Møtereferat FGU HO 22.sept.2015

Comments

Transcription

Møtereferat FGU HO 22.sept.2015
REFERAT
Fylkesgeodatautvalsmøte Hordaland
Stad: Statens hus i Bergen
Dato: 22.09.2015 kl 10-14
Referent: Aase Midtgaard Skrede
Til stades:
Part
Fylkesmannen Hordaland
Bergen kommune
Region Vest
Regionrådet Nordhordland IKS
Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS
Statens vegvesen region vest
Telenor Norge A/S
Voss kommune
Voss kommune
Energiverka
Energiverka
Kartverket Bergen
Kartverket Bergen
Kartverket Bergen
Representant
Trond Rolland
Eivind Lund (Vara for Terje Helle)
Arne Klingsheim (Askøy)
Tommy Veland (Lindås)
Bjarne Hetlesæter (Sveio)
Sven Arild Fedje (vara forArild Bergstrøm)
Tove Røkke Molnes
Pavol Kosovic
Håkon Helleve
Kjell Nerhus (BKK)
Ole Magnus Dybwad (BKK)
Anne Lien
Olav Håvik
Aase Midtgaard Skrede
Fråfall:
Part
Fylkesmannen Hordaland (leiar)
Hordaland fylkeskommune
Hordaland fylkeskommune
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Representant
Kjell Kvingedal
Torbjørn Eidsheim Bøe
Hans-Christian Engum
Delia Welle Kejo
Velkommen
Fylkesmannen, representert ved Trond Rolland, var vertskap for møtet og ønska
utvalet velkomen. Presentasjonsrunde rundt bordet.
Informasjon frå fylkeskartsjefen
Anne Lien orientere om strategiske satsingsområde, og gjekk gjennom prioriteringar,
mål og organisering, årsmøter, årssyklus og planleggingshorisont for neste 4årsperiode. Viktig med toveis kommunikasjon mellom FGU-representantane og
kommunane. (Presentasjon ligg på heimesidene våre).
Geodataplan 2016-2019
Gjennomgang av Geodataplanen i fellesskap. Førsteutkast av planen vart sendt
utvalet 14.september. Endringar og nytt stoff er markert med ulike fargekodar, det
var i hovudsak dette som vart omtala under gjennomgangen av planen.
Kap.2.2 Strategiske val
 NN2000 vert fullført i 2015 og blir tatt bort frå lista over satsingsområde.
Vegvesenet var veldig fornøgd med måten NN2000 blei innført på og Kartverket
er takksame for den gode jobben kommunane har gjort med førebuingane.
 Oppdaterte kart- og registerdata for å gje betre grunnlag for vurdering og
planlegging av tiltak i naudsituasjon. Dette vert diverre meir og meir akutelt i
begge fylka våre og må ha høg prioritet
 Forbetre kvaliteten på digitale plandata, prosjekt ut 2016
 Vegadresser må prioriterast høgare
Kap. 2.5.1 Representasjon i Geodatautvalet






Anngunn Marie Gullbrå og Per Atle Sæle (begge representantar frå
Nordhordland) går ut av utvalet. Tommy Veland (Lindås kommune) vert ny
representant, Regionrådet i Nordhordland utnemner ein person til og avgjer
korleis desse verva skal fordelast.
Delia Welle Kejo erstattar Aart Verhage (NVE)
Anne Lien, ny fylkeskartsjef
Hardanger/Voss-regionen er ikkje representert. Voss kommune stilte med 2
personar til møtet og vart utfordra til å representere regionen.
Det vart stilt spørsmål om kvifor ikkje Sjøkartverket også er representert i FGU.
Vi er «eitt» Kartverk, slik at fylkeskartsjefen også representerer «Kartverket
Sjø».
I etterkant av møtet har vi fått melding om at nytilsett GIS-ansvarleg i Fjell
kommune, Kristoffer Barhaug, stiller som vara for Arne Klingsheim
(Midthordland).
Kap. 2.5.3 Arbeidsutval for plan- og temadata
 Det vert jobba i begge fylka med å få i gang eigne arbeidsutval for plan- og
temadata (PTU). Beredskap vert ikkje ein del av desse arbeidsutvala, då dette
naturleg høyrer heime på høgare nivå. PTU vil jobbe for å få auka kvalitet på
plan- og temadata for å gi eit godt grunnlag til beredskapsarbeidet i fylka.
Kap. 3.3 Det offentlege kartgrunnlaget
 Nytt innhald i heile kapittelet.
Kap. 4.3.1.2 Arealressurskart

Oppdaterte tal for periodisk ajourhald, «Skog og landskap» er erstatta av
«Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).
Kap. 4.3.2 Omløpsfoto

Det er sett i gong pilotprosjekt og forprosjekt for etablering av nasjonal
detaljert høgdemodell. I sesongen 2015 vert det samla inn data i fire
pilotprosjektområde. Her vil ein samanlikne høgdedata frå skanning og
matching som grunnlag for etablering av ein nasjonal detaljert høgdemodell
(http://kartverket.no/Prosjekter/Nasjonal-detaljert-hoydemodell/).

Matching på grunnlag av omløpsfoto frå 2013 er under prøving i prosjektet BKK
laser 2014 i Stølsheimen og i prosjektet Nordhordland 2015 det matching vert
brukt for å framskaffe høgdegrunnlag i FKB-C område i Vaksdal kommune
Kap. 4.3.3 Matrikkelen
 I 2016 skal det gjennomførast 2 lovkurs og 6 føringskurs i Bergen.
 Oppdaterte tal i tabellar og statistikkar
Kap. 4.3.4 Administrative grenser
 Askøy kommune synest det er vanskeleg å få tilgang til valkrinsane og ønskjer
at Kartverket kan distribuere desse direkte til kommunane. Kommunane kan
sjå grensene ved å gå inn i matrikkelen, om dei ønskjer SOSI-fila må dei
kontakte Kartverket for å få den.
Kap. 4.3.6 Stadnamn


Oppdaterte tal frå Sentralt stadnamnregister (SSR).
Lindås kommune har registrert at stadnamn med ulike skrivemåtar ligg oppå
einannan, nokre stadnamn har feil plassering og andre har feil rettskriving. Har
gjort forsøk på å melde dette inn til «Rett i kartet», men har ikkje fått
tilbakemelding. Ønskjer å kunne rapportere til Kartverket på ein enkel måte.
Kommentar frå Kartverket:
o Vi skal undersøke rutinene for «Rett i kartet»-innmelding og kome med
tilbakemelding.
o Presentasjonsdata tekst1000 er ikkje ajourhalde på nokre år. Vi vil derfor
generere dette datasettet på nytt i samband med årets ajourhald.
Kap. 4.3.9. Kystkontur
 Ny kartoversikt (illustrasjon) som også viser kvar det er nye djupnedata.
Kap. 4.3.10 Historiske ortofoto
 Nytt kapittel om prosjektet som FGU stilte seg positive til på felles vårmøte i
april 2015. Prosjektet i fylka våre starta i september 2015 og er berekna å gå
ut i 2017.
Kap. 4.4 Plandata


Fram til 2017 er det ei målsetjing i Noreg digitalt samarbeiet at alle relevante
arealplanar etter plan- og bygningslova skal vere ført inn i kommunale
planregister i samsvar med Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og
digitale planregister. Geodataplanen inneheld oppdaterte tabellar for
planleveranse, sjå elles nettstaden SePlan.no og oversikt i presentasjon (på
heimesidene våre.
Kapittel 4.4.1 Kommunalt planregister
o Statusoversikten på SePlan viser at Hordaland har god dekning for
planregister
o Berre 6 av 33 kommunar manglar planregister, 4 av desse har starta
arbeidet med å lage ein planoversikt.
Det er no laga ein veileder for forvaltning av kommunalt planregister for
kommunane.
Kapittel 4.4.2 Kommuneplanar og kommunedelplanar (arealdelen)
o Berre 30 prosent av kommunane har levert kommuneplandata. Arbeidet
med å få på plass eit komplett nasjonalt datasett over gjeldande
kommuneplanar får endå høgare prioritet i 2016.
Kapittel 4.4.3 Reguleringsplanar
o


o
Litt over halvparten av kommunane (58 %) har levert
reguleringsplandata, men berre 5 av kommunane (15 %) har levert på
nivå R2/R3.
Sjølv om dei fleste kommunane har planregister, er vi eit stykke unna målet med
tilgjengeleggjering av plandata. Kommunal og moderniseringsdepartementet har difor
tilgodesett Kartkontoret i Bergen med ei prosjektstilling for å auke kapasiteten på
oppfølging av kommunane. Marius Flagtveit Smistad begynte i jobben 28.09.15.
Kapittel 4.5.1 Temadata i Det offentlege kartgrunnlaget

Nytt innhald om DOK – kommunane skal årleg ta stilling til kva DOK-datasett
som skal vere det offentlege kartgrunnlaget i kommunen. DOK-lista vil vere
samansett av nasjonale DOK-datasett og kommunen sine eigne DOK-data

Malen legg opp til at kvart fylke kan framheve datasett som det vil bli knytta
forbetringstiltak til. Dette arbeidet vil vi jobbe med i dei fylkesvise PTU-utvala,
og vil bli presentert ved neste rullering av Geodataplanen.
Kapittel 4.5.2.1 Tur – og friluftsruter
 Fleire kommunar i begge fylka har fått tildelt midlar gjennom
«Turskiltprosjektet». Det er i samband med dette sett vilkår om at dei merka
rutene skal leggast inn på www.rettikartet.no (Nasjonal database for tur og
friluftsruter). Alle kommunar/organisasjonar som har fått tildelt midlar gjennom
«Turskiltprosjektet» skal følgjast opp i løpet av 2016.
 Friluftsrutene er presentert på Norgeskart.no og data kan lastast ned frå
Geonorge
Kapittel 5 Forvaltning, drift og vedlikehald
 Fylkesmennene og fylkeskommunane vert likevel ikkje FDV part, men bidrar
økonomisk gjennom Noreg digitalt-avtalen.
Kapittel 5.1 Vedlikehald
 Ein skal no måle og få oversikt over det faktiske vedlikehaldsarbeidet innan
byggtema i kvar kommune
 Det skal utviklast rettleiarar og bli halde kur i vedlikehald av byggtema på
tilsvarande måte som for vegnett.
Kapittel 5.2 Forvaltningsløysingar
 Det er starta eit prosjekt i Kartverket for å utvikle ein sentral
forvaltningsløsning for FKB data. Sjå
http://www.kartverket.no/Prosjekter/Sentral-forvaltningslosning-forprimardata/
Kapittel 5.3 FKB-leidningar
 Ved overgang til sosi versjon 4.5 vart det lagt på eigenskapar på dataa som
fortel kven det er som er leidningseigarar.
 Det må takast kontakt med leidningseigarar for å avklare behovet for
geometriforbetring på eksisterande data.
 Lindås kommune etterlyser FKB-data for høgspent, det blir færre og færre data
på karta år for år, sjølv om høgspentlinjene aukar i tal. Kartverket skal
undersøke dette og kome med tilbakemelding.
Kapittel 6 Kompetanse
 Ulike kurs og fagdagar blir gjennomført slik det har vore gjort tidlegare år. Nytt
for 2016 er at det også vil haldast kurs i Byggtema.

Kva skjer ved kommunesamanslåing ? Kommunane ønskjer at vi held dei
oppdatert og sender det som finst av informasjon om dette.
Kapittel 7 Handlingsplan
 Sidan FGU-møtet vert halde så tidleg på hausten er ikkje alle tala på plass i
handlingsplanen enno. Handlingsplanen vil etter kvart verte tilgjengeleg som eit
vedlegg til geodataplanen på nettsidene til Kartverket Bergen.
Kapittel 8 Vedlegg
 Vedlegga vil bli presenterte på Internett saman med Geodataplanen.
Pågåande Geovekstprosjekt 2015 (Presentasjon ligg på heimesidene våre)
Status for pågåande geovekstprosjekt vert gjennomgått, det vert vist til oversikt
som ligg ute på www.statkart.no/Om-Kartverket/Bergen/Datatabeller/Nykartlegging
4 prosjekt igangsett i år, 2 av desse i Hordaland:


Nordhordland 2015
Midthordland 2015
Planlagde Geovekstprosjekt 2016 - 2019
(FGU-representantar som ikkje er Geovekstpartar fekk høve til å fråtre møtet)
Plan for neste 4-årsperiode vart utdelt og gjennomgått i møtet. Kommentarar til
kartleggingsplanen:
Voss kommune – Ortofoto frå flyfotograferinga- viktig at dette dekker jordbruksareal
slik at det kan brukast i høve AR5
Sveio kommune – ønskjer nye tal som viser stort og lite kartleggingsalternativ. Sveio
vert flytta fram til 2016 på kartlegginsplanen så kjem detaljplanlegging framover mot
prosjektoppstartsmøte.
Askøy kommune – lenge for dei å vente 4 år til neste FKB-B kartlegging i 2019
Bømlopakken – Undersøke og tilpasse kartlegging til det som er planlagt her
Geovekstprosjekt 2016
Det vert bedt om tilbakemeldingar på følgjande:
1) To eller tre prosjekt i Hordaland i 2016? Det vil seie; bør Voss gå som eige
prosjekt eller kan det slåast saman med Fusa og Samnanger? Sunnhordland
(Stord, Fitjar, og dei delar av Bømlo, Stord, Sveio og Tysnes som er aktuelle)
går vel gjerne som eitt prosjekt.
2) Er det innspel til korleis dei ulike prosjekta skal prioriterast? Dette styrer kva
prosjekt kartverket startar å arbeide med først, leveransedatoar osv.
Gjer vel å sende innspel til referatet på dette.
Framdriftsplan
Utvalet godkjenner Geodataplanen medrekna dei aktuelle justeringane som er
gjennomgått på møtet - med atterhald om at representantane kan komme med
innspel dei neste dagane etter møtet.
Kartverket sender snarast mogleg ut 2.utkastet av planen. Målet er at planen skal
vere endeleg vedtatt 15.oktober og publisert på internett innan 1. november (i
samsvar med årshjulet).
Neste FGU-møte
Fellesmøte Sogn og Fjordane og Hordaland vert arrangert som eit lunsj-til-lunsj møte.
DATO:
STAD:
TEMA:
tysdag 12.april – onsdag 13.april 2016.
Det vart foreslått ulike stader utan at noko vart endeleg bestemt. I
etterkant av møtet har vi reservert Hotel Ullensvang på Lofthus i
Hardanger.
Forslag om å invitere nokon frå Kartverket sentralt for å informere om
sentral forvaltning av FKB-data.
Send oss gjerne fleire forslag til tema for fellessamlinga til våren. Meir informasjon og
program for samlinga vil kome etter kvart.
Møteplanen var ferdig gjennomgått og møtet vart avslutta klokka 13.50.

Similar documents