Folkemusikk og folkekunst 1 studiår 2015

Transcription

Folkemusikk og folkekunst 1 studiår 2015
Høgskolen i Telemark
Fakultet for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning
Juli 2015
Til nye folkemusikk - og folkekunststudentar i Rauland
Vi har gleda av å ynskje nye studentar velkomne til eit nytt studieår ved Institutt for
folkekultur i Rauland. Studiestart er onsdag 19. august 09.00. Då vil du få ein gjennomgang
av studieplanar, pensumlister og anna informasjon. Torsdag 20. og fredag 21. er satt av til
faglege aktivitetar. På ettermiddags- og kveldstid blir det museumsbesøk, grilling og turar for
å bli betre kjende med kvarandre og Rauland.
Høgskolen i Telemark, Fakultet for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning har fire
institutt, - tre på Notodden og eitt i Rauland. Institutt for folkekultur i Rauland har to
studieretningar, folkemusikk og folkekunst (bachelor og master) og deltidsstudium innan
maskinstrikking og design/ redesign.
Institutt for folkekultur leiger undervisningslokaler av Raulandsakademiet A/S. Den primære
aktiviteten i desse lokala er sjølvsagt den undervisninga og dei kulturelle aktivitetane som
instituttet står for, men bygningane vert også nytta til kursverksemd, seminar og konsertar.
Det er difor ein spanande studiestad du kjem til.
For nærare informasjon om studieplanar og litteraturlister, sjå: http://www.hit.no
Studentsamskipnaden i Telemark, Sitel, tlf. 35 02 66 42, kan hjelpe deg med å finne ein plass
å bu. På www.sitel.no kan du få meir info om studentbustaden i Rauland. Det er også mogleg
å leige hus/hytter/hyblar på den private marknaden.
I tillegg til semesteravgift, må studentar på Folkekunst (års - og bachelorstudiet) betale kr.
1500,- pr. semester i fellesmateriell. Materiell til estetiske fag kan du få kjøpt på
instituttkontoret, og det kjem på ca. kr. 1500,-.
Instituttet har ein del instrument som folkemusikkstudentane kan leige.
For informasjon om offentleg transport til Rauland, kan du ringe Telemark bilruter A/S
tlf. 35 06 54 00, www.telemarkbil.no, eller Haukeliekspressen www.nbe.no
Så snart du har fått tilbod om studieplass kan du sende inn søknad om studielån. Informasjon
om Lånekassen finn du på: www.lanekassen.no
Frå torsdag 27.august - søndag 30.august er du som student på folkemusikk invitert til
Nordsjøfestivalen i Farsund. Du vil få meir informasjon om dette ved studiestart.
VEL MØTT!
Helsing
Bodil Akselvoll
instituttleiar
Fakultet for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning, 3864 Rauland Telefon: 35 95 29 00
Folkemusikk, årsstudium og
Folkemusikk, bachelor
Folkekunst – tre – metall - tekstil,
årsstudium og Folkekunst, bachelor
Val av hovudinstrument:
Av omsyn til planlegginga, ber vi deg
melde frå kva du ynskjer som
hovudinstrument (evt. sang/kveding)
Val av verkstadfag:
Verkstadfag utgjer om lag 60 % av studiet.
I verkstadfag kan ein velje mellom tre,
metall og tekstil som materiale.
Ta kontakt med klasseleiar Per Åsmund
Omholt tlf: 35 95 29 13, e-post:
[email protected], dersom du er usikker.
Studietur: Tidleg i haustsemesteret vert
det arrangert ein obligatorisk studietur.
Utgifter til denne turen vil kome på om lag
3000 kr.
Send namn og val av
hovudinstrument til:
Send namn og val av verkstadfag til:
[email protected]
[email protected]
Du kan velje mellom:
 Metall

Tre

Tekstil
Har du svara på Questback sendt ut frå oss
kan du sjå bort frå dette 
Fakultet for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning, 3864 Rauland Telefon: 35 95 29 00