Furusete - Olav H. Hauge

Transcription

Furusete - Olav H. Hauge
Furusete
FITJO
I utstrekning er dette eit stort, vidt stølsbol,
som ligg frå 420 til 445 moh. Stølen ligg i
lia vestom Lindebrekke. I tillegg til bruka
på Lindebrekke har Furesete vore hovudstøl
for bruka på Audnaland/Undeland og
Sponheim, i alt har åtte bruk hatt stølsrett
her. Stølsbolet er som nemnt vidt, og sela
ligg spreidd med opp til 450 m. mellom
stølshusa. Dette stølsbolet har i hovudsak
vore nytta som sommarstøl, og her er gode
beite i tillegg til at her er store stølstræe.
Stølstida på Furesete var heller lang, dei
rekna frå jonsok til mikkelsmess (29. september).
På Furesete er det store utslåtter, og her
vart hausta mykje høy. I dag står her sju
stølshus, tre løer og murar etter tre andre
hus. Den gamle bygdevegen mellom Ulvik
og Granvin, over Angerskleiv går rett forbi
stølen. Tek me stølsvegen frå gardane mot
Furesete, så gjekk Lindebrekke sin stølsveg
frå mjøstølen utanfor garden og bratt opp
Vetletellstigen, også kalla Gamletetellstigen, og vidare i slakare stigning fram til
Lindebrekkesela nedst på Furesete. Etter
at denne vegen vart lagd om opp noverande Tellstig i 1840-åra, vart det mest
naturleg å bruka denne. Med litt god vilje
kunne ein faktisk køyra med kjerre der! Frå
Sponheim og Undeland gjekk stølsvegen
utover skogsryggen som blir kalla Reie, der
skogsbilvegen går i dag, ut til vegkrysset
som av mange vert kalla Øyane. Derifrå
nokså bratt opp under noverande traktorveg og vidare i mest bein line mot Furesete
til sela åt Sponheim bnr. 6. Gangtida frå
Sponheim til Furesete er om lag ein time,
noko lenger med buføra eller tung bør. I
dag er her god traktorveg frå Øyane og
heilt fram til stølen.
Bekken som renn forbi stølsbolet, blir kalla
Fureseteelva, men heiter lenger oppe
Skraolebekken.
Ulvik sogelag
LINDEBREKKE
BERGO
GUNNARSETE
LITLASTØL
FURUSETE
SNIPO
SKITNASETE
FURUSETE
BYRSE
STØLSTRIMMEN
Ulvik
20
15
Furusete
GPS:
6714800/382000