . pr m2 kr
13mm Gips 120x240 std. . . . . . . . . . . . . . . . pr pl. kr
9,35
14,85
12,60
17,10
25,55
20,90
36,15
132,45
82,00
23,60
77,00
91,85
Vi har Knauf, Glava, Evertile, Decra, ståltak, takstein, H-vindu, dører
Be oss om tilbod! Telefon 70 04 59 90 Fax 70 06 87 70.
OPE MANDAG – FREDAG 8 – 17. LAURDAG 9 – 14
www.koppenind.no – [email protected]
HYTTER – SJØLVBYGGARGARASJER – ALT I TRELAST
dato til høyre
Torsdag 18. juni 2015
Søndag og på
Jonsokaftan får
Godøya og Vigra
besøk av leiaren
for det store hjelpeprosjektet mellom
barna i slummen i
Nairobi, Eliaika M.
Oruko, og Gunnar
Hamnøy, leiar for
NSP Aid.
innsendt
Det blir ein spesiell kveld
med fokus på Kenya og
hjelp til foreldreløse barn
på Godøy bedehus søndag 21. juni. Det blir
vist bilde og fortalt om
arbeidet mellom barna.
Gunnar Hamnøy vil også
ha ein andakt. I tillegg
deltek Oruko og Hamnøy
på jonsokarrangement på
Vigra 23. juni, på Sagabu.
North South Partners-
hip Aid (NSP Aid) er engasjert i eit stort hjelpeprogram i samarbeid med
ein lokal organisasjon i
Kenya, «Heart to Heart»,
og på Kenyakysten med
å bygge opp og drifte Faraja Childrens Home, eit
prosjekt mellom barna i
Kibera og Kawangwareslummen i Nairobi. Hovudfokuset er å hjelpe
foreldrelase barn og barn
som har det svært vanskeleg til ein skuleplass eller
førskuleplass.
Fleire samlingar
Det er lagt opp til fleire
samlingar med fokus på
Kenya og barn i Kenya,
på Sunnmøre.
– Vi ynskjer å samle
folk på Sunnmøre, både
faste givarar og andre som
er interesserte i å høyre
om arbeidet mellom barna i Kenya, fortel Gunnar
Hamnøy. Leiaren i NSP
Aid kom heim førre veke
frå ein tur til Kenya for
å følgje opp arbeidet på
Faraja Childrens Home,
I Kenya møtte han m.a.
komiteen som planlegg
å bygge opp ein barnelandsby utenfor Nairobi,
for foreldrelause barn.
På Faraja Childrene
Home bur det i dag 32
foreldreløse barn, som
har fått eit nytt håp og
framtid. Dei barna som
får høve til å gå på skule
får skuleuniform, bøker
og mat to gongar dagleg.
Fleire treng også medisinsk hjelp. NSP Aid
engasjerte seg i arbeidet
våren 2013 med 14 barn,
no får 156 barn i Kiberaslummen og 184 barn i
Kawangware-slummen
skuleplass. I tillegg finansierer NSP Aid sine
givarar to matprogram,
eitt i ei kyrkje i slummen
og eitt på ein skule.
Eliaika M. Oruko (til dagleg
kallar ho seg Mary) er
ein av hovudleiarane for
dette hjelpeprogrammet i
slummen. Ho vart fødd og
vaks opp i Kawangwareslummen, men fekk høve
til utdanning, og utdanna
seg til diakonisse. I tillegg til
arbeidet i slummen er Eliaika
leiar for diakonissene i den
lutherske kyrkja i Kenya, og
nestleiar i Afrika. Foto: Privat
Busstur til Trondheim med Radio Sunnmøre
I mylderet av turer
som i disse dager
legges ut for salg
til reiselystne
sunnmøringer,
tilbyr Radio
Sunnmøre en
interessant
jubileumstur til
Trondheim 3. – 6.
september. Turen
er et samarbeid
mellom radioen og
Si-Reiser AS.
innsendt
På programmet står besøk
hos NRK Tyholt og lunsj
i Tyholttårnet etter omvisning i kringkastings-
huset. Videre er det innlagt et besøk i Vår Frues
Kirke, hvor programmet
«Salmeboken minutt for
minutt» ble en suksess for
landets TV-seere. Lørdag
ettermiddag er det avsatt
tid til en uflukt til Verdal
hvor en stor sang- og
musikkfestival går av stabelen. Her deltar kjente
sangere og musikere som
Peter Sandwall og Lars
Mørlid og en rekke country- og gospelinspirerte
grupper. Søndags formiddag blir det gudstjeneste
i selveste Nidarosdomen.
Bussturen starter fra
Ålesund og går via Molde,
Sunndalsøra og Oppdal
til Trondheim, retur via
Orkanger, Halsa – Kanestraumen. Under vegs blir
det kafferaster med hjemmebakte kaker, og under
oppholdet bor man på
sentrumshotellet Scandic
Solsiden Hotell. Det er
også god anledning til
å «gjøre» Trondheim på
egenhånd, for de som
ønsker det.
Turteamet til Radio
Sunnmøre består av Eli og
Torstein Remme, Oddveig
og Kolbjørn Molnes, Hilde
Gjengedal og Gudrun
Longva. Disse vil stå for
guiding og underholdning på bussen, og tilbyr
morgen- og kveldssamlinger i ett av hotellets
møterom. Her blir det
rikelig med sang og musikk, humor, menneskelig og åndelig fellesskap.
Påmelding til Si-Reiser.
3
Ønskjer bistand frå private utleigarar
Giske kommune ber
innbyggjarar med
bustad for utleige ta
kontakt.
Rolf Hansen
[email protected]
Eit samla formannskap innstilte sist veke på at Giske
kommune skal ta i mot fleire flyktningar enn tidlegare
år.Utfordringa til kommunen
er bustad til dei nye flyktningane.
– Det vert jobba med bustadspørsmålet heile tida i
høve dei tenestane kommunen allereie skal løyse. Om
det kjem fleire flyktningar til
kommunen, ber vi folk med
ekstra bustad for utleige, å ta
kontakt med oss. Vi har allereie fått innspel frå privatfolk,
som har ein bustad til utleige,
men vi høyrer gjerne frå fleire,
seier rådmann Marit Elisabeth
Larsen.
God diskusjon
TA KONTAKT: Rådmann Marit
Elisabeth Larsen oppmodar private
utleigarar å ta kontakt med Giske
kommune om dei har ein bustad
til utleige, der mellom anna
flyktningar kan busette seg.
Foto: Rolf Hansen
Saka skal opp i kommunestyret
i dag, og det er venta fleirtal
også der for ei auke i talet på
f lyktningar. Det vil tr uleg
verte noko meir diskusjon enn
det var i formannskapet, der
dialogen var konstruktiv med
mange innspel sist veke.
– Vi hadde ein svært god
diskusjon på dette i formannskapet, der fleire peika mot den
private leigemarknaden mellom
anna. No er det ikkje slik at vi
skal skaffe bustad til evig og
alltid for flyktningane. Det er
ei hjelp til etablering, og etter
kvart vil disse få seg både eigen
jobb og bustad, rundar rådmann Elisabeth Marit Larsen av.
I formannskapet vart idrettslaga også oppmoda til å ta eit
initiativ til å aktivisere flyktningane gjennom dei eksisterande tilboda. Her vart det
peika på den gode innsatsen
dei same idrettslaga gjorde i
den tida Giske kommune hadde
eit asylmottak på Vigra.
Ope svar til Frp sin ordførarkandidat, Ina Giske
Ja, Ina! Det er svaret.
harry valderhaug
Ordførarkandidat for KrF
I eit ope brev i førre Øy-Blikk
skriv du, Ina, at du synest eg ikkje nemnde nok om det faktum
at landsmøtet i KrF stemde for å
ta imot flyktningar frå Syria. Du
refererte frå ein artikkel i ØyBlikk 21. mai, der eg nemnde at
vi på landsmøtet mellom anna
gjorde vedtak innan både skule,
helse, omsorg, kommunereform og
mot søndagsopne butikkar. Vidare
stod det, sitat: «dette er viktige vedtak som kan gjere ein forskjell for
menneske – barn, elevar, lærarar,
eldre, sjuke, rusavhengige, flyktningar, meinar Harry Valderhaug». Det
stod meir i artikkelen, blant anna
ei sak som vart slept på landsmøte
og som eg synest var særs gledeleg
nytt ; at KrF har kjempa fram og fått
gjennomslag for at regjeringa skal
ta opp kampen mot antisemittisme
i eit land der det er 6-700 000 nordmenn som har sterke fordomar mot
jødar. Men det var nok ikkje desse
potensielle flyktningane her i Norge
du tenkte på når du spurte, men
flyktningane i Syria.
Og apropos flyktningar. Det er eit
vanskeleg tema. Særleg å forstå for
oss som var så heldige å bli fødd i
Norge. Vêrflyktningar til Tyrkia og
andre sydlege strok er kanskje det
nærmaste vi nordmenn kjem i å ha
flyktningestatus, i alle fall vi nordmenn som ikkje er jødar. Og då ser
vi vekk frå desse skatteflyktningane
– desse gøssane som har så mykje å
tape på å betale skatt i Norge at dei
drege sin kos til varmare strøk med
høgare temp og lågare skatt. Dei
om det.
Men flyktning – ekte flyktning – det
trur eg vi slit med å skjøne heilt kva
er. Eg trur ikkje vår generasjon maktar å forstå kva det gjeng om å vere
på flukt når det kjem til å flykte for
å berge livet. Enten det er flukt frå IS
eller regimet i Syria som lemlestar,
drep og herjar på verste vis. Flukt frå
desse som hittil har drive på flukt 12
mill av totalt 20 mill. innbyggjarar
i Syria. Dei fleste er på flukt internt i
Syria, men fleire millionar har flykta
ut av Syria og er no plassert i leirer
i Jordan, Libanon og Tyrkia. Kor
mange som aldri kom seg dit fordi
dei vart drepne, er usikkert. Det
siste talet eg såg om det, var snart
300 000 drepne berre i Syria. 300 000
menneske – slike som oss. Ein kan
forstå kvifor dette er kalla den største
flyktningkrisa sidan 2. verdskrig. For
vi må attende dit for å finne sist gong
mange nordmenn måtte flykte for å
berge livet. Nokre av dei som flykta
den gong, gjorde det fordi dei var
jødar. Dei vart tekne godt imot av
naboane våre, i Sverige. Også i Syria
flyktar mange fordi dei har feil rase
eller tru – det er skremmande. Nokre
av desse er kristne menneske som,
om dei ikkje alt er drepne, flykter
for å berge seg og sine fordi dei trur
på Gud som elske ALLE menneske
så høgt at han ofra alt han hadde,
sin einaste Son. Ein treng ikkje vere
kristen for å meine at slikt må vere
meir enn ein krig og menneskeleg
maktkamp.
Eg trur vi er samd, Ina, i at alle flyktningane treng all mogleg hjelp og at
det er særs viktig at Norge og verds-
samfunnet hjelper så mykje vi maktar der flyktningane er. I Norge er
alle partia på Stortinget samstemde
om den delen av fellesforslaget frå
Høgre, KrF, V, Ap og Sp, som handla
om å auke hjelpa der nede i kriseområda med 250 millionar, til samla 1,5
milliardar kroner. Og når du vidare
skriv at «misforstå meg rett. Eg skulle
gjerne sett at Giske og landet elles
kunne ta imot alle syrarar som no er
på flukt frå heimlandet, men det går
på kostnad av noko», ja, då forstår eg
deg i alle fall slik at du har veldig lyst
å hjelpe til. Det er bra. Men «kostnaden» for Giske kommune for å ta
imot dei få flyktningane vi har teke
imot hittil, har ikkje handla om økonomi. Der har vi kanskje til og med
løvd av pengane han Stat har sendt
oss? No skal kommunene visstnok få
endå meir pr flyktning dei tek imot.
Men kostnader er der uansett – for
nokon. Det kostar oss noko å bruke
tid og omsorg på desse som kjem
og blir naboane våre, også når dei
er flyktningar. Den tyngste kostnadsbøra er vel på flyktningane si
hand. Eg kjenner litt til kva nokon
få av våre flyktningar har med av
«bagasje» – dei kjem ikkje verken pga
betre vêr eller lågare skatt for å seie
det slik. Mange av dei ber på bører vi
ikkje kan tru at eit menneske maktar.
Men skal tru om nettopp desse flyktningane kan gi oss «etterkrigsfødde
nordmenn» sårt tiltrengte innslag
om kva naud, krig, frykt, sult og
hat er for noko – på rett. Sjølv om
det skulle koste noko for oss naboar
å bruke av vår dyrebare tid til å få
eit innblikk i kva verd det er vi har
der ute.
Eg trur vi også er samd, Ina, i at vi
må hjelpe der nauda er og at vi ikkje
kan ta imot alle desse millionane i
vårt lille land. Vi kan bry oss med å
hjelpe mange med desse 1,5 mrd kr vi har til salt i grauten sjølv om saltet
ikkje kjem frå våre modige tårer. Men
skulle vi få eit høve til å ta imot 15
eller 25 flyktningar ekstra dei neste
åra, og det ikkje ein gong truer tilbodet til våre sjuke og eldre, då håper
eg vi greier å motivere kvarandre til
å ta imot nokre nye naboar – meir av
å kølve oss utav divanen, gløtte opp
frå multifonen og prøve å bli kjend
med dei nye naboane våre. Eg trur
eg har litt å gå på i so måte.
Elles har eg smatta både på eitt og
hitt av det du skriv, Ina. Kanskje til
og med undra meg litt på kva du spør
om – eigentleg. I alle fall dersom du
er samd i at flyktningane treng all
mogleg hjelp der dei er og du til og
med skulle tatt imot alle saman om
det ikkje kosta oss noko. Men bergar
det nattesømnen at Giske kommune
sannsynlegvis får dekka alle økonomiske kostnader om vi tek imot folk
på flukt? Tja, der er sikkert alltid
eitkvart vi kan ligge vaken for om
vi grubler på kommuneøkonomi og
uløyste oppgåver. Då er det nesten so
ein må ta seg i å dubbe av og drøyme
om å vere finansminister for ein dag.
Men med eit FrP som kanskje (før dei
braut forhandlingane) var villig til å
ta imot inntil 7500 flyktningar av dei
8000 som no er fellesforslaget, bør
vi bli spart for ei kostbar landsens
folkerøysting. Spar oss for å måtte
arrangere folkerøysting om «ja eller
nei» til å hjelpe nokre arme sjeler
som FN og Høgre/Frp-regjeringa
måtte be oss om å opne døra for –
inn til Norge, sjølvaste «beste stua»
i verda. Lat oss prøve å møte desse
menneska med noko anna enn ei folkerøysting, kanskje bli kjende med
dei og kanskje lære oss eit og hitt om
kor glad oss kan vere for både fred,
fridom og det å få vere til hjelp for
eit menneske.
Det trur eg hadde gjort oss godt –
ja, oss med!
dato til venstre
4
Torsdag 18. juni 2015
Til topps i Securitas
Janita Blomvik er
ny hovudtillitsvald i
Securitas, og skal tale
saka for 4500 tilsette.
Ho ser utfordringar
nasjonalt, men er ikkje
uroa for arbeidsplassane
på Ålesund Lufthavn
Vigra.
kristoffer Oftedal
[email protected]
Blomvik har vore vektar på
Ålesund Lufthavn Vigra i 12
år, og tillitsvald i vel 10 av
dei – dei siste åra som regionalt verneombud for Møre og
Romsdal, Sogn og Fjordane og
Hordaland. No skal ho altså
representere vel 4500 tilsette
i Securitas, noko som naturleg
nok er ein heiltidsjobb. Denne
går ho inn i for fullt frå august.
– Det er noko med at når ein
først tek på seg eit tillitsverv, så
ballar det på seg, forklarar ho.
– Det begynte lokalt, og brått
var eg innvald i regionsavdelinga, der eg er nestleiar, og eg sit
også i landsstyret i forbundet.
Slik blei Blomvik til slutt
spurt om å stille til som kandidat til toppvervet. På landsmøtet i Norsk Arbeidsmandsforbund sist veke var det 43-åringen frå Valderøya som sto att
som vinnar då alle stemmene
var telt opp.
Elles er det mykje som foregår ute på gata, fortel Blomvik.
– Vi har vektarar i alle bygater og blir kjøpt inn til bomiljø og alle slike tenester som
politiet ikkje tek. Den største
utfordringa der er tryggleiken
for dei tilsette, i utsette strøk
i dei største byane må vi ha to
eller tre som går i lag. Det er ein
tøff jobb, og ganske annleis enn
til dømes på flyplassane.
Bemanning og tryggleik
Trygge arbeidsplassar
på Vigra
Det er mykje spennande å ta
fatt i, skal vi tru Janita Blomvik.
Kva blir den store kampsaka?
– For oss er det bemanning.
Det er det jo alltid, vi lever av
å selje tenester. Vi har hatt stor
vekst på flyplassane i mange
år, på grunn av oljebransjen
og at nordmenn generelt har
godt med pengar. No er det litt
nedgangstider, og det merkar vi.
Den største utfordringa akkurat
no er at Avinor skal spare pengar
på kjøp av eksterne tenester, og
der er Securitas ein av aktørane.
Securitas leverar tenester til 46
av 47 flyplassar i heile Norge.
Flyplassen på Vigra er heldigvis
ikkje den som vil merke nedgangstidene sterkast, meiner
Blomvik.
– Nei, eg trur ikkje det får
konsekvensar her på Vigra.
Dette er ein flyplass som går med
overskot, og vi har hatt stor utviding her. Vi har gått frå to til tre
sikkerheitsløp nede, og det blir
kanskje fire, så vi må halde på
dei som er her for å kunne dekke
veksten. Vi har tilsettingsstopp
inntil vidare, men her er ingen
arbeidsplassar som står i fare.
Godt er det, for lufthamna
er ein stor lokal arbeidsplass der
Securitas har 54 tilsette berre i
tryggleikskontrollen.
Arbeidsmiljølova
Blomvik trekk også fram endringane i arbeidsmiljølova som
trer i kraft i juli, og tilpasningar
til det nye lovverket. Her snakkar ho både som fagforeiningsleiar og som Ap-politikar:
– Her er opna opp for både
fleire søndagar og lengre vakter kun etter avtale med lokal
fagforeining. Spesielt det med
lengre vakter er noko eg er
veldig skeptisk til. Når du skal
jobbe ute i eit ganske tøft yrke,
spesielt i helsevesenet ... det
skal vere plass til alle aldersgrupper. For ein 20-25-åring
kan det vere heilt topp å få
jobbe så mykje som mogleg, for
ein som har fått ungar eller blitt
litt eldre er det kanskje ikkje så
attraktivt. Og so skal det jo også
vere forsvarleg.
Ingen slepp unna
politikken
Som allereie nemnt: Det ballar
gjerne på seg med verv, og nestleiaren i Komité for oppvekst og
helse tenkjer ikkje gi seg med
kommunepolitikken etter sin
første periode. Som andrekandidat for Giske Arbeiderparti
går ho inn i ein ny valkamp i år,
og håpar på minst like mange
plassar i kommunestyret som
i dag (tre). Ho har til liks med
”alle andre” fått med seg eit
sterkt veksande engasjement i
enkeltsaker no i valåret.
– Det er veldig bra for høvet
til å vere med å påverke, og om
folk blir meir aktive politisk er
det kjempepositivt. Ein klagar
jo over forgubbing og at folk sit
for lenge i verva, det er alltid
greitt å få inn friskt blod, meiner Janita Blomvik.
– Men du blir jo aldri populær
som politikar, legg ho til og ler.
TRAVEL TILLITVALD:
Bak Securitas-koppen
ligg to telefonar som
stadig ringer.
Foto: Kristoffer Oftedal
– Vi har eit ansvar for å hjelpe
På landsmøtet i Norsk
Arbeidsmandsforbund
snakka Janita Blomvik
mellom anna om
mottak av syriske
flyktningar, som
også vedkjem Giske
kommune i desse tider.
kristoffer oftedal
[email protected]
Uttalen kom i samband med
dei nylege forhandlingane om
dei syriske flyktningane, og
med Ap-leiar Jonas Gahr Støre
sitt besøk på landsmøtet:
dato til høyre
Torsdag 18. juni 2015
– Kom an, folkens. Dette har
vi råd til. Det er like mange
pengar som vi bruker i året på
potetgull. Vi i Arbeidsmandsforbundet skal ta imot flyktningane, og få dei integrert i arbeidslivet og organisasjonslivet,
sa Janita Blomvik frå talarstolen
i Oslo, og fekk bifall frå både
landsmøtet og Ap-leiaren.
Det var eit kostnadsbilete
som vi gjerne ber ho utdype:
– Norsk Folkehjelp hadde
akkurat gått ut med sine tal og
rekna på kostnadane. Då blir
det jo gjerne sett opp mot slike
”tulne” ting, sjølv om vi ikkje
ofrar potetgullet vårt. Men
sjølvsagt, skal ein busette ein
flyktning i kommuna, so må
det følgje med tiltakspakker og
overgangsordningar.
Skjønar frykta
– Folk er skeptiske. Eg skjønar
både frykta til folk her, og
frykta til flyktningane med
tanke på å kome hit. Folk har
dette biletet av at ein flyktning
her blir sitjande på ei nybetalt
leiligheit med alle godar som
du hentar på NAV og at alt blir
lagt opp deretter, seier Blomvik.
– Eg trur ikkje nokon som
flyktar frå landet sitt kjem til
Norge for å sitje på ein stol og
få pengar. Dei fleste ynskjer
ein moglegheit til å få starte
opp livet sitt att, kome seg ut i
arbeid og forsørge seg sjølv. Det
trur eg ligg grunnleggjande i
dei fleste menneske.
– Med plasser ing på eit
asylmottak over lengre tid blir
dei setande der. Ein person som
får ein OK stad å bu, kan kome
seg ut i arbeid og betale skatt
som alle andre, vil kunne fungere normalt, meiner Blomvik.
Men kvar skal dei bu?
Kommunen har ikkje bustadar
til flyktningane (sjå eiga sak,
side 4). So spørsmålet er stadig
kvar flyktningane skal bu.
Janita Blomvik kjem med ein
aldri så liten brannfakkel som
også rører ved den pågåande
debatten om fortetting og utbygging:
– Her er jo alternativ. Vi har
til dømes denne (nedlagde)
skulen på Skjong. Kanskje ein
kunne gjort om til hyblar som
mellombels løysing?
Blomvik vil ikkje spekulere
vidare i om eksisterande bygg
som er eigde av Giske kommune kan rustast opp til dette
føremålet.
– Her er ting vi kan sjå på,
men per i dag må vi bygge
nytt viss vi skal kunne ta imot
nokon. Og det er jo kjempedyrt,
vedgår Blomvik.
5
18.-21. JUNI 2015
STRIDEN
OM KONGEMAKT OG KRISTENTRU PÅ HISTORISKE GISKE
JUBILEUMSPROGRAM GISKESPELET 20 ÅR
BILLETTAR
Torsdag 18. juni Premiere Giskespelet kl 19:00
giskespelet.no / tikkio.no
Kan òg kjøpast ved inngangen i Giske Amfi,
Vivo bokhandel Amfi Moa, Rema1000 Giske,
Ting & Tang Valderøya.
NB: Møt opp ein halvtime før framsyninga
og få med deg det stemningsfulle forspelet.
Ta dagen på Giske og nyt stemninga frå ei
anna tid. Smak på vikingføde, servert av
vikingane sjølve.
Fredag 19. juni Jubileumskonsert, lokale artister kl 19:00
Laurdag 20. juni Giskespelet kl 15:00
“Leikaren” kl 18:00 Gratis konsert
Jubileumsgåve frå Giske blandakor
Søndag 21. juni Giskespelet kl 13:00 og kl 17:00
Høgmesse i Giske kyrkje kl 10:30
HAVNEVIK
FOTO: Havnevik
Tekst Johs. Heggland Musikk Terje Skytterholm Regi Paul-Ottar Haga
Vinn et magisk
sommerminne!
Sjekk www.tafjord.no/kino og meld deg på
innen 30.juni. Vi gir deg og opptil 15 av dine venner
en kinoopplevelse dere sent vil glemme!
FIBER FR A TAFJORD – SK APER LIV I BY OG BYGD
dato til venstre
www.tafjord.no
Torsdag 18. juni 2015
Auka fokus på dei eldre sitt kosthald
MAT I FOKUS: Landbruksminister Sylvi Listhaug.
Foto: Statsministerens kontor, SMK
Landbruks- og matminister
Sylvi Listhaug inviterer alle
sjukeheimar og institusjonar
i Norge til ein konkurranse
kring matglede for dei eldre.
I Giske skal institusjonsmaten
allereie falle godt i smak.
AV Rolf Hansen
[email protected]
Landbruks- og matminister Listhaug
(FrP) vil at måltid for eldre på institusjonar skal tilpassast slik at dei
gir matglede og matlyst. Listhaug
inviterer difor alle landets sjuke- og
aldersinstitusjonar til å delta i ein
konkurranse for å løfte fram dei hyggelege måltidsstundene. Konkurransen
er eit ledd i regjeringa sitt arbeid med
å betre matomsorga på alle norske
sjuke- og aldersheim.
Også for Giske FrP er dette ein viktig sak.
– Vi ønskjer å prioritere både dei
unge og dei eldre, og må hjelpe våre
eigne før vi hjelper andre. Fokus på
kostholdet til dei eldre er viktig. Vi må
ta oss råd til å vere med på auke både
livskvaliteten, sunnheita og energiinntaket gjennom gode måltid, seier
ordførarkandidat Ina Giske.
God standard
Maten til dei eldre og pleietrengande i
Giske kommune kjem frå eit moderne
kjøkken på Valderøya sjukeheim. Same
stad lagar til mat for andre kommunale
tilstellingar, og ordføraren har ikkje
fått nokre negative tilbakemeldingar
på maten som vert servert.
– No er ikkje eg spesielt kresen når
det kjem til mat, og kanskje ikkje den
rette til å svare på dette. Den maten vi
får derifrå er i alle fall svært god, så eg
både voner og trur kjøkkenet vårt leverer
både sunn og god nok mat, seier ordførar Knut Støbakk (KrF).
Ny heimeside
Giske kommune har
fått ny heimeside.
Tilbakemeldingane er
gode frå brukarane.
rolf Hansen
[email protected]
Det er nærings- og utviklingssjef Henrik Wang som har vore
prosjektansvarleg for heimesida som stod fram i ny drakt
for to veker sidan.
– Den gamle var gått litt
ut på dato, og vi ønskja ei ny
side med fokus på dei lokale
tilhøva som gjeld for Giske
kommune. Først kom staten
inn med ein mal for tematisering, slik at folk kunne kjenne
seg att uansett kor i landet dei
logga seg på. Det skulle mellom anna vere ein mengde
info frå statleg hald, men så
fall dette bort i 12. time. No
vonar vi den er enklare å finne
fram på enn den gamle, seier
Wang.
Alle med
Den gamle heimesida vart
revidert for fleire år sidan, og
den nye har alle tenesteområde og toppleiing vore med
om å jobbe fram.
– Ei heimeside vert eigentleg
aldri heilt ferdig, så vi vil heile
tida vere litt undervegs. Det er
programvareselskapet ACOS
som stå r for den tek niske
løysninga. I redaksjonen har vi
hatt representantar frå alle tenesteområda til kommune, og
rådmannen har også vore inne
i arbeidet, rundar prosjektleiar
Henrik Wang av.
Skjermdump:
Giske kommune si heimeside
Eit levedyktig museum på Vigra kringkastar
Både venneforeininga for Vigra Kringkastar og grunneigaren har som førsteprioritet eit
levedyktig museum på Vigra
Kringkastar. Skal vi få til eit
levedyktig kringkastingsmuseum må Nork ring og Telemuseet vere med. Venneforeininga er ikkje interessert i at
huset vert brukt til andre ting enn
eit museum med hov udvekta på
den analoge kringkastingshistoria
spesielt i Møre og Romsdal. Vigra
Kringkastar spelte også ei viktig
rolle i krigshistoria for landet, fylket og kommunen.
Venneforeininga er ikkje interessert i
at huset vert nytta til noko heilt anna
og forstår grunneigaren si frykt for å
sete igjen med eit falleferdig hus der
dato til høyre
Torsdag 18. juni 2015
ingen har råd til å rive huset og rydde
området.
Slik eg tolkar situasjonen er det
stor fare for at Norkring vel å rive
sendarbygget dersom dei skal ha
ansvaret for både drift, vedlikehald,
grunnleige og opprydding. Dersom
riksantikvaren hadde freda huset
ville heile ansvaret kvilt på eigaren
Norkring. Vi rekna med at riksantikvaren ville frede sendarbygget,
men det gjorde han dessverre ikkje. Den einaste moglege løysinga
eg no ser er at fylket, kommunen
og venneforeininga kan ta drift og
vedlikehaldsansvaret for bygget slik
at Norkring sit igjen med ansvaret
for grunnleige og opprydding. Regjeringa ynskjer å selge seg ned i Telenor
frå 54% til ca 34%. Då er det ikkje
naturleg at Telenor skal ha ansvaret
for historia til det statlege Televerket.
Då er det naturleg at staten tek over
Telemuseet. Tek staten over ansvaret for eit kringkastingsmuseum på
Vigra Kringkastar vil staten ta over
grunnleiga og oppryddingsansvaret.
Norkring vil då tene på å ikkje rive
sendarbygget.
Telemuseet og Sunnmøre museum
kan ta ansvaret for museumsdrifta.
Fylket/Riksantikvaren kan gi tilskot
til oppgradering av huset til museumsdrift. Giske kommune kan frita
museet for kommunale avgifter og
eigedomsskatt eller betale eit tilsvarande tilskot til drifta. Ei inntekt
kommunen vil tape uansett dersom
huset vert reve. Tafjord kraft har ein
trafokiosk i Norkring sitt bygg. Dei
kan betale ei leige/støtte som utgjer
strømkostnadane. Den daglege drifta –
vaktmeistertenester for eigedomen og
støttespelarar til museumsdrifta kan
venneforeininga ta ansvaret for. Dette
er den moglege løysinga eg ser for eit
levedyktig kringkastingsmuseum på
Vigra Kringkastar.
Fylkeskonservatoren i kulturavdelinga
i fylkeskommunen kalla inn til eit
møte der vi skulle drøfte korleis vi
saman kan berge sendarbygget på Vigra, men måtte dessverre avlyse dette
møtet. Fylkeskonservatoren lova å
kalle saman til eit nytt møte.
Mvh
Jon Hildre
Leiar i venneforeninga for
Vigra Kringkastar
7
15 barn og 15 båter klare til start.
Mitt skip er lastet med…
Det var racerbåter,
sjørøvere og dykkere
med masse godteri som
havnet på havet
da Skjong barnehage
sjøsatte sine
hjemmesnekrede båter
fredag i forrige uke.
anja heimland løkling
[email protected]
Avdeling Skogstjernas mange
barnehender var allerede fulle
av maling når båtene nådde
vannflaten. Den kalde sommeren
tok ikke fri denne dagen heller,
men de fargerike båtene skulle
på vannet, uansett vær. Og her
var det en båt for enhver smak.
Snop over bord!
– Det er krabbene som spiser
opp snopet på båten, forklarer
Lerke (5), og haler båten sin opp
på en stein.
– Hvilket snop?
– Det er godteri i kassen der
fremme.
Lerke peker på en lilla kloss
hun har spikret fast lengst
fremme på båten. Alle ungene
har designet og malt båtene
sine etter eget ønske.
– Det ble litt vått da båten
kjørte på skjæret, men den ble
ikke ødelagt.
– Da datt vel godteriet ut?
– Ja, men jeg ga det til
krabbene. Dykkerne får ikke
godteri, det er til krabbene.
– Er det dykkere der også?
– Ja, det er en dykkerbåt.
Dykkerne ser etter krabber, og
redder folk som har ramlet i
vannet.
Ikke alle har planlagt båtens
mål og mening like nøye. Noen
er mest opptatt av estetikken.
Amalie (5) vet ikke hva slags båt
hun har laget, men understreker
at den er lilla. Erle (5) har laget
en fiskebåt, som er mest rød fordi
det er den fargen hun liker best,
og som fisker makrell fordi det
er fisken hun foretrekker. Teodor
(6) har en racerbåt som kan kjøre
både på land og på vann. Det er
dessuten også en sjørøverbåt,
med planken klar hvis noen
skulle oppføre seg dårlig.
Erle venter på
makrellen
 Amalie konsentrerer seg om å få sin lilla kreasjon på land,
mens Lerke redder godteriet sitt.
Prosjekt Vann
Båtprosjektet er den del av
vanntemaet Skogstjerna har
jobbet med i hele år.
– Vi har eksperimentert mye
med vann på avdelingen dette
året: saltvann, ferskvann, is,
damp… Dette er en avslutning
av dette prosjektet. Vi har fått
hjelp av en forelder til å sage til
deler, og ungene har selv snekret
og malt, forklarer pedagogisk
leder, Siv Renathe Karlsen, før
hun går ut og haler inn en unge
med vann til lårene.
Glade, kalde, våte og fulle av
maling er det på tide å vende
tilbake til barnehagen. Ingen
ville sjøsette verkene sine for
bestandig, så båtene får bli med
hjem for å tørke de også.
 Sigrid er strålende fornøyd med
jomfruturen.
 – Det er bare krabbene som får godteri
fra båten. Lerke er en streng skipper.
 Alle mann i båtene!
Siv Renathe Karlsen
overvåker sjøsettingen.
dato til venstre
8
Torsdag 18. juni 2015
Giskingar laga
topp festival på Sankten
St. Olavs plass og to
fullsatte dager til
endes. I helga varta
Momentium og
Ålesund Live opp med
fleire kjente musikalske
artister, god mat og
høg stemning blant
publikum. I underkant
av 3000 mennesker
møtte fram både fredag
og laurdag kveld.
– Det er supert at
Momentium arrangerer
sopass mykje som dei
gjer. Dette er bra.
Dette liker eg.
Bjørn Eidsvåg
Katzenjammer i gang. Her var
det både artisteri, fargerike
antrekk og heftig musikk.
tekst/foto: Nora R. Hesseberg
Ord som «kjempebra, heilt
fantastisk og topp» vanka både
ifrå betalande gjester, arrangør
og sangartister.
Sol og sang
fekk fram varmen
– Eg gjekk på scena og syns
det var ganske kaldt. Tenkte at
”kan detta bli so veldig kjekt?”
Men so begynte det å komme
folk, so kom sola og det blei
jo aldeles supert! Eg er veldig
godt fornøgd, sa Bjørn Eidsvåg.
Han underheldt publikum ein
heil time med mange velkjente
slagerar. Han kjem definitivt
tilbake til Sunnmøre i desember, på sine to tradisjonelle julekonserter i Parken kulturhus.
Det har han gjort i snart 20 år,
fortel han.
Festivalglade mennesker
– Dette er topp. Med kjempegod
mat i tunnelen og artistar som
passer inn i vårt alderslag, sa
Perry Giskegjerde. Han var på
festivalen ilag med ein venegjeng på 14. Ilag med ei rekke
andre festivalglade menneske
fann dei vegen frå VIP-avdelinga i Korsatunnelen og ut under
open himmel då Bjørn Eidsvåg
trådte fram. «Han greier å få
temperaturen på folk opp til 20
grader, var kommentaren. Med
små korte solgløtt, ein ganske
gjennomsnittleg grå himmel
og ein gradstokk på rundt 8
grader, var det ikkje rart at ein
og annan hutra innimellom
varmande toner som strøymde
frå scena.
Musikk, mat
og ein god prat
Fredag var Highasak ite og
First Aid Kit to av dei største attraksjonane. Laurdag
var Nico & Vinz og Bjør n
Eidsvåg i ilden, saman med
Chris Masters frå Ulsteinvik
og Katzenjammer. Høg jubel
høyrdes innimellom slagerar,
hender strakte seg i veret og
felles sang ilag med artisten(e)
på scena skapte ei fin ramme
ikring festivalen. Rundt Sankten var det servering frå både
kafé og VIP-avdelinga inne i
tunnelen. Der var det nesten
som Sydenstemning å rekne,
med morsom og varm belysning, og topp servering. Trommeslageren til Chris Masters
hadde vore i tunnelen og
spist: «Det var super mat.
Kjempegodt!»
Mange frivillege
Cirka 120 personer stilte som
frivillege begge dagane. Dette
var foreldre til elevane ved
Valderøy Ungdomsskule, som
samlar inn midlar til klassetur for ungdomane. Det var
dei yngre sin tur dagen etter
fest iva lslut t me d oppr ydning og nedpakking av ulikt
utstyr.
Terje Erstad og Ante Giskeødegård er to av arrangørane i
Momentium, Giske.
Chris Masters frå Ulsteinvik
underheldt tidleg
laurdag kveld.
Byscena
Etter konsertane stod byscena
for tur. Terminalen heldt opne
dører og trakk fullt hus med
Mikhael Paskalev og Side Brok
fylgjesvis fredag og laurdag.
Mange ville høyre
både kjende og
kjære artistar.
dato til høyre
Torsdag 18. juni 2015
9
Steinar Lillebø, oppmann i A-laget Giske IL og ans
F.v.: Fredrik
Furnes, Håkon
Høybakk og
Audun Grøtta
Giske spelar tre av
brørne Arneson.
Her ser vi Arne,
Kalv og Finn.
I dag startar Giskespelet. Rundt
150 - 170 aktører har pugga og
trent på sine roller. Publikum
vil få ein halv time med forspel,
før sjølve handlinga i den
dramatiske historia om dei
fire kongetru brørne frå Giske,
starter. tekst/foto: Nora R. Hesseberg
Kristentru og heidenske skikkar
Giske IL har 120 aktive og cirka 250
medlemmar, og stiller med det største
laget utøvande amatørskodespelerar.
– Denne veka prøver vi å ikkje spele
fotball, seier Steinar Lillebø. Då er tida
avlagt til Giskespelet, eit spel som i grove
Opning av
trekk syner ein miks av kristentru og
heidenske skikkar.»
Litt annleis språk
– Det er veldig gøy. Og spennande, seier
fire av dei yngre skodespelerane.
– Det er litt vanskeleg å snakke slik
som vikingane, for det er litt annleis
enn slik vi snakker til vanleg, seier Truls
Jakob Bjørkavåg.
Forspelet syner fram dagleglivet slik
dei har tenkt seg det var i vikingetida,
med ulike daglegdagse aktivitetar. Dette
pågår medan publikum finn vegen til
benkeradane før det heile starter opp.
Brytningetid
– Torberg og Kalv er to av fire brør. Dei
hadde masse landeigedom i Noreg.
Ragnhild, dotter til Erling Skjalgsson,
vart gift med Torberg. Erling Skjalgsson
var ein mektig person i Rogaland. Dette
er frå tida mellom heidensk og kristen
tid, der presten prøver å kristne folket,
og vil at dei skal slutte med dei heidenske skikkane sine, fortel Lillebø.
Oppvokst med spelet
– Det er veldig kjekt og ærverdig å vere
med. Tenke seg tusen år tilbake i tid og
sjå for seg korleis vikingane hadde det,
seier Fredrik, Håkon og Audun, i rollene
som tre av dei framtredende brørne i
soga. Dei har vore med på spelet i alle
år, og er oppvekst med Giskespelet.
– Det blir kjempebra. Masse skal
gjerast før generalprøva på onsdag.
Samhandling og timing er nokre av dei
største utfordringane. Vi terper, men det
ordner seg alltid til slutt.
Klar for kamp! Soldatane har benka seg i amfiet, klare for å tre inn i soldatrollelivet.
Giske fotballgrupp
A-laget: Trener Oddbjørn G
Leiar fotballgruppa, Steinar
Spelerar: Sigurd Lillebø -ko
Håkon Høybakk -Kalv (èi av
Yngre spelarar: Teodor Rø
Bjørkavåg, Marie Bjørkavåg
spelar Ågmund, Eystein, To
Tidlegare spelerar: Audun
Furnes, speler Arne og Finn
I tillegg ei rekke i yngre si a
Instruktør Paul
Ottar Haga under
felles gjennomgang
av spelet søndag.
dato til venstre
10
Torsdag 18. juni 2015
var for soldatane under vikingespelet. Her ilag med
Martin Gustafsson, Ålesund som spelar Tore Hund.
T.v.: Vegar Giske (15); Teodor Rørvik Johansen (13); Truls Jakob Bjørkavåg (13),
Lina Marie Bjørkavåg (17) og Ylva Nordstrand Giske (12) har alle taleroller
blant syskjenflokken i spelet. Ågmund er eldste bror. Eystein, lillebror til
Ågmund. Tora, systra til Ågmund og Jorunn, lillesyster til Ågmund.
Giskespelet
Den tunge plikt
– Det er mi tunge plikt å vere med å
ta livet av den framtidige Heilag Olav,
seier Martin Gustafsson frå Ålesund.
Han speler rolla som Tore Hund, og er
med på spelet for tredje gong. Han synes
også det er veldig spennande å vere med
i Giskespelet.
I vikingemodus
– Høgdepunktet for meg er at vi får
det til. At det går bra.
Steinar Lillebø ser fram til spelet. – Nokre dagar er det fullstendig
kaos, og so blir det bra. Det er som å
trykke på ein knapp. Ein kjem inn i
eit modus, kjenner røyklukta frå grua,
og kjem inn i eit vikingmodus.
Lillebø har hatt ansvar for soldatane og soldatrekrutteringa til spelet.
pe har fleire roller
Ei rolle for dei mange
Stemma til instruktør Paul Ottar Haga
ber godt inne på amfiet. Han har
mange som skal instruerast. Det kjem
svak røyk opp ifrå grua, og ”moderne”
vikingar beveger seg målretta inne i
amfiet. Alle har ei rolle å fylle, og det
er eit imponerande stykke arbeid og
innsats som ligg bak for at alt dette
skal komme vel i havn. No vil det vise
seg for alle.
Spelet omhandler konflikter
– Det er ik kje noko som slå r ein
fineversdag og Giskespelet. Det er
noko heilt eige, seier dei tre ”brørne”
Fredrik, Håkon og Audun.
– Giskespelet handler ik kje om
kongen hovedsa k leg, men om
Giskegodset, og korleis det blei styrt
i høve til kongen, og konf liktane
mellom den kongetru Torberg og kona
Ragnhild som ikkje var kongetru.»
Historie, kultur og dugnad
– Det er veldig sosialt. Ikkje so ofte
du ser nesten alle på øya samla på
ein stad. So her storkoser vi oss med
øving. Giskespelet omfavner mykje.
Èin ting er at det i hovedsak er skodespel, men so har vi òg den historiske
delen, i tillegg til kultur og dugnad.
Dette rammer veldig mange, og har
mykje å sei for øya som ikkje er so
stor. Nesten alle på øya er involvert
i spelet på ein eller annan måte. Dei
som tilrettelegg for oss gjer ein god
jobb; det er so mange timer dugnad
som skal til for å lage til alt rundt her,
avsluttar dei tre.
Øving på sangleiken. Danser og sang blei innført til øya i vikingetida. Her øver ei barnegruppe før den store premieredagen.
Giske -kongesoldat,
r Lillebø -kvader eit vers.
ongesoldat.
v hovedrollene).
ørvik Johansen, Truls Jakob
g og Ylva Nordstrand Giske
ora og Jorunn.
n Grøtta Giske og Fredrik
n.
avdeling involvert i spelet.
dato til høyre
Torsdag 18. juni 2015
11
Odin mater endene. ”Kveldsåpent, NRK
P1” har vore på besøk og laga program
frå gården. I tillegg har Silje Skaret laga ei
fin facebook-side.
Fredrik Tafjord og Silje Skaret eig og driv besøksgarden.
Her med kvar sine dyr, katten ”Mjau-Mjau”, og ein
kanin, begge like populære blant barna.
Ein topp stad å vere
På Synes Besøksgård,
Vigra kan barna tumle
blant både ender, kanin,
ponni og katt. Leikeplass
står klar for bruk, medan svelene går unna so
det ryker i panna, eller
rettere sagt, i takka.
TEKST/FOTO: Nora R. Hesseberg
[email protected]
– Det er ei glede, seier Fredrik
Tafjord.
– Folk kjem, blir kjent med
andre, og dei koser seg.
Saman med Silje Skaret har
han funne ei fin kjelde til glad
og oppbyggande aktivitet for
barna. Heile 12,5 mål har dei
å stelle med. Gården ligg ikkje
langt frå der den no nedlagte,
men berømte, radiomasta låg.
Søndag er fast opningsdag,
men barnehager ringer hvis
dei ynskjer å komme. Besøksgården har frå 20-25 opp til
200-300 personar på èin dag.
Her blir det servert svele, kaffe,
brus og is. Svelerøra lagar dei av
egga frå eigen produksjon, men
må spe på med litt andre egg av
og til, seier Tafjord. Mattilsynet
har òg vore på befaring, og
«dei er superfornøgde», ifølgje
Tafjord.
Tilrettelagt tilbod
Leikeparken er eit trekkplaster,
og barna stortrivst. Regn eller vind, ungane held koken,
fortel Tafjord. Hit kjem dei frå
Ålesund, Ulsteinvik, Glomset
og Skodje. Men ikkje so veldig
mange av folk utanfrå øyane
enno. Tafjord håper at dette
skal rette seg etterkvart.
– Vi har tilbod både for
vanskelegstilte, og for innvandrerar. Vi prøver å tilrettelegge
slik at dei kan bruke oss. Kanskje kan dei knyte kontakter.
Einslege mødre kjem ofte med
sine barn hit. Dei syns det er
topp å vere her.
– Dyra har det veldig godt
her, seier Tafjord. Høns, fire
ponniar, ender, kalkun, Mohair-geit, katt og to kaninar
er so langt på plass. Tafjord
og Skaret lurer også på å kjøpe
påfuglar til besøksgarden. Dei
vil ikkje ha mogleg aggressive
dyr og er nøye på det.
Planar om utviding
Gården held no ope for tredje
året. Dei har laga ein fin opningsportal og innafor fins
både kjøkken og bad/toalett for
publikum. Planen er å utvide.
No ventar eit 50 kvadratmeter
stort bygg på snart å bli reist.
Her skal det bli ei stor, opa stue
som folk kan bruke.
– I hovudsak driftar vi alt
sjøl. Vi har fått litt sponsormidlar og hjelp frå dei lokale,
frå rørleggar og matvarebutikk.
Ålesund kommune har hjulpe
oss ein del økonomisk, opplyser
Tafjord.
Massev is med traktorar,
disse, syklar og bilar, klatrerør
og to hoppeslott skulle vere litt
av kvart for einkvar smak, storleik og alder. Skaret og Tafjord
har satsa veldig mykje på å lage
ein fin tumleplass for barn frå
null og mange år oppover. Her
kan du finne ein kjempekjekk
treffplass for både liten og stor,
der alle er velkomne.
Høns er der også; dei kaklar, spring,
rasler med vengene og er glade når dei
får ein matbit.
Silje viser fram ein hane og ein liten
kalkunkylling på 2 månader.
Lille Rebekka liker seg bak rattet på traktoren. Han blir nok brukt til mangt forskjellig som skal ordnast på
gården med tanke på massevis av besøk. Fredrik håpar at mange lokale kjem og blir kjent med plassen.
dato til venstre
12
Torsdag 18. juni 2015
Frå Sommarmeisterskapen i Borgundhallen i mai. Her svingar
Ingrid Eline og Sondre seg i latinamerikansk dans. Foto: Privat
I takt på lette føter
Kvar tysdag ettermiddag
reiser Ingrid Eline
Sæther til Tomrefjorden
for å trene sportsdans.
kristoffer oftedal
[email protected]
– Det begynte med hip-hop og
street dance, fortel trettenåringen frå Valderøya. Øy-Blikk
lurer på korleis ein finn på å ta
til med sportsdans når ingen
andre i kommunen driv med
det same.
Ingrid Eline er med i Ålesund Sportsdans, der instruktørane er ingen ringare enn
Ingrid Beate Thompson og Jan
Eric Fransson, begge proffe
dansarar og kjent frå m.a. TVprogrammet "Skal vi danse".
– Då vi skulle ha juleball og
vise kva vi hadde lært, var der
to andre par som dansa sportsdans. Eg syntest det såg veldig
spennande og gøy ut, so då fekk
eg lyst til det.
Trenar i Tomrefjorden
Tomrefjorden har eit stort og
aktivt dansemiljø, og med
unntak av Ingrid Eline og eit
par utøvarar frå Ålesund, kjem
alle dei aktive i klubben derfrå.
Ålesund Sportsdans har difor
vald Tomrefjorden som den
eine av sine to treningsstader.
Ingrid Eline sin faste dansepartnar, Sondre Rekdal (snart
14) er sjølv frå Tomrefjorden
og har dansa sidan han gjekk
i tredje klasse. Jenta han dansa
med før slutta, men sjølv var
han ikkje klar for å gi seg enno.
Dermed blei han "matcha" med
Ingrid Eline, som på si side har
halde på i snaut halvanna år
etter "overgangen" frå hip-hop
og street dance. Ho er godt
fornøgd med partnaren sin og
håpar han vil halde på lenge
enno.
– Det er jo oftast gutane som
fell frå, slår Hans Einar Sæther,
far til Ingrid Eline, fast.
Ambisjonar
Ingrid Eline ramsar raskt opp
alle dansane ho og partnaren
må meistre, og det er ein heil
del (sjå faktaboks). Dei dansar i
klassa ’Ungdom konkurranse’,
der ein må danse i nokre år før
ein kan kome med i eliteklassa.
Der konkurrerer ein nasjonalt
og internasjonalt.
– Målet er å bli best mogleg
å nå lengst mogleg, smiler
Ingrid Eline. Sjuandeplassen i
regionmeisterskapen for Møre
og Romsdal og Trøndelag siste
helga i mai var eit flott steg på
vegen, men det skal nok ikkje
stoppe der. Sjølv om ho først og
framst synest dansinga er gøy,
og stadig smiler når ho snakkar
om det, er det liten tvil om at
Ingrid Eline meiner alvor. For
å kome opp på eit godt konkurransenivå i lag med den meir
GODT FORNØGD: Ingrid Eline og den faste dansepartnaren hennar,
Sondre, med kvar sin pokal. Dei endte til slutt på ein flott sjuandeplass
i regionmeisterskapen i mai. Foto: Privat
erfarne partnaren Sondre, har
ho også teke privattimar i Spjelkavika. Her skjer gjerne også
"siste finpuss" før konkurransar.
Bak einkvar stor dansar …
Ingrid Eline og faren fortel om
kleskodar, reglar for pynt og
paljettar, og ulike typer skor
for latin- og standarddans. Vi
slår fast at sportsdans nok kan
reknast som ein ”utstyrssport”.
Kjolane er det mora Ada som
syr, og dei to foreldra byter
på køyring til trening – med
treningsstad i Tomrefjorden er
det ikkje akkurat slik at Ingrid
Eline kan sykle til og frå. Det
tek om lag ein time kvar veg,
fortel Hans Einar, som sjølvsagt
er ein ivrig tilskodar når dottera
konkurrerer.
– Det er imponerande å sjå
fin sportsdans, og artig å sjå
utviklinga når dei tek til å få
"drivet". Det er ein fin sport, og
ein får trent dei rette musklane.
– Det kjekkaste er å få konkurrere, lære mange forskjellige
dansar og få nye vener, avsluttar Ingrid Eline, som også håpar
fleire i Giske vil få opp augo for
idretten.
TAKT OG HALDNING: – I standarddans skal det sjå ut som éin person
som dansar, forklarar Ingrid Eline. Kjolen er sydd av Ada, mor hennar.
Foto: Privat
Fakta om
sportsdans:
Dans drive som
konkurranseidrett.
Norge har hatt ei rekkje
europa- og verdsmeistrar
dei siste 40 åra.
Ein konkurrerer
tradisjonelt i ti dansar,
delt i greinene
standarddans og
latinamerikansk dans.
Standarddansane er:
engelsk vals, tango,
wienervals, slowfox
og quickstep.
Dei latinamerikanske
dansane er: samba,
cha-cha-cha, rumba,
paso doble og jive. – Konkurransane er det gøyaste, seier Ingrid Eline. Her med to pokalar
frå Sommarmeisterskapen i Borgundhallen. Foto: Privat
dato til høyre
Torsdag 18. juni 2015
Kjelde:
Store Norske Leksikon
13
Valder og Godøy i stimen
Valder og Godøy har fått
opp marsjfarta i 4. divisjon, der begge to vann
sine kampar sist runde.
Vigra fekk det som venta
tøft i Ørsta.
rolf Hansen
[email protected]
Etter ni spelte serierundar er
bare Vigra og Vartdal hekta av
i botn, og det kan bli kritisk
for Vigra.
Førebels ser det ut til at eit
eller to Sunnmørs-lag vil rykke
ned frå 3. divisjon. Skjer det går i
alle fall to lag ned frå 4. divisjon.
Sist fredag stod Vigra utan
nokon av sine to faste keeperar.
Det gav Stian Roald sjansen til
å ta på seg keeper-hanskane att,
og snikkaren skulle få meir enn
nok å bestille i Ørsta. Adrian
Rørset utlikna til 1-1, medan
Kennet Kjevik putta på to trøystemål i 3-6 tapet mot eit sterkt
Ørsta-lag.
Dermed er spelande trenar
Kjevik ope i fem seriemål før
topplaget Emblem kjem til
Rota i kveld. Dei ligg to poeng
bakom tabelleiar FK Sykkylven.
Dette er siste kamp før sommarferien for Vigra, sidan lokaloppgjeret heime mot Godøy er
Nytt
tak?
utsett til 7. september.
Alnes avgjorde
På Godøya vann heimelaget
3-2 mot Langevåg i ein kamp
der raudskjortane herja med dei
unge gjestane til tider.
Svein Arve Alnes skåra leiarmålet før publikum hadde
rukke å bli varm i setet.
Joakim Austnes, Trond Brynestad og Alnes er ei angrepsrekkje meir enn god nok mot
dei fleste forsvar i 4. divisjon,
og dei to førstnemnde sytte
for at Alnes skåra sitt seriemål
nummer ti allereie etter tre
minutt. Rett etter trefte 38 år
gamle Alnes stonga, men Joakim Austnes dobla til 2-0 før
tjue minutt var spelt.
I mål står Robin Giskegjerde,
og Godøy-keeperen berga straffespark før pause. Den første
omgangen fekk ein smårar
avslutning då gjestane fekk to
mål ut av nesten ingenting.
Etter pause var det Godøy for
alle pengene, men lenge stod
ein god Marius Halvorsen og
Langevåg-stonga i mot. Heilt
til toppskåraren i 4. divisjon,
Svein Arve Alnes, sette inn sitt
11. mål for sesongen.
3-2 sigeren gjer at Godøy
ligg sju poeng bakom tabelleiaren før bortekampen mot Hareid i kveld.
Målskårarar: Valder-kaptein Gaute Pettersen skåra 1-0 målet mot Vartdal, medan Svein Arve
Alnes no er toppskårar i 4. divisjon etter to nye mål mot Langevåg. Foto: Rolf Hansen
Spelefri
Valder har fri fram til måndag,
då dei blå skal til Uggedalen
og møte Norborg. Det kan dei
gjere med to strake sigre bakom
seg, og Henrik Hole Oksnes har
skåra i begge dei to kampane et-
ter heimkomsten til Valderøya.
Fredag vart tabelljumbo
Vartdal slått 2 - 0, men det
kunne ha vore langt meir etter
spel og sjansar på Valdervoll.
Gaute Pettersen fekk det
første holet på gjestane etter
knappe timen, før altså Hole
Oksnes sette punktum med
2-0 målet.
Der med ligg Valder f ire
poeng bakom serieleiaren, og
eit poeng framføre Norborg på
tabellen.
Vi har markedets billegaste tak frå Evertile
På lager: Evertile ru: svart, raud antikk, grå antikk. 30 års vasstettgaranti. Everglaze: Svart høgglans/glassert. 30 års vasstettgaranti
Evertile pr. m2
Takpanne
184,30
Dekkande mål:
367x1260 mm
2,15 panner = 1m2
Everglaze pr. m2
197,90
Evertile pr. stk
Møne buet
95,40
370 mm
Everglaze pr. stk
111,10
Evertile pr. stk
Møne buet
start/slutt
118,30
Everglaze pr. stk
med påsatte
endestykke - 370 mm
137,85
Evertile pr. stk
Gavlbeslag
høgre/venstre
129,45
Everglaze pr. stk
Dekkande mål:
1100 mm
150,80
Luftehatt 10 -45
0
0
steinbelagt plast
Tilkopl.: Ø 160, 150, 130,
125, 110 og 100 mm
Gummimansjett med
sjølvklebande butylkrage. 150x150 mm. Kullsvart.
Furene, 6100 Volda
Tfl.: 70 04 59 90
Fax: 70 06 87 70
www.koppenind.no
[email protected]
Evertile pr. stk
1641,00
Everglaze pr. stk
1912,00
Alle prisar inkl. mva.
Alltid
fraktfritt
levert
Ope:
8 - 17
(9 - 14)
dato til venstre
14
Torsdag 18. juni 2015
Saman for Giske IL: Framme frå venstre: Vetle Eliasen, Sara Moltubakk Schlaosshauer, Ylva Giske, Ingrid Giskegjerde og Idar Giskegjerde. Rekke to frå venstre: Eldar
Røsvik, Lars Lervik Langås, Ole Herman Eliassen, Håkon Giske, Ulrik Giske Holm, Joakim Giske, Henrik Giskegjerde, Norvald Avseth, Jan Otto Honningdalsnes, Oddbjørn
Giske, Knut Birger Giske og Steinar Lillebø. Rekke tre frå venstre: Andreas Giskegjerde, Håkon Høybakk, Fredrik Furnes, Magnus Johansen, Anders Veddgjerde, Jonas
Fjørtoft Giske, Axel Giske. Rekke fire frå venstre: Even Giskegjerde, Håvard Furnes, Stian Johansen, Sigurd Lillebø og Audun Grøtta Giske.
Foto: Privat
Giske syng opprykket inn med ny video
Giske vann
toppkampen mot
Ravn med 2-1, og
dagen etter drog laget
i Momentium sitt
lydstudio for å spele
inn ny song.
AV Rolf Hansen
[email protected]
Sist måndag vann Giske ein
tett, jamn og dramatisk toppkamp heime mot Ravn 2-1.
Kaptein Stian Johansen skåra
vinnarmålet frå straffemerket
på overtid.
Nettopp det målet får du sjå
att på både YouTube og i videoen til Giske IL i den nærmaste
framtid. 50-års jubilanten har
laga ein song på fem minutt,
som vert lagt over ein video
der glimt frå klubbhistoria vil
synast fram.
– Vi har slagordet «eit levande idrettslag», og då må vi
famne breiare enn berre fotball.
Mange av våre medlem er til
dømes med på Giskespelet (sjå
eiga sak side 10-11), og då flyttar vi kampar slik at der vert ei
veke der det kun er Giskespel.
Slik bygger vi kameratskap,
klubbkjensle og ikkje minst
byggjer vi klubb-identitet. Videoen vert sjølvsagt også vist
på jubileumsfesten, seier leiar
Steinar Lillebø.
I rute
Måndag spelte Giske ny heime-
kamp mot HaNo, og vann heile
9-1. Tre mål av Stian Johansen,
to av Ulrik Giske Holm, og i tillegg skåra trioen Jan Egil Ulla,
Håkon Giske og Ole Hermann
Eliassen.
Til måndag er det siste kamp
før sommarferien. Då kjem
Lepsøy på vitjing.
Ulrik Giske Holm har kome
inn og styrka eit allereie sterkt
lag, som dundrar på mot opprykk. No er luka på åtte poeng
ned til Ravn. Det kan gi spel i 5.
divisjon til neste år, og kanskje
eit lokaloppgjer mot Vigra?
– Mykje av det vi gjer no
handlar om lagbygging. Vi har
vore tradisjonelt dårlegast på
fotball i kommunen i mange
år, men best på miljø. Vi har
nesten berre spelarar frå Giske,
og alle møtte opp til innspelinga av videoen. Den vart til
takka vere eit godt samarbeide
med Momentium og Idar Giskegjerde, fortel Lillebø vidare.
Vart til på ein kveld
Giske IL har lenge planlagd ein
ny kampsong i høve 50-årsfesten i november. Det var Steinar Lillebø som
fekk lagd ein pin med Giske
IL-logo, og denne var starten
på det heile.
– Pådrivar for song og video
har vore Idar Giskegjerde. Fredag
29. mai fekk vi pin med logoen
vår på i hus. Idar fekk denne
same dag. Då vart han så inspirert at han og kona Hege, skreiv
ferdig kampsongen den kvelden,
seier Lillebø med eit smil.
Hovudroller: Giskespel-instruktør Paul Ottar
Haga (t.v.) syng nokre strofer av Giske-songen,
som Idar Giskegjerde har skreve.
Foto: Privat
dato til høyre
Torsdag 18. juni 2015
Teksten er bygd på ein Oasismelodi, og songen vart spelt
inn i Ocean Sound Recordings
sist tysdag.
Giskespelet-instruktør Paul
Otta Haga syng første strofa
«Øya vår der Vikingar slås, der
vindar har blåst»
På Giske kastar ein ikkje
bort tida når ein god fest står
på spel.
– Opptaka frå mellom anna
Ravn-kampen vert nytta i videoen, samt gamle bildar og
Giskespelet. Både song og video
vert sluppe samstundes. Det er
berre å følgje med på Twitter og
Facebook, for der vil det kome
hint om dagen dette vert lagt
ut på «Giske Idrettslag» på YouTube, rundar Giske-leiar Steinar
Lillebø av.
50 år på brystet: Denne vert truleg å sjå oftare
og oftare framover på jakka eller skjorta til ein
Giske-patriot. Foto: Privat
15
50-årskonfirmantane på Valderøya
Dei var konfirmerte
i Valderøy Kyrkje
søndag 11. april
1965 av sokneprest
Hans Haugsnes. 50 år
seinare var dei samla
att for å markere den
store dagen.
odd egil valderhaug
Foto: Harald M. Valderhaug
På laurdagen 6. juni var det
samling på Aalesund Airport
Hotel med middag á la 1965.
Til forrett vart det servert
fiskebollar i terteskjell og til
hovudrett svinesteik med surkål. Noko av det mest eksklusive ein kunne få på 60-talet.
Men desserten var litt meir
moderne, bjørnebær med is.
Det var også vist fram vel
100 bilde på storskjerm frå det
glade 60-talet.Både frå skuleturar og frå fritida på 1950 og
1960-talet. Bilda førte til mykje
mimring og mang ein god latter. På søndag var det oppmøte
i kyrkje i samband med gudsteneste. Her vart konfirmantane
frå 1965 presenterte og nokre
ungar fekk stille dei spørsmål.
Svara frå konfirmantane fekk
latteren i gong blant kyrkjelyden. Til slutt var det kyrkjekaffi
i kyrkjekjellaren.
På bildet ser vi i første rekke frå venstre: Vigdis Taftøy Oksnes, Ragnhild Vadseth Roald, Janne Valderhaug Stavseth, Karin Vea Sæther,
sokneprest André Sjåvåg, Evelyn Flaaen Nordstrand, Laila Flaaen Synnes og Charlotte Årseth Sønderland.
Andre rekke frå venstre: Anne Sofie Ness Karlberg, Sigrid Valderhaug Roaldsand, Margrethe Walderhaug Skodje, Magnhild Nordstrand
Blindheimsvik, Evelyn Sæther Wiik, Oddhild Folkestad Synnes, Evelyn Valderhaug Wiik, Lillian Uggedal Rognmo, Sølvi Skjong Vartdal, Lisbeth
Skjong Bjørnerem og Kirsti Godø Roald.
Bakre rekke frå venstre: Kjetil Giske, Rolf Gudmundseth, Erling Hellevik, Eskill Nordstrand, Nils Kåre Gjøsund, Karl Johan Roald, Torstein Lervik,
Odd Egil Valderhaug, Odd Hellevik, Ove Roger Nordstrand, Jostein Valderhaug og Jacob Valderhaug.
Bruk vårt lokale næringsliv
industri | Bil
Ditt Firma
Her
Kr350
www.Blindheim-mekaniske.no
tlf: 70 18 32 96
Ditt Firma
Her
Kr350
Ditt Firma
Her
Kr350
Aluminiumsvindu – Aluminiumsdører –
Fasader – Glasstak – Rullegitter
Tlf.: 70 18 97 70
fax: 70 18 97 80
E-post: [email protected]
Nordstrand, 6050 VALDERØYA
Foto: Lise Istad Slotsvik
dato til venstre
16
Torsdag 18. juni 2015
FOLK
Håvard Bjørnelv
Alder:
37
som eg ikkje lengre ser so ofte.
Bibliotekar
Yrke:
Kva musikk høyrer du helst på?
– Progrock. Favorittbandet er Marillion.
Sivilstand: Gift
Spelar du eit instrument sjølv?
– Ja, opptil fleire. For augneblinken spelar
eg flygelhorn i Godøy Brass. So driv eg og
klimprer litt på gitar og mandolin, og det
som måtte by seg. Mest til husbruk, då. Elles har eg spelt althorn, kornett, baryton,
euphonium og B–bass.
Familie:
2 barn
Synnes, Vigra
Bur:
Kva er ditt beste minne frå barndomen?
– Det må vere telttur i hagen til farmor og
farfar i Skien. Eg vaks opp i Skien, og flytta
til Sunnmøre i 2001.
Korleis var du som tenåring?
– Sei det, du. Eg sat vel mykje med nasen
i ei bok.
Dersom du skulle velje eit anna yrke,
kva kunne du tenke deg?
– Eg veit ikkje om eg ville hatt noko anna
yrke. Kanskje bokhandlar.
Kva bruker du fritida di til?
– Ja, det blir jo litt lesing då, veit du. Elles
er det full jobb og to små barn. Dermed
blir det ikkje so mykje fritid.
Korleis er du på kjøkkenet?
– Eg klarer meg. Er nok ikkje nokon gourmetkokk, men klarer å snuble saman ein
middag til familien. Men det er ikkje akkurat favorittstaden min, for å sei det slik.
Kva er ferien du drøymer om?
– Det er mange ting. Men vår sommarferie går stort sett alltid til Skien. Besøker
mor, far, slekt og vener, og elles besøke folk
Korleis held du deg i form?
– Ved å gå tur i fjøra. Det er veldig fint å gå
ut på ”Seglmerket,” som er på Bremneset.
Nærare bestemt på Synnes.
Har du grøne fingrar?
– Nei. Enkelt og greitt.
Kva les du?
– Eg les veldig mykje. Det er ein jobbrisiko… hmm. Leser mykje forskjelleg. Men,
er det kun for å slappe av, so blir det ofte
krim, fantasy, historiske romaner, ja, alt
som er godt skrive, eigentleg.
Kva forhold har du til sosiale media
som Facebook, Twitter og Instagram?
– Eg har konto på både Facebook, Twitter og
Instagram. Men eg er ikkje ein av dei som
postar tre gonger i veka. Det kan bli ein og
annan ting innimellom, men eg legg ut
lite sjøl. Men ein må jo fylgje med litt, då!
Kva er det beste ved å bu i Giske
kommune?
– Ja, no spør du ein kar som eigentleg
har lyst til å flytte tilbake til Skien. Men
vi har mykje flott natur. Og flott utsikt.
Her er det stille og roleg. Og mykje trivelege folk.
Kva saknar du i Giske kommune?
– Skog! Eg er meir eller mindre oppvaksen
i skogområde; difor saknar eg skogen.
Kva meiner du om kulturtilbodet i Giske?
– Kulturtilbodet er veldig bra på nokre områder. Men vi har jo ikkje dei same tilboda
som i dei større byane. Det er litt langt
mellom dei store konsertopplevingane.
Men for all del, det blir gjort veldig mykje
bra her. Her kunne gjerne vore litt meir
teatertilbod, men med eit lita kommune
med om lag 8000 innbyggarar so blir det
likevel ikkje det same som i store byar.
Bruker du ofte kulturtilbodet i Ålesund?
– Vi reiser på konsertar når vi ser det er
noko interessant, eller går på kino. Men
det vert ikkje so mykje når vi har barn, og
må ha barnevakt. Bruker tilbodet litt lite.
Ein kan ikkje berre plukke med seg folk, og
impulsivt få med seg andre. Ein må heller
prøve å gjere det beste ut av situasjonen.
Stemmer du ved kommune–
og stortingsval?
– Ja.
Bør Giske halde fram som eiga kommune
eller bør vi slå oss saman med andre?
– Nei, vi bør absolutt halde fram som eiga
kommune. Trur vi har det best med å vere
”uttafør.”
Kva kommune kunne det vere mest
naturleg å slå seg saman med?
– Nei, det seier seg sjøl at det er veldig nærliggande å slå seg saman med Ålesund og Sula.
Kva er du opptatt av akkurat no?
– Eg brenn for kulturen. Det gjer eg alltid.
Og so er vi no midt i fotballsesongen, og
det er jo moro. Heia Odd!
dato til høyre
Torsdag 18. juni 2015
17
              
DATO
STAD
ARRANGEMENT
ARRANGØR
3.7
4.7
15.7–18.7
Terminalen/Byscene
Øygardshamna
Ålesund Sentrum
Popquiz med Finn Bjelke
Sommerfesten på Giske
Tall Ships Race
Momentium
Momentium
Tall Ships Ålesund
13.8
15.8
15.8
21.8
21.8–22.8
24.8
27.8
27.8
28.8
Godøy KGB
Rota Gras
Giskebana Gras
Rota Gras
Colour Line Stadion
Giskebana Gras
Rota Gras
Godøy KGB
Valdervoll KGB
Godøy – Ørsta
Vigra – Larsnes/Gursken
Giske – Guard
Vigra – Valder
Jugendfest Ålesund
Giske – Spjelkavik 2
Vigra – Rollon
Godøy – FK Sykkylven
Valder – Ørsta
Godøy IL
Vigra IL
Giske IL
Vigra IL
Momentium
Giske IL
Vigra IL
Godøy IL
Valder IL
3.9
6.9
Rota Gras
Giske komm. idrettshall
Vigra IL
Giske kommune
7.9
10.9
11.9
17.9
19.9
20.9
20.9
25.9
Giskebana Gras
Terminalen/Byscene
Valdervoll KGB
Godøy KGB
Giskebana Gras
Rota Gras
Parken Kulturhus
Valdervoll KGB
Vigra – Vartdal
Kulturlivets Dag i Giske, v/ frivilligsentralen,
folkehelsekoordinator, flyktningekontor & kulturkontoret
Giske – HaNo
Jonas Alaska
Valder – Godøy
Godøy – Rollon
Giske – Emblem 2
Vigra – Langevåg
Musikk fra Universet
Valder – FK Sykkylven
1.10
2.10
2.10
9.10
10.10
15.10
15.10
15.10
16.10
16.10
21.10
22.10
24.10
31.10
Godøy KGB
Parken Kulturhus
Valdervoll KGB
Terminalen/Byscene
Rota Gras
Godøy KGB
Valdervoll KGB
Terminalen/Byscene
Terminalen/Byscene
Parken Kulturhus
Terminalen/Byscene
Parken Kulturhus
Godøy KGB
Parken Kulturhus
Godøy – Norborg
Gammel dame - vond å vende
Valder – Rollon
Morten Abel
Vigra – Ørsta
Godøy – Hareid
Valder – Norborg
Thomas Dybdahl
Aurora
The Show Must Be Go On II: Åge Sten Nilsen
Enslaved
An Evening with Nordic Tenors
Godøy – Vigra
Nils Ingar Ådne : Ego
Godøy IL
Riksteateret
Valder IL
Momentium
Vigra IL
Godøy IL
Valder IL
Momentium
Momentium
9.11
11.11
15.11
26.11– 28.11
Terminalen/Byscene
Parken Kulturhus
Terminalen/Byscene
Terminalen/Byscene
Silje Nergaard
VAMP
Kari Bremnes m/band
Return & Stage Dolls
Momentium
Giske IL
Momentium
Valder IL
Godøy IL
Giske IL
Vigra IL
Ålesund Symfoniorkester
Valder IL
Momentium
Godøy IL
Momentium
Momentium
Oppføring i Kulturkalenderen er gratis for kulturlivet. Send di oppføring til: [email protected]
Kulturkalenderen viser kulturarrangement inntil 6 månader fram i tid. Kalenderen skal fortelje kort om arrangementet og skal vise tid og stad, men ikkje klokkeslett.
GISKE KOMMUNE
HISTORISK OG FRAMTIDSRETTA
LYD OG LYS PARTNER
dato til venstre
18
Torsdag 18. juni 2015
Trenger du Elektriker?
Trenger du Elektriker?
Trenger du Elektriker?
Vikingleikar, ute-moro og grilling!
Kom og ha det gøy med Friluftsrådet.
Lokal kunnskap, med
landsdekkende erfaring.
Lokal kunnskap, med
landsdekkende
erfaring.
med
Måndag 22. juni: Sula – Vassetvatnet (Kaffivika) Lokal kunnskap,
landsdekkende
erfaring.
Tysdag 23. juni: Ørskog – Skråvika
Frå klokka 10 til 15 stiller Friluftsrådet med rettleiar og
har ein dag med kjekke aktivitetar i desse Friluftsområda:
•
•
• Torsdag 25. juni: Giske – Blimssanden
• Fredag 26. juni: Ålesund – Stafsethneset
Vi utfører alle elektro oppdrag for bolig og næring.
Vi utfører alle elektro oppfor bolig
og næring.
Vi utfører drag
elektro
opp•alleSkift
til LED:
spar penger
drag
for
bolig
og
næring.
• Styr varmen: spar strøm
Avgrensingar: Dette er eit opent aktivitetstilbod i
• Skift til LED: spar penger
friområde og Friluftsrådet har ikkje ansvar for borna
• El. kontroll: lavere forStyr
varmen:
spar strøm
spar
penger
utover den aktivitet som rettleiaren organiserer. • Skift til•LED:
sikring
• El. kontroll:
lavere for• Styr varmen:
spar strøm
Eventuelt bading og liknande er på eige ansvar.
sikring
• El. kontroll:
lavere
forKjetil
Løvold
Les meir på www.friluftsraadet.no
sikring
Ta med eigen grillmat
Grillen er varm i tidsrommet ca kl 12-13
Ingen påmelding, berre kom!
Ring
7095
11 67
14 05
Mob 46
99
eller
Ring 70 11 14 05
Ring 70 11 14 05
sykkylvsbladet-høy.indd 1
5/13/2014
@oyblikk #øyblikk
GISKE KOMMUNE
sykkylvsbladet-høy.indd 1
I medhald av Alkohollovas §§1.6 og 1.7 samt vedtak i
Giske formannskap og kommunestyre går gjeldande
kommunale løyve til sal av øl eller skjenking av øl, vin
og brennevin ut 30.06.15. Eksisterande løyve gjeld
fram til vedtak er gjort, og for ei overgangsperiode
på inntil 3 månader.
Alkoholpolitiske retningsliner for Giske kommune
2012-15 vert rullert i sommar for ny 4-årig periode,
og vil vere retningsgjevande for behandling av ny
løyveperiode. Alle som ønskjer sals- og skjenkeløyve
i Giske for kommande periode vert bede om å sende
inn sin søknad. Søknadene vert behandla samla og
må vere sendt til næringskontoret innan 15. august:
Seinare søknader vert behandla i den rekkjefølgje dei
kjem inn.
Søknadsskjema for salsløyve (butikk) og skjenkeløyve
(serveringsstader) ligg på kommunen sin nettportal:
www.giske.kommune.no. Sjå Nyttige lenker - Søknadssenter – Løyve. Søknadsskjema er også lagt ut på
servicekontoret.
Diakonissen
Eliaika M. Oruko
fra Nairobi, lederen for
et stort arbeid mellom
foreldreløse barn i
slummen i Nairobi og
Gunnar Hamnøy besøker:
GODØY BEDEHUS
søndag 21. juni kl. 19
VIGRA
tirsdag 23. juni kl. 18
vi deltar på St. Hans
feiringen på Sagabu
Velkommen fra alle
øyene, du vil få høre at
9:24:52 AMdet nytter å hjelpe barn
i nød.
5/13/2014 9:24:52 AM
sykkylvsbladet-høy.indd 1
FORNYING AV SALS- OG
SKJENKELØYVE I GISKE
DET NYTTER
Å HJELPE
Mer info
www.nsp-aid.com
Arr. Nsp aid
5/13/2014 9:24:52 AM
#øyblikk
DAGSTUR MED BUSS
FOR PENSJONISTAR
12. AUGUST
Valderøy Pensjonistlag, i samarbeid med Giske
Frivillegsentral, arrangerer 12. august busstur til
Runde og Ishavsmuseet på Brandal for medlemar
og andre interesserte.
Pris pr. person kr 500,- alt inkludert.
Bindande påmelding innan 30. juni
til Anne Lise tlf. 918 36 062
GISKE KOMMUNE
Offentleg ettersyn
Detaljplan Kristiantun II
Komité for kultur, miljø og tekniske saker har i møte
11.06.2015, sak KKMT-055/15 vedteke at framlegg til
detaljplan Kristiantun II kan leggjast ut til offentleg
ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3
og 12-10 i perioden 18.06.2015 – 20.08.2015.
Detaljplan Øvregjerda
Komité for kultur, miljø og tekniske saker har i møte
11.06.2015, sak KKMT-056/15 vedteke at framlegg
til detaljplan Øvregjerda kan leggjast ut til offentleg
ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3
og 12-10 i perioden 18.06.2015 – 20.08.2015.
Detaljplan Snuplass Juv
Komité for kultur, miljø og tekniske saker har i møte
11.06.2015, sak KKMT-057/15 vedteke at framlegg
til detaljplan Snuplass Juv kan leggjast ut til offentleg
ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3
og 12-10 i perioden 18.06.2015 – 20.08.2015.
Innspel og synspunkt vert å sende til Giske kommune,
Teknisk eining, Valderhaug 4, 6050 Valderøya eller til
[email protected] innan 20.08.2015.
Varsel om offentleg ettersyn vert sendt råka partar,
plandokumenta vert lagt ut på kommunen sine
heimesider under kunngjeringar, resepsjonen på
rådhuset og linka til kommunen si facebook side.
Nærare informasjon om sakene får de ved å vende Dykk
til teknisk eining.
Plankontoret

G  
F   -
TRE 2-SETERE
til sals, rimeleg pris.
Må hentast på Roald.
Tlf 412 72 130
GISKE KOMMUNE
Valderøy Pensjonistlag
Næringskontoret
Oppstart av planarbeid
Områdeplan Ny Skuleveg
ALFA
BEGRAVELSESBYRÅ AS
Vi står alltid til tjeneste
ved dødsfall og begravelse.
Personlig oppfølging fra
våre konsulenter.
DØGNVAKT: 70 18 34 44 / 70 16 92 20
(Avd. Ytterland og Gåseid)
Besøk vår hjemmeside:www.aabb.no
Varsel om endring av køyremønster på Giske
I samband med avvikling av Giskespelet 2015
Vegar som er omfatta av endringa:
• Skulevegen til Rabbesvingen
• Rabbevegen til Sakse
• Giskevegen frå småbåthamna til Petrika
• Vegen forbi spelplassen er stengt medan spelet pågår
• Utrykningskjøretøy kan passere
Komité for kultur, miljø og tekniske saker har i møte
11.06.2015, sak KKMT-060/15 vedteke at det kan startast
opp områderegulering av eit område på øya Giske i samsvar
med plan- og bygningslova §§ 12-2 og 12-8. Området er
lokalisert midt på øya, aust for Giske skule. Formålet med
planarbeidet er å omregulere til bustadføremål og veg.
Planområdet er på om lag 111 daa.
Innspel og synspunkt vert å sende til Giske kommune,
Teknisk eining, Valderhaug 4, 6050 Valderøya eller til
[email protected] innan 06.08.2015.
Tidsrom:
• Torsdag 18. juni, kl. 18:00 til 22:00
• Laurdag 20. juni, kl. 12:00 til 16:00
• Søndag 21. juni, kl. 11:00 til 22:00
Følg skilting, og rettleiing frå trafikkvaktene.
Vis omsyn.
Trafikk-komiteen Giskespelet 2015
Valderøy
bedehus
Velkomen til samlingane
Søndag 21. juni - kl 19.30 Bøn-/vitnemøte
Tirsdag 23. juni - Jonsok-graut
servering frå kl 16.00 i bedehuskjelleren
ALIVE ‘15
Tors 25. - søn 28. JUNI
Møter kl 20.00 kvar kveld.
Temaseminar laurdag. Stan Mons m/team frå
Time Square Church, N.Y. sin bibelskule deltek.
Fellesarr. i Giske
www.valderoybedehus.no Arr. Valderøy IM/IUF
dato til høyre
Torsdag 18. juni 2015
GISKE KOMMUNE
Strategisk næringsplan
til høyring
Giske formannskap vedtok i møte 8. juni å sende utkast
til revidert strategisk næringsplan 2015-25 på høyring.
Varsel om oppstart av områderegulering vert sendt råka
partar, plandokumenta vert lagt ut på kommunen sine
heimesider under kunngjeringar, resepsjonen på rådhuset
og linka til kommunen si facebook side. Nærare informasjon
om sakene får de ved å vende Dykk til teknisk eining.
Plankontoret
Planen er lagt ut på kommunen sine nettsider:
www.giske.kommune.no > Kunngjeringar, og kan fåast
ved servicekontoret på rådhuset.
Vi ber om at merknader ver t sendt seinast 10.
august til [email protected], eller som brev
mrk. «strategisk næringsplan» til Giske kommune,
Valderhaug 4, 6050 Valderøya.
Næringskontoret
Tidlegare
Tidlegare SISenteret begravelsesbyrå
SISenteret
AS
begr
Tidl
Døgnvakt:
Døgnvakt: 70 17 86 60
70 17 86 60Døg
VI
VI ER DER
ER
NÅR
DER
DU TRENGNÅR
OSS
DU TREN
VI E
Vi
Vi kankan
avtale møte
avtale
i heimen, avdeling
møte
Øysenteret
i heimen,
eller
Vi ka
av
kontoret
kontoret i Spjelkavik i Spjelkavik
kont
E-post:
E-post: [email protected]
[email protected]
www.bbsunnmore.no
www
www.sisenteret.no
.sisenteret.no
19
E-po
www
Siste sida
@rogerstrand - 15.6.15
@amha83 - Anna Margrethe Hanssen - 28.3.15
@rogerstrand - 15.6.15
tips oss på telefon 70 18 63 80
Lesetips til helga
”Nederlaget”
av Jonny Halberg
trine naadland, Giske folkebibliotek
Året er 1814, Grunnlova er vedteken og
Christian Fredrik er
valt til konge - men
så by r ja r problema.
Stor ma ktene v i l i kkje a k septere nor sk
sjølvstende og 21. juli
kjem kongen til Moss
med rådgjevarane sin
for å forhandle fram
ei løysing som endar
i Mossekonvensjonen.
Forteljinga er lagt i
munnen på dansken
Ole Pedersen som er
kongens kammertenar.
Han er i utgangspunktet ein stor beundrar
av kongen, men blir
etterkvart svært skuffa.
Pedersen opplever kongen som stor i kjeften,
men veik i handling
- ein som ikkje vågar å
stå på for Noreg si sak.
Etterkvart synest han
beint fram at kongen er
ein svikar. Mossekonvensjonen 14. august
endar som kjent med
at Christian Fredrik må
trekkje seg som konge,
og at Noreg går med på
unionen med Sverige på visse vilkår.
Men etterkvart ser
Pedersen at kongen
hadde fleire problem
han måtte vege opp
mot det å vere standhaftig. Kor mange folk
v i l le dø ydd dersom
det vart langvarig krig
mellom Noreg og Sverige? Og ville verkeleg
Noreg hatt ein sjanse,
når stormaktene støtta
Karl Johan som også
hadde ein kamptrena
hær?
Parallelt med rikshistoria, formidlar Halberg
mykje kvardagsliv i ein
fattig norsk småby etter
dei lange Napoleonskrigane. Det er forsynings-
problem med både mat
og ved, tenestefolk som
svelt, dyremishandling
og folk som smiskar
for å oppnå goder dei
treng. Kammertenar
Pedersen blir også ein
tydelegare person, ein
som faktisk har klatra i
samfunnet - utan å bli
korrumpert.
Halberg lagar eit nyansert portrett av både
kongen og folka rundt
ha n. Men Ne derlag
vart det for Christian
Fredrik - han vart ikkje
konge i eit sjølvstendig
Noreg
Kvar fjortande dag gir Giske folkebibliotek deg eit nytt lesetips til helga.
Håvard Bjørnelv og Trine Naadland, ved biblioteket, er det som gir deg tipsa.
SuDoku
Svar på
førre Sudoku
����� ������������
@oyblikk
��������������
���
#øyblikk
3
2
5
9
4
7
1
6
8
1
7
4
8
3
6
5
9
2
9
6
8
5
2
1
3
4
7
4
8
1
3
6
9
2
7
5
5
3
6
2
7
4
9
8
1
7
9
2
1
5
8
4
3
6
6
1
9
4
8
2
7
5
3
2
5
7
6
9
3
8
1
4
8
4
3
7
1
5
6
2
9
Fyll ut dei tomme
rutene med tal frå
1 til 9, både vannrett, loddrett og
i kvadrata.
Levert av Media Berge
����� ������� �����
����������� ������
��� �������� ������
��������� ��������
��������� ��������
��������������� ��
������� ������� ���
#øyblikk