praksisplan for grunnskulelærarutdanninga 1.-7
Transcription
praksisplan for grunnskulelærarutdanninga 1.-7
Pr. august 2015 PRAKSISPLAN FOR GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGA 1.-7. TRINN – DELTID, DESENTRALISERT OG NETTSTØTTA Praksisplan for grunnskulelærarutdanninga 1. – 7.trinn, DELTID, 2015 Innhaldsliste 1 Innleiing ............................................................................................................................... 3 2 Grunnskulepraksis og samfunnspraksis .............................................................................. 3 3 Omfang................................................................................................................................ 4 4 Organisering ........................................................................................................................ 5 5 Progresjon ........................................................................................................................... 6 6 Vurdering ............................................................................................................................ 7 7 Innhald og læringsutbytte ................................................................................................... 8 7.1 Praksisopplæring for 1. studieår.................................................................................. 9 7.2 Praksisopplæring for 2. studieår ................................................................................ 10 7.3 Praksisopplæring for 3. studieår................................................................................ 10 7.4 Praksisopplæring for 4. studieår................................................................................ 11 7.5 Praksisopplæring for 5. – 6. studieår ........................................................................ 12 8 Ansvarsfordeling i praksisopplæringa .................................................................................. 13 2 Praksisplan for grunnskulelærarutdanninga 1. – 7.trinn, DELTID, 2015 1 Innleiing Praksis er ein integrert del av alle fagstudia i grunnskulelærarutdanningane. Praksis skal vere relevant for og integrert i alle fag, og er å sjå på som ein læringsarena på linje med undervisning på høgskulen. Alle studentane skal få undervisa i fag dei har hatt opplæring i, samtidig som praksis skal gi erfaringar med heilskapen av fag elevane møter. Praksisopplæringa skal vere rettleidd, vurdert og variert. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisopplæringa er eit felles ansvarsområde for faglærarane i lærarutdanninga (både lærarar i undervisningsfag og i pedagogikk og elevkunnskap), praksislærar og rektor. Heilskapleg og samanhengande lærarutdanning, samanbinding av teori og praksis og samarbeid om rettleiing og vurdering føreset at faglærarane i lærarutdanninga tek del i samarbeidet med praksisinstitusjonane og med studentane om undervisning og anna praksisarbeid . Dette samarbeidet skal omfatta utveksling av kunnskap og lærarkrefter på ein måte som sikrar at aktivitets- og utviklingsoppgåver i praksisfeltet blir trekte inn i praksisførebuing i lærarutdanningsfaga. Innsikt i barnetrinnet sine arbeidsmåtar og innhald er viktig. Det skal leggjast til rette for progresjon i opplæring av grunnleggjande ferdigheiter, frå dei lågaste til dei høgste trinna innanfor det aktuelle årstrinnsspennet for utdanninga. Studentane skal og tileigna seg kunnskap om overgangen frå barnehage til grunnskule, og om overgangen frå barneskule til ungdomsskule. Utdanninga skal kjenneteiknast av eit nært samspel med profesjonsfeltet og det samfunnet skulen er ein del av. 2 Grunnskulepraksis og samfunnspraksis Grunnskulepraksis for 1-7 utdanninga skal dekka trinn 5-7 og 1-4. Praksis omfattar undervisning og elles alle aktivitetar i regi av grunnskulen, som angår elevane og som til vanleg involverer lærarar. I tillegg til undervisning kan dette mellom anna vera lærarmøte, skuleturar, museumsbesøk, leirskule, aktivitetsdagar, foreldremøte, samarbeidsmøte mellom skule og andre instansar og ulike prosjekt i høve til læringsarbeid og klassemiljø. Praksis i eit anna lands grunnskule, i samband med internasjonale utvekslingsopphald eller internasjonalt semester, kan godkjennast som del av dei 100 dagane med praksis, under føresetnad av at dei ordinære krava til praksisopplæringa blir oppfylte. Lokal industri og næringsliv, samt karrieresentra og fagopplæringskontor kan naturleg trekkjast inn i undervisninga. Med samfunnspraksis meiner vi praksis i lokalt kultur- og næringsliv og i ulike institusjonar eller organisasjonar i randsona rundt skulen. Omgrepet ”Skulen i samfunnet” og kompetanse om dette kan realiserast gjennom samfunnspraksis. Døme på instansar det vil vera naturleg å ta kontakt med er SFO, kulturskulen, barnehagar, kommunale støttetenester som 3 Praksisplan for grunnskulelærarutdanninga 1. – 7.trinn, DELTID, 2015 barnevern og PPT, idrettsorganisasjonar og andre organisasjonar som driv fritidstilbod retta mot barn og unge. Observasjonspraksis i barnehage kan inngå som del av samfunnspraksis. Samfunnspraksis for GLU 1-7 DELTID er sett til 15 dagar. Samfunnspraksisen må gjennomførast i løpet av dei fire første åra av utdanninga. Minst 5 dagar skal gå til «randsoneaktivitet» og 10 dagar skal gå til konferanse som arena for læring. 3 Omfang Omfanget av praksisopplæringa ved HSH er sett til 100 dagar i grunnskulen (skulepraksis) og vert organisert med 30 dagar i første studieår. I andre, tredje og fjerde studieår vert det 20 dagar kvart år og i femte – sjette studieår er det 10 dagar praksis. All praksisopplæring er obligatorisk. For deltidsstudentane vil det vera hensiktsmessig å ha hovudvekt på punktpraksis med 1 til 2 dagar fordelt i kvar veke gjennom heile studieåret. Studentane skal, så lang råd er, få gjennomføra praksis i geografisk nærleik til heimstad. Praksis kan gjennomførast i gruppe, eller individuelt. Ein arbeidsdag vert rekna som 6 timar à 60 minutt. Av desse skal minst 3 timar vera i klasserommet saman med elevar. Praksislærar får godtgjersle pr. student han/ho har ansvar for. For kvar dag i praksis har studenten rett på 2 timar rettleiing. Rettleiinga skal væra planlagt og studenten skal levera skriftleg rettleiingsgrunnlag seinast dagen før. Rettleiinga skal bidra til profesjonell støtte, utfordring, sosialisering til læraryrket og fremma evna til kritisk refleksjon over praksis. Målet er å fremma både fagleg og personleg utvikling. For kvart studieår skal og 30-40 timar nyttast til anna lærararbeid det er naturleg for studenten å ta del i. Organisert førebuing og etterarbeid utanfor praksisskulen skal ikkje inngå i dei 100 dagane med skulepraksis. Praksis Skulepraksis Samfunnspraksis 1. år 2. år 3. år 30 dagar 20 dagar 20 dagar Randsona rundt skulen: 5 dagar Konferanse som arena for læring: 10 dagar. 4. år 20 dagar 5.- 6. år 10 dagar Studentar i deltidsutdanninga kan vera i jobb samtidig som dei studerer og det vert derfor lagt opp til det me kallar fleksibel praksis. Det betyr at student, praksislærar og rektor ved praksisskulen, i samarbeid, legg opp ein plan for når praksisdagane skal avviklast. Planen som vert utarbeidd skal underskrivast av rektor, praksislærar og student og sendast HSH så snart den er klar, seinast 15. oktober kvart studieår. Mal for plan ligg i praksisnett. Praksisdagane må fordelast jamt utover i heile studieåret. Det vil bli gitt oppdrag for refleksjon og utprøving i faga gjennom heile studieåret. Graden av fleksibilitet og medverknad for gjennomføring og tidspunkt for gjennomføring av praksis kan variera noko frå år til år. 4 Praksisplan for grunnskulelærarutdanninga 1. – 7.trinn, DELTID, 2015 Samfunnspraksis kjem som nemnd i tillegg til skulepraksis og skal til saman utgjera 15 dagar, fordelt på dei to hovudkomponentane konferanse som metode i lærarutdanninga og randsoneaktivitetar. Konferanse som metode tel 10 dagar og randsoneaktivitet er sett til 5 dagar. Det er den einskilde student sitt ansvar å skaffa, gjennomføra og rapportera inn aktivitet knytt til randsoneaktivitet. Modell, registrering og tidsrekneskap ligg under fana samfunnspraksis i praksisnett for GLU 1-7 DELTID. Dokumentasjon skal leverast/sendast kullkoordinator. Dagar knytt til konferanse som metode vert styrt frå høgskulen. HSH v/kullkoordinator registrerer deltaking knyta til UNDERVEGS. Det er lurt å koma i gong med randsoneaktivitet så raskt som mogleg i utdanningsløpet. Dei 15 dagane med samfunnspraksis må vera gjennomførte innan utgongen av 4. studieår. 4 Organisering Praksisopplæringa er organisert som eit nært samarbeid mellom høgskulen og praksisskulane. Desse har status som partnarskular. Samarbeidet blir regulert gjennom avtalar mellom høgskulen og skuleeigar og mellom høgskulen og den einskilde praksisskulen. I desse avtalane er ansvarsfordelinga mellom høgskulen, skuleeigar og praksisskule omtalt og nedfelt. HSH legg følgjande prinsipp til grunn for organiseringa av praksisopplæringa for GLU1-7 deltid: GLU 1-7 deltid har eit kullteam som overordna organ, med minst 1 møte pr. semester. Teamet, som vert leia av kullkoordinator, skal planleggja, gjennomføra og evaluera praksisopplæringa i samarbeid med studieleiar og praksiskoordinator på høgskulen. Utdanning i Ryfylke kan ha ein representant i kullteamet. Elles skal kullteamet ha 2 representantar for studentane, 2 representantar for praksislærarane, 2 representantar frå rektor ved praksiskular og 1- 2 representantar for faglærarane ved høgskulen. Kullteammøta kan bli arrangert i samanheng med ei samling. Møtet kan og verta arrangert som videokonferanse. Kullteamet skal i kvart møte ha ein post kalla praksis. Ordninga med fleksibel praksis må evaluerast etter andre studieår. Om ein finn ut at ordninga ikkje fungerer etter intensjonane, kan ei ordning med faste periodar verta innført. Praksisopplæringa for GLU 1-7 deltid skal, så langt råd er, fordelast på skular i område der studentane bur. Studentane skal ha praksis ved same skule dei to første studieåra. Det tredje året må studentane skifte praksisstad. I det fjerde året er arbeid med bacheloroppgåva sentralt. Studenten kan då velje om han/ho vil gjennomføra praksis ved den første eller andre praksisskulen. Ved gjennomføring av praksis i 5.-6. studieår kan studenten enten velja ny praksiskule, eller bruka ein av skulane frå tidligare år. 5 Praksisplan for grunnskulelærarutdanninga 1. – 7.trinn, DELTID, 2015 Praksis kan avviklas ved eigen arbeidsplass dersom dette er i grunnskulens trinn 1-7 inntil tre år, under føresetnad av at studenten gå inn i rolla som lærarstudent. I deltidsutdanninga er det stor geografisk spreiing på studentane og ein vil på bakgrunn av det gje opning for praksisparti på 1-3 studentar. Studentane skal i løpet av utdanninga ha praksisopplæring både på mellomtrinnet (5.-7. trinn) og på småskuletrinnet (1.-4.). Studenten har medansvar for å sjå til at dette vert gjennomført. I starten av kvart studieår skal det arrangerast informasjons- og planleggingsmøte mellom praksisskule og HSH. Aktuelle aktørar i møtet er: Praksislærarar, praksisskulerektor, kullkoordinator og evt. faglærarar frå HSH. Rektor og kullkoordinator samarbeider om møtet. Minst ein gong i løpet av dei fire første studieåra skal praksislærar, faglærar frå HSH og student(ar) planleggja, gjennomføra og evaluera ei undervisningsøkt i lag. Rektor ved praksisskulen har ansvar for at student(ane) får informasjon/undervisning om program og emne som praksisskulen har spisskompetanse på (punktmetodikk) minst ein gong kvart semester. Om det er geografisk mogleg kan praksisskular med få studentar slå seg saman og arrangera slik undervisning i lag. Deltaking på kursdagar kan og reknast inn her. Representant frå HSH og praksislærar skal ha kontakt minst ein gong pr. semester. HSH har ansvar for å initiere kontakten. Studentar i praksis kan forventa praksisbesøk frå faglærar minst ein gong pr. studieår. 5 Progresjon HSH skal tilby ei heilskapleg og samanhengande lærarutdanning over 5.-6. år med vekt på samanbinding av teori og praksis. Første semester er det naturleg at observasjon er sentralt i studentane sitt første møte med praksis. Studentane må vera godt førebudde for at observasjon skal bli meiningsfylt. Pedagogikk og elevkunnskap (pel) har eit spesielt ansvar for å gi innføring i observasjonsmetodar i forkant av observasjonspraksis, og det bør her leggjast opp til fokusert observasjon, der einskilde studentar/grupper i ein klasse har noko spesielt å sjå nærare på. Studentane må og få høve til å observera ulike undervisningsmetodar (jf. punktet i innleiinga om variert praksis opplæring). Frå ei kort innføringsøkt med fokusert observasjon skal studentane 1. studieår via ei rolle som hjelpelærar gradvis kunna overta undervisning i einskilde timar og økter. 6 Praksisplan for grunnskulelærarutdanninga 1. – 7.trinn, DELTID, 2015 Utover i studiet vil planlegging, gjennomføring og vurdering av meir samanhengande undervisningsøkter stå sentralt. Studentane skal bli kjende med skulen slik han er i dag, korleis han fungerer som organisasjon, korleis han er utstyrt, korleis dagens lærarar arbeider og lærer (jf. presentasjon av tema og læringsutbytte for dei ulike studieåra nedanfor). I samband med bacheloroppgåva 4. studieår vil det vera naturleg med ei innføring i vitskapleg metode og FoU-arbeid. Dette skal vera eit samarbeidsprosjekt mellom faget pedagogikk og elevkunnskap (pel), andre aktuelle undervisningsfag ved HSH og praksisfeltet. Under heile utdanninga vil det vera viktig å laga rammer for, og stimulera til, refleksjon rundt kva det vil seia å vera lærar. Danning, i tydinga kritisk refleksjon og profesjonsforståing, vil såleis stå sentralt i studentane si utvikling. Her vil både pedagogikk lærar, faglærarar, praksislærarar og medstudentar vera viktige samtalepartnarar. Gjennom praksisopplæringa vil ein leggja opp til ein refleksjonsprosess der studentane må gjera greie for sine val med omsyn til planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning og læring. Dette skal skje ved at studentane tek i bruk ei individuell, skriftleg praksismappe. Denne skal følgja studentane gjennom heile praksisopplæringa og innehalda relevant dokumentasjon av studentane sitt arbeid i praksis. Eit viktig element i praksismappa skal vera refleksjon over eiga læring i praksis. Ved byte/overgang til ny praksisskule skal student framlegga praksismappa til ny praksislærar. Meir om innhald i praksismappa i PRAKSISNETT for GLU 1-7 DELTID. 6 Vurdering Det skaI vera vurdering etter kvart studieår. Karakteren for vurdering er bestått/ikkje bestått. I første året av utdanninga er det ein samanhengande praksisperiode i tidsrommet januar/februar. Denne perioden skal vurderast som studiekrav med godkjent/ikkje godkjent. Praksisperioden (studiekravet) må vera godkjent for at studenten skal få endeleg karakter bestått i praksis. Dersom nemnte praksisperiode vert vurdert til ikkje godkjent, har studenten krav på tettare oppfølging i praksis. Det er særs viktig at studenten sin sosiale dugleik vert vurdert (jf. pkt. 7 i vurderingskriteriene for 1. studieår). Saman med vurderinga skal det liggja føre ei skriftleg framovermelding til studenten om kva som er bra og kva som kan gjerast betre. For 2.,3. og 4. studieår i utdanninga vil det i større eller mindre grad bli lagt opp til samanhengande praksisperiodar som vil gå inn som studiekrav på same måte som nemnt over. I løpet av januar/ februar kvart år skal praksislærarane og representantar frå HSH gjennomføra drøftingsforum. Kullkoordinator har ansvar for å kalla inn til drøftingsforum. I dette møte er det studentane si måloppnåing som står på dagsorden. Det er praksislærar, rektor, faglærar og pel-lærar som saman skal vurdera studentane si måloppnåing i praksis. Etter møtet skal kvar student få ei kort munnleg tilbakemelding frå sin praksislærar om korleis han/ho ligg ann i høve til komande sluttvurdering. Dersom det er tvil om studenten 7 Praksisplan for grunnskulelærarutdanninga 1. – 7.trinn, DELTID, 2015 vil få bestått praksis må det setjast inn ekstra oppfølging. Det kan væra i form av samtalar/rettleiing og/eller ekstra dagar til praksis. Rektor ved praksisskule har ansvar for at melding om tvil kjem til studenten og høgskulen snarast mogleg. Praksislærar skal vurdere oppnådd læringsutbytte og måloppnåing ved slutten av kvart studieår. Praksislærar skal senda denne skriftlege vurderinga av studenten til HSH innan 15. april kvart år. Karakterskala for vurdering er som nemnt bestått/ikkje bestått. Studenten skal vera kjent med praksislærar si vurdering og skriva under på at vurderinga er sett og lest. Eige skjema for vurderinga ligg i praksisnett. Indikatorane for måloppnåing (jf. punkta om læringsbytte nedanfor) viser at krava for bestått vert strengare jo lengre ut i studiet studentane kjem. Dette er ein følgje av kravet om progresjon i praksis. Progresjon i læringsutbytteformuleringane vert definert i neste kapittel. Studenten si eiga vurdering er eit viktig ledd i den samla vurderinga. Praksislærar skal nytta eige vurderingsskjema. Til hjelp i vurderinga er det utarbeidd vurderingskriterier. Sjå praksisnett. Samfunnspraksis utgjer ein obligatorisk del av praksisopplæringa ved HSH og vert vurdert som studiekrav det 4. studieåret. Det betyr at dei to komponentane; Randsoneaktivitet og konferanse som metode for læring må vera gjennomførte og godkjente innan utgongen av 4. studieår for at praksisopplæringa skal kunne godkjennast. 7 Innhald og læringsutbytte Praksisopplæringa skal vera ein integrert del av alle fag. Høgskulen og praksisskulen har saman ansvar for at praksis får eit innhald som er eigna til å oppfylla læringsmåla for praksisopplæringa og for faga, og at ho bidrar til å oppfylla måla for utdanninga som heilskap. Det er definert ulike hovudtema for innhaldet i praksisopplæringa. Dei oppsette tema for praksisopplæringa er i tråd med dei tema som er gitt for dei einskilde studieåra i faget pedagogikk og elevkunnskap. Det skal vera ei nær kopling mellom innhald og arbeidsmåtar i pedagogikk og elevkunnskap og praksisopplæringa. Fokus på dei ulike tema skal sikra ei gradvis innføring i dei ulike sidene ved læraryrket, gje progresjon i opplæringa og sikra samanheng mellom undervisninga i pedagogikk og elevkunnskap og andre fag. Sjølv om det er gitt eit hovudtema for kvart studieår, vil det vera naturleg at studentane i praksis møter alle tema gjennom heile utdanningsløpet. Det er utarbeidd forventa læringsutbytte for dei ulike studieåra. (Sjå PRAKSISNETT for GLU 17 DELTID. Læringsutbyttet må vurderast på bakgrunn av at det er ei grunnutdanning studentane tar, og forventningane til læringsutbytte kan vera lågare i tidlege studieår enn i seinare år. Progresjon og utvikling vert viktige stikkord. 8 Praksisplan for grunnskulelærarutdanninga 1. – 7.trinn, DELTID, 2015 7.1 Praksisopplæring for 1. studieår Tema I første studieår er hovudtemaet for praksisopplæringa lærarrolla, lærararbeidet og lærarens tilrettelegging for læring av fag. Dette omhandlar: - Utvikling av eigen læraridentitet - Lærararbeidet i møte med elevar på 1.-7. trinn, elevgrupper og klassar - Læringsleiing i møte med elevar; leiing av, rutinar og reglar for læringsarbeidet - Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning - Læringsretta vurdering - Aktuelle kartleggingsverktøy Læringsutbytte KUNNSKAP Studenten har kunnskap om læraren si rolle har kunnskap om læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremiddel og vurderingsformer har kunnskap om grunnleggjande ferdigheiter som grunnlag for læring har kunnskap om observasjonsmetodar FERDIGHEITER Studenten kan saman med andre planleggja, gjennomføra og vurdera undervisning kan leggja til rette for utvikling av elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i faga kan bruka ulike arbeidsmåtar og læremiddel i undervisning kan med utgangspunkt i relevant teori velja og bruka aktuelle kartleggingsverktøy i opplæringa kan bruka vurdering som del av læringsarbeidet og leggja til rette for elevane si eiga vurdering kan observera og leia elevars læringsarbeid GENERELL KOMPETANSE Studenten kan diskutera undervisning og læring, fag og elevar i lys av profesjonelle og yrkesetiske perspektiv kan vurdera eigen og andre sin praksis med referanse til teori og forsking kan handtera ulike typar tilbakemeldingar frå rettleiar 9 Praksisplan for grunnskulelærarutdanninga 1. – 7.trinn, DELTID, 2015 7.2 Praksisopplæring for 2. studieår Tema Hovudtemaet for praksisopplæringa andre studieår er eleven på 1.-7. trinn, elevmangfaldet og elevane sitt møte med skule og fag. Dette omhandlar: - Elevane si faglege, sosiale, kulturelle og personlege læring og utvikling på 1.-7. trinn - Inkluderande læringsfellesskap - Variert og tilpassa opplæring, ulike arbeidsmåtar - Lærararbeid og læringsleiing i fleirkulturelle klasserom og møte med elevar med spesielle behov - Klasseromskunnskap/kunnskap om ulike læringsarenaer Læringsutbytte KUNNSKAP Studenten har kunnskap om elevane si utvikling og bakgrunn som utgangspunkt for læring har kunnskap om elevvariasjonar og tilpassa opplæring har kunnskap om kulturelt og språkleg mangfald har kunnskap om kommunikasjon, samhandling og gruppeprosessar FERDIGHEITER Studenten kan utvikla mål for opplæringa og vurdera elevane si måloppnåing kan møta mangfald og elevvariasjon gjennom differensiert opplæring kan sjølvstendig og saman med andre planleggja, gjennomføra og vurdera undervisning i eit fleirkulturelt læringsfellesskap kan vera tydeleg leiar og leia læringsarbeid ved å differensiera og variera arbeidsmåtar etter gruppestorleik og føremålet for undervisninga GENERELL KOMPETANSE Studenten har innsikt i elevane si læring av grunnleggjande ferdigheiter og forståing av fagkunnskap har utvikla medvit rundt eigen kommunikasjons- og relasjonskompetanse har innsikt i eiga utvikling som lærar kan vurdera eigen lærarkompetanse og eige læringsbehov 10 Praksisplan for grunnskulelærarutdanninga 1. – 7.trinn, DELTID, 2015 7.3 Praksisopplæring for 3. studieår Tema I tredje studieår vil studentane arbeida vidare med hovudtema frå første og andre studieår. Eit nytt hovudtema for praksisopplæringa tredje året er samarbeid med føresette og andre sentrale instansar utanfor skulen. Dette omhandlar: - Læraren sine rettar og plikter, lærararbeidet på organisasjonsnivå og i profesjonelle fellesskap - Skule- og elevdemokrati, føresette og elevars rettar - Samarbeid med føresette, PPT og andre aktørar - Overgangar mellom trinna Læringsutbytte KUNNSKAP Studenten har kunnskap om læraren sine rettar og plikter og om lærararbeidet på organisasjonsnivå har kunnskap om, og kjennskap til, ulike aktørar det er naturleg for ein lærar å samarbeida med FERDIGHEITER Studenten kan sjølvstendig og saman med andre planleggja, gjennomføra og vurdera undervisning for elevgrupper av ulik storleik kan planleggja og vurdera foreldremøte og utviklingssamtalar med elevar kan samhandla med kollegaer, skuleleiing, føresette og andre aktørar i skulen kan med basis i teori og forskning identifisera mobbing og trakassering og drøfta måtar dette kan handterast på GENERELL KOMPETANSE Studenten kan vurdera skulen i høve til samfunnsmandatet 11 Praksisplan for grunnskulelærarutdanninga 1. – 7.trinn, DELTID, 2015 7.4 Praksisopplæring for 4. studieår Tema I det fjerde studieåret skal studentane arbeida vidare med hovudtema frå første, andre og tredje studieår. Det vil dessutan vera eit særleg fokus på skulen som lærande organisasjon og det profesjonelle fellesskapet. Utviklingsarbeid og lokalt læreplanarbeid er sentralt i tillegg til forskingsbasert kunnskap som utgangspunkt for endring og utvikling i skulen. Ein vil og sjå på kvalitetssystem som verktøy for læring og skuleutvikling Arbeid knytt til bacheloroppgåva vil vera ein naturleg del av praksis dette studieåret. Oppgåva skal vera profesjonsretta og bidra til å kopla teori og praksis saman. -Kvalitetssystem som verktøy for læring og skuleutvikling -Samarbeid med lokalmiljø med vekt på entrepenørskap -Forskningbasert kunnskap som utgangspunkt for endring og utvikling i skulen -Lokalt læreplan- og utviklingsarbeid Læringsutbytte KUNNSKAP Studenten har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid i skulen har kunnskap om kvalitetssystem som verktøy for læring og skuleutvikling FERDIGHEITER Studenten kan delta i lokalt læreplanarbeid kan med basis i teori vurdera og bidra til utvikling av skulens læringsmiljø GENERELL KOMPETANSE Studenten har kunnskap, engasjement og metodar for å vidareutvikla seg sjølv, sitt yrke og framtidig arbeidsplass gjennom kollega samarbeid og samhandling med eksterne aktørar 12 Praksisplan for grunnskulelærarutdanninga 1. – 7.trinn, DELTID, 2015 7.5 Praksisopplæring for 5. – 6. studieår Tema Studentane i deltidsutdanninga skal ha dei siste 10 dagane av praksis knytt til dei siste 60 studiepoenga av utdanninga si. Praksisdagane skal bidra til å vidareutvikla fokusområde frå tidlegare studieåra og væra særleg kopla til studenten sine valfag. Profesjonsutvikling individuelt og kollegialt, samt endrings- og utviklingsarbeid på skulen skal vektleggjast. Oppgåver i praksis for faga 5.-6. studieår bør ha formuleringar som omfattar vurderingar, analyse og refleksjon innan desse tema. Det er viktig at studentane i sine fagrelaterte oppgåver tar med formuleringar som viser sluttkompetanse innan læringsutbytte for praksis. Læringsutbytte KUNNSKAP Studenten har kunnskap om skulen som organisasjon og samfunnsinstitusjon FERDIGHEITER Studenten kan planleggja, gjennomføra og vurdera opplæringa i faga kan planleggja undervisning med utgangspunkt i planar for ulike periodar GENERELL KOMPETANSE Studenten har kritisk distanse til eiga yrkesutøving har utvikla kommunikasjons- og relasjonskompetanse har utvikla læraridentitet basert på profesjonelle og yrkesetiske perspektiv 13 Praksisplan for grunnskulelærarutdanninga 1. – 7.trinn, DELTID, 2015 8 Ansvarsfordeling i praksisopplæringa AKTØR Skuleeigar Rektor ved partnarskulen ANSVARSOMRÅDE Inngå overordna avtale med utdanningsinstitusjonen om praksisopplæring i partnarskulane Vera aktiv samarbeidspart for høgskulen i samband med utlysing og utveljing av partnarskular Kvalitetssikra at partnarskulane driv relevant utviklingsarbeid Leggja til rette for og søkja samarbeid med høgskulen om kompetansetiltak, forskings - og utviklingsarbeid når dette er aktuelt og høgskulen har kompetanse Sjå til at praksislærarane ved skulane har rettleiarkompetanse Utarbeida opplegg for praksisopplæringa saman med høgskulen innanfor rammene av overordna avtale. Informera studentane om teieplikta og klarera studentane med omsyn til denne før dei skal ut i praksis. Sjå til at arbeidet med studentens fleksible praksisplan vert godkjent og sendt HSH innan 15. oktober. Leggja til rette for at praksislærarane kan gjennomføra rettleiingskurs på min 15 studiepoeng Organisera praksisopplæring på skulen etter gjeldande retningsliner Sjå til at praksisopplæringa er i samsvar med rammeplan, retningsliner, programplanar, praksisplan og emneplanar for grunnskolelærarutdanningane Leggja til rette for praksisopplæringa, slik at studentane får: o Relevant praksis i skulefag og skulen sine heilskaplege oppgåver med elevane o Heile skulen som praksisarena når det er aktuelt o Kjennskap til skulen som organisasjon o Erfara varierte arbeidsmåtar og organiseringsformer o Erfaring med samarbeid heim - skule o Erfaring med utviklingsarbeid i praksis o Erfaring med lærarane sine oppgåver i samarbeidstid, hjelpeorgan og støttespelarar Leggja til rette for kompetanseheving som styrkar innhald i praksis saman med høgskulen Sjå til at studentane får forsvarlege arbeidstilhøve på skulen, og at dei blir inkluderte i skulen sitt læringsmiljø og personale Sjå til at praksisopplæringa er rettleia, vurdert og variert Sjå til at studenten får høve til å gjera arbeid knytt til bachelor oppgåva si. Leggja til rette for eit godt samarbeid mellom praksislærarar, studentar og faglærarar Gjennomføra vurdering av studentane i samarbeid med høgskulen og praksislærarar for best mogleg å kvalitetssikra praksisopplæringa Leggja til rette for drøftingsforum i samband med vurdering. 14 Praksisplan for grunnskulelærarutdanninga 1. – 7.trinn, DELTID, 2015 Praksislærar Studieleiar Gjennomføra vurderingsmøte av praksis saman med studentane ved slutten av kvart skuleår/studieår. Sikra godkjenning av praksismappe i samråd med praksislærar Fremja refusjonskrav til høgskulen ved slutten av kvart skuleår Søkja samarbeid med høgskulen om etterutdanning, forsøks- og utviklingsarbeid når det er aktuelt og høgskulen har kompetanse Ha kunnskap om innhaldet i rammeplan, retningsliner, programplanar, praksisplan og emneplanar for grunnskolelærarutdanningane Sikra god progresjon i høve gjeldande planverk Delta aktivt i studentens utarbeiding av fleksibel plan for praksisgjennomføring i god til før 15. oktober. Gje studenten rettleiing i førebuingsarbeid, undervisning og etterarbeid Vera ein del av høgskulen sitt team for praksis og ta del i aktuelle møte med høgskulen Vera ein del av høgskulen sin kompetanse innan metodikk og pedagogikk, og ta del i undervisning av studentane Gje undervegsvurdering saman med faglærar/pel.lærar og i samarbeid med studenten. Studenten si eiga vurdering skal vektleggast Syta for at studenten får brei profesjonskunnskap med variert praksis der ulike sider og utfordringar ved leiing av læringsarbeid og læraryrket blir prøvd ut og synleggjort Syta for at studenten får variert praksis der ulike arbeidsmåtar og organiseringsformer blir prøvd Gje studenten heilskapleg opplæring ved å involvera han i kollegasamarbeid, vurderingsarbeid, elevsamtalar, foreldresamarbeid og pedagogisk utviklingsarbeid I samarbeid med rektor ved partnarskulen, faglærar og pel.lærar gje vurdering av studenten i praksis og delta i drøftingsforum i samband med vurderinga Vurdera innhald i praksismappe Bidra i studentens arbeid med bacheloroppgåva 4. studieår Sikra at all praksisopplæring er rettleia, vurdert og variert Ha gjennomgått vidareutdanning i praksisrettleiing på min 15 sp, eller forplikta seg til å starta opplæring i praksisrettleiing etter nærare avtale Utvikla eit fagleg forpliktande samarbeid over tid med faglærar/ kontaktlærar på HSH Senda vurdering av studenten i praksis til HSH innan 15. april. Syta for at partnarskulane kjenner HSH sin overordna plan for studieprogrammet og emneplanar for praksis Tilby opplæring og kvalifisering i praksisrettleiing i samarbeid med skuleeigar Sikra informasjon til praksislærarane/partnarskulane når det gjeld studentoppfølging og skikkethetsvurdering der dokumentasjon er 15 Praksisplan for grunnskulelærarutdanninga 1. – 7.trinn, DELTID, 2015 Kullkoordinator Praksiskoordinator Faglærar/ kontaktlærar vesentleg Sikra at alle studentar har godkjent politiattest Syta for at faglærarane bidrar aktivt i planlegging, rettleiing, praksisoppfølging og FoU-arbeid Kvalitetssikring av praksis Syta for at praksisopplæringa skjer innafor budsjetterte rammer Introdusere praksisplan for skulane Laga framlegg til fordeling av studentar på skular Leggja til rette for eit godt fagleg samarbeid om lærarutdanning på høgskulen, på partnarskulen og i ein eventuell digital samarbeidsplattform Sikra teamets deltaking på alle relevante møte i samband med praksis. Sjå PRAKSISNETT GLU 1-7 DELTID Leggja til rette for at partnarskulens leiing og lærarar kan delta i høgskulens undervisningsopplegg, både som tilhøyrarar og aktive deltakarar Ha tilgang til praksisrapportar i studentarkiv Bidra til nettverksbygging mellom partnarskulane i kullteamet Vera kontaktperson for skulane Følgja opp rutinar for studentoppfølging og skikkethetsvurdering. Sjå http://www.hsh.no/omhsh/kvalitet.htm Før kvart studieår kartleggja praksisbehov og informera partnarskulane om dette. Endeleg praksisplassering må liggja føre så tidleg som mogleg det aktuelle studieåret. Før kvart studieår, i samråd med kullkoordinator, utarbeida fordeling av studentar på praksiskolar, setje opp eit oversyn over faste praksiperiodar og laga møteplan. Sjå PRAKSISNETT GLU 1-7 DELTID. Planane skal ivareta integreringa av praksis i pedagogisk teori og i dei fagleg-pedagogiske studia Syta for at relevant og oppdatert informasjon ligg på praksisnett Kontrollera utbetaling av refusjon i samband med utgifter som følgje av praksisopplæringa Registrera og kvalitetssikra praksisvurderingane og syta for vidare formidling til studieadministrasjonen I samarbeid med kullkoordinator og seksjonsleiarar laga framlegg til fordeling av faglærarar/kontaktlærarar. Synleggjera praksisrelaterte, didaktiske og fagdidaktiske sider ved faga Delta på relevante møte i samband med praksisopplæringa Delta på erfaringsutveksling saman med praksislærarane om utvalde tema Delta aktivt i planlegging av undervisningstimar saman med praksislærar Følgja opp studentane i praksis etter nærare reglar Gjennomføra praksisbesøk minst ein gong annakvart år. I samarbeid med rektor ved partnarskulen, praksislærar og pel.lærar gje vurdering av studenten i praksis og delta i drøftingsforum i 16 Praksisplan for grunnskulelærarutdanninga 1. – 7.trinn, DELTID, 2015 Student samband med vurderinga Delta i fagleg samarbeid med praksislærarar. Ha kunnskap om innhaldet i rammeplan, retningsliner, programplanar, praksisplan og emneplanar for grunnskolelærarutdanningane og praksisnett. Starte arbeid med fleksibel praksisplan i lag med praksislærar (og rektor) ved semesterstart. Sende signert plan for praksis til HSH innan 15. oktober. Ha tett kontakt med praksisskule. Delta i aktivt i planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisningsopplegg, her under eiga vurdering av praksis Syta for at innhald i praksismappe er i samsvar med vedtekne retningsliner og innanfor vedtekne tidsfristar Delta på relevante møte Gjennomføra vurderingsmøte av praksis saman med rektor etter kvar praksisperiode Prøve ut aktuelle oppgåver knytt til studiefaga Delta og dokumentere samfunnspraksis i løpet av dei fire første åra av utdanninga. 17