Årsmelding 2014 Ål kyrkjelege fellesråd

Comments

Transcription

Årsmelding 2014 Ål kyrkjelege fellesråd
Årsmelding 2014
Ål kyrkjelege fellesråd
Ål kyrkjelege fellesråd har hatt desse medlemmane i 2014:
Ingvard Solberg (leiar)
Øystein Kilde (nestleiar)
Ivar Brevik (ordførar og kommunens repr)
Vigdis Moen Storhaug (prost)
Terje Nordal
Torfinn Slåtto
Anne Torild Grødum
Karin Skrindo Granberg.
Fellesrådet har hatt 7 møter. 42 saker er handsama.
Det er halde eitt felles soknerådsmøte.
Sokneråda i Ål gjekk inn for at det blir ein prøveordning om felles sokneråd i Ål frå og med neste
valperiode.
Ål kyrkjelege fellesråd forvaltar kyrkjer personal og økonomi på vegne av dei tre sokna i Ål kommune.
Fellesrådet forvaltar gravplassane.
Ål kommune vidareførte rammeløyvinga frå 2013 til kyrkja, og fellesrådet fekk 4 560 000 til drift. Kyrkja
skaffar mykje pengar frå andre stader som Norsk kulturråd, ulike fond, samt eigeninntekter som for det
meste er festeavgifter.
Kommunen løyvde ikkje pengar til investeringar for kyrkja.
Nye salmebøker
Årsmeldinga er bygd opp etter budsjettområda:
1.
2.
3.
4.
Administrasjon
Kyrkjer og bygg
Kyrkjegardar
Anna kyrkjeleg verksemd
1. Administrasjon
Tilsette:
Kyrkjeverje Kjellfred Dekko,
100% stilling (Dekko har vore leiar i Tunsberg bispedømmeråd. Fellesrådet har motteke kr. 100 000
i økonomisk kompensasjon.)
Sekretær Magny Reinton Folkedal,
70% stilling
40% stilling frå 1. juni
Sekretær Guro Stave
20% stilling frå 1. juni
Administrasjonen held kontakten med lokale og eksterne samarbeidsinstansar. Kyrkjeverja er
sekretær for fellesrådet. Sekretærane Magny Reinton Folkedal og Guro Stave ivaretek enkelte
sekretærfunksjonar for sokneråda. Folkedal har hand om kyrkjebladet. Kyrkja sine web-sider blir
mykje nytta, og det er særleg sokneprest Vorhaug som er aktiv med å oppdatere sidene.
Fellesrådet måtte spare pengar i 2014, og valde å kutte i administrasjonen med 10% stilling. Magny
reinton Folkedal gjekk ned frå 70% til 40% stilling, medan Guro Stave gjekk opp frå 20% til 40%
stilling. Arbeidsoppgåvene er gått gjennom, og omfordelt. Kyrkjekontoret har sidan sommaren halde
stengt på måndagar.
Frå august månad har kyrkjeverja vore leiar i Bispedømmerådet med frikjøp frå stillinga som
kyrkjeverje i om lag 20% stilling. Det er kompensert for dette med kr. 100 000 frå Bispedømmerådet.
Fellesrådet nytta desse 100 000 til innkjøp av nye salmebøker. Me er kome eit stykkje på veg med
innkjøp av salmebøker, men fleire må kjøpast inn i 2015.
2. Kyrkjer og bygg
Tilsette:
Kyrkjetenar Håkon Tveito
80% kombinert stilling
Kyrkjetenar Per Hermann Kolsrud
80% kombinert stilling
Kyrkjetenar Nils Medgard
45% kombinert stilling
Reinhaldar Gro Thoen
60% stilling
Ved opplasting av tømmer på parkeringsplassen ved Leveld
kyrkje kom maskinføraren i kontakt med straumledningen til
kyrkja. Ledningen gjekk i strekk med forankring i tårnstolpen,
og den vart drege ut med påfylgjande store skader. Skaden
vart ein forsikringssak, og medan stillas stod oppe nytta
fellesrådet mogelegheiten til å utføre vedlikehald som likevel
måtte gjerast. Mellom anna er avrenningane reingjort, taket
tetta, og vindaugene kitta opp att, og måla. Det står att eitt
strøk måling på eine delen av tårnet.
Leveld kyrkje
Det er påvist utglidning av ytterveggane på kyrkjeskipet i Leveld og eit konsulentfirma har sett på
dette. Dei konkluderar med at innertak og yttertakskonstruksjonane ikkje er bundne tilstrekkeleg
saman, og at ein difor må inn med stag for å stabilisere bygningen. Det er for dyrt å endre heile
takkonstruksjonen. Utglidinga har gjenge over tid, og har truleg ikkje samanheng med skaden på
tårnet våren 2014.
I Torpo kyrkje er ein lang benk erstatta med ein kort. Det har gjett plass for rullestol, evt. lysglobe.
Dei lause stolane som stod lagra på galleriet er teke ut og lagra i bårerommet der delar av rommet
no er avskjerma med forheng.
Det vart lagt om ein varmekabel i Fjelkyrkja slik at begge varmekablane til vatnet no kan styrast frå
kyrkja.
Det var noko diskusjon om Borgstugu, og fellesrådet sin plikt til å halde hus for KFUK/M som er ein
sjølvstendig organisasjon. Fellesrådet valde å støtte speidararbeidet med å halde Borgstugu open.
Speidaren gjorde noko utvendig vedlikehald på dugnad i året som gjekk.
Det er enda ikkje avklara kven som eig Borgstugu, men Opplysningsvesenets fond fakturerer
soknerådet for leige med kr. 100 pr år.
3. Kyrkjegardar
Tilsette:
Håkon Tveito, Per Hermann Kolsrud,
Nils Medgard. (Jfr. pkt 2, kyrkjer)
Sekretær Guro Stave
20% stilling.
Kyrkjegardane blir fint vedlikehalde av kyrkjetenarane. Stell og vatning av graver gjev oss gode
inntekter kvart år, og er med på å finansiere sommarhjelp. Denne sommaren var det behov for å ta
inn litt meir hjelp enn me hadde budsjettert.
På Ål kyrkjegard vart det felt ein del tre i sør-vestre hjørnet. Desse vart erstatta av hekkplanter. Ål
kommune hjelpte oss med arbeidet, og me leigde inn tenester.
Vegane på Torpo kyrkjegard vart rydda og grusa opp.
Det var mange bistejingar med påfylgjande kremasjon og urne-gravferd i 2014. Det ser ut som
gravferdsskikkane i Ål er i ferd med å endre seg då dette har vore ein aukande trend dei siste åra.
4. Anna kyrkjeleg verksemd
Tilsette:
Diakon Bente Sletten 80 % stilling
Kantor Audun Flaen 100% stilling
Organist Kåre Sørum 30% stilling.
Kyrkjelydspedagog Johanne Marie Jordet 80% stilling
(15% engasjementstilling innan diakoni)
Bergljot K. Nordal
20% engasjement
Organist Kåre Sørum
Stilling som musikals leiar i Synzygus vart lyst ut. Stillinga kan ikkje lysast ut som fast stilling då
finansieringa er basert på gjevarmidlar.
Bergljot K Nordal var tilsett i 20% stilling i tida 01.03 – 31.12
Gjennom heile året var Johanne Marie Jordet knytta til diakoniarbeidet med ei utvida stilling på 15%
som retta seg særleg mot innvandrar-arbeidet. Diakoniarbeidet blir godt utført med Bente Sletten i
spissen.
Musikkarbeidet i kyrkjene i Ål har eit stort omfang, og spenner over fleire stilartar. Det vart tilsett nye
kyrkjemusikarar som tek over etter Kåre Sørum ved årsskiftet. Fellesrådet rettar ein stor takk til
Sørum går av etter lang tid som organist i 30% stilling.
Konfirmantweekenden blir halde på KRIK i Hemsedal. Det er eit dyrt, men godt alternativ der mykje
er tilrettelagt for målgruppa.
Teaterstykket «Fargane i taket» vart spelt av Stein-Ove Thon. Buskerud teater hjelpte til med
regien. Alle eleane ved 3. og 4. trinn i Ål fekk med seg forestillinga. Me hadde også skuleklassar frå
Hovet samt opne forestillingar på kveldstid.
Prosjektet «Folkemusikk og gudsteneste» hadde eit oppdrag i Trondheim i samband med
Olavfestdagane. Musikarar og dansarar frå Ål deltok i ei radio-overført gudsteneste i Nidarosdomen,
og på gudsteneste i Røros kyrkje på kvelden same dag.
«Skjærgårds Vinter» vart avvikla for fyrste gong saman med dei andre kyrkjelydane i Ål.
Arrangementet gjekk føre seg i slutten av februar. Ål kyrkje vart brukt til konsertar, og kyrkjestugu til
barneparkering.
Ål diakoninemnd, sokneråda, trusopplæringa, kyrkjebladet, og prosjektet Folkemusikk og
gudsteneste leverer eigen årsmelding.
_____________
Fellesrådet skal ivareta sokna sine interesser etter Kyrkjelova § 14 og gjer sitt til at sokna i Ål har eit
levande kyrkjeleg arbeid.