Invitasjon - Fylkesmannen.no

Transcription

Invitasjon - Fylkesmannen.no
Sakshandsamar: Elisabeth Lund-Iversen
Telefon: 57643170
E-post: [email protected]
Vår dato
25.08.2015
Vår referanse
2013/397 - 721.4
Nav-kontora i Sogn og Fjordane
Invitasjon til samling for regionale nettverk økonomisk rådgjeving
27. - 29. oktober 2015
Fylkesmannen inviterer deltakarane i dei regionale nettverka for økonomisk rådgjeving til
samling i Oslo saman med tilsvarande nettverk i Troms. Samlinga går over tre dagar, men
det er høve til å delta på berre deler av opplegget.
Den 27. oktober er det nettverksamling med både faglege innlegg og
erfaringsdeling/gruppearbeid. Deltaking denne dagen (inkludert lunsj og middag) og
overnatting til neste dag blir dekka av Fylkesmannen. Også overnatting frå den 26. oktober
blir dekka for dei som treng det pga. lang reiseveg. Påmelding på Fylkesmannen si nettside,
sjå menypunktet kurs og konferansar.
Den 28. – 29. oktober er det deltaking på konferansen «Penger til besvær». Deltakarane
melder seg på til konferansen via Navet og betaler på den måten arrangøren legg opp til.
Fylkesmannen yter tilskot til deltakinga med kr. 2.595 for ein person frå kvart Nav-kontor, og
dette blir betalt til Nav-kontoret i etterkant. Tilskotet dekker konferanseavgift for begge
dagane, inkludert overnatting og alle måltider.
Fylkesmannen yter eit tilskot på kr. 3.000 til reiseutgiftene for ein person frå kvart Nav-kontor
som deltek på heile eller deler av dette opplegget. Kvar einskild bestiller og betaler reise
sjølv, og Fylkesmannen betaler tilskotet til Nav-kontoret i etterkant.
Tilsaman tyder dette at deltaking på denne tredagars-samlinga vil bli så å seie gratis for ein
person frå kvart Nav-kontor. I tillegg yter Fylkesmannen tilsvarande tilskot for dei tre
interkommunale gjeldsrådgjevarane i fylket. Nav-leiarane må ved e-post til Elisabeth LundIversen be om tilskotet og melde om kommunens kontonummer for utbetaling.
Vedlagt finn de førebels program for nettverksamlinga 27. oktober. Informasjon om
konferansen «Penger til besvær» finn de på Navet. Velkomne!
Med helsing
Hanne Sæbø
seksjonsleiar
Elisabeth Lund-Iversen
rådgjevar
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrifter.
Hovudkontor
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
Telefon: 57 64 30 00
Telefaks: 57 65 33 02
Org.nr 974 763 907
Landbruksavdelinga
Fjellvegen 11, 6800 Førde
Postboks 14, 6801 Førde
Telefon: 57 64 30 00
Telefaks: 57 82 17 77
E-post:
[email protected]
Internett:
www.fylkesmannen.no/sfj