PSP5048 Russisk III

Transcription

PSP5048 Russisk III
FRAMANDSPRÅK nivå III
Fransk III, munnleg - PSP5018
Informasjon om munnleg eksamen og forslag til leseliste
På munnleg eksamen skal du vise kompetansen din innanfor alle måla i læreplanen for
framandspråk. Du må kunne kommunisere, og du må kunne formidle kunnskap om
tradisjonar, skikkar, levemåtar, aktuelle samfunnsforhold, historie, geografi og religion i dei
russisktalande landa. Du må kunne diskutere språklege og fleirkulturelle forhold,
kulturskilnadar og kulturmøte. Du må kunne analysere innhald og form i litteratur, film,
musikk og kunst, og du må kunne formidle kulturopplevingane dine. Du skal velje eit
fordjupingstema (til dømes ein film) som du må føre på leselista di. Sensor skal vurdere den
heilskaplege kompetansen du har i faget.
Du skal skrive ei liste over tekstar som tek opp emna som er nemnde over og som du har
brukt i førebuingsarbeidet ditt eller du kan skrive namn på eit læreverk som du har brukt i
førebuingsarbeidet ditt. Hugs at læreverket må følgje læreplanen i Kunnskapsløftet. Om du
ikkje leverer leseliste, vil heile læreboka som står på Eksamenskontoret si liste bli brukt som
utgangspunkt for eksamineringa. I førebuingstida på eksamen blir leseforståinga di testa
med ukjende tekstar.
Lista di blir ikkje sendt vidare til sensorane om ho er lengre enn ei side.
Eksamenskontoret sine forslag
Du kan velje tekstar frå denne læreboka:

Sosedi 1-3. Marit Bjerkeng, Tatiana Bräger. Fagbokforlaget.
Forslag til litteratur: Anbefalte noveller (vel 2 av 4):

Aleksandr Pusjkin, Kapitanskaja dotsjka (Капитанская дочка); norsk omsetjing
1946: (Kommandantens datter). Александр Пушкин, "Капитанская дочка"

Aleksandr Pusjkin. Pikovaja dama ); norsk omsetjing 1917: Spardame. Александр
Пушкин, "Пиковая дама"

Aleksandr Kuprin, Granatovyj Braslet eller Olesja. Александр Куприн, "Гранатовый
браслет" или "Олеся"

Mikhail Sjolokhov ,Sudba tsjelovjeka (En manns skjebne) Михаил Шолохов, "Судьба
человека"
Forslag til film:


"Москва слезам не верит" (Moskva slezam ne verit, "Moscow Doesn't Believe in
Tears")=: Del 1: http://youtu.be/X7GuhjGZ-xs, del 2: http://youtu.be/uUVd9j543s8
"Иван Васильевич меняет профессию" (Ivan Vasiljevitsj meniaet professiju, "Ivan
Vasilievich Changes Occupation") http://youtu.be/a50qT9bW2Qo
Leselista skal leverast innan 1. mars (våren) og 1. oktober (hausten). Hugs å skrive på
namn, fødselsdato og fag med fagkode.