Kostar fram både nytt og gamalt

Transcription

Kostar fram både nytt og gamalt
1
SYNSTE MØRE
TORSDAG 15. APRIL 2010
Frisørloftet
Nina og Else
Langope kvar torsdag
Timebest. 958 81 785
NR 14 ÅRGANG 41
TORSDAG 15 APRIL 2010
DENNE VEKA
Elvane ein ressurs
Gjennom eit meir målretta kultiveringsarbeid kan lakseelvane i
kommunen verte ein av våre mest
viktige naturbaserte ressursar. Det
meiner styreleiar i Vanylven Utvikling AS, Oddvar Strand, som gjennom selskapet har sett i gang eit
prosjekt i lag med elveeigarlaga og
fylket med fokus på å styrke laksestammen i elvane.
SIDE 5
Kostar fram
både nytt og gamalt
Det vert også i år
eit imponerande
rikhaldig program
under Kosterikjedagane i Syvde i pinsa. Eit av innslaga
er mimrekveld, der
ein kostar støvet
av lokale band og
musikarar frå nokre
tiår attende. Der
vil Thoralf Ruud og
gruppa som kalla
seg The Times stå
sentralt. Her ser vi
han i lag med arrangementskomiteen
med ein plakat frå
1984, der biletet av
bandet er montert
inn på framsida av
avisa med same
namn. Men dette er
berre ein liten del
av alt som vil gå
føre seg desse dagane.
Dataglade
pensjonistar
Etter initiativ frå eldrerådet og pensjonistlaget er det starta opp datakurs for pensjonistar i Vanylven.
Aage Gunnar Strand er kurshaldar
og tek gjerne med seg dei eldre inn
i den digitale røyndomen.
SIDE 8
www.synste.no
Lat oss teste
synet ditt!
Tinging av time: 70 07 70 19
4LF(ALKJELSGATE6OLDA
SIDE 12
Medlemskupp
Kjøttdeig
&RRp kDfÀ
Gilde, 750 gr. fersk
39
90
o
÷40%
¸¸§ ¸
53,20 pr. kg
Godt vi har kvarandre
Panasonic
Varmepumpe
Kun for medlemar
PERIODISK
KØYRETYKONTROLL
Autorisert verkstad Tlf 57 85 65 45
SYNSTE MØRE
2
TORSDAG 15. APRIL 2010
FØDDE
HELSINGAR
9. april Volda sjukehus, ein
gut. Gro Hilde Eike Nystøyl og
Juan Bernabe Ulstein, Åram
DØDSFALL
Harald Sætrevik, Åram/Larsnes, døydde 8. april, nær 82 år
gammal.
TAKK
Tusen takk
for oppmerksomheten på
50-års dagen min.
Eva Kristin Stølan
Hjarteleg takk
for blomster og helsingar
i høve min 85 års dag.
Ruth Løseth
Albert Kobbevik
Vi vil gratulere verdens beste
morfar med overstått 65 års
dag 12. april. Håper du fekk ei
fin feiring! Klem fra Victoria,
Simon, Jonathan, Lilly og Eirik.
Resten fam. helsar også.
Sigbjørn og Gudrun Elise Emblem
Vi vil så gjerne få gratulere onkel Sigbjørn med overstått 30 års
dag 10. april, og tante Gudrun Elise med 21 års dagen idag, 15.
april! Vi håpar at dokke får ei kjempefin feiring! Vi er veldig glade
i dokke! Bursdagsklemmar frå; Emma, Frida, Ane, Elias, Julie, Kamilla, Aksel og Malin! Resten av familien helsar også.
Johannes Aksnes
17. april vert storeguten vår
4 år! Gratulerer! Du spring på
fjellet og er så flink til å mate
lamma. :) Vi er kjempegla i deg!
Klemmar frå Svanhild, Elise,
mamma og pappa!
Sondre Nybø
Vi vil gratulere den kjekke storebroren vår med 9 årsdagen
som var den 12. april. Store
klemmar frå Aron og Håkon.
Mamma og pappa gratulerer
også.
Vi minner om at helsingar til desse spalten er gratis. Hugs at vi
vil ha fullt namn på den det blir helsa til og at vi må ha helsinga innan klokka 16.00 måndagen i den veka ho skal på trykk.
BILETET
Hjarteleg takk
for deltaking, blomar og
helsingar ved vår kjære
Einar Hovden
sin bortgang og gravferd. Ei
særskild takk til Vanylven
sjukeheim avd. 2 for god pleie
og omsorg. Takk også for gåva
på 1650,- til Vanylven
sjukeheim avd. 2.
Marit, Bjørg, Tordis og Jan
m/familiar
Vår varmaste takk
for all deltaking, blomster
og helsingar ved vår kjære
Gunvald Indrøy
sin bortgang og gravferd. Takk
også for gåva til L.H.L.
Astrid, Kåre og Hilde
m/familiar
KYRKJA
Søndag 18. april
Vanylven kl. 11.00: Samtale
med konfirmantane. Sokneprest Sjur Johan Sæter. Takkoffer til konfirmantarbeidet.
Konfirmantane tek del.
Syvde kl. 16.00: Samtale med
konfirmantane. Sokneprest
Sjur Johan Sæter. Takkoffer til
barne- og ungdomsprosjektet. Konfirmantane frå Syvde,
Rovde og Åram sokn tek del.
Fest i kyrkja etterpå.
Selje kl. 11.00: Sokneprest
Kari Leine Balog. Dåp. Offer
til Norsk søndagsskoleforbund.
Dalsfjord kl. 20.00: Temagudsteneste med konfirmantane ved Constanze Lindner/
Svein Kvamsdal.
April 1940 er ein trist månad i
soga vår. I år er det 70 år sidan
åtaket på Noreg.
Men også i denne månaden
gjekk det daglege livet sin vante gang. Born leika og lagde sø-
lekaker eller sandkaker - også i
april 1940. Og som innsendar
Grete Fiskaa Røssevold seier:
"Krigen som nett har brote ut
ser ikkje ut til å vere i tankane
til desse to". Ho er forresten ei
av dei sjølv - fem, seks år gammal til høgre på biletet. Veninna er Kari - den gongen Fiskaa
- no Ruud. Ho har kåpe og hue.
Grete minnest enno at ho var
misunneleg på den fine lua. Det
TEKSTAR
Søndagane no framover heiter
1., 2.,3. osv søndag i påsketida.
Før heitte dei 1.,2.,3. osv søndag etter påske. Det er godt at
namnet er endra, for den tida
vi er i no, er påsketida. Påska er
ikkje over. Påsketida er ei gledestid som varer heilt til pinse.
Komande søndag heiter såleis
ikkje lenger 2.søndag etter påske, men 3.søndag i påsketida.
Første søndagen i påsketida er
påskedagen, så kjem dei andre
søndagane i påsketida på rekkje og rad..
Tekstane på 3.søndag i påsketida handlar om at ”Herren er
min hyrding”. Bibeltekstane er:
Esek.34,23-31: Eg vil setja ein
hyrding over dei, min tenar David, som skal gjæta dei.
Hebr.13,20-21: Fredens Gud,
han som førte den store hyrdingen for sauene, vår Herre Jesus
Kristus, opp frå dei døde i kraft
av ei evig pakts blod, han gjere
dykk skikka til alt som godt er,
så de kan gjera hans vilje. Ja,
gjev han ved Jesus Kristus får
verka i oss det som er etter
Guds gode vilje. Han skal ha
ære i all æve! Amen.
Mark.6,30-34: Apostlane samla
seg atter hjå Jesus og fortalde
han om alt dei hadde gjort og
er kanskje søndag?
Det er Gustav Fiskaa, far til Grete, som har teke biletet
KONSERT
alt dei hadde lært folket. Då sa
han til dei: «Kom med meg til
ein øydestad, der vi kan vera
åleine, og kvil dykk litt!» For
det var så mange som kom og
gjekk, at dei fekk ikkje eingong
matro. Så drog dei ut med båten
til ein øydestad, der dei kunne
vera for seg sjølve. Men mange
såg at dei drog bort og kjende
dei att, og frå alle byane kom
folk springande og nådde fram
før dei. Då Jesus gjekk i land,
fekk han sjå ei stor folkemengd.
Han tykte hjarteleg synd i dei,
for dei var som sauer utan hyrding. Og han gav seg til å læra
dei lenge og grundig.
Konsert på Sion
I morgon, fredag, er det minikonsert med ein av dei mest
etterspurte kristne songarane
i Sverige på Sion på Åheim.
Cilla L. Hector er kjend mellom anna frå det populære
TV-programmet "Minns du
den sången" på svensk TV. Eit
program sett av i nabolandet.
I presseskrivet for arrangementet står det og lese at Jan
Nestvold, dagleig leiar i IBRA
Media Noreg, også vil vere på
møtet. IBRA sender forkynning gjennom radio, TV og internett til 110 ulike land.
SYNSTE MØRE
Søndag er det den såkalla samtalen med konfirmantane. Før
var det gjerne slik at presten
spurde konfirmantane i ”pensum” frå katekisma, og dei spente konfirmantane måtte prøve å
svare så godt dei kunne. Denne
søndagen var nok ikkje berre ei
god oppleving for mange. Etter
kvart vart det difor meir slik at
konfirmantane gav uttrykk for
det dei hadde vore gjennom i
konfirmanttida, på andre måtar. I Gudstenestebok for Den
norske kyrkja heiter det slik om
”Gudsteneste med samtale”:
”Medan konfirmasjonstida varer, er konfirmantane med i ei
eller fleire samtalegudstenester. Der kan dei på ulik måte ta
opp tema og føra dei fram for
kyrkjelyden, eller dei kan i samtale gå gjennom hovudspørsmål i kristen tru og kristent liv.”
Samtalegudstenesta i år vert ei
temagudsteneste, som konfirmantane sjølve har laga i stand.
Gjennom song, drama, bibellesing og bøn vil dei belyse at
Jesus er den gode hyrdingen.
Eg trur det blir spennande samtalegudstenester!
På føremiddag er det samtale i Vanylven kyrkje for konfirmantane i Vanylven sokn
(=Åheim+Fiskå), på ettermiddag er det samtale i Syvde kyrkje for konfirmantane i Rovde,
Syvde og Åram. Etter gudstenestene skipar sokneråda til
fest for konfirmantane.
Vanlegvis er det helst slik at
på søndagsgudstenesta er det
konfirmantane som møter kyrkjelyden sin. Kanskje kan vi
seie at denne søndagen skal
kyrkjelyden få møte konfirmantane sine. Då var det fint om
rett mange møtte opp i Vanylven kyrkje og Syvde kyrkje
komande søndag! Det fortener
konfirmantane!
sjs
TORSDAG 15. APRIL 2010
Synste Møre ønskjer å arbeide etter "Vær Varsom"-plakaten sine reglar for god presseskikk. Den som meiner seg utsett for urettmessig avisomtale, vert oppmoda til å ta
kontakt med redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt
av Norsk Presseforbund. PFU handsamar klager mot pressa i presseetiske spørsmål.
Adressa til PFU er: Prinsensgt. 1, Pb 46, Sentrum 0101 Oslo . Telefon 22 41 56 80 Telefax:
22 41 19 80
Kjem ut på Fiskå
kvar torsdag.
INNLEGG
Samtale med
konfirmantane
3
Ubunden lokalavis for
Vanylven og dei næraste bygdene.
Redaktør og dagleg leiar:
Vidar Parr
15. APRIL
Fornuftig tilråding
Formannskapet har samrøystes tilrådd at Posten Noreg
stryk nemninga 6143 Fiskåbygd frå sitt register og i staden
opprettar 6143 Fiskå. Saka skal vidare til kommunestyret,
som venteleg vil gjere vedtak i samsvar med tilrådinga.
Vedtaket er fornuftig og det er på høg tid at saka blir teken
opp. ”Fiskåbygd” er eit misfoster som ikkje eksisterer i registera til Sentralt stadnamnregister og har såleis aldri vore
eit offisielt bygdenamn. Det er ein postkonstruksjon frå tida
før ein hadde postnummer og måtte finne måtar å skilje likelydande stadnamn frå einannan på. At ein lokalt stundom
har skote seg sjølv i foten ved å tilrå det som namn på skilt
og eit par kommunale institusjonar som skule og barnehage får vi heller storsinna skrive på kontoen for tankeløyse.
Stadnamn bør så langt råd er vere i samsvar med talemålet
og bruksmåten til folk som bur i området. Det er heller ikkje
nokon fornuftig grunn til at Posten skal ha ei nemning på
ein geografisk stad og til dømes Statens Kartverk ein annan.
Vi føreset at saka som no har passert formannskapet, blir
følgd opp av kommunestyret og at Posten Noreg rettar seg
etter eit fornuftig lokalt ønskje.
FISKÅ: Vegvesenet fylgjer Statens kartverk, det bør også Posten gjere.
Vidar Parr
INNSTIKK
KRYSSORDLØYSING
Innstikk i Synste Møre
Synste Møre har inngått ein
avtale med Vanylven Utvikling
As om å distribuere magasinet dei gir ut, ”Vanylven – ein
grunn til å smile”.
Dette skjer ved at magasinet
blir lagt inn som såkalla innstikk i avisa slik det er vanleg
aviser gjer med ulike informasjonsblad og annonsepublikasjonar.
Dersom det i den avisa de får,
skulle mangle slikt innstikk,
kan de ta kontakt med Vanylven Utvikling på telefon eller
på adressa [email protected]. Diverre er den
adressa som står på baksida
av magasinet feil, får vi opplyst.
red
KULTUR
Dalsfjord sogelag med sildebord
PÅ TRÅDEN
Tidleg erle
Øystein Storeide er på tråden
og kan fortelje at erla er rekordtidleg ute på Storeide.
– Vanlegvis er ho å sjå kring
20. april, men i år oppdaga eg
henne på vegen alt tysdag den
6.april, fortel Øystein som naturlegvis til liks med dei fleste
av oss gled seg over slike vårteikn.
RETTING
I artikkelen om påskedykk ved
Runde i førre nummer hadde vi
i redaksjonen skrive feil namn
på personen som heldt fram
steinen med myntavtrykket.
Biletet syner Gunnar Vikene og
ikkje finnaren Anders Jøssok.
Det var gledeleg stor oppslutning om påskekryssordet vårt.
Og frå bunken har vi trekt ut tre
heldige vinnarar.
Sigrun Yksnøy, Rovde er trekt
ut til hovudpremien: T-skjorte
og to flaxlodd.
Fyrstkomande sundag vil
Dalsfjord sogelag arrangere
Sildebord på Dalsfjord skule.
Det vert høve til å smake på
ulike silderettar, både av lokal art, som til dømes boknasild og sildekaker, men òg
rettar som kjem frå fjernare
farvatn. Dalsfjord sogelag vil
på denne måten slå eit slag
for ei næringskjelde som i
tidlegare tider var særs viktig for å kunne overleve i
Vestlands-fjordane. I tillegg
til ulike silderettar vert det
òg servert kaffi og kaker. Me
KRING GRYTENE: Det vert
mykje godt å smake på Dalsfjord skule søndag.
vonar at så mange som råd tek
turen til Dalsfjord skule, og tek
middagen der.
I godt vêr er det ein flott tur
rundt Dalsfjorden, anten på
to eller fire hjul, - eller kanskje
med båt! Sjå etter plakatar med
detaljar om arrangementet. Vel
møtt til Dalsfjord Skule, sundag
ettermiddag!
Styret for Dalsfjord Sogelag
Grete Dalen Brudevoll, Syvde
og Liv Ingen Vada Brudevoll,
Syvde skal få to flaxlodd og ei
krus kvar.
Takk for innsatsen!
First price epler
Pr. kg.
Hammenhøgs
1000
Plantejord 3 x 50 l
Pizza Grandiosa
Toppbark, 5 x 80 l
00
porsj. pk. á 225 gr
1000
Maks 5 pr. kunde
9900
249
Forbehald om utsolgt!
Rønnestad eftf.
Eidså - 700 20600/700 20605
Opningstider: mand./fred. 9.30-17, laurdag 9.30-15. Fk-tilboda gjeld berre butikken på Eidså
SYNSTE MØRE
4
TORSDAG 15. APRIL 2010
Leitehøgda må fram
Under eventuelt i formannskapet oppmoda la Magne
Løvoll (Sp) fram ei oppmoding om at administrasjonen i kommunen prøver å finne plass til å førebu oreigning av grunn for arbeid med tilkomstveg og busslomme på Leitehøgda på Slagnes.
Dyr drosjetur
Ein mann tinga på slutten av
fjoråret drosje frå ferja og
heim til ei bygd i Vanylven
kommune der han er busett.
Då mannen skulle stige ut
av drosja og fekk presentert
rekninga, sa han at han ikkje
hadde pengar på seg og bad
om å få sende pengane over
giro. Dette måtte drosjesjåføren, slik situasjonen var, akseptere sjølv om det ikkje var
gjort avtale om dette på førehand. Mannen fekk drosjeeigaren sitt kontonummer.
Då han etter halvannan månad ikkje hadde motteke
pengane, melde drosjeeigaren saka til politiet. Mannen
som hadde nytta drosje, vart
nokre dagar etter kalla inn til
politiavhøyr og sa då at han
hadde betalt rekninga same
kveld. Han vart ilagt førelegg
med opplysning om at saka
ville ende i retten om han ikkje betalte. Så skjedde ikkje,
og no har saka vore framme
i Søre Sunnmøre Tingrett.
Tiltala hevda der å ha betalt
rekninga ei tid seinare, men
hadde ikkje greidd å finne att
kvitteringa. Retten festa likevel mest lit til forklaringa frå
drosjeeigaren som møtte som
vitne. Den tiltala vart dømd til
å betale ei bot på 2.400 kroner,
vidare innan to veker å betale
den uoppgjorte rekninga til
drosjeeigaren og endeleg 400
kroner i sakskostnader til det
offentlege.
Lensmannskontoret blir stengt
Politimeisteren i Sogn og Fjordane har i brev til Vanylven
kommune sagt at lensmannskontoret i kommunen blir
stengt i perioden 21. juni til
19. juli. Dette blir grunngjeve
med økonomiske rammar og
mulegheit til å få avvikla tilsette sin feiar.
På formannskapsmøtet sist
veke fekk ordførar og rådmann støtte til å ta denne
saka vidare til regionrådet.
Slutt for lensmannskontor i
Selje?
Lensmannskontoret i Selje vil
vere stengt to dagar i veka frå
3. mai. I følgje Fjordenes Tidende vil ikkje lensmann Bård
Didriksen finne det overraskande om dette er dei første
stega mot ei permanent stenging av lensmannskontoret. I
følgje bygdeboka til Edvard
Os har Selje hatt eigen lensmann sidan 1606, men no kan
det altså snart bli slutt.
–Eg veit at planavdelinga har mange saker som står
i kø, men ein bør prøve å jobbe med dette parallelt,
slik at ein kan få saka fram. Folk spør kva som skjer
og oreigning er ein lang prosess. det er og slik at
dette skal vere eit spleiselag mellom vegvesenet og
kommunen. Ut i frå at det er deira innspel at dette er
den farlegaste tilkomsten i kommunen, kan vi kanskje vente at dei går inn med meir enn 50 % av kostnaden? meinte Løvoll.
Regionrådet vitja NCM
Fredag var det regionrådsmøte i Vanylven,
der besøk på North
Cape Minerals var ein
vesentleg del av møtet.
OLE MAGNE KVALSVIK
Regionrådet er sett saman av
ordførarar og rådmenn i dei sju
kommunane på søre Sunnmøre.
Som ein del av samankomstane
sine har ein gjort det til vane å
vitje ei av nøkkelverksemdene i
kommunen der møta vert lagde
og gjere seg betre kjend med
denne.
Nyttig besøk
No var det altså Vanylven sin
tur og representantane fekk ei
kort orientering og omvising
hos North Cape Minerals på
Åheim. Etter ei innleiande informasjonsrunde ved verksdirektør Ove Sollid, gjekk turen
til kaia og til Gusdalbrotet. Der
fekk rådet både sjå og høyre
meir om uttak, knusing og
transport. Særleg gjorde den
kraftige knusaren i brotet inntrykk på medlemmane. Det vart
elles orientert om verksemd,
historie, produkt, satsingsområde og korleis ein tenkjer
miljø, tildekking og framtid for
verket. Det virka som det var ei
nyttig oppleving for rådet å få
sett seg meir inn i det som går
føre seg og sett omfanget av
verksemda sitt arbeid.
Pasienttransport
På møtet i etterkant vart årsmelding og rekneskap godkjent. Av andre saker slutta ein
opp om eit utspel frå Sande
eldreråd om ordninga for pasienttransport. Det vart vist til
at ordninga skaper usikre henterutinar med mykje venting og
til dels uverdige episodar. Ein
ber difor helseføretaket sjå på
rutinar kring transporten og
kome attende med tiltak for å
betre ordninga.
NAV
Mellom andre saker som vart
diskuterte, var NAV-systemet.
Her viste særleg rådmann i Herøy, Rune Sjurgard, til uheldige
effektar av ordninga.
– Det går ikkje på dei enkelte
kontora, men på at pengane
hamnar hos forvaltingsledda
lengre opp, medan dei lokale
OMVISING: Regionrådet for søre Sunnmøre på besøk i Gusdalsbrotet. Frå venstre:
Gudmund Sandnes, rådmann i Vanylven, Gudny Fagerhol,
leiar for regionrådet og ordførar i Ørsta, Elling Dybdal, konsernsjef i Tussa (ikkje medlem i rådet), Hannelore Måseide,
nestleiar i regionrådet og ordførar i Ulstein, Einar Vik Arset,
rådmann i Ulstein, Rune Sjurgard, rådmann i Herøy, Paul
Harald Leinebø, varaordførar i Herøy, Hans Gisle Holstad,
ordførar i Hareid, Dag Vaagen, ordførar i Sande, Asbjørn
Moltudal, fung. rådmann i Ørsta, Per Ernst Lundberg,
sekretær regionrådet, Jan Helgøy, ordførar i Vanylven, Arild
Iversen, varaordførar i Volda og Ove Sollid, verksdirektør i
North Cape Minerals AS.
systema får mindre ressursar
til å drive til dømes attføringstiltak og omstillingsarbeid, sa
Sjurgard. Ein vil difor utarbeide
ein felles uttale om dette.
–Eg ser at skriv frå kommunar
som regel får svar frå statsse-
kretærar, medan utsegner frå
regionrådet gjerne får svar frå
statsråden sjølv, så det gir større trykk bak saker om vi står
samla, sa ordførar i Vanylven,
Jan Helgøy.
Mindre omsetnad, men godt år for
Tussakonsernet har
auka driftskostnadar
og mindre sal i 2009
enn året før. Lågare
finanskostnadar gir
likevel eit positivt resultat.
OLE MAGNE KVALSVIK
Dette går fram både av ei pressemelding og av orienteringa
som konserndirektør Elling
Dypdal gav til regionrådet under møtet på NCM fredag. Kommunane i rådet er hovudaksjonærar og kan gle seg over auke
i aksjeutbytet.
konsernet i 2009 samanlikna
med året før, frå 662 millionar
til om lag 646 millionar kroner.
Med ein auke i driftskostnadane på ca. 39 millionar kroner,
får ein eit driftsresultatet på
122,7 millionar, som er 55,3 millionar dårlegare enn i 2008 (178
mill.). Dei auka driftskostnadane skuldast i hovudsak kjøp
av kraft for å dekke underskot
i området.
Det positive er at finanskrisa
førte til lågare rentekostnadar
på lån og i resultat før skatt
ligg ein berre to millionar under 2008 (112,6 mill. mot 114,4
mill.).
Aksjeutbyte
Lågare prisar
Lågare kraftproduksjon og prisar gav 16,1 millionar kroner
mindre i omsetnad for Tussa-
Når så lågare skatt ut i frå omsetnaden slår inn, kjem ein ut
med årsresultat som er 18 millionar betre enn i 2008 (61,8
mill. mot 43,8 mill.). Det gjer at
styret finn å betale ut 36,1 millionar kroner i aksjeutbyte med
14 000 kroner per aksje, som er
betre enn i 2008. Med 6,66 % av
aksjane skulle det verte om lag
2,75 millionar kroner for Vanylven sin del.
Det gjekk også fram at medan kraftinntekta var lågare i
2009, viser nettverksemda eit
lite overskot. Trass i dette har
Tussa framleis den nest lågaste
nettleiga i fylket.
ring. Frå november har ein hatt
lite nedbør og det er lite snø i
fjella. Ein ser difor føre seg å
vere avhengig av ein ganske
høg kraftimport også fram i tid.
Ved sida av at mykje av nettet
elles treng fornying, peika Dypdal på den omdiskuterte ”flaskehalsen” i nettet for import av
kraft til Midt-Norge.
– Frå Tussa si side er det ein
ting som gjeld for prisutjamning og det er at 420 kV-lina
vert vedteken og det raskt, sa
Dypdal.
Kraftimport
På møtet med regionrådet
kunne Dypdal fortelje om eit
stabilt straumforbruk, trass i
finanskrisa. Også i 2010 reknar
ein med at det kalde veret gjer
at forbruket held seg oppe. Dei
største problema ser selskapet
innanfor produksjon og framfø-
Breiband
Konsernet satsar elles vidare
i breibandutbygging og data.
Denne delen er inne i ei utbyggingsfase og gav difor 7,7 millionar kroner i underskot.
– Heilt etter planen, sa Dypdal.
Einar Vik Arset opplyste at han
SYNSTE MØRE
5
TORSDAG 15. APRIL 2010
Vil ha det formelle heilt i orden
I formannskapet tok Lasse Rindal opp eit spørsmål
frå Fiskaa Maskin AS om uttak av masse i massetak
på Nystøyl/Sætrevik.
Verksemda søkjer om å få ta ut ei salve med 2-3 000
kubikk som skal brukast til tomter og veg. I den nye
kommuneplanen er det lagt opp til utviding av dette
massetaket og søknaden vil mest truleg verte positivt
imøtekomen. Det var difor bede om eit førebels løyve
til å gå i gang før søknaden vert handsama i neste
møte, slik at ein slepp å vente på vedtaket.
Men med ei anna sak om masseuttak friskt i minne,
fann formannskapet det rett å vente, slik at ein i alle
fall var aldeles sikker på at alle formalitetar er i orden.
Med fokus på elvane
Eit vassdrag er ein
naturressurs som kan
bidra positivt i lokalmiljøet. Det krevst ei
sunn skaparånd og ei
fornuftig forvaltning.
KJELL BRENNE
Med Vanylven Utvikling som
motor i eit prosjekt der ein kastar augene på korleis elvane i
Vanylven kan gjerast meir attraktive og verdfulle for gode
opplevingar, var det onsdag ein
synfaringsrunde på lakseelvane på Åheim og i Syvde. Med på
denne første kartleggingsrunden var rådgjevar ved Fylkesmannen si miljøvernavdeling,
biolog Leif Magnus Sættem.
-Eg kjenner for så vidt godt
lakseelvane i Vanylven. Lokalt
registrerer eg ein positiv vilje
til å gjere noko utav dette, så
dette teiknar godt. I dag er eg
her for å lytte til alt av gode
idear som dukkar opp, sa Sættem til Synste Møre under
synsfaringa i Røfsdalen der ein
spesielt hadde fokus på korleis
elva hadde "sett seg" etter reparasjonen av dei omfattande
flaumskadane.
– Vanylven har to spennande vassdrag det skal vere interessant å sjå nærare på. Det
spesielle er at desse to elvane
representerer to vidt ulike miljø. På Åheim går mykje av elva
gjennom urørt kultur og landskap medan ein i Syvde har ei
elv som går meir gjennom eit
opparbeidd kulturlandskap.
Her er det to ulike miljø kva
biologi og økologi vedkjem, påpeikar Sættem, som har vassdraga som sitt særområde og
med god kjennskap til elvane i
fylket.
Styreleiar for Vanylven Utvikling, Oddvar Strand var glad
for initiativet som var teke i regi
av utviklingsselskapet og trudde her låg gode mulegheiter
med tanke på å utvikle elvane
til å bli meir attraktive i reiselivssamanheng og som kreative
opplevingsstader.
–Vi er i dag i startgropa i ein utviklingsfase og har teke første
steget på noko vi trur skal slå
positivt ut for folk, både for dei
som bu her og som tek turen
hit. No gjeld det å få inn dei
gode ideane og sjå kva som er
mogleg å få gjennomførte, poenterer Strand.
Tussa
FRÅ RØFSDALEN: Frå venstre: styreleiar i Vanylven Utvikling,
Oddvar Strand, leiar i Åheim elveeigarlag, Svein Thue,
leiar i Syvde elveeigarlag, leiar i Myklebust elveeigarlag,
Dagrunn Molvik, Leon Stranden, avdelingsleiar for plan og
utvikling i Vanylven kommune, Terje Kolstad, rådgjevar ved
Fylkesmannen i miljøvernavdeling, Leif Magnus Sættem, kulturleiar i Vanylven kommune, Jermund Rekkedal og Målfinn
Strand.
Tilstandsrapportar
Under samrådingsmøtet på
rådhuset etterpå vart det bestemt at ein skal få utarbeidd
tilstandsrapportar for begge
elvane. Spesielt her er å få kartlagt elvane ut frå ein økologisk
ståstad. Dette vil krevje hjelp
frå rådgjevande biologar med
vassdrag som særområde.
– Vanylven er velsigna med
mange flotte vassdrag som
kvar i seg sjølv kan inneha potensiale til nærare fokus. I denne omgang startar vi med dei to
største. Begge er ulike og begge
ligg høvesvis nær kvarandre.
Denne kontrasten kan vere eit
interessant element ved ei kartlegging, påpeikar Sættem.
Formannskapet hadde tysdag oppe saka om namnet
på poststaden 6143, om det
framleis skal heite Fiskåbygd,
eller endrast attende til Fiskå,
slik det heitte før ordninga
med postnummer i 1968. Truleg vart då namnet valt for å
skilje mellom det som vart
4122 Fiskå i Ryfylke.
– Det har ikkje lukkast meg å
finne grunnen til at akkurat
namnet Fiskåbygd vart nytta
og namnet er heller ikkje registrert som eit offisielt namn
i Sentralt stadnamnregister,
skriv kulturleiar Jermund Rekkedal i saksutgreiinga.
Etter at Fiskå i Ryfylke i 2008
vart avvikla som postadresse
har det reist seg krav frå fleire
hald om å sjå på saka og tysdag valde altså formannskapet å tilrå at ein endrar til
Fiskå.
– Det spelar inga rolle for meg,
men kanskje må vi tenke på
om det vil skape komplikasjonar for verksemder og andre
som har ein del materiell med
Fiskåbygd på, meinte Nils
Olav Moen (FrP).
– Det vil uansett verte ein
overgangsperiode og det er
eit stort fleirtal i bygda for å
få namnet attende, sa Lasse
Rindal (Ap).
– Sjølv har eg handla i 25 år
i Fiskå i Ryfylke og minst like
lenge her, men etter 42 år som
Fiskåbygd er tilrådinga no historisk framsett, fastslo ordførar Jan Helgøy (KrF).
Godt nøgde
DIN LEVERANDØR
AV BYGGEVARER
– Vi må seie oss godt nøgde
med at Tussakonsernet i eit
vanskeleg år har eit så godt
resultat kan betale ut så pass
i aksjeutbyte. Det er gode pengar for eigarkommunane, seier ordførar Jan Helgøy, som
også sit i styret i Tussa AS.
kunne gle seg over breiband
rett utfor veggen, men stilte
spørsmål i kva grad ein ser for
seg å kunne bygge ut til alle.
Fleire av representantane gav
uttrykk for at det å kunne bygge ut også til meir grisgrendte
strøk handlar om selskapet sitt
omdøme som kommunalt eigd
og at ein burde prøve å få til
Tilrår Fiskå
ORIENTERTE: Konserndirektør Elling Dypdal kunne
legge fram eit godt resultat
for Tussa AS i 2009.
begge delar.
– Det handlar sjølvsagt om
lønsemd, men er ein debatt vi
vil helse velkomen, sa Elling
Dypdal.
Vanylven eig altså 6,66 % av
aksjane i Tussa, eller 197 aksjar. Med 14 000 kroner i utbyte gir det ei inntekt på vel 2,
75 millionar kroner.
– Det er om lag det som var
budsjettert, og om det ikkje
er den store summen i heilskapen er det godt at det ein
reknar med held seg oppe.
Det kjem godt med, seier rådmann Gudmund Sandnes.
STORT UTVALG I
IMPREGNERT TRELAST
Nystøl & Fagerhol AS
ORDFØRAR og styremedlem
i Tussa AS, Jan Helgøy, seier
seg godt nøgd
6143 FISKÅBYGD
Tlf. 70 02 08 30 Fax. 70 02 08 31
E-post: [email protected]
www.nystol-fagerhol.no
Fagbutikken i Ditt Distrikt!
SYNSTE MØRE
6
TORSDAG 15. APRIL 2010
Viktig for branntryggleiken
Eit nytt bustadhus stig
snart opp av oska etter at den gamle butikken på Rønnestad på
Hakallestranda vart
kontrollert brend ned
laurdag.
HÅVARD PARR
Det er ikkje så ofte brannkorpsa får mogelegheit til å øve på
brannsituasjonar i bustadhus.
Difor var også fire røykdykkarar frå Volda med på øvinga
som Vanylven brannvern organiserte kring nedbrenninga.
Etter synfaring i huset og sikring av pipa, vart det sett fyr i
loftsetasjen. Først då flammane
blafra godt innanfor lofsvindauga, vart det første laget
med røykdykkarar sendt inn.
I toppetasjen vart det under
sløkkinga også gjort søk etter
personar. Etter at brannen vart
sløkt, fekk nye lag prøve seg på
mindre brannar i loftsetasjen.
Overtent hovudetasje
Neste steg i øvinga var sløkking
av ei overtent hovudetasje.
– Røykdykkarane fekk fleire
gonger gå inn i det overtente
huset og kjenne på kroppen
korleis dette er. Slik veit vi betre kva vi kan klare i slike situasjonar og vi fekk ei veldig god
gjennomkøyring for røykdykkarane, seier brannsjef Lasse
Rindal. Han ser det som viktig
for samfunnstryggleiken at
brannvernet får øve i slike omgivnader.
– Ein har mogelegheita for å
gjere øvingar i kontainerar,
men det vert ikkje det same
som i verkelege burstadhus.
– Det andre sentrale momentet
i denne øvinga var at huset som
brann stod svært nær andre
hus. Eit viktig øvingsmoment
var difor å legge opp sikringsslangar og det å skaffe tilstrekkeleg vatn til å verne omliggande hus, seier brannsjefen
Nye hus brenn raskare
Bygningen frå tidleg 1900-tal
var røyst med planktømmer,
ein byggemåte som skil seg ein
grand frå hus som vert bygd i
dag.
– I nyare hus er det opne løy-
singar med mange syntetiske
materiale, noko som gjer at ein
brann vil spreie seg raskare og
huset vil verte overtent tidlegare, seier Rindal.
Brannmannskapa byrja øvinga
i ti-tida laurdag føremiddag.
Klokka 15 var huset nedbrent
og mannskapane vende heim,
men ein sikringsslange låg nokre timar til.
PØLSER: Om det ikkje vart grilling på sjølve
øvingsbrannen, så vart det iallfall pølser
på hardarbeidande brannmanskap. Her
er det Leif Nystøyl som med heimelaga pølseklype serverer Erlend Krumsvik, ein av
røykdykkerane frå Volda.
OVERTENT: På det øvste biletet ser vi ein av
situasjonane som brannmanskapa gjekk
inn i denne laurdagen. Her er eit lag inne
for å sløkke brannen.
Fjordenes orsaka
Redaktør Erling Waage i Fjordenes Tidende slo full retrett i
spørsmålet om kva Jon Aasen
gjer i "det lukka rom" på sentralsjukehuset i Førde og som
lokalavisa i ytre Nordfjord omtala på leiarplass i veka som
var. Det vart der hevda at Aasen bør halde seg for god til å
medverke til ei rasering av sjukehuset synnanfor fylkegrensa.
No viser det seg at skuldinga om at Aasen skulle ha
hatt samtalar med fagdirektør Breidablikk på bakromet i
Førde, der det skulle ha vorte
oppnådd semje om at fødande
frå Nordfjord skal sendast til
Volda, ikkje har hald i seg. Det
var politikarveteranen Nils Sætren i Selje som målbar denne
påstanden i Fjordenes Tidende
og som Waage følgde opp på
leiarplass.
Aasen var i same avisa frampå og fastslo at han aldri har
vore på bakromet i Førde og
møtt ein direktør Breidablikk.
Han karakteriserte Sætren sin
kritikk som reint tøv og til ska-
RØYKDYKKING: Gjennom vindauget kan vi sjå
ein røykdykkar i kamp mot flammane.
Etterlyste framdriftsplan
de for sjukehuset på Eid.
Sidan Sætren sitt utspel
denne gongen var feil, fann
redaktør Waage det derfor
rett og rimeleg å orsake kritikken av Aasen.
Lena Landsverk Sande (V) tok
i formannskapet opp kva som
skjer vidare med omsyn til rapporten om ”Kvalitet og ressursar i Vanylvsskulen”.
– Det er mellom anna sagt i
rapporten at vi skal prioritere
tre grunnskular, men det er ikkje lagt opp tidsplan. Det vart
sagt at debatten no skulle ut til
partia, men utan ein tidsplan
vil det gjerne døy bort, meinte
Sande.
Dette fekk ho sterk støtte på.
– Det er veldig viktig at rappor-
ten ikkje vert berre ein rapport,
sa Aina Ersvåg Wefring (FrP).
Ordførar Jan Helgøy (KrF)
meinte det var viktig å gjere avklaringar i forkant av budsjettarbeidet og Magne Løvoll (Sp)
peikte på at det er lagt inn sparingar på 3,5 millionar kroner i
økonomiplanen.
SYNSTE MØRE
7
TORSDAG 15. APRIL 2010
Spanande sommarsatsing
Seksten år gamle Thomas Reikertas er ein
av ungdomane som
passar som fot i hose
for den nye ordninga
med sommarpraksis
som Vanylven Utvikling no satsar på.
HÅVARD PARR
Den kommunale ordninga med
garantert sommarjobb for eit
heilt ungdomskull vart i fjor ikkje godkjend av fylket innanfor
ramma for bruk av utviklingsmidlar. Vanylven Utvikling
har difor i år laga eit anna og
strammare opplegg som vert
bydd ungdom mellom 15 og
17 år dette året. Ungdomane
kan søkje på sommarjobbar i
bedrifter i Vanylven, og bedriftene kan i sin tur så søke Vanylven Utvikling for å få subsidiert kvar arbeidstime med femti
kroner. Tiltaket er meint å gi
ungdom innblikk i bedriftene,
som på si side kan nytte praksisen som ei rekrutteringstiltak
for eiga bedrift.
Rekrutteringstiltak
Thomas Reikertas, som opphaveleg er frå Litauen, har allereie
arbeidd hjå rørleggarane i A.M.
Vik i Syvde i praksisveke og
vinterferie.
– Eg likar jobben godt og synest det er veldig positivt med
ei slik mogelegheit til å få ein
sommarjobb, seier Thomas
– Dette er spanande, seier dagleg leiar i A.M. Vik, Runar Vik.
– Viss ein gjennom denne ordninga kan finne motiverte kandidatar som er interesserte i
å jobbe her, kan dette vere eit
viktig tiltak for å rekruttere
medarbeidarar. Vi håper at ei
slik ordning kan føre til at ein
finn ungdomar som utdannar
seg til eit yrke som gjer at dei
kan vere her vidare, seier han.
har 12-15 personar flytta med
til Vanylven.
OPNAR MOGELEGHEITER: Runar Vik og Thomas Reikertas
er begge glade for mogelegheitene som opnar seg med den
nye ordninga for sommarpraksis. I Vanylven Utvikling ser
dei subsidiert, ung arbeidskraft som eit viktig rekrutteringstiltak.
DĂƌŬŝƐĞƌͲWĞƌƐŝĞŶŶĞƌͲ^ĐƌĞĞŶͲhƚĞŵƆďůĂƌͲ>LJƐͬǀĂƌŵĞͲ
>ĂŵĞůůŐĂƌĚŝŶĞƌͲZƵůůĞŐĂƌĚŝŶĞƌͲWůŝƐƐĠͲWĂŶĞůŐĂƌĚŝŶĞƌͲŵ͘ŵ͘
A.M. Vik har hatt ungdomar i
sommarjobb i butikken tidlegare, men som rørleggar har
dette vore vanskelegare, sidan
det krevst meir i ein slik jobb.
– Om dette fungerer og både vi
og han er nøgde, så kan dette
resultere i ei lærlingeordning
seinare, seier Runar Vik.
Ringverknader
Thomas Reikertaser er elles
eit godt døme på dei positive
ringverknadene som nyetableringar gir. Den første i slekta
som kom til vanylven, var onkelen. Han byrja som rørleggar
hjå A.M Vik for eit par år sidan.
Kona hans fekk så jobb i bedrifta Hofseth. Etter henne kom
systera, som er mor til Thomas, og slik også han får vi vite.
– Dette viser kor utruleg viktig det er med nyetableringar,
som Hofseth. Med behov for
arbeidskraft så fyl andre rundt
dei med, seier Runar Vik.
Sjølve har dei hatt tre tyske rørleggarar i bedrifta og med dei
ǁǁǁ͘ƐŽůƐŬũĞƌŵŝŶŐƐŐƌƵƉƉĞŶ͘ŶŽ
ŽdžŶĞƐ^͕ZĊĚŚƵƐŐĂƚĂϰ͕ϲϭϬϬsŽůĚĂ
důĨ͗ϳϬϬϱϭϭϭϬ
ͲƉŽƐƚ͗ƉŽƐƚŵĂƐƚĞƌΛĐŽdžŶĞƐ͘ŶŽ
SYNSTE MØRE
8
TORSDAG 15. APRIL 2010
Pensjonistar går online
Verdsveven, der trådar
av informasjon og kontakt mellom menneske
strekkjer seg over
heile kloten, ligg berre
tastetrykk unna. Med
datakurset pensjonistlaget og eldrerådet har
fått i stand, kan denne
verda opne seg for
endå fleire.
HÅVARD PARR
No er det ikkje berre internett
Aage Gunnar Strand vil ta føre
seg i datakurset for pensjonistar, men den praktiske nytta
ved tenester som ligg på nettet er noko kursdeltakarane
er opptekne av. Med lydhøyre
tilhøyrarar tilkopla eigne datamaskiner byrja difor reisa inn
i den digitale røyndomen med
ei forklaring av kva dette nettet
eigentleg er og korleis ein kjem
seg inn og i gang. Vel inne og
tilkopla var elektronisk post (email), nettbank, aviser og kommunal informasjon naturlege
stoppestadar.
Treng datakunnskap
– Det har kome dithen no at om
du ikkje kan litt data, så er du
ute av samfunnet seier Astrid
Sørdal. Ho har ikkje vore så mykje borti dette sidan ho dreiv
butikk i Syvde og då er eit slikt
kurs ein fin måte å kome inn i
det att.
– Men vi er ikkje sikre på om
vi skal melde oss på Facebook
endå, ler ho, i kaffepausa etter
den første økta torsdag.
– Ja, det har vorte slik at du føler deg utanfor om du ikkje kan
litt. Berre du skal på eit offentleg kontor så møter det deg,
seier Sigmund Vik. Saman med
kona Mary Vik, som er leiar i
Pensjonistlaget, er han ein av
dei som har drege i trådane for
å få i stand kurset.
– Det er bra at oppegåande
eldre kan få med seg eit slikt
kurs, seier Mary Vik.
Kan verte fleire kurs
Dette første kurset, som går
over tre dagar, har kome i stand
etter at interessa for slik opplæring har vorte lufta på møta til
pensjonistlaget. Truleg er fleire
eldre interesserte i å verte meir
datakunnige og om tilstrekkeleg mange er nyfikne, vil også
nye kurs verte arrangert.
– At vi måtte ha eit slikt kurstilbod har i grunnen lege i lufta
lenge, seier Mary, som også har
ivra for å få til ei ordning der
unge lærer eldre det dei kan.
Slike generasjonsmøte har ein
lukkast godt med andre stader.
GOD STEMNING: Dei som
fekk ein guida tur inn i
”cyberspace” på den vidaregåande skulen i Syvde torsdag, var frå venstre: Astrid
Sørdal, Inger Oline Reite,
Sigmund Vik, Mary Vik, Anni
Øverlid og guide Aage Gunnar Strand. Bak ser vi Laila
Sætrenes, Elsa Aaland, Ranveig Paulsen og Anders Vik.
Du har hjemmet. Vi har fargene.
Send Fargerike
til 1938 og motta
fargekartet i posten!
NB! Tjenesten koster 5 kroner.
Før: 348,-
248,-
BARONESSE 15 3 ltr emb.
Kampanjen varer tom 17. april
FARGERIKE SYVDE
Centrum Fargehandel
Tlf: 70 02 08 00
SYNSTE MØRE
9
TORSDAG 15. APRIL 2010
Klar for bridge-NM
Det er ikkje berre i
tippeligaen i fotball
det blir brukt utlendingar. Vanylven har
også sine som gjer det
skarpt i store turneringar. Islendingen Bjørgvin Viglundsson er
klar for NM i bridge.
KJELL BRENNE
Den høgreiste ingeniøren på
teknisk etat, som arbeider med
prosjektering av sjukeheimen,
er lidenskapeleg bridgespelar.
Dobbel-essen i son-etternamnet og godt forståeleg norsk
leier oss vestover havet mot
Saga-øya.
Bjørgvin er frå Reykjavik. Då
byggebransjen der bokstaveleg talt datt saman i fjor og jobbane forsvann, leita han etter
utvegar i jobbsamanheng og
såg nye moglegheiter i Noreg.
Ny adresse vart Fiskå i Vanylven.
– Det har gått veldig bra. Her
er det stilt og fint, seier den rolege karen med eit lunt smil i
det han kastar augene ut glaset
frå møteromet på Rådhuset og
kan nyte ein gryande vår i lett
solskin vekse fram.
– Bjørgvin Viglundsson har
spela mykje bridge, i yngre år
også ein del sjakk.
– Bridge og sjakk er veldig
utbreidd på Island. Eit spel
som spring fram frå gamle tradisjonar.
– Her er fleire aktivitetar med
tradisjon. Men kvifor nettopp
bridge?
Ei finte karen på andre sida
av bordet vårt taklar presist:
– Bridge er den einaste
idretten du ikkje blir dårlegare
i, men berre betre, smiler den
bridgeentusiastiske kroppen
og med det avslører sitt store
hjerte for dei 52 korta i stokken.
I Reykjavik er det eit stort
miljø for bridge. Det vert spela
både vinter og sommar.
Bjørgvin har greidd å spele
seg til landsfinalen i både lagog parturnering.
– Kva så i vesle Vanylven?
– Eg har fått med meg at her
har vore eit ganske bra miljø,
spesielt i Syvde. No blir det å ta
turen til Måløy tysdagskveldane. Det er landfast. Her spelar
vi frå klokka halv sju og fram
til klokka ti. Eg har også spela
i Fosnavåg og litt i Ørsta, fortel
Bjørgvin.
Åleine frå Vanylven er han
ikkje. Vi er som regel fleire,
blant anna Kenneth Skov og
Frode Sørdal, to habile bridgespelarar, poengterer Viglundsson.
Og i dataalderen går det
litt annleis føre seg enn å
handstokke og dele ut "manuelt".
– Nei, her blir det brukt datamaskin og den er og god å ha
når resultatet skal utreknast.
Det kan vere greitt, for bridge
er eit spel som har utvikla seg
frå Whist med ei mykje meir
komplisert bodrunde. 1 kløver
er lågast og 7 grand høgst. Kor
mange stikk du skal ta, er avgjort av kor høgt du har bedt.
Ein telefon
Det må ha ryktast om Bjørgvin
sine kvalifikasjonar i bridge for
han fekk ein dag ein telefon
frå Ålesund med spørsmål om
han kunne tenkje seg å delta i
kretskvalifiseringa for Møre og
Romsdal i Molde. Som sagt så
gjort. Vanylven sin gode bridge-spelar drog til Molde. Det
vart ein soleklar andreplass i
turneringa etter kring 60 omgangar. Ein sterk prestasjon i
konkurranse med om lag 40 andre par. Sjølv spelte han på lag
med ein Fidjestøl, ein makker
han var fornøgd med.
– Eg held kontakten med makkeren og det vert ein del spel
over nettet på datamaskinen
mot andre. På denne måten
held vi bridge-forma ved like
og gjer kvarandre endå betre,
forklarar Bjørgvin Viglundsson.
Og i august skal NM gå av stabelen på Lillehammer. Kan Vanylven få ein NM-meister i bridge,
så spørs det om Vanylven har
blitt meir enn NM-kommunen i
solsikke. Kanskje blir det bridge- og solsikkelandet Vanylven.
I alle fall var ordføraren godt
fornøgd med islandske Bjørgvin sin prestasjon i Molde. Og
KLAR FOR NM: Bjørgvin
Viglundsson
kjenner vi Helgøy for rett, vil
det ikkje gå forbi i stillheit om
Bjørgvin skulle spele seg til ei
habil sluttplasering på Lillehammer. Det stiller store krav i
ein knallhardt meisterskap.
Utsette sak om hallrom
Formannskapet skulle
tysdag handsame sak
om innreiing av rom
på loftet i Olivinhallen,
men valde å utsette
saka.
OLE MAGNE KVALSVIK
Saka om bruk av romet kom
først opp i 2004, då Åheim IL
gjorde førespurnad til kommunen om å få innreie romet til
møterom og lagerrom for lag og
organisasjonar som nyttar hallen. Det var då ein del diskusjon
om kommunen som eigar skulle
stå for å lage til romet på generell basis, eller idrettslaget som
største brukar skulle få innreie
og ha føremun i forhold til bruk
i ei leigeperiode på ti år. Ut i frå
å ikkje stå som eigar og ha full
disposisjonsrett fann idrettslaget det for dyrt å ta kostnaden
og trekte seg ut.
peikar og på det gunstige ved
å ha eit rom i samband med
hallen som er betre eigna for
kursverksemd og meir uformelle samlingar knytt til bruk
av hallen.
Behov
Sidan den gong har saka vore
oppe nokre gonger utan at ein
har enda opp med tilfredsstillande løysingar. Det har vore
ulike innspel der ein har bedd
kommunen sjå på kva som kan
gjerast for at romet kan nyttast betre. Det vert peikt på
generell trong for møterom og
lagerplass. Ved arrangement
vert det litt slitasje ved at dagleg leiar sitt kontor må nyttast
til sekretariat, og fleire innspel
Initiativ
Det siste året har kulturkontoret teke initiativ for å kome
vidare. Ein har gått ut og bedd
brukarane av hallen og andre
om å signalisere kva interesse
dei har for bruk av lokalet. Her
melde det seg to interessentar.
Åheim IL ønskjer framleis møteog lagerrom, medan Floget klatreklubb ønskjer buldrevegg for
dei yngste i bakkant av det om
lag 90 m2 store romet.
Skisse
Sakna informasjon
Ut i frå dette har ein fått sivilarkitekt Magne Bergseth til å
lage ei skisse som er send til interessentane for uttale og som
formannskapet tysdag skulle
sjå nærare på. Her er det teikna
inn at Floget får eit rom i bakkant på 30,1 m2 med buldrevegg, medan idrettslaget får eit
møterom på 29,1 m2. Det vert
ein gang inn til buldreromet og
to lagerrom langs veggen på
andre sida. Det er og teikna inn
heis frå underetasjen. Som eit
totalprosjekt med ventilasjon
og heis er dette kalkylert til ein
kostnad på rundt 500 000 kroner.
I formannskapet bad likevel
Lena Landsverk Sande (V) om
at saka vart utsett.
– Eg saknar ein del informasjon. Mellom anna er Floget og
idrettslaget bedne om å gje uttale til forslaget som ligg framme, utan at dei har kome med
det. Personleg synest eg det er
litt rart at idrettslaget som desidert største brukar sit med
eit mindre rom enn klatreklubben. Eg synest og det må vere
ein dårleg stad for buldrevegg
og ønskjer at ein ser på andre
alternativ for dette. Som fleire
har peikt på er det trong om eit
stort, godt rom som både kommunen og alle andre kan bruke
FORSLAG: Dette er forslaget
som ligg føre til bruk av romet i andre etasje på Olivinhallen. Til venstre er teikna
inn rom med buldrevegg
for klatreklubben (blått). I
midten ser vi rom for idrettslaget med utbygd vindauge
mot hallen til bruk for å
følgje med på det som skjer
under arrangement (grønt).
Ein gang (gul) fører direkte
inn til buldreromet og på
andre sida er det foreslått to
lagerrom (brune). Heis ved
sida av trappa ligg og inne i
prosjektet.
til møterom og når noko skjer,
sa Sande.
SYNSTE MØRE
10 TORSDAG 15. APRIL 2010
Mangfaldig sommarskule
– Det vert overraskingar og mykje sosialt,
kjekt og utviklande.
OLE MAGNE KVALSVIK
Det lovar Marianne Løseth,
leiar for sommarskulen i Vanylven. I år byggjer ein vidare på
opplegget frå i fjor, med to veker sommarskule etter at den
ordinære skulen har teke ferie.
Desse to vekene skal elevane
bygge opp ein revy som vert
framført for alle interesserte
laurdag 3. juli.
– Det vert som ei blanding av
kurs og leirskule, der elevane
jobbar i lag om eit samla prosjekt desse ti dagane. Men det
vert også lagt opp til litt bading,
grilling, fjelltur og anna kjekt,
seier Løseth.
Mangfaldig
Saman med kulturleiar Jermund Rekkedal, Veslemøy
Ervik frå kulturkontoret og
kommunalsjef Gunvor Strand
er Løseth i desse dagar i ferd
med den siste planlegginga før
ein går ut til elevar og foreldre
og informerer om tilbodet. I
fjor heldt sommarskulen til på
Eidså, medan ein i år satsar på
å halde til på Myklebust, fortel
Gunvor Strand.
– Det flotte med å bruke teater
som ein basis for skulen er at
det involverer så mange fag.
Norskfaget er sjølvsagt tyngst
inne gjennom skriving, lesing
og uttale, men her vert det
trekt inn alt frå forming til matematikk og musikk. Gjennom
ein del uteliv vert og element
som kroppsøving og naturfag
ein naturleg del av opplegget,
seier ho.
Overraskingar
– I år vil det også vere fleire lærekrefter inne i biletet og nokre
av dei vil nok verte ei overrasking for elevane, fortel Marianne Løseth.
– Men det viktige er at dette
skal føregå på elevane sine premissar. Det er dei som skal jobbe ut opplegget og stå for både
førebuingar og gjennomføring.
Vi vaksne skal vere berre rettleiarar. Og vi må streke under at
ein treng ikkje vere skodespelar for å delta. Her vert det rom
for mange slags oppgåver, som
lyd, lys, scene og kostymer. Det
vi legg vekt på er at alle skal
kjenne seg trygge og utvikle seg
ut i frå kvar enkelt sine føresetnadar, seier Løseth.
Samhald
Opplegget er for elevar frå 5. til
10. klasse.
SANDVIKSANDEN: Her ser
vi gjengen som var med på
sommarskulen i fjor, då dei
mellom anna tok ei utflukt
til Sandviksanden (FOTO: Ma-
– Det viste seg og i fjor at fleire
fann sider ved seg sjølve som
dei fekk rom og sjølvkjensle til
å utvikle og dette har vi sidan
sett resultat av både i UKM og
på andre område. Sett ut i frå
min ståstad gir difor sommarskulen grobotn for læring som
er med og fremjar kulturlivet
og skaper tilhøyre og trivsel,
seier kulturleiar i kommunen,
Jermund Rekkedal.
– Men først og fremst vil vi at
alle skal sitje att med ei oppleving av noko meiningsfullt og
positivt, der vi har det kjekt i
lag og jobbar saman mot eit felles mål, seier Marianne Løseth.
– Lærte masse
– Svært kjekt
Martin Stranden vil også melde
seg på i år og.
– Vi lærte masse om korleis ein
skal setje opp og lage revy og
korleis ein skal hugse det ein
skal seie. Vi skreiv og laga kulisser og mykje meir. Det var og
kjekt å reise på Sandviksanden
å bade. Eg vil anbefale det veldig masse til andre.
Sofie Vik deltok på sommarskulen i fjor.
– Det var svært kjekt. Vi gjorde
heilt andre ting enn vanleg skule, men fekk prøve mykje om å
setje opp teater. Vi både skreiv,
teikna og måla kulissar. Og så
var vi på Sandviksanden og
bada. Eg vil gjerne anbefale til
andre å melde seg på. Sjølv veit
eg ikkje om vi skal reise vekk,
men vert vi heime har eg lyst å
vere med i år og.
rianne Løseth)
Ønskjer ressurspersonar
Dei fleste brikkane for
sommarskulen er altså
i ferd med å falle på
plass, men det er og
ting som kunne vore
ønskjeleg å få til.
OLE MAGNE KVALSVIK
– Mest av alt treng vi ein mann.
Helst ein handy-mann som er
leiken og glad i born, ler Marianne Løseth og understrekar
at det er med tanke på sommarskulen ho går ut med dette
ønskjet.
– Om det er einkvan som har
praktisk sans og kan rettleie
elevane i ting som skal lagast
og vere med på tur nokre av
desse dagane, hadde vi vorte
svært glade om han tok kontakt. Men det hadde generelt
vore positivt om ressursar
melde seg som har lyst å bidra
på anna vis i forhold til å skape
teater, anten det er innanfor
skriving, musikk, komposisjon,
scenekunst eller dans. Vi tenkjer oss då temaundervisning,
der desse har innslag, anten
det er å lese eigne tekstar, snak-
ke om komposisjon eller nokon
som jobbar med kle eller mote
og vil dele nokre tankar, seier
Løseth.
– Det kan også gje eit fint høve
til å delta i ein komplett teaterproduksjon og vere ein inspirasjon, anten ein er etablert
kunstnar eller har ein i magen.
MARIANNE LØSETH vil
gjerne ha med seg fleire
ressurspersonar kring
sommarskulen (ARKIVFOTO:
Håvard Parr)
Det er berre å vende seg til
ungdomsarbeidar Veslemøy
Ervik på kulturkontoret, legg
Jermund Rekkedal til.
SYNSTE MØRE
11 TORSDAG 15. APRIL 2010
Vanylven under lupa
Førsteårsstudentar på
bachelorstudiet i planlegging og administrasjon frå Høgskulen i
Volda er denne veka
utplasserte i ulike bygder i Vanylven.
ORIENTERING: Studentar og
lærarar frå Høgskulen i Volda fekk ein grundig gjennomgang. Rådmann Gudmund
Sandnes, avtroppande bulystkoordinator Espen Wingaard, ordførar Jan Helgøy
og rektor Eldar Knardal
heldt alle innlegg om ulike
aspekt ved kommunen.
HÅVARD PARR
I fem ulike prosjektgrupper gjer
studentane lokalsamfunnsanalyse.
– Vi plukkar ut ei kommune
kvart år til eit slikt prosjekta Det
er først og fremst eit øvingsarbeid, men vi ser at studentane
også kjem bort i ting som kan
vere av interesse for den kommunen dei studerer, seier førstelektor ved høgskulen Sveinung Dimmen.
Studentane vel sjølve problemstilling i høve dei bygdesamfunna som dei studerer. I ei
tverfagleg samfunnsvitskapleg
tilnærming, der både sosiologi,
statsvitskap og økonomi inngår,
opnar det for varierte tilnærmingar. Skulenedlegging, pendling, reiseliv, folketalsnedgang
og framtida for næringslivet er
stikkord for oppgåvene studentane har valt.
Informasjonsmøte
Tysdag fekk studentane møte
repesentantar frå både administrasjon, politikk og kommunal
tenesteyting i kommunestyre-
salen på Fiskå.
– Det er spanande når folk utanfrå kan sjå oss i korta og vi er
spente på kva de kjem fram til,
sa rektor Eldar Knardal i sin introduksjon av kommunen. Avtroppande bulystkoordinator
Espen Wingaard gav studentane eit innblikk i det omdømmearbeidet som har vorte gjort,
medan rådmann Gudmund
Sandnes tok tak i organiseringa
av administrasjon og teneste.
Politisk gjennomgang
Ordførar Jan Helgøy gav så studentane den politiske ballasten
dei treng for å forstå vanylvssamfunnet. Og voldastudentane kvitterte med spørsmål
til eit mannsterkt korps frå den
politiske og kommunale leiinga
i Vanylven.
Ei av studentgruppene har valt ei oppgåve knytt til Åheim
OPPTEKNE AV ÅHEIMSSAMFUNNET: Kato Vangen, Gry Otneim Leikanger, Olav Tangenes og Linda Heimen er her innom redaksjonen i Synste Møre for å finne stoff til oppgåva
dei skriv.
HÅVARD PARR
– Vi vil sjå på korleis befolkningsnedgangen har påverka
Åheim som samfunn, seier
Linda Heimen, ein av studentane i gruppa.
For å finne svar på dette gjer
dei fleire intervju med sentrale personar i bygda, dei er
også opptekne av utviklinga
til hjørnesteinsbedrifta North
Cape Minerals.
– Å jobbe med ei slik praktisk
oppgåve er langt å føretrekke
framfor reine teoriførelesningar. Vi får ting tettare på oss og
vert tvungne til å ta problemstillingar inn over oss, seier ein
av dei andre studentane, Olav
Tangenes.
Voldastudentane var imponer-
te over mottakinga dei fekk under informasjonsmøtet tysdag.
– Vi vil berømme Vanylven
kommune for å nytte så mykje
tid på oss som er studentar,
seier Gry Otneim Leikanger.
SYNSTE MØRE
12 TORSDAG 15. APRIL 2010
Anne Nørdsti og Ingemars i Olivinhallen
– Her gjeld det berre å
leite fram danseskorne
og bli med på moroa,
smiler Ingunn Rønnestad og dei andre i
Åheim Idrettslag.
KJELL BRENNE
Dansegallaen har blitt våren
sitt store arrangementet for
dansebandfolket her i distriktet og for idrettslaget eit viktig
fundament for lagsøkonomien.
Ingemars blir rekna som eit
"kongsemne" innan norsk dansebandmusikk, kjende og populære som dei har blitt dei ti
åra dei har vore med på å dominere norsk dansebandmiljø.
Fire gonger nominert og gonger
vinnarar av Spelemannsprisen.
Av andre band er det kun Ole
Ivars som kan gjere det rotektebandet frå Finnskogen rangen
stridig om topplassen. Siste
plata ”Velkommen til Finnskogensrike” har selt til gull i massevis. Ingemars er i Olivinhallen for første gong.
Publikumsvinnar
Det er derimot ikkje Anne
Nørdsti som var på Åheim for
to år sidan. Landet si ukrona
dansebanddronning, som stakk
av med Spelemannsprisen i
2008, er på plass att. På bakgrunn av det ho og det dyktige
bandet hennar viste av speleglede sist dei var i Olivinhallen,
vil dei utan tvil vere ein publikumsvinnar som dreg folk fram
på parketten, garanterer Rita
Kjøde, noko dei andre også er
sikre på. Både Ingemars og
Anne Nørdsti turnerer rundt
om i landet, dansebandstjerner
som i følgje arrangørane trekkjer fulle hus.
– Ut frå det renommé gallaen
har fått og den tilstrøyming vi
har hatt tidlegare, reknar vi
med eit stort innrykk i år også.
Vi har ein godt innarbeidd og
drilla stab med folk i idrettslaget, som kvar på sin plass vil
gjere sitt beste for ein vellukka
galla. Vi har henta artistar frå
det ypperste av det vi har i Noreg, så alt skulle ligge til rette
for ein alles og triveleg gallakveld, meiner Rita Kjøde, Geir
Nielsen, Ingunn Rønnestad og
Laila Westerås.
Trufaste
At gallaen har blitt eit "must"
for mange, avslører seg på billettsalet. For alt i november i
fjor var det folk som var inne på
nettsida til gallaen og bestilte
billettar, opplyser Jan Magnus
Thue, marknadsansvarleg for
dansegalaen. Han opplyser at
mange er trufaste gallavener
som kjem att kvart år. Elles er
billettsalet til gallaen godt i
gang, framheld Thue.
– Som tidlegare år legg vi
opp til at folk skal finne seg til
rette og få ein koseleg kveld. På
grusbana ved skulen vil det bli
lagt opp til parkering for cam-
pingbilar, mange av desse spanderer gjerne heile week-enden
på Åheim. Det er også dei som
har signalisert at dei kjem sjøvegen og treng gjesteplass på
småbåthamna, seier Jan Magnus Thue.
DANSEBAND frå øvste hylle
i landsmålestokk inntek scena i Olivinhallen neste laurdag. Rita Kjøde (bak t.v.) og
Laila Westerås svermar mest
for dansefavorittane Ingemars. Geir Nielsen held ein
knapp på dansebanddronninga Anne Nørdsti, medan
Ingunn Rønnestad (framme)
vel å fronte dansegallaen.
Sprudlande Kosterikjedagar
Med mykje spanande
på plakaten skulle det
ligge til rette for liv og
røre i Syvde i pinsa.
OLE MAGNE KVALSVIK
Komiteen for dagane har arbeidd jamt med planlegging og
førebuing og som i fjor er det
eit vidfemnande program som
no er så godt som på plass for
denne helga i mai.
Musikk
Musikk og anna underhaldning
vil sjølvsagt vere ein vesentleg
del, både i kosterikjeteltet, på
Blåfelden pub, i kyrkja og andre stadar. Kosterikjeteltet er
forresten nyinnkjøpt gjennom
Vanylven Utvikling til bruk for
alle grendene som har slike dagar. Det startar opp med lokale
ungdomar frå UKM og andre alt
fredag ettermiddag. Seinare på
dag vert det stand-up-show og
den store nostalgikvelden med
musikarar frå lokale band som
var aktive på 70- og 80-talet. Nokre av dei er med i ulike samanhengar enno, som Dagfinn Slettevoll frå Rovde som nyleg gav
ut CD-en D.S. Sauter-prosjekt.
Ein også invitere fleire av dei
unge, lokale talenta til å delta i
lag med veteranane på dette.
Storkonsert
Lokale talent vil og opptre
laurdag. Her satsar ein og på
smakebitar frå den store oppsettinga av ”Annie” for nokre
veker sidan og det vert gjensyn
med dei dyktige Nordal-søskena
som driv dans på eliteplan. På
dansen om kvelden er det Vestlandsfanden med Reidar Brendeland i spissen som vil vere
sentrale. Søndag er det mellom
anna duka for stor konsert med
Ytre Suløen og Sunnivakoret.
Det vert og gjentaking av orgelkonserten i kyrkja frå i fjor, så
her er det høve til å få med seg
litt av kvart.
Bubil og båt
Sjølvsagt vert det og salsboder
og mykje anna, så vi vil tru både
vanylvingar og andre strøymer
til bygda desse dagane. For dei
som vil kome med bubil, campingvogn eller båt vert det og
lagt til rette for det, lovar Sissel
Myklebust i komiteen.
– Dei er hjarteleg velkomne og
vi skal finne plass til alle, lovar
ho.
Og for både dei og andre vert
det som vanleg gratis frukost
i teltet, sponsa av butikkar og
næringsliv.
Bygdevandring
Så vert det sjølvsagt ny bygdevandring med ”raidio saur”. Radiostemma frå bygderadioen
”Radio sør” på 50- og tidleg 60tal, Nrk-mann og bygdehistorikar, Asbjørn Lade, samla mykje
folk til bygdevandring i Saurdalen i fjor. I år vert det truleg
ikkje så mykje vandring, ein vil
meir ta utgangspunkt i Kristitunet og sentrum og halde seg
der.
– Det vert nok ein del om syvdingane si historie, liv og lagnad, og eg vil tru det vert mykje
både overraskande og forvitneleg også for oss som har vakse
opp her, seier Mindor Gjerde.
Båt, hund og fjell
Vi nemner i denne omgang også
M/S Hindholmen. Den verna fiskebåten frå 1916 vitnar særleg
om stordomstida i norsk fiskeri
på 1950-talet og vil også ha selskap av redningsbåten ”Elias”
til glede for den yngre genera-
sjon. Så vert det som i fjor gjetarhundoppvisning, også eit
innslag som fanga stor interesse i fjor. I år ved begge dei to gjetarhundentusiastane våre, Atle
Arnesen og Jan Myklebust. Det
vert sjølvsagt nytt Blåfelden
Opp, det vert helikopterturar,
i år også på Breiteigsfjella. Det
vert ei friluftsgudsteneste med
ein litt spesiell barnedåp på
gamlekyrkjegarden, rebusløp
BYGDEVANDRING: Asbjørn
Lade si bygdevandring var
eit svært populært innslag
under Kosterikjedagane i
fjor (FOTO: Vidar Parr).
på sykkel og spanande kunstutstillingar og fotoutstillingar. Ein
del av dette vil vi kome attende
til, og her er det berre å byrje å
gle seg.
SYNSTE MØRE
13 TORSDAG 15. APRIL 2010
Sesongopnar i kveld
Feltsesongen i gang
Skyttarane har starta feltsesongen og i helga var det ikkje mindre
enn tre stemne. Vi tar med ein del lokale resultat frå stemna frå
Tua og på "Hauane". Vi ser mellom anna at Lennart Henden frå
Syvde har vunne klasse 4 i skytinga på Haugen. I den lokalt sterke
klasse V55 er det Ove Ekremsæter frå Fiskå skyttarlag som dreg
lengste strået i to av stemna med gode resultat. På Tua merkjer vi
oss eit fint resultat av Henning Olai Sætre i Eidre rekrutt.
Til helga er det Bryggja og Dalane skyttarlag som har stemne på
Nave og neste helg avviklar Fiskå og Syvde sine skytingar. Stemna
tel og i Nordfjordcupen
Tuafelten 92 deltakarar
Mesterskap
Klasse 2-5 og V55: 1. Bjørn Inge Espe,
Haugen 30/13, 4. Kjell-Arne Myrvoll,
Syvde 29/12, 6. Odd Arne Sætre,
Syvde 28/07, 8. Anton Jon Aarskog,
Sundnes 27/16
Åram/Vankam tek
imot Vartal til sesongopning i 4. divisjon på Eidsåvoll i
kveld.
teresse kring laget. I ein sesong
der opp mot åtte lag risikere å
rykke ned ein divisjon vert kvar
kamp viktig og kanskje spesielt
kampar mellom lag som verkar
å ligge i midtsjiktet av divisjonen.
MÅLFARLEG: Elling Flister fyrte laus i siste treningskamp mot Gursken/
Larsnes. Bak ser vi Ole Per
Kragset.
ÅVK melder om at dei fleste
spelarar er klare til dyst. Framleis er langtidsskadde Bjørn
Ove Aaland ute og heller ikkje
Kennet Bellen er med i troppen.
HÅVARD PARR
ÅVK opplyser på sine heimesider at det er selt nær 100
sesongkort denne våren, noko
som kan tyde på ei veksande in-
På synste.no vil vi kome med
meir om opningskampen.
Hovedskyting
Klasse 5: 1. Arve Halsteinslid, Haugen
29/18
Klasse 4: 2. Kjell-Arne Myrvoll, Syvde 29/12, 5. Jon Tore Sætre, Haugen
27/13, 7. Lennart Henden, Syvde
26/11, 10. Bjørnar Osnes, Volda 24/11,
15. Linn Kathrin Bakke, Haugen 06/03.
Klasse 3: 2. Odd Arne Sætre, Syvde
28/07, 4. Terje Lundebrekke, Stadlandet 25/11, 8. Kåre Måge, Haugen
22/09, 10. Jan - Frode Hestenes, Bryggja 21/06
Klasse 1:, 2. Randulf Lillebø, Fiskå
11/02.
Junior: 1. Håkon Sætre, Haugen 30/16
Eldre rekrutt:, 3. Henning Olai Sætre,
Syvde 29/19
V55: 1. Anton Jon Aarskog, Sundnes
27/16, 2. Ove Ekremsæter, Syvde
26/14, 3. Erling Sylte, Fiskå 24/09, 6.
Odd Hestenes, Bryggja 17/05.
V73: 1. Gunnar Mjeltevik, Sykkylven
30/18, 2. Arnold Myrvoll, Syvde 29/15
AG3: 1. Bård Aarseth, Volda 17/05.
Tore Sætre, Haugen (4) 27/13
Hovedskyting:
Klasse 1: 1. Randulf Lillebø, Fiskå
15/6,
Klasse 3: 4. Odd Arne Sætre, Syvde
25/11, 6. Kåre Måge, Haugen 25/7, 8.
Terje Lundebrekke, Stadlandet 23/14,
9. 8, 10. Jan - Frode Hestenes, Bryggja 23/5,
Klasse 4: 1. Lennart Henden, Syvde
30/17, 5. Kjell-Arne Myrvoll, Syvde
28/8, 6. Jon Tore Sætre, Haugen 27/13,
7. Linn Kathrin Bakke, Haugen 26/10,
12. Bjørnar Osnes, Volda 23/8
Klasse V55: 1. Ove Ekremsæter, Syvde 29/16, 2. Svein Hoem, Stryn 29/12,
4. Anton Jon Aarskog, Sundnes 23/14,
5. Erling Sylte, Fiskå 23/10, 6. Odd
Hestenes, Bryggja 22/12
Klasse AG3: 1. Bård Aarseth, Volda
22/6
Klasse ER: 9. Aina Sofie Bakke, Haugen 26/12, 11. Henning Olai Sætre,
Syvde 23/7
Klasse J: 5. Håkon Sætre, Haugen
24/23
Klasse V65: 7. Inger Johanne Sætre,
Syvde 25/14
Klasse V73: 3. Tor Zachariassen, Ålfoten 29/16, 5. Arnold Myrvoll, Syvde
29/9
Haugenfelten 91 deltakarar:
Mesterskap:
Klasse 2-5 og V55: 1. Lennart Henden, Syvde (4) 30/17, 2. Ove Ekremsæter, Syvde (V55) 29/16, 8. KjellArne Myrvoll, Syvde (4) 28/8, 10. Jon
Klart for Stadlandet Rett Vest
Neste laurdag er det
på nytt duka for god
trim og flotte naturopplevingar på Stadlandet.
OLE MAGNE KVALSVIK
Fjelløpet over 14 kilometer går i
år for femte gongen og har hatt
jamn stigning i deltakartalet dei
fire tidlegare gongane. I fjor deltok det 175 personar i mosjonsklassa og 35 i konkurranse. Det
vert spanande å sjå om ein klarer å slå dette i år.
Tre klasser
I år vert det også tre klasser, i
forhold til to dei tidlegare åra.
– I tillegg til konkurranseklasse
og mosjonsklasse med tidtaking vil vi i år ha ei mosjonsklasse utan tid som kan starte
litt før mosjonsklassa med
tidtaking startar. Det har vist
seg at nokre vil bruke meir tid
og er redde for å kome for seint
til målområdet. Difor opnar vi
for dette, men helst ønskjer vi
at folk skal stille i ei av klassene med tidtaking. Sjølv om ein
startar i mosjonsklassa med
tid, er det fullt råd å ta det med
ro utover fjellet og legge inn
matpausar og anna, seier Mirjam Friberg i Stadlandet idrettslag.
Gode premiar
Helst ser ho og dei andre i arrangementskomiteen at fleire
vil melde seg på i konkurranse.
– Særleg i fjor hadde vi nokre
som stilte i mosjonsklassen
med tid og sprang så godt at
dei ville hevda seg langt oppe
i konkurranseklassene. Difor
oppmodar vi dei som er i brukbar form til å stille her. Det er
også her det er størst sjanse på
premiar, med også pengepremiar til beste, sjølv om vi trekk
gåvepremiar mellom alle deltakarane, seier Friberg.
Forbetringar
Det vert også nokre andre små
endringar i arrangementet.
– Mellom anna vil vi ha to bussar som fraktar deltakarar frå
Ervik, slik at det vert mindre
venting. Det vert og fleire bord
for påmelding ved start og
betre informasjon over høgtalarane. Vi vil og ha ei felles
oppvarming med musikk, og i
målområdet vert det og nokre
underhaldningsinnslag ved
sida av at enkelte av verksem-
dene våre vil ha stand der dei
profilerer seg. Alt i alt prøver vi
å gjere små forbetringar frå år
til år, smiler Friberg.
I mosjonsklassa er det og lagt
opp til ei idealtid med premie
til den som kjem nærast, og Friberg minner også om løypa for
dei yngste og dei som ikkje kan
gå så langt, rundt Ervikvatnet.
NATUR: Løypa på Stadlandet Rett Vest må vel seiast å
vere ei av dei som går i dei
flottaste omgjevnadane av
løp i distriktet. Her ein gjeng
trufaste deltakarar frå Voss
på veg mot Mosekleivhornet
i 2009.
(FOTO: Ronald Haaland)
SYNSTE MØRE
14 TORSDAG 15. APRIL 2010
Minnet er framleis klart
Ho er den eldste i
bygda. Og om synet er
dimt og knea skrøpelege, så er tanken klar
og minnet godt.
HALLSTEIN LJOSÅ
Laurdag 17. april fyller Liv Nygård frå Rovde 95 år og med 5
born, 19 barnebarn og 30 oldeborn ligg det nok an til å verte
litt av eit selskap.
Ei anna Rovdestrand
Barndomsheimen sin hadde
ho på Helgelandskysten, men
som 18-åring kom ho til Rovde
og var tenestejente hjå bror sin
som forpakta garden til Ole Lillerovde.
– Eg kom 20. april, seier ho, det
første prov på at datoane sit
inne. Og om vinteren hadde ho
teneste på Redse.
– Men det var ei heilt anna Rovdestrand den gongen enn no.
Det er ei himmelvid forskjell,
så dei unge i dag kan nok slett
ikkje tenkje seg korleis det var.
Det var heller ikkje bilveg oppi
bygda. Redsevegen vart bygd
seinare.
Første tenesta hadde ho som
14-åring hjå søster si, og då var
det vel ikkje snakk om pengar
som løn, men som 16-åring kom
ho til Sandnessjøen i teneste
og då var løna 15 kroner i månaden. Ho minnest første månadsløna ho fekk. Då kjøpte ho
seg sko som kosta 12 kroner og
silkestrømper som kosta 1.50,
og då var det ikkje mykje att.
Og noko var det som skulle gjerast både seint og tidleg. Det
var ikkje mykje unnaluring. Ho
minnest dei store vasstynnene
som skulle fyllast. Slike tynner
var det gjerne både i stovehus
og i fjøsen, og vatnet måtte berast inn i bytter.
Til Rovde for godt
Første opphaldet på Rovde vart
ikkje så lenge. Oslo freista, ho
reiste dit og var der i fire år før
ho igjen kom tilbake til Rovde
i 1938, og no kom ho for godt.
Ho vart gift med Klaus Nygård
og dei busette seg etter kvart
på småbruket oppe i bygda. Og
det vart nok Liv som fekk mykje av ansvaret for gardsdrifta,
Klaus var bygningsmann, fiskar og fangstmann. Like over
nyttar reiste han på sildefiske,
og det vart avløyst med ein
tur til ishavet. Fangsten i Vesterisen starta 13. mars, og så
var det gjerne heime igjen til
17. mai. Men livet på fiske og
fangst sleit nok på den som var
heime, særleg då det var store
ulukker på ishavet. Heime gjekk
dei i uvissa og håpa det beste,
og lite og ikkje var det å høyre
frå dei som var ute. Men Klaus
kom alltid tilbake, og så har ho
eit lyspunkt til: Borna var alltid
friske.
– Det måtte vere nok å gjere for
den som var att heime med born
og gard.
– Det har vore travle dagar, inga
unnaluring, men eg var vand
med å arbeide og likte det. Det
eg grua meg litt til var torv-vinna. Det var ikkje lite torv som
skulle spadast og turkast, torv
var einaste brenselet. Og så
var det å få mjølka ned på vegen til mjølkebilen kom. Det var
nedpå Rabben til riksvegen det
i den første tid. Det var å drage
mjølkespannene på kjelke eller
trille nedover. Oppattover om
ettermiddagen hadde vi betre
tid, då var det også ofte skummamjølk i retur så då vart det
køyrt med hest og vogn, ofte
var det samarbeid med naboane. Men tenk på alt som skulle
spøtast, når eg sette meg ned
så var det å ha eit spøt i hendene. Det var vottar og lestar
både til han som skulle på sjøen og til oss andre, strikking var
det andre som utførde og spinning var mor mi ein ekspert på
så det overlet eg ofte til henne.
– Eg minnest det var grisepurker
på garden også?
Slepp billettar idag
Andre helga i juli, frå
den 9. til den 10. er
store bandnamn som
”Hellbillies” og ”Donkeyboy” ventandes til
Eidså.
HÅVARD PARR
Billettsalet til den tredje Vanylvsfestivalen i rekka byrjar med
billettslepp i dag, og eit avgrensa tal billettar vil verte lagt ut
for sal til ein eigen sleppris.
Med ulike pass freistar festivalen med musikk i eit endå
breiare spekter enn det vi har
sett dei føregåande åra. I tillegg til stjerneskota i "Donkeyboy", med tre spelmannsprisar
i bagasjen, kjem X-faktorvinnar
Chand. Om ikkje dette treff innertiar, så kjem også Michelle
Birkballe, Johan Piribauer og
Dina Misund.
Iscenesett framfor utsynet til
dei spektakulære Breiteigsfjella
skulle konsertkulissane vere
dei aller beste og knappast nokon gong har vel så mange stornamn innanfor musikken vitja
Vanylven samstundes.
I ÅR KJEM DEI: Med ei rykande fersk plate i turnekofferten vil Hellbillies vere eit
av dei store trekkplastera på
Vanylvsfestivalen den andre
helga i juni (FOTO: Eirik
Burås/kolonihaven.no)
– Ja, det var det, tre – fire stykkje, men det var sidan Klaus
vart sjuk og var heime. Han
fekk tidleg hjarteinfarkt. Den
gongen var det ikkje snakk om
operasjon.
– Nygård, langt og bratt oppi
Sundnesbygda, få naboar, var
det tungvint og einsamt?
– Nei slik har eg aldri tenkt. Eg
hadde sykkel og eg treivst der.
Omsorgsbustad
I 1996 var omsorgsbustadane
på Rovde ferdige og Liv Nygård
var av dei første som flytte inn
der.
– Korleis var det?
– Eg innsåg at eg berre måtte
flytte, men i den første tid sakna eg veldig utsikta. Men her
er det greitt å vere, sentralt og
nytt varmt hus. Tenk på ein
slik kald vinter som har vore
om ein skulle bu i eit gammalt
kaldt hus. Eg kosar meg her. Eg
har for dårleg syn til å ha særleg glede av fjernsynet, men eg
høyrer mykje radio og så har
eg lydbøker. Ja, og så har eg ei
kjempekjekk støttekontakt.
JUBILANTEN: Liv Nygård
minnest ei heilt anna Rovdestrand då ho først kom til
bygda 18 år gamal.
Terje Viken
– Korleis går det med Terje Viken, kan du framleis heile diktet?
– Det trur eg nok, men å ha
alle 40 versa i rett samanheng
kunne nok verte vanskeleg. Sist
eg prøvde var på eit pensjonistmøte, men det er mange år sidan. I min oppvekst song vi mykje. Eg har seks eldre brør, og eg
hugsar korleis vi sat i kjøkkenet
i skumringstida kveldane og
song og song. Det var Terje Viken, Lenda frå Land og Sinklarvisa. Eg hugsar ikkje at det var
noko å sjå teksta utor, vi berre
song både vist og gale. Når det
gjaldt Terje Viken så både song
eg og gret, for eg tykte der var
så mykje trist og gripande i den
visa. Eg kan aldri hugsa eg har
pugga teksta, den berre kom
inn med "morsmjølka".
– Pikeforeininga vart eg med i
då eg kom til Rovde, du verda
kor mange vi var som var med i
den foreininga for Santalmisjonen som Sevrine Lillerovde var
leiar for. Den same foreininga
har vore i sving alle desse åra
og no er det ikkje lenger jenter
som er med men gamle kjerringar, halte og blinde frå 80 år og
oppover, ja rett skal vere rett,
det er eit par yngre også. Og
denne foreininga hadde basar
like før påske. Vi grua oss litt
på førehand, men vi fekk god
hjelp, det vart fullt hus og det
kom inn over 20.000 kr til misjonen. Det var den sværaste
basar vi har hatt. Og skulle
det verte den siste så var det
ei verdig avslutning, seier Liv
Nygård.
SYNSTE MØRE
15 TORSDAG 15. APRIL 2010
INNLEGG
ARRANGEMENT
Slekt opp og slekt i mente
Det er interessant å rekkje røter, og det er svært gildt å sjå at
folk no tek til å verte medvitne
om vår nære fortid, og at slektkjensla kanskje tek seg opp att,
etter å ha vore ”ute” i mange
år. Det har også vore tungvint
tidlegare, å leite etter personar i kyrkjebøker og arkiv, då
ein ofte måtte reise langt for
å finne arkiva. Det var også
tungvint med dei gamle apparata til å blade i bøkene med,
og skrifta til prestar og andre
geistlege, er ikkje alltid like lett
å forstå. Det var ikkje alltid fjørpennane var nye.
Difor kjem no ei vaknande interesse for slektsforsking, med
dei nye tekniske hjelpemidla,
og ein kan lese kyrkjebøkene
i si eiga stove, forstørre opp
skrifta og retteleg leve seg inn
i forfedrane sitt liv og sin lagnad.
Eg har med glede lese både
Jakob Kroken og Brit Irene
Kvamme sine artiklar, også for
di eg har lese mykje i bygdebøkene i alle år, og har funne
interessante ting der.
Eg har før skrive om den første presten i Ulsteinvik som er
namngjeven. Han var dansk,
etter som det står å lese, og
budde på Dimnasund prestegard. Den første kona veit vi ikkje namn på, men med henne
hadde han fleire born. Det har
gått rykte om at ho var fostra
på prestegarden, og somme
har meint ho var av taterslekt.
Ein son med same namn som
presten flytte til Herøy , visst
nok som lensmann. Og eit oldebarn av han reiste til ytre Vik
i Vanylven og busette seg på
br.1, der.
Der finn vi han og borna Mads,
Mari, Ole,Rasmus og Dorte.
Den eldste guten, Mads, tok
over bruk nr 3. han hadde
fire born. Jakob, som overtok
garden, vart gift med Johanne
Jonsdatter Hatlebrekke. Så
vidt eg har forstått, var ho dotter til bror åt kona til min tipptippoldefar Knut Støylen på
Syltedalen. Jakob Madsen og
Johanne var også foreldre til
mi oldemor på farsida: Marte
Jakobsdotter, Haugbakk-Marte
og min tippoldefar på morsida:
Arne Jakobsen Vik, som var far
til Gjertrud, gift på Syltedalen
med Martinus Myklebust den
eldre som var dotterson åt
Knut Støylen. Min far frå Haugbakken var altså tremenning
med min morfar på Syltedalen,
Martinus Myklebust den yngre. Det var mykje gifte innanfor slektene før, som Kvamme
peikar på.
Men Dorte, farsøster til Jakob
vart ift på Vikebakk l. med Ole
Olsen Tue. Ein av sønene var
Jonas, som saman med kona
Mari Olsdtr frå Storeide fekk
fleire born, ein av dei var Jan,
som flytte til Røvehammaren,
og så vidt eg skjønar var ættfar til Jakob Kroken den eldre
og dermed Jakob Leiv Kroken, forfattaren av artikkelen i
Synste Møre.
Så kan ein seie at dette er så
lenge sidan og at blodet knapt
er tjukkare enn vatn etter så
lang tid. Men gener forsvinn ikkje, dei kjem att og kjem att i
nye ættledd. Og hundreåra går
så merkeleg fort.
Då Håkon Fiskaa skreiv dei første slektsbøkene, hadde dei
funne ut at både Berte i Årøyane, Per Storeide, Olav Rusti
og fleire, hadde slektsrøter til
Mads Madsen Fynbo. Dette
fekk eg brev frå Fiskaa om.
Mange fleire kan rekke slekta
dit, for ”Madsefolket” hadde
mange born som bar slekta
vidare, sjølv om så forferdeleg
mange born og unge, døde.
Dette berre som eit apropos til
dei to gilde artiklane.
Marie Lovise Widnes.
Har du diabetes
og veit at du bør
trene meir?
– No har du høve til å kome i
gong i lag med andre, fortel
diabetessjukepleiar Gerd Helen Masdal ved Volda Sjukehus.
– Onsdag startar vi trening
på Fiskå og i samarbeid med
Vannylven Kommune har vi fått
fysioterapeut Solveig Menes til
å leie treningane. Dei vil gå kvar
onsdag fram til sommaren
Masdal fortel at dette er eit
tilbod som mange med diabetes har etterspurt. Folk med
diabetes er som folk flest. Det
er ikkje så lett å kome i gang
med trening på eiga hand. Om
ein trenar i lag med andre vert
det lettare å kome i gong. Treningane er retta mot folk med
diabetes I Vanylven og ein treng
ikkje å vere I god form for å ta
del, skriv Helse Sunnmøre I eit
presseskriv til oss.
... og bygdene rundt!
Synste Møre er – etter det vi
les på side tre – avis for ”Vanylven og bygdene rundt”. Kva
som ligg i bygdene rundt er ikkje nærare definert. Det er vel
kanskje tvilsamt om den tyske
byen Schwarzhausen kan reknast med her. Men like fullt,
i Hautpstrasse 12 i den byen,
har vi to av våre trufaste lesa-
rar.
Like før påske fekk vi hyggjeleg
helsing frå Rita og Georg Shumann som takka for interessant stoff frå Vanylven. Dei to
har vore i Noreg, nærare bestemt på Hammaren på Hakallestranda, kvart år sidan 1994.
Og det er Petter Nybø som har
sytt for at dei får avisa. Og sjølv
om vi altså ikkje rakk å få med
helsinga frå Rita og Georg i påskenummeret, synest vi den er
så hyggjeleg at vi tek ho med
her litt på etterskot:
”Vi ønker alle lesere og redaksjonsmedlemer en glad påskefest og mye fargerike påskeegg”!
Det finst dei som meiner at ein
kan greie seg utan egg også...
MØTE
Du kan tinge lokalavisa ved å ringe 70020820,
ta kontakt på e.post [email protected] .
Aglow til Hakallegarden
”Å kome heim” er overskrifta
på føredraget Sigrid Moltumyr
skal halde på møtet til Aglow
på Hakallegarden laurdag. Ho
vil snakke om eigne erfaringar kring søken etter meining,
noko ho først som vaksen oppdaga i den personlege relasjonen til Jesus. Det er Aina Mol-
skred som har invitert Aglow til
å halde møte på garden. Sidan
Aglow lenge har vore eit viktig
kristen fellesskap for Aina, vil
ho samle kvinner i sitt heimemiljø denne gongen, skriv Søre
Sunnmøre Aglow i eit presseskriv til oss.
DELER ERFARINGAR: Sigrid
Moltumyr
SYNSTE MØRE
16 TORSDAG 15. APRIL 2010
For 10.gang!
Sande kommune
7.-11. juli 2010
Seljord 2010
28.juli - 1.august
Nordens største countryfestival!
Nitty Gritty Dirt Band (US)
Carleene Carter(US) Hellbillies
Vassendgutane
Jahn Teigen og Anita Skorgan
Lasse Stefanz Ole Ivars Frøya
Too Far Gone Steff Nevers
Ca 25 topp countryband
Vi ynskjer gode søkjarar til følgjande
stillingar
Einingsleiar/rektor – Kvamsøy
oppvekstsenter
2.
Einingsleiar/rektor – Gursken
oppvekstsenter
Fast tilsetting - 100%
Fast tilsetting – 100%
Undervisningsstillingar i
grunnskulen
4.
Assistentstilling – Larsnes
oppvekstsenter
5.
PP-rådgjevar
6.
Lærarar i kulturskulen
Totalt ca 25 band
Visus
1.
3.
Anne Nørdsti Ingemars Vazelina Bilopphøggers
3 Busserulls PK & Dansefolket Vagabond
Steinar Engelbrektson Band
For 12. gang!
Musikk fra 3 scener
14 timers non stop musikk
Stor campingplass med alle fasiliteter
Stort Amcar-treff 18 års aldersgrense
Info./bestilling tlf. 35055164
www.countryfestivalen.no
14 timer non stop musikk hver dag.
Musikk fra 3 scener.
Stor campingplass med alle fasiliteter.
Hotell, motell eller 4/8 sengs leiligheter.
Aldersgrense 18 år.
Info/bestilling: tlf. 35 05 77 00
www.seljordfestivalen.no
når noko skjer - sjå innom www.synste.no
Ledige stillingar ved alle skular
HUS - HYTTER - GARASJER
60% fast
Inntil 100% vikariat
HAR DU BYGGEPLANAR ?
Ulike musikk- og kulturfag fast
inntil 100%
Spør etter vår nye huskatalog. Den inneheld ei
mengd spennande og interessante hustyper, samt
mange gode idèar. Finn du ikkje noko som fell i
smak, teiknar vi sjølvsagt eit heilt nytt hus spesielt
for deg.
Søknadsfrist: 01.05.10.
Gå inn på www.sande-mr.kommune.no for
fullstendig utlysing og søknadsskjema.
For deg som har hytteplanar, har vi utarbeidd
ein katalog som inneheld 16 fritidshusvære.
I tillegg har vi eit stort arkiv med gode idèar.
Opplysningar får ein ved å vende seg til
Sande kommune v/Øystein Johansen,
tlf. 99 29 15 22.
Vi har også eit betydeleg arkiv av garasjer i
forskjellige storleikar og fasongar.
Ta gjerne kontakt for eit hyggjeleg tilbod!
8WDQIRUDOOIDUYHJKHOGLJYLV
BYGGFAG
Nystøl & Fagerhol AS
6143 FISKÅBYGD Tlf. 70 02 08 30 Fax. 70 02 08 31 E-post: [email protected]
www.nystol-fagerhol.no
www.byggfag.no
Gjer som oss, sats på kjende leverandørar!
Visus. Foto: Baard Sperrerud
Sande kommune på Søre Sunnmøre har ca.
2600 innbyggarar. Vi prioriterer å gje gode
oppvekstvilkår gjennom skule og barnehage i ein
desentralisert struktur, der nærleik til brukar og
samspel med enkeltindividet er sentrale verdiar
1 ,(%%% 2,)
,0 ## 3* %4 2,"0#& % 3 $*"0, , *0 ,0'*,0
& #&00,0) ,0 ## % & ( 3 ,% % *
!!! 4* 2, ,&$ 2 & "&$$%
%*,!&%* ,"# 0* 3, $) *&* * 3
,$#0 % &3 & 3* ,0 %0%,!&%*
0 ##, , %(*&*$- &"3# 00 #2,,)
#) .5 5 . 55 (&,0) *%)# %&*&2,)%& *%0)2$*,0%&*&2,)%&
SYNSTE MØRE
Gruppetrening for
deg med
diabetes
Har du lyst til å trene
saman med andre
som har diabetes.
Onsdagar kl 18 har vi
oppmøte ved inngangen til Vanylven sjukeheim på Fiskå.
Treninga er i regi av
Vanylven kommune
i samarbeid med
Diabetes Poliklinikk,
Volda, og vert leia av
fysioterapeut Solveig
Menes. Det kostar kr
85,- pr gong.
17 TORSDAG 15. APRIL 2010
Fiskeklubbmedlemar, barn og unge
KonÀrmasjonsdress
VJFF inviterar til
fiske med småline
frå str. 12-18 år kr 799,-
Laurdag 17. april, frå kl. 12 til 15
Basen vår vert ved småbåthavna i Vik (Syvde),
med oppmøte kl 12 presis for dei som vil vere
med ut i båt, (begrensa antal, fyrst til mølla...)
Skjorte
frå Giovani
Påmelding/info kontakt Aksel Øren
[email protected] (99 12 99 89)
innan fredag 16/4 kl 15.
kr 399,-
NB! Husk å ta med redningsvest og varme kle!
Vêr avhengig, kan verte avlyst ved dårleg vêr.
Slips frå...
kr 149,-
Søknadsfrist:
15. april
Pakketilbod:
dress
+ skjorte
+ slips & tørkle
kfu2010
kr 1.199,-
DIN LEVERANDØR
AV BYGGEVARER
- Utdanna i Volda, sa du?
HUS - HYTTER
GARASJER
Nystøl & Fagerhol AS
6143 FISKÅBYGD
Tlf. 70 02 08 30 Fax. 70 02 08 31
E-post: [email protected]
www.nystol-fagerhol.no
Fagbutikken i Ditt Distrikt!
Bachelor og
Gir du litt av deg sjølv,
profesjonsutdanningar:
får du mykje tilbake!
Lærarutdanning
Førskulelærarutdanning
Aktive og kreative studentar
Animasjonsutdanning
Rimelege hyblar og levekostander
Drama/teater
Inkluderande og godt studentmiljø
Kunst og handverk
Utanlandsutveksling i alle studium
Musikk
Dokumentarfilmfestivalen
Sosionom og barnevernspedagog
Animasjonsfestivalen
Historie, kultur og samfunn
VEKA og vekerevyen
Språk og litteratur
Planlegging og leiing
Volda er den største studiestaden
Idrett og friluftsliv
mellom Bergen med Trondheim
PR, kommunikasjon og media
med over 3500 studentar
Media, IKT og design
Journalistikk
Frå Comfort butikken ...
Støvsugar
Ultra One
Electrolux Z8820
- kun 72 dB (A)
- skyllbart HEPA
13 ¿lter
- 2200 watt
Vaskemaskin
Zanussi ZWF5125
- Energikl. A -10%
- 1200 o/min
- Elektr. styrt
www.hivolda.no
9.-10 juli 2010
Vanylvsfestivalen
Er det fullt
i kjellar og
på loft?
Kanskje nokon vil
kjøpe det du ikkje
treng meir?
Prøv ei rubrikkannonse til 50,+ mva i lokalavisa!
Ring 700 20 820 eller
send mail til
[email protected]
Kondenstørk
P
P
E
L
S
T
T
E
L
BIL
Zanussi ZTE171
- Elektr. styrt program
- Stopper når tøyet er tørt
- Rustfri ståltrommel
esialpris
lettar tiål, Sspp.Møre, Fiskå
il
b
l
ta
n
a
. 400,-*
Statoil Fisk
Redusert
. april på 0,-* Ungdomspass kr
Sal frå 16al
pass kr. 60
HELLBILLIES
Festiv
DONKEYBOY
CHAND-SIE GUBBA
Kjøleskap
Electrolux ERC 37207W
- Glashyller
- H 180/B59,5 cm
- Energiklasse A
MICHELLE BIRKBALLE
JOHAN PIRIBAUER
DINA MISUND m.Á.
* Festivalpass ord. kr. 900,- v/inngang kr. 1200,- / Ungdomspass ord. kr. 550,- v/inngang 700,-
A.M. VIK AS, 6140 Syvde - Tlf.: 70 02 31 13
Åpningstider: mand. - fred. 09.30-17, laurd. 10-14
SYNSTE MØRE
18 TORSDAG 15. APRIL 2010
Generalforsamling i Vanylven Utvikling AS
F I B E R S AT S I N G
11. mai kl 19 i kommunestyresal, Fiskå
Saksliste: val av revisor, val av styre, godkjenning årsmelding
og rekneskap 2009
VANYLVEN
UTVIKLING
Interesseorganisasjon for næringsutvikling i Vanylven
Praksisordning
for ungdom sommar 2010
Denne praksisordninga er opa for ungdom mellom 15 og 17 år. Arbeidsgjevar får eit tilskot pr.
time i inntil 3 veker (112,5 timar). Ungdomen vil
få løn, eit nettverk og ein arbeidsattest.
Ungdom og arb.gjevarar som ynskjer å delta i
ordninga sjå vanylvenutvikling.no for meir info
og søknadsskjema, eller ring 700 20 881
VANYLVEN
DIN LEVERANDØR
AV BYGGEVARER
Tussa er eit leiande og utviklingsorientert energi- og kommunikasjonskonsern på Nord-Vestlandet.
Tussa produserer og overfører straum, og kjøper og sel ulike energiprodukt. I tillegg byggjer
vi ut breiband, driv eiga installasjonsverksemd og er leiande på IT-drift og kommunikasjon i
området. Vi er nær 300 medarbeidarar og har ei årleg omsetjing på om lag 600 mill. kroner.
Tussa er i stadig utvikling og byggjer no ut fibernett til husstandane på søre Sunnmøre. Dei neste
åra vil Tussa investere for 200 mill. kr i fiberteknologi. Utbygginga vil gjere Tussa i stand til å
levere kraftig internett, TV-pakkar, leigefilm og telefoni.
UTVIKLING
Satsinga gjer at vi i prosjektperioden har behov for fleire
Interesseorganisasjon for næringsutvikling i Vanylven
FIBERSELJARAR – heiltids- og deltidstillingar
HUS - HYTTER
GARASJER
Nystøl & Fagerhol AS
6143 FISKÅBYGD
Tlf. 70 02 08 30 Fax. 70 02 08 31
E-post: [email protected]
Søknadsfrist:
15. april
www.nystol-fagerhol.no
Fagbutikken i Ditt Distrikt!
KAMPANJEDAGER!
Espegard Notsekk
Barnevern og sosionom
Vil du arbeide med menneske? Omsorg og oppfølging
er ikkje sjølvsagt for alle, og då trengst det flinke
sosialarbeidarar som kan hjelpe.
Kvalifikasjonskrav
- Kundeorientert, fleksibel og positiv
- Evne til å takle høgt arbeidstempo
- Teknisk forståing er ønskjeleg
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagt
Vi kan tilby
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt
energi- og kommunikasjonskonsern
- Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
- Tilsetjingsforhold gjennom bemanningsbyrå
Fleire opplysningar om stillingane får du på tlf. 70 04 62 00 hos Steinar Hauge
eller Ivar Driveklepp.
Aktive og kreative
studentar
Rimelege hyblar og
lave levekostandar
Super tørke- og transportsekk for ved. Leveres
med plano bunn eller
bunntømming.
Inkluderande og
godt studentmiljø
3570 Ål Tlf 3208 6330
Elektronisk søknadskjema finn du på www.tussa.no.
Søknadsfrist 27.04.2010 til: [email protected]
www.espegard.no
Utanlandsutveksling
i alle studium
SYNSPRØVE
Off. godkjent optiker
Dokumentarfilmfestivalen
Animasjonsfestivalen
VEKA og vekerevyen
www.hivolda.no
Viktige arbeidsoppgåver vil vere
- Sal av fiberaksessar til husstandar
- Planleggje, gjennomføre og følgje opp kundeaktivitetar
- Inngå salskontraktar
Stillingane vil ha oppmøtestad Ørsta.
kfu
Andre bachelor og
profesjonsutdanningar:
Lærarutdanning
Førskulelærarutdanning
Animasjonsutdanning
Drama/teater
Kunst og handverk
Musikk
Sosionom og barnevernspedagog
Historie, kultur og samfunn
Språk og litteratur
Planlegging og leiing
Idrett og friluftsliv
PR, kommunikasjon og media
Media, IKT og design
Journalistikk
Vi søkjer etter fleire dyktige og motiverte seljarar som ønskjer å verte ein del av eit
spanande salsteam. Teamet sel fiberløysing og digitale produkt til eksisterande og nye
kundar. Delar av arbeidstida er lagt til ettermiddag/kveld og du må pårekne reiseaktivitet
på søre Sunnmøre.
- øye for ditt syn
Tlf. 57 85 15 62 - Måløy
HUGS EU-kontroll!
Finn ut når du trenger EU-kontroll
på AutoMester.no og meld deg på
Gratisvarsling for neste kontroll.
Rolandsen Bilverksted AS
6143 Fiskåbygd
Tlf.: 700 21 320
Fleire glade bilistar
www.automester.no
Lokalt nytt
¿nn du i lokalavisa!
Sjå også innom www.synste.no
Har du tips om ei god sak - send
mail til: [email protected]
eller ring 700 20 820
SYNSTE MØRE
PINSEMENIGHETEN
Datakurs for
pensjonistar
Sion Åheim
Fredag 16. april kl.19.30.
Eit kurs er igong. Dersom interessa for eit
kurs til, er stor (maks
12 pers.) ring 700 24
063 eller 99 64 98 62
Minikonsert
ved Cilla Hector
Jan Nestvold orienterar om
Ibra-arbeidet.
Kollekt til Ibra.
Velkomen!
19 TORSDAG 15. APRIL 2010
Årsmøte til Hovda Utmarkslag 6. juni 2010.
Saker som medlemar ynskjer å ta opp må vere
styret i hende innan 30. april 2010.
Nærare annonse vert trykt i lokalavisa i tråd
med vedtektene.
Styret Hovda Utmarkslag
Dalsfjord sogelag
EIDSÅTUN L/L
PINSEMENIGHETEN
Leige av Eidsåtun
tingast hjå
Åse Kolgrov på
telf. 942 09 509.
Styret
Vårfest på Sion
Søndag 18 april kl.16.
Program ved borna.
Utlodding og premiering.
Mat. Vi bed foreldra ta med
eit matfat Heile familien og
elles alle som vil:
Velkomen!
Arr. Junioren og Søndagsskulen
Eidså bedehus
Velkomen til møte
onsdag 21. april kl. 19.30
Tale v/Dag¿nn Røsvik.
Song av Oddmund
Eikrem. Misjonsgåver.
Kristen muslim misjon
Åheim helselag
har basar på
Misjonshuset
tysdag 20. april kl. 17
Alle hjarteleg velkomne!
Sildebord (boknasild, sildekaker,
og andre silderettar)
Dalsfjord skule sundag 18. april kl. 16
Styret for Dalsfjord Sogelag
Åheim
Elveeigarlag
Årsmøte
Tysdag 20. april
på Åheim skule kl. 19
Vanlege årsmøtesaker og
nye føreskrifter.
Andre saker ein ynskjer å
ta opp - kontakt styreleiar.
Velkommen!
Kultur og oppvekstsektoren:
50% stilling som assistent, Fiskåbygd skule,
StillingsID 142
100% stilling som assistent, Åheim skule,
StillingsID 143
Søknadsfrist 30.04.2010.
Sjå fullstendig annonse
www.vanylven.kommune.no
OPEN SAMLING
på Hakallegarden
(i Vanylven) for jenter/
kvinner i alle aldrar,
laurdag 17. april
kl. 17 - 20.00.
Gratis inngong.
Sal av mat og div.
frå kl. 16.00.
Rådmannen
på Eidsåtun
laurdag 17. april kl. 21.00 - 01.30
Musikk: Nils Petter Nes
Syvde skulekorps
inviterer til bygdafest
i høve 50- års jubileet, laurdag 17. april kl 18.
Alle er hjarteleg velkomne til
flott underhaldning. Fri entre, matsal.
Styret
Husk
IDAG torsdag 15. april
Eidsåvoll kl. 18.30
Mannskorkonserten
Åram/Van.kam FK - Vartdal
i Vanylven kyrkje
søndag kl 19
Velkomen til Eidsåvoll!
Stadlandet
Rett Vest
VANYLVEN KOMMUNE
Vanylven kommune har desse ledige stillingane:
Gla Dansen
Bli med på ”Noregs vakraste fjelltrim”
laurdag 24. april
Mosjonsklasse kl 11.00 - Konkurranseklasse kl 12.00
Mosjonistar utan tidtaking kl 10.00 - kl 10.45
Start frå Dragseidet følg skilting. Buss frå parkering til startpunkt og
frå målpunkt til parkering. Påmelding opp til ein halv time før start.
Løypetraseen 14 km: Dragseidet - Vardeberget - Grøyterøysa Mosekleivhornet - Ytre Stad Grendaskule.
Konkurranseklassar - kl.inndeling. Mosjonsklassa - blanda
www.aglownorge.org
Barne- og familievennleg løype rundt Ervikvatnet 5 km
Start mellom kl 11 og kl 12 frå Ytre Stad Grendaskule (ikkje påmelding)
Permanent feittfjerning
utan kirurgi! No -10%
Reperasjon/
vedlikehald
av motorsag - grasklippar - slåmaskin
påhengsmotor o.l.
Tlf. 700 23 990
Tinging av bork
til dekke i skråningar,
bed o.l. ring
Kjell Kjøde
Før
Etter
tlf. 90 10 89 52
Hårfjerning No -10%
Plastikk kirurg på klinikken
i april og mai.
Restylane/Botox vert utført dagleg
av spesialsjukepleiar.
Timebestilling
HUD- OG
LASERKLINIKKEN
PLASTISK KIRURGI
Tlf. 70 07 76 77
www.hudoglaserklinikken.no
BEST
SYVDE
Medarbeidar søkes
Vi treng for snarlig tilsetning 1 til 2 faste
bensinstasjonsmedarbeidarar.
Må vere 18 år.
Vik Bilverksted AS
6140 Syvde
Solveig Landsverk
700 23 305/700 23 064
Påmelding, priser og meir info: www.stadlandetil.no
Eller ring Mirjam Friberg mob. 41 54 20 19.
Vi ynskjer alle velkomen til ei unik naturoppleving.
Arr: Stadlandet Idrettslag
HJELP! Herrering
mista strekninga vidaregåande til/på puben i Syvde
palmehelga.
Ringen er veldig spesiell,
lett gjenkjenneleg og eit
kjært arvestykke, med stor
affeksjonsverdi for meg.
Har du funne den? Ta
kontakt med red. i Synste
Møre. Finnar løn kr. 1000
Motorslåmaskiner m.m.
Honda, Benassi Àeire str.
Bestill tidleg for gode tilbod.
Ellers alt i hagemaskiner og
motorsager m.m. med inntil
4 års garanti.
Castrol, Mobil og Agrip til
bil, båt, MC og maskiner.
Lave prisar!
KJØP/SAL/LEIE
Påhengsmotor
5-15hk, evt. også plastbåt
13-14 fot ønskes kjøpt.
Tlf. 911 77 985
Salg og utleige av:
BMW 316i 2004.
61000 km. Eu-godkjent
7. januar i år. Det er
montert anlegg til 16000,
orginalt, kan følge med
om ønskelig. Nesten nye
sommarfelgar. Kan sjåast
i Syltefjorden. Ring for
meir info. Tlf. 976 63 935
Surfor til sals.
Fiskåbygd - tlf. 48 02 68 76
Kiropraktor
Henriette Svendsen
og Sindre Brekke
Syvde - tlf. 70 02 12 31
Geir Nordal,
tlf. 700 23 229
Minigravar/betongsag/rivingsutstyr/
hageprodukt
Tlf. 700 23 990
Varmepumper/
kjøleanlegg
salg - service
& kontroll
Tlf. 700 23 990
TORSDAG
15. APRIL 2010
TORSDAG 15.
APRIL 2010
SISTE
20SIDA
SYNSTE MØRE
SYNSTE MØRE
SOL & MÅNE
Sola står i dag opp 06.15, og
går ned 21.03.
Månen står i dag opp 05.41
og går ned 23.24.
FLO & FJØRE
Tors.
Fred.
Laurd.
Sønd.
Mån.
Tys.
Ons.
FLO
FLO
FJØRE FJØRE
00.04
00.34
01.06
01.41
02.20
03.07
04.05
12.14
12.47
13.24
14.04
14.51
15.48
16.59
06.12
06.45
07.20
08.00
08.46
09.42
10.53
18.29
19.01
19.35
20.14
21.00
21.58
23.13
Alle utrekningar med utgangspunkt i Fiskåbygd.
Kjelde: Statens Sjøkartverk, Tidevasstabellene. Løyve 208/95.
FOR 20 ÅR SIDAN
VestAvisa 11. april 1990
Siste salva avfyrt før påske:
Hovedsiloen tilsvarar 2,7
km med olivintunnel
Like raskt som omveltningane har skjedd i europeisk
storpolitikk vinterhalvåret
1989/90, like merkbart skjer
dei synlege endringane i
Åheimsamfunnet i same perioden. Og like målretta som
nasjonane er i sin perestroika, like sikkert gjennomfører
A/S Olivin sin revolusjon innan transporten av masse. Alt
går etter planen.
Parallelt med utsprenginga
av Olivintunnelen mellom
Åheim og Gusdal, har utsprengingsarbeidet for den
nye hovedsiloen på Olivin
sitt anleggsområde gått føre
seg. 50.000 kubikkmeter fjellmasse er utskoten.
FOTO: Håvard Parr
På køyretyet skal storfolk kjennast
Den er mest for ein buss å rekne den nye trillevogna i Solsikka barnehage. No som snø og
is har forsvunne på vegane kan
dei endeleg ta i bruk det spanande køyretyet. Nesten heile
småbarnsgruppa ”Storknebb”
går opp i same barnevogna kan
vi sjå. Men då vert det også så
tungt at dei må vere to som
skuar dei selesikra barna. Passasjerane er (frå venstre): Isak
Maalø, Ingvar Per Rusten, Bendik Rekkedal, Linea Josefine
Lillebø, Gretha Søvik Rusten
og Daniel Grønvold. I den ”lille”
vogna sit Nikolai S. Nygård og
Sondre Son Drange. Dei som
driv jula framover er (frå venstre) Somjai Sritron, Synnøve
Parr, Bente Krøvel og Mechelle
Storeide.
det er pengar som ligg bak den
store iveren å selje produkta?
Eller er drivkrafta kanskje berre
at dei av edel godhug vil spreie
sin kunnskap til oss uvitande
som ikkje er klare over dei vedunderlege verknadene dette
kan ha på livssituasjonen vår?
I vinter har vi til dømes også
songaren Paul Anka og hans
svenske kone, (Kalle?), som har
stått fram i media som reklame
for at slike produkt av ulikt slag
er vegen til den store lukke.
nett at også Paul og Kalle (Nei,
Anna var det visst) har roke
uklare. Så var visst heller ikkje
dette vegen til lukke.
HÅVARD PARR
PÅ TAMPEN
Vegen til lukke
I avisa i dag kan vi lese om pensjonistar på datakurs. Då vil dei,
som oss andre, også få kjennskap til Spam, eller uvelkomne
meldingar på e-post. Dette kan
på eit vis samanliknast med reklame ein får i vanleg post og
som ein ikkje har bedt om. På
det verste kan det ligge mange
slike meldingar på e-posten ein
dag. Det gjennomgåande med
desse er at dei oftast har med
kjønnsliv å gjere og gjennom
lokkande utsegner gjerne vil få
meg og andre til å kjøpe produkt som skal gjere underverk
på ulikt vis.
I det siste har dei gjerne i ulike
versjonar prøvd å fortelje meg
at nøkkelen til suksess hos
det andre kjønn ligg i anten å
få forbetra ein kroppsdel slik
at ein vert i stand til å kunne
delta på hingsteslepp om vå-
ADRESSE M.M:
Postboks D, 6139 Fiskåbygd
Telefon 70 02 08 20.
Telefax 70 02 08 25.
Bankgiro: 3972.20.33233
Heimeside: www.synste.no
E-post: [email protected]
INNLEVERINGSFRISTAR
for annonsar: Tysdag kl. 14.00
Større forr.ann.: Måndag kl. 16.00
ren, for mannfolk sin del, eller
få lagt inn silikonprodukt slik
at ein like gjerne kunne måle
brystpartiet sitt i gilde fargar
og henge det opp under taket
i barneselskap, for kvinnene
sin del. Og gjeld det ikkje desse
to forbetringane, som dei som
står bak e-posten tilbyr rimeleg
hjelp med, er det tilbod om lave
prisar på eit produkt som gjer
at ein kan halde ein viss aktivitet gåande heile natta. Dette
skal visstnok gjere den kvinnelege part så overlukkelege.
No skjønar eg ikkje heilt at det
å ta frå partnaren nattesomnen
skal gjere kvinner meir lukkelege. Eg ser heller ikkje tilfelle av
somnruskne hokjønn som går
rundt og ser så spesielt glade
ut. Eg er dessutan innom ein
del garderobar gjennom eit år.
Der ser eg ein del andre mann-
folk utan kle på, og utan å kunne
seiast å ha studert saka så inngåande, trur eg at eg kan seie at
enno har til gode å sjå nokon
som har føreteke kunstige prosessar på det dei har nedantil.
Og likevel går dei rundt og ser
ut som dei ikkje har særlege bekymringar med det.
Kvinnegarderobar er eg sjeldnare innom, men av det eg kan
sjå, er det heller få også her
som har føreteke justeringar
på det øvre frontpartiet ut i frå
naturtilstanden. Og ikkje berre
ser det ut som det går bra likevel, men eg ser også ektepar
som går rundt og ser ut som dei
er lukkelege og har det bra i lag
utan slike inngrep. Men kanskje
er det vi som bur her i avøydna
som ikkje forstår oss på dette.
Kanskje kunne ein mistenke at
No er verken eg eller pusen
i den situasjon at vi er i den
mest relevante målgruppa for
produkta, men etter massiv påverknad begynte eg likevel difor å halle til at dette var noko
ein burde vurdere nærare. I
beste fall kunne det og gjere
noko med folketalsutviklinga i
kommunen? Men så las eg på
BLADPENGAR:
Heilår: 650 kroner
Halvår: 325 kroner
Student (10 mnd) : 350 kr
Tillegg for porto utanom Norden
LAYOUT/ UTGIVAR:
Synste Møre AS, 6139 Fiskåbygd
PRENT:
Polaris Trykk Ålesund
Best lokalt
70 02 08 20
OLE MAGNE
KVALSVIK
[email protected]
PRIVAT-TELEFONAR/E-POST:
Red/dgl.leiar Vidar Parr,
privat 70 02 13 76. mobil, 950 245 48
e-post:
[email protected]
Annonsekons. Rønnaug Søvik privat 70 02 01 38 mobil 951 40755
e-post:
[email protected]
Journalist Ole Magne Kvalsvik mobil 911 84479
e-post:
[email protected]
Journalist Kjell Brenne
privat 70 02 41 22 mobil 950 24553
e-post:
[email protected]
Synste Møre er medlem i Landslaget for lokalaviser (LLA)