Frivilleg innsats bergar viktige buer Vil skape ein

Comments

Transcription

Frivilleg innsats bergar viktige buer Vil skape ein
6
nyheiter
Onsdag 29. juli 2015
Firda
Godt i gang: Ove Losnegård, Bjarte Hellebust, Torbjørn Espedal, Magne Midtbø og Jan Hagen har ferdigstilt restaureringsarbeidet for denne gang. Slik ser buene ut i sommar,
Foto: Siri-Ann Roska
men planen er at buene skal bli slik dei såg ut for om lag hundre år sidan. ■ Frivilleg innsats bergar viktige buer ■ Vil skape ein samlingsstad i bygda att
Reiser krambua til orig
Solund: Frivilleg
innsats gjorde det
mogleg å starte eit
omfattande restaureringarbeid i Hersvikbygda i mars 2015.
Siri-Ann Roska
[email protected]
977 94 511
– Mykje råteskadd reisverk er
skifta heilt eller delvis ut. For
meg er det stort å sjå at buene
no kan vere redda, seier Inge
Malvin Hugøy som er nestleiar i
buanemnda og har ansvar for
tilrettelegging.
No har delar av buene fått ny
kledning etter buene vart plata
på slutten av 70-talet.
– Dei var i så dårleg forfatning
at visst vi skulle ta vare på dei,
måtte det gjerast noko no, fortel Hugøy.
Målet er at buene skal tilbake
til slik dei var i 1929. På Hersvik
var dei eit viktig samlingspunkt
for Nord-Solund, men frå 70-talet stod buene tomme.
Viktig samlingsstad
– Krambua var livets teater då
eg var gutunge. Det kom dampbåtar og var handledag, seier
Hugøy, som eigentleg er busett
i Bergen, men har sterk tilknyting til Hersvik.
Den søre bua er bygd i bindingsverk og var delar av ei
større saltebu på Kinn før den
Arbeidsgjengen: Inge
Hugøy framme til venstre.
kom til Hersvik i byrjinga av
1920-åra. Nordre bua var løe i
Bremanger før den vart sett opp
i Hersvik i 1929.
– Formålet har vore å skape
ein samlingsstad i nord-Solund
igjen. Både for bebuarar og tilreisande om sommaren. Noko
som har vist seg å vere svært
vellykka. Her går praten lett og
gamle minner blir kalla fram
desse få timane Krambua fungerer som kafe om laurdagane,
fortel Hugøy.
Firda
nyheiter
Onsdag 29. juli 2015
7
Forventar betring:
Svein Arne Skuggen Hoff hos
Fylkesmannen. Arkivfoto
Startar
nettverk
frivillige: Hildur Stølsvik og Rigmor Hugøy arbeider frivillig i kafeen som serverer gjestar kvar
laurdag. Inne i buene er gamle gjenstandar og maritimt utstyr på utstilling. Desse er anten gåve eller på lån
Foto: Siri-Ann Roska
av privatpersonar. gamle dagar: Slik såg buene ut på 1920-30-talet.
Foto: Ukjent
Solveggen: Fint vêr gjorde
at gjestane sat ute.
tt
ginal stand
I 2006 inngjekk Sogelaget leigeavtale med eigar Jorunn Færøy, og sidan det har krambua
hatt opne laurdagskafear, kaidagar, julemesse og andre aktivitetar som har samla folk frå
fjernt og nært. Sogelaget har
samla inn midlar og søkt om tilskot til restaureringa av buene.
– I løpet av desse åra, har det
vore hundrevis av besøkande
til buene. Det er mange frivillige som har gjort ein stor og imponerande innsats for at dette
tilbodet skal haldast ope, seier
Hugøy, og presiserer at utan dei
så hadde dette vore umogleg.
Ny restaureringsomgang
Første omgang med restaurering er ferdig. Likevel er det ein
del arbeid som står att for at buene kan stå heilt klare og tilbake i originalstand.
– Håpet er no at det blir skaffa
nye midlar til at eit nytt restaureringsarbeid kan starte neste
vår. Slik at buene kan stå fram i
ny prakt og som eit vitnesbyrd
over det som våre forfedrar på
imponerandevis klarte å skape
med enkle midlar og tilgjengelege løysingar, seier Hugøy.
I mellomtida står blant anna
Hildur Stølsvik i krambua og
steiker vaflar, kokar kaffi og
blandar saft, slik at prosjektet
kan komme heilt i hamn.
– Det har vore veldig positivt
å vere med å hjelpe til. Spesielt
har det vore kjekt om sommaren då det er mange feriefolk og
hytteeigarar som tar turen innom, seier Hildur.
Ho har vore med heilt sidan
avtalen vart gjort, så det er niande året ho arbeider dugnad i
krambua. I kafeen har dei gjestebok der Hildur pent ber alle
besøkande om å skrive seg inn.
I eit så lite bygdesamfunn er det
ikkje alltid like lett å vite kor
mange som kjem innom.
– Nokre dagar er det berre 10,
medan andre dagar er det 80,
seier Hildur og ler.
Fylket: Fylkesmannen og
fylkeskommunen har i samråd
med KS og kommunane i fylket
starta opp regionvise læringsnettverk innan planområdet.
Formålet med dette nettverket er samarbeid og erfaringsutveksling, samt tettare dialog
mellom regionalt nivå og
kommunane.
Fylkesmannen opplyser om
at det vert etablert tre
nettverk: eitt for dei sju
kommunane i Nordfjord, eitt
for dei ni kommunane i Sogn
regionråd og eitt for dei ni
kommunane i Sunnfjord og
HAFS.
I juni vart det gjennomført
oppstartsmøte i dei tre
nettverka, og det vert lagt opp
til opp mot fem møter i kvart
nettverk første året.
Fylkesdirektør for plan og
samfunn i fylkeskommunen,
Svein Arne Skuggen Hoff, og
fylkesmiljøvernsjef hos
Fylkesmannen, Nils Erling
Yndesdal, forventar at
etableringa av desse nettverka
vil bidra til at alle plannivå i
fylket skal bli betre på
planlegging.
Refleks
til dyr
Fylket: I sommar kan du sjå
storfe, sau og geit med refleks
beitande i Våtedalen, Bøyadalen, Utvikfjellet og Kjøsnesfjorden opplyser Fylkesmannen i
Sogn og Fjordane. Utviklinga
av refleksprodukt til husdyr er
eit samarbeidsprosjekt mellom
Fylkesmannen i Sogn og
Fjordane, Statens vegvesen
region vest og Moen Bjøllefabrikk.
Fleire stader i fylket, og i
landet elles, oppheld beitedyr
seg i og ved trafikkerte vegar,
noko som kan by på farlege
situasjonar. Difor vart det i
2014 starta eit prøveprosjekt
for å utvikle refleksprodukt til
husdyr som beitar og oppheld
seg i og ved vegen opplyser
Fylkesmannen.

Similar documents